MØTE MED ELEVAR 10. TRINN MÅNDAG 05. MARS 2012 Vårsemestert, eksamen, vurdering og klage
Elevvurdering Opplæringslova Forskrift til Opplæringslova Kunnskapsløftet 06 læreplanen Desse dokumenta bestemmer korleis me skal drive skulen i Noreg
Forskrift til Opplæringslova 3 om: ELEVVURDERING Frå 1.klasse til ut vidaregåande skule
Elevvurdering Alle elevar har rett til vurdering i alle fag i orden og åtferd To slag vurdering ulikt føremål: Undervegsvurdering Sluttvurdering
Sluttvurdering Føremål: Gje informasjon om kva kompetanse eleven har ved avslutning av opplæringa i faget Heimkunnskap 9.kl / andre fag 10.kl Breitt vurderingsgrunnlag / samla kompetansemål Skal vera kjent med grunnlaget for vurderinga
Grunnlaget for vurdering i fag Samla kompetansemål i Kunnskapsløftet (læreplanen) Ikkje: Føresetnadene til kvar elev Samanlikning med andre elevar Fråver Orden /åtferd Kroppsøving både mål og elevens føresetnader
Grunnlaget for vurdering i fag Læraren skal: Skaffa tilstrekkeleg grunnlag for å vurdera kva kompetanse eleven har Snakka med elevane om kva som er måla for opplæringa Samtala med elevane kor dei er i høve til måla Samtala med elevane om korleis dei kan auka kompetansen sin i høve til måla
Grunnlag for vurdering i fag Eleven skal: Møta til og delta aktivt i opplæringa slik at læraren får grunnlag til å vurdera eleven sin kompetanse Stort fråver eller manglande deltaking i planlagde vurderingssituasjonar kan føra til at det ikkje er grunnlag for halvårsvurdering (karakterer jul/sommar) eller sluttvurdering
Måloppnåing Høg måloppnåing Karakterar 5 og 6 Middels måloppnåing Karakterar 3 og 4 Låg måloppnåing Karakterar 1 og 2
Vurdering i orden og åtferd Føremål: Bidra i sosialiseringsprosessen til eleven Skapa eit godt psyko-sosialt miljø Gje informasjon om eleven sin orden og åtferd
Grunnlag for vurdering i orden og åtferd Om eleven følgjer Ordensreglane på skulen Skal haldast åtskilt frå vurdering i fag
Grunnlag for vurdering i orden Møter førebudd til opplæringa Gode arbeidsvanar og god arbeidsinnsats m.a.: Er punktleg Følgjer opp arbeid som skal gjerast Har med nødvendig læremiddel og utstyr
Grunnlag for vurdering i åtferd Korleis eleven oppfører seg mot medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa M.a. at eleven viser omsyn og respekt for andre Karakterar for orden og åtferd: God Nokså god Lite god
Varsling til heimen Skriftleg varsel til føresette dersom det er tvil om ein har grunnlag for vurdering i eit eller fleire fag Skriftleg varsel dersom det er fare for at eleven får nedsett karakter i orden/åtferd Varsla slik at eleven har høve til å skaffa grunnlag for vurdering i fag og/eller betra orden/åtferda
Fråver Fråver skal førast på vitnemålet Timar og dagar Frå 8. 9. 10.klasse Alt heiter fråver: Ikkje: gyldig og ikkje gyldig fråver
Fråver Kan krevja at inntil 10 dagar ikkje vert ført på vitnemålet kvart år: Dokumentert sjukdom legeerklæring frå og med 4. fråversdag Innvilga permisjon frå lærar/rektor/skulesjef Eleven/føresette har dokumentasjonsplikta Kan be om vedlegg til vintemålet
Fråver skjema på heimesida
Fråver skjema på heimesida Frist for innlevering er 01.06.12
Frå aktivitetsplanen i vår: 15.03.: Periodevurderinga vert levert ut veke 12 og 13: foreldresamtalar veke 14: Påskeferie veke 15: Prøvemunnleg
Frå aktivitetsplanen i vår: veke 16: tysd. 17.04: Standpunktprøve engelsk torsd. 19.04: Standpunktprøve norsk I fred. 20.04.: Standpunktprøve norsk II veke 17: fred. 27.04.: Standpunktprøve matematikk
Eksamen Skriftleg eksamen: Tysd. 15. mai: melding om trekkfag Onsd. 16. mai: obligatorisk førbuingsdag matematikk Månd. 21. mai: eksamen matematikk Tysd. 22. mai: obligatorisk førebuingsdag norsk Onsd. 23. mai: eksamen norsk h.mål Torsd. 24. mai: eksamen i norsk s.mål
Eksamen Onsd. 30. mai: obl, førbuingsdag engelsk Torsd. 31. mai: eksamen engelsk Me har bede om trekking av ein klasse aleine og to og to i lag, så det vert eksamen i alle fag. Elevane får førebuingsmateriell til eksamen i norsk og engelsk.
Eksamen Tilleggsmatriell til eksamen:
REGLAR FOR ELEVAR VED SKRIFTLEG EKSAMEN - KVAM UNGDOMSSKULE VÅREN 2011: Kvar elev set seg straks på plass. Eleven må ikkje forlate denne plassen utan lov. Elevane får 5 klokketimar til å utarbeide svara. Elevar kan få 15 minutt i tillegg for å levere prøvesvara. Elevane får utlevert alt kladdepapir som har skulen sitt stempel. Det må vere heilt stille og roleg i romma når det blir arbeidd med oppgåvene. Alle spørsmål skal gå til ein inspektør (vakt). Når ein elev er ferdig med arbeidet og ønskjer å levere svaret, gir han eller ho teikn til ein inspektør, som kontrollerer papira. Eleven blir sitjande på plassen sin til han eller ho får lov til å gå.
REGLAR FOR ELEVAR VED SKRIFTLEG EKSAMEN - KVAM UNGDOMSSKULE VÅREN 2011: Ved digital eksamen (som me skal ha i engelsk), må elev og inspektør vere veldig nøye med at fullstendig utgåve av svaret vert lasta opp/levert. Ikkje slett eksamenssvaret etter levering, men samle dei opp på ein minnepenn. Eleven nyttar kandidatnr. som namn på fila med eksamenssvaret. Alle kladdeark må leverast inn, og vil ikkje bli utleverte før prøva er slutt. Kladdeark skal normalt ikkje følgje med eit prøvesvar. Men dersom rimeleg grunn har hindra eller forseinka arbeidet til ein elev, kan kladden leggjast ved. I slike tilfelle vil sensorane kunne sjå bort frå at ein del av svaret ligg føre på kladd. Dersom ein elev ikkje kan møte til eksamen på grunn av sjukdom, må skolen få melding så snart som mogleg. Gyldig fråvær krev legeattest. Alle hjelpemiddel er tillatne med unntak av hjelpemiddel som gjer det mogleg med kommunikasjon td. mobiltelefon og kommunikasjon via internett. For norsk og engelsk er ikkje oversettingsprogram tillatne. Under delprøve 1 i matematikk er ingen hjelpemiddel tillate. Er det tvil om eit hjelpemiddel er tillate eller ikkje, avgjer rektor dette. Enkeltelevar kan ha rett til tilpasningar ved gjennomføring av eksamen (td. ekstra tid, oppg. innlesne på CD). Skulen gjer avtale med dei det gjeld i forkant av eksamenen.
Eksamen Skuletur i veke 23 Munnleg eksamen Månd. 11. juni: melding om fag og utlevering av oppg. presentasjon og samtaledel, spørring av andre kompetansemål i samtaledel Onsd. 13. juni: munnleg eksamen Avslutningsfest onsd. 20. juni
Munnleg eksamen = lokal gitt eksamen
Rammer for lokalt gitt eksamen i Hardanger/Voss kompetanseregion Regionen skal nytta eksamensform med følgjande rammer: Eleven får melding om trekkfaget 48 timar før eksamen Skulen ved rektor avgjer kor lang førebuingstid eleven får på den utdelte oppgåva. Førebuingsdelen kan vera på inntil 2 dagar jf. FtO 3-29, 3.ledd. Rektor avgjer kva eksamensmodell elevane skal opp i (enkeltvis eller par). Elevane og lærarane bør vera med på å avgjera kva prøveform som skal nyttast. Elevane har rett på, men ikkje plikt til, rettleiing frå faglærar under førebuinga
Informasjon til elevar og lærarar Elevar og lærarar bør tidleg, og seinast ved oppstart i 10. klasse, gjerast merksame på rammer for lokalt gitt eksamen. Det er eit krav at det i løpet av 10. klasse vert arrangert minst ein prøvesituasjon for elevane som liknar ein lokalt gitt eksamen i gjennomføring. Dette inneber fylgjande: Elevane er kjende med rammer og reglar for eksamen. Elevane har erfaring med aktuelle tema /område. Elevane har erfaring med korleis rettleiing vert gitt. Elevar som går opp i par, må ha fått trening i å fordela oppgåver og arbeida saman om å løysa dei. Elevane har fått informasjon om krav som vert stilte, og kva for kriterium dei vert vurderte etter. Det er kompetansen på eksamen som skal vurderast. Jfr. Fagrapport og lokal instruks. Elevane og dei føresette har fått informasjon om reglar for klagerett i høve lokalt gitt eksamen.
Klagerett Det kan berre klagast på formelle feil som kan ha innverknad på karakteren. Jfr FtO 5.10. Ved klage hentar rektor inn fråsegn frå ekstern sensor og eksaminator/ faglærar. Desse fråsegnene sender rektor saman med si fråsegn til fylkesmannen. Kopi av fråsegnene skal sendast til klagaren. Om klagaren får medhald, skal karakteren annullerast, og klagaren har rett til å gå opp til ny eksamen. Dersom klagaren vel å gå opp til ny eksamen, skal prøvesvaret vurderast av ny sensor. Gjeld klagen trekkfag, skal det trekkjast fag på ny. Eleven skal få melding om faget på same måte som ved ordinær prøve.
Fagrapport Saman med elevane utarbeider faglærar ein fagrapport som presiserer korleis elevgruppa har arbeidt for å nå kompetansemåla i læreplanen for faget. Ein viser til mal for fagrapport bak i instruksen. Fagrapporten skal innehalda opplysningar om kompetansemål, tema, arbeidsmåtar, vurderings- kriterium/læringsmål og referansar til læremiddel.
Oppgåver Faglæraren har ansvar for å utarbeida oppgåvene til lokalt gitt eksamen. Oppgåvene må stå i forhold til den førebuingstida og dei hjelpemidla elevane har til rådvelde.
Utstyr og hjelpemiddel I førebuingstida må elevane få tilgang til dei hjelpemidla skuleeigar har tillate slik at dei får høve til å skaffa seg nødvendig informasjon. Hjelpemidla må vera formålstenlege og relevante for eksamen. Skulen må ha ein plan for tilrettelegging for elevane i førebuingstida.
Eleven sine moglegheiter, rettar og plikter Dersom skulen har opna for at elevane kan gå opp i par, skal eleven skal ha innverknad på korleis para vert sette saman, men det er skulen som til slutt avgjer kva elevar som utgjer eit par. Para skal etablerast i god tid før eksamensperioden, og seinast så snart som mogeleg etter at trekkfaget er kjent for elevane. Elevane har rett til å velja å gå opp til eksamen individuelt. Dersom ein elev vel å gå ut av eit oppsett par for å gå opp individuelt, må denne avgjersla takast seinast når trekkfaget vert kunngjort. Dersom ein av elevane i eit par vert sjuk, må den andre eleven vera førebudd på å gå opp individuelt. Elevane skal i heile førebuingsperioden ha tilgang på hjelpemiddel skuleeigar har bestemt kan nyttast.
Rettleiing Elevane har krav på rettleiing i førebuingsfasen. Rektor må sjå til at faglærar i rimeleg grad er tilgjengeleg for elevane. Skulane kan setja opp ein rulleringsplan for når dei ulike elevgruppene/elevane kan få rettleiing. Rettleiinga har fleire formål: Å presisera prosedyrar for eksamensgjennomføringa Å klargjera oppgåva for elevane Å klargjera vurderingskriteria for elevane Å bidra til like mogelegheiter for alle elevane i gruppa Å bidra til godt samarbeid og gode relasjonar i elevgruppa Rettleiinga må ikkje: Gje elevane instruksjonar om ein bestemt løysingsmåte eller etablera avtalar om korleis elevane skal svara på spørsmål.
Tidsramme Det vert sett av inntil 30 min. pr. elev til gjennomføring av lokalt gitt eksamen. Ved eksamen med 48 timar førebuingstid vert eksamenstida, presentasjon og utdjupingssamtale delt i høve 10 min framføring/presentasjon( 30%) og 20 min utdjupingssamtale ( 70%). Faglærar sensor må her bruka fornuft. Elevane vert gjort merksame på tida, til dømes når det står igjen 2 minutt av presentasjonstida. Slik varsling vert avtalt mellom ekstern sensor og faglærar, og elevane vert minna om det ved eksamensstart.
Vurdering og karaktersetjing Elevane skal vurderast individuelt, same kva eksamensmodell som blir vald. FtO 3-3 og 3-4, gir retningslinjer for fastsetjinga av karakter. Det bør nyttast vurderingskriterium utarbeidde av skulen. Vurderingskriteria må vera forankra i læreplanen for faget. Grunnlaget for vurderinga er kompetansemåla i faget. Elevane skal vera kjende med måla for opplæringa og kva som vert vektlagt i vurderinga.
Klage på standpunktkarakterar ved klage på standpunktkarakter i fag: ved spørsmål om klage, tilbyr me eit møte (grunngjeving for karakteren og prosedyrer ved klage og grunn for klage) foreldra eller elev (15 år) sender skr. klage til skulen skulen handsamar klagen og sender denne vidare til Fylkesmannen i Hdl
Klage på standpunktkarakterar dersom FM imøtekjem klagen, får skulen melding om å gjera ny vurdering skulen gjer nytt vedtak, endrar eller endrar ikkje karakteren eller FM imøtekjem ikkje klagen, og karakteren vert ståande
Klage på standpunktkarakterar ved klage på orden og årferdskarakter: om lag som prosedyren for klage på standpunktkarakter i fag men FM set ny karakter om klagen vert imøtekomen
Klage Kan klaga på at skulen avviser klagebehandling (td. dersom klagen kjem for seint). Kan klaga på vedtak om ikkje å setja karakter i fag (når skulen meiner det ikkje er grunnlag for å setja standpunktkarakter).
Klage på eksamenskarakterar klage på karakter til skriftleg eksamen: eksamenssvaret vert sendt ei klagenemnd for ny vurdering kan få samme, gå opp eller gå ned i karakter gjennomgå helst eksamenssvaret med faglærar før klage vert sendt klage på karakter til munnleg eksamen: kan berre klagast på formelle feil fylkesmannen avgjer karakter frå munnleg eks. vert annulert og eleven får tilbod om å gå opp til ny eksamen må trekkja fag på nytt
Munnleg eksamen Døme på formelle feil: For sein beskjed om trekkfag At du blir prøvd i mål som ikkje er relevante for temaet du vert høyrd i Trakasserande framferd frå sensor eller eksaminator At faglærer ikkje har levert fagrapport til sensor i tide Sensor som sovnar eller openbert ikkje følgjer med Sensor som er inhabil (f.eks. nær slekt) At sensor i si grunngjeving trekkjer fram ikkje relevante vurderingskriterium (som innsats, haldning etc.) Eksamensoppgåver som ikkje er innanfor måla i læreplanen (sensor må kontrollera dette) Eleven blir bedt om å leggja bort notata Mobiltelefon som ikkje er slått av. Sensor tek imot eller sender tekstmelding. Avbrot og forstyrringar under eksamen (støy utanfrå/brannbilar, lærar kjem inn og seier: Eg skal bruka dette rommet )