1905 - Jølster kommune



Like dokumenter
Leikanger kommune

Hyllestad kommune

Høyanger kommune

«Ny Giv» med gjetarhund

Bremanger kommune

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Brødsbrytelsen - Nattverden

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Gaular kommune

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Solund kommune

Askvoll kommune

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Eksamen i RETKOM1102 Tekst og kommunikasjon

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Jon Fosse. For seint. Libretto

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

5. Soknerådsmøte mai Referat

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Nordlendingen Elias Blix var ordets sølvsmedkunstnar. Han kristna landsmålet og gjorde sitt til at den norske kyrkja blei ei folkekyrkje.

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

BIBELOMSETJAREN. «No tek du Bibelen, so greider eg Homer.» A. O. VINJE til Elias Blix 1869

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Førde kommune

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Velkomen til Mork barnehage

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Forslag frå fylkesrådmannen

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Setring ved Håbakkselet Hareid

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

TIDSUR. Svartedauden. Dei første norske byane vert grunnlagt. Dei første menneske kjem til Noreg. Julius Cæsar

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Møteinnkalling for Valgstyre

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomne til jubileumsfeiring. Det er triveleg å sjå så mange feststemte barn og vaksne frå heile kommunen i folketoget.

Aurland kommune

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

17. mai Hjellestad 2016

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Samansette tekster og Sjanger og stil

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Transkript:

Side 1 av 6 Astruptunet, måla av Nikolai Astrup. Astrup kjøpte dette småbruket på Sandalstrand i 1912. Vassenden i Jølster. Vassenden var ein sentral stad på vegen nordover, og var plass for skyssbyte. Vassenden har hatt hotell sidan tidleg på 17oo talet. Jølster Hotell, som står den dag i dag vart bygd i 1888. 1905 - Jølster kommune Dette er frå Jølster Prestegaard, Aalhus 1907, som det står på baksida. Det er slekta til mor til Håkon Hovland som er på slåtten med fine hestar framom slåmaskina. Alle ukjende. I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Jølster kommune. Jølster kommune i 1905 Jølster kommune omfatta i 1905 kyrkjesokna Ålhus og Helgheim. Den einaste endringa etter opprettinga av kommunen i 1837 er at garden Førde ved sørenden av Breimsvatnet vart overført frå Gloppen til Jølster i 1964. Tre syklistar med gevær på ryggen og medalje på brystet. Frå venstre Jeremias J. Klakegg, Ola Hegrenes og Daniel S. Veiteberg. Mennene var på veg til skyttarstemne. Frå farmen til Sivert A. Klakegg. To tospann I 1900 var folketalet 2855. Jordbruk var den viktigaste næringa. Det var noko korndyrking, men husdyrhaldet var ei større næring, der mellom anna hesteavl var viktig. Det var også noko fiske i Jølstravatnet. Jølster hadde i 1905 heile 13 meieri (Bergs, Brenden, Dvergsdal (meieri og ysteri), Fonn, Grungen, Høyvik, Lyngstadfossen, Sandal, Skei, Sunde (meieri og ysteri), Vassenden, Veiteberg og Øvrebø). Nokre av dei dreiv også med ysting. Det var ingen fabrikkar eller industrielle anlegg i Jølster i 1905. Dei viktigaste handelsstadane i kommunen var Hegrenes og Skei. Kommunen hadde 5 poståpneri (Helgeim, Veiteberg, Dvergsdal, Vassenden og Ålhus). Hovudvegen gjennom fylket gjekk gjennom Jølster, på nordsida av vatnet slik den gjer i dag. Det var bygdeveg langs sørsida av vatnet og frå Klakegg og innover Stardalen. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk, engasjerte mange. Det same gjorde utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet. Avisene melde heile tida om små og store hendingar rundt

Side 2 av 6 fullasta med halmballar på slede. Oppå sit frå venstre Martin A. Klakegg og Sivert A. Klakegg. om i fylket, andre stader i landet og ute i verda, - gjennom smånotisar og større oppslag. Ein ny veg vart omtala i Nordre Bergenhus Amtstidende 25. juni 1905. Denne vegen, på Årdal, var litt spesiell: "Paa Aardal i Jøster har man nylig vist, hvad foretagsomhed og samarbeide kan udrette. Opsidderne har nemlig slaat sig sammen om at oparbeide en 6 km. lang ordentlig kjørevei til sæteren. Veien er lige solid og pent udført som en almindelig bygdevei og var kalkuleret til 2400 kr. Dette arbeide har saa opsidderne udført selv, uden nævneværdig leiehjælp. Den som har været sjælen i arbeidet er gaardbruger Gunnar Aardal, der ogsaa har stukket veien ud og foretstaat oparbeidelsen. Dette fortræffelige samarbeide af et grannelag fortjener at efterfølges i vide kredse." I Jølster var fleire i 1905 misnøgde med at landbrukskomiteen på Stortinget ikkje løyvde pengar til regulering av Stardalselva. Stortingsrepresentant Holsen som representerte Sogn og Fjordane var einig i at Stardalselva burde prioriterast. Grunnen var at det ville gje meir dyrkbar mark og hindre at avlingane langs elva årvisst vart sett under vatn og øydelagt. (Avisa Nordfjord 5. mai 1905.) Målaren Nikolai Astrup debuterte i 1905 med ei utstilling hjå Blomquist i Oslo. Avisa Posten skreiv denne meldinga 19. april 1905: "Nicolay Astrup heder en ung Maler, som i disse dage hos Blomqvist udstiller en del Arbeider, der fortjener den største Opmærksomhed. Det er Vestlandets sære, forunderlige Natur han gir. Og i en ny Form. Astrup har seet paa den med Naturbarnets glade Øine. Og Billedet har formet sig i hans Sjæl oprindeligt, sligt som det i sit inderste Væsen er, uden Ord og Forklaringer." Statsministar Christian Michelsen tek imot den nye norske kongefamilien. Kong Håkon kom saman med dronning Maud og kronprins Olav til Kristania med den norske marinefartyet "Heimdal" 25. november 1905. Blixsalmane innførte i Jølster Fleire kommunar i Sogn og Fjordane innførte nye salmar, skrevne av Elias Blix i åra rundt 1905. Det var ofte mykje strid om desse salmane som var på nynorsk. Også i Jølster kommune var det usemje då dei skulle avgjere om Blixsalmane skulle innførast i Helgheim kyrkje. Fjordenes Blad skreiv om denne hendinga 28. oktober 1905. "Blixsalmarne vart sundag 22 oktober innførde i Helgheims kyrkje med 80 mot 15 røyster." Eit innlegg frå signaturen "F" sto på trykk i avisa same dag. Han kunne fortelje om "et noksaa livlig ordskifte. Hvori deltog sognepresten, sognets lærere og flere andre af de ældre, og det skal siges til deres ros, de fleste af dem optraadte sindig og hensynsfuld." Men det skjedde eit skifte då presten la fram dette forslaget til avrøysting: "Menigheden samtykker i, at presten eller andre, der har ret til at tale i kirken, benytter en Blixsalme ved gudstjenesten". "Da var det nok ikke frit for, at enkelte af de hidsigste, som havde haabet paa prestens modstand, syntes det gikk forvidt og lod sig forlede til udtalelser, som ikkje egner sig til at referere offentlig, men de var dog glædeligvis i mindretal, og mødet blev afsluttet med forholdsvis ro og orden", kunne "F" fortelje. Soknepresten i Jølster, Christian Astrup, var ein kjend riksmålsmann. I Målreisingssoga i Sogn og Fjordane (side

Side 3 av 6 281) kan vi lese om Astrup sin reaksjon då skulestyret i 1904 gjorde vedtak om at borna kunne velje kva språk dei skulle lære bibelsoga på. "Jeig kræver at børnene skal lære sin lekse på det almindelige språk, på det som Gud har givet oss." Sjølv om Blixsalmane vart innførde i 1905 var i følgje Målreisingssoga presten så uforsonlig at han "..sjeldan eller aldri læt kyrkjelyden få syngja dei". Nokre nøkkelpersonar Det var kommuneval i 1904, og Sjur B. Heggheim vart vald til ordførar. Christian Astrup var sokneprest og Andreas Lind var lensmann. Johannes Aalhus var ein sentral mann for målrørsla i Jølster. Han heldt mellom anna kveldskurs slik at folk kunne få lære seg nynorsk. Hovudmotstandaren for Johannes Aalhus, og målrørsla i Jølster var sokneprest Christian Astrup. Astrup var ein ivrig forkjempar for riksmålet, eller som han sjølv sa det: "..det som Gud har givet oss". Lag og organisasjonar Jølster kommune hadde i 1905 eit aktivt organisasjonsliv. Kommunen hadde 7-8 ungdomslag; Audnedal (skipa 1890, men som truleg vart nedlagd i 1905 då Ålhus Gamle Ungdomslag vart skipa), Eikås (1905), Gjesdal (1901), Myklebust (1899), Orken (1901 - ved etableringa vart laget kalla Sunde ungdomsforeining), Skei (1902 - ved etableringa vart laget kalla Viken ungdomslag), Stardalen kristelege ungdomslag (1888) og Ålhus Gamle Ungdomslag (1905), 5 skyttarlag; Eikås (1902), Gjesdal (1902), Orken (1902), Stardalen (1888) og Ålhus (1903), misjonsforeiningar, kvinneforeiningar, mannsforeining, avhaldslag, idrettslag (Hjomstra), songlag, landbrukslag og sundagsskule. Om Eikås ungdomslag står det i Sunnfjord ungdomslag 25 år (side 52) at "namnet som det handskrivne bladet "Ungdomshaabet," fortel at det nasjonale atterreisingsarbeidet ikkje var serleg i forgrunnen". Målstriden var hard i Jølster, og Målreisingssoga kan fortelje (side 281) at alle ungdomslaga kjempa for nynorsken. Målstrid og nasjonal attreising var ofte same sak. Om Johannes Aalhus, ein av dei fremste forkjemparane for nynorsk i Jølster står det i målreisingssoga (side 667) at "den nasjonale atterreisingi hadde teke han heilt, og han streva alt han vann". 17. mai 1905 Det var ekstra stor oppslutning om 17. mai i 1905. Fjordenes Blad kunne 31. mai fortelje om 17. mai feiringa i Jølster: "17de mai iaar hadde me ein morosam fest paa Hegranes, der dei samla seg, etter at presten hadde preikt i kyrkja. Derifraa gjekk fylgjet upp gjennom den fagre Nedrebø-dalen, der det vart halde tale for dagen, for Henrik Wergeland og for fridomen vaar. Sidan daa dei kom tilbake til Hegranes, fekk dei seg noko aa liva av, og so vart det halde ein tale for eit einig Norig. Sokneprest Astrup heldt ein grei festtale, der han fortalde fleire trekk fraa vaar soga. Bakefter skodespel og ymse upplesing. Ingen rusdrykk. - Daa den 18de kom, slutta festen."

Side 4 av 6 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Denne dagen hadde mange venta på lenge. Allereie 7. januar kunne Fjordenes Blad trykke eit innlegg henta frå Dagbladet. "Det fælles maal vil nu ingen undgaa at se. Det er, og det kan kun være et: Unionens opløsning". 7. juni 1955 7. juni 1955 skipa Jølster kommune til fest for fylkestinget for å markere femtiårsdagen for 7. juni-vedtaket. Avisa Sogn og Fjordane kunne 30. mai fortelje om festen. "Fylkesmann Schei tala for fedrelandet og minna om at 7. juni ikkje berre er ein historisk dag for oss, men i aller høste grad er ein dagsaktuell dag. Heile soga vår vert liksom rulla opp med denne dagen. (..) Det vart sendt helsingstelegram til kongen, og det kom takketelegram som vart lese ved bordet." Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Jølster valsokn var identisk med Jølster kommune. Valstyret var samansett av: lensmann A. Lind (formann), Th. Veiteberg, N. Dvergsdal, S. Helgheim, I.M. Øvrebø, S.A. Hammer og Johs S. Kjelsnes (ved folkerøystinga i august møtte Nils Nedrebø som varamann for Johs I. Kjelsnes). I begge røystingane var det 2 røystestad /er: a) i Ålhus kyrkje, b) i Helgheim kyrkje. Oppteljinga føregjekk på Hegrenes i august og på Årdal i november. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Jølster valsokn: 546 hadde røysterett. Det vart avgjeve 473 godkjende røyster (86,6%) Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7 %) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei. Det var mykje symbolikk kring unionsoppløysinga. I Jølster vart ein ny varde, bygd mellom Olden og Jølster, eit symbol på samhaldet dette året. "... Om faa minutter stod varden færdig. Flere større stene blev dels baaret og dels rullet op paa en høide. Ogsaa en hel del af kvinderne, vistnok de fleste, bragte sin sten til varden. Da varden var færdigbygget, blev den straks brugt som talerstol, idet Lars Bruvold steg op paa den og i en tale sammenlignet de stene, der med saa stor iver og hurtighed var bragt til denne varde, med de klare

Side 5 av 6 "ja", som næste søndag vil bringes til den folkeafstemningens store varde, der skal staa i alle historiens tider som et minde for den ganske verden om, hvad Norges enige og trofaste folk har villet i dette vor histories vigtigste og høitideligste øieblik. Og ligesom denne varde, der nu stod bygget der paa fjeldet, vilde ogsa folkeafstemningen den 13de august 1905 blive samlingens og broderlighedens mindesmerke. Alle maatte bringe den hilsen hjem og videre udover, at enhver, som den 13de august svarede "nei" bare vilde hjælpe til at fremkalde krigen. Om nogen kommer til at svare nei, vil grunden detil kun være uvidenhed eller mangel paa oversigt." Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Fjordenes Blad, som dei også las i Jølster, tok fleire gonger opp kvinneunderskriftsaksjonen. Avisa støtta aksjonen og oppfordra kvinnene til å delta, og til å legge ut lister i alle bygdene. Sjølv om vi ikkje har opplysningar om kvinneaksjonen i Jølster er det ikkje usannsynleg at også kvinner frå Jølster skreiv under på desse listene. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Jølster valsokn: 545 hadde røysterett. Det var avgjeve 394 godkjente røyster (72,3%). 318 (80,7%) røysta ja (for kongedømme), 76 (19,3%) røysta nei (for republikk). Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Folkerøystingane vart som regel kunngjort i samband med gudstenester. For Ålhus sokn var prosedyren ein annan ved folkerøystinga i november. I møteboka for valstyret står det at "Administrator bemerkede, at der efterat ordre om indeværende folkeafstemnings afhold modtoges, ikke har været afholdt gudstjeneste ved Aalhus kirke, hvorfor han gjennem særskildte breve til de stemmeberettigede i dette sogn har søgt at gjøre disse bekjendt med dagen for afstemningen og om at de nærmere indkaldelser har været opslaaet paa handelsstederne og meieriene i sognet." For Helgheims sogn var folkerøystinga "..kundgjort ved læsning fra kirkebakken og opslag paa handelsstederne og meierierne". Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Noregs konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den

Side 6 av 6 nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. Nasjonal takkegudsteneste På halvårsdagen for unionsoppløysinga, torsdag 7. desember, vart det halde takkegudstenester i heile landet. Kyrkjedepartementet hadde i rundskriv fastsett at dagens tekst skulle vera Salmane 118, vers 23-26, og rådd til å bruka Blix si fedrelandssalme "Gud signe vårt dyre fedreland". Vi veit ikkje sikkert om det vart halde slik gudsteneste i kyrkjene i Jølster. Salmane 118, 23-24: Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo. Dette er dagen som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no! Artikkelnummer: KAL/SFF-425.1431 Forfattar og datering: Karianne Schmidt Vindenes, 2005. Prenta kjelder: Avisa Nordre Bergenhus Amtstidende 25.06.1905. Avisa Nordfjord 05.05.1905. Avisa Posten 19.04.1905. Avisa Fjordenes Blad 07.01.1905, 31.05.1905 og 28.10.1905. Avisa Sogn og Fjordane 30.05.1955. Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Flora 1950. Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene. I Kjelda nr. 3 2002. Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 1. Kristiania 1901. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Jølster kommune. 1993. Sunnfjord Ungdomslag: Sunnfjord Ungdomslag 25 år. Florø 1923. NRK Sogn og Fjordane, Fylkesleksikon. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Nettstad om Nikolai Astrup. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no