Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg. Postadresse: Sula Sokn Postboks 228 6039 LANGEVÅG. Telefon: E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.



Like dokumenter
Informasjon frå Sula kyrkjelyd. Kven er eg?

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Informasjon frå Sula kyrkjelyd

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

k o n f i r mant 2013

Velkomen som konfirmant

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant

Til deg som bur i fosterheim år

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

V e l k o m e n s o m. konfirm ant. Foto: Rune Sævig, Bergens Tidende VOSS EVANGER RAUNDALEN KYRKJELYDAR

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Velkommen som konfirmant. i Tynset- menigheten e!

5. Soknerådsmøte mai Referat

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Vi Os kyrkjelyd inviterer til. Konfirmantåret

6. trinn. Veke 24 Navn:

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til konfirmanttida

mmm...med SMAK på timeplanen

Vi kan tilby et spennende opplegg som vi tror vil falle i smak hos de fleste. Ta en kikk og se om dette er noe for deg.

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsplan for Hare November

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

HÅ KOMMUNE BREIDABLIKK KULTURBARNEHAGE

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Brukarrettleiing E-post lesar

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Brødsbrytelsen - Nattverden

Q1c Korleis stiller du deg til at Skodje kommune skal danne ei ny kommune med andre kommuner? Er du

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag utan organisasjonsnummer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Informasjon til elevane

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Stemnehandboka for NKSF

Vegvisar til vilbli.no

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Grupperettleiing for turnuslegar i kommunehelsetenesta

Plan for undervisning

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Valdres vidaregåande skule

Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Vår grøne. kyrkjelyd

Finansiering av søknaden

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Velkomen til Mork barnehage

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Kva er økologisk matproduksjon?

Søknad om skilsmisse etter to års samlivsbrot (etter ekteskapslova 22)

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Namning av vegar i Fræna Kommune

Konfirmanthefte. Bugården menighet

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Transkript:

Informasjon frå Sula kyrkjelyd Kven er eg? www.sula.kyrkja.no

Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida får du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Vi snakkar om livet på godt og vondt, om kjærleik og om Gud. Samtidig får du oppleve mykje nytt. Å vere konfirmant er eit naturlig val for alle døypte. Dersom du ikkje er døypt, kan du likevel vere konfirmant. Vi gjennomfører då ei dåpshandling på ei gudsteneste i løpet av konfirmantåret. 2

Kontaktinfo Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg Postadresse: Sula Sokn Postboks 228 6039 LANGEVÅG Telefon: 70199600 E-post: kyrkjekontoret@sula.kommune.no Nettside: www.sula.kyrkja.no FaceBook: Sula kyrkjelyd Hovudansvarleg for konfirmantåret 2011/2012: Geir Harald Eikrem Dir.tlf.: 70 19 78 13 E-post: geir.harald.eikrem@sula.kommune.no 3

Innhald Hovudtema for Sul@Konfirm@ant 2012 er: Kven er eg??? Vi vil forsøke å nærme oss dette spørsmålet frå ulike vinklar, og sjå på kven vi er i forhold til andre; i forhold til foreldra våre, vennar, kjærestar og kven vi er i forhold til Gud. Konfirmantåret er delt inn i 4 delar: a. Konf@Samling b. Gudstenestedeltaking c. Konf@Prosjekt d. @ndre @ktivitetar: Sulahallen, RoadService og KN-aksjon a. Konf@Samling Desse samlingane vil vere etter skuletid frå 14.10 16.20, og det blir 6 slike samlingar før jul og 3 samlingar etter jul. Vi deler heile konfirmantkullet i 3 faste grupper, og har ei gruppe tysdag, ei gruppe onsdag og ei gruppe torsdag i utvalde veker (sjå Konf@Kalenderen). Delinga tar vi oss av i starten av august og de får brev om kva gruppe de har havna på i midten av august, saman med meir informasjon om konfirmantåret. Konf@Samlingane vil variere i innhald og oppbygging frå gang til gang. Felles for alle samlingane er ei felles opning, mat og felles avslutning. Mellom maten og avslutninga vil det vere ulike aktivitetar i mindre grupper, alt etter kva som er tema for samlinga. 4

b. Gudstenestedeltaking Du skal delta på minst 8 gudstenester i konfirmantåret. Av desse er følgande 5 gudstenester obligatoriske og satt opp med dato: - presentasjonsgudsteneste 28.august i Indre Sula Kyrkje (ISK) eller 4.september i Langevåg kyrkje (LV) - konf@gt søndag 13.november i LV og søndag 15.april i LV - konfirmasjonsgudstenesta i starten av mai - medhjelpargudsteneste: datoen for denne kjem vi tilbake til i starten på konfirmantåret, sidan den vil vere forskjellig frå konfirmant til konfirmant. Dei obligatoriske gudsteneste utgjer altså 5 gudstenester. Du må i tillegg velge 3 gudstenester utanom desse slik at totalen blir 8. (viss du ikkje kan vere med på nokon av dei obligatoriske gudstenestene, må du møte på fleire som du vel sjølv. Totalen skal vere minst 8!! Vi anbefalar på det sterkaste å møte på dei obligatoriske, sidan desse er laga med tanke på at det er mange konfirmantar til stades). PS! Det tel sjølvsagt viss du er på gudsteneste i andre kyrkjer i konfirmantåret, til dømes i Frikyrkja. Sørg for å få med ein lapp der det står når og kvar du har vore til gudsteneste. Er alle gudstenester like? Gjennom året har vi i Sula kyrkjelyd ulike gudstenester som alle har sitt særpreg både når det gjeld musikk og måten det blir snakka på. Vi anbefaler at du går på ulike typer gudstenester, for å oppleve mangfaldet. Vi vil informere om dei ulike typene gudstenester på ei av dei første Konf@Samlingane! eller 5

c. Konf@Prosjekt I vårhalvåret ca. frå veke 3 til veke 10 skal alle konfirmantane vere med på eit Konf@prosjekt. Vi tilbyr mange ulike typer prosjektgrupper, og håper at alle kan finne noko dei synest er OK. Du treng ikkje bestemme deg for kva prosjekt du vil vere med på før i haust. Vi vil presentere prosjekta nærare på dei første Konf@Samlingane, og så må du velge eit prosjekt før 1.oktober! Konf@Prosjekta skal utgjere mellom 10 og 15 klokketimar, men vil ha ulik samlingsfrekvens. Til dømes kan nokre prosjektgrupper gjere unna desse timane på 3 laurdagar, medan andre møter litt oftare, men færre timar per gang. Det er aktiviteten som skal utførast som vil bestemme korleis dette blir lagt opp. Som sagt vil vi presentere prosjekta når vi begynner i haust. Men for at du skal begynne å tenke litt allereie no, set vi her opp ei liste over dei prosjekta som vi kan tilby (ved for lita påmelding kan vi måtte droppe nokre prosjekt!): a) Band øve inn 2 låtar som skal framførast på ungdomsarrangementet i Kyrkje- og kulturfestivalen b) Kor øve inn 2 låtar som skal framførast på ungdomsarrangementet i Kyrkjeog kulturfestivalen c) Dans øve inn dans som skal framførast på ungdomsarrangementet i Kyrkjeog kulturfestivalen d) Forming på ulike måtar lage pynt som skal brukast i kyrkja til påske og på konfirmasjonsgudstenestene e) Drama/film lage ulike kortfilmar som skal brukast i konfirmasjonsgudstenestene, samt i gudstenester elles i året (NB! Max. 15 stk.) f) Friluft vere med på 3 ulike friluftsaktivitetar; til dømes fjelltur, fisketur, frisbeegolf, kajakk, speidermøte eller anna 6

g) Changemaker-konfirmant vere med på korte leirar i regi av Kirkens Nødhjelp; treffe konfirmantar frå heile Sunnmøre og lære meir om KN sitt arbeid (NB! Max. 8 stk.) I tillegg har vi tre prosjekt som er spreidd litt meir utover konfirmantåret og som har litt anna uttelling: h) Arrangementgruppe Ungdomsklubb vi skal ha 3 ungdomskveldfredagar før jul og 3 etter jul i Indre Sula kyrkje. Dei som vel dette Konf@Prosjektet må vere tilstades og hjelpe til praktisk på minst 4 av desse kveldane (lage til, stå i kiosk, rydde opp m.m.) Prosjektet tel både som Konf@Prosjekt + dei 3 valfrie gudstenestene i) Arrangementsmedhjelpar Vi har to store arrangement som vi treng hjelp til. Dette er LysVåken for 6-klassingar 26.-27.november og TårnAgentHelg for 3.klassingar 28.-29.januar. Vel du dette Konf@Prosjektet, må du vere med å arrangere eit av desse arrangementa. Prosjektet tel både som Konf@Prosjekt + dei 3 valfrie gudstenestene j) Speiderkonfirmant dette betyr at du møter på speidermøter året gjennom. I tillegg må du møte på 3 Konf@Samlingar: den første i august, den rett før jul, og den siste i april. Du må også møte på dei 5 obligatoriske gudstenestene; Sulahallen, Roadservice og KN-aksjonen. NB! Val av dette Konf@Prosjektet må gjerast på den første Konf@Samlinga i haust!!! 7

d. @ndre @ktivitetar Sulahallen: denne fredagen (sjå Konf@Kalenderen) møtast vi i Sulahallen og deltar på fotball- eller volleyballturnering, spelar Wii eller er heiagjeng. Det vil også vere eit lite formingshjørne. Til slutt går vi bort til kyrkja og avsluttar med ei kveldssamling der. RoadService: i starten av november får vi besøk av flotte ungdommar frå Grenland Folkehøgskole som vil halde eit forrykande show for oss med dans, musikk med meir. Dag og dato er ikkje bestemt sidan dei ikkje har lagt turneplanen sin, men denne vil vi legge ut på nettsida vår så fort vi får spikra dette. KN-aksjon: Tysdag 27.mars skal vi vere med å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid. I forkant av dette har vi ei samling om Kirkens Nødhjelp. Dag og dato for denne samlinga er ikkje klar, men blir lagt ut på nettsida, og informert om på Konf@Samling så fort vi veit meir. Reglar Konfirmantåret skal vere eit kjekt år for både deg som konfirmant, foreldra dine og dei du møter som konfirmantleiarar. For å få til dette er vi avhengig av at du som konfirmant møter opp, og at vi i fellesskap gjer ein innsats for at alle skal ha det kjekt og greit. Vi har 2 grunnreglar: 1) vi fører oppmøtelister på alle samlingar, og du må ha 80% frammøte (gudstenestedeltakinga har sitt eige frammøtereknskap; sjå Gudstenestedeltaking for meir informasjon om dette) 2) vi krever at du viser vanleg folkeskikk i gruppa, både mot leiarar og medkonfirmantar. Ved brudd på dette kan vi måtte sende deg heim frå samling. Vi har berre gode erfaringar med konfirmantar frå tidlegare, og er sikre på at viss vi klarer å følge desse reglane blir dette eit flott år. Det blir forhåpentlegvis lite av dette! lkjhlkjh 8

Konfirmasjonsgudstenestene 5. og 6.mai 2012 i Indre Sula kyrkje og 12. og 13.mai 2012 i Langevåg kyrkje For at konfirmasjonsgudstenestene skal verte kjekk for alle, må vi setje tak på antal konfirmantar pr. gudsteneste. Dette har med lengda på gudstenestene å gjere, samt at brannforskriftene set tak på antal personar vi kan ha i kyrkjene. I Indre Sula kyrkje er det plass til max 10 konfirmantar pr. gudsteneste og i Langevåg kyrkje er det plass til max 18 konfirmantar. Derfor legg vi opp til følgande tidspunkt: Laurdag 5.mai i Indre Sula kyrkje kl. 11.00 og kl. 13.00 Søndag 6.mai i Indre Sula kyrkje kl. 10.00 og 12.00 Laurdag 12.mai i Langevåg kyrkje kl. 11.00 og 13.00 Søndag 13.mai i Langevåg kyrkje kl. 10.00 og 12.00 Vi garanterer at alle får den dagen dei ynskjer, men vi må trekkje tidspunkt for at det ikkje skal verte urettferdig. Dette blir gjort i starten av august, og de får vite det rundt 1.september. PS! Av erfaring veit vi at søndag kl. 10.00 er lite populær. Blir det overvekt av konfirmantar på laurdag, køyrer vi i staden tre gudstenester laurdag kl. 10.00, 12.00 og 14.00 og ei gudsteneste søndag kl. 11.00. PS2! For at det skal verte rettferdig gjeld berre garantien om dag viss du melder deg på innan fristen 1.juli. Viss du melder på etter fristen har gått ut, må du ta til takke med den dagen og det tidspunktet du blir tildelt! 9

Til foreldre Det er mange ting vi treng hjelp og støtte til i konfirmantåret. Det kan være konkrete oppgåver og utfordringar for dei av dykk som vil være med og hjelpe til slik at konfirmantåret kan bli ein god oppleving for konfirmantane. På påmeldingsskjemaet har vi eigen rubrikk for foreldrehjelp. Det er derfor viktig at du sit saman med konfirmanten når han/ho melder seg på! Dei tinga vi kan trenge hjelp til, er: Bake pizza til miljøsamvær Bake kaker til foreldremøtet Bære bord og stoler til ulike arrangement Være vakt/medhjelper på konfirmantarrangement Kjøre til ulike konfirmantarrangement Når det er aktuelt kontaktar vi dykk på mail eller telefon for hjelp ut frå det den enkelte har satt seg opp på. Konfirmantavgift Konfirmantavgifta i Sula kyrkjelyd er på 1000 kroner. Dette dekker: - leige av konfirmantkapper på konfirmasjonsdagen (100 kroner) - mat på alle samlingane våre - undervisningsmateriell - Innleigde seminarhaldarar og Konf@Prosjekt-leiarar Foreldremøte Tysdag 30.august kl. 18.00-20.00 i Indre Sula kyrkje På dette foreldremøte gir vi meir informasjon om året ungdommen din skal vere med på, og kva de som foreldre kan vere med på. I tillegg vert det sjølvsagt høve til å stille dei spørsmåla som de måtte ha. Vi ser det som viktig å ha god kontakt med heimen, så det er fint viss minst 1 føresatt kan møte. 10

Påmelding For å melde deg på, går du inn på www.sula.kyrkja.no. Der vil du finne all informasjon som du treng for å melde deg på. Påmeldinga skjer heilt elektronisk, påmeldingsfrist 1.juli!!! NB! Det er viktig at foreldre/føresette sit saman med deg når du melder deg på, sidan vi treng nokre opplysningar frå dei og! Dersom du ikkje har anledning til å registrere deg på internett, så ta kontakt med kyrkjelydskontoret så vil vi hjelpe deg. Vegleiing til dei ulike punkta i påmeldingsskjemaet: Konfirmanten: skriv inn berre opplysningar om konfirmanten. Ikkje skriv inn mobiltelefon til mor eller far i denne posten! E-post er påkrevd og det må vere konfirmanten sin e-post adresse. Viss konfirmanten ikkje har e-post adresse kan de skrive inn mor eller far sin e-postadresse, men skriv då: Konfirmanten har ikkje eigen e-postadresse i Andre opplysningar feltet lenger nede i skjemaet. NB! Alle opplsyningar må vere med. Viss konfirmanten ikkje er døypt på Sula, treng vi kopi av dåpsattesten til konfirmanten. Viss de ikkje har dåpsattest må de vende dykk til den kyrkjelyden der konfirmanten blei døypt. Vi vil etterspør dette i løpet av året Mor/Foresatt og Far/Foresatt: Det er viktig at begge foreldre blir fylt ut slik at alle får den informasjonen dei skal ha. Hugs å krysse av i boksa Tilskriv slik at de får informasjon som blir sendt ut. Skole: Skriv Sula U. eller Møre U. i ruta Skole og 9 A B C eller D i ruta Klasse Andre opplysningar: Viss det er spesielle ting de vil vi skal vere obs på så skriv det her. Til dømes matallergier, funksjonshindringar eller anna. NB! Viss de ønskjer at namnet på konfirmanten skal bli kunngjort i Sulaposten, Nytt i uka og Sunnmørsposten veka før konfirmasjonen, må de kryssa av i boksa Jeg aksepterer at konfirmantens. 11

Tirs. 23.aug kl. 14.10 Konf@Samling 1 Gr. A LV Veke 34 Ons 24.aug. kl. 14.10 Konf@Samling 1 Gr. B LV Tors. 25.aug. kl. 14.10 Konf@Samling 1 Gr. C LV Søn. 28.aug. kl. 11.00 Presentasjonsgudsteneste ISK Veke 35 Sønd 4.sept. kl. 11.00 Presentasjonsgudsteneste LV Tirs. 6.sept kl. 14.10 Konf@Samling 2 Gr. A LV Veke 36 Ons 7.sept. kl. 14.10 Konf@Samling 2 Gr. B LV Tors. 8.sept. kl. 14.10 Konf@Samling 2 Gr. C LV Tirs. 27.sept. kl. 14.10 Konf@Samling 3 Gr. A LV Veke 39 Ons 28.sept kl. 14.10 Konf@Samling 3 Gr. B LV Tors. 29.sept. kl. 14.10 Konf@Samling 3 Gr. C LV Tirs. 11.okt kl. 14.10 Konf@Samling 4 Gr. A LV Veke 41 Ons 12.okt. kl. 14.10 Konf@Samling 4 Gr. B LV Tors. 13.okt. kl. 14.10 Konf@Samling 4 Gr. C LV Veke 44 eller 45 Dato og tidspunkt ikkje satt RoadService Veke 45 Sønd. 13.nov kl. 11.00 Konf@GT LV Tirs. 15.nov. kl. 14.10 Konf@Samling 5 Gr. A LV Veke 46 Ons 16.nov. kl. 14.10 Konf@Samling 5 Gr. B LV Tors. 17.nov. kl. 14.10 Konf@Samling 5 Gr. C LV Tirs. 6.des. kl. 14.10 Konf@Samling 6 Gr. A LV Veke 49 Ons 7.des. kl. 14.10 Konf@Samling 6 Gr. B LV Tors. 8.des. kl. 14.10 Konf@Samling 6 Gr. C LV Tirs. 10.jan kl. 14.10 Konf@Samling 7 Gr. A LV Veke 2 Ons 11.jan. kl. 14.10 Konf@Samling 7 Gr. B LV Tors. 12.jan. kl. 14.10 Konf@Samling 7 Gr. C LV Veke 3 Fre. 20.jan. kl. 19.00 Sulahallen Veke 3 til Veke 10 Ulike tidspunkt Konf@Prosjekt Veke 10 Fre. 9.mars kl. 19.00 Sula kyrkje- og kulturfestival ungdomsarr. LV Veke 12 Tirs. 20.mars kl. 14.10 Konf@Samling 8 Gr. A LV Ons. 21.mars kl. 14.10 Konf@Samling 8 Gr. B LV Tors. 22.mars kl. 14.10 Konf@Samling 8 Gr. C LV Veke 13 Tirs. 27.mars kl. 18.00 KN-aksjon Veke 15 Søn. 15.april kl. 11.00 Konf@GT LV Veke 16 Veke 18 Veke 19 Tirs. 17.apr. kl. 14.10 Konf@Samling 9 Gr. A LV Ons 18.apr. kl. 14.10 Konf@Samling 9 Gr. B LV Tors. 19.apr. kl. 14.10 Konf@Samling 9 Gr. C LV Ons. 2.mai Fotografering ISK Lør. 5.mai Konfirmasjon ISK Søn. 6.mai Konfirmasjon ISK Ons. 9.mai Fotografering LV Lør. 12.mai Konfirmasjon LV Søn. 13.mai Konfirmasjon LV Det kan sjølvsagt kome endringar i løpet av året! 12