Fylkeseldrerådet Årsmelding 2008
INNLEIING Innføring av lovfesta eldreråd i kommunar og fylkeskommunar som vart lovpålagt frå 1. januar 1992, har gitt eldre personar auka medråderett i saker som vedkjem eldre. Dette er i samsvar med FN sine prinsipp som vart vedtekne av FN i 1991. Fylgjande punkt er tekne med under hovudområde deltaking: Eldre skal vera integrert i samfunnet, delta aktivt i utforming og gjennomføring av politikken som direkte vedkjem deira velferd, og dela sine kunnskapar, dugleik og erfaringar med yngre generasjonar". Eldreråda er viktige talerør i denne samanhengen. Fylkeseldrerådet i Hordaland er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen og fylkeskommunale verksemder når det gjeld tilhøve som vedkjem eldre og eldre sine levekår. Rådet skal handsama saker på alle samfunnssektorar. Rådet kan også sjølv ta opp saker. Fylkeseldrerådet samarbeider og har kontakt med dei 33 kommunale eldreråda i Hordaland og med Statens Seniorråd, som vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 19. april 2002. Eldrerådet si funksjonstid er 4 år og fylgjer fylkestingsperioden. Noverande eldreråd vart oppnemnt etter fylkestingsvalet i september 2007. SAMANSETJING Rådet har 7 representantar med personlege vararepresentantar. 2 av representantane er politisk valde frå fylkestinget og 5 representantar er valde etter forslag frå alderpensjonistforeiningar i fylket. I året 2008 har fylkeseldrerådet hatt fylgjande samansetjing: Valde etter forslag frå pensjonistforeningar: Olga Johannessen Willy Gustafson Johann Belsvik Johannes H. Fosse Solveig Johnsen Personlege vararepresentantar: Ralf Willy Persen Ingri Linde Rolf Solberg Thorsen Margot Bertheussen John Fløysand 2
Politisk valde medlemar: Turid Sveen (FRP) Jette Lunemann Hansen (A) Personlege vararepresentantar: Bjørn Aakvaag (FRP) Guro Fosse Haraldsen (AP) Brukarrepresentantar i helseføretaka Olga Johannessen har møtt som varamedlem i brukarutvalet i Helse Vest. Turid Sveen har møtt som representant i brukarutvalet i Helse Bergen. I brukarutvalet i Helse Fonna har Johann Belsvik møtt. SEKRETARIAT Fylkeseldrerådet har sekretærhjelp og sakshandsamar som administrativt er tilknytta personalog organisasjonsavdelinga i fylkeskommunen. Sekretærfunksjonen for eldrerådet tilsvarar om lag 30% stilling. BUDSJETT Fylkeseldrerådet i Hordaland hadde for 2008 til disposisjon eit budsjett på kr. 215.000,-. Budsjettet vart nytta til rådet sine møter, den årlege konferansen for dei kommunale eldreråda, deltaking på konferansar og seminar, vitjingar i kommunale eldreråd og samarbeidsmøter med eldreråda i Sogn & Fjordane og Rogaland fylkeskommunar. I perioden har fylkeseldrerådet fått opplæring i føring av elektronisk reiserekning. Eit datakurs for rådsmedlemane er under planlegging. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg var til stades på fylkeseldrerådet sitt møte 18. juni 2008. MØTER OG SAKER Fylkeseldrerådet i Hordaland har i 2008 hatt 7 møter og handsama 30 saker, samt hatt føre 34 meldingar. Årsrapportar frå andre fylkeskommunale eldreråd og frå Statens Seniorråd vert fortløpande lagt fram for rådet. 3
Saksområder har m.a. vore: Aktuelle saker innan folkehelsearbeidet Fylkeskommunen og Fylkesmannen i Hordaland har inngått eit forpliktande partnarskap når det gjeld folkehelsearbeid. Fylkeseldrerådet støttar dette arbeidet og har også i året 2008 halde fram samarbeidet med fylkeskommunen sitt idrettskontor. Målet er å stimulere og motivere til auka bruk av trening og mosjon som helseførebyggande tiltak. Fysisk aktivitet har ein positiv verknad på folk si fysiske, mentale og sosiale helse. Når fylkeseldrerådet vier spesiell interesse for dette området er det på grunn av at mange undersøkingar viser at eldre folk mosjonerer for lite. Dei treng å motiverast til å forstå at trening og mosjon motverkar funksjonshemming både fysisk og psykisk. Fylkeseldrerådet deltek i dei folkehelsekonferansane som fylkeskommunen og fylkesmannen arrangerer. Kultur - Den Internasjonale Eldredagen Fylkeseldrerådet i Hordaland fekk tilbod frå Bergen kommune sitt eldreråd om ei felles markering av den internasjonale eldredagen 1. oktober 2008. Kvart råd løyvde inntil kr. 10 000,- og arrangementet vart skipa til av stiftelsen "Livsglede for eldre" som er etablert i Kristiansand, men som har forgreiningar til mange andre stader i landet. Det vart skipa til to arrangement, eitt ved Løvåsen Sykehjem i Fyllingsdalen bydel og eitt i Eldresenteret Dankert Krohn sentralt i Bergen. Deltakarane var både pasientar frå nærliggjande sjukeheimar og eldre heimebuande. Stiftelsen har kontakt med sjukepleiarstudentar som gjer dette arbeidet på frivillig basis. Dei prata med deltakarane, serverte kaffi og kaker, med likør og konjakk til kaffien. Til slutt baud dei opp til allsang og dans. Kulturminneåret Hordaland fylkeskommune er invitert til å ta del i arbeidet med det kommande kulturminneåret. Kultur- og idrettsetaten har ein person med i den nasjonale styringsgruppa. Tema for kulturminneåret er "Dagliglivets kulturminne". Svært mykje kulturarbeid vert gjort av frivillige, og Hordaland fylkeskommune ynskjer å setja søkelys på det frivillige arbeidet med ulike kulturminner. Fylkeseldrerådet er invitert til å komme med innspel til dette arbeidet som skal føregå i 2009. Rehabiliteringstilbodet i helseregionane Undersøkingar har vist at det er store skilnader mellom kommunane når det gjeld tilbod om rehabilitering. Der er også mange ulike aktørar som tilbyr tenestene. Dette kan føre til at mange pasientar ikkje får gode nok rehabiliteringstilbod. Det bør difor vera eit mål å etablera betre samarbeidstiltak mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Norsk Pensjonistforbund har som ett av sine krav til statsbudsjettet for 2009 at det vert teke eit krafttak for å styrke medisinsk rehabilitering i helse-og sosialtenesta for eldre. Fylkeseldrerådet i Hordaland støttar dette kravet. 4
Tannhelse for eldre Fylkeseldrerådet i Hordaland har i fleire valperiodar arbeidd med tannhelseproblematikk når det gjeld behandlingstilbod til eldre. Problematikken har vore tema på både lokale og sentrale konferanser. Fylkeseldrerådet rår sterkt mot nedskjæringar og vonar at det kjem fram i budsjetta at tilbodet til eldre skal betrast. Samferdsel - ny rabattordning på Kystbussen Etter siste takstreguleringa på Kystbussen vart det innført ei ordning der ein ved tinging over Internett fekk ein rabatt på kr 20,- pr. billett. Fylkeseldrerådet sende skriv til Tide Reiser AS og peika på at det ikkje er alle eldre som har tilgang til Internett, og heller ikkje føler seg fortrulege med nye elektroniske løysingar. Dette opplever mange eldre som diskriminering. I svarbrevet frå Tide meinte dei at dei fleste no meistrar den nye digitale kvardagen. Transportselskapet Skyss tilbyr å kome i eit rådsmøte og informera om den nye ordninga. Dette vert gjort i 2009. HØYRINGSFRÅSEGNER Fylkesdelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv 2008-2012 Fylkeseldrerådet var høyringsinstans for fylkesdelplanen. Rådet ser på fylkesdelplanen for fysisk aktivitet 2008-2012 som eit utfordrande og forpliktande dokument. I si fråsegn la rådet særleg vekt på universell utforming og at rørslehemma og eldre får tilbod om lågterskelaktivitetar. Friareala bør leggast til rette slik at det motiverer både unge og eldre til fysisk aktivitet. Bygging av gang- og sykkelstiar i folk sitt nærmiljø er også viktige områder i slikt planarbeid. Pensjonsreformen Gjennom vedtak av 26. mai 2005 og 23.april 2007 ga Stortinget hovudtrekka i ein ny alderspensjon i Folketrygda. Fylkeseldreråda var ikkje spesielt nemnde som høyringsinstans, men det var åpna opp for at alle interesserte kunne gje sine merknader. Fylkeseldrerådet i Hordaland sende sine merknader innan fristen 28. april 2008, og vi nemnde spesielt eldre sin motstand mot at framtidige pensjonar skal reknast ut på grunnlag av lønnsveksten i samfunnet minus 0,75 prosent. Pensjonistane bør ha same rett som lønstakarane til å ta del i velstandsutviklinga i samfunnet. Forskrift om universell utforming av transportmidlar på veg Forskriftene omhandlar tekniske krav for universell utforming av transportmidlar på veg og skal tre i kraft frå 1.januar 2009. Fylkeseldrerådet la i si fråsegn vekt på at krava til universell utforming vert utforma slik at forflytningshemma personar kan klare seg med minst mulig, eller inga hjelp frå andre. 5
ELDRERÅDSKONFERANSEN 2008 Fylkeseldrerådet skipa 22. og 23. oktober 2008 til den årlege konferansen for dei kommunale eldreråda i Hordaland. Konferansen vart halden i bergensområdet over to dagar og samla om lag 100 deltakarar frå 30 kommunar. Konferansen vart åpna av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som særleg understreka at målet med folkehelsearbeidet er fleire gode leveår med god helse i befolkninga. Hovudemne på denne konferansen var å halde fram med å sette søkelys på folkehelsearbeidet i breitt perspektiv. Nokre av emna som vart tekne opp på konferansen var: Folkehelse - Korleis forankre arbeidet i kommunane Innleiar: Asle Moltumyr, seniorrådgjevar i Helsedirektoratet Folkehelse - kva skjer i Hordaland Innleiar: Sigrun G.Henriksen, folkehelsekoordinator i Hordaland Innleiarane tok opp arbeidet med folkehelse og la særleg vekt på kor viktig det var med fysisk aktivitet. Kommunane har det overordna ansvaret for det lokale folkehelsearbeidet. Det kan søkast om økonomiske midlar frå sentralt hald til folkehelsearbeid. Fylkeskommunen vil vere sekretariat for det regionale partnarskapet og fylkesmannen har ei særleg viktig rolle som fagleg rådgjevar i folkehelsearbeidet. Helse-og omsorgstenester til eldre - nasjonale satsingsområder og erfaringar frå tilsyn - Innleiar: Fylkeslege Helga Arianson Innleiar peika m.a på at det er stor skilnad på korleis dei einskilde kommunane organiserer tenestene, og det er ikkje alltid like klart kva instans som har ansvar for å ta initiativ til utvikling av rutiner for samarbeid og koordinering av tenester. Korleis tilrettelegge bustaden når du vert eldre Innleiar: Aina Tjosås, Husbanken Husbanken og Statens Seniorråd ønskjer riktig utforming av boligar for eldre. Dette vil redusere konsekvensane av funksjonstap og behov for omsorg. Bokkotunet Bo- og aktivitetssenter Innleiar: Rune Gulbrandsen, leiar av Bokkotunet Dagleg leiar av Bokkotunet ga eit oversyn over korleis senteret vert drive og kva aktivitetar det inneheld. Ordstyrarar på konferansen var rådsmedlemane Johann Belsvik og Johannes H. Fosse. 6
LANDSKONFERANSEN 2008 Utveksling av erfaringar med andre fylkeseldreråd Frå 2003 har det vore halde ein årleg konferanse der utsendingar frå alle fylkeskommunale eldreråd møter kvarandre. I 2008 var det Nordland fylkeskommune som saman med Statens Seniorråd tok på seg ansvaret med å skipe til konferansen. Den vart lagt til Bodø. Konferansen var åpna av fylkesordføraren i Nordland. Programmet sette m.a. søkelys på aktuelle eldrepolitiske spørsmål med foredrag av Ivar Leveraas, modell for fylkeseldrerådenes kommunikasjon eksternt og internt, og mangfoldsåret. Frå Hordaland møtte 7 rådsmedlemar og rådssekretæren. Planar om oppgåver i resten av valbolken Fylkeseldrerådet vil framleis ta aktivt del i folkehelsearbeidet og tek sikte på å halde fram med informasjonsarbeidet om mosjon og friluftsliv. Mange undersøkingar viser at dei fleste eldre og aldrande menneske ikkje mosjonerer. Samarbeidet med fylkeskommunen sitt idrettskontor har vore resultatretta og vil halde fram. Nokre seniorar er flittige brukarar av friluftsområda, men det er ikkje fleirtalet av eldre. I dette folkehelsearbeidet er det naturleg å be om samarbeidsmøte med dei kommunale eldreråda. Det er turvande med informasjon, kunnskap og motivering. Visjonen må vera å få mange fleire brukarar ut i naturen. Fritidssentralane i kommunane er også ein aktuell samarbeidspartnar i folkehelsearbeidet. Fylkeseldreråda i landet har hatt for vane å møtast på ein årleg konferanse. Det er nyttig å utveksle erfaring, informasjon og kunnskap over fylkesgrensene. No er det sett i system ved at Statens Seniorråd tek delansvar saman med ein utpeika fylkeskommune som er villig å ta på seg eit slikt arrangement. Fylkesråda for eldre i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar har også hatt ei årleg samling der råda møtest i eitt av fylka etter tur. Dette samarbeidet vil halde fram også i 2009. Arbeidet med heimesida er i gjenge og held fram, men vi er nok ikkje så aktive som ønskjeleg. Den Internasjonale Eldredagen vert arrangert kvart år 1. oktober. Rådet tek sikte på å få til markering av denne dagen også i 2009. Under landskonferansen i Nordland vart det presentert eit prosjekt kalla "Et samfunn for alle", ein generasjonskonferanse som kom i stand i 2006 etter initiativ frå Ungdommens fylkesutval i Nordland. Det var eit samarbeid mellom Ungdommens fylkesting/fylkesutval og fylkeseldrerådet, og samarbeidet førte til ein felles konferanse i Nordland også i 2007. 7
Fylkeseldrerådet i Hordaland har i 2008 drøfta eit mogleg samarbeid med Ungdommens fylkesutval (UFU) med tanke på å kunne skipa ein felles konferanse hausten 2009. KONKLUSJON Rådet har handsama saker på ei rekkje område. Særleg viktig er oppfylging av fylkeskommunale saker. Rådet har m.a. som oppgåve å gje råd til fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Fylkeseldrerådet får seg førelagt alle sakshefte til utvala og til fylkestinget og kan såleis gi merknader til alle saker som vert handsama i det politiske apparatet og som vedkjem eldre. Fylkeseldrerådet har sitt eige budsjett og det gjer det mogleg å kunne vitja kommunar og institusjonar, noko som har ein positiv effekt på arbeidet i rådet. Samarbeid med andre fylkeskommunale råd, utval og etatar gjev god innsikt i mange sider av offentleg verksemd. Fylkeseldrerådet bør såleis vera ein god rådgjevar for fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Bergen, 23.03.2009 Olga Johannessen -leiar- 8