Balestrand kommune GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Revidert og godkjent i Balestrand kommunestyre xxxxxx (sak xx/xxx) Gjeld frå kommunestyerperioden 2015-2019. Oppdaterte satsar pr. 01.05.14 for pkt. 1. og 3. Oppdaterta satsar pr. 01.01.2013 for pkt. 4.
Innleiing Reglement for godtgjersle til folkevalde i Balestrand kommune Dette reglementet gjeld godtgjersle til medlemar av folkevalde organ som kommunestyret, formannskapet, administrasjonsutvalet, det faste utvalet for plansaker, klagenemnda, utval for oppvekst og omsorg, utval for plan og utvikling, kontrollutvalet, overformynderiet, forliksrådet og andre utval. Andre utval er faste kommunale utval nedsett av kommunestyret. Utval der godtgjersle vert ytt av andre enn kommunen er ikkje omfatta. 1 Møtegodtgjersle 1.1 Generelt Møtegodtgjersle vert utbetalt i samsvar med satsane under pkt 1.2. Møtegodtgjersle er innberetningspliktig og skattepliktig. Dersom ein medlem same dag deltek i møte i to eller fleire politiske organ i kommunen, vert det betalt møtegodtgjersle for begge/alle møta. Dette med unnatak for formannskapsmedlemane når det same dag er møte i fleire av desse organa: Formannskapet, administrasjonsutvalet, planutvalet og klagenemnda. Dersom same politiske organ held fleire møte same dag, vert det berre gjeve ei møtegodtgjersle. Møte i formannskapet/utvala som varer inntil 1 time og som vert halde straks før eller etter eit kommunestyremøte, vert ikkje godtgjort med møtegodtgjersle. Det vert ikkje gjeve møtegodtgjersle for gruppemøte, fraksjonsmøte eller andre møte i partia. 1.2 Satsar for møtegodtgjersle (kr pr møte) Kommunestyret 482 Utval for oppvekst og omsorg 482 Formannskapet 722 Utval for plan og utvikling 482 Administrasjonsutvalet 722 Kontrollutvalet 482 Klagenemnda 722 Overformynderiet 243 For andre utval vert møtegodtgjersla sett til kr 243. Ved telefonmøte vert møtegodtgjersla sett til 50 % av satsane ovanfor. 1.3 Deltaking på kurs, konferansar o.l.
Det vert ikkje betalt møtegodtgjersle ved deltaking på kurs og konferansar. Det vert betalt kompensasjon for tapt arbeidsinntekt i samsvar med pkt 3.2 og 3.3. 1.4 Representasjon i eksterne møte Det vert ikkje betalt møtegodtgjersle ved deltaking på vegner av kommunen i eksterne møte. Det vert betalt kompensasjon for tapt arbeidsinntekt i samsvar med pkt 3.2 og 3.3. 1.5 Synfaringar, inspeksjonar Synfaringar og inspeksjonar i regi av politiske organ vert likestilt med møte, dvs det vert gjeve møtegodtgjersle. 1.6 Årleg regulering Møtegodtgjerslene skal regulerast automatisk kvart år pr 01.05. i samsvar med den gjennomsnittlege lønsveksta i kommunesektoren, slik denne vert berekna av KS i samband med lønsoppgjeret. 2 Fast årleg godtgjersle 2.1 Generelt Fast årleg godtgjersle i samsvar med pkt 2.2 kjem i tillegg til møtegodtgjersle. Dette gjeld likevel ikkje for ordførar, som ikkje mottek møtegodtgjersle. 2.2 Satsar for fast årleg godtgjersle: Ordførar 80% av stortingsgodtgjersle Leiar utval for oppvekst/omsorg 1,5% av ordførargodtgjersle Varaordførar 5 % av ordførargodtgjersle Leiar utval for plan og utvikling 1,5% av ordførargodtgjersle Medlemar i formannskapet 2,5 % av ordførargodtgjersle Leiar for overformynderiet 1,5% av ordførargodtgjersle Leiar for kontrollutvalet 1 % av ordførargodtgjersle Ordførar skal vere innmeldt i pensjonsordninga for folkevalde, eller anna pensjonsordning. Det kan gjevast etterløn for ordførar i inntil 3 månader. 3 Kompensasjon for tapt arbeidsinntekt 3.1 Generelt
Dersom folkevalde si deltaking i kommunale møte eller oppdrag for folkevalde organ medfører tap av inntekt, vert det gjeve erstatning for dette i samsvar med pkt 3.2 og 3.3. Det vert skilt mellom legitimert og ulegitimert tap. Kompensasjon for tapt arbeidsinntekt er innberetningspliktig og skattepliktig. 3.2 Legitimert tap av inntekt Legitimert (dokumentert) tap av inntekt som fylgje av møte og oppdrag i kommunale politiske organ vert kompensert inntil eit nærare fastsett kronebeløp, jfr nedanfor. Det er ein føresetnad at den tapte inntekta er tilfredsstillande dokumentert. Kompensasjon for legitimert tap av inntekt vert normalt betalt til den folkevalde. Etter avtale kan kompensasjonen og betalast ut til den folkevalde sin arbeidsgjevar. Kompensasjon for legitimert tap av inntekt, inntil kr 2180/dag 3.3 Ulegitimert tap av inntekt Ulegitimert tap av inntekt som fylgje av møte og oppdrag i politiske organ vert kompensert med eit fastsett kronebeløp, jfr nedanfor. Kompensasjon vert berre gjeve til dei som har eit faktisk tap av inntekt. Kompensasjon vert berre gjeve for møte/oppdrag i tidsrommet 08.00 16.00. Kompensasjon for ulegitimert tap av inntekt kr 173/time Maksimal kompensasjon pr dag kr 1298 3.4 Årleg regulering Satsane for kompensasjon for tapt arbeidsinntekt skal regulerast automatisk kvart år pr 01.05. i samsvar med den gjennomsnittlege lønsveksta i kommunesektoren, slik denne vert berekna av KS i samband med lønsoppgjeret. 4 Reisegodtgjersle 4.1 Generelt Alle medlemar av politiske organ har rett til reisegodtgjersle etter dei reglane som til ei kvar tid gjeld i Statens reiseregulativ. Dei viktigaste satsane er teke med under pkt 2 nedanfor. Det vert elles vist til regulativet. Reisegodtgjersle vert utbetalt etter innsendt reiserekning på fastsett skjema. Reiserekning må leverast snarast mogeleg. Det vert ikkje - under noko omstende - utbetalt reisegodtgjersle for reiser lenger attende i tid enn 1 år.
4.2 Satsar for reisegodtgjersle Satsar i reiseregulativet pr. 01.01.2015: Bruk av eigen bil, inntil 10.000 km i året Tillegg for passasjerar 4,10 pr km 1,00 pr km Kostgodtgjersle u/overnatting, fråver 6-12timar 280 Kostgodtgjersle u/overnatting, over 12 timar Kostgodtgjersle m/overnatting, fråver 0-12 timar Kostgodtgjersle m/overnatting, fråver over 12 timar 6 timar over eit heilt døgn Trekk for frokost som vert dekka utan overnatting 6-12 timar Trekk for frokost som vert dekka utan overnatting over12 timar 520 0 710 710 56 104 Trekk for lunsj ved reiser 6-12 timar 84 Trekk for lunsj ved reiser over 12 timar 156 Trekk for middag ved reiser 6-12 timar 140 Trekk for middag for reiser over 12 timar 260 Trekk for frukost m/overnatting 142 Trekk for lunsj m/overnatting 213 Trekk for middag med overnatting 355 Ulegitimert nattillegg 430 Sjå elles reiseregulativet. Det vert ikkje utbetalt kostgodtgjersle eller nattillegg ved reiser innanfor kommunen. 5 Godtgjersle/refusjon for ymse utgifter Folkevalde som har omsorgsansvar for born, sjuke, eldre eller funksjonshemma, får dekka utgifter til tilsyn/pleie etter rekning i den tid den folkevalde er fråverande pga kommunale verv. Refusjon vert utbetalt etter rekning i samsvar med oversynet nedanfor: Utgifter til barnepass, kr. 155/time, inntil kr. 600 pr dag
Utgifter til stell av sjuke og eldre,, kr. 155/time, inntil kr. 600 pr dag 6 Praktisk gjennomføring av utbetaling Utbetaling av møtegodtgjersle og fast godtgjersle skjer automatisk utan at den folkevalde treng å sende inn krav. Leiar for folkevalde organ har ansvar for å fylle ut skjema for frammøte som grunnlag for tilvising. Utvalsleiarar må avklare kven som har vore til stades og når på folkevaldes arbeidsdag. Utbetaling av kompensasjon for legitimert tapt arbeidsinntekt skjer etter innsendt søknad med vedlagt dokumentasjon, vanlegvis for kvart møte/oppdrag. Utbetaling av kompensasjon for ulegitimert tapt arbeidsinntekt skjer automatisk når det er godtgjort at vedkomande vil ha eit faktisk inntektstap. Utbetaling av reisegodtgjersle i samsvar med reiseregulativet og dette reglementet skjer i.h.t. innsendt reiserekning, jfr pkt. 4.1. 7 Permisjon og godtgjersle for turnusarbeidarar Turnusarbeidande som deltek på møte og oppdrag i si fritid får godtgjersle etter same reglar som andre folkevalde. Det vert ikkje gjeve ekstra fritid eller godtgjersle som kompensasjon for at ein nyttar fritid til møte. Det skal takast omsyn til dei som har turnusarbeid når tidspunkt for møte og ulike oppdrag vert fastsett, slik at dette kan innpassast på best mogeleg måte. 8 Avgjerd i tvilstilfelle Dersom det oppstår tvil om kva godtgjersle som skal gjevast etter dette reglementet, vert saka lagt fram for formannskapet for avgjerd.