Innkalling til årsmøte i Haugaland Landbruksrådgjeving

Like dokumenter
Innhald. Værlam Gamalnorsk spælsau VILLSAU. Vaksen villsauvær for sal. Risbitvær for sal (NKS) Nummer oktober 2011.

Husk! Avlyst på grunn av liten påmelding! Innhald

Årsmøte i Haugaland landbruksrådgjeving

Boks Ølen. Telefon: E-post: Organisasjonsnummer: MVA. 7. februar 2011

Boks Ølen. Telefon: Web: E-post: 14. februar 2011

MEDLEMSANNONSER. Nummer januar 2013 HMS KURS I SKJOLD ØYJORD SÅMASKIN FOR SAL YNSKJER Å KJØPA RUNDBALLAR. RUNDBALLESURFOR FOR SAL

MEDLEMSANNONSER ÅRSMØTE ETNE BONDELAG. Nummer oktober 2013 NOKON HJELPE MEG VÆRLAM TIL SALGS FOR SKINNEBANE ØNSKES KJØPT.

Innhald 1. februar 2010

Medlemsskriv nr oktober 2006

Avlingsregistrering på areal med miljøavtale i Aksjon Vatsvassdrag

Vi startar denne veka ein miniserie der vi vil presentera dei viktigaste grasartane våre. Først ute er raigras. PLANTEVERNKURS

Innhald 4. januar 2010

Årsmelding 2015, Haugaland landbruksrådgjeving

PLANTEVERNKURS TYSVÆR BONDELAG ARRANGERER PRAKTISK HMS KURS. Nummer 1 6. januar 2014

Haugaland landbruksrådgjeving e-post: Telefon:

TRANSPORTKASSE FOR DYR FOR SAL. Nummer mars 2014 HUGS OPPDATERING AV MASKINOVERSIKTEN. Rundballar for sal. 30 stk. 50% ts (1.

Fagmelding nr mandag 15.april opplag: 700

Haugaland landbruksnytt, 2014

Rapport prosjekt «høy til hest»

Forsand kommune. INFORMASJON FRÅ LANDBRUKSKONTORET Januar 2011

ÅRSMØTE I HAUGALAND LANDBRUKSRÅDGJEVING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

781 MVA. Innhald. Drøymer du. om å finna. Medlemsannonser. mars klokka SELGES. ganger, som gi bud. Henv. Olav. G. Larsen,

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

ETNE KOMMUNE SAKSUTGREIING

MEDLEMSANNONSER. Nummer desember 2013 ÅRSMØTE GEIT

Referat - Leiarmøte 15. og 16. oktober Velkommen en til Suldal v/leiar for Suldal Sau og Geit og leiar for LMT Suldal

Husdyrgjødsel Mineralgjødsel. Ragnvald Gramstad Fureneset

HAGEBLÅBÆR. Haugaland landbruksrådgjeving

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

Referat. Godkjenning av protokoll frå førre styremøte. Vedtak Protokoll frå førre styremøte er godkjent

«Ny Giv» med gjetarhund

Omfanget av fysisk aktivitet i grunnskulane i Sunnhordland og Nord Rogaland

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Innhald 8. mars 2010

Stemnehandboka for NKSF

Sandeid skule SFO Årsplan

Tysdag 10. mars 2015 kl på Bryne Kro & Hotell

Naturbruk - er du ikke riktig klok? Innlegg pårådgjevarkonferanse, 17. april 2012, ved Tore Henrik Øye, Landbrukstunet Kompetanse

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Innkalling til årsmøte i Osterøy Sau og Geit 2012

Kom skal vi klippe sauen

Ringbladet. Medlemskriv for Haugaland landbruksrådgjeving. Nr februar årgang

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

Omstrukturering av HMS-dokumentasjonen for avdelingane i sentraladministrasjonen innleiande drøfting

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

UTTALE TIL FORSLAG TIL FORVALTNINGSPLAN OG TILTAKSPROGRAM FOR VANNREGION ROGALAND

Rapport Helgjødsel i beite innhald av kopar og kobolt i beitegras

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Styremøte Sogn og Fjordane Sau og Geit på Reset

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

20/15 Hovudutval for teknisk, landbruk og naturforvaltning Forslag til forskriftsendring - heving av minsteareal i daa for hjort

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

16. april Kurs i matrikkelføring. Adresseoppgåver

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

NCC avd. Sogn og Fjordane

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Den nye seksjon for applikasjonar

Om lokalaviser og lokalt engasjement

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

mmm...med SMAK på timeplanen

Transkript:

Fagmelding 2014 Boks 38. 5588 Ølen Tlf: 948 51 010 Bankgiro: 3330-20-32438 Org.nr.: 988 094 781 MVA Internett: http://haugaland.lr.no E-post: haugaland@lr.no Nummer 9. 3. mars 2014 Innkalling til årsmøte i Haugaland Landbruksrådgjeving 12. mars. Kl 19.30. Meir info på s.2. Årsmeldinga er send i posten. Dufinn den og på vår heimeside http://haugaland.lr.no MARKDAG I KAMPANJEN TRYGGHET OG HELSE I LANDBRUKET. Lørdag 8 mars fra kl 11.00 til 14.00 Sted: Knut Egil Stakkestad Stakkestadveien 272. Stakkestad Det blir fokus på temaene: Sikker håndtering av storfe og støv i landbruket. Ta med naboen og kom. Alle er velkom- HMS-KURS PÅ KARMØY Kurs 4 mars kl 19.00 på karmøy sveis og landbruk.event spørsmål tlf 90790639. Arr: Karmøy sau og geit og Karmøy bondelag TRANSPORTKASSE FOR DYR FOR SAL Pris: kr.9.000.- Kontakt: Tlf. 99777444 Edvin Svendsen, 5574 Skjold BEITE TIL SAUER ØNSKES. Har ca 10-15 sauer med lam som ønsker seg en sommerferie fra midten/slutten av mai og ut sesongen. Kontakt Ivar på telefon 98000508 hvis du har område ledig. 1

Innkalling til årsmøte i Haugaland Landbruksrådgjeving Nesheimstunet i Nedre Vats, onsdag 12 mars kl 19.30 Foredrag: Førbyggjande helsearbeid i dyrehaldet v/ Veterinær Gunnar Dalen Årsmeldinga kjem i posten. Du finn den og på finn du på vår heimeside Forslag frå valnemda finn du i årsmeldinga på s.17 og 18. (utanom vedtekstendringane nedanfor) Forslag om vedtekstendringar frå valkomiteen. Valkomite på 3 ( ikkje 4 medlem) Etter vedtektene skal: valkomitéen bestå av 4 personar (2 frå ytre & 2 frå indre, samanslåingsordning). 4 personar er eit unaturleg tal i ein komite/styre og valkomitéen meinar tida er moden for å sjå på dette på grunn av: *** Samanslåinga har gått seg til. ***3 eller 5 medlem er betre. Det er ikkje funne noko vedtektsfesta om at valkomitéleiar har dobbeltstemme. 3 medlem vil etter valkomitéens syn vera optimalt. Om det er ynskjeleg å "sikra" valkrets, kan valkomitéen annankvart år supplerast med medlem frå kvar "region" Valkomitéen legg med dette framlegg til Årsmøtet i Haugaland Landbruksrådgiving at: valkomitéen skal vera samansatt av tre personar optimalt regionfordelt. Annankvart år skal nyvald medlem vera frå motsett region (indre/ytre) enn førre året. Val av leiar Etter drøfting med bakgrunn i røynsler frå samanliknbare styrer, ser valkomitéen det urimelege i at leiar etter noverande vedtekter vert veld for 1 år blant dei valde styremedlem. Kva om valkomitéen føreslår annan leiarkandidat eller det kjem benkaframlegg på årsmøtet? Valkomitéen legg med dette framlegg til Årsmøtet i Haugaland Landbruksrådgiving at: ***Leiar skal veljast v/separat val for 1 år. ***Styremedlemene vert redusert med 1 person Sjå paragrafer som gjeld vedteksendringar: 2

Kalkproblematikk Av. Lars Ketil Flesland, Jordanalysar frå Haugalandet viser at vi ikkje er så flinke å kalke som vi ein gong var. Vi har samla jordanalysar frå 1975 og fram til i dag. Desse viser ein auke i ph fram til år 2000 (ph 5,9). Etter den tid har pila peika nedover og gjennomsnittleg ph i 2013 var 5,7. Dette er ein tendens som gjeld også andre stader enn på Haugalandet. I følgje Rådgivande Agronomar, Rapport 4/2012, gjekk forbruket av kalk i fylka frå Aust-Agder til og med Møre og Romsdal ned frå ca 50.000 tonn i 2003 til ca 41.000 tonn i 2010. På Vestlandet har skjelsand vore ein særs viktig kalkressurs. Forbruket av skjelsand har gått enda meir ned. Forbruket på landsplan var i 2007 berre 40% av forbruket i 2001. Frå gamalt av var det vanleg å kalke i gjenleggsåret. No går lengre tid mellom kvar gong vi fornyar enga, då blir det også lengre mellom kvar gong enga vert kalka. Talet på aktive bønder går ned. Det er færre hender til å gjennomføra ein god jordkultur. Vi driv på større areal. Ofte har vi meir leigejord og må brukar entreprenørar for å nå over alt. Entreprenørar, som for å nå over alt, brukar store og tunge maskiner, - og som i mindre grad kan ta omsyn til været når arbeidet skal gjerast. Er dette nokre av årsakane til av vi her på Haugalandet har gått frå å ha grovfor til overs, til grovformangel? Dette samstundes som talet på grovforetande dyr har gått ned? Det er mange grunnar til at det er viktig med rett ph i jorda. Kor sterkt næringsstoffa er butte i jorda varierer med ph. Dei fleste næringsstoffa er lettast tilgjengeleg for planterøtene ved ph mellom 6,0 og 6,5. Ved sur jord (ph under 5,5) vil spesielt aluminium og jarn binde seg til fosfor og molybden, slik at desse næringsstoffa vert mindre tilgjengeleg. Overdriven kalking er heller ikkje bra, då vil fleire mikrostoff bli bunde, t.d. mangan, kobolt og bor. Når vi brukar handelsgjødsel vil ammonium (NH 4+ ) verka forsurande, medan nitrat (NO 3- ) som vi finn i kalksalpeter, verka svakt basisk. Ein kilo nitrogen i form av fullgjødsel forsurar jorda, tilsvarande 0,7-1,0 kg CaO (eller 2 kg kalksteinsmjøl). Ei normal gjødsling til eng vil føra til ei forsuring tilsvarande 20-40 kg CaO pr dekar og år. Å kalka kan vi i teorien gjera heile året, men kalk i høgt gras kan føra til sviskader på graset og feilgjæring i surforet. Å kalke på berrfrosten om vinteren er ein fin måte å fordele noko av arbeidet på garden, til ei tid på året det kanskje er mindre travelt. Beitekalking Å kalke beite byr mange stader på ei ekstra utfordring. Mange beite er bratte og steinfulle slik at det er vanskeleg å koma ut med maskiner. Å blande inn t.d. Biokalk i husdyrgjødsel (t.d. 20 kg biokalk pr m 3 husdyrgjødsel) er ein metode nokre brukar. I desse dagar går fristen for å bestille helikopterkalking ut. Kalking med helikopter er ein effektiv, og ikkje spesielt kostbar måte å forbetra beita på. Skjellsand og kalk på Haugalandet, 2014 Sjå oppdatert liste på vår heimeside 3

Kalkmengder. Der ein tilfører kalk ved jordarbeiding, er det ph som viser kor mykje kalk ein bør tilføra. Ulike jordarter reagerer ulikt på kalking. Sjå Tabell 1. Ved kalking oppå eng og beite kan vi ikkje tilføra for store mengder (ikkje meir enn 350 kg grovkalk pr dekar), sidan ein då kan få for høg ph i jordoverflata som kan hindra næringsopptaket i plantene. Kalk løyser seg dårleg opp i vatn. Kalktrong i kg CaO/daa for å heva ph med 0,1 enhet ved ulik jordart og moldinnhald (kjelde Yara ). For ein kalktype som inneheld 50 % CaO må du kalke med 60 kg kalk for å tilføre 30 kg CaO. HELIKOPTERKALKING I VÅR UTSATT FRISTEN TIL 5.MARS! Ta kontakt med Lars Ketil Flesland. Mobil: 947 81 807, eller e-post: lars.kjetil.flesland@lr.no. MASKINFØRARKURS Tid: 13.-16. mas 2014. Kurset startar torsdag 13. mas kl. 17.00-21.00, dei andre dagane er frå kl. 09.00-kl. 16.00. Stad: Felleskjøpet i Haugesund, møterommet. Pris: kr. 4.800,- (kr. 4.000 for medl.) Kurset er eit samarbeid mellom Kristiansand Truck-opplæring, som er fagansvarleg gor kurset. Kurset dekker teoridelen for masseforflyttingsmaskiner (gravemaskin, hjullastar og dumper). Praksiskravet må dokumenterast for å få maskinførarbevis for den einskilde maskin (kan gjerast etter teoridelen er bestått). Alle som køyrer masseforflyttingsmaskiner over 20,4 hk må ha slikt bevis. Traktorgravar med hurtigkopling (trepunktsmontert) er fritatt frå kravet 4

PROGRAM GROVFORDAG Onsdag 26. mars Isvik Bedehus, Isvik Kl 10.45-11.00 Frammøte m/kaffi Kl 11.00-12,30 : PENGER I ULIKE GROVFOR-STATEGIER v/ rådgjevar Bart Van Gool Hordaland Landbruksrådgjeving Kl 12.30-13.15 Matøkt Kl 13.15-13.45 : Val av gras/grasfrøblandingar v/ Håkon Pedersen frå Haugaland LR Kl 13.45 14.15 Utfordringar/Erfaringar ved lite grovfor. v/anja Våg Skjold frå Tine Kl 14. 30 15.00 Presentasjon av/eksempel på bruk av berekningsprogramet Grovforøkonomi v/harald Hetland frå Haugaland LR Påmelding innan 21. mars til Haugaland Landbruksrådgjeving tlf 94851010 eller mail : haugaland@lr.no. Deltakar-avgift kr 300,- Arr. Haugaland Landbruksrådgjeving og Tine Den første gulrota på Langåker ble sådd 1. mars 5

ØKOLOGISK FAGDAG PÅ SØRE SKOGEN 19. MARS. NLR Rogaland og Haugaland Landbruksrådgjeving inviterer alle interesserte til fagdag på Søre Skogen i Skjold 19. mars kl 10.45 16.00 På Søre Skogen har Martin Aeschlimann og Drude Isene allsidig jordbruksdrift med gris, sau, drivhus og hagebruk etter økologiske prinsipp. Ekte hestekrefter er ein viktig del av driftsopplegget. Dei har lang røynsle med kompostering og fokus på god jordkultur. Program: Del I «teori - inne». Hvorfor økologisk? Hvordan oppnå god jordkultur. Kompostering. Allsidig jordbruksdrift etter økologiske prinsipp. Ugrass, grovfordyrking. Del II «ute». Ser på dyra - hest, gris, sau Ser på komposten. Ser på maskiner til hest. Besøk i drivhuset, hagebruket Påmelding innan 13. mars til ane.harestad@lr.no eller 941 64 528. Deltakaravgift kr 200,- Foto: Det er lite jordpakking når Martin sprer husdyrgjødsel med hest og vogn. BÆRSEMINAR PÅ ØSTLANDET 12-13. MARS PÅ HAMAR. Sjå programmet her: Program bærmøte Påmelding til Jørn Haslestad innan 3. mars på e-post: jorn.haslestad@lr.no BÆRMØTE 25. mars kl 19.00 i Aksdal. Nytt frå bærseminaret. Viktig arbeid i bærfelta før hausting mm. Påmelding til Torbjørn innan 21. mars. tel 94878567 e-post:torbjorn.ruud@lr.no Årsmøte i Haugaland Avløysarlag På Tenkeloftet på Tysværtunet onsdag 19. mars kl 1930. Årsmøtesaker, varmrett, kaker og kaffi. Kåseri med Einar Tho, mannen bak Leksigalt -spalta i Haugesunds Avis. Velkommen. 6

AKTIVITETS-KALENDER Under finn du oversikt over dei arrangementa vi kjenner til, som kan væra interessant for oss bønder på Haugalandet. Kjenner du til ein aktuelle møte, kurs eller andre arrangement du vil lysa ut, ta kontakt. Haugaland@lr.no eller ring 94851010. Me tar inn alle landbruksrelevante arrangement. Tid Plass Møte Arrangør/info 3. mars, kl. 19.30 Jan Idar Haugen Skjold Vik produsentlag 3. mars, kveld Sand 4. mars, dag Etne Etne Produsentlag 4. mars, kveld Vindafjord Vindafjord Produsentlag 4. mars, kveld Haugaland Årssamling TINE produsentlag Haugaland Produsentlag 6. mars, kl. 19.30 Soknahuset Tysværvåg 11. mars, kl. 19.30 Imsland Bygdehus Bokn-Tysvær Produsentlag Vikedal Produsentlag 12. mars. Klokka 19.30. 19. mars. Kl. 10.45-15.00 19.mars kl 19.30 25.mars kl 19 Nesheimstunet i Årsmøte Haugaland landbruksrådgjeving Vats Haugaland landbruksrådgjeving Martin Aeschlimann, Skjold Rogaland. Haugaland landbruksrådgjeving. NLR Økologisk fagdag Etne Våronnmøte HL, Felleskjøpet og Bondelaget Aksdal Bærmøte Haugaland Lanbruksrådgjeving 26.mars 2. april klokka 19.30 Etne Kulturhus Grovfordag Open møte om matsikkerhet Sjå program Haugaland Landbruksrådgjeving og Tine Etne Bondelag KONTAKT OSS: Håkon Pedersen. Mobil: 948 76 870 E-post: hakon.pedersen@lr.no Torbjørn Ruud. Mobil: 948 78 567 E-post: torbjorn.ruud@lr.no Annlaug Fludal. Mobil: 948 45 427 E-post: annlaug.fludal@lr.no Lars Ketil Flesland. Mobil: 947 81 807 E-post: lars.kjetil.flesland@lr.no Harald Hetland. Mobil: 416 32 774 E-post: harald.hetland@lr.no 7