Idéhefte mot mobbing for elevrådet Barnetrinnet. Senter for atferdsforskning 2004



Like dokumenter
Elevrådet sitt idéhefte mot mobbing UNGDOMSTRINNET. Senter for atferdsforskning 2012

Elevrådets idéhefte mot mobbing Barnetrinnet. Senter for atferdsforskning 2003

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014


Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Informasjon til elevane

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Valdres vidaregåande skule

Månadsplan for Hare November

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul


mmm...med SMAK på timeplanen

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, vår 2019

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Spørjeskjema for elevar klasse, vår 2017

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

I. PLAN FOR FØREBYGGING AV MOBBING II. PLAN FOR AVDEKKING AV MOBBING

Elevundersøkinga 2016

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Kom skal vi klippe sauen

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Kvalitetsplan mot mobbing

DEL I: REGLAR OVERORDNA:

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

«Ny Giv» med gjetarhund

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

HANDLINGS OG TILTAKSPLAN MOT MOBBING FOR BARNEHAGANE I VINJE KOMMUNE. Erta, berta, sukkererta - korleis unngå å skape mobbarar.

1. Fritid og bibliotek Hos legen Høgtider Mattradisjonar Sunnheit og kosthald Arbeidsliv...

Elevane sitt skulemiljø Opplæringslova 9a HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

9A i Opplæringslova handlar om det fysiske og psykososiale miljøet til elevane.

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Øystese barneskule April - 08

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Jon Fosse. For seint. Libretto

Sandeid skule SFO Årsplan

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

ÅRSPLAN HORDABØ SKULE 2015/2016

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Månadsbrev for Rosa september 2014

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Utvalg År Prikket Sist oppdatert Hafslo barne- og ungdomsskule (Høst 2015) Trivst du på skolen? 4,3

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Info til barn og unge

forskningsdepartementet utarbeidet ved Senter for atferdsforskning, Høgskolen

Kva er økologisk matproduksjon?

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

LIKNINGAR. N Nynorsk SNAKKE TENKJE SJØLV EI ANNLEIS VERD LESE GRUPPER

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

Lærarrettleiing 1. Kornartane

ÅRSPLAN I NORSK 2. TRINN Tid Kompetansemål Delmål Arbeidsmåte Vurdering

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Frå dikt til teikneserie

I N N H O L D. Forord

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

Å skape vennskap Foreldremøte for barnehage og skule tips og forslag

Refleksjon og skriving

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

HANDLINGSPLAN MOT MOBBING

Journalisthandbok for elevar

Det psykososiale skolemiljøet til elevane. Til deg som er forelder

Oppsummering trivselsundersøking våren 2016

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

3 Set inn adjektiv eller adverb. Carmen er ei fin dame. Ho har alltid på seg fine klede og eit fint sjal. Ho syng fint også.

Vekeplan for 3.trinn. Informasjon til eleven og heimen

Transkript:

Idéhefte mot mobbing for elevrådet Barnetrinnet. Senter for atferdsforskning 2004

Forord Kjære elevar, 45000 elevar i Noreg gruer seg til å gå på skolen fordi dei blir plaga / mobba anten på skolen eller på skolevegen. Eksempel på mobbing kan vere erting, utestenging eller fysisk vald. Ein eller fleire elevar utfører denne mobbinga fleire gonger, og mange elevar ser på utan å gjere noko. Diktaren Arnulf Øverland har skrive: Du må ikke tåle så inderlig vel den urett som ikke rammer deg selv! Vi må aldri akseptere at nokon blir utsett for mobbing / plaging. Dersom DU seier "nei" til mobbing, vil truleg også andre gjere det. UNNGÅ å bli ein passiv tilskodar til mobbing. Å stoppe mobbing er først og fremst eit ansvar for dei vaksne. Det er derfor viktig at du melder frå til ein vaksen på skolen dersom du veit at nokon blir mobba. Å melde frå om mobbing eller plaging er ikkje å sladre. Zero er eit program mot mobbing som Senter for atferdsforsking har utarbeidd. For å lykkast i arbeidet mot mobbing er det viktig at alle som har noko med skolen å gjere, samarbeider om denne jobben. Derfor er programmet laga slik at tilsette i skolen, elevar og foreldre kan samarbeide. Vi har laga "idéhefte for elevrådet" til bruk for elevrådet på skolane. Vi håper heftet vil vere til god hjelp i arbeidet i den enkelte klasse og oppfordrar den tillitsvalde til å samarbeide med klasselæraren sin om korleis arbeidet mot mobbing kan gå føre seg i klassen. Erling Roland senterleiar Alle skolar har etter Opplæringsloven plikt til å arbeide for å betre skolemiljøet for elevane. Elevane skal vere med på dette arbeidet. 9a i Opplæringsloven gir alle elevane ein individuell rett til ikkje å bli utsett for mobbing. Lovparagrafen gjer det klart at dei vaksne har plikt til å gripe inn mot mobbing. Forsking viser at mobbinga har auka. Skolar som arbeider etter ein plan mot mobbing, har mindre mobbing enn skolar som ikkje arbeider like systematisk. Det er derfor all grunn til at DE på dykkar skole går i gang med dette arbeidet eller held fram med det gode arbeidet som kanskje allereie er sett i gang. 2

4 3

Innhald 6 Korleis bruke heftet? 7 Til tillitseleven 9 Mobbing 15 Handlingsplan mot mobbing for elevrådet 26 Årshjulet 43 Klassemiljø 55 Korleis Internett kan brukast i arbeidet mot mobbing 58 Register 4

Korleis bruke heftet? 1 HEFTET ER EIN IDÉBANK! Heftet er ei samling av aktivitetar som kan brukast i arbeidet mot mobbing. Elevrådet og dei enkelte tillitsvalde kan her finne forslag og idear som passar for deira situasjon. Heftet finst også elektonisk på følgjande nettsider: http://lom.ls.no, http://www.statped.no, www.his.no/saf og www.spespedtorget.no. De kan også lage ein eigen perm elevperm mot mobbing for elevrådet. Set inn eigne forslag, og la permen vekse. 2 DE ER VIKTIGE I ARBEIDET MOT MOBBING! Bruk heftet til å finne ut kvifor. Bruk heftet til å finne ut kva de kan gjere. Bruk heftet til å finne ut korleis de kan gjere noko på skolen for medelevane dykkar. 3 ALLE PÅ SKOLEN MÅ SAMARBEIDE I ARBEIDET MOT MOBBING Bruk heftet til å finne ut kven de kan samarbeide med, og korleis. La forslaget setje eigen fantasi og kunnskap i sving. Er det andre i nærmiljøet som de kan dra med som samarbeidspartnarar? Kvifor er det viktig med samarbeid når vi skal førebyggje mobbing? 4 ARBEID MOT MOBBING MÅ GÅ FØRE SEG GJENNOM HEILE ÅRET Skal vi førebyggje mobbing, må vi arbeide med skolemiljø, klassemiljø og mobbing gjennom heile året. Ein dag er ikkje nok. Ei veke er ikkje nok. Kva kan elevrådet gjere for å få medelevane til å forstå dette? Korleis kan elevane på ein skole vere aktive året rundt for å gjere skolemiljøet eller klassemiljøet betre? 5

Ta kopi av denne sida til alle tillitselevane. Til tillitseleven DITT LEIARANSVAR Leiarar har mykje å seie for miljøet i klassen, både når klassen er ny, og når alle kjenner kvarandre frå før. Du er blitt valt som tillitselev i din klasse. Kanskje merkar du at elevane i klassen har tillit til deg? EIT GODT MILJØ For at det skal bli mindre mobbing og færre konfliktar på skolen, er det viktig at alle elevane trivst. Arbeidet med å skape eit godt miljø i klassen må begynne så tidleg som muleg. Byrjinga av skoleåret er svært viktig. Dersom det blir lagt eit godt grunnlag heilt frå starten av, vil miljøet i klassen sannsynlegvis halde seg godt i lang tid framover. TA INITIATIV! Du som er tillitsvald, har eit spesielt ansvar for miljøet i klassen. Det er viktig at du tek denne oppgåva på alvor. Ta initiativ i klassen din for å vere med på å skape eit godt miljø! Ikkje vent! Noko av det viktigaste du kan gjere, er å vise alle at du tek avstand frå mobbing. Sei klart frå kva du meiner om mobbing. Du kan også hjelpe til slik at elevane i klassen din samarbeider godt med klassestyraren. Det er heilt nødvendig for god trivsel i klassen. Avtal gjerne regelmessige konferansetimar mellom tillitselev og klassestyrar. Andre forslag til korleis du og klassen din kan arbeide med klassemiljøet, finn du i "Idéhefte mot mobbing for elevrådet". NÅR MOBBING OPPSTÅR Dersom det oppstår mobbing i klassen din, er det mykje som kan gjerast for å stoppe den. Alle har ansvar når det gjeld mobbing. Tilskodaren har mykje makt. Når du eller andre ser at mobbing går føre seg, er de tilskodarar. Kva de gjer når nokon blir mobba, har mykje å seie for om mobbinga vil halde fram eller stoppe. Viss ingen bryr seg, viss ingen seier noko, kan mobbinga gå vidare. Viss vi seier frå, viss vi viser at vi bryr oss, kan den som blir plaga, oppleve støtte og varme. Mobbaren vil sjå at det han eller ho gjer, er gale, og at det er ingen som liker den oppførselen. DI ROLLE SOM TILSKODAR OG TILLITSELEV Du er spesielt viktig i arbeidet mot mobbing. Du har eit leiaransvar. Som leiar i klassen kan du styre tonen. Det at du seier NEI til mobbing, kan føre til at andre også gjer det. I tillegg kan det vere ditt ansvar å snakke med lærararen når du veit at det er nokon som mobbar andre eller blir plaga. Du kan også hjelpe til med å ta deg av den som blir plaga. Vis interesse for han eller henne! KVEN KAN HJELPE DEG? Arbeidet mot mobbing er eit lagspel. Vi må alle vere merksame på vår eiga rolle og kva vi kan gjere. Derfor er det også viktig at vi samarbeider med andre! Det vil vere naturleg for deg å ta mobbing opp med: klassestyraren eller andre lærarar elevane i klassen din foreldrekontaktane i klassen din elevrådet rektor, inspektør, sosiallærar, helsesyster/helsebror Det er mange som kan hjelpe! Det er mange som vil hjelpe! Til tillitseleven: Dette er teke frå "Idéhefte mot mobbing for elevrådet". Heftet er der for alle tillitsvalde! Du kan bruke det når du vil, og på den måten du vil. Vi trur at heftet kan gi deg mange gode idear til det å vere tillitselev. Hugs også at det er eit eige avsnitt i heftet som går på klassemiljø! Slå opp, les og kopier det du treng. 6

7

Ta kopi av desse sidene. Heft dei saman til eit informasjonshefte som kan delast ut til alle elevane. Mobbing SANDRA Skyene dansar på himmelen, og Sandra spring berrføtt i graset med blomar i håret. Ho spring hand i hand med ein venn. Dei ler «Sandra! Sandra, du må vakne!» Mor ristar i henne. Å nei! det var berre ein draum. «Skolen begynner om ein halvtime. Du må opp, Sandra!» Mor går mot døropninga. Det luktar frukost. Uff! Skolen. Nei, Sandra orkar berre ikkje å gå på skolen! Ho har ingen venner der. Alle er stygge med henne. Dei ertar henne alltid. Plutseleg kjenner Sandra at ho har skrekkeleg vondt i magen. «Eg trur ikkje eg kan gå på skolen i dag. Eg er sjuk,» mumlar ho lågt. «Sjuk i dag også?» Mor er forskrekka. «Eg synest du har vore mykje sjuk i det siste.» 8

Korleis skjer mobbing? «SVARER DU FREKT, ELLER?» Dei fleste som plagar, meiner også at mobbing er gale. Derfor er det vanleg at vi finn på ei unnskyldning når vi mobbar andre. Mobbarane kan for eksempel bli einige om at mobbeofferet må «setjast på plass» fordi han er litt høg på pæra. Ofte er det slik at sjølve mobbinga får den som blir mobba, til å bli veldig sint. Da kan det hende at eleven som blir mobba, slår eller sparkar eller bruker stygge kallenamn på dei som plagar. «Var det ikkje det vi sa? Han er jo galen!» sa Roger og gjorde sitt beste til å halde Anders på avstand. Anders var rasande. Han var så redd at han blei sintare enn sintast. Då klarte han ikkje å styre seg lenger, men slo vilt. «Du må ta deg saman, gut,» skaut Morten inn. Dette eksemplet viser også korleis mobbarane legg skylda på den som blir mobba. Dei seier at det er Anders som gjer noko gale, ikkje Roger og Morten. Slik kan Roger og Morten lette sitt eige samvit, og dei synest sjølv dei får ein god grunn til å halde fram. 9

"Det var ikkje berre meg, lærar!" Når vi er fleire saman om å gjere noko, er det lettare å skyve skylda over på andre. Vi trur at vi slepp å vere ansvarlege for det vi sjølv har gjort, fordi "det var ikkje berre eg" som gjorde noko gale. "Lærar!" sa Lise då klassen hadde komme til ro etter friminuttet. "Eg såg at Svein, Pål og Jon plaga ein førsteklassing i friminuttet." "Er dette sant?" spurde læraren dei tre gutane. "Eg var ikkje borti han," svarte Pål. "Det var Svein som herja mest med han." "Eg? Nei veit du kva,", utbraut Svein. "Det er vel ikkje mi skyld at han er så puslete og ikkje toler noko. Og så var det vel ikkje berre eg som var borti han heller!" "Ikkje sjå på meg," sa Jon. "Eg stod der berre, eg. Hald meg utanfor." Vi kallar det mobbing når éin eller fleire personar gjer noko mot ein annan som opplever det som vondt. Sandra, i den første forteljinga, har blitt plaga så mykje på skulen at ho ikkje orkar tanken på å gå dit lenger. Ho klagar over vondt i magen til mora si. Morten og Roger har erta Anders slik at han blir rasande. Det er tydeleg at dette heller ikkje er første gongen. Morten og Roger veit kva som vil skje viss dei ertar Anders. Kan det vere riktig at barn som Sandra og Anders og guten i 1. klasse skal ha det vondt på skolen? Kan vi ikkje gjere noko? 10

Tilskodarane Tilskodarane er dei som ser at nokon blir mobba. Dei er viktige personar fordi dei kan vere med på å bestemme om mobbinga skal halde fram, eller om den skal slutte. Tenk litt på Jon i eksemplet ovanfor. Han sa: «Eg stod der berre, eg. Hald meg utanfor.» Korleis kan det ha verka på Pål og Svein at Jon ikkje sa noko? Trur du Pål og Svein trudde at Jon ikkje likte at dei plaga førsteklassingen? TENK: KVA VIL EG GJERE NESTE GONG EG FÅR VITE AT NOKON BLIR MOBBA? Det skal litt mot til å vere den som prøver å stoppe mobbing. Kva kunne blitt annleis viss Jon hadde teke mot til seg og sagt: «Hald opp med det der! La nå guten få vere i fred!». Lise såg at desse tre gutane heldt på å plage ein førsteklassing. Ho var også ein tilskodar. Ho valde å vente til friminuttet var over med å fortelje om mobbinga til læraren. Kva kunne ho elles ha gjort? Kva synest du om måten Lise løyste dette på? Det er ofte vanskeleg for læraren å sjå at det er nokon i klassen som blir mobba. Derfor er det bra viss nokon kan seie frå til læraren eller prøver å hjelpe den som blir plaga. Det er også viktig at dei som plagar, forstår at dei andre synest det er dumt at nokon blir mobba. 11

Fakta om mobbing: Ca. 45 000 elevar i grunnskolen blir utsette for mobbing ein gong i veka eller oftare Ca. 20 000 elevar i grunnskolen plagar andre elevar kvar veke eller oftare Litt fleire gutar enn jenter seier at dei blir mobba Fleire gutar enn jenter seier at dei mobbar andre Færre jenter og gutar seier at dei blir mobba når dei blir eldre Fleire gutar seier dei mobbar andre når dei blir eldre. Erting er den forma for mobbing som både jenter og gutar opplever mest Utanom erting brukar gutar mest å sparke, slå eller dytte Utanom erting brukar jenter mest å halde andre utanfor Gutar plagar både gutar og jenter Jenter ser ut til å plage mest jenter På nokre skolar er det lite mobbing, på andre skolar er det meir Blant elevar som brukar mobiltelefon, svarer 15 % (15 av 100) at dei har opplevd mobbing over mobiltelefon "av og til" eller oftare i det aktuelle skoleåret. Det er ikkje forskjell mellom gutar og jenter. Det er fleire elevar som brukar mobiltelefon på ungdomsskolen enn på barneskolen. Derfor er det fleire elevar på ungdomsskolen enn på barneskolen som blir mobba over mobiltelefon. 12

13

Handlingsplan mot mobbing for elevrådet OFFERET Han heiter eigentleg Kurt, men alle kallar han Krut fordi han er så hissig. Krut har kort lunte. Du treng berre å vifte litt med fyrstikka, så eksploderer han. Og det er mange som viftar med fyrstikka det er show å få «kruttønna» til å eksplodere Kurt har blitt mobba så lenge han kan hugse. Dei har erta han, slått han, sparka han såra han. Nokre gjer det oftare og verre enn andre, men dei fleste har vore med. Ein mot alle alle mot ein. Om nokre år gir han kanskje opp. Då orkar han ikkje meir. Då vil han tru at han fortener å bli plaga. Då vil han tru at det er hans skyld at han finn matpakka i søppelet kvar dag. Då vil han tru at han har seg sjølv å takke for dei vonde orda han har fått. Mange vil ha vore med på å øydeleggje han. Også vi som berre såg på? Ca. 45 000 barn og unge blir mobba i grunnskolen. Kurt er éin av mange tusen barn som har det vondt i Noreg. Ikkje la det halde fram slik. Ta opp kampen på Kurts side! DETTE ER EI OPPFORDRING TIL ALLE ELEVRÅD I LANDET! MED DETTE HEFTET VIL VI GI DYKK IDEAR TIL KVA DE KAN GJERE FOR Å HJELPE ELEVAR SOM KURT OG ALLE DEI ANDRE VI MÅ ALLE VISE AT VI BRYR OSS MOBBING VEDKJEM ALLE 14

Handlingsplan for elevrådet TENK: KVA KUNNE ELEVRÅDET HA GJORT FOR Å HJELPE KURT? KVA ROLLE SPELAR EIGENTLEG ELEVRÅDET I KAMPEN MOT MOBBING? Desse spørsmåla må de tenkje gjennom sjølv og finne fram til ei løysing på for dykkar skole. Tanken vår er at elevrådet er viktig på fleire måtar: de kan informere elevane om mobbing på skolen de kan vere kontaktledd mellom elevar og lærarar de kan arbeide aktivt for å gjere skolen til ein betre stad å vere for alle EIN GOD START = EIN HANDLINGSPLAN «Ein god start er halve løpet,» seier vi. Viss elevrådet får ein god start i arbeidet mot mobbing, kan det vere med på å hjelpe ein elev som Kurt. Korleis få ein god start? Lag ein handlingsplan for elevrådet! Ein handlingsplan inneheld ein årsplan over arbeidet mot mobbing. De kan få hjelp til dette under Årshjulet og Klassemiljø. Bli einige om kva de vil gjere for å hindre mobbing på dykkar skole! I tillegg bør de tenkje gjennom kva de som elevråd vil gjere viss de får vite at nokon blir mobba. Då er de klare i tilfelle. Desse to delane til saman - altså både ein aktivitetsplan mot mobbing (årshjulet) og ein plan for kva elevrådet skal gjere viss det veit at mobbing går føre seg, blir kalla ein handlingsplan. På dei neste sidene kan de lese meir om forslag til korleis de kan arbeide med ein slik plan, og litt om kva som kan stå i den planen. 15

LAG EIN HANDLINGSPLAN MOT MOBBING Handlingsplanen inneheld både dei aktivitetane som elevrådet har tenkt å arbeide med i løpet av året med tanke på å hindre mobbing (bruk forslag som står i dette heftet, sjå for eksempel under «Årshjulet»), og ein plan for rolla til elevrådet viss det får vite at det er mobbing. ROLLA TIL ELEVRÅDET I KAMPEN MOT MOBBING Bli einige både i elevrådet og med lærarane om kva de som elevråd kan gjere og bør gjere. Sjå på forslag til spørsmål som kan bli diskutert. KLASSENS TIME Korleis kan de bruke klassens time til å snakke om mobbing? Her får de fleire forslag, med rollespel og ein transparent som kan brukast i klassen. Transparenten blir forklart slik at tillitseleven i klassen kan bruke den. Likevel er det lurt å ta kontakt med læraren din! Det kan vere lettare å gjere dette saman med henne eller han. Forslag til rollespel finn du nedanfor. FØLGJE TIL OG FRÅ SKOLEN Mobbing skjer ofte på veg til og frå skolen. Er det ein tanke å organisere «Vi går saman til skolen» for elevane ved skolen slik at ingen treng å gå aleine? Dette kan vere ein god idé for elevar som bur i sterkt trafikkerte område også! ROLLESPEL Bruk forslaga til rollespel med oppgåver som de finn her, eller lag eit eige rollespel. 16

Handlingsplan for elevrådet mot mobbing i skolen De vil finne mange forslag til aktivitetar i dette heftet som kan hjelpe dykk i arbeidet. 1 Bli kjent med heftet! Ta dykk tid til å sjå på forslaga i heftet. Les informasjonen om mobbing som står fremst i heftet. 2 Kva vil elevrådet jobbe med i år? De kan først kome med ALLE MULEGE forslag. Men så er det nødvendig å kutte ut nokre. De klarer ikkje å gjere ALT på eitt år! Finn fram til nokre få saker som de synest det er viktig å gjere noko med. 3 Set opp ein handlingsplan for året mot mobbing De kan bruke teikninga av årshjulet i dette heftet (ta kopi!), eller de kan lage eit eige oppsett. Det er viktig å få det skrive på papir slik at alle veit kva de i elevrådet blei einige om. Det vil også vere fint om dei andre elevane på skolen får vite kva som står i planen. 17

Rolla til elevrådet i kampen mot mobbing Diskuter: 1 Diskuter desse spørsmåla i elevrådet: Kva bør elevrådet gjere når de veit at nokon blir mobba? Kva er grunnane til at de meiner dette vil vere riktig for elevrådet? 2 Sei frå til lærarane kva de tenkjer i denne saka. Finn ut kva lærarane meiner: Synest de at dei bør gjere noko? I tilfelle ja, kva meiner de at dei bør gjere? Kva er grunnane til det? I tilfelle nei, kva er grunnane? 3 Bli einige med lærarar og rektor om korleis de kan hjelpe. 4 Lag ein plan for arbeid mot mobbing på skolen saman med lærarar og rektor. 18

Klassens time Kunnskap om mobbing er nødvendig. Her er eit eksempel på korleis tillitseleven, saman med ein eller fleire lærarar, kan hjelpe klassen til å forstå at alle elevane er viktige i arbeidet mot mobbing. Skjønner ikkje at nokon orkar å vere saman med deg! Du er så teit! ROLLESPEL Bruk rollespelet og oppgåvene som de finn her under «Handlingsplan for elevrådet», eller lag dykkar eige rollespel. DISKUSJON I KLASSEN Bruk delen om mobbing som står framme i heftet. Den kan kopierast og heftast saman til alle elevane. Anne Marit Lise Stopp opp etter at de har lese forteljinga om Lise på side 11. Kari Fortel: Jentene plagar Kari. Dei snakkar stygt om henne. DETTE KAN DU OG LÆRAREN DIN VISE FOR KLASSEN: Teikne fire fyrstikkmenneske på tavla. Sei: Her er Marit, Anne, Lise og Kari. Teikne talebobler frå to av figurane Les det som står i taleboblene. Hald handa di over teikninga av Anne slik at ho «forsvinn». Spør: Er det som Marit seier om Kari mindre stygt fordi Anne også seier noko stygt? (Blei det noka forandring på det som Marit seier? Blir det som Marit seier mindre sårande fordi om Anne også seier noko stygt? ) Fortel: Når læraren spør Marit om ho har vore stygg med Kari, svarer ho: «Det var ikkje berre meg, lærar.» Spør: Kva ville du ha svart henne viss du var læraren? NÅR DE ER KLARE, KAN DE LESE VIDARE OM "TILSKODARANE" PÅ SIDE 12. 19

BRUK TRANSPARENTEN Du finn ein kopieringsoriginal på side 27. Som du vil sjå, tek spørsmåla utgangspunkt i delen om mobbing. Dermed kan dei brukast når de arbeider med den delen, eller for seg sjølv. Klassen kan for eksempel diskutere spørsmåla i grupper. Kvar gruppe legg så fram sine forslag til tiltak, og klassen kan bli einig om å prøve å følgje nokre av forslaga. BLI EINIGE OM NÅR DE VIL TA OPP MOBBING I EIN KLASSENS TIME IGJEN Sei at då vil de snakke om korleis det har gått med å følgje forslaga frå klassen. 20

Rollespel Rollespel gir oss ofte gode bilete på ting som skjer i det verkelege livet. På den neste sida finn de eit lite rollespel om mobbing. «Fotballen» heiter det. Det er greitt å bruke i klassen. Alt som trengst, er fire elevar som vil vere skodespelarar. Dette rollespelet stoppar midt inne i handlinga. Elevane skal sjølv kome fram til kva som vil skje vidare. Målet er at elevane skal sjå korleis dei som tilskodarar kan bryte inn i ein mobbesituasjon. Kanskje tillitseleven kan bruke eit slikt opplegg i klassens time? Dramagruppa kan sjølvsagt forandre på språket slik at det blir naturleg for dykk. Å skrive det om til eigen dialekt er det beste. Pass på at det ikkje blir eit slags show ut av rollespelet. Ta utgangspunkt i spørsmåla på side 23 når klassen skal diskutere. 21

Fotballen Vi treng desse personane: Arild, som blir mobba Kenneth Anita Rune, som mobbar Arild er aleine. Han triksar med den nye fotballen sin. Kenneth, Anita og Rune står og ser på Arild og kviskrar saman. Arild missar, og Kenneth går bort til han. Kenneth: Kor mange klarte du no? 3? Ja, ja! Det er jo ikkje så rart, med den teknikken! (Dei tre ler) Kenneth: (Høyrest bestemt ut) Gi meg ballen din, så skal eg vise deg. Arild: Ver forsiktig, då! (Gir ballen motvillig frå seg) Den er heilt ny Kenneth: Ja, da (Går bort til dei andre to med ballen under armen) Anita: Nå har vi ball! Kom, så stikk vi bort på banen! Dei tre spring vekk med ballen, og Arild står rådlaus igjen. Mot slutten av friminuttet kjem dei tilbake utan ballen. Dei overser Arild fullstendig. Arild går bort til dei. Arild: Kvar er ballen? Rune: Ballen? Kva for ein ball? (Snur seg bort frå Arild) Anita: : Eg har ikkje sett nokon ball! Veit du kva han meiner, Kenneth? Kenneth: Inga aning! (Dei flirer til kvarandre) Kenneth:Seier du at vi har stole ballen din, eller? Hæ? (Snur seg mot Arild. Går trugande mot han) Arild: Nei, men (Dreg seg litt unna) Anita: Men, kva? Korleis vågar du å seie noko sånt, din frekking! (Dei tre står rett framfor Arild. Ser sinte ut) Arild: Hald opp! Få tilbake ballen! (Freistar å dytte Anita bort) Rune: Begynner du å bli hissig no? Anita: Eg trur han treng ei avkjøling! Rune: Ja! Vi hiv han i sølepytten! Arild snur seg, klar til å springe. Kenneth: Hald han! Han stikk av! Rune tek tak i Arild, og saman dreg dei han bort til sølepytten. Dei ser seg om ingen lærar i sikte! Arild blir tvinga ned mot vatnet. Han er livredd. Arild: Nei! Ver så snill FRYS BILETET! Kva skjer no? Arild: (Usikker) De hadde den jo i byrjinga av friminuttet! 22

Oppgåver De kan sjølv velje korleis de vil arbeide med rollespelet. Her er nokre tankar om korleis det kan gjerast: Elevane set seg i grupper og diskuterer spørsmåla på neste side. Elevane tek utgangspunkt i dei to første spørsmåla og lagar sitt eige framhald på rollespelet. Når det så skal spelast, er alle elevane med. Dramagruppa spelar mobbarar og mobbeoffer, mens resten av klassen spelar tilskodarar. De vel sjølv om tilskodarane skal gripe inn eller halde seg utanfor. Kva trur de er best? 23

Spørsmål til diskusjon: KORLEIS GÅR DET TIL SLUTT? 1 Dersom du var tilskodar til ein slik situasjon, kva ville du ha gjort? 2 Kva ville ha skjedd dersom du gjorde som du sa i spørsmål 1? OM Å VERE TILSKODAR Dei fleste av oss har nok opplevd å vere tilskodarar til mobbing. Her er nokre oppgåver som de kan bruke for å tenkje over kva tilskodarar betyr for mobbaren og for offeret: 3 Har de som ser at nokon blir plaga, eit ansvar for å få slutt på det, eller er mobbing ei sak mellom mobbaren og offeret? 4 Dersom du vel å ikkje «blande deg inn», korleis a) trur du mobbaren oppfattar deg? b) trur du offeret oppfattar deg? Trur dei at du er for eller mot mobbinga? 5 Dersom det går føre seg mobbing i klassen din eller på skolen, kva trur du dei andre tilskodarane tenkjer om plaginga? Synest dei det er gale? 6 Er det di oppgåve å finne ut om dei andre elevane har det bra på skolen? 7 Kva kan gjerast for å hindre mobbing i friminutta? 24

(Transparent kopieringsoriginal) Mobbing Kva kan vi gjere viss vi veit at nokon plagar andre eller blir plaga? Kva kan vi gjere viss vi ser at nokon blir plaga? 25

26

Årshjulet Nedanfor ser du eit eksempel på eit årshjul som eit elevråd har laga: Årshjulet er eit godt hjelpemiddel i planlegginga av aktivitetar. På neste side er det teikna eit årshjul som de kan ta kopi av og bruke. Det kan hjelpe dykk til å halde arbeidet i gang og til å sjå kva som skal gjerast i løpet av eit skoleår. Dessutan kan årshjulet kopierast og hengjast opp i alle klasserom. Då vil alle elevane vite kva som er på programmet, og kva dei kan vere med på. TA BILETE BLI KJENT! SOMMAR- AVSLUTNING! 27

Ta kopi av dette årshjulet Bruk kopien til å skrive ned kva de vil gjere i år. Skriv gjerne noko om korleis det gjekk med dei aktivitetane de hadde ansvaret for eller sette i gang. Neste år kan de ta ein ny kopi. Når alle årshjula blir lagt i mappa etter kvart, blir det ei lita historiebok! HUGS Å TØMME POSTKASSEN! 28

Forslag til innhald på eit årshjul Nokre av forslaga som de finn her, kan gjerne bli brukte år etter år. Andre vil de kanskje bare bruke eitt år. På dei neste sidene vil vi forklare litt meir om dei fleste av forslaga nedanfor. Vi håper at forslaga kan gi dykk idear, og at eigen fantasi blir sett i sving! STORSAMLING MED MOBBING SOM TEMA ERKLÆR SKOLEN FOR «EI MOBBEFRI SONE» BLI KJENT I ELEVRÅDET Tre forslag finn du på eige ark. KONKURRANSAR: SKRIVE-, KUNST- OG FOTBALLKONKURRANSAR, KLASSE MOT KLASSE TRYGG SKOLEGARDKAMPANJE Mange elevar gruer seg til friminutta. Kva kan vi gjere med det? POSTKASSEN TIL ELEVRÅDET Oppfordre alle til å seie meninga si! HUGS: Elevane må få vite at de vil tømme postkassen regelmessig, og at de vil ta opp alle spørsmåla som kjem! LAG EIN VIDEOFILM OM MOBBING LAG EIN MUSIKAL OM MOBBING KAFÉ SKOLEAVIS MED MOBBING SOM TEMA Kan elevrådet gi ut eiga avis? Eller har de ei skoleavis som elevrådet kan skrive i? Kanskje andre elevar vil komme med teikneseriar, dikt, forteljingar og fakta om mobbing. Det er ein del her i permen som også kan brukast! TEMADAG OM MOBBING ELLER PROSJEKTVEKE OM MOBBING Elevrådet kan også engasjere seg i eit slikt arbeid. Kom med forslag til innhald! Bruk gjerne forslag som er gitt her. 29

Bli kjent i elevrådet! Dette kan passe godt første gongen elevrådet er samla: To og to går saman. Den eine intervjuar den andre om for eksempel: interesser/hobbyar kvifor ville du bli med i elevrådet? kva vil du helst bli hugsa for når året er omme? kva vil du føreslå at elevrådet kan arbeide med? Deretter fortel intervjuaren alle dei andre om den personen han eller ho har intervjua. ELEVRÅDSKVELD Set av ein kveld heilt i oppstarten til å bli betre kjende med kvarandre. Gjer det triveleg saman: noko godt å ete, spel, underhaldning, konkurransar kanskje eit tema for kvelden? Det er mykje å velje mellom! ELEVRÅDET PÅ UTSTILLING Veit dei andre elevane på skolen kven som er i elevrådet? Det kan vere ein idé å ta bilete av elevrådet, eller kanskje å fotografere kvarandre? Bestem sjølv korleis bileta skal sjå ut, og korleis og kvar dei skal hengjast opp, slik at alle legg merke til dei. Skriv namn og klasse under bileta av dei forskjellige medlemmene. 30

Trygg skolegardkampanje Mange elevar gruer seg til at skoleklokka ringjer ut. Kva kan vi gjere med det? Vi veit at mykje av mobbinga skjer i friminutta. Vi veit også at mykje kan gjerast for å få friminutt der alle liker seg betre. Kva kan elevrådet gjere? Eit forslag er å starte ein «Friminutt-kampanje» som skal freiste å gi alle elevane ei betre fritid på skolen. Det kan vel ikkje vere riktig at nokre skal grue seg til at klokka ringjer ut? NOKRE SPØRSMÅL Å ARBEIDE MED FOR Å KOMME I GANG MED EIN SLIK KAMPANJE: Kva skal kampanjen heite? Kva skal vi gjere? Vakthald? «Trygg skolegard»... eller «Vi koser oss i friminutta» eller «Alle for éin, og éin for alle» eller «Fritt fram for friminutt»? Finn på eit godt namn for dykkar eigen kampanje. Bør vi samarbeide med lærarane om betre vaktordning i frifriminutta? Fleire lærarar? Eller kan elevane gjere noko? Foreldra? Felles matfriminutt? Kan vi sitje saman, elevar og lærarar, og ete maten vår? Kvar? Korleis? Kva må til for at det skal vere muleg? Kafé? Kan vi servere mat? (Sjå andre forslag under Årshjulet) Fadderordning? Kan dei eldre elevane ha eit spesielt ansvar for dei yngre? Korleis? Kva kan dei eldre gjere for dei som er yngre? (Dersom de alt har ei slik ordning, korleis fungerer den? Er alle like flinke? Korleis kan det bli enda betre?) Meir? Kom med eigne idear! Organisering? Når de har blitt einige om kva de vil gjere for at friminutta skal bli betre for alle, må de tenkje på korleis det kan bli gjort! Her er nokre spørsmål til som kan hjelpe dykk med organiseringa: Korleis skal vi fordele ansvaret for dei forskjellige aktivitetane? Kven kan hjelpe oss? Er det elevrådet som bør arbeide med alle planane aleine? Kan vi snakke med rektor og lærarane? Kva med foreldra? Og FAU? Kva for oppgåver vil elevrådet ha? Aktivitetar? Kan vi organisere leikar? Kva slags? Kvar? Kva må til for at vi skal kunne ha leikar i friminutta? Kven kan hjelpe oss? Ope bibliotek? Kan vi vere inne av og til? Kva må til for at vi skal kunne bruke biblioteket/mediateket? Korleis skal vi bruke det? Kan vi dele ut oppgåver på dei forskjellige trinna? Kva må til for at kampanjen vår skal lykkast? Korleis kan vi klare det? 31

(Her er eit forslag til korleis de kan la dei andre elevane få vite at de har eigen postkasse.) Postkassen til elevrådet Elevrådet har eigen postkasse! No kan du gi oss dine forslag til kva vi kan arbeide med. Vi reknar med at du har mange gode forslag. Du vil sikkert vere med og hjelpe til slik at skolen vår blir ein enda hyggjelegare skole å gå på. Kva kan du hjelpe oss med? Gi beskjed til ein av oss i elevrådet eller send oss eit brev i postkassen. Vi vil også høyre frå deg viss du har noko du vil at vi skal ta opp i møta våre. Kanskje du har eit problem som du vil ha hjelp til? Vi vil gjere vårt beste og prøve å hjelpe deg. Postkassen vår finn du Postkassen tømmer vi den første onsdagen i kvar månad. Vi gler oss til å høyre frå deg! 32

Storsamling Forslag til innhald Skodespel om mobbing. Skyggespel om mobbing. Dette kan ha ein veldig fin effekt! Bruk musikk til. Be om hjelp frå ein lærar som er flink i musikk og/eller drama, eller ta kontakt med ein eller fleire foreldre som kan hjelpe dykk. Dikt. Eigne dikt, eller kanskje dei som har vunne i ein skolekonkurranse? Det er også andre dikt som kan passe. Songar. Eigne songar, kanskje songar som har vunne i ein skolekonkurranse? Har de, eller kan de lage, eit eige band? Presentere resultat frå trivselsundersøking. Mange skolar arbeider med mobbing og trivsel på skolen. Rektor og lærarane gir elevane eitt ark eller fleire med spørsmål om korleis elevane har det på skolen. Elevane svarer på desse spørsmåla, men skriv ikkje namnet sitt på arket (arka). Då er det ingen som veit akkurat korleis den enkelte eleven har det, men rektor og lærarane får vite noko om korleis det er å vere elev på den skolen. Det er veldig viktig for dei vaksne å få vite dette. Ofte veit ikkje dei vaksne at det er mykje mobbing på skolen, eller at det er fleire som ikkje trivst. Ei slik undersøking kan hjelpe i arbeidet med å gjere skolen til ein betre stad å vere for alle. Premieutdeling i samband med skolekonkurranse. Informasjon om mobbing. Få tak i nokon som kan besøkje skolen, eller bruk informasjonen som finst her. De kan for eksempel ta kontakt med skolekontoret eller PPT i kommunen dykkar og spørje om nokon der kan hjelpe dykk. Klassevis framføring. Kvar klasse, eller nokre klassar, kan ha ansvar for innslag som har temaet mobbing. 33

Mobbefri sone Lag plakatar, skilt, banner! Heng dei opp slik at dei blir godt synlege. La alle vite at her på skolen er det ingen som vil ha mobbing! FORBODE! I 34

Konkurranse Inviter skolen til ein konkurranse Konkurransar er ein fin måte å vekkje interesse for eit tema på. Då blir ein nøydd til å lære litt ekstra om noko, for eksempel om mobbing. Samtidig er det gøy å gjere noko viss det går an å vinne ein premie. Føremålet med slike konkurransar er i dette tilfellet å få fram gode idear som kan brukast i arbeidet mot mobbing og for å betre skolemiljøet. KORLEIS KAN FORSLAGA BRUKAST ETTER KONKURRANSEN? Hovudsaka er at alle dei gode ideane og forslaga til korleis skolen kan arbeide for å stoppe mobbinga, blir brukte! I tillegg kan vi få interesse rundt mobbetemaet for eksempel ved å annonsere i lokalavisa for ei open utstilling der alle interesserte kan komme og sjå på det som har blitt laga. Inviter gjerne ein journalist til å komme og lage ein reportasje. KVA SKAL KONKURRANSEN HANDLE OM? De kan bruke forslaga våre omkring mobbing, miljø og trivsel i denne permen, eller finne på eigne måtar å sjå på dette temaet. KVEN SKAL SITJE I JURYEN? Det kan vere ein idé å dra både lærarar og foreldre inn i arbeidet med å kåre vinnaren. Juryen kan for eksempel ha med to elevar frå elevrådet, to lærarar og ein foreldrerepresentant (FAU-representant). I ein skrivekonkurranse kan det vere naturleg å ha med to norsklærarar, og kanskje to formingslærarar i ein teikne- eller kunstkonkurranse. KVA MED PREMIE? De bestemmer sjølv premien. For eksempel kan vinnarteksten i ein skrivekonkurranse bli trykt i skoleavisa eller det elevane lagar, bli hengt opp/stilt ut på skolen. Kanskje kan skolen eller foreldreutvalet vere interessert i å hjelpe til med pengar til premie? Eller er det nok med ære og gjetord? 35

Skrivekonkurranse Til alle forfattarspirer: Bli med og stopp mobbing No kan også du bli forfattar! Elevrådet inviterer alle som har lyst til å skrive noko om mobbing, til å vere med på ein skrivekonkurranse. Skriv teksten som forteljing, dikt, i brevform eller som song. Her kjem oppgåva: 1 Har du nokon gong sett mobbing, vore med på mobbing eller sjølv blitt mobba? Fortel om korleis du opplevde det. Korleis trur du dei andre som var der, opplevde det? 2 Kva kan gjerast på din skole for å stoppe mobbing? 3 Kva kan dei som ser på, gjere for å stoppe mobbinga? Vinnarane vil bli premierte med.... Med i juryen er:......... Høyrest dette spennande ut? I så fall, ta pennen fatt! Tekstane må vere leverte til elevrådet innan.... 36

Kunstkonkurranse Til skolens Picassoer Er du ein misforstått kunstnar? Eller er du ein kunstnar som ventar på å bli oppdaga? Då er dette noko for deg! Elevrådet inviterer til kunstkonkurranse der mobbing er temaet. Oppgåva går rett og slett ut på å lage noko som handlar om mobbing. Du kan teikne eller måle noko. Vi treng for eksempel gode plakatar til å hengje rundt på skolen. Du kan også lage figurar i leire eller papp, kva som helst. All kunst er god kunst! Vinnarane vil bli premierte med.... Med i juryen er: :......... Finn fram noko å lage med, her er det berre fantasien som set grenser. Resultata må vere leverte til elevrådet innan.... 37

Fotballturnering No må du trene godfoten igjen! Den årlege fotballturneringa som elevrådet arrangerer, startar MÅNDAG 5. mai kl. 9 Påmelding av klasselag til Ahmad innan måndag 28. april. Kampoppsett vil bli hengt opp på oppslagstavla til elevrådet i gangen utanfor kontoret. NB: Nytt av året! I år deler vi ut ein spesiell premie. Det er ein fair play-premie som går til den klassen som spelar mest fair. Tillitselevane i kvar klasse fortel meir om dette. 38

Klasse mot klasse Kvar er klasseånda? I samband med kampanjen mot mobbing inviterer elevrådet til ein konkurranse mellom klassane. Oppgåva går ut på å komme med det beste forslaget til å betre klassemiljøet. Kvar klasse får berre komme med eitt forslag, så her gjeld det å leggje hovuda i bløyt og samarbeide. Fleire hovud tenkjer betre enn eitt! Klassen med det beste forslaget vil bli premiert med... Med i juryen er:......... Få med heile klassen og set i gang! Forslaga må vere leverte til elevrådet innan.... 39

Videofilm Bli med og lag film om mobbing Vi treng: gode idear om temaet og filmen nokre som vil vere skodespelarar kamerafolk (fint viss de har kamera) alt anna som skal til for å lage film 40

Kafé Lei av varm mjølk, tørt brød og ost som sveittar? Kafé er svaret! ER DET KAFÉ PÅ DIN SKOLE? IKKJE? Start ein, då vel! Det treng ikkje å vere så vanskeleg. Mange skolar har lykkast med å ha kafé. Det er lurt at fleire elevar går saman om å drive kafeen slik at de kan fordele oppgåvene mellom dykk. Nokre må stå i kafeen, nokre må lage mat, nokre må ta seg av innkjøp, og nokre må halde styr på økonomien. (Når det gjeld økonomien, kan det vere greitt å få hjelp av ein lærar eller ein av foreldra.) STRESS? Litt arbeid er det nok, men garantert også gøy. Kafeen treng heller ikkje å ha ope kvar dag. Ein gong i veka eller kanskje en gong i månaden går òg fint. KVA MED VARER? Nokre av varene, som for eksempel mjølk og yoghurt, må de skaffe i butikken. Høyr med nærmaste butikk. Kanskje er dei interesserte i å samarbeide med kafeen dykkar. De kan også lage noko sjølv, for eksempel bake, smøre horn og rundstykke, og kanskje ein gong imellom kan de lage ein varm rett! Kven kan vel motstå dufta av nybakte bollar, rykande varm pizza o.l.? Bruk skolekjøkkenet! ROM? Alt de eigentleg treng, er ei salsbu, så kan elevane ta med maten tilbake til klasseromma og ete der. 41

Temadag/prosjekt om mobbing Ein temadag er ein skoledag der alle elevane og lærarane arbeider saman om eit tema, for eksempel mobbing. Eit prosjekt er meir langvarig. Det kan vere snakk om for eksempel ei prosjektveke. FØREBUING Ein god temadag og eit godt prosjekt treng god førebuing. Både elevar og lærarar må ha tenkt gjennom det temaet som skal takast opp. Å lage ei skoleavis om mobbing kan vere éin måte å førebu seg på. Ei felles storsamling om mobbing kan vere ein annan. AKTIVITETAR Her i dette heftet er det mange forslag til aktivitetar som kan brukast på ein temadag eller ei prosjektveke om mobbing. De finn også fleire forteljingar om mobbing og oppgåver som kan brukast i gruppearbeid. Kanskje kan det å skrive eigne forteljingar vere ei oppgåve? Truleg vil lærarane planleggje slike dagar og veker på dykkar skole. Likevel er det muleg for elevrådet å ta del i planlegging og kanskje vere ansvarleg for noko av dagen eller veka. FRAMHALD Det er ikkje umuleg å gjere noko med mobbing. Men vi må ikkje tru at ein dag om mobbing er nok. Vi må alle vere på vakt og gjere vårt til at det blir mindre mobbing på skolen. Dei vaksne på skolen har eit stort ansvar når det gjeld å gjere skolen til ein god stad å vere. De kan hjelpe. 42

43

Klassemiljø Du oppheld deg nesten 1000 timar i året i klassen din. Har du tenkt over kor viktig det er for deg at du trivst der? Er det viktig for deg at dei andre trivst i klassen? TENK OVER: KLASSEMILJØET VERKAR INN PÅ MANGE TING for eksempel på mobbing. I klassar med godt miljø er det ofte mindre mobbing enn i klassar med dårleg miljø. Kva trur du kan vere grunnane til det? KORLEIS ER DET I KLASSEN DIN? KORLEIS ER KLASSEMILJØET VÅRT? ER VI VENNER? ER VI GREIE MED KVARANDRE? ER DET MANGE KLIKKAR I KLASSEN? KVA KAN GRUNNANE VERE TIL DET? KORLEIS SNAKKAR VI TIL KVARANDRE? TEK VI OMSYN? KORLEIS SNAKKAR VI OM KVARANDRE? 44

Kva kan klassen gjere for å betre klassemiljøet? Du har heilt sikkert mange gode forslag! Spør du klassen din i ein klassens time, vil også dei andre elevane heilt sikkert ha mange gode forslag. De kan komme med eigne idear, og velje eitt eller to av dei som de kan begynne med. Kanskje det er ein tur de vil på? Eller nokon kan arrangere eit selskap? På denne sida finn du ei oversikt over nokre forslag. Forslaga kjem vi tilbake til på dei neste sidene. Der kan du få idear om korleis forslaga kan bli brukte eller presenterte for dei andre i klassen. Håper du finn noko som passar for deg og klassen din! PUSSE OPP I KLASSEROMMET TEATER- OG KINOBESØK SKRIVEKONKURRANSE Ein skrivekonkurranse for klassen kan også vere ein del av ein skrivekonkurranse for heile skolen (sjå Årshjulet). Det går an å velje den beste frå klassen som så går vidare til ein skolefinale e.l. POSTKASSE FOR KLASSEN Ein postkasse som for eksempel miljøgruppa kan tømme? Eller ein som tillitseleven og vararepresentanten kan ta seg av? (Sjå elles Årshjulet.) DISKUSJON I KLASSEN OM KLASSEMILJØ Ta dette opp med lærararen din. Saman kan de velje ut nokre av spørsmåla vi føreslår, eller finne fram til spørsmål som passar betre for dykk. Læraren din kan også hjelpe med å setje saman grupper og leie diskusjonen. Snakk med læraren din om korleis elevane i klassen din kan sitje slik at alle kan sjå kvarandre. ADVENTSKALENDER Kjekt med gåver? Adventstida er ei fin tid til slikt! PIKNIK I SKOLEGARDEN Ta med teppe å sitje på, god mat å dele med andre og kos dykk! MILJØGRUPPE I KLASSEN Kva er det? Les arket som tek for seg miljøgruppe. HEMMELEG VENN Når heile klassen skriv sine eigne namn på ein lapp og du trekkjer ein lapp med namnet på ein av klassekameratane dine på, då har du ein hemmeleg venn! Denne vennen skal du vere ekstra snill mot i for eksempel éi veke. Det er opp til deg og fantasien din å finne på måtar som du kan glede den hemmelege vennen din på. På dei neste sidene kan du lese meir om nokre av desse forslaga. Hugs: Klassen din har sikkert mange gode idear! 45

Diskusjon i klassen om klassemiljø Gi alle ein sjanse til å seie noko om dei spørsmåla de har valt ut! Alle må få seie det dei har på hjarta, utan å bli avbrotne. Alle er like viktige! Det må likevel vere lov å melde pass dersom ein ikkje har noko å seie. Gruppeleiaren har ansvar for å «ta runden» slik at alle får vere med. Diskuter i klassen eller i grupper: OM KLASSEMILJØ 1 Kva er «eit godt klassemiljø»? 2 Meiner vi at eit godt klassemiljø er viktig? 3 Kvifor er det viktig? OM KLASSEMILJØET VÅRT 4 Korleis er det i klassen vår? 5 Kva må til for å betre miljøet i klassen vår? 6 Er det noko som må forandrast på? (for eksempel noko vi gjer som vi ikkje burde gjere?) 7 Korleis ville det vere muleg for oss å forandre på det? OM FORSLAG 8 Er det nokre forslag til kva vi kan gjere for å få eit betre miljø i klassen? 46

Miljøgruppe i klassen KVA ER EI MILJØGRUPPE? Ei miljøgruppe er ei gruppe personar som har fått eit spesielt ansvar for å setje søkjelyset på klassemiljøet. Gruppa kan føreslå aktivitetar som kan vere med på å gjere klassemiljøet betre. KVEN BØR VERE MED I MILJØGRUPPA I KLASSEN? Klassestyraren, den tillitsvalde, to-tre elevar og ein av klassekontaktane bør vere med. Det bør vere både gutar og jenter i gruppa, men det bør ikkje vere dei som er mest saman i friminutta. KOR OFTE BØR MEDLEMMENE I MILJØGRUPPA SKIFTE? Å få vere med i ei miljøgruppe er eit privilegium. Det er noko alle bør få sjansen til å oppleve. Dermed vil det også vere muleg for alle å kunne arbeide med klassemiljøet. Vi føreslår at dei vaksne er dei same heile året, men at elevar i klassen kan skiftast ut slik at alle får prøve seg. Det er ikkje nødvendig for alle å vere i miljøgruppa kvart år. De kan byte for eksempel 3-4 gonger i året. Snakk med dei andre i klassen om dette. Kva synest dei? Kvifor kan det vere godt å ha ei miljøgruppe i klassen? Ei miljøgruppe kan møtast for eksempel ein gong kvar månad og ta opp saker som desse: korleis har vi det i klassen? kva kan vi gjere for klassemiljøet? er det nokre saker vi bør ta opp (for eksempel frå ein elev som har lagt ein lapp i postkassen)? Bare det å ha ei miljøgruppe viser at de tek mobbing og klassemiljø alvorleg. Diskuter: KVA MEINER DU OM MILJØGRUPPER? KVEN BØR VERE MED? KVA KAN MILJØGRUPPA ARBEIDE MED I DIN KLASSE? KORLEIS KAN DU KOMME I GANG MED EI MILJØGRUPPE? 47

Hemmeleg venn HYSJ! Ikkje sei det til nokon Eg har Thomas som hemmeleg venn HYSJ! I ei hel veke til endes Skal eg vere snill mot Thomas HYSJ! Han veit det ikkje Men det var eg som gav han rosinbollen i går og passar på at han får ballen når vi spelar basketball og skriv lapp om at eg liker at han er så snill at han ler så godt at han hjelper andre HYSJ! Ikkje sei det til nokon! (Har du ein hemmeleg venn?) 48

Høyrt i skolegarden: Elev nr. 1: Elev nr. 2: Elev nr. 3: «Klasserommet vårt liknar på utedoen på hytta; det luktar vondt, papiret flyt, og fluene trivst betre enn folk!" «Ha! Synest du det er ille? Klasserommet vårt ser ut som ein utedo etter eit bombeangrep! Til og med fluene flyktar!» «Fluer? Kva er det? Vi har aldri hatt fluer på besøk hos oss. Trur ikkje dei tør» Gjer noko med det! Ta målarkostar fatt, trø i gang symaskinane, la grøne fingrar sleppe til, set elevar, lærarar og foreldre i sving! Eit klasserom skal ein trivast i! 49

Teaterbesøk Klassen vår skal i teater saman. 18. november kl. 19.00 skal vi møtast ved teateret for å sjå Ronja Røvardotter Vi håper alle blir med! Prisen er kr 50,- per person. Fyll ut lappen nedanfor og gi den til Karl innan 5. november. JA, eg blir med. Namn:... Signaturen til foreldra.... 50

Skrivekløe? Her har du sjansen til å gjere noko med det. Bli med på skrivekonkurransen i klassen. Vi vil kåre det beste klassediktet eller den beste klassesongen. Du kan jobbe aleine eller saman med andre. INNLEVERING: Vi må ha diktet eller songen innan 17. februar. JURY: (Sosiallæraren, leiaren for FAU, norsklæraren, musikklæraren, elevrådsstyret) PREMIE:... 51

Adventskalender Alle i klassen tek med seg ei gåve kvar til 1. desember. De bør bli einige om ein pris som ikkje er for høg, for eksempel 10-20 kroner. Det er faktisk mykje å få tak i til den prisen framleis! Gåvene heng de opp på oppslagstavla, som er fint pynta, eller på ein eigen adventskalender. Dei kan også leggjast i ein stor sekk. Då blir det kanskje meir spennande å trekkje ei gåve når det er din tur? Ja, for ein av dagane i desember blir det din tur til å få ei gåve. Alle i klassen får kvar sin dag til å trekkje gåve. Ein annan variant er å kombinere «Hemmeleg venn» med adventsgåver. Då trekkjer du ein hemmeleg venn som du skal ha heile desember. Kvar veke skal du ta med deg ei gåve til den hemmelege vennen din, men det er heilt spesielle gåver du må finne på! Dei skal ikkje koste mykje her er det fantasien din det kjem an på! Her er eksempel på gåver de kan gi kvarandre: fredag 6. desember: noko søtt (ein slikkepinne, ein sukkerbit ) fredag 13. desember: noko langt (eit garnnøste, ein linjal, eit måleband, ) fredag 20. desember: noko surt (sitron, sure drops, sure sokkar ) Andre forslag: noko sleipt, noko glatt, noko mjukt, noko hardt, noko rundt 52

Piknik Ummmm Dette skal bli godt! Finn fram litt god mat å dele med andre (brød, bollar, pålegg, salat, ost, kake, heimebakst ) og ta det med, pluss noko å ete på (tallerken) og ete med (bestikk) pluss ei flaske brus eller saft og bli med på årets storhending i skolegarden: PIKNIK for klasse... fredag 11. september kl. 12-12.30 (Vi ordnar med teppe å sitje på!) Helsing frå miljøgruppa 53

Er alle gode venner? Det er ikkje alle klassar som har det så godt saman. Dessverre er det slik at i nokre klassar er det mange som kjenner seg utanfor. I nokre klassar er det dei elevane som er mest negative som har mest å seie. Dei vil kanskje le av forslag om å betre klassemiljøet. Kva gjer ein då? Ta kontakt med klassestyraren, sosiallæraren rektor, ein foreldrerepresentant eller andre vaksne som har noko med klassen å gjere. Dei vil vere interesserte i å høyre på deg og kan vere til hjelp. Det er også viktig å vere klar over at i klassar der det er nokre som kjenner seg utanfor, skal det meir til enn ein klassetur for å forandre på det! Det kan også tenkjast at ein klassetur gjer saka endå verre. Tenk deg at du er den som er aleine i klassen. Så begynner klassen å planleggje telttur ei helg. Alle skal dele telt med nokon i klassen. Kven vil dele med deg? Kva slags helg får du? Dersom ein klasse skal betre klassemiljøet, må den vere heilt sikker på at alle får vere med på lik linje med alle andre. Alle er viktige! 54

55

Korleis Internett kan brukast i arbeidet mot mobbing Internett kan vere ein nyttig reiskap. Her er nokre forslag til korleis Internett kan brukast av dykk i arbeidet mot mobbing. Forslaga byggjer på at de kan få hjelp i dette arbeidet, eller at de kan såpass mykje om Internett at de klarer dykk sjølv. Informasjonskjelda til elevrådet De kan finne informasjon om mobbing på Internett. Her er nokre forslag til nettstader de kan bruke: Søkjeord: mobbing http://kvasir.no http://www.skole.no http://www.barneombudet.no http://ung.no Kontaktkjelde for elevrådet NOKON SOM ER OPPTATT AV DET SAME SOM OSS? Det kan ta litt tid å finne fram til dei, men det kan vere vel verdt det! De kan komme i kontakt med andre skolar i Noreg og i utlandet som er aktive i arbeidet mot mobbing. Kanskje har dei nokre gode idear som de kan gjere nytte av? Har dei kanskje løyst problem som de møter? Det er også fleire stader der elevar kan diskutere det dei er opptekne av. Start ein debatt! Lenker Ei lenke er ei vidarekopling til i anna heimeside. De vil sikkert finne fram til skolar eller andre som har ført opp lenker til andre heimesider som dei meiner er interessante. Kanskje er de heldige og finn fram til meir nyttig informasjon? Kanskje vil den nye lenka vere nokon som de kan ha nytte av å ta kontakt med. 56

Heimesida til elevrådet Mange skolar har eigne heimesider på Internett. Elevrådet har ofte eiga side i tillegg. Her kan elevråda fortelje andre kva dei har arbeidd med, kven som er i elevrådet, og korleis elevrådet fungerer. I tillegg kan elevråda diskutere med elevråd på andre skolar. Då har avstand ingenting å seie. De kan vere tusenvis av kilometer frå kvarandre og likevel ha kontakt ofte. Forslag til innhald på heimesida: HANDLINGSPLAN FOR ELEVRÅDET Legg ut den handlingsplanen som elevrådet har mot mobbing på heimesida dykkar. La andre få sjå korleis de tenkjer, og kva de vil gjere. Mykje talar for at andre elevråd vil ta kontakt med dykk for å få vite litt meir. ÅRSHJULET Årshjulet er ein del av handlingsplanen, men det kan også stå for seg sjølv. Fortel andre kva for aktivitetar de vil arbeide med i år. Sei gjerne litt om kvifor de meiner det er viktig å arbeide slik de har tenkt. INFORMASJON OM MOBBING Har elevrådet laga eit informasjonsark om mobbing til alle elevane på skolen? Legg også det ut på nettet. Kanskje andre er interesserte i den ideen. Då kan dei bruke informasjonsarket som de har laga, eller dei kan forandre litt på det. KVA ROLLE HAR ELEVRÅDET I KAMPEN MOT MOBBING? Skriv litt om kva elevrådet på dykkar skole har kome fram til. Inviter andre elevar, elevråd og andre interesserte til å komme med synspunkt og lag ei diskusjonsgruppe. Dette kan få andre til å tenkje over dette viktige spørsmålet. LENKER Funne nokre gode heimesider som tek for seg mobbing? 57

58

59

Register God bok! Det er mange bøker som tek opp mobbing. Her er ei liste over nokre av desse bøkene. Gjer lista enda lengre ved å føre på favorittane dykkar! Biletbøker Bringsværd, Tor Åge: Ruffen sjøormen som ikke kunne svømme. Bokklubben, 1981. 30 s. Ruffen har vannskrekk. Den fine familien hans skammar seg over han, mens jamaldringane ertar han. Men så møter han Tusen og Trevde, og ein dag overraskar Ruffen alle. Mathisen, Mathis: Sally Vally. Aschehoug, 1983. 16 s. Høna Sally Vally stikk av frå hønsegarden fordi ho ikkje får vere saman med dei andre hønene. Nordberg, Harald: Kråkegutten. Aschehoug, 1983. 17 s. Den nye guten i klassen interesserer seg for planter og fuglar og blir ikkje teken opp i klassefellesskapen. Andersson, Rune Johan: Spann. Gyldendal Tiden, 1998. 32 s. Dette er forteljinga om ein liten fyr med eit digert spann kvit måling. Han hugsar ikkje kven han er eller kva han skal med spannet, men han er frykteleg redd. Han blir kommandert til å måle, men arbeidet blir øydelagt. Når han tek til motmæle og,brøler mot plageåndene, vinn han over redselen. Genechten, Guido: Rikki. Aschehoug, 2000. 26. s. Rikki er ein vanleg kanin, bortsett frå at han har eit øyre som heng ned. For å sleppe å bli erta, prøver han ulike metodar for å få øyra til å stå normalt. Først når han innser at alle øyre er ulike og hans eigne er bra nok som dei er, greier han å setje seg i respekt i kaninverda og til og med le av seg sjølv. Leer-Salvesen, Paul og Gamman, Hilde: Fy Fabian. Barnas forlag, 2001. 42 s. Fabian har hale og skal begynne i barnehuset. På barnehuset blir han mobba for halen sin og ønskjer at han aldri hadde hatt den. Han vil skjere den bort og får eit sår som legen må sy. Legen har ein kjempehale sjølv, og då blir det lettare for Fabian å akseptere sin. 60