Tokke kommune Møteprotokoll Utval: Oppvekstutvalet Møtestad: Kommunestyresal, Tokke kommunehus Møtedato: 11.09.2019 Møtetid: 09.00 Møteslutt: 13:00 Fylgjande faste medlemmer var til stades: Navn Funksjon Representerer Geir Arild Djuve Leiar SP Joachim Nabeit Skogsrød Nestleder Ellen Ofte Jakobsen Medlem KRF Tor Øystein Gravdal Medlem AP Lene Mostøyl Medlem SP Karstein Midtbø Medlem Fylgjande medlemmer hadde meldt forfall: Navn Funksjon Representerer Mona S Skafså Medl AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Navn Møtte for Representerer Ingen Mona S Skafså Til stades frå administrasjonen: Navn Stilling Finn Arne Askje Kommunalsjef Dagny Skjellbreid Pedagogisk rådgjevar Protokollunderskrifter:
Saksliste Utvalssaksnr Innhald Lukka RS 19/9 Referatsaker Budsjettrapportering 2 kvartal 2019 - OKI RS 19/10 SFO planar ved Høydalsmo skule for skuleåret 2019-2020 RS 19/11 SFO planar ved Tokke skule for skuleåret 2019-2020 RS 19/12 Søknad om tilskot til oppsett av grillhytte RS 19/13 Svar Søknad om tilskot til ein konsert i Skafsåheii Fjellkyrkje RS 19/14 Svar på søknad om støtte til konsert i Fjellkyrkja 051019 - med Grorud og Lien og Gravir RS 19/15 Svar på søknad om skulebytte frå Tokke skule Åmdals-Verk til Tokke skule RS 19/16 Søknad om tilskot til Støga-festivalen, Pedersen Pub Å Bistro Politiske saker til handsaming PS 19/18 Tilstandsrapport for 2019 PS 19/19 PS 19/20 PS 19/21 PS 19/22 PS 19/23 PS 19/24 Retningsliner for Tokke folkebibliotek Søknad om støtte til å gje ut slektsbok - Solveig Marie Lie Søknad om støtte til løypekjøretøy - Byrte IL Søknad om tilskot til vaskemaskin - Mo grendehus Søknad om auka tilskot frå Tokke kommune - O-kart på Grønlidheia Søknad om støtte til bok - Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella PS 19/25 Ressurs til sak ***** ***** ***** ***** X
Referatsaker RS 19/9 Budsjettrapportering 2 kvartal 2019 - OKI RS 19/10 SFO planar ved Høydalsmo skule for skuleåret 2019-2020 RS 19/11 SFO planar ved Tokke skule for skuleåret 2019-2020 RS 19/12 Søknad om tilskot til oppsett av grillhytte RS 19/13 Svar Søknad om tilskot til ein konsert i Skafsåheii Fjellkyrkje RS 19/14 Svar på søknad om støtte til konsert i Fjellkyrkja 051019 - med Grorud og Lien og Gravir RS 19/15 Svar på søknad om skulebytte frå Tokke skule Åmdals-Verk til Tokke skule RS 19/16 Søknad om tilskot til Støga-festivalen, Pedersen Pub Å Bistro
Politiske saker til handsaming PS 19/18 Tilstandsrapport for 2019 Tilstandsrapporten for grunnskulen i Tokke kommune 2019 vert teken til orientering. Samrøystes tilrådd vedteke med tillegg om kvarttalsrapportering, på saker etter 9A. Tilstandsrapporten for grunnskulen i Tokke kommune 2019 vert teken til orientering. Kvarttalsrapportering på saker etter 9A. PS 19/19 Retningsliner for Tokke folkebibliotek Retningsliner for Tokke folkebibliotek blir vedteke slik dei ligg som vedlegg til saka. Rådmannen si tilråding vart samrøystes tilrådd vedteke. Retningsliner for Tokke folkebibliotek blir vedteke slik dei ligg som vedlegg til saka. PS 19/20 Søknad om støtte til å gje ut slektsbok - Solveig Marie Lie Tokke kommune stør Solveig Margit Lie med utgjeving av boka Lie-familien med kr 5 000,- Utbetaling skjer ved mottak av eit ferdig eksemplar av boka. Framlegg frå Geir Arild Djuve: Tilskotet aukast til kr 10 000,-
Geir Arild Djuve sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Tokke kommune stør Solveig Margit Lie med utgjeving av boka Lie-familien med kr 10 000,- Utbetaling skjer ved mottak av eit ferdig eksemplar av boka. PS 19/21 Søknad om støtte til løypekjøretøy - Byrte IL Søknaden blir ikkje imøtekomen. Lene Haugo stillte spørsmål om hennar habilitet til handsaming av saka. Samrøystes vedteke at Lene Haugo var habil. Framlegg frå Geir Arild Djuve: Saka blir utsett til neste møte der opprinneleg prioriteringsliste blir lagt fram og ein får uttale frå idrettsrådet. Geir Arild Djuve sitt framlegg vart samrøystes vedteke. Saka blir utsett til neste møte der opprinneleg prioriteringsliste blir lagt fram og ein får uttale frå idrettsrådet. PS 19/22 Søknad om tilskot til vaskemaskin - Mo grendehus Tokke kommune gjev eit tilskot på kr 10 000 til Mo grendehus, for å skifte ut ny vaskemaskin. Beløpet tas frå: 1470 235-385 Framlegg frå Oppvekstutvalet: Omsøkt beløp kr 15 300,- innvilgast. Samrøystes vedteke.
Tokke kommune gjev eit tilskot på kr 15 300 til Mo grendehus, for å skifte ut ny vaskemaskin. Beløpet tas frå: 1470 235-385 PS 19/23 Søknad om auka tilskot frå Tokke kommune - O-kart på Grønlidheia Søknad om auke i kommunens eigenandel i prosjekt med O-kart Grønlidheii, kr 26 000 blir imøtekomen. Inndekning: 1470 233-380 Rådmannen si tilråding vart samrøystes tilrådd vedteke Søknad om auke i kommunens eigenandel i prosjekt med O-kart Grønlidheii, kr 26 000 blir imøtekomen. Inndekning: 1470 233-380 PS 19/24 Søknad om støtte til bok - Ferdsla over Haukeli og dei gamle hotella Tokke kommune stør Ragnvald Christenson med kr 10 000,- Utbetaling skjer ved mottak av eit ferdig eksemplar av boka. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Tokke kommune stør Ragnvald Christenson med kr 10 000,- Utbetaling skjer ved mottak av eit ferdig eksemplar av boka.
PS 19/25 Ressurs til sak ***** ***** ***** *****