Utval Ungdomsrådet Møtestad Gloppen heradshus Dato 08.11.2018 Tid Kl. 15:30-18:00 Møtebok Følgjande medlemar møtte Andrea Mellingen Lothe Hallvard Bjotveit Johannes Øvreseth Julia Jordanger Loen Kristine Strøm Mari Toen Nese Murwan Comea Frå Gloppen ungdomsskule Gloppen ungdomsskule Gloppen ungdomsskule Firda vgs Firda vgs Firda vgs Gloppen opplæringssenter Forfall/møtte ikkje Frå Følgjande varamedlem møtte Frå Eirik Rønnekleiv Hyen skule Marit Rønnekleiv Hyen skule Rakel Sørhaug Firda vgs Egil Natvik Vestrheim Ridwan Abdullahi Mohamed GOS Andre som møtte Kjersti Rønningen, fritidsleiar, sekretær Møteleiar: Kristine Strøm Underskrift:
Sakliste Sak nr. Sakstittel 019/18 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste 020/18 Referat og orienteringssaker 021/18 Helsetilbod for ungdom i 022/18 Ungdomsrådet som medarrangør for UKM Gloppen 2019 023/18 Val av leiar og nestleiar i Gloppen ungdomsråd Side 2
Arkiv: FE-033 JournalpostID: 18/14555 019/18 Godkjenning av møtebok, innkalling og sakliste Utvalsleiar si tilråding: 1. Ungdomsrådet godkjenner møteboka frå sitt møte den 4/10-18 2. Ungdomsrådet godkjenner innkallinga og saklista til møtet den 8/11-18 Møteboka frå siste møtet blir lagt fram til godkjenning. Samstundes ber utvalsleiar om godkjenning av innkallinga og saklista til dette møtet. UNG- 019/18 Vedtak Ungdomsrådet godkjenner møtebok frå 4.oktober. Ungdomsrådet godkjenner innkalling og saksliste. Side 3
Arkiv: FE-033 JournalpostID: 18/14556 020/18 Referat og orienteringssaker Inga tilråding i saka Orienteringssaker: 1. Om - organisasjon v/ Kjersti Rønningen 2. Sosialt / Gruppeoppgåver v/ Kristine Strøm 3. Fråversdokumentasjon 4. Publisering/distribuering av møtereferat 5. Nettverksamling Skei 17. og 18. november 6. Vedtekter Gloppen ungdomsråd 3. Medlemmene i ungdomsrådet ønskjer oppsamling på fråversdokumentasjonen. Sekretær sender til Firda vgs i god tid før semesterslutt. 4. Møtereferat vert sendt Firda Tidend, ordførar og kommunestyrerepresentantar. 5. Mari Toen Nese, Rakel Sørhaug og Kristine Strøm reiser på nettverksamling. 6. Orientering om vedtektene. Dei er frå 2000, og burde vore revidert. UNG- 020/18 Vedtak Ungdomsrådet tek sakene til orientering. Side 4
Arkiv: FE-033, HIST-15/1468 JournalpostID: 18/14543 021/18 Helsetilbod for ungdom i Saksutgreiing Bakgrunn for saka Leiar for ungdomsrådet er, med bakgrunn i budsjettarbeida, uroa for ungdommen sitt helsetilbod i kommunen, og ber om ei oversikt over tilboda pr. i dag. Fakta i saka Spesifikke tilbod til ungdom: Helsestasjon for ungdom: Kvar måndag frå 13 15.45. Lege og helsesøster tilstade. Stor pågang. Helsesøster Gloppen ungdomsskule: Måndag og Fredag Helsesøster Hyen skule: Annankvar måndag Helsesøster Firda vgs : Måndag føremiddag og tysdag etter lunch Tverrfagleg psykisk helseteam fast tilknytta Firda vgs. Tilmelding via rådgjevar. Helsedirektoratet: Alle kommuner skal ha et helsestasjonstilbud for ungdom opp til 20 år, jf. forskrift om helsestasjonsog skolehelsetj. 2-1. Helsestasjonstilbudet til ungdom bør organiseres slik at det: Er tilpasset ungdommenes behov Gis på ungdommenes premisser Oppleves tilgjengelig for ungdommene, også for dem som ikke går på skole Helsestasjon for ungdom (HFU) skal være et supplement til og ikke komme i stedet for skolehelsetjenesten. Elevrådet ved Firda vgs ønsker å samarbeide med ungdomsrådet, for å rekke merksemd mot helsetilbodet til ungdom. Dei meiner at tilbodet gjev pr. i dag ikkje er godt nok. Ungdomsrådet er samde i dette, denne saka har også vore arbeidd med i tidlegare ungdomsråd. Ungdomsrådet viser til følgjande moment: - Det er stor pågang på Helsestasjon for ungdom. Mange kjem ikkje inn på grunn av lang kø. - Lite tilgang på helsesøster på Firda. Elevane opplever helsesøster som delvis utilgjengeleg, då ho ofte har ulike foredrag og møter i den tida. - Ungdata undersøkjinga viste at mange unge sliter med ulike problem. - Firda har mange hybelbuarar, rundt 200, som er ekstra utsett med tanke på helsetenester. Side 5
UNG- 021/18 Vedtak Ungdomsrådet samarbeider med elevrådet på Firda vgs for å sette fokus på behovet for eit bedre helsetilbod til ungdommane i kommunen. Mari Toen Nese, Kristine Strøm, Julia Jordanger Loen og Egil Natvik Vestrheim representerer ungdomsrådet i denne saka. Side 6
Arkiv: FE-033, HIST-15/1468 JournalpostID: 18/14544 022/18 Ungdomsrådet som medarrangør for UKM Gloppen 2019 Saksutgreiing Bakgrunn for saka Planlegging av UKM GLOPPEN 2019 Fakta i saka UKM vert kvart år arrangert i perioden januar mars, og ungdomsrådet har i mange år vore medarrangørar. Dei siste åra har deltakinga i Gloppen vore laber, og i fjor måtte vi avlyse på grunn av få påmeldingar. Ungdommane i Gloppen mange arrangement i regi av Firda og kulturskulen, og det kan vere vanskeleg å finne tid til å prioritere UKM. Vi har hatt eit UKM møte der kultursjefen, ungdomsrådet, Firda vgs, og kulturskulen var representert, og vart einige om at vi måtte prøve også i år. Kulturskulen og Dans, musikk, dramalærarane skal legge til rette for, og oppmode elevane sine om deltaking på UKM. UKM skal i størst mogleg grad vere styrt av ungdom sjølv, og det er ønskjeleg at ungdomsrådet er medarrangørar saman med UKM ambassadørar og UKM kontakt. Ungdomsrådet ønskjer UKM arrangement i Gloppen, og vil bidra i planlegging og gjennomføring slik som tidlegare år. Ungdomsrådet prøver å få med seg anna ressursungdom også. UNG- 022/18 Vedtak - Ungdomsrådet er medarrangør på UKM Gloppen. - Fritidsleiar kallar inn til møte på biblioteket i slutten av november. Side 7
Side 8
Arkiv: FE-033, HIST-15/1468 JournalpostID: 18/14545 023/18 Val av leiar og nestleiar i Gloppen ungdomsråd Saksutgreiing Bakgrunn for saka Ungdomsrådet skal i følgje vedtektene velje leiar og nestleiar for skuleåret 2018/19 UNG- 023/18 Vedtak Kristine Strøm vart gjenvalgt som leiar skuleåret 2018/19 Julia Jordanger Loen vart valgt som nestleiar skuleåret 2018/19 Side 9