Vår dato 25.06.2018 2014/7318/GUGJ/461.3 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. senioringeniør Guro Eidskrem Gjenstad, 71 25 84 29 Vår ref. K A AURSTAD AS Torvmyrane 31 6160 HOVDEBYGDA K A Aurstad AS - inspeksjonsrapport 2018.097.I.FMMR Denne rapporten handlar om resultatet frå ein inspeksjon gjennomført 20.06.18 ved K A Aurstad AS. Rapporten blir rekna som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er mottatt. Desse personane var til stades under inspeksjonen: Frå verksemda: Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Jo Stian Tverberg Guro E. Gjenstad Mariann Aurstad Gunnhild L. Austvoll Ove Hjelle Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka 4 avvik og ga 2 merknadar under inspeksjonen. Avvika gjeld: 1. Verksemda har ikkje dokumentasjon på utslepp til luft. 2. Verksemda manglar måleprogram for utslepp til vatn. 3. Verksemda manglar risikovurdering for ytre miljø. 4. Verksemda nyttar ikkje avvikssystemet sitt for tilhøve som gjeld ytre miljø. Avvik og merknader er nærare skildra i punkt 3 og 4 i rapporten. K A Aurstad AS må innan 01.11.18 sende ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvika er retta. Med helsing Anne Melbø (e.f.) fagansvarleg Guro Eidskrem Gjenstad Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Kopi: ØRSTA KOMMUNE Dalevegen 6 6153 ØRSTA Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Organisasjonsnr: 974 764 067
side 2 av 5 1. Informasjon om den kontrollerte verksemda Namn: K A Aurstad AS Anleggsnummer: 1520.0086.01 Bedriftsnr. for undereininga: 872046062 Eigd av (organisasjonsnr.): 937280750 Kommune: Ørsta Anleggsaktivitet: Pukkverk Kontrollnummer: 2018.097.I.FMMR 2. Bakgrunn for inspeksjonen Inspeksjonen blei gjennomført for å kontrollere om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av forureiningslova og forureiningsforskrifta blir haldne. Kontrollen er ein del av ein landsdekkande tilsynsaksjon som gjeld pukkverk. Tema for inspeksjonen var: Utsleppskontroll Avfall Internkontroll Risikovurdering Rapporten dreier seg om avvik og merknader som blei avdekka under inspeksjonen og gir inga fullstendig vurdering av tilstanden til miljøarbeidet eller miljøstatusen ved verksemda. 3. Avvik Avvik blir definert som manglande etterleving av krav fastsett i eller i medhald av lov. Fylkesmannen fant følgjande avvik under inspeksjonen: Avvik 1 Verksemda har ikkje dokumentasjon på utslepp til luft. Forureiningsforskrifta 30-9. Forskrifta krev at verksemder med mindre enn 500 m til næraste nabo skal måle støvnedfall. Måleperioden skal vare minst eit år og skal omfatte målingar i intervall på 30 dagar. Det blei opplyst under tilsynet at prøvetaking er sett i verk i juni i år.
side 3 av 5 Avvik 2 Verksemda manglar måleprogram for utslepp til vatn. Forureiningsforskrifta 30-9. I pukkverket blir mykje vatn filtrert ned i grunnen medan noko blir leia vekk frå området. Det som går ut av området, går via eit provisorisk sedimentasjonsbasseng der partiklar fell ut. Det må gjerast målingar av vatnet som går ut frå området for at verksemda skal kunne vite om utsleppa kan ha påverknad på resipienten. Kravet på 50 mg/l er satt for å hindre nedslamming av resipienten. Verksemda må ha rutinar for drift av sedimentasjonsbasseng. Avvik 3 Verksemda manglar risikovurdering for ytre miljø. Internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 6. Det må gjerast ei vurdering av risiko knytt til tilhøve som kan påverke det ytre miljøet. Ut frå denne vurderinga må verksemda vurdere kva for tiltak som er aktuelle for å redusere risiko og sette i verk desse tiltaka. Avvik 4 Verksemda nyttar ikkje avvikssystemet sitt for tilhøve som gjeld ytre miljø. Internkontrollforskrifta 5 andre ledd punkt 7. Verksemda har eit system for å registrere avvik, men dette har ikkje blitt nytta til å handsame avvik som gjeld ytre miljø. Eksempel på tilhøve som bør registrerast som avvik, er eventuelle klager frå naboar og sprengingar som skjer utanom tidsrommet som er sett i forureiningsforskrifta 30-8. 4. Merknader Merknad blir definert som eit tilhøve som tilsynsetaten meiner er nødvendig å påpeike for å ta i vare det ytre miljøet, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.
side 4 av 5 Det blei gitt merknad for desse tilhøva under inspeksjonen: Merknad 1 Verksemda bør sette seg konkrete miljømål. Verksemda har eit overordna miljømål, men det vil vere vanskeleg å vurdere om dette blir nådd. Meir konkrete mål kan vere nyttige for å kunne slå fast om dei blir nådde eller ikkje. Merknad 2 Verksemda bør vurdere å gjennomføre berekningar av støy. Det har vore gjort målingar av støy frå pukkverksaktivitet, men det var ikkje enkelt å bruke desse resultata til å slå fast om krava i forureiningsforskrifta 30-7 har blitt haldne kvar enkelt dag eller kveld. Blir det gjort berekningar ut frå terreng/omgivnader på dei ulike anlegga og ut i frå kjent støynivå ved maskinene, vil det vere enklare å vurdere kva for tilhøve ein har ved dei ulike naboane. 5. Andre tilhøve Andre tilhøve omfattar saker som kom fram under inspeksjonen og som det kan vere nyttig for verksemda og saksbehandlarar å kjenne til. Her kan det også vere kommentarar til tema som blei tatt opp under inspeksjonen, men der det ikkje blei gitt avvik eller merknader. Andre tilhøve som Fylkesmannen vil omtale: Under tilsynet blei det gjennomført synfaring i pukkverket i Klubben. Det har nyleg vore drive pukkverksaktivitet også i Håmyra i Volda, men denne aktiviteten er no avslutta etter 12 dagar med drift der. 6. Oppfølging etter inspeksjonen K A Aurstad AS har plikt å rette opp dei avvika som er skildra i denne rapporten så snart som mogleg. For at Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal kunne avslutte saka, må K A Aurstad AS innan 01.11.18 sende ei skriftleg utgreiing som viser korleis avvika er retta. Vi ber om at de sender svarbrev på e-post til fmmrpostmottak@fylkesmannen.no eller på papir til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Postboks 2520, 6404 Molde, merka med saksnummer. Saksnummeret er 2014/7318. 7. Vedtak om gebyr Fylkesmannen i Møre og Romsdal varsla i e-post datert 28.05.18 og under tilsynet at K A Aurstad AS vil bli pålagt eit gebyr på kr 17 200 for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Dette svarar til sats 3. Faktura blir sendt frå Miljødirektoratet.
side 5 av 5 Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser elles til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa. Moglegheit for klage De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har mottatt denne rapporten. Klagen skal angi den eller dei endringane som de ønskjer. Klagen bør grunngjevast og skal sendast til Miljødirektoratet. 8. Offentlegheit Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for offentlegheita via postjournalen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, jf. offentleglova. 9. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) med underliggjande forskrifter Forskrift om begrensning av forurensning (forureiningsforskrifta) Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 10. Informasjon til verksemda Brosjyrer/informasjonsark som blei delt ut under inspeksjonen: Gebyr ved kontroll (M-297/2015) Drift av oljeutskillere (M 30-2013) Håndtering av farlig avfall (M-284/2014) Avfallsdeklarering.no (M-421/2015) Hva kan min virksomhet gjøre for å begrense marin forsøpling og mikroplast? (M- 992/2018)