SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette Velkomen til bestilling og betaling av skulemjølk på Internett! På www.skolemelk.no kan du enkelt melde barnet ditt / barna dine på abonnementsordninga for skulemjølk. Du blir rettleia gjennom påmeldings- og betalingsløysinga ved å utføre funksjonen for kvart skjermbilete. På "Min side" kan du administrere og sjå statusen for abonnementa dine. Ved å delta i TINE si abonnementsordning for skulemjølk får barnet utdelt drikke eller andre produkt som skulen har bestemt skal vere i sortimentet. Eit skikkeleg skulemåltid er viktig for at konsentrasjonsevna og læringsmiljøet i klassen skal vere på topp, sidan påfyll midt på dagen bidreg til å halde blodsukkeret stabilt. Mjølk er naturleg rik på vitamin, mineral og protein som kroppen treng kvar dag. Skjelettet fornyar seg cirka kvart 7. år heile livet. Kroppen blir heile tida tappa for kalsium, og dette tapet må erstattast kontinuerleg med kalsium frå kosten. Mjølk er den viktigaste kalsiumkjelda i det norske kosthaldet, og 3 glas om dagen er nok til å dekkje behovet. Det kan vere vanskeleg for barn og ungdom å få i seg nok kalsium dersom dei ikkje drikk mjølk til lunsj. 1. Slik startar du
Dersom du er ny brukar, må du først registrere deg før du kan bestille produkt til barnet ditt / barna dine. Du må godta brukarvilkåra og deretter logge på. Det er viktig at du registrerer rett e-postadresse, sidan kvittering blir sendt på e-post. 2. Min side Når du loggar på, kjem du direkte til "Min side". Frå "Min side" har du tilgang til alle funksjonar for å administrere abonnementsordninga for skulemjølk.
3. Slik registrerer du ein elev Du kan velje "Registrer elev" på hovudmenyen eller på "Min side" når du loggar på første gang. Registrer namn og kjønn for eleven. Opplysningar om kjønn blir berre brukte til statistiske føremål. Når du har fylt inn opplysningane, klikkar du på "Registrer". Du kjem då automatisk tilbake til "Min side", og du kan no bestille mjølk til den registrerte eleven.
Dersom du skal registrere fleire elevar, kan du gjere dette ved å velje "Registrer ny elev".
4. Slik endrar du elevinformasjon Dersom du ønskjer å endre elevinformasjonen du har registrert, vel du "Endre elevinformasjon" på hovudmenyen. Klikk på "Lagre" for å stadfeste endringane.
5. Slik bestiller du mjølk Klikk på "Bestill skolemelk" på "Min side". Vel elev, fylke, kommune og skule. Når du har valt semester og klasse for eleven, kan du oppgi kor mange produkt eleven skal få per dag. Klikk på "Legg i handlekurven".
Handlekorga er no oppdatert. Vel neste elev frå nedtrekkslista øvst, eller klikk på "Til betaling" i handlekorga for å gjennomføre betalinga. Her ser du når barnet får levert mjølka på skulen. Dette står òg på kvitteringa du får på e-post.
6. Betaling Vel den betalingsmåten du måtte ønskje ved å merkje av for Kredittkort, Papirfaktura eller Faktura per e-post. Avhengig av kva betalingsmåte du vel, blir du bedt om å fylle ut relevant informasjon.
Ønskjer du å betale med kredittkort, blir du overført til payex.com, som er ei trygg betalingsside. Her vel du kva type kredittkort du ønskjer å betale med.
Ønskjer du å betale med papirfaktura, fyller du ut postadresse og postnummer/stad og trykkjer på "Fullfør". Fakturaen blir då sendt ut i løpet av 2 3 arbeidsdagar (gjeld òg e-postfaktura).
7. Kvittering Når du har valt betalingsmåte og trykt på "Fullfør", får du opp ei kvittering på skjermen med ordredetaljane. Du får òg ei kvittering på e-post.
8. Slik endrar du informasjon om føresette Dersom du ønskjer å endre informasjonen du har registrert om eleven sine føresette, vel du "Endre foresatteinformasjon" på hovudmenyen. Klikk på "Lagre" for å stadfeste endringane.
9. Slik endrar du passord/e-postadressse Dersom du ønskjer å endre passord, vel du "Endre passord" på hovudmenyen. Du må først skrive inn det eksisterande passordet og deretter det nye passordet to gonger. Klikk på "Lagre" for å stadfeste endringa. Dersom du ønskjer å endre e-postadresse, skriv du inn den nye e-postadressa i rubrikken "Epost" (brukarnamn). NB! Du må endre passord dersom du endrar e-postadresse.
Telefon: 815 20 020 (måndag til fredag kl. 08.00 16.00) Framsida Produkt Om ordninga Vanlege spørsmål Aktuelt Kontakt oss Personvernerklæring Brukarvilkår