Borgund. 100 år. folkehøgskole. Livsverkstad mellom hav og fjell



Like dokumenter
Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

MEDLEMSINFO. august 2009

26 sept 07 oktober Lima Machu Picchu Cusco Amazonas

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Sommartur til Sverige,

6. trinn. Veke 24 Navn:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

15-30 personar i enkle og doble rom Vi har pr. dato ikkje reservert rom for gruppa dykkar.

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Velkommen til songarstemne i Florø!

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Brødsbrytelsen - Nattverden

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Rektorforum 15. april

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Informasjon til elevane

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Kulturmix. 24. mars - 7. april 2010

No sprett knuppane og sevja stig

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Velkommen til mestringskurs på Innvik Fjordhotell november 2013!

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

DU SKULLE BERRE VISST KVA BARNA DINE OPPLEVER PÅ SKULEN

«Ny Giv» med gjetarhund

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Med god informasjon i bagasjen

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Månadsbrev for Rosa september 2014

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

/

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Stemnehandboka for NKSF

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Odd Arve Rakstad Arkiv: 026 Arkivsaksnr.: 12/ Kommunesamanslåing Leikanger og Sogndal. Spørsmål om utgreiing

Brukarrettleiing. epolitiker

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Jon Fosse. For seint. Libretto

Driftsassistansen i Sogn og Fjordane (snart) 10 år - erfaringar

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

UTGIVELSESDAGAR AVIS. Motta korrektur på mail, godkjenn for trykk eller korriger evt. feil.

Stadbasert entreprenørskap og læring

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626


Året Kva vi jobbar spesielt med i år

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Transkript:

Borgund 100 år folkehøgskole Livsverkstad mellom hav og fjell

Program for jubileumsåret 2014 I 1914 vart Borgund folkehøgskole etablert i Nørvasundet som Møre Ungdomsskule. I 2014 feirar vi 100 år med rivende utvikling. Skulen er flytta til Hatleholen, i dag er skuleanlegget renovert og utbygd til ein stor folkehøgskole med spesielt gode idretts- og konferansehallar. I 1949 gjekk skuleturen til Trondheim, i 2014 reiser alle til Israel og reisemålsgrupper dreg ut i heile verda, sjølv New Zealand er ikkje for langt borte. I 1914 ville dei lage ein kristen skule som gav unge ei retning for livet. Borg anno 2014 er i same spor skuleåret ved reiseskulen i Ålesund skal vere ei reise for livet. Vi ønskjer foreldre til elevar, tidlegare elevar, sunnmøringar og verdsborgarar, nye og gamle Borgvener velkomen til å bli kjent med 100 åringen gjennom denne jubileumshausten. Set av tid til nokre jubileumshendingar og velkomen til Jubileumsåret 2014!

Elevstemnet Laurdag 14. juni søndag 15. juni. Invitasjonar utsendt og påmelding til skulen. Elevstemnet er årvisst. Jubileumsmarkeringa vår startar denne helga. Det er høve til å kombinere elevstemnet med deltaking i jubileumskoret. Jubileumskor Fredag 13 juni kl 19.00-22.00. Laurdag 14 juni kl 10.00-13.00 Fredag 26. september kl 19.00-22.00 Deltaking ved jubileumsfest laurdag 27. september kl 17.00 og jubileumskonsert søndag 28. september kl 17.00. Påmelding til skulen. Bli med på jubileumskoret som skal delta i jubileumshelga! Vi ønskjer oss eit kor på omkring 40 songarar som skal delta ved jubileumsfesten og jubileumskonserten i september. Dirigent er Ragnhild Eide Akslen. Ho dirigerer Ålesund kammerkor, har songutdanning frå Bergen og København og er lærar for den nye Vokal New Orleans New York som startar opp til hausten. Det blir nyskrive musikk til jubileumskoret. Koret er for alle tidlegare Borgelevar! Midtsommerkonsert med Sunnivakoret Søndag 22. juni kl 16.00. Per Oddvar Hildre (PROTS) er tidlegare Borgelev og no også lærar ved Borgund folkehøgskole. Han held kortkurs for oss i samarbeid med Sunnivakoret. Resultatet får vi del i gjennom konsert ved Borg denne søndagen. Sunnivakoret kjem direkte frå festspela i Bergen og i konserten medvirkar Birgitte Grytten Velsvik, solist, Per A. Skorgen piano, Svein Hunnes, bass, Miki Campins, perkusjon. Meir informasjon og plakat på skulen sine heimesider.

Denne augustveka kan du få oppleve nokre av dei finaste turane på Sunnmøre med lokalkjende medvandrarar. Mange foreldre til tidlegare elevar har ønska å bli med på noko av alt elevane får oppleve gjennom eit skuleår på Borg. Dette er sjansen! Du kan velje å bli med på alle turane eller bli med på enkeltturar. Vi har sett saman eit program som vi trur skal bli like interessant for sunnmøringar som for tilreisande.

Åkernesremna Torsdag 7. august kl 7.55 19.10. Påmelding til skulen. Kr 550,- inkl transport. Åkernesremna er sprekka som utvidar seg i ein berghammar over Storfjorden. Eit filmselskap er i skrivande stund i gang med den filmen om katastrofa som kan hende når fjellhammaren losnar og utløyser tsunami i fjordarmane innover mot Geiranger og utover til Borg. Vi får bli med til remna saman med Helge Åkernes, Lars Johan Klokk, kjentmann Magne Åkernes og geolog Ingrid Skrede. Fredag 8. august er open til å utforske Ålesund og øyane på eiga hand. Skageflå Laurdag 9. august kl 07.30 22.30. Påmelding til skulen. Kr 865 inkl transport og buffét. Denne turen går med buss frå Borg, med båt frå Geiranger til Skagehola før vi tek til vandring opp mot Skageflå, over Homlongsætra og attende til Geiranger der ein kan velje vandring i gata, besøk på Fjordsenteret, bading på Hotel Union før vi avsluttar med middagsbuffé på Hotell Union og retur til Borg. Skageflå vart kjend då kongeparet inviterte konglege frå heile Europa til lunsj på tunet her då dei feira sølvbryllaupet i 1993. Utsikta her er eit ikonisk bilete frå Geirangerfjorden. Turen blir leia av Helge Åkernes og Lars Johan Klokk. Jønshornet 1419 moh. Søndag 10. august kl 09.00 kl 19.00. Påmelding til skulen. Kr 350,- Jønshornet eller Ramoen som fjellet ofte kallast frå gamalt av, er ei perle i Sunnmørsalpane. Fjellet er godt synleg frå Borg som den skarpaste tinden vi ser rett over fjorden, og har vore eit kjært turmål for Borgelevar i mange år. Med si utrulege utsikt til alle kantar over både fjell og hav, får du her ei spektakulær, men likevel heilt overkommeleg oppstigning. Vi sender ut turskildringar med pakkeliste til dei som melder seg på eller ber om det. Påmelding kan skje på eige skjema på heimesidene våre eller pr telefon. Dei som vel å bli med på alle tre turane blir rekna som kortkursdeltakarar ved Borgund folkehøgskole og får 15% rabatt på enkeltprisane. Vi har noko kapasitet til overnatting på skulen. Alle turane er sett opp med avreise og tilbakekomst til Borg

Helga 27.-28. september inviterer vi til hovudmarkering av Borgund folkehøgskole 100 år! Jubileumsfesten Laurdag 27. september kl 17.00. Påmelding til skulen. Festtale ved Bjarne Kvam, jubileumskor og musikkinnslag. 100-årsglimt og god mat. Jubileumskonsert Søndag 28. september kl 17.00. Åpent arrangement fleire detaljar kjem på heimesida. Ei musikalsk feiring av folkehøgskulen vår i tonar og ord. Odd Johan Overøye, Ragnhild Eide Akslen, Jubileumskor og mange fleire tek del i denne konserten.

Jubileumsseminar Fredag 14. november kl 10.00-15.00. Påmelding til skulen. Kr 200 inkl lunsj. Tema Demokratibygging og verdibygging Vi har fått med oss professor Frank Aarebrot og reder Per Sævik til å gi oss ein eineståande seminardag på Borg. Dette er dagen vi vil fylle festsalen med interesserte som vil reflektere saman med oss om kva slags verdibygging vi har stått for på Sunnmøre, i folkelege rørsler og i folkehøgskular, enten det gjeld demokratiutvikling eller næringslivsutvikling. Kva er det viktige i arven vår som vi skal utvikle vidare for framtida? Norske bedrifter som engasjerer seg i utlandet får merke fruktene av eit godt omdøme; kva består dette omdømet av? Jubileumsbok Jubileumsboka vår Borgund folkehøgskole 100 år livsverkstad mellom hav og fjell, er ei flott bildebok med historiefortelling og historier, bildefortellingar og statistikk. Den er obligatorisk i bokhylla til alle Borgvener. Du får den tilsendt ved å kontakte skulen pr tlf eller bestillingsskjema på heimesida. Kr 300 + porto. Jubileumsfond Vi inviterer Borgvener til å stille kapital til rådvelde for skulen ei periode. Skulen er godt utbygd no og har stort lån. Om vi låner kapital av skulevener til ei avtalt lav rente, vil det ta bort noko av risikoen vi ber på om det skulle kome ein renteoppgang. Innskote beløp blir sikra med pant. Vi inviterer Borgvener til å vurdere og be over om dette er noko de kan bli med på for ei periode. Ta kontakt med skulen. Jubileumsgåve Til slutt Jubileumsåret er høvet til å gi ei jubileumsgåve til skulen. Vi står i eit stort og viktig kristent ungdomsarbeid, like viktig i 2014 som det var i 1914. Ver med å bere dette arbeidet vidare støtt skulen din. Gåvekonto 8220 02 20788, merk innbetalinga Jubileumsgåve.

Eg ser på året som ein ekstra sterk årring i ei trestamme. Den står der og verner kjernen i livstreet mitt. 4 τ Herre, lat meg kjenna dine vegar. Lær meg dine stigar! - Salme 25 Kontakt: Heimeside: www.borgfhs.no Email: admin@borgund.fhs.no Sentralbord: 70177600