REFERAT FORELDREMØTE 24.02 Tema: leirskule 14-18.03 Skulen har fått liste frå leirskulen med anbefalinger til kva dei skal ha med seg. På leirskulen skal dei ut på tur kvar dag uansett vèr, og det er viktig å kle seg deretter. Det er viktig å væra tørr når ein er ute på tur. KLEDE -Ullsokkar (ikkje bomullsokk under ullsokk) -Ullstilongs -Ulltrøye -Tynn ullgenser eller fleecegenser -Varm ekstragenser i ull (viktig å ha når ein er ute på tur og stopper, då blir dei fort kalde) -Turbukse/skibukse -Vind og vanntett jakke -Gamasjer (fordel å ha når dei er ute å leiker i snøen) -Votter i ull og vindvotter ( greitt å ha fleire par å skifte på ) -Buff i ull -Lue i ull -Regnklede ( dersom ein ikkje har skiklær som er vanntette ) Ull er best, det varmer sjølv om det blir vått. TUR UTSTYR -Ski, staver og skisko (viktig med passelige skisko) -Tursekk (brukes avreisedagen til å ha matpakke i ) -Solbriller og solkrem -Sitteunderlag
-Termos og vannflaske -Lommelykt/hovudlykt -Plastposer -Gnagsårplaster Det er mulig å låne utstyr på leirskulen dersom nokon ikkje har, men då må leirskulen ha beskjed i forkant. For dei som har smøreski, så har leirskulen smøreutstyr. INNEUTSTYR -Sovepose (dersom du skal overnatte ute i lavvu må du ha ein som tåler minusgrader) -Laken og putetrekk -handkle, toalettsaker, undertøy -Lette inneklede -Innesko -Matboks -Skrivesaker Alt av klede og utstyr må merkast med navn. Mange har likt utstyr og klær som ligner på kvarandres. Elevane må væra med å pakka saman med foreldrene slik at dei veit kva dei har med seg. Det er lurt å pakke i stor bag framfor trillekoffert som ikkje triller så godt i snøen. Skiene må festast godt saman og merkast. AVREISE Avreise mandag 14.03 ca kl 08.00. Bussen venter ikkje på elevane dersom nokon kjem for seint. Dei treng ikkje reise i skiklær, men dei kan med fordel ligge øverst i bagen så dei slepp å pakka ut alt for å finna dei når dei kjem fram. Dei må ha med seg matpakke på avreisedagen. Den kan dei ha i tursekken inne i bussen.
VEKEPROGRAM Mandag: -Informasjonsmøte -Skileik og liten tur -Stell av ski og utstyr Tirsdag: -Skileik -Lage bål på snøen -Orientering på truger Onsdag: -Skredlære og tryggleik -Skitur og vegval -Bygga leskjerm og bål Torsdag: -Ulike skiturar der mottoet er «vel tur etter evne». Det blir 3 forskjellige turer, lett, middels og litt vanskeleg. Dei vaksne må gjerne inn å styre dersom nokon vel tur som dei ikkje er kvalifiserte for å klare, eller dersom nokon bør velge litt vanskelegare tur. -Førestehjelp og økologi -Diskotek Fredag: -Pakking, rydding og vasking -Avslutning og evaluering -Avreise Det blir 2 andre skuler, Grannes og Foldrøy skule som er på Gullingen samtidig. Lye skule får ein fløy aleine og ein ilag med 10 andre elevar. DAGSPROGRAM 8.00 Frukost
08.30 Vèrteneste og fellesoppgaver 09.00 Morgensamling 10.00 Smøring av ski og gjere klar utstyr 11.00 Uteskule 16.30 Middag 20.00 Kveldsmat 22.00 RO Nokon av elevane må stå opp tidligere enkelte dager. Dei vil få forskjellige oppgaver som f.eks kjøkkenteneste og vasking Det er kun dei som ligg på romma som får lov å vere der, det skal vere en plass der ein kan trekke seg tilbake. Dei elevane som ønsker, kan få lov å sove ei natt i lavvu. Fleire trekker seg, eller vil gå inn å sove og det er heilt greitt. Dei må gå 2 og 2 hvis dei skal på do om natta, eller dersom dei blir kalde og vil inn. IKKJE TA MED -Mobiltelefon (Lye skule har bestemt at elevane ikkje skal ta med) -Kamera (pga nettvett) Dersom elevane vil ringe heim å snakke med foreldra (eller omvendt) så får dei lov til det. Men ofte blir heimlengselen større dersom dei snakker med nokon heime. Før avreise vil foreldra få ein lapp med telefonnr til Jo, Barbro, Brit og Gullingen leirskule. Dersom nokon elevar skulle bli sjuke får dei tilsyn. Dersom dei blir akutt sjuke eller skada blir dei tatt med til Sand legevakt. LEIRSKULEDAGBOK
Det vil bli laga ei leirskuledagbok som koster 359,- kr inkl. porto. Det blir sendt ut brev i etterkant med brukernavn og passord. Dei som vil den ha må aktivt inn å bestille. Du får den då heim til fritt gjennomsyn i 14 dager med gratis returrett. Gullingen leirskule vil òg legge ut bilder og informasjon på www.gullingen.no Elevane er tilbake ca kl 15.00 på fredagen, alt etter korleis det klaffar med fergene. Det vil bli lagt ut på heimesida til skulen når dei nærmer seg.