Rapport frå La Zenia, 06.04.13 13.04.13



Like dokumenter
Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit / turid.tveit@stord.kommune.no

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

«Ny Giv» med gjetarhund

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Før jul var vi på Kvernaland. Den 18. og 19. desember kom det masse snø på Kvernaland, der det nesten aldri er snø før ut i februar.

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Tomannsbustad på Hotelltoppen. i Førde med 4 soverom, 2 stover og 2 bad m.m.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Beit Shalom Zion. Herzliya, Israel. Bu rimeleg og komfortabelt i nærleiken av stranda i Herzliya. Du kan også læra hebraisk

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Brukarrettleiing E-post lesar

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

TUR TIL PARGA I HELLAS FRA 12. TIL 26. JUNI 2007

I N N H O L D. Forord

Frøylandsbakken. Velkomen til Frøyland og Kvernaland! Siste byggetrinn 18 bustader på Kvernaland

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Bergen CK C laget sykler Vänern rundt Av Eiliv Vinje

NM veteran innandørs Leikvang Friidrettshall Åsane bydel Bergen mars 2012

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

mmm...med SMAK på timeplanen

Info om Norway Cup 2015

Tur til det vakre. DUBROVNIK-området. Ver med oss til ei av dei vakraste perlene i Europa landsbyen. Cavtat i Kroatia

California State University Northridge Av Silje Vågen

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Casale Val Ambra. Italian hand-picked villas that you will dream about all year. Bolig til salg i Arezzo. Enebolig Boligtype. 3 Soverom.

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Brukarrettleiing. epolitiker

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Reguleringsplan for Gaupne sentrum - Ambulansegarasje

Turmål Vestre Slidre kommune. 1 Bergstjednet (856 moh)

Røldal. Informasjon. Leilegheit 101 & 103. Ve og Vel V/Turid Tveit /

Info om Norway Cup 2015

Teknikk og konsentrasjon viktigast

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Analyser setningane under. Det betyr at du skal finne subjekt og verbal. Sjå eksempelet:

6. trinn. Veke 24 Navn:

Egil Christophersen til minne.


5 stk flotte bustadtomter til sals

Venner på tur i Roma. Sommeren 2015

Setring ved Håbakkselet Hareid

Sansehage Kleppheimen

Spørjeundersøking om sentrumsområde

Mos.25:23-30, 3.Mos. 24:5-9 Av akasietre. Kledd med gull. Berestenger Fat, skåler, kanner og beger av gull.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

ROTARY International. USA Canada Mexico Equador Brasil Tyskland Sveits Frankrike Spania Taiwan Japan Australia New Zealand Sør-Afrika * * *

Pasienthotellet Fss Plassering: 7. etg Kapasitet: 21 sengar fordelt på 7 dobbeltrom/7 enkeltrom

Hjelp og løysingsframlegg til nokre av oppgåvene i kapittel 3

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Bitraf Resultatregnskap0per

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Gutar 16. Informasjonshefte. Dags- og kampprogram, reiseruter til dei ulike banene

Risiko- og sårbarheitsanalyse for detaljereguleringsplan for Helsehuset i Øvre Årdal

SPANIA - BENIDORM LØPING MED INGRID KRISTIANSEN PROGRAM

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

ehandel og lokalt næringsliv

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Sommartur til Sverige,

Søking til skuleåret

STUDENTRAPPORT. NAVN PÅ VERTSINSTITUSJON: Santa Maria Hospital, Escola Superior de Saude, Red Cross.

Finansiering av søknaden

Jon Fosse. For seint. Libretto

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkommen til vår hjemmeside Aldeas de Aguamariana. I det etterfølgende vil du finne de fleste opplysninger om vår leilighet. Dersom du skulle ønske

Vi vil begynne med å takke SIU for at dei har gjort det mulig for oss og reise på ein slik lærerik og kjekk tur til Spania, dette er vi veldig

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Informasjon og brukarrettleiing

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

STUDENTRAPPORT. 1. Fortell om ankomsten (orienteringsdager/uker, registrering, møte med Internasjonalt kontor og andre instanser)

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Trafikkavviklingsplan: sykkel-vm i Fjell Kommune

Geitekontrollen på internet- hva betyr det for meg?

Plassebakken Barnehage

Inspirasjon og erfaring i Natural Horsemanship, for bruk i Folkehøgskulen.

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Voss Hang & Paragliderklubb. Årsmelding. Voss Hang & Paragliderklubb

Turmål Vestre Slidre kommune Eggjiåsen 910 moh 10 poeng

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

INN PÅ TUNET TILBOD TIL HEIMEBUANDE DEMENTE I TIDLEG FASE,

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Transkript:

Rapport frå La Zenia, 06.04.13 13.04.13 Då Velferdsklubben i Wärtsilä sendte mail om at det var inngått avtale om leige av hus/leilighet i Spania, meldte eg meg på for å stå på lista til trekking. Svaret kom ganske raskt men den første ledige veka var i påsken og planane for denne var litt andre enn å reisa til Spania. Neste anledning kom heldigvis ganske snart og veke 15 var ledig. Fly vart sjekka med det same, og det enklaste vart Ryanair frå Haugesund laurdag 06.04.13 kl. 10:55. Med to vaksne og tvillingjentene på 12 år kom det på 3.892,- tur/retur. Det er imidlertid store variasjonar på flyprisane etter forventa trafikk, og det er nok lurt å sjekka andre alternativ som bl.a. Norwegian. Ryanair er heilt greit så lenge du passar på vekt på bagasjen og størrelsen på håndbagasjen. Forutan oss fire skulle eldstedotter med barn og sambuar vera med og me var litt spente på plassen, La Zenia, men også plass/størrelse på leiligheita. Avreisedato kom og alt ordna seg greit med innsjekking, me var absolutt ikkje dei einaste stordingane som skulle sørover, området sørover frå Altea og til Torrevieja er svært populært og mange har kjøpt hus der. Pakka og klar Ankomst Alicante var 14:25 og me hadde då leigebilar som var bestilt og skulle hentast. Eg hadde bestilt hjå Hertz via sidene til Ryanair og bilen skulle vera klar. Det som var svært irriterande er at du har eigentleg ikkje betalt alt det du må ha før du får bilen. Det kjem tillegg for personforsikring, bilforsikring og du må betala for ein full tank med bensin/diesel. Du leverer då bilen attende helst med tom tank, men på den veka me var der klarte me ikkje å bruka ein heil tank med diesel. Totalprisen vart over 2.000,- for ei veke med ein Ford C- Max. Frå flyplassen bar det strake vegen ut på N-332 sørover mot Torrevieja/La Zenia. Det er også råd å køyra motorvegen AP-7, denne er nok noko raskare men du må betala bompengar. Med kartet oppe og god skilting var det svært enkelt å finna vegen og rundkøyringa i La Zenia der

me skulle ta av ned mot stranda. Etter 200-300 meter var me nede på vegen som går langs stranda og tok første veg til venstre og deretter første veg til venstre att. Me køyrde rett på, åpna den fjernstyrte porten inn til huset og stod utanfor etter ca. ein time køyring. Greit! Nøkkelen vart sett i døra og me entra inn. Inn i ein fin gang med første soverom, med dobbeltseng, på venstre side. Vidare inn mot dør inn til stove og kjøkken og gang til høgre der det er to bad og to soverom. Stove og kjøkken er med åpen løysing og inneheld alt ein treng. God sitjeplass til å eta, god plass på kjøkkenet og frå både stova og kjøkken er det dør ut på terrassen som går langs huset. Frå stova er det også dør inn til eit mindre soverom med køysenger, men me brukte berre dei to soveromma med dobbeltseng og soverommet med to enkeltsenger. Minsten på 4 låg på feltseng som fungerte heilt max. og han hadde ingen problem med å sova : Ein trøytt Vincent Olander På terrassen er det fleire sitjegrupper og det er nokre få trinn ned i hagen med bassenget. I hagen er det også bord med stolar og eit eige bassenghus med solsenger og diverse til bassenget. Frå kjøkkenet går du ut på terrassen og til høgre for å finna vaskerommet. Heile huset er inngjerda og einaste inngang er porten samt ei eiga dør på sida av denne. Innanfor porten er det plass til bilane, me hadde to og der var ein tredje som dei i andre etasje hadde. Ute er det også ein bod der det står bl.a fire syklar til fri bruk.

God plass og godet vèr. Etter ein rask utpakking var me klar for litt mat og turen gjekk dei hundre metrane ned til restaurant Mirada som ligg ved stranda. Maten var heilt grei men det var ikkje den store farten der på denne tida av året. Første måltid La Zenia er ikkje nokon stor plass men har eit rikholdig utvalg av butikkar og restaurantar. På dag to av opphaldet vart turen lagt til eit kjøpesenter som nyleg er åpna, La Zenia Boulevard. Det tek fem minutt med bil fra leiligheita og det er eit senter med vissnok ca. 250 butikkar. God plass til parkering og eit rikholding utvalg av klær, sko, mat, leikeområde, spelehallar, restaurantar, åpne torg med meir.

Sjølv om leiligheita inneheld alt ein treng til matlaging samt at der er utegrill, vart det til at dei fleste middagane vart innteke på restaurantar i nærområdet. Det er kort veg å gå til gode plassar og me fann vel ein liten favoritt med navn Alejandros, 5 minutt å gå opp mot sentrum. På Alejandros Til dei øvrige måltida var det lett å køyra opp og handla inn på eitt av supermarkeda som låg tre minutt unna og der du kunne boltra deg i litt større utvalg enn på Rema. Dei fem yngste i flokken køyrde ein av dagane opp til Benidorm til Terra Mitika som er ein stor fornøyelsespark. Turen gjekk då på den tidlegare nevnte motorvegen og det tok faktisk ikkje meir enn ein time sjølv om denne ligg nord for Alicante. Av andre opplevelsar for store og små kan nevnast Gokartbanen som ligg mellom La Zenia og Torrevieja. Under opphaldet vårt i La Zenia var det også folk (stordingar) i leiligheita i andre etasje. Dette var ikkje problem og det er godt skilt både støymessig og mot innsyn. Det er som nevnt kort veg til stranda men egentleg er det heilt topp å tilbringa tida i hagen og rundt bassenget.

Sjølv om det var litt tidleg på året for eit basseng utan oppvarming, påstod ungane at det var kokvarmt. Me var litt spente på returen. Ryanair hadde avgang kl. 07:00 og det vart planlagt avreise halv 5(!). Med alt klart om kvelden før, gjekk det overraskande bra for både store og små å stå opp kl. 4. Det var svært greit å orientera seg fra til parkering for leigebilane og me kunne nok ha reist litt seinare frå La Zenia. Fordelen er jo at det er enklare å få sova på flyet. Sjølv om dei masar fælt med å selja skrapelodd. Oppsummert så hadde me ei fantastisk veke der me både var heldige med vèret og der me var heldige forsøkskaniner i leiligheita. Den svara absolutt til forventningane og det vert garantert ikkje siste turen dersom me får sjansen. Takk for oss Harald, Inger, Silje, Amalie, Martine, Vincent, Christian