Setring ved Håbakkselet Hareid



Like dokumenter
Birger og bestefar På bytur til Stavanger

«Ny Giv» med gjetarhund

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Kom skal vi klippe sauen

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Månadsbrev for Hareid Rotaryklubb januar 2016 Referent Øystein Alme

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

G A M A L E N G K U L T U R

Brødsbrytelsen - Nattverden

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Jon Fosse. For seint. Libretto

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Jon Fosse. Trilogien. Andvake Olavs draumar Kveldsvævd. bokklubben

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7


Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Kulturhistoriske registreringar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

SKADEMELDING LEGEMIDDELSAKER

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Det var spådd frå gammal tid at Øyvære skulde gå under. Uti have låg det, og have skulde ta det. Det hadde

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Notat om historie og kulturlandskap

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Teknikk og konsentrasjon viktigast

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

I N N H O L D. Forord


PRONOMEN... 2 Personlege pronomen... 2 Subjektsform... 2 Objektsform... 4 Refleksiv form... 5 Oppsummering av personlege pronomen...

Eksamen MAT1015 Matematikk 2P. Nynorsk/Bokmål

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

KJØP AV AKSJER I FINNØY NÆRINGSPARK

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Bustadområde i sentrum. Vurdering

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

Til deg som bur i fosterheim år

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

mmm...med SMAK på timeplanen

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

BESTEMMARORD... 2 Eigedomsord... 3 Peikeord... 8 Mengdeord... 12

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Guide. Valen Asyls Gravlund. Gøymt, men ikkje gløymt. til

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Transkript:

Håbakkselet. Erling Hovlid og Einar Jacobsen Setring ved Håbakkselet Hareid Håbakkselet Steinar Hovlid (f. 1926) fortel til Leif Arne Grimstad om Håbakkselet i Vikebladet/Vestposten laurdag 22. desember 2001. Det var gardene Hovled og Håbakk som hadde sel og fjøsar på nordsida av Holstadhornet. Det var eitt sel, bygd trulig 1917-1918, som vart kalla Håbakkselet. - Men alle dei fem bruka, tre bruk i Hovleden, og to på Håbakken, var med på det. Drivarane av bruka i Hovleden var Einar Hovlid ( nr 1), Rikard Hovlid, (nr 2) og Sigvald Hovlid (nr 3). På Håbakkane. Benoni Håbakk (nr 1 og Bernt Håbakk (nr 2). -Der var eitt sel med fem køyer. Så var der fem fjøsar, ein for kvar gard. Fjøsane hadde mur på øvstesida, elles var dei oppdelte med treverk. Også fronten var i tre. Kvar fjøs hadde 4-5 båsar der det vart mjølka - for hand! Golvet var hellelagt. Like nedom var det ein mokedunge for møkka. Det var stort sett berre mjølkekyr på fjellet, men også ein og annan kalv. Samla krøtertal tilhøyrande Håbakkselet var på ein 18-20, trur Steinar. Etter å ha gått på heimebeite på tidlegsommaren, vart kyrne jaga til fjells.

Det var ein gledesdag for meg, minnest Steinar. Eg gjekk å masa på bestemor: Ka tid skal oss ha krøtela på fjellet?. Ho svara at eg måtte vente til det var noko å ete. Kyrne gjekk fritt omkring på fjellet, men der var alltid ei bjelleku som førte an. Kyrne viste når det var tid for mjølking når klokka nærma seg 6-7-8 om kvelden. Då la dei vegen til fjøsene og fann båsane sine. Då fekk dei seg ofte ein fiskemole - eller boknasild. På sjølve reisedagen var det å ta med seg bolsteren og mjølkekjeralda, bytter, spann, handkle og slikt. Det var ikke vanleg å ha ståande mat der oppe. Den enkelte hadde med seg påsmurd mat kvar gong. Ansvaret med å ha med opp eit trelitersspann med havremjøl gjekk på omgang mellom gardene. Havremjølsgraut til kvelds var fast på menyen, fortel Steinar. Laurdagane kunne det kanskje også vanke ein fiskemole. Selet hadde komfyr som vart fyrt med torv som vart spadd på myra nedanfor. Vatnet vart henta frå ei sikle tett ved. Rennjå, som Steinar kallar staden der vatnet vart henta. Kyrne den tida var det vi kalla raudkoller, eller Sunnmørskyr. Når Steinar hadde sin fjelltørn, var det å mjølke til kvelds, ligge over og mjølke igjen om morgonen. Tilsaman kunne han ha med seg eit hykje med 14 liter mjølk nedatt. Kan hende også ein del i eit trelitersspann. Det var det vanlige på tre-fire kyr, så det var ikke mykje kvar ku mjølka i forhold til i dag. Heime på garden vart det meste av mjølka seld til skalla, kystfolk, slike som budde ved sjøen og ikke hadde kyr sjølve. Det var vanlig at kvar gard hadde 3-4 slike faste mjølkekundar. Dei kom til garden og henta mjølka sjølve. Steinar hugsa att mjølka kosta 9 øre literen den tida. Ein av desse kystmennene hadde ein stor barneflokk. Ein gong stod han ved døra for å hente dagens rasjon, men han kunne ikke betale akkurat den dagen Han måtte først til byen og selje nokre varer. Han fekk sjølvsagt henstand. Det gjekk nokre dagar så kom han og betalte for seg. Då hadde han fått seld sine varer. I tillegg vart litt av mjølka nytta på garden til eige bruk- Steinar hugsar godt at bestemora hans kinna smør. Det var ikkje vanlig å yste ost. Det tyngste med fjellferdselen var å tørne ut om morgonen, mjølke i full fart og ta med seg mjølka heimatt. Der var fleire tenestegjenter, og for meg som gut var det om å gjere å ikke bli akterutseilt i forhold til jentene. Det var ei skam, seier Steinar. Kyrne som sokna til Hovleden og Håbakken, heldt seg stort sett i området vest til Koppevatnet, og ute på myrene nede i fjelldalen. Grimstingane hadde fjøsar ved Koppevatnet og lenger vest hadde folka på Bjåstad, Bigset og Rise setrene sine. Brandalingane hadde ikkje sel og fjøs oppe på fjellet. Men dei hadde kyr som vanka i Brandalsfjella og i området ved Tørlinghaugane. Steinar fortel at hareidsmjølkarane ofte kome ut i skaret på nordsida av Holstadhornet og såg brandalsmjølkarane kome opp Legene. Brandalsmjølkarane visste då ikke kvar dyra deira var, så ofte stod hareidsmjølkarane og ropa og huja og peikte kvar kyrne var. Når dei så fann kyrne, var det å mjølke der dei stod. Brandalsfolka fekk særleg god trim. Dei gjekk opp og ned på fjellet kveld og morgon. Det var også mykje sau i fjellet, men dei styrde seg sjølve heile sommeren - fram mot den store saueskyljardagen. Geiter veit ikkje Hovlid at det var i hans ungdom - i 1930-åra. På den enkelte garden vart det gjerne bytta på kven som skulle av stad å

mjølke. Dermed vart det ikkje fjelltur kvar dag, men kan hende to-tre gonger i veka på kvar enkelt. På veg opp kunne kvinnene gjerne gå og strikke. Det var ikke alt som hende på fjellet som tolde dagens lys, seier Steinar. Det hende seg at gutar kraup bort i sengene jentene. Men det som hende å selet skulle ikke kome ned på garden. Steinar kunne ikkje huske at det hende særleg dramatiske ting på fjellet. Men bestemora fortalde om ei ku som kalva der oppe. Då folk fann dei, hadde dei sin fulle hyre med å få tak i dei, både mora og kalven sprang unna. Det var ei oppleving å høyre at kalven kunne springe så snart etter at han var fødd. Kunamna i Hovleden og Håbakken var som på dei fleste gardene den tida, Grådue, Rølinn, Gullfjør og liknende. Oss måtte ha hatt god trott den tida. Når oss kom nedatt om morgonen var det å slenge hylket på bordet og kome seg ut på markane og berge høyet, seier Steinar. Steinar Hovlid veit ikke at det vart nytta alkohol i samband med mjølkinga. Men han har høyrt sagt at det var dei som gjorde det. Om hausten når kyrne skulle nedatt, var det setrahelg, og då fekk mjølkarane med seg venner og slikt. Då trur Steinar at det var litt alkohol i omløp. Det var vel det ja, seier han. Steinar meinar at Håbakkane heldt lenge ut på fjellet, og vel også Rikard Hovlid sin gard. I Håbakkselet var det definitivt slutt med setringa i 1956. Odd Einar Hovlid har i dag hytte på plassen.

Andre opplysningar: art Kartutsnitt Bilder/multimedia Brukerinfo Forfatter: margreta Liavåg Publisert: 16.03.2011 Opprettet: 14.03.2011 Gardsnavn Ikkje oppgjeve GNR Ikkje oppgjeve Bruksnavn Ikkje oppgjeve BNR Ikkje oppgjeve Kulturminnetype Usynleg kulturminne Datering 1900-1999 KulturminneID 15170036 Synleg i terreng Mindre synleg Opphaveleg funksjon Landbruk, Noverande funksjon Fritid/kultur, Tillating av eigar Eigars tillating til registrering er innhenta Andre registreringer / dokumentasjon / kjelder

Dateringskjelder Vikebladet/Vestposten Planstatus