Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 10.04.2014 Tidspunkt: 09:30



Like dokumenter
Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Kommunestyret Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 18:30

10/60-14/N-211//AMS

SANDØY KULTURSKULE RETNINGSLINER

Kviteseid kommune. Møteinnkalling

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Rådet for eldre og funksjonshemma. Varamedlemmar møter berre etter nærare innkalling.

Arkiv A10, Barnehagane skal drivast som heildagsbarnehagar og er opne for barn i alderen 0-6 år.

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VÅGÅ.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Nissedal kommune. Formannskapet. Møteinnkalling. Utval: Møtestad: Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 13:00

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Formannskapet

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

Sandeid skule SFO Årsplan

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Fyresdal kommune. Møteinnkalling. Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Kommunestyresalen Dato: Tid: 13:30

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

GODTGJERSLE TIL FOLKEVALDE

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd.

PLAN FOR SPESIALUNDERVISNING I FYRESDAL KOMMUNE

Plan for Liabygda SFO

Stordal kommune Skule

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

1. EIGAR Hemsedal kommune er eigar av barnehagane og ansvarleg for drifta.

Ditt val! Idrettsfag Musikk, dans og drama Studiespesialisering

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Reglement for godtgjersler til kommunale folkevalde

KVALITETSSYSTEM for Helse Sunnmøre HF Volda sjukehus Vedtekter Nivå: 1. Side : 1 Av : 5 sjukehus Revisjon : 3 Erstatter : 2

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Vedtekter for barnehagane i Austrheim. Oppdatert

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tid: 13:00 14.

NORDDAL KOMMUNE. Reglement for godtgjering til folkevalde

Innspelsundersøking. Kommunestruktur i Vest-Telemark GUNN KRISTIN AASEN LEIKVOLL

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

Varamedlemar får særskilt melding når dei skal møte.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Vedtekter for Fusa Kraftlag

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet tfn eller møtesekretær tfn snarast råd.

INFORMASJON TIL STØTTEKONTAKT/AVLASTAR.

Velkommen til kulturskulen.

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Helse- og sosialutvalet

ARBEIDSVILKÅR FOR FOLKEVALDE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret. Forvalting av særavtalekraft og konsesjonskraft

Utval: Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunestyresalen, Kommunehuset Dato: Tid: 13:00 14:45

EIGEDOMSSKATTEVEDTEKTER FOR EID KOMMUNE

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I VIK KOMMUNE.

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Dato: Tidspunkt: Fylgjande faste medlemmer møtte

Kviteseid kommune. Møteinnkalling. Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: Tidspunkt: 09:00

VEDTEKTER FOR SPAREBANK 1 SØRE SUNNMØRE

REGLEMENT FOR FOLKEVALDE SINE ARBEIDSVILKÅR

Høyanger kommune. Plan for tilsyn med barnehagane i

Klepp kommune SENTRALADMINISTRASJONEN

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Vedtekter for SÆ BARNEHAGE AS

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Betalingsreduksjon i foreldrebetaling BARNEHAGANE I SVEIO

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerer. Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerer

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Møteprotokoll for Formannskapet

KOMPETANSE I BARNEHAGEN

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

BARNEOMBODET. Deres ref: Vår ref: Saksbehandlar: Dato: 13/ Ane Gjerde 11. desember 2013

Forfall meldt frå følgjande medl.: Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Gunnbjørg Ågotnes Chris. Aksnes Birger Kaland. H Frp

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Ann Margrethe Kråvik Kari Bolstad Gunnvor Linde Kjetil Nesse Gudvin Haraldsson

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Gunnvor Linde Gudvin Haraldsson Kari Bolstad Kjetil Nesse Anne Margrethe Kråvik

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Endringar i studentreglementet for Fagskolane i Hordaland

Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Administrasjonsutvalet

2009/2010. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Vanylven

Møteprotokoll for Kommunestyret

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

NAUSTDAL KOMMUNE SAKSUTGREIING

Transkript:

Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 10.04.2014 Tidspunkt: 09:30 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd. Varamedlemmar møter bare etter særskilt innkalling.

Saksliste Utvalssaksnr. PS 7/14 PS 8/14 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker PS 9/14 Vedtekter for Kviteseid kulturskule frå 01.08.2014 PS 10/14 Endringar i tilsynsførarordninga for barn i fosterhiem jfr lov om barneverntjenester 4-22 Lukka

PS7/14Godkjenningavprotokoll

PS8/14Referatsaker

Kviteseid kommune Arkiv: A32 Saksmappe: 2014/642-1 Sakshand.: Ellen Marie Prag Dato: 07.04.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 9/14 10.04.2014 Vedtekter for Kviteseid kulturskule frå 01.08.2014 Vedlegg: 1 Vedtekter for Kviteseid kulturskule frå 01.08.2014 Faktiske tilhøve: Gjeldande vedtekter for Kviteseid kulturskule vart vedtekne den 20.11.2008 i sak 27/08. Rektor i kulturskulen, Eli Taugbøl, har kome med framlegg til revidering av vedtektene. Vurdering: Det er nødvendig med jamne mellomrom å redigere vedtekter, etter som det er endringar i organisering og tilbod som skjer etter kvart, som bør bli fanga opp. Gjeldande vedtekter er skrive med svart, endringsframlegg med raudt. Endringane gjeld m.a. følgjande: Redaksjonelle endringar, sjå pkt. Tidspunkt for oppstart av nytt skuleår Elevar som har plass må søkje på nytt kvart år, som ei stadfesting på at dei vil halde fram med tilbodet. Etablering av venteliste for eventuelle søkjarar som ikkje får plass ved opptaket. Elevane må skriftleg seie frå seg plassen Reduksjon i kontingenten skjer fyrst den 3. gongen timen vert avlyst Det er kome framlegg om desse endringane, då det m.a. er viktig å kunne vise til vedtektene når elevar ikkje kjem på time, eller sluttar utan å ha gjeve melding. Rådmannen stør framlegg til endringar i vedtektene for Kviteseid kulturskule, slik dei ligg føre i vedlegg til saka. Rådmannen si tilråding: Hovudutval for oppvekst og omsorg vedtar nye vedtekter for Kviteseid kulturskule slik dei ligg føre.

VEDTEKTER FOR KVITESEID KOMMUNALE KULTURSKULE 1.Målsetjing. 1.1 Kviteseid kommunale kulturskule skal arbeide for å gje born og ungdom i kommunen: - gode vilkår for å utvikle musikalske evner og anlegg. - eit aktivt og rikt musikkliv. - eit godt oppvekst- og kulturmiljø og positive fritidsaktivitetar. 1.2 Kviteseid kommunale kulturskule skal gje born og ungdom tilbod om: - opplæring på instrument og song. - å delta i samspelsaktivitetar. - deltaking innafor varierte kulturuttrykk. 1.3 Kviteseid kommunale kulturskule skal som eit kulturpedagogisk servicesenter i kommunen: - samarbeide med andre institusjonar/skular der kulturaktivitetar vert brukte som ledd i elevane si utvikling. - samarbeide ang. det eksisterande musikk/kulturlivet i lokalmiljøet. 2. Organisering. 2.1 Kulturskulen er ein kommunal skule som er eigd og driven av Kviteseid Kommune. 2.2 Styret Hovudutval for Oppvekst og Omsorg vedtek vedtekter for kulturskulen. 2.3 Tilsetjingsutvalet har ansvar for tilsetjing av personalet. Det gjeld og tilsetjing av dirigent i Kviteseid Hornmusikk. Denne er tilsett i Kulturskulen. 2.4 Kviteseid kommunale kulturskule skal ha tilsett rektor i tillegg til nødvendige lærarar. 2.5 Rektor for kulturskulen har det faglege ansvaret for drifta. I samarbeid med Sektor Hovudutval for Oppvekst og Omsorg har rektor ansvar for administrasjon av kulturskulen. 2.6 Nødvendige lokalitetar i Kviteseidhallen og skulane blir stilte til disposisjon for kulturskulen si undervisning. 2.7 Det bør veljast eit samarbeidsutval for Kviteseid kommunale kulturskule samansett av: 2 foreldrerepresentantar, 1 representant for Styret for oppvekst og omsorg, ein av dei tilsette og rektor. 3. Undervisninga. 3.1 Kviteseid kommunale kulturskule følgjer skuleruta for grunnskulen i Kviteseid. Med start ei veke etter grunnskulen, og slutt ei veke før, er det 36 veker med undervising. 3.2 Undervisninga kan organiserast både som individuell undervisning, gruppeundervisning og undervisning i samspel. Gruppeundervisning vert gjennomført med undervisningstimar på 45 90 min. Ved individuell undervisning skal undervisningstida vere 30 minuttar. 3.3 Er det minst 3 elevar med same lærar, kan dei få undervisning på heimstaden., men det må takast omsyn til om det er eigna undervisningsmateriell på staden. 4. Opptak 4.1 Kviteseid kommunale kulturskule er open for innbyggjarar som bur i Kviteseid kommune etter denne prioriteringa: 1. Elevar som har plass frå før. 2. Elevar frå grunnskulen. 3. Elevar frå vidaregåande skule. 4. Vaksne. Elevar frå andre kommunar kan bli tatt opp på fastsette vilkår.

4.2 Opptak skjer før kvart skuleår med 1. mai som søknadsfrist. Alle elevar må melde seg på nytt kvart skuleår for å stadfeste kve for tilbod dei ynskjer å halde fram med. Kvar søkjar må fylle ut eige skjema med bindande underskrift. 4.3 Dersom det ikkje er plass, vert søkjaren sett på venteliste. Ved venteliste prioriterast elevar frå 4.kl og eldre før dei minste. 4.4 Søkjaren har klagerett på opptaket. Klagefrist er 3 veker etter avslag. Klagen sendast til rektor. 5. Elevvilkår. 5.1 Elevar som har fått plass ved kulturskulen, må snarast og innan 2 veker melde frå om dei tek mot vil seie frå seg plassen. eller ikkje. Opptaket er bindande gjeld for eitt skuleår heile skuleåret, og er bindande. 5.2 Elevane skal møte presis og førebudde til timane. 5.3 Fråvær må meldast på førehand. Timar som fell bort grunna fråvær har eleven ikkje krav på å få att seinare. 3 fråvær utan å seie ifrå pr. semester kan føre til at eleven misser plassen sin. 5.4 I den grad kulturskulen disponerer instrument, kan desse leigast ut til elevane. 5.5 Elevane har ansvar for skulen sine instrument. Skade på instrument kan krevjast erstatta. 5.6 Elevane må sjølve koste nødvendig undervisningsmateriell. 5.7 Elevane skal vise god framferd i kulturskulen og rette seg etter dei krav som lærarane set. 5.8 Elevar som ikkje rettar seg etter skulen sine vedtekter, kan bli utestengde frå undervisninga for stuttare eller lengre tid. Kulturskulen tek avgjerd i slike saker etter samtale med foreldre/føresette. 5.9 Det er tilbod om elevsamtaler ein gong i året ( vår ). Elles er det tilbod etter ynskje. 6. Økonomi. 6.1 Elevkontingent vert fastsett av kommunestyret under budsjetthandsaminga. Informasjon om storleik på kontingent og søskenmoderasjon vert gjeven i påmeldingsskjemaet kvart år. 6.2 Elevkontingenten skal betalast forskotsvis for kvart halvår. 6.3 Bortfall av meir enn to tre timar i semesteret frå kulturskulen si side gjev rett til reduksjon i kontingenten. Beløpet blir trekt frå på neste faktura, eller utbetalt om eleven sluttar i kulturskulen. 6.4 Kontingenten skal betalast for heile skuleåret sjølv om eleven sluttar i løpet av skule året. Kravet for vårhalvåret kan fråvikast dersom det er elevar på venteliste som kan ta over plassen.

Kviteseid kommune Arkiv: F41 Saksmappe: 2014/467-3 Sakshand.: Synnøve Bratland Dato: 14.03.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 10/14 10.04.2014 Kommunestyret 31/14 08.05.2014 Endringar i tilsynsførarordninga for barn i fosterhiem jfr lov om barneverntjenester 4-22 Faktiske tilhøve: Barnevernlovens reglar i 4-22 om tilsyn med barn i fosterhjem er endra med virkning frå 1.februar 2014. Barnevernloven 4-22 fjerde, femte og sjette ledd lyer slik etter endringa: Den kommunen der fosterhjemmet ligger, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av hjemmet. Kommunen skal føre tilsyn med hvert enkelt barn i fosterhjem frå plasseringstidspunktet og frem til barnet fyller 18 år. Formålet med tilsynet er å føre kontroll med at barnet får forsvarleig omsorg i fosterhjemmet og at de forutsetninger som ble lagt til grunn for plasseringa blir fulgt opp. Kommunen skal sørge for at de som skal utøve tilsynet gis nødvendig opplæring og veiledning. Målet med endringa er å styrke tilsyn med barn i fosterheim gjennom eit meir profesjonalisert og tydeleg forankra kommunalt ansvar. Lovendringa fører med seg at plikta til å føre tilsyn blir lagt til kommunen og ikkje til barneverntenesta slik som tidlegare. Kommunen har ansvaret for at tilsynet blir utført på ein forsvarleg måte og har vidare ansvar for at dei som skal utøve tilsynet får nødvendig opplæring og veiledning. Bakgrunnen for lovendringa er at tilsyn med barneverntenestane i landet har avdekka at mange fosterbarn er utan tilsynsførar og av dei som har tilsynsførar er det mange som ikkje får alle tilsynsbesøk (minimum 2 eller 4) i året som dei har krav på. Pr.dato har Vest Telemark tilsynsføraransvar for 26 fosterbarn. Alle har tilsynsførar, men berre 14 fekk alle tilsynsbesøka i 2013. Tilsynsoppdraga er i dag fordelt på 11 forskjellige personar. Ved endringa som er vedtatt får kommunane auka fridom til å velje kven som skal utøve tilsynet på vegne av kommunen. Det er ikkje lenger krav om å oppnemne ein bestemt tilsynsførar for det enkelte barnet. Det blir og presisert at kommunen kan velje å nytte ordninga dei har i dag der denne fungerer godt. Totalt utgjer dagens tilsynsføroppdrag ca 35 % stilling. I tillegg kjem ressursar til å administrere tilsynsførarordninga. Departementet har auka rammetilskotet til kommunane for 2014 for å administrere ordninga. Kommunane i Vest Telemark får dette året auka rammetilskotet med

kr 68 500 for å administrere ordninga (jfr tal frå Telemarksforsking). Avlønning av tilsynsførar skjer i dag utifrå timelønsats. Dei fleste kommunane i Telemark har vedtatt ein fast sum pr tilsyn. I Vest Telemark ynskjer vi å gå over til denne ordninga då den blir meir forutsigbar for tilsynsførar og den blir enklare å administrere når vi skal krevje refusjon frå omsorgskommunen. Med virkning frå 1.juni 2014 vert ein ny overordna bestemmelse om barns rett til medvirkning tatt inn i barnevernloven 4-1 andre ledd. Bakgrunnen er å tydeleggjera plikta til, og viktigheita av at barn og unge i barnevernet får høve til god informasjon og medverknad under heile saka i barnevernet. Endring i barnevernloven 1-4 som blei gjort gjeldande frå 1.januar 2014 lovfestar og at alle tenester og tiltak etter barnevernloven skal vera forsvarleg. Vurdering: I Vest Telemark fungerer tilsynsførarordninga ved at alle barna har tilsynsførar. Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark har erfaring med denne ordninga og har tilgang på dei rapporteringssystema som ordninga krev. Tilbakemelding frå rådmannsutvalet i Vest Telemark er at det er ynskje om at tilsynet blir administrert interkommunalt. Så lenge lova ikkje seier noko anna bør Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark ha ansvaret for at tilsynet blir utført på ein forsvarleg måte og vidare ha ansvar for at dei som skal utøve tilsynet får nødvendig opplæring og veiledning. For å oppfylle kravet om eit meir profesjonalisert tilsyn kan det tale for å legge tilsynsoppdraget til ein eller to personar. På andre sida kan dette vera ei utfording i høve til at barnets rett til medvirkning og med det å kunne uttale seg om val av/eventuelt vidareføring av den tilsynsføraren dei har i dag. Mange har hatt same person over fleire år og med bakgrunn i at det er viktig for barna å ha ein person dei har fått tillit til og blitt trygg på for å få fram sine opplevingar av situasjonen dei er i, vil det vera til barnets beste og vidareføre avtale med den tilsynsføraren dei alt har. Etter kvart som tilsynsansvar blir avslutta ved at barnet flyttar eller blir 18 år og kommunen får nye fosterbarn som ein har tilsynsansvar for er det mogleg å legge desse oppdraga til ein som alt er tilsynsførar og som kan tenke seg å utvide med fleire oppdrag. Såleis kan ein på sikt samle tilsynet på færre personar eller tilsetje ein tilsynsførar for alle oppdraga. Utfordringa ved tilsynsførarordninga i Vest Telemark er at tilsynsførar ikkje utfører alle tilsyn som er vedtatt i året. For at tilsynet skal vera forsvarleg må alle fosterbarna få det tilsynet dei skal ha og tilsynsførar må vera kvalifisert for oppdraget. Tilsynsførar er ikkje tilsett i barnevernet, men har oppdragsavtale. Mange tilsynsførarar har dårleg betalt for oppdraget, men likevel blir det stilt høge krav til kompetanse og at personen er egna. Ved å endre betalinga til ein fast sum pr tilsyn og sikre regelmessig opplæring vil ein få ei tilsynsførarordning som fungerer slik at fosterbarnet får den oppfølginga og tilsynet dei har krav på. Rådmannen si tilråding: Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark skal godkjenne fosterheimar og føre tilsyn med barn i fosterheim på vegne av kommunane Seljord,Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje. Barnevernsamarbeidet i Vest Telemark skal sørge for at dei som skal utøve tilsynet får nødvendig opplæring og veiledning. Oppdraget som tilsynsførar vert godtgjort med kr 1700 pr tilsyn der kr 1500 utgjer arbeidsgodtgjøring og kr 200 utgiftsdekning. I dette ligg og tid til rapportskriving og nødvendig fagleg oppdatering. Køyregodtgjøring kjem i tillegg.

Der tilsynet omfattar sysken i same fosterheim vert tilsyn for barn nr 2 godgjort med kr 750 i arbeidsgodtgjøring og kr 200 i utgiftsdekning pr tilsyn. Det vert sendt refusjonskrav til omsorgskommunen for desse utgiftene.