Møteinnkalling for Ungdomsråd



Like dokumenter
Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Desse møtte:

Møteinnkalling for Ungdomsråd

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Formannskapssalen 3. etg Møtedato: Tidspunkt: 14:15-15:45

Møteinnkalling for Ungdomsråd

Møteinnkalling for Formannskap

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Einevarden 3. etg Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 14:15-15:305

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Møteinnkalling for Valgstyre

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

MASFJORDEN KOMMUNE Møteinnkalling Kraftfondstyret

UPU skal vere referansegruppe i fylkeskommunen sitt arbeid med planar og saker som vedkjem barn og unge.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

LOVER FOR NORSK BONDE OG SMÅBRUKARLAG

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Kvam herad KVAM UNGDOMSRÅD. Møteinnkalling

Finansiering av søknaden

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Møtedato: Tidspunkt: 14:00-16:00. Einevarden 3 etg. Rådhuset

Stemnehandboka for NKSF

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

- status formidling innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling. - status utvekslingsmodellen innleiing ved seksjonsleiar Inger Anita Sjømæling

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Desse medlemmene møtte: Olav Moritsgård Karoline Råd Hans Myklebust Sigrunn Lundestad Arnfinn Brekke

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Møteinnkalling for Oppvekst- og kulturutvalg

MØTEBOK Tysnes kommune

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

MØTEPROTOKOLL. Personalutvalet. Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: Frå: til 19.30

Møteinnkalling for Administrasjonsutval

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Kl 09:00: Gudrun Einbu frå Skyss presenterer deira ynskje om innspel til justeringar i busstilbodet.

STORD IDRETTSLAG. STORD IDETTSLAG LOVHEFTE LAGSNAMN 1 FØREMÅL 2 ORGANISATORISK TILKNYTING. Revisjon. 2009

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemmar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Peter Bjørneset MEDL Ungdomsklubben Maiken Gjøsdal NESTL Volda vgs.

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Vegvisar til vilbli.no

Møteprotokoll SOGNDAL UNGDOMSRÅD Møtestad: Kommunestyresalen Møtedato: Tid:

KONTROLLUTVALET FOR MASFJORDEN KOMMUNE MØTEUTSKRIFT

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Vedtekter for Oikos - Økologisk Norge

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Vågsøy kommune. Møteprotokoll. Ungdomsråd. Møtested: Formannskapssalen 3. etg Rådhuset Møtedato: Tidspunkt: 14:15-15:45

Møtebok. Forfall meldt frå følgjande medl. Parti Følgjande varamedlem møtte Parti. Ugilde Sak Følgjande varamedlem møtte

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Tokke kommune. Kontrollutvalet. Medlemmar og varamedlemmar Dato Tokke kommune - kontrollutvalet. Det vert med dette kalla inn til møte:

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

4 Medlemmene som måtte få kjennskap til ulovlig jakt eller fiske har plikt til å melde frå om dette til foreininga sitt styre.

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

GLOPPEN KOMMUNE HELSE- OG OMSORGSUTVALET MØTEBOK

Til deg som bur i fosterheim år

PROTOKOLL. Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Randi Langeland Mork leiar AP Eli Kjøde Annfrid Lødemel.

Lokale transporttilbod for ungdom (LTU) 2010 Invitasjon til å søke om prosjektmidlar

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

Fylkesmannen har løyvd kr av skjønsmidlar til utgreiinga. Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /06 SILA

Meld forfall snarast råd til sekretær for utvalet Line Bosnes Hegna på mobil eller epost:

Helse, miljø og livsstil i Sogn og Fjordane

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Saksframlegg. Saksnr Utval Type Dato 005/15 Eldrerådet PS Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Norunn Malene Storebø 15/610

ETABLERING AV BOMPENGESELSKAP FOR ASKØYPAKKEN - ASKØY BOMPENGESELSKAP AS

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

Selje kommune MØTEBOK

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Sak nr. Arkivsak nr. Tittel 31/10 10/596 PROTOKOLL: SØKNAD OM KUTURMIDLAR - BALESTRAND FOLKEAKADEMI

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

SELJE KOMMUNE Eldrerådet. Møtebok. Møtedato: Møtetid: Kl. 13:00 14:30. Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.

Sakliste: Saknr. Sak 12/13 Godkjenning av innkalling og sakliste

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

SAKSFRAMLEGG. 36/15 Næring og miljøutvalet

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

VEDTEKTER FOR VOLDA SMÅBÅTLAG

Rådhusvegen NORDFJORDEID. Postboks MÅLØY. Vår referanse (oppgje ved svar) 13/

MØTEINNKALLING. SAKLISTE Åpning av møtet og godkjenning av møteprotokoll frå møte

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Transkript:

Vågsøy kommune Møteinnkalling for Ungdomsråd Møtedato: 03.10.2012 Møtestad: Einevarden 3. etg Rådhuset Møtetid: Kl. 14:00-16.00 Innkallinga vert send medlemmene og dei første varamedlemer i kvar gruppe. Varamedlemer skal ikkje møte utan nærare varsel. Forfall må meldast til tlf. 57 84 50 00 eller e-post til post@vagsoy.kommune.no snarast. Forfallsgrunn må oppgjevast. Sakliste Sak nr. Sakstittel 013/12 Godkjenning av møteprotokoll 014/12 Referatsaker 015/12 Konstituering av Ungdomsrådet i Vågsøy 2012-2013 016/12 Møteplan for ungdomsrådet i Vågsøy 2012-2013 017/12 Fylkesting for ungdom 2012. Utsendingar 018/12 Økonomisk støtte til konfirmanttur 019/12 Søknad om støtte til transport heim frå Juleball 2012 Måløy 26.09.2012 Dagny-Ann Gangeskar sekretær Side 1 av1

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 013/12 Endelig vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 12/1485 Saksansvarlig: Dagny-Ann Gangeskar Paris Godkjenning av møteprotokoll Rådmannens innstilling Møteboken godkjennes som den foreligger.

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utvalg m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 014/12 Endelig vedtak i: Ungdomsrådet Referatsaker Arkivsaknr.: 12/1484 Saksansvarlig: Dagny-Ann Gangeskar Paris Rådmannens innstilling Meldingene tas til etterretning som de foreligger. Liste over dokumenter til orientering: Nr Dok.ID Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 12/7059 X 13.06.2012 2 12/10416 X 21.09.2012 Vedtekter for Ungdomsrådet i Vågsøy - April 2012 Helseundersøking gjennomført i 6. og 8. klasse 2011

Vågsøy kommune Kultur Notat Utarbeidd av: Vår ref.: Vår dato: 1 / 2 Dagny-Ann Gangeskar Paris Tlf: 57 84 50 94 12/7059 13.06.2012 Vedtekter for Ungdomsrådet i Vågsøy (UiV) - April 2012 Målsetting: Ungdomsrådet i Vågsøy skal vere eit talerør for ungdom i kommunen i saker som vedkjem og engasjerer deira interesser. Å engasjere ungdom i praktisk politisk arbeid. Å fremje ungdom sine interesser Mandat: Hjelpe unge til å bli høyrde der avgjerder vert tekne. Å vere eit talerøyr for ungdom ved saker som gjeld ungdom. Å følgje med på at dei kommunale organ arbeider etter ungdom sine prioriteringar i saker som gjeld ungdom og deira miljø. Representantar: UiV er samansett av åtte valde representantar, fire frå Måløy vidaregåande skule og fire frå Vågsøy ungdomskule. Dei som vert valde må ha Vågsøy som heimkommune og bu i kommunen. Vala vert gjort på skulane. I tillegg skal ein velje vararepresentantar for kvar av representantane i UiV. Dei som har ønske om å sitte i ungdomsrådet må melde skriftlig interesse til elevrådet på sin skule. Informasjon om val av representantar til ungdomsrådet og frist for å melde si interesse må annonserast i god tid på skulane sine intranett (Fronter). Valet av fire representantar frå skulen skjer i elevrådet. Dei som ønsker å sitte i ungdomsrådet må få anledning til å møte elevrådet før valet. UiV er eit offentleg utval der medlemmane har møteplikt. Eventuelle forfall skal meldast til sekretær som kallar inn vararepresentant. Representantar som flyttar frå kommunen går ut av rådet ved nyval ved skulestart kvart år. Funksjonstid: Representantane blir vald for to år om gongen. Halvparten av UiV er på val kvart år. Attval kan finne stad, men då for to nye år. Val av representantane skal skje i starten av skuleåret, og ikkje seinare enn 15. september kvart år. Konstituering med val av leiar og nestleiar skjer på første møtet i UiV. Saker: Leiar og nestleiar i UiV avgjer kva for saker som skal handsamast. Det er likevel fritt for alle å kome med framlegg til saker. Saker må meldast skriftleg til sekretær i god tid før møte.

2/2 UiV skal vere høyringsinstans for kommunestyret, formannskap og hovudutvala i Vågsøy i saker der ungdom har særlege interesser. Rådmann og etatsleiarar har særskilt ansvar for å sjå til at aktuelle saker kjem til uttale og handsaming i UiV. Representantar for UiV skal aktivt trekkast inn i planarbeid der ungdom sine interesser er berørt. Leiar for UiV får tilsendt alle sakskart (framsida på møteinnkallinga) for kommunestyre, formannskap og faste politiske utval. Administrasjon: Leiar i UiV leiar møta. UiV skal ha ein eigen kontaktperson i administrasjonen som rådmannen peikar ut. Kontaktpersonen skal ha ansvar for administrativ oppfølging som t.d. innkalling til møte, protokoll for møta, samt sjå til at vedtak vert følgd opp. Leiar og nestleiar i Uiv vert invitert til møter i hovudutval, formannskap og kommunestyre før møta vert sett, når UiV har saker som dei ønsker å drøfte med desse organa. Leiar i UiV har plass som observatør, med talerett i OK-utvalet. Nestleiar er vara. Ein representant frå OK-utalet er observatør, med talerett i UiV. Ordførar i Vågsøy har møte- og talerett i UiV. Økonomi: Det vert stilt eigne midlar til disposisjon for UiV på kommunen sitt driftsbudsjett. Midlane skal nyttast til drift av UiV og til tiltak for born/unge i Vågsøy kommune etter UiV si avgjerd. Det vert stilt møterom til disposisjon i Rådhuset for UiV sine møter. Det vert gjeve møtegodtgjersle for representantane som blir utbetalt ein gong pr. år. Fastsetting og endring av vedtekter: Vedtektene skal godkjennast av Vågsøy kommunestyre. Framlegg til endring kan leggast fram om rådet ønsker det. Det krevst 2/3 fleirtal ved vedtaksendring. Endringane må også godkjennast av Vågsøy kommunestyre.

4.3.2 FOLKEHELSEUNDERSØKING GJENNOMFØRT FOR 6. OG 8. KLASSE I 2011 11 år (obs. <60% har svart i Vågsøy) Sosial kontekst Vågsøy Sogn og Fj. Noreg WHO Jenter Gutar Jenter Gutar Jenter Gutar Jenter Gutar Lett å snakke med far 83 77 71 81 72 80 70 82 Opplevd familieoppløysing (kjønn samla) Svak familieøkonomi 13 0 0 22 2 4 26 3 3 Tre eller fleire nære venner 83 88 71 81 91 91 82 84 Ute med venner fire gonger eller meir i veka 17 50 33 38 28 37 18 23 4 timar eller meir dagleg til TV-spel, dataspel, internett 17 25 9 13 Svært god skuletrivsel 50 44 47 46 48 45 45 35 Elevane i klassen er snille og hjelpsame 100 82 82 85 81 80 73 71 Mykje bråk og forstyrring i klassen 50 29 38 42 Helserelaterte tilhøve Sjølvopplevd helse svært god 33 35 30 41 41 47 Sjølvopplevd helse ikkje heilt god/dårleg 0 12 8 8 21 16 13 10 Hodepine kvar veke eller oftare 17 13 19 14 26 19 Kjent seg nedfor (trist) meir enn ein gong per veke 0 0 10 5 18 11 16 11 Velbefinnande. Cantril stige 6 eller meir 100 100 88 91 90 91 88 88 Ein eller fleire behandlingstrengande skader siste året 17 38 45 41 40 54 38 48 BMI (Body mass index), kg/m2 17 17,4 17,6 17,4 18 Opplever seg overvektig eller alt for overvektig 17 6 23 15 25 17 27 22 Et frukost 5 dagar eller meir i veka 100 81 78 80 76 79 69 72 Et frukt minst kvar dag 0 12 49 41 53 40 46 38 Fysisk aktivitet minst ein time dagleg 0 35 8 18 17 27 19 28 Helserisikoåtferd Røyking minst kvar veke 0 0 0 1 0 1 1 1 Har prøvd å røyke 0 0 2 4 5 9 Har prøvd snus 0 0 2 6 3 11 Vore full (alkohol) minst to gonger 0 0 1 1 0 1 1 3 Har blitt mobba to eller fleire gonger siste månaden 0 0 13 11 11 11 12 15 13 år Sosial kontekst Vågsøy Sogn og Fj. Noreg WHO Jenter Gutar Jenter Gutar Jenter Gutar Jenter Gutar Lett å snakke med far 54 82 58 75 61 75 56 76 Opplevd familieoppløysing Svak familieøkonomi 11 0 6 25 3 2 30 6 4 Tre eller fleire nære venner 73 71 73 84 91 90 81 83 Ute med venner fire gonger eller meir i veka 23 27 27 37 33 38 23 27 4 timar eller meir dagleg til TV-spel, dataspel, internett 33 12 19 25 Svært god skuletrivsel 32 35 44 41 44 37 30 23 Elevane i klassen er snille og hjelpsame 87 94 80 84 82 76 66 65 Mykje bråk og forstyrring i klassen 41 12 33 34 Helserelaterte tilhøve Sjølvopplevd helse svært god 24 33 24 39 31 45 Sjølvopplevd helse ikkje heilt god/dårleg 8 11 12 7 19 13 17 12 Hodepine kvar veke eller oftare 26 18 26 13 31 17 Kjent seg nedfor (trist) meir enn ein gong per veke 9 6 12 5 19 7 21 12 Velbefinnande. Cantril stige 6 eller meir 89 94 86 92 86 91 83 87 Ein eller fleire behandlingstrengande skader siste året 56 53 44 46 42 51 39 50 BMI (Body mass index), kg/m2 19 18,6 19,1 19 19 19,1 Opplever seg overvektig eller alt for overvektig 43 22 37 22 39 23 36 24 Et frukost 5 dagar eller meir i veka 72 88 78 80 66 74 57 65 Et frukt minst kvar dag 0 12 44 38 46 36 40 33 Fysisk aktivitet minst ein time dagleg 3 6 8 14 6 18 13 24 Helserisikoåtferd Røyking minst kvar veke 0 0 0 1 1 3 5 6 Har prøvd å røyke 5 6 7 10 13 23 Har prøvd snus 3 11 6 12 12 27 Vore full (alkohol) minst to gonger 0 0 1 1 4 4 8 11 Har blitt mobba to eller fleire gonger siste månaden 8 13 6 7 7 8 11 13 Vågsøy kommune Dato 06.09.2012 Side 16

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 015/12 Endeleg vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 12/1483 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Paris Konstituering av Ungdomsrådet i Vågsøy 2012-2013 Rådmannen si innstilling Saka vert lagt fram utan tilråding Saksopplysningar / fakta I første møte med Ungdomsrådet skal rådet konstituere seg. Det skal veljast leiar og nestleiar. Saka vert lagt fram utan tilråding.

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 016/12 Endeleg vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 12/1482 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Paris Møteplan for ungdomsrådet i Vågsøy 2012-2013 Rådmannen si innstilling Saka vert lagt fram med forslag om følgande datoar: Presentasjon av Ungdomsrådet for kommunestyret 31.10.2012 Møtedatoar: 03.10.2012-21.11.2012-06.02.2012-10.04.2012 Det vert kalla inn til ekstramøter ved behov. Bakgrunn for saka Det må settast opp møteplan for perioden 2012-2013

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 017/12 Endeleg vedtak i: Ungdomsråd Arkivsaknr.: 10/1302 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Paris Fylkesting for ungdom 2012. Utsendingar Rådmannen si innstilling Ungdomsrådet sender to utsendingar til Fylkesting for ungdom 26. - 28. okt. 2012 i Hermansverk. Saksopplysningar / fakta Ungdomspolitisk utval (UPU) i Sogn og Fjordane inviterar til Fylkesting for ungdom (FFU). Eventuelle saker ein vil ta opp må sendast til UPU innan 15. oktober. Vurdering / konsekvensar Det er ønskelig at to medlemmar frå Ungdomsrådet i Vågsøy reiser på denne samlinga. Vågsøy kommune dekker utgifter til reiser og opphald. Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 96563 Invitasjon til fylkesting for ungdom 26. - 28. oktober 2012 96564 Retningslinjer for fylkesting for ungdom (FFU) 96565 Retningslinjer for ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane (UPU) 96758 Fylkesting for ungdom Journalposter i arkivsaken uprenta vedlegg Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 I 01.09.2010 2 I 06.09.2011 Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga Sogn og Fjordane fylkeskommune Kulturavdelinga Invitasjon til fylkesting for ungdom 2010 Invitasjon til fylkesting for ungdom 2011 5 I 02.09.2012 Sondre Leivdal Fylkesting for ungdom Sogn og Fjordane 4 I 12.09.2012 fylkeskommune Kulturavdelinga Invitasjon til fylkesting for ungdom 26. - 28. oktober 2012

Fra: Sondre Leivdal sondial37@hotmail.com Sendt: 02.09.2012 Til: anita.lover@bremanger.kommune.no;dagny.paris@vagsoy.kommune.no;erna.rivedal@askvoll.ko mmune.no;mariekildal@hotmail.com;ingeborg.tysnes@fjaler.kommune.no;birgitte.refvik@gaular.kommune.no;bollis_ole@h otmail.com Kopi: Emne: Fylkesting for ungdom Hei! Håpar de har hatt ein fin sommarferie, og fått lada batteria. No har de vell sikker kommen godt inn i skule-/jobbkvardagen igjen, og ting er begynt å bli som normalt. Eit nytt skuleår, nye moglegheiter. Dette gjeld også for ungdomsråda. Det er viktig at ungdomsrådet i din kommune kjem på plass så fort som mogleg, slik at de får betre tid til å jobbe med dei ulike sakene gjennom året. Eit anna godt argument for å "samle troppene" snarast, er at Ungdomspolitisk Utval (UPU) arrangerer Fylkesting For Ungdom (FFU) allereie helga 26-28. oktober på Hermansverk (Leikanger). Det er ikkje lenge til! FFU har lange tradisjonar, og er eit årleg arrangement som er like kjekt kvar gong! Her vert det debattert både store og små saker som opptek ungdommen i Sogn og Fjordane. Det vert skuleringar, og ikkje minst nettverksbygging på kryss og tvers av heile fylket. Dette er rett og slett ei helg du ikkje kan gå glipp av! Ok, det de i første omgang treng å vite er: dato (26-28.oktober), stad (Hermansverk), og kor mange delegatar og observatørar de kan sende. Kvart ungdomsråd kan sende 2 delegatar (altså, personar som får stemmerett) og nokre observatørar dersom de ynskjer dette. Me anbefaler så klart å sende både delegatar og observatørar. Om ikkje så lenge vil de få tilsendt den offisielle invitasjonen, og de vil få mykje meir informasjon etterkvart om bl.a. kva tema som skal debatterast, påmelding og generell praktisk info. Dersom det er noko de lurer på er det bare å ta kontakt med meg, Sondre Leivdal, for eg skal vere dykkar "fadder" fram til fylkestinget. De kan også finne ein god del informasjon her:http://www.sfj.no/cmssff/cmspublish.nsf/pages/ungdom. Eg ville sette veldig stor pris på om de sender meg ein melding/e-post med namn, nummer og e-postadresse på leiar og nest-leiar når det har kommen på plass. Det er litt tungvindt å sende brev, så dette vil absolutt gjøre dialogen og samarbeidet mellom UPU og ungdomsrådet dykkar mykje meir effektiv. Eg vil anbefale at de sett av ein dato som blir "deadline" for kva tid ein ungdomsråd må vere oppe og gå (altså, at ungdomsrådet skal vere konstituert den datoen). Mine erfaringar tilseier også at litt sosialt heilt i byrjinga av året, slår veldig positivt ut for ungdomsrådet sidan medlemmene blir betre kjende og føler seg dermed kanskje friare til å delta aktivt i arbeidet ungdomsrådet legg ned seinare. Gleder meg til å høyre frå dykk, og lykke til!mvhsondre LeivdalSondial37@hotmail.com41761015

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 018/12 Endeleg vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 12/1416 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Paris Økonomisk støtte til konfirmanttur Rådmannen si innstilling Ungdomsrådet yterr ikkje økonomisk støtte til konfirmanttur til Malawi. Bakgrunn for saka Vågsøy sokneråd søker om Vågsøy kommune v/ungdomsrådet om økonomisk støtte til to konfirmantar som skal til Malawi i oktober i år. Saksopplysningar / fakta Kyrkja i Nordfjord har saman med Kirkens Nødhjelp gått saman om eit prosjekt der to konfirmantar frå kvar kommune i Nordfjord er påmeldt til ein tur til Malawi for å sjå på Kirkens Nødhjelp sitt arbeid i landet. KN sitt fokus er å jobbe med retten til helse, klimarettferd, økonomisk rettferd og eit liv utan vald. Kvinners rett til eit liv utan vald samt boring etter vatn er sentrale delar av dette arbeidet. Vågsøy sokneråd får årleg tilskot (kr 3,3 mill for 2012) frå Vågsøy kommune, og Ungdomsrådet meinar at det bør finnast midlar til Malawiprosjektet innan desse midlane. Ungdomsrådet i Vågsøy har eit budsjett på kr 10.000,00 for 2012, som skal dekke opplæring og tiltak som Ungdomsrådet treng. Vurdering / konsekvensar Ungdomsrådet har ikkje midlar til å støtte prosjektet, men nyttar muligheita til å ønska gruppa ein trygg og god tur til Malawi. Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 96764 Søknad om økonomisk støtte - konfirmanttur til Malawi Journalposter i arkivsaken uprenta vedlegg Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel Søknad om økonomisk støtte - konfirmanttur til 1 I 28.08.2012 Den norske kyrkja Malawi

Vågsøy kommune Sakspapir SAKSGANG Styre, råd, utval m.m. Møtedato Saksnummer Ungdomsråd 03.10.2012 019/12 Endeleg vedtak i: Ungdomsrådet Arkivsaknr.: 12/1498 Saksansvarleg: Dagny-Ann Gangeskar Paris Søknad om støtte til transport heim frå Juleball 2012 Rådmannen si innstilling Ungdomsrådet tildelar kr 3000,00 av LTU-midlar til transport frå Juleball 2012 Bakgrunn for saka Klasse 2 STA søker om LTU-midlar for dekking av transport heim frå Juleballet 2012. Saksopplysningar / fakta Vågsøy kommune ved Ungdomsrådet har fått tildelt midlar etter søknad om LTU frå Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Midlane skal nyttast til utgifter til heimtransport frå rusfrie arrangement for ungdom i kommunen. Vedlegg: Dok.nr Tittel på vedlegg 96998 Søknad om økonomisk stønad til transport Journalposter i arkivsaken uprenta vedlegg Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 26.09.2012 Måløy vidaregåande skule Søknad om økonomisk stønad til transport

Søknad for pengestøtte Kjære alle i ungdomsrådet! Eg sender denne e-posten til dokke på vegne av 2STA ved Måløy Vidaregåande Skule. Vi skal arrangere juleball i år og har fått høyre at det er vanleg å søkje om pengestøtte til bussane som skal transportere ungdommane heim etter juleballet. Dersom dykk vel å støtte oss kan dokke sette det inn på klassa sitt kontonummer som er: 1204.43.22836 Vi blir veldig glade for all den støtta vi kan få! Hjarteleg helsing 2STA ved MVS v/ elevrådsrepresentant Maren Midtbø Heggedal Mobil: 46426587