Multisport Dans Dans+Idrett.Friluftsliv Dans.Scene Musikk+Idrett/Friluftsliv



Like dokumenter
Multisport Dans+ Musikk+ Aktiv Sjø.Snø.Surf

Multisport Dans+ Musikk+ Kunst+ Sjø.Snø.Surf

Musikk+ Dans.London.Cuba Bu & Arbeidstrening Kunst.Europa

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Valfag Ulstein ungdomsskule 2018/19

Internasjonal vidaregåande skule

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

KROPPSØVING LUSTER UNGDOMSSKULE Ved graden av måloppnåing er det naturleg å vurdere : styrke, spenst, hurtigheit, uthald og ballteknikk.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Ungdom med særlege behov

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.


Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Velkomen som konfirmant!

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

Velkomen som konfirmant

California State University Northridge Av Silje Vågen

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Velkommen til DUGNAD!

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Lønnsame næringar. Presentasjon av Folgefonni Breførarlag AS ved daglegleiar Åsmund Bakke

Årsplan Kroppsøving 4. Trinn

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Valfag Ulstein ungdomsskule 2017/18

mmm...med SMAK på timeplanen

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Informasjon til elevane

Velkomen til eit nytt og annleis skuleår sundag 23. august!

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Informasjonshefte Tuv barnehage

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Månadsbrev for Rosa september 2014

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Årsplan for

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Politisk program for Jølster KrF

Trudvang skule og fysisk aktivitet

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Juvet Landskapshotell

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Velkommen til kulturskulen.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

KRISTNE VIDAREGÅANDE SKULE. Ein av Noregs største internatskular

Sauda vidaregåande skule skuleåret Regionalt kompetansesenter

Nystarta leirskule -med ledig kapasitet i 2012

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Årsplan Kroppsøving 5. trinn 2015/2016


Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

Psykologisk førstehjelp i skulen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Respekt på Rommetveit skule

Spørjeundersøking om sentrumsområde

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Gründercamp Samarbeid skule næringsliv

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brukarrettleiing E-post lesar

VELKOMMEN TIL TRANEVÅGEN UNGDOMSSKULE

Plan for overgangar. for barn og unge

Dokument nr. Omb 1 Dato: (oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Velkommen til Ulveset SFO. Mål for Ulveset SFO: SFO skal være ein trygg stad, der vi legg til rette for vennskap, leik og trivsel.

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

ÅRSMELDING FOR VALLE UNGDOMSKLUBB

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

6. trinn. Veke 24 Navn:

2 Skolen hvor du velger linjer!

Plassebakken Barnehage

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Transkript:

Multisport Dans Dans+Idrett.Friluftsliv Dans.Scene Musikk+Idrett/Friluftsliv Sport og Fitness Sjø.Snø.Surf Idrett.Ballspel Bu- og arbeidstrening Internasjonal linje s k u l e å r e t 2 0 1 0 o g 2 0 1 1 w w w. s u f h. n o p o s t @ s u f h. n o T l f 7 0 0 0 9 6 0 0

Skulen er ein heim, og denne heimen er ein skule! Velkomen til oss Har du planen klar? Brosjyra du sit med i handa er eit av mange studietilbod som haglar inn over deg som skal velgje vegen vidare. Kva er spesielt med vårt tilbod, og kva skil oss frå dei andre folkehøgskulane? På Sunnmøre folkehøgskule har vi ein visjon: vi skal få utrulige ting til å skje, noko vi opplever kvart år på ulikt vis. Vi lovar ikkje at vi kan endra livet ditt på 10 min (slik enkelte reklamer lovar), men vi trur dette året vil vere med å prege livet ditt vidare. Vi som jobbar her likar det vi held på med, og vi ynskjer å legge til rette for at du kan vere deg sjølv og utvikle deg vidare, saman med mange andre. Ein av styrkene våre, er breidda. Vi har linjer innan både musikk, dans, idrett, og friluftsliv, noko som gjer at vi har ei flott samansetning av elevar med ulike interesser som inspirerer og lærer av kvarandre. Ein annan styrke er alle fellesopplegga og fellesturane i inn og utland, som ved skuleslutt er noko av det elevane har sett mest pris på. Vi må vel også få lov å skryte litt av fasilitetane våre. Vi har eit fantastisk bygg med utrulige muligheiter. Likevel er det først og fremst dei menneska du møter her som gjer året kanonbra. Eg har enno ikkje snakka med ein einaste elev som har angra på at dei valde folkehøgskule eller at dei valde SUFH, og eg ser ingen grunn til at du skal bli den første. Vi håper denne brosjyra gjev deg lyst til å bli med på å få utrulige ting til å skje, for nettopp her vil du, saman med dei andre, spele ei viktig rolle. Velkomen til Sunnmøre folkehøgskule! Helsing Arnt Ole Grimstad -rektor- På SUFH ynskjer vi at du i eit kreativt og sosialt miljø tufta på kristne verdiar som kjærleik, respekt, og likeverd skal få utvikle deg på ein positiv måte.

På SUFH er alt som skjer ein del av undervisninga: livet i internatet, arrangement og skuletimar. Skulen er eksamens- og karakterfri, men du får kunnskap og praktisk erfaring som vil bli nyttig for deg ved vidare utdanning og arbeid. På SUFH er det unge, entusiastiske lærarar og andre tilsette som tek del i dei fleste sider av livet på skulen. Sunnmøre folkehøgskule: - tek utgangspunkt i at vi er heile menneske; med kropp, sjel og ånd - har ein rusfri profil - er ein av 77 folkehøgskular i Norge - er eigd og driven av Norges KFUK-KFUM, ein internasjonal, kristen ungdomsorganisasjon - har elevinternat under same tak som undervisnings- og fellesrom - har ca. 30 tilsette, og av desse er ca.10 pedagogisk personale - har ca. 90 elevar og aldersgrense på 18 år - har eit skuleår som varer 33 veker (frå slutten av august til midten av mai) - gjev undervisning minimum 4 timar 6 dagar i veka - tilbyr frihelg ein gong pr. månad - har haustferie, juleferie, vinterferie og påskeferie - har ein timeplan som inneheld linjefag, modulfag (valfag) og fellesfag - lærarar og elevar deler ansvaret for å skape eit godt miljø, både i undervisning og internatmiljø - lærarar og elevar deler også ansvaret for innhaldet og gjennomføringa av undervisninga, med utgangspunkt i planane som finst for kvart fag - mykje av undervisninga går føre seg i form av rettleiing - staben deler ansvaret med elevane for å halde huset i orden - staben saman med elevar og lokalmiljø legg til rette for ulike aktivitetar på skulen og i lokalmiljøet som elevane kan delta i på fritida - reiser på tur fleire gonger i løpet av året, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt - gjev elevane vitnemål og 2 studiepoeng ved minimum 90% frammøte - gjev elevane verdifull erfaring og livskompetanse som også har verdi for vidare utdanning og arbeid. Modulfag Skuleåret på SUFH er delt inn i tre modular. Gjennom heile året har du linjefaget ditt, men ut over det får du høve til å setje saman din personlege timeplan med ulike modulfag. Døme på modulfag: Segling/friluftsliv/dykking, klatring, golf, gitar, kunstfag og ulike formingsaktivitetar, vokalgruppe, pilates, etikk, foto, ulike ballspel, aerobic, leiartrening, dans, matlaging, band/musikk. Alle elevane får tilbod om ein valfri utanlandstur til Cuba, Sør-Afrika, Backpacker Europa eller Tanzania/Zanzibar i november (turane er ikkje knytta til linjene). For meir informasjon, sjå heimesida www.sufh.no. Kurs I tillegg til vitnemålet kan du ta: - dykkersertifikat - grønt kort (golf) - båtførarbevis - instruktør treningssenter - brattkortet (klatring/sikring) Desse kursa er ikkje inkl. i skulepengane. Sjå heimeside for meir info. Fellesfag Noko undervisning er felles for alle: seminar laurdag, aktuelt/rektors time, musisk/skulekor, reingjering og ferdaniste (tru og liv). side 3 Arnt Ole Grimstad (35) - rektor. Har vore ved skulen i 8 år. Jostein Sæbø (44) - undervisningsinspektør. Har vore ved skulen i 13 år.

Det er litt som 71 grader nord, berre at ingen vert sendt heim igjen - Ole-Kri Våg, prøv og finn deg sjølv i fartsfylt aktivitet eller i stille ro. MULTISPORT Multisport er ei linje prega av sterkt mangfald både innan friluftsliv og idrett. På hausten tek vi i bruk minibuss, sykkel, ribbåt, fjellsko, klatretau, stegjern, kart og kompass, alt for å nå fjelltoppane i Sunnmørsalpane. Vi ferdast også på eller i sjøen. Her bruker vi segljoller, surfebrett, vannski, samt våt / tørrdrakter. I november har du også høve til å reise til Sør-Afrika for å utøve ein god del Multisport-aktiviteter. Sunnmørsalpane er kjent for fantastiske forhold for ski og brett. Etter å ha auka ferdigheitene våre på ski og brett i trekk, ser vi fram til våren, då vi skal få bestige toppane med hjelp av feller og truger. Køyringa ned ei urørt fjellside i perfekt puddersnø er heilt fantastisk! Multisport er den linja på SUFH som har flest overnattingsdøgn, og du må vere innstilt på at du ikkje alle dagar er ferdig til middagstid. Utbytte - Utvikle evner til å takle nye utfordringar - Utvikle personlegdomen din i eit miljø og natur som er unik - Større tru på deg sjølv: dette fikser eg - Lære deg å kle deg rett i all slags vér - Gode kunnskaper i å planlegge og gjennomføre turer - Fjellvett og sjøvett kart og kompass

stoffer Tveiten, elev - Toppturar i Sunnmørsalpane - Grotte/Breklatring - Bølgjesurfing/Juving - Klatring - Downhill/Crosscountry (sykkel) - Ski/Brett (pudderjakt i Sunnmørsalpane) - Multi-10-kamp - Møte med det ukjende - Squash/Treningssenter - Curling - Snøscooter - Vannski/Segling/Dykking - Høve til å ta dykkarlappen Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. side 5 Henrik Petersson (40) Lærar, 12 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre, brei aktiv idrettsbakgrunn.

"If I could tell you what I mean, there would be no point in dancing Isadora Opptreden i Sjøborg kulturhus - finaste scena på Sunnmøre. DANS DANS DANS+IDRETT/FRILUFTSLIV Gjennom arbeid med dans, koreografi og formidling vil vi legge til rette for at elevane får vidareutvikle og bruke sine danseriske ferdigheiter og kreative evner, og slik styrke sjølvtillit, kroppsbeherskelse og forståelse for dans. Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av danserisk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. Du må ha vilje til eigentrening og øving på fritida. For utfyllande informasjon, sjå www.sufh.no Linjekombinasjonar Vi er éi danseklasse som har mesteparten av undervisninga felles. Her kan elevane velje mellom Dans og Dans+Idrett/Friluftsliv. Dansefaget utgjer 75% av linjefaget og kombinasjonen 25%. Dans - For deg som berre vil ha dans - Improvisasjon og koreografi. - Temabasert undervisning med gjestlærar. Utbytte - Du har lært grunnleggande teknikk og trinn i ulike dansestilar - Du har blitt mjukare, sterkare og fått bedre balanse - Du har fått bedre kroppsbeherskelse og koordinasjon - Du har fått prøve deg både som utøvande dansar og koreograf - Du har fått eit år i eit kreativt og positivt miljø

Duncan - Dans - Koreografi - Formidling - Danseteknisk trening i jazz, moderne og klassisk ballett - Improvisasjon og koreografi - Pilates - Grunntrening og teori - Dansehistorie - Temabasert undervisning med gjestelærar (f.eks. hip hop, breakdance, salsa, swing) - Framsyningar både internt og eksternt - Oppsetting av danseforestilling - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) - Klassetur Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Dans+Idrett/Friluftsliv - Kombinasjonsfaget skjer for det meste saman med linjene Idrett, Multisport eller Sjø.Snø.Surf. - Opplegget vert gjennomført ute og inne. - Temabasert undervisning, som f.eks. ballspel, grunntrening, surfing, ski. side 7 Hilde Charlotte R. Hanken (28) er utdanna dansepedagog ved Universitetet i Stavanger. Ho har jobba som dansar og koreograf på ulike prosjekt både i Stavanger og Ålesund. Våren 2008 vart ho også utdanna Pilatesinstruktør.

Livet er ikke bare en lek, det er også en dans på roser - Rolf Wesenlund På Dans.Scene vil du lære om lyssetting, kostymer og andre sceniske effektar DANS.SCENE Har du drive med dans ei stund, og kunne tenke deg å utvikle deg vidare og prøve nye stilartar? Då er dette linja for deg. På bakgrunn av tidlegare år, har vi laga to danselinjer for å legge til rette for best mogeleg instruksjon og progresjon for den enkelte. Sjølv om innhaldet i stor grad vil vere lik den andre danselinja, vil undervisninga ta høgde for at elevane har erfaring med dans frå før, anten frå danselinje på vidaregåande eller ballettskule. I og med at vi ikkje har opptaksprøve, vil ein likevel måtte rekne med ulik grad av danserisk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. Ein vil på denne linja også fokusere meir på det sceniske rundt dansen, både i forhold til lyssetting, scene og kostymer. Du må ha vilje til eigentrening og øving på fritida. Utbytte - Du har lært grunnleggande teknikk og trinn i ulike dansestilar - Du har blitt mjukare, sterkare og fått bedre balanse - Du har fått prøve deg både som utøvande dansar og koreograf - Du har lært om scenografi i samband med dans - Du har fått eit år i eit kreativt og positivt miljø

- Dans - Koreografi - Formidling - Danseteknisk trening i jazz, moderne og klassisk ballett - Improvisasjon og koreografi - Pilates - Grunntrening og teori - Dansehistorie - Temabasert undervisning med gjestelærarar (f.eks. hip hop, breakdance, salsa, swing) - Innføring i scenografi og kostyme. - Sette opp ei miniforestilling. - Framsyningar både internt og eksternt - Oppsetting av danseforestilling ilag med den andre danselinja - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) - Klassetur evt. saman med den andre danseklassa Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. side 9 Hilde Charlotte R. Hanken (28) er utdanna dansepedagog ved Universitetet i Stavanger. Ho har jobba som dansar og koreograf på ulike prosjekt både i Stavanger og Ålesund. Våren 2008 vart ho også utdanna Pilatesinstruktør.

"Det var ikke jeg som begynte, det var alle dere andre som sluttet." Arne Næs Både på skulen og i området rundt er det lagt godt til rette for å vere aktiv. SPORT OG FITNESS Dette er ei linje for deg som ønsker å få allsidige fysiske utfordringar i eit positivt miljø. Du får eit år med ein god kombinasjon av inneog uteaktivitetar i flotte treningsanlegg og med den fantastiske Sunnmørsnaturen som leike og læringsarena. Gjennom turar, fellesopplevingar og samspel skapast eit minnerikt år rullande på asfalt, til fots mot ein topp, i kajakken på speilblankt hav og på skiveke i Sunnmørsalpane med resten av skulen. Du skal få setje deg personlege mål og sprenge grenser - klare overhenget i klatreveggen, våge å ta sats fra stupetårnet og tåle melkesyra i siste motbakke. Du skal også få høve til å utvikle deg som instruktør, verte bevisst eiga helse og god treningsplanlegging. Du vil få tid til å fordjupe deg i det du likar best; dansaerobic, spinning eller styrketrening. Ein periode på våren får linja ansvar for å drifte det lokale treningssenteret. Utbytte - Du får vere aktiv - Du får høve til å teste personlege grenser - Du får individuell tilbakemelding - Du kan utvikle deg som idrettsutøvar - Du får god leiartrening - Du får med deg nyttige kursbevis

s, filosof og fjellklatrer, då han vart spurd om kvifor han byrja å klatre AKTIVITETAR - Spinning - Aerobic/Step - Squash - Styrketrening - Volleyball - Klatring/ buldring - Toppturar - Kajakk - Løping/Sykling - Svømming /Stuping - Rollerblades I LØPET AV ÅRET FÅR DU HØVE TIL Å TA: - Instruktørkurs gruppetrenar aerobic/step/spinning - Instruktørkurs treningsrettleiar apparater - Brattkort grunnleggande sikringskurs i klatring - Førstehjelpskurs - Ulike form- og pulstestar Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Fasilitetar i nærområdet - Treningssenter m/ squashbaner, vektrom og spinningsal med landets beste utsikt! - Klatrehall og mange utendørs buldre- og klatrefelt - Eigen gymsal og beach-volleyballbane - Svømmehall m/ stupetårn - Flotte sandstrender og opent hav - Utendørs rulleskøytebane - Eit uttal av treningsløyper og sykkelstiar - Sunnmørsalpane toppturar, skitrekk og lysløyper - Badstu og stamp side 11 Hilde Maria Espelid (38) har 4-års idrettsutdanning frå Norges Idrettshøgskole + faga musikk, journalistikk og kristendom. Har undervist ved skulen i 7 år, er instruktør på treningssenteret og held klatrekurs. Etterutdanning i Fitness, NIH våren 08.

Beskrive musikk på SUFH i ei setning? Du ber oss om det umulige Cathrine Musikklinja er ein viktig del av det miljøskapande arbeidet ved skulen, slik som til dømes elevkveldar og konsertar. MUSIKK MUSIKK+IDRETT/FRILUFTSLIV Gjennom arbeid med so ng, samspel og formidling vil vi legge til rette for at elevane får vidareutvikle og bruke sine musiske og musikalske evner og ferdigheiter, og slik styrke sjølvtillit og frimot generelt og i høve til det musiske og musikalske spesielt. Undervisninga tek høgde for at elevane har ulik grad av musikalsk erfaring, kunnskap og ferdigheiter. For utfyllande informasjon, sjå www.sufh.no Linjekombinasjonar Musikkfaget utgjer 75% av linjefaget og Idrett/Friluftsliv 25%. Utbytte - Du forstår kvintsirkelen og kan bruke den i teori og praksis - Du kan akkompagnere deg sjølv og andre på piano og gitar - Du har framført musikk i ulike genrar og på fleire ulike instrument i samspel med andre elevar - Du har komponert og arrangert eit musikkstykke - Du har sunge solo, live og på CD - Du har fått styrka sjølvtilliten din

Nyrud, elev - Song - Samspel - Formidling - Grunnleggande opplæring på ulike bandinstrument, med vekt på besifringsspel på piano og gitar - Grunnleggande sangteknikk - Musikkteori og høyrelære - Arrangering og komponering - Studioarbeid - Seminar om ulike tema, både teori og praksis - Konsertar og musikalske bidrag internt og eksternt - CD-prosjekt med sjølvskrive materiale - Musikal (fellesprosjekt for heile skulen) Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Idrett/Friluftsliv - Undervisninga skjer for det meste saman med linjene Idrett, Multisport eller Sjø.Snø. Surf - Opplegget vert gjennomført haust, vinter og vår i fjellet, i skogen eller på sjøen - Eksempel på opplegg: ballspel, klatring, bølgjesurfing, golf, topptur, kano, topptur, kano, ski/brett - Ein bør disponere eigen sykkel side 13 Øyvin Sønnesyn (48), utdanna adjunkt med tilleggsutdanning med vekt på musikk og kristendom. Han er utøvande musikar på bass, gitar, piano og sang.

Og dette får du betalt for? elev Eirik Bøchmann til lærar på Sjø.Snø.Surf Pudderjakt i Sunnmørsalpane. SJØ.SNØ.SURF SUFH ligg nær vatn. Enten du er ute etter fossande elvar, brølande hav eller vatn i laus fin pudderform, finn du det her. Surfing, segling, windsurfing eller dykking er det gode forhold for heile året. Vi har gode våtdrakter som gjer at vi kan vere i og på sjøen så ofte som vi vil. Vi leikar i, over og under vatn, samstundes som vi ynskjer å skape respekt for dei kreftene som vatnet rommar. Når snøen kjem, vil vi utfolde oss både i preparerte skibakkar og i laussnøen langt frå skitrekk og varmestove. Ingenting er som å trakke opp ei nysnødd fjellside, ta på seg tørre klede og legge inn på ei skive med brunost og litt sjokolade. Og så kjem høgdepunktet; ei urørt fjellside uten eit spor, før du kjem ned med laussnøen rundt øyrene. Det vert óg tid til ein snøholetur i dei fantastiske Sunnmørsalpane. Snødelen blir i hovudsak saman med Multisport. Utbytte: - Du vil lære å surfe og segle og får god vannfølelse - Du lærer mykje frå pensum til båtførarprøven (som alle snart må ha) - Du har lært å ferdast trygt på sjøen - Du har bestege fleire Sunnmørsfjell på snø, og køyrt ned igjen - Du har lært om tryggleik og ferdsel i fjellet - Du har lært mykje om å vere ute i all slags vér - Du veit at du tør.

- Bølgjesurfing skjer ved ein av Noregs finaste plassar for surfing; Hoddevika ved Stad. Hit reiser vi fleire gongar. Det blir mange timar på brettet i løpet av bølgjesesongen. - Seglinga er basert på moderne seglejoller der det er plass til 3-4 elevar i kvar båt. Vi tek også del i onsdagsregattaen til Ulstein Segforening - Tur med Sunnmørsjekta ut på det åpne hav er ei mektig oppleving. - Windsurfing - Kajakk - Vannski/ wakeboard - Sjøliv. Vi dreg på sjøen med både raske og langsame båtar. Ein tur i røff sjø ut mot fuglefjellet Runde er spennande - Fridykking. - Klippehopp/stuping - Møte med det ukjende - Multi 10-kamp - Toppturar/pudderjakt i Sunnmørsalpane (ski/snowboard) - Elveklatring - Høve til å ta dykkarlappen og båtførarprøva Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. side 15 Jan-Einar Roos (41), utdanna adjunkt med vekt på kristendom og friluftsliv. 12 års erfaring frå sjø og fjell på Sunnmøre.

Av alle uviktige ting i verden er fotball den viktigste - Pave Johannes Paul II Osnessanden ligg berre ein kort sykkeltur unna skulen. IDRETT.BALLSPEL Idrettslinja på SUFH legg mest vekt på variert ballspel. Fotball, volleyball og golf vil vere sentrale aktivitetar, men vi skal óg innom mykje anna. Fasilitetane på og rundt skulen, naturen og området rundt er ideelt for å drive idrett. Paintball, Go-cart, klatring og bølgjesurfing er med på å sprite opp kvardagen og skape eit godt miljø! Fasilitetar i nærområdet: - Gymsal - Nytt treningssenter m/squashbaner, spinningsal m.m - Flott uteområde til ulike former for trening Utbyt te - betre f ysisk form - grunnleggande kunnskap om ulike idret tsgreiner - erfaring med ulike øv ingar og treningsmetoder - få instruktørbev is - ta grønt kor t i golf

- Fotball - Golf (høve til å ta grønt kort) - Volleyball/beachvolleyball - Ski, telemark, alpint, snowboard - Squash/badminton - Basketball/handball - Bølgjesurfing på Stadt - Klatring inne og ute - Stup/svømming - Topptur haust og vår - Treningsstudio - Grunntrening - Multi 10-kamp - Go-kart - Frisbeegolf - Bowling - Innføring i Taekwondo - Paintball Studietur Alle elevar får tilbod om valfri utanlandstur til Sør-Afrika, Cuba, Europa eller Tanzania/Zanzibar i november. Sufh anbefalar valfri tur til Sør-Afrika om du vil ha ein tur med mange moglegheiter for å prøve ulike idrettaktivitetar. For meir informasjon sjå heimesida www.sufh.no. Nærområdet: - Kunstgras bane - Innandørs kunstgrasbane - Golfbaner (m.a ny bane 5 min frå skulen) - Drivingrange m/treningsområde til golf - Fin sandstrand - Beachvolleybane - Klatrehall og utandørs klatrefelt - Sunnmørsalpane og Strandafjellet - Ulsteinhallen til handball - Sunnmørshallen i Ålesund - Gokart-bane - Bowlinghall - Svømmehall m/stupetårn i Volda side 17 Per Bernt Aske (37), har vore 11 år i drømmejobben! Glad i all slags idrett, men særleg ulike ballspel.

N Y L I N J E BU- OG ARBEIDSTRENING Dette er ei linje som tilbyr tilrettelagt opplæring i ei gruppe på 4-6 elevar. Linja er for deg som etter kvart ynskjer å flytte i eigen bustad. Her bur du på eige rom med bad og balkong og gjennom det, øver på å bli meir sjølvstendig. Noko av undervisninga på linja er fag som helse og ernæring, stell av rom og klede, økonomi, idrett og leik, musikk og song, matlaging, formingsaktivitetar, data, sosial trening og aktiv bruk av fritida. Dette året vil bety mykje for deg, og for alle oss andre som blir kjende med deg. Butrening - Matlaging - Rydding og vask av eige rom - Klesvask - Eigen økonomi - Personleg hygiene Fritid - Treningssenter - Data - Formingsaktivitetar - Musikk/band - Elevkveldar - Kapellsamlingar - Svømming (varmtbad) - Turar og bålkos Arbeidstrening - Utplassering i tilrettelagt bedrift 1 dag i veka - Arbeidsoppgåver på skulen inn mot handverk- og servicenæring Turar - Opningstur (Bli-kjent tur med heile skulen) - Linjetur - Fjell og skogsturar - Skiveke i Sunnmørsalpane - Hjelpesending til Latvia - Tur til fuglefjellet Runde - Tur til Geiranger Pedagogisk tilnærming Sunnmøre folkehøgskule er ein skule med breidt fagtilbod, der elevane kan lære og verte inspirert av kvarandre. Det at vi er ulike er ein berikelse og ei kjelde til auka forståing av kvarandre. Alle elevane på bu- og arbeidstreningslinja deltek i fellesfag, valgfag, måltid og sosiale aktivitetar på kveldstid i eit yrende miljø med 90 ungdommar med ulike interesser. Det at vi deler desse fellesarenaene skaper aksept og glede av ulikskapen. I løpet av året blir elevar frå andre linjer brukt som støttekontakter for elevane på Bu og arbeidstreningslinja. Inkluderande fellesskap Deltaking i det sosiale livet på folkehøgskulen er også ein viktig del av tilbodet. På internatet bur omlag 90 elevar, og her kan du delta i ulike aktivitetar og oppleve sosialt fellesskap. På skulen bur også stipendiatar som arbeider som miljøarbeidarar/støttekontaktar. På kveldstid og i helgane vil dei legge til rette for aktivitetar og sosialt samvær. Organisering Linja har plass til mellom fire og seks elevar. Innhaldet i undervisninga vil variere noko ut i frå gruppesamansetjing og individuelle føresetnader og målsetjingar. I samarbeid med heimen og hjelpeapparatet i heimkommunen din utarbeider vi ein individuell opplæringsplan for deg. Du får trening for eit mest mogleg sjølvstendig liv i eigen bustad gjennom opplæring i aktivitetar i dagleglivet. Undervisninga blir organisert i einetimar og linjetimar. Nokre valfag og fellesfag har du saman med elevar frå dei andre linjene. Økonomisk støtte: Opplegget på denne linja krev ekstra økonomiske ressursar frå di heimkommune, NAV, fylkeskommune eller andre.

N Y L I N J E INTERNASJONAL LINJE Dette er eit nytt halvårskurs ved SUFH med oppstart januar 2010 Innhald Halvtårskurset vil ha base på Sunnmøre Folkehøgskule (SUFH). Vi vil jobbe med eit lokalt utgangspunkt og eit globalt perspektiv. Kurset er lagt opp som ei god blanding av praktiske erfaringar, foredrag og refleksjon i grupper. Her er nokre tema vi vil jobbe med: - kultur- og religionsforståing - dialog og konfliktløysning - møte med norsk kultur og natur - globalisering og internasjonal politikk, - utvikling og bistand - etisk handel og forbrukaretikk - teambuilding og gruppedynamikk - samfunnsansvar i næringslivet - menneskerettar - miljø og klimautfordringar - praksisplass hjå partnerar (Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp) og lokale aktørar på Sunnmøre - fellesskapsopplevingar i sunnmørsnatur Korleis jobbar vi? Vi jobbar med tema mellom anna gjennom gruppeoppgåver, foredrag frå fagpersonar, besøk hjå institusjonar og praksisplass. Opplegget er utarbeida i samarbeid med SUFH sine partnerar, Norges KFUK-KFUM og Kirkens Nødhjelp og deira internasjonale søsterorganisasjonar. Mykje av den erfaringsbaserte læringa vil skje i samarbeid med dei. På linja vil vi ha med oss ca 10 internasjonale elevar. Ein viktig ledd i kulturforståing og utveksling skjer difor internt i gruppa. Første del av opplegget vil vere på Sunnmøre Folkehøgskule. Ein vil då få input i nokre av tema som er nemnde ovanfor. I tillegg vil ein denne perioden få innføring i informasjonsarbeid. Neste bolk er praksisbasert. Ein vert delt i grupper og vitjar einingar av KFUK-KFUM, kyrkjer, skular, ungdomsklubbar. Denne erfaringsbaserte delen vert fulgt av ei oppsummeringsrunde med praksisrefleksjon og evaluering. Siste del vil sette fokus på etisk handel, rettferd og kulturforståing gjennom møte med ulike fagpersonar og besøk hjå institusjonar. Heile vegen vil vi jobbe med gruppedynamikk internt i gruppa og sosialpedagogisk saman med dei andre elevane på huset. Dette vil mellom anna skje gjennom turar og opplegg i lokalområdet. Vi legg mellom anna opp til dagsturar til; Geiranger, Dolsteinhola, Runde og topptur til ein av Sunnmørsalpane for dei som ønsker det. Tre dagar i februar reiser vi til Fjellsetra i Sunnmørsalpane og har skidagar både for vidarekomande og for dei som aldri har hatt ski på beina før. side 19 Mål: - Skape forståing for vår rolle som verd borgarar - Skape engasjement for forandring - Gje handlingsalternativ i kampen for ei rettferdig verd - Gje praksis i informasjonsarbeid knytt til fattigdom og rettferd

OPNINGSTUR SKIVEKE LATVIATUR AVSLUTNINGSTUR CUBA SØR-AFRIKA Alle elevane ved skulen får tilbod om tur til Cuba, Sør-Afrika, Tanzania/Zanzibar eller Europa i november. Fellesturar SUFH har fleire fellesturar, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. I tillegg er det lagt opp til studieturar i grupper til utlandet der elevane sjølve vel eitt av fire reisemål. Studieturane er ikkje knytt opp til linjefaga. Opningstur/ littera-tur Vi reiser ei veke til den idylliske leirstaden Orreneset, der vi får bli endå betre kjent med kvarandre, nyte flott natur og lese gode bøker. Skiveke Å setje sin eigen signatur ned ei fjellside i Sunnmørsalpane bør alle få oppleve! I skiveka reiser vi til Fjellsetra skisenter, der vi gjennom øving og litt instruksjon kan få det endå kjekkare på telemark, alpint, snowboard og langrenn. Tur til Latvia Ein kontrastfylt tur, rik på opplevingar, der vi m.a. skal ha med klede og utstyr til ein barneheim og til ein internatskule for vanskelegstilte barn og ungdom. I tillegg vitjar vi den flotte, historiske byen Riga. Avslutningsturar Buss- og båttur til UNESCO sitt verdsarvområde Geiranger med besøk på fjellgarden Skageflå. Tur til turistattraksjonen Runde, og fuglefjellet der m.a. den fargerike lundefuglen held til. Vi skal få utrulege ting til å skje!

TANZANIA/ZANZIBAR BACKPACKER EUROPA Studieturar utanlands i grupper Møte med framande kulturar er ein naturleg del av det å vekse opp i eit moderne samfunn. Vi reiser mykje, men det er ikkje alltid at vi kjem særleg tett på den kulturen vi kjem til. Sunnmøre folkehøgskule er ein del av dei verdsvide organisasjonane YWCA og YMCA. I samarbeid med partnerane våre i YMCA arrangerer vi turar der vi legg til rette for at du skal få lære og oppleve ting du ikkje får gjennom ein vanleg chartertur eller når du reiser på eiga hand. Målet for turane våre er å lære meir om eit anna land og ein annan kultur, få reiseerfaring og spennande og minneverdige opplevingar i lag med medelevar og dei vi møter. Reisemål: - Cuba (Havana) - Sør-Afrika (Cape Town) - Tanzania/Zanzibar - Europa Backpacker (Reiserute/reisemål vert avklart i lag med reisegruppa) Cuba Her snakkar vi om folkeliv, musikk-klubbar, salsa og strender. Bli med og opplev musikken, historia, rytmen og dansen slik berre cubanarane gjer det. Gjennom guiding, seminar, konsertar og salsakurs vil vi lære meir om dette landet. Vi vil også reise litt ut av Havana og få med oss andre aktivitetar. Det vil nok ikkje gå mange år før det karakteristiske cubanske samfunnet ser annleis ut. Sør-Afrika Reis til den spennande byen Cape Town, som er ein smeltedigel både når det gjeld folkeliv og musikk. I 1994 vart apartheid oppheva i Sør-Afrika, men det er framleis store sosiale skilnader. Området rundt Cape Town har også fantastisk natur og folk er svært imøtekomande og sjenerøse, sjølv om dei har lite. Vi vil m.a. overnatte i vertsfamiliar, besøke Robben Island, Table Mountain og Kapp det gode håp. Du vil også kunne få med deg aktivitetar som t.d. safari, dykking, rappellering frå Table Mountain, tur og gudstenester i township ane. Tanzania/Zanzibar Opplev afrikansk kultur, natur og folkeliv på nært hald. Gjennom lokale partnerar får vi sjå ulike sider av Tanzania, også sider som ein vanlegvis ikkje opplever som turist. Vi besøker lokale familier, kyrkje, ein barneheim og andre prosjekt som jobbar med bekjemping av fattigdom. Vi startar i Dar es Salaam og reiser derifrå innover i landet til ein typisk tanzaniansk småby. Her får vi møte folk og oppleve prosjekt som gjestar. Deretter går turen til ein av dei flotte nasjonalparkane i Tanzania. Her er det gode sjansar for å sjå både løver, elefantar og sjiraffar i fleng i sitt rette element. Turen vert runda av på krydderøya Zanzibar. Øya byr på ei utruleg spanande historie, ein fargerik kultur, og nokon av dei vakraste strendene i verda. Karibuni (velkommen til) Tanzania! Desse tre turane vil koste ekstra utover skulepengane. Pris vil bli klar når vi veit pris på flybillettar og avgifter, men vil truleg ligge på rundt 10 000,- kr ekstra inkl. alt Europa Backpacker Opplev det europeiske kontinentet gjennom togvindauget eller vandrande med sekk på ryggen. Kva med frukost i Köbenhavn, middag i Berlin og ein kveldstur over Karlsbrua i Praha? Eller rett og slett non-stop tog til Barcelona, langs Rivieraen vidare til Italia, og segltur i Middelhavet, for så å våkne ein tidleg morgon i Istanbul? Denne turen er inkl. i skulepengane. For alle turane Kvar gruppetur har si minimums- og maksimumsgrense når det gjeld antal elevar. Sjå nettsida www.sufh.no for utfyllande informasjon. side 21 Sjå nettsida www.sufh.no for utfyllande informasjon

Sentralt God kommunikasjon KFUK-KFUM Pris Stipend Søknad Frit Fritid og Miljø SUFH er ein skule med 90 elevar. Dette gjev eit godt og oversiktleg miljø, både for elevar og tilsette. SUFH har i tillegg gjennom skuleåret mange fleire menneske innom, t.d. gjennom kurs, konferansar, forestillingar, konsertar, selskap og møter. Når du bur på SUFH ilag med 90 andre ungdomar, vil du alltid kunne finne nokon som har lyst til å gjere det same som du; - bak eit bollebrett på elevkjøkkenet og overrask bursdagsbarnet - spel sandvolley og avslutt med eit bad på Osnessanden - ver kreativ og lag julegåver i formingsalen - samle gjengen i bandet til ein jam session på musikkrommet - slå av ein prat med husmor eller tilsynslærar - surf på weben, og skriv om siste turen på Facebook (trådlaust nettverk i fellesareal) - bli med på fotball- og volleyballtrening i gymsalen - tenn eit lys i kapellet, der du har utsikt over fjell, himmel og hav - ta ei runde sjakk, biljard, bordtennis, bowling eller frisbee-golf - sjå ein film på storskjerm i Kjellaren - bli med stipendiatane på X og Y - ver med i bibel- og samtalegruppe og snakk om tru og liv - Inviter til te- og kjeks på rommet (elevrom med eige bad. Alle dobbeltrom har altan) - ta ein squash-kamp, spinning, pump, step eller core på treningssenteret - skriv namnet ditt i taket på klatrehallen - gå eller sykle deg ein tur på fjellet eller i trimløypa/lysløypa - finn ut kva som er dine kle på servicestasjonen for vask og tørk av klede - ta med treklang-boka og syng med på samling i kapellet - lær nokre nye moves i dansesalen - sjå Champions leage på TV-rommet - bli ein del av den lokale KFUK-KFUM-speidaren, Ten Sing-gruppa eller KRIK - bli med på onsdagsregattaen i Ulstein seglforening - leit fram garn og strikkeoppskrifter og bli med i klubben - Nyt og opplev sunnmørsalpane som ligg berre ein halvtime frå skulen! - Ta badstu eller fyr opp badestampen og chill Sunnmøre folkehøgskule i Ulsteinvik SUFH ligg i Ulsteinvik på Hareidlandet, vest for Ålesund. Ulsteinvik er regionsenter for eit område med ca. 24 000 menneske. Her er eit aktivt kultur-, idretts- og organisasjonsliv. Ulsteinvik har bystatus, og har bl.a. to større kjøpesentra, fleire utestader og kaffibarar, og nytt hotell med kultursal og kino. Her er treningssenter og idrettshall, fotballanlegg med både gras og kunstgras ute og inne i tillegg 9-hols golfbane 5 minutt frå folkehøgskulen. SUFH har eit nært og godt samarbeid med det lokale treningssenteret, som ligg på tunet. Folkehøgskulen ligg fint plassert med utsikt over fjell og hav, med turterreng og lysløype like utanfor døra. Dei kvite sandstrendene inviterer både til volleyball og bading. Norges KFUK-KFUM eig og driv skulen. KFUK-KFUM kurssenter, som er det nasjonale kurssenteret til organisasjonen, ligg på SUFH. Også krinskontoret for Noregs KFUK-KFUM i Møre og Romsdal, ligg på folkehøgskulen. Sunnmøre folkehøgskule overtok det tidlegare kurs-og konferansehotellet SAS Radisson Ulstein Hotel i desember 2006. Med nokre endringar framstår skulen som ein av dei flottaste folkehøgskulane i landet. Vi har også eindel kurs- og arrangement som kjem elevane til gode på ulike måtar. Lars Erling B. Hovlid (35 år) - ansvarleg for kurs og arrangement ved skulen. Utdanna prest. Har vore ved skulen i to år.