Oplægsholder: Kjartan Fløgstad 27. august 2010



Like dokumenter
Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Brødsbrytelsen - Nattverden

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

nye bøker i 2004

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Sosialdemokratiet i dag?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Brukarrettleiing E-post lesar

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

6. trinn. Veke 24 Navn:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Matematisk samtale og undersøkingslandskap

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Vil forbetre diagnostiseringa av tuberkulose

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min


Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Eksamen REA3009 Geofag 2. Nynorsk/Bokmål


KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Kva kompetanse treng bonden i 2014?


Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

mmm...med SMAK på timeplanen

HORDALANDD. Utarbeidd av

11. Bøker og bokomsetning

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Nynorsk i nordisk perspektiv

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Norsk Bremuseum sine klimanøtter

sekstiåring. Vi er sjølvsagt positive til prioriteringa av ungdom, og har allereie utfordra statsråden til å invitere oss med på utforminga av tiltak.

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Heilårsbruk av hus på gard og i grend

Psykolog Elin Hordvik Senter for Krisepsykologi, Bergen

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Refleksjon og skriving

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Månadsplan for Hare November

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Konklusjon for 4 grupper

FRÅSEGN MALME OG RØSHOL KRAFTVERK I FRÆNA KOMMUNE

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Plassebakken Barnehage

DB

Kristine Meek MID131 Teori, arbkrav 2B Innhald

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Kosmos 8 Skulen ein stad å lære, s Elevdemokratiet, s Kosmos 8 Vennskap, s Artiklar på internett

Kva er økologisk matproduksjon?

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Forsøk på å flytte ein koloss EU/Norge landbruk 1993/94. Presentasjon NILF 1. mars 2007 Alf Vederhus

Bli verande eller reise vidare? avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta

Fisken som gjorde Noreg kjent i verda

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

FINANSRAPPORT 2. TERTIAL 2012

AKTUELL NYNORSK LITTERATUR FOR SKULEN B A R N E L I T T E R A T U R E N O V E R L E V E M Å H A N V E R E B E S T

Matpakkematematikk. Data frå Miljølære til undervisning. Samarbeid mellom Pollen skule og Miljølære. Statistikk i 7.klasse

Månadsbrev for ROSA mars 2015

FANTASTISK FORTELJING

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Jon Fosse. For seint. Libretto

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Transkript:

KULTURFORUM 2010 NORDENS HUS REYKJAVIK Oplægsholder: Kjartan Fløgstad 27. august 2010 Følgende tekst er et sammendrag af det oplæg Kjartan Fløgstad holdt ved Kulturforum 2010 i Nordens Hus i Reykjavik. NORDISKE FORESTILLINGAR I våre dagars litterære klima kan det sjå ut til at den nyskapande fortellekunsten skriv seg frå postkoloniale tilstandar, både i geografisk og i sosial forstand. Sett frå Vesten virkar det som om den mest vitale prosadiktinga kjem frå den globale utkanten, både på kartet og i samfunnet. Då tenker ein kanskje først på Latin-Amerika, og boomen i prosadiktinga for ein generasjon sidan, med hovudnamn som García Márquez, Cortázar, og på Jorge Luís Borges, som var opptatt av det som blir kalla "The Centrality of Margins". Etter kvart har også andre verdsdelar med kolonifortid gjort seg vel så sterkt gjeldande. Ikkje minst gjeld dette Afrika og India. På fransk og særleg på engelsk har prosakunsten blitt redda av forfattarar med bakgrunn i dei gamle koloniane. Rushdie og Malouf er berømte eksempel. Den siste tyskspråklege nobelprisvinnaren i litteratur er frå Romania. Gjer vi perspektivet smalare, kan det også i Skandinavia sjå ut som om romankunsten i særleg grad blomstrar i land med kolonifortid: Det går an å hevda at prosadiktinga i Finland, Island og Færøyane står relativt sterkare enn i dei gamle regionale stormaktene Danmark og Sverige. Stikkord her kan vera Laxness, Heinesen, Linna. Min naturlege beskjedenhet hindrar meg i å nemna Norge i denne samanhengen, men det er vanskeleg heilt å underslå at den norske fortellekunsten har stått svært sterkt dei siste tiåra. I alle fall ser det ut til at det postkoloniale skaper ei kulturell spenning som er litterært kreativ. Når det gjeld Island, har ein viktig prosaforfattar blitt folketribun i kritikken av nyliberalismen, noko som tyder på at litteraturen ikkje har blitt subkultur i alle land, slik vi ser sterke tilløp til i Skandinavia. II Sist under EU-avstemminga i 1994 valde Norge ein annan veg i forhold til den europeiske unionen enn Danmark, Sverige og Finland. Som den faglege landsorganisasjonen var også dei norske oljearbeidarane imot norsk medlemsskap. Norsk presse - (eller Mediepartiet) - gjekk omtrent samstemt inn for medlemskap, og samanlikna standpunktet til oljearbeidarane med ein organisasjon som kalla seg "Blondiner mot EU". Både økonomisk og politisk er det likevel meir oljen enn hårfargen som skiljer Norge frå resten av Norden. I motsetning til den europeiske unionen er Norge ein stor olje- og gasseksportør. Høg oljepris er bra for norsk økonomi, dårleg for alle andre. I dette spørsmålet har Norge og resten av Norden motsette interesser. Demokratisk kontroll med oljeintektene har også galvanisert den norske økonomien mot dei verste utslaga av finanskrisa. Her har folkevald, nasjonal råderett over ressursane vore avgjerande viktig. Det same gjeld fiskeria og kontroll med andre naturressursar, ikkje minst vasskrafta. Den formelle frikoplinga frå EU-systemet legg visse band på kapitalismens Dok. nr.

Side 2 herjingar. EU-systemet blir sett på som ei konstitusjonell ramme rundt finanskapitalens dominans over realkapitalen, altså den økonomiske politikken som har styrta dei utvikla økonomiane ut i djup krise. Dette er det nå ein brei konsenus bak i den norske opinionen. Ved siste meiningsmåling var 62 prosent av veljarane mot EU, berre 26 prosent for. Over tid virkar denne konstellasjonen svært stabil, og har styrka seg dei siste månadene. Motstandarane er i fleirtal i alle parti, bortsett frå ein liten Jamajoritet i det konservative Høgre. I Mediepartiet er ein ein noko meir lågmælt, men endå meir samstemt for. Framleis er det eit særtrekk ved norsk politikk at den sofistikerte kapitalistiske medieindustrien ikkje har vore i stand til å endra den offentlege meiningsdanninga på dette feltet. Dette kan både skuldast det spesielt begredelege og manglande truverdet til norske massemedier, og den spesielle styrken til framleis intakte norske motkulturar. Sannsynlegvis dreiar det seg om ein kombinasjon av begge. Politisk er som kjent det motsette av apolitisk. Slik vis er det motsette av avis. Walter Benjamin meinte at fortellekunsten lakka mot slutten, fordi den episke sida av sanninga, visdommen, døyr ut. Medan avisdommen blir igjen, kan vi trygt legga til. I massemedial tidsalder er offentlege meiningar ikkje lenger argumenterbare. I dag er tennene den kroppsdelen det stadig er pornografisk å visa fram offentleg. Ros er latterleggjering, kritikk skamros. Å bli latt i journalistikken. III Nyliberalismen er ingen naturkatastrofe, men den rammar like nådelaust, om ikkje like blindt. Forklaringane på den siste krisa i kapitalismen har vore mange, ei av dei er tydlegast og først formulert av historikaren Eric Hobsbawm. Kortversjonen er slik: Sovjetregima i Aust-Europa var i hovudsak ein sørgeleg fiasko - på heimebane. Som politisk utfordring, militært trugsmål, og i raskt minkande grad som forlokkande ideal var 'realsosialismen' likevel avgjerande forutsetning for det gunstige klassekompromisset den vestlege, og spesielt den skandinaviske arbeidarklassen klarte å kjempa fram. I nesten to tiår etter Murens fall var dette poenget frå The Age of Extremes borte frå dei vestlege hovudmediene. Sovjetunionen hadde implodert og tatt med seg alt som smakte av sosialisme på historias skraphaug. Framgangen i dei kinesiske og vietnamesiske folkerepublikkane hang saman med at der hadde dei innført 'kapitalisme', og ikkje med at kommandohøgdene i økonomien framleis var statskontrollerte: energi, metallurgi, våpen, telekommunikasjon. Både storleiken og rolla til statleg sektor i økonomien er strukturelt sett større enn i kapitalistiske økonomiar. I Vesten har den økonomiske veksten stoppa opp. Dei sosiale forskjellane blir større, dei fattige fattigare og dei rike meir og meir skamlaust rikare. Frå den rike verda blir industriproduksjonen flytta til kinesiske, indonesiske og brasilianske sweatshops. Dette gir grunnlag for den utbreidde myten om at industrisamfunnet og dermed arbeidarklassen er borte. Tal frå ILO viser tvert om at det aldri har vore fleire industriarbeidarar i verda enn i dag. Historikaren Perry Andersom seier det endå sterkare: "Arbeidskrafta som står til rådvelde for kapitalen har auka i eit tempo som aldri før er sett... Denne fordoblinga av arbeidarklassen i verda til 3 milliardar i løpet av eit tidsrom på få år, under vilkår så harde som på det tidlege nittenhundretalet, er den største strukturendringa i perioden." 1 (frå 1990 til i dag).

Side 3 Alt dette har Eric Hobsbawm sett i samband med Sovjetunionens kollaps og bortfallet av sosialismen som politisk kraft og utopisk horisont. Å seia at denne tanken har vore forkjetra, er knapt å ta for hardt i. Derfor er det ei glede å kunna melda at etter finanskrisa i 2008 har Hobsbawms tese blitt ein del av vestleg mainstream. I New York Review of Books for 29. april til 12. mai i år gir Benjamin M. Friedman svært positiv omtale av den nyleg utkomne I.O.U.: Why Everyone Owes Everyone and No One Can Pay, utgitt av Simon and Schuster i New York i 2010. 2 I denne boka skriv den britiske forfattaren John Lanchester at "den avgjerande forutsetninga" for krisa i i kapitalismen var samanbrotet til den internasjonale kommunismen, og særleg Sovjetunionens undergang: "Måten finanssektoren fekk lov til å styra unna all kontroll... fann ikkje stad i eit vakuum, men i eit klima. det klimaet var den uomstridde sigeren til det kapitalistiske systemet, eit klårt ideologisk hegemoni av eit slag som ikkje hadde eksistert tidlegare." Heilt i tråd med Hobsbawm hevdar Lanchester at Vestens siger over kommunismen fjerna dei siste hindringane som hadde halde kapitalismen i sjakk. Etter Murens Fall måtte ikkje lenger dei mørke baksidene ved utøyla kapitalisme gøymast bort. Dei aukande sosiale forskjellane og dei stadig meir synlege utskeiingane til dei heldige rike få var ikkje lenger noko problem: "Den gode sida hadde vunne, skjønnhetskonkurransen var over, og tiåra med vestleg framgang for likskap og individuelle rettar tok slutt... Muren fall, og i større og mindre grad tok vestlege regjeringar til å forlata sosial rettferd som ein viktig del av det allmenne etterkrigsprosjektet." Utan hindringar kunne finanskapitalen løysa seg frå sosiale og realøkonomiske hindringar, gi seg i kast med spekulasjon, og føra folk i store delar av verda ut i sosial ulykke. Slik ein i særleg smerteleg grad har kunna oppleva her i Island. IV Så vil eg avslutta mitt innlegg med ein tur til ein oljeplattform i Nordsjøen. Ut frå fastlandet på den skandinaviske Regnkysten tar det berre ein halvtime i helikopter. Men oljeplattformane i Nordsjøen er utilgjengelege, lukka land. Dei ligg ikkje berre i utkanten, dei ligg utanfor utkanten: Off Shore. Eg var invitert ut til fagforeningane på Osebergfeltet, men ikkje til agitasjon og politisk forkynning. Om kvelden las eg eigne tekstar og gjendiktingar av Pablo Neruda og Tony Harrison i kinosalen ombord. Oljearbeidararane går to veker på jobb, og fire veker av. Dei to vekene ombord på plattformen går dei todelte skift, tolv på, tolv av. Eg las for høgteknologane på friskiftet, ikkje minst for den kvinnelege delen av mannskapet, som hadde pynta seg for anledninga, og lytta interressert. Utanfor auka vinden til full storm. Og så til orkan, som knapt var merkbar, berre som ei skjelving i dørken, og knikring i stag og skott. Etter opplesinga spelte vi bordtennis i den hangaraktige gymsalen. Fagforeningsledaren slo meg, eg trur eg var dårleg tapar, skylte på orkanen utanfor, som jo måtte gi ping-pongballen ei spesiell avdrift det må vera umulig for ein landkrabbe å berekna. Spin, er det ikkje det det heiter? Midt på 1980-talet gav hans Magnus Enzensberger ut ei bok med reportasjar frå mange europeiske land. Enzensberger kom også til Norge. Skildringa hans av landet som ei blanding av fortidsmuseum og framtidslaboratorium er endå meir treffande i dag enn det var den gong.

Side 4 Den mønstergyldige nordmannen av i dag er spissteknokrat i oljeindustrien og sauebonde, på same tid. Han som eine dagen er primitiv småbrukar i utmarka, står neste dag i glatt kontordress på Sola Flyplass ved Stavanger og ventar på ein corporate jet som skal ta han til hovudkvarteret i Houston Texas eller til nye oljefelt i Libya eller Iran. Han som sveisar på dekket av oljeplattformen Oseberg A eller B har slike arbeidsordningar at han lever andre halvparten av livet sitt som primitiv småbrukar. Han eller ho som borar gjennom den geologiske laga under havbotnen, står neste dag oppe i lia og slår gras til sauene, med ljå, på gamlemåten. Med avansert teknologi produserer han sjølv den nye tid som får dei gode gamle dagar oppe på småbruket til å halda fram. Med oljeformuen kjøper han for pengar det som ikkje kan kjøpast for pengar. Dette radikalt usamtidige, som finst i alle nordiske land, er i Norge lekamleggjort i ein og same figur, som både er museumsvakt på småbruket, og framtidslaborant i Oljå. I daglegtalen blir fantasi og realisme ofte sett på som motsetningar. Men i litteraturen er fantasi og realisme det same. Det krevst vill fantasi for å vera streng realist, og streng realisme for å skriva fantastisk. Men er dette sanning, eller løgn? Det er flyktig. Det er flyktigare enn røyk. Det er flyktigare enn skuggen av røyk. Det er flyktigare enn skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn lys gjennom disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Det er flyktigare enn desse orda om lys gjennom disen i skumringa over skuggen av røyk på rennande vatn. Slik er det. Og slik går sanninga opp for oss. Den kjem over horisonten og stig som ein kvit og usynleg fullmåne bak det tette skylaget over den norske Regnkysten. Vi ser den ikkje. Men vi veit at den er der, og at posisjonen kan reknast ut poetisk og bestemmast nøyaktig litterært. For å skildra det nordiske samfunnet, er det nødvendig å skriva slik at lesaren lurer på kva som skjer på neste side, og på neste side igjen, og på kva som skjer på siste side. Og på siste side lurer han eller ho på kva som eigentleg har skjedd. Men nei, ikkje i boka, ikkje romanen, ikkje i diktinga og i kunsten. Men med arbeidarklassen, men med miljøet, men med klimaet, men med bankane, men med Norden, men med folkestyret. Men med dykk, kjære tilhøyrarar. Men med meg. Men med oss. 1 Perry Anderson: Jottings on the Conjuncture, new left review 48, nov/des 2007, s. 29 2 Benjamin M. Friedman: Two Roads to Our FinanciaL Catastrophe, NYRB, April 29- May 12, 201

Side 5