Heimemisjonen. Stort å få tillit. Heimemisjonen 1. Ingrid Kvam Steinshamn (30) har takka ja til å bli rektor. for seg oppstart til hausten.

Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Nybakt pensjonist TEKST OG FOTO: PER OVE STIGE

«Ny Giv» med gjetarhund

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Brødsbrytelsen - Nattverden

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Månadsplan for Hare November

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

mmm...med SMAK på timeplanen

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER


BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Med spent forventning... Sjekkliste for ein god barnehageslutt og ein god skulestart

Til deg som bur i fosterheim år

Informasjon til elevane

Setring ved Håbakkselet Hareid

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

I N N H O L D. Forord

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Sandeid skule SFO Årsplan

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

5. Soknerådsmøte mai Referat

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

Jon Fosse. For seint. Libretto

Valdres vidaregåande skule

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Kvalitetsplan mot mobbing

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

1. Forord s Når eit barn døyr s Dødsulukke i skulen s Dødsulukke utanfor skulen s Dødsfall etter lang sjukdom s.

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Strategiplan for Nordhordland Indremisjon

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

6. trinn. Veke 24 Navn:

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Seljord kommune PLAN FOR SAMARBEID OM OVERGANG FRÅ BARNEHAGE TIL SKULE / SFO BARNESKULE - UNGDOMSSKULE I SELJORD KOMMUNE

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Kva er økologisk matproduksjon?

Kom skal vi klippe sauen

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Nynorsk. Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo. 4. klasse

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?


Velkomen til Mork barnehage

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Brannsår, rus eller friheit?

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Transkript:

Heimemisjonen nr. 1-2015 - 97. årgang Organ for Sunnmøre Indremisjon Stort å få tillit Ingrid Kvam Steinshamn (30) har takka ja til å bli rektor på Møre barne og ungdomsskule Skodje som ser for seg oppstart til hausten. Tekst: Ragnhild Kristine V. Espelund Foto: Kjetil Fyllingen Det er no klart at Sunnmøre Indremisjon får starte opp nok ein grunnskule på Sunnmøre, nemleg Møre barne og ungdomsskule Skodje. Rektor er på plass, og det er ingen ringare enn Ingrid Kvam Steinshamn (30), som i dag er leiar for ImfUNG Sunnmøre. - Det er nok ein ibuande iver etter å jobbe med skule, fortel Steinshamn på spørsmålet om kvifor ho har takka ja til å bli rektor. - Eg skjønte det då eg begynte å jobbe på Danielsen (Osterøy) at dette er noko eg likar veldig godt, at det er noko som gir ekstra energi og glede, legg ho til. Starten på ein ny skule I januar 2014 starta det opp eit styre som skulle arbeide med ny grunnskule på Skodje, og Steinshamn vart allereie då involvert i prosessen som styremedlem. - Då eg fekk muligheit til å vere med i styret og fulgte skulen litt, så vart eg gla i skulen. Og då eg fekk muligheita til denne jobben, så var avgjersla enkel. Eg synest dette er veldig gøy, fortel den unge rektoren med eit stort smil. - Det var eit initiativ frå styreleiar Odd Nybø å starte denne skulen, og han forstod at det var nokon som var svært engasjerte og at dette skulle vi få til, legg ho til. Stort ansvar Som rektor får ein ansvar både for foreldre, tilsette og elevar. Det har Steinshamn tenkt mykje på. - Det er mange tankar eg gjer meg om ansvaret. Det er stort å få tilliten, og eg håpar eg vil gjere meg den verdig, seier ho audmjukt. - Det er mange ting eg er oppteken av at skal bli gjort riktig. Vi skal følgje dei prosessar som føreligg, lovverk og reglar, og at alt skal vere riktig. Og eg er oppteken av at alt skal vere gjennomsiktig slik at foreldre og andre samarbeidspartnarar ser at det vi held på med er positivt og kvalitet på, fortel Steinshamn. Utfordringar før skulestart Frå 1. mars starta Steinshamn i ei lita stilling som rektor, dersom alt går etter planen går ho aktivt inn i full stilling frå og med 1. mai i år for å gjere klart til skulestart i august. Det er framleis utfordringar som ligg framføre. - No er det lærarane vi vil snakke med. Vi har fått ei flott søkarmasse, og eg er imponert over kvaliteten som viser seg å vere, foreløpig på papiret. Dei gler eg meg til å snakke med, seier Steinshamn. - Det har ikkje vore lett å få den permanente tomta til skulen, men ei midlertidig løysing er rett rundt hjørnet, legg ho til. Plass til fleire På heimesida til Møre barne og ungdomsskule Skodje er det muligheit for å søke både som elev og lærar. Det er allereie 30 elevar som har søkt. Ingrid Kvam Steinshamn (30) er tilsett som rektor ved den nye Møre barne og ungdomsskule Skodje, som satsar på skulestart i august. - Det er berre å søke no, då veit vi kor mange lærarar vi treng og kva kompetanse dei bør ha, seier Steinshamn. - Vi har lov til å ha 195 elever, det blir nok ikkje så mange i år, men vi tek i mot alle som vil og så lager vi plass, avsluttar Steinshamn med eit smil. Utfordringar for skulestyret Med skulestart til hausten har Møre barne og ungdomsskule framleis ei utfordring med å finne skulehus. Foreldra som har søkt plass for sine born ynskjer at skulen skal ligge i Skodje. - Styret for skulen har arbeidd med dette som mål, og mange alternativ har vore vurderte, men vi innser at dette ikkje let seg gjennomføre, fortel Odd Asbjørn Nybø, styreleiar. Skulestyret har no tatt kontakt med Skodje kommune for å få leige det kommunale skulehuset i Brusdal. - Vi har vorte godt mottekne, og på eit møte med kommunen vart det avtalt at det skal utarbeidast framlegg til leigeavtale. På synfaringa i bygget fekk vi eit godt inntrykk av huset. Dette skulehuset, som er bygt tidleg på 80-talet, vil vere godt egna for den nye Møreskulen, men «feilen» er altså at dette er ikkje i Skodje sentrum. Det vil no bli arbeidd med å få til ei god skyssordning for elevane, og håpet vårt er at skuleskyssen blir så god at alle som ynskjer å gå på denne kristne friskulen, tek imot skuleplass, legg Nybø til. Heimemisjonen 1

LEDER Ein siger for alle Det har glitra i medaljar og skistjerner på tv-skjermane dei siste vekene. Omkransa av ei stor folkemengd som heiar utøvarane gjennom løypene, mest på sine eigne, men alle blir løfta fram av heiaropa. Som fleire av løparane nemnde; - vi fekk nye krefter. Der vinnarane på podiet blir hylla, er det samstundes ein heil nasjon som kjenner seg som vinnarar. Det er ei god kjensle, ikkje sant? Og mange er med, men usynlige. Ikkje ver usynleg, vis deg, gi eit livstegn frå deg, vis at du er med på laget! Det var stor jubel når han som skulle bli konge kom til byen også. Nær alle hadde tatt turen for å ynskje han velkomen, det var jubel og heiarop då han kom forbi. Nokre av dei ivrigaste hoppa opp og reiv med seg palmegreiner for verkeleg å gi beskjed om kor stort dette var, og kor bra det var; Victor Haram Programleiar og teknisk ansvarleg i Radio Sentrum Eg tenkte på det under VM på ski, kven heiar eg på? Er laget mitt verdt eit heiarop? Er eg stolt over det mitt lag oppnår? Oppnår vi noko som helst? Eller er det bakglatte ski eller ski med klister som vi må stake nedoverbakke også? I ski-vm under 10 km fekk skismørarane det glatte lag, fordi dei ikkje hadde gitt jentene glatte ski. Då kom dei fram i lyset. Løparane var sjanselause utan rett smurning. Vi som ikkje går i løypa, gir vi rett smurning til våre utøvarar? Kva byggjer lagfølelsen i vår samanheng? Løfter vi opp dei som er svake, gir vi håp og oppmuntrande ord til våre medmenneske, er vi eit lyspunkt i tilværet? «Denne sigeren var den siste vi trengde. Den er vunnen for evig, den er heile laget sin, den er din.» - Kongen kjem!! HURRA HURRA! Han nådde ikkje målstreken som ein vinnar denne kongen. Ingen pall å klatre opp på for å motta sigerskransen. Han fekk trykt ei tornekrone nedover hovudet. Gleda var snudd til hat og sinne, og skuffelse. Korsfest, korsfest, korsfest! Taktfaste rop om det verste dei kunne tenke seg. Lite visste dei om at det var akkurat der, på den verste plassen å døy, sigeren kom: - Det er fullbrakt! En siger som er for alle i dag og. - Den beste sigeren er den neste, seier toppidrettsutøvarane. Sender du av og til ei melding til leiarane i ditt lag? Det går bra! Eg er med, heiar på deg. Eg ber for deg, Stå på! Du er flink! Det kan vere nok det. Eit lyspunkt i tilværet, eit klapp på skuldra. Vi får nye krefter når vi oppdagar at mange er med. Denne sigeren var den siste vi trengde. Den er vunnen for evig, den er heile laget sin, den er din, ei takk til sigerherren Jesus er nok og du er med på laget. Laget som overvinner døden. Kva er større enn det? Og du som er i starten på løpet, du som er der midt i løpet, eller om du er på oppløpet, det går til siger, pallen er klar, du er en vinnar! God påske! ORGAN FOR SUNNMØRE Indremisjon Heimemisjoen Redaktør: Johan Halsne Postboks 7836 Spjelkavik, 6022 Ålesund Tlf. 70 17 86 70 Fax. 70 17 86 69 Bankgiro: 3000.15.31235 E-post: sunnmore@imf.no Internett: www.imf.no/sunnmore Ung Misjon: www.ungmisjon.no Brusdalsheimen Telefon: 70 27 45 53 Bankgiro 3900.31.17255 Orreneset Misjonssenter Telefon: 70 25 07 56 Bankgiro: 4045.07.07211 Daggry barnehage Telefon: 70 18 24 97 Bankgiro: 3000.21.36682 Borgund Folkehøgskule Telefon: 70 17 76 00 Bankgiro: 8220.02.20788 Møre Ungdomsskule Telefon: 70 17 66 70 Bankgiro: 8220.02.80287 Møre barne og ungdomsskule Skodje Telefon: 40 29 36 41 Bankgiro: 3000.32.36796 Møre barne - og ungdomsskule Herøy Telefon: 70 08 05 50 Bankgiro: 3000.18.45655 Begravelsesbyrået Sunnmøre A/S Telefon: 70 17 86 60 Vakttelefon: 90 86 38 56 Si-Reiser AS Telefon: 70 17 90 00 www.si-reiser.no Radio Sentrum Telefon: 70 15 41 00 Bankgiro: 3900.21.10311 www.radiosentrum.no

Imf-ung Det stakk i hjartet prosent med leirarbeid i ImF-UNG Sunnmøre fram til sommaren, og studere prosjektleiing ved høgskulen. Det har vore ein modningsprosess å takke ja til spørsmålet ho fekk frå Karl Arne Austnes sommaren 2013 om å starte arbeid i ytre bydel. Eg opplevde at Gud har bekrefta kallet til å gå inn i desse oppgåvene, forklarer Alice. Saman med Eivind Landro skal ho fram mot sommaren undersøke kva slags type arbeid som trengs, og dei vil gjerne ha med eit team av frivillige. Det er for eksempel mangel på aktivitetar for ungdommar som ikkje er med i idrett, dei fell utanfor, fortel Eivind Landro. Alice Holmen er nyleg tilsett i Sunnmøre Indremisjon for å drive med bydelsarbeid i Ålesund. Alice Kristin Holmen (37) kjente at det gjorde vondt då ho høyrde om mangelen på kristent arbeid i ytre bydel i Ålesund. Eg vil vere med og snu det, seier ho. Tekst og foto: Halldis Bjervik Volle Ergoterapeuten har arbeidserfaring frå fleire stader i landet og frå fire år i Nepal. Sjølv vaks ho opp midt i Skodje sentrum og kjenner på takksemd for det flotte barne- og ungdomsarbeidet der. I ettertid ser eg kor viktig det har vore for mi tru. No vil eg vere med og gi tilbake det eg sjølv har fått oppleve, fortel ho. Alice har allereie byrja i ei prosjektstilling i 50 prosent. Fram til sommaren skal ho førebu oppstart av arbeidet i ytre bydel, og vil også busetje seg der. I tillegg skal ho arbeide 20 Vi må byrje i det små og så blir vegen til etterkvart, seier Alice, som blant anna har erfaring med å starte ei avdeling for ergoterapi ved eit sjukehus i Nepal. Be gjerne for Alice, Eivind og oppstart av arbeidet i ytre bydel til hausten. Nytilsett på kontoret Eirin kjem frå Sotra, er gift med Håvard Nybø, har ein gut på to år og bur på Sjøholt. Ho er utdanna førskulelærar og har jobba i barnehage i 10 år. Eg er godt kjent med indremisjonsarbeidet frå Midthordland, og var med i barne- og ungdomsnemnda der i to periodar. Alice Holmen (t.v) og Eirin Algrøy Nybø, som begge to har starta i Sunnmøre Indremisjon denne vinteren. Eirin Algrøy Nybø (30) kom til ImF-UNGkontoret i rett tid. No svarar ho på telefonar og e-postar, planlegg leirar og gjer elles det som trengs. Frå 1. februar har Eirin jobba 50 prosent og er på kontoret tre dagar i veka. Avtroppande leiar for ImF-UNG, Ingrid Kvam Steinshamn, er veldig glad for at Eirin kunne byrje på kontoret: Ho gjer ein fantastisk innsats! 3

NyheNDE Vil sakna kontakta med lyttarane med mest radioerfaring i staben. Og då Radio Sentrum trengte folk på grunn av sjukdom, gjekk eg inn der. Etter to år vart eg dagleg leiar, fortel Oddveig med eit smil. Oddveig Molnes her i 25 år arbeidd i Radio Sentrum. Frå 1. mars i år gjekk ho av som pensjonist. Etter 25 år i Radio Sentrum gjekk Oddveig Molnes av som dagleg leiar 1. mars i år. Det er med blanda følelsar, fortel Oddveig rørt, og seier at ho nok vil sakne kontakta med lyttarane mest. Tekst og foto: Ragnhild Kristine Vartdal Espelund I 25 år har Oddveig Molnes vore tilsett i Radio Sentrum. Nyleg gjekk ho inn i pensjonistrekka, og det med blanda følelsar. - Det har vore ein veldig kjekk jobb. Eg har hatt god kontakt med lyttarane og det kjem eg til å sakne. I denne tida har eg møtt mykje folk og intervjua mange, det kjem eg og til å sakne. Samtidig var no tida moden, fortel Oddveig. Daglege sendingar Med daglege direktesendingar kvar morgon og ettermiddag har Oddveig vore for mange lyttarar ein ven som kjem på besøk inn i heimen deira. Og då å halde engasjementet oppe i kvar sending har ikkje vore vanskeleg. - Eg har likt jobben veldig godt. Og eg har fått tilbakemelding om at mange ber. Eg har også sett på det som eit kall at det har vore her eg skulle vere. I arbeidet har eg fått oppleve å bli velsigna sjølv, både gjennom at songar og bodskap har hatt virkning på meg, seier ho. Starta som frivillig Mange år før Oddveig fekk fast tilsetjing i radioen starta det heile som frivillig. - Då eg deretter starta som barne -og ungdomsarbeidar i indremisjonen, var eg den Radio som misjonsmark Sjølv om Molnes no blir pensjonist og trekker seg tilbake frå det daglege virke i radioen, vil ho gå tilbake til å vere frivillig i arbeidet. - Eg vil vere ein trufast lyttar, i tillegg til å ha nokre laurdagskveld-sendingar. Framleis vil eg også vere med i komiteane for Radiomessa og turane, seier ho. Radioen har og er noko Oddveig brenn for og har eit stort hjarte for. - Det største med arbeidet har vore å få tilbakemelding frå lyttarar at Jesus har møtt dei med ein spesiell song eller samtale, seier den erfarne programleiaren. - Eg kjem til å sakne mest kontakta med lyttarane, legg ho til. Og så sender Oddveig ei stor takk til alle dei frivillige. - Utan dei frivillige hadde det vore vanskeleg å drive radioen, både økonomisk og i praksis. Vi har vore mange medarbeidarar, seier ei rørt Oddveig. Aktiv pensjonist Som pensjonist vil ikkje Oddveig ligge på latsida, det hadde vel heller ikkje dei som kjenner denne engasjerte dama trudd. - Eg vil vere aktiv på bedehuset på Ellingsøya. Fyrst og fremst med arbeid for vaksne. Eg har nyleg starta gruppa «Kom og be med meg», ei bønnegruppe for dei som vil vere med å be, fortel Oddveig. - Eg ynskjer «å bryte ned ein dørstokk», kanskje arrangere kafe eller liknande, avsluttar Oddveig, som lyttarane nok både får høyre og sjå meir til å åra som kjem, som frivillig i ulike samanhengar. «Liv og død i dine hender, Herre» Tekst/foto: Olaug Lillian Bjørke I veke 4 var Ole Lilleheim frå Åpne Dører på Sunnmørsbesøk. Med seg hadde han sin gode ven, Batyr Nursen (39), frå Turkmenistan. Han vaks opp i ein muslimsk familie, i eit kommunistisk samfunn. Men Batyr fann ikkje meining verken i islam eller i kommunismen. Som tenåring levde han eit tøft liv med alkohol og stoffmisbruk. Så skjedde det ei radikal endring i livet til Batyr. Den første turkmenaren som vart frelst kom frå landsbyen til Batyr. Han inviterte Batyr på besøk, og for første gong fekk Batyr høyre namnet Jesus. Det var særleg eitt bibelvers som gjorde sterkt inntrykk: «Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine» Joh. 15,13. Denne kjærleiken dreiv Batyr til Jesus, og ei sein natt fall han på kne og ba Jesus kome inn i livet sitt. Han byrja straks å dele evangeliet, og med dette kom også forfølginga. Ein dag køyrde bilen til Batyr og venane utfor vegen. Bilen var full av kristne bøker og Jesusfilmar. Batyr og venane vart arresterte, og dei opplevde to veker med hard tortur. Ansiktet til Batyr vart mosa i golvet av ein skiten sko, medan det vart uttala ord om at «denne munnen aldri meir skal forkynne namnet Jesus» Slik gjekk det ikkje, og etter internasjonalt press vart Batyr og venane sett fri. Ei kald januarnatt i 2001 måtte Batyr, kona og babyen(4mnd)flykte. Det stod om livet for dei. Orda frå Jesaja 43 kom til Batyr der han og babyen måtte flykte i ein liten båt over ei elv: «Går du gjennom vatn, er eg med deg, gjennom elvar, skal dei ikkje fløyma over deg»

Annonser REISERUTER våren Johan Halsne: 25.03: Åmdal, 29.03: Østre Ellingsøy,06.03: Storsamling Borg, 12.04: Godøy, 11.05: styremøte SIM, 06.-07.06: årsmøte SIM, Borg, 07.06: Ørsta, 22.06: styremøte SIM, Karl Arne Austnes : 25.02: Frøystad, 08.03: Brattvåg, 24.-25.03: Austefjorden, 12.04: Skodje, 19.04: Tennfjord, 21.04: Follestaddalen, 29.04: Frøystad Eivind Landro: 03.05 og 14.06: Langevåg, 24.05: Godøy Leiv Nesheim: 08.-09.04: Valldal, 10.-12.04: Sjøholt, 14.-19.04: Giske Jarle Berland: 20.-22.03: Sula (fellesmøter) Ruben Lie Monsen: 24.-26.04: Godøya Gudrun Longva og Hilde Gjengedal: 02.-06.04: Bibelskulen, påskekurs, 19.04: Årset. Gunnar Kjøde: 14.05: Sjøholt Kjell Furnes: 22.03: Sykkylven, 29.03: Ørsta, 02.-03.04: Giske, 05.04: Godøy, 12.04: Ulsteinvik, 21.06: Godøy Marit Stokken: 02.-05.04 påskemøter Godøy,05.04: Emblem, 06.04: Storsamling Borg Irene K.Alnes: 02.-05.04 påskemøter Godøy, 05.04: Emblem, 06.04: Storsamling Borg, 10.-12.04: Kvinnehelg Orreneset Erik Furnes: 03.-05.04: Ulsteinvik Tor Ingvald Lauvrak: 28.04-03.05: Blindheim, 01.05: 1.mai arr. Blindheim ImF-Ung: 20.-26.04 Ungdomsarbeid, 27.04-03.05: saman m/tor Ingvald Lauvrak Otto Dyrkolbotn: 06.-07.06: årsmøtet SIM Peder Almedal: 03.04: Syvde/Eidså Robert Uggedal: 10.05: Ørsta, Rovde, 26.04: Ulsteinvik Arve Fiskerstrand: 28.06: Sykkylven bhf. PÅSKEMØTER Godøy bedehus 02. - 05. april Storsamling Borgund Folkehøgskole 2. påskedag Søndag 6. april kl. 12.00 VELKOMMEN TIL KVINNEHELG PÅ ORRENESET 10.-12.APRIL Sølvi Helen Hopland Aemmer og Irene Krokeide Alnes blir med. Talere: Marit Stokken og Irene Krokeide Alnes Skjærtorsdag: nattverdmøte Langfredag kl. 19.30 Påskeafta kl. 19.30 1.påskedag kl. 11.00 Kjell Furnes taler 1.påskedag kl. 19.30 Sjå annonse i Sunnmørsposten og vår nettside for nærmere info om møter. http://sim-imf.no/ Tale v/marit Stokken og Irene Krokeide Alnes Opplegg for borna v/ung Misjon Salg av middag e er møtet Velkomen frå heile Sunnmøre l samling om påskebodskapen! Arr. Sunnmøre Indremisjon Tema: Bevar ditt hjerte fremfor alt du bevare, for livet går ut fra det Påmelding til Orreneset innen 27.mars Tlf. 951 79 102 Velkomen til påskemøter! Arr. Godøy Indremisjon