EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 2-2011



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

OK, seier Hilde og låser.

mmm...med SMAK på timeplanen

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Informasjon til elevane

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Brannsår, rus eller friheit?

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord


Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.


Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Kom skal vi klippe sauen

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Månadsbrev for Rosa september 2014

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Brukarrettleiing E-post lesar

Teknikk og konsentrasjon viktigast

6. trinn. Veke 24 Navn:

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Psykologisk førstehjelp i skulen

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

6-åringar på skuleveg

2016 Det Norske Samlaget

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

«Ny Giv» med gjetarhund

Valdres vidaregåande skule

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Mors friluftsliv - nyttig og naturleg

Alt det lyse og alt det mørke

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Veljer vi spesialskule, eller veljer spesialskulen oss?

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Kva er økologisk matproduksjon?

Med tre spesialitetar i kofferten

Refleksjon og skriving

Transkript:

1 EIT INFORMASJONSMAGASIN FOR VANYLVEN - NR 2-2011 EIT INFORMASJONSMAGASIN FRÅ VANYLVEN KOMMUNE NR. 2-2009 Team familie side 12-13 Tante Marianne side 4-5

2 KJENNER DU BULYST? Bulyst. Høyrt om det før? Kjent det sjølv? Ordet er flittig brukt i byråkrati og politikk for å hindre fråflytting og sikre tilflytting. Men sånn elles? Har du verkeleg kjent på eller latt deg rive med av ein vanvittig bulyst? Strutta av bulyst? Tenkjer du over bulysta i kvardagen? Arbeidslyst. Matlyst. Sexlyst. Men bulyst? Seier det deg noko? Eller er det berre eit moteord som blir nytta om noko vi ikkje tenkjer over? Mykje gjerast for at vi skal kjenne bulyst. Det er mange forprosjekt og prosjekt gode eller godt forankra inkluderingsprosjekt, meir eller mindre godt organiserte arenaer for samhandling, mange ulike aktørar i lokalsamfunnet, noko implementering og entrepenørskap og samarbeidsrelasjonar som kan ha ulike gradar av jamnbyrdigheit og formaliseringsgrad. For å nemne noko av det sentrale mynde peiker på i dokumentet Identifisering av prosjekter med formål å få tilflyttarar til å trivast, og bli verande på ein stad. Ein rapport om bulysta vår. Vanylven Utvikling tykkjer bulyst er viktig. Men omgrepet handlar ikkje berre om nasjonal politikk og gode intensjonar. Det handlar om kvardagen vår. Din og min kjensle av å trivast med staden vi bur på. Det er du og eg som må kjenne bulyst. Fjernt og flyktig eller nært og nyttig? Magasinet du no held i handa vert utgitt av Vanylven Utvikling. Vi trur ekte bulyst handlar om kva som får folk til å bu der vi bur. Konkret og jordnært. Det er det vi vil fokusere på i vårt magasin. På moglegheita til å gjere forretning av ein hobby og ei glødande interesse. Det å synast det er gøy å jobbe fordi ein kan drive med det ein har drøymt om sidan barndomen og samtidig har rom nok i kvardagen til å sette pris på dei små daglegdagse tinga, for då er det ikkje berre stress. Det å våge og vere seg sjølv, ta sine eigne val i livet sjølv om ein på ein mindre plass vert desto synlegare. Moglegheitene er så mykje større om ein berre opnar augene og ser seg rundt, vågar å satse det er det vi ynskjer å formidle i denne utgåva av magasinet. Magasinet vert distribuert via Synste Møre. På den måten når vi ikkje berre dykk som bur her, men også utflytta vanylvingar som ein dag kanskje vil vende blikket mot Vanylven, naturen, menneska og moglegheitene her. Vanylven - ein grunn til å smile, nr. 2-2011 Utgjevar: Vanylven Utvikling AS Ansv. redaktør: Bernt Westad Redaktør, ord og bilete: Anna-Ma Olsson - smile@vanylvenutvikling.no Bladbunad: Tor Inge Nygård/Anna-Ma Olsson Frå dropskoking til Kva har ein sjukepleiar og ein ambulanseførar til felles? Jo, ein nettbutikk som sel interiørprodukt så det susar i fransk landstil! På den gamle garden til besteforeldra nede ved sjøkanten på Fiskå, bur Per Marius Lillehamre (32) saman med Camilla Breivik (24) og borna. Bustaden har fått gjennomgå omfattande renovasjon dei siste åra, og inneheld no eit kvitmalt loft med showroom for nettbutikken dei har dreve sidan februar i år, Milladill.no. Her bugnar det av skilt med snirklete skrift, knaggar og krokar, speglar og rammer, garnkuler i glas og små gipskors og madonnafigurar. - Det heiter Shabby Chic - eller fransk landstil, seier Camilla Breivik (24) og legg ikkje skjul på at smaken hennar har prega innhaldet i nettbutikken. Nordmenn idag er vant med å handle på nettet, så den store utfordringa er å føresjå kva produkt som kjem til å gå bra. Bestseljarane så langt er dørmatter med tekst, samt gammaldags vippespeglar. Det starta med at Per Marius og Camilla kokte drops på kjøkenet saman og dekorerte gamle hermetikkboksar. Dette var så gøy at tanken å selje det dei laga etterkvart vakna. Nettbutikken dei starta i februar har gått betre enn dei hadde drøymt om på så kort tid, og sender no til dømes vanylvsk drivved og gamle garnkuler over heile landet. - Vi har delt oppgåvene slik at eg tek hand om det tekniske, fortel Per Marius. Eg legg inn nye varer og oppdaterar på nettet, medan Camilla er den som står for innkjøp og produktplanlegging. Pakkar

3 nettbutikk varer gjer vi begge to, og har som mål at bestillingar heilt fram til klokka ett skal avgarde same dagen med posten, som har frist klokka to på Fiskå. -Vi håpar på ein betre fraktavtale i framtida, seier Per Marius. Utviklinga i Posten gjer det alt vanskelegare å halde gode fraktrutinar. For enkelhetens skuld har Milladill ein fast, låg pris på frakt. - Slik sett tapar vi litt på kvar frakt, men vinner på at vi får fleire ordrar, seier dei. Ilter piping frå kjøkkenet røper at det likevel ikkje er kun interiørting som produserast i huset på Fiskå. Her er også kyllingar som har vorte klekkja ut ved hjelp av rugemaskin, og ved den gamle fjøsen på tunet spaserer høner av rasen islandsk viking. - Det er berre å stikke innom dersom ein vil sjå tinga, eller treng bursdagsgåve i all hast, fortel Camilla. Dei har ikkje faste opningstider, men opnar meir enn gjerne døra om ein slår på tråden eller kjem forbi. Samstundes som paret venter sitt fyrste felles born, går dei med draumar om ein butikk på tunet heime i framtida. Men namnet på butikken? Jo, det er sjølvsagt fordi Camilla har dilla på desse tinga.

4 DET SKEIVE, vesle, raudmalte huset med tak i amerikansk præriestil står mellom bugnande tre i den skrånande hagen eit steinkast frå blå fjord. Nyslått plen med gras som ligg til tørk, ut frå husets indre sig ein tydeleg duft av nysteikte vaflar. I grøfta står ei kvinne i blodraud hettegensar og dirigerar inn på tunet medan ho viser alle tenner i det som kan vere Syvdes hjartelegste smil. - Huset er som meg - litt merkeleg skrudd saman! Marianne Løseth (40) ler på den brautande måten som bergensarar er viden kjent for, medan ho fortel om alt ifrå villkattane på løda til tippoldemora hennar som vart født her, i dette huset som er bygd på og bygd på i generasjonar, der kjærasten Trygve frå Voss no er satt til oppgåva å steikje vafler. - Går det bra der inne, Trygve? Eg vart så glad for finevêret, for då slapp vi å rydde inne! Innimellom slår ho ut med arma mot eit bord i solveggen, dekkja på med eit raudt sceneteppe? For det vert sommarskule likevel. Born frå 4. klassetrinn og oppover i Vanylven som vil vere med å setje opp ein teaterforestilling frå start til slutt på ti dagar er også i år varmt velkomne å melde si interesse og kanskje verte ein av dei 26 som får plass. Som dei to føregåande åra, er det Marianne som er ansvarleg for undervisningsopplegget. Ungdomane sjølve er med i heile prosessen frå å velje tema til å lage kostymer og scenerekvisittar, og til slutt framsyning. - Ein må ta born og unge på alvor, slik at dei får ein oppvekst som dei ser tilbake på med gode minner om Vanylven. Det er det som betyr noko når du vert vaksen, seier ho engasjert. Eg trur det er viktig å få unge til å like barndommen, om dei skal få lyst til å kome tilbake. For sjølv lengta Marianne vekk. Etter dei fyrste åra på Alvøen utanfor Bergen og Meieriet i Ålesund, kom ho med mor, far og to brør til farens heimstad Syvde tidsnok til å byrje første klasse. Med skarrande Rrrr var ho annleis, litt utlending rett og slett, men utan å vere eksotisk. Som mange i slekta er ho glad i musikk. Ho spelar trombone, og er etter eige utsegn ei av dei dårlegaste i landet. -Eg spelte i korps veit du, med andre som spelte trombone, så eg trudde dei gode lydane kom frå meg - men dei gjorde jo ikkje det, hæ-hæ! - I mange år tenkte eg at eg ikkje var herfrå, eg var frå Alvøen, fortel Marianne. Men så kom eg tilbake til Syvde i vaksen alder fordi mor mi vart sjuk, og byrja å pendle fram og tilbake. Ho vart ikkje frisk, og då måtte eg ha jobb her oppe. Då ho gjekk bort i 2007 vart eg verande. - Men som ungdom, då venta eg berre på at eg skulle verte gammal nok til å reise og byrja på skodespelarjobben min. Eg ville verte Crystal i Dynastiet, ho snille med det fluffy håret, du vet. Og så vart eg bitchen Alexis i staden for! Eg er jo kjend for å vere litt streng med elevane mine. Hmm, korleis? - Jaaaa...Ho trekkjer på det, tenkjer. Eg er veldig sånn som må ha kontroll. Når eg har sagt noko, så forventar eg at det skjer. Eg har eit italiensk temperament som strekk seg alle vegar, og grin alltid når dei har gjort sin framføring. Eg virkeleg elskar elevane mine, er frustrert og sint på dei, ler med dei og er glad med dei. Sånn er det berre når vi gjer ein felles ting. Det å jobbe med ein produksjon er jo ein reise i lag. Det er eit forhold. «Det er viktig å få unge til å like barndomen, om dei skal få lyst til å kome tilbake» Du er ikkje kompis med ungdomane? - Jo, eg er nok det. Ein vaksen som er venn med dei, som dei kan snakke med om ting og det vert mellom oss. Eg gir tilbakemeldingar og dei veit at eg er... feilfri skulle eg til å seie! Hæ-hæ-hæ! Nei, dei veit at eg IKKJE er feilfri, og dei ELSKAR å arrestere meg på ting sånn som at eg har teke på meg umaka sokkar, eller ikkje har kamma håret mitt, eg får verkeleg høyre det! Men på kulturskuleavslutninga sa dei at dei såg på meg som ein tante. Så eg er tante Marianne - ein vaksen dei føler seg litt i slekt med. Nytt for i år er ellers ein vossing med erfaring både som lærar og karateutøvar, nemleg kjærasten Trygve, som utan å nøle vart med Marianne på eit prøveår i Syvde. Og med han, også moglegheita til å ha scenekamp i teaterundervisninga på sommarskulen. Marianne har frilansa som skodespelar, teaterinstruktør og regissør i Teaterkompaniet GREP saman med ein kollega sidan 2002. -Vi skal skrive og produsere teaterframsyningane i Syvde under det komande året. Så kolleger og skodespelarar kjem hit og jobbar med oss. Og når dei først kjem, synst dei at dette er ein av verdas finaste plassar. Dei berre lurar på kvar kafeén er! Hæ-hæhæ! Det italienske humøret stikker seg fram i det ho brått vert alvorleg. - For dei som tenkjer at sommarskulen er berre tull og tøys, så dekkjer vi absolutt alle faga som er i pensum. Til dømes marknadsføring, matematikk, fysisk fostring, friluftsliv, matlaging, skriving, og brainstorming - dei skriv jo tekstane sine sjølv. Slutt å tenk - berre kom på det! brukar ho å seie til elevane sine i improvisasjonsøvingane dei har kvar morgon og kvar ettermiddag. - Vi jobbar med menneske. Det vil seie, eigentleg jobbar vi med leik og meistring. Born som kjem saman og vert trygge på kvarandre, og får ei positiv utvikling ved å meistre ting, skape ting. -Sommerskulen handlar ikkje eigentleg om kultur. Det handlar om utvikling...om det å bli skapande, bruke dine egne kreative idear og moglegheiter og tru på det, i eit miljø der det er tillate. Eg har elevar som har komt etter sommarskulen og sagt at dei har lært meir på desse to vekene enn på eit heilt skuleår. Fordi dei har lært gjennom øvingar i praksis. Marianne og Trygve elskar friheita på bygda. Det å kunne gå ut og rulle seg naken i graset, eller rusle ned og fiske litt. Men dei kunne tenkt seg ein type samlingsstad, for å treffe andre på nøytral grunn. Spele sjakk, drive med teater, eller berre ein plass

5 «Eg kan ikkje forstå korfor ein skal ha ein jobb som er trasig, når ein kan ha ein jobb som er gøy» Tante Marianne for alle kora rundt om. Ein kafé, ein pub og eit kulturhus, det er draumen, det, fantaserar Marianne. - Ålesund er jo i vekst i folketal, og det er snakk om bru og sånn men...det viktigste er å lage trivsel der ein bur. Trur du fleire etterkvart vil velje livet på bygda? -Eigentleg ikkje, med nedrustninga regjeringa har, og med fødeavdelingar som forsvinn. Menneske vil ha jobb og sikkerheit. Så eg trur dessverre endå fleire vil flytte inn i kaninbur i storbyane. Men det er synd, for dei fleste vil jo bruke ferie og fritid istaden, til å kome seg ut på bygda. - Eg trudde eg hadde heile livet på å ta igjen tapt tid med min mor, men så plutseleg hadde eg ikkje det. Alt som har med verdiar å gjere vert berre lagt vekk då. For når alt kommer til alt så er røter, tilhørighet og familiekjærleik det som betyr noko. Eg trur eg har eit betre liv på bygda. Men av og til må eg verte minna på kor fantastisk eg har det her!

6 TEAM FAMILIE Dei ville til landsbygda i Norge, men visste ikkje kvar dei kom til å lande. Då det same huset hadde dukka opp for salg i internettannonsane tre gongar, tok nederlandske Brenda og Martinus Koers det som eit tegn. No er det snart fem år sidan dei tok med seg dei fire borna og familiebedrifta til Fiskå. - Ein må venne seg til at ting tek tid her i Norge, seier Martinus. Men no søv vi godt om natta, og lever nær naturen. Vi kunne ikkje ha hatt det betre! STØRRE AVSTANDAR - I Nederland vert eit kvarter eller ein halvtime rekna som lang tid å bruke på reising til og frå. Her må du rekne nesten ein dag for å fylgje borna til tannlegen for tannregulering til dømes, fortel Brenda. Slik er det no berre, men det trudde vi ikkje heilt på før vi kom hit! - Vi var ikkje tilfreds i Nederland. Der er så mykje regler, og vi bekymra oss for framtida til borna våre, seier Martinus. Nærleika til coffee shops gir lett tilgong til dop for ungdomsskuleelevar, og var ein av grunnane til at dei ville flytte til fredelegare omgjevnadar. BETRE SKULE Dei synest at det er positivt her i Norge med mindre skuleklasser og meir tid til den enkelte elev. - Og så går dei av og til på tur i kroppsøvingstimane, det ville ha vore utenkjeleg i Nederland! I tillegg er her ein anna innstilling til matlaging. Til dømes har ein ikkje Mat & Helse som fag på skulen der eingong, seier Brenda, som fortel at ofte har ungane laga maten ferdig til ho kjem heim frå jobb. JOBBAR MYKJE Ved sidan av gardsdrift og deltaking på messer, jobbar Brenda både som vikarassistent på sjukeheimen på Fiskå, samt på Åheim og Fiskå skule. At folk reagerar på at dei jobbar mykje trur dei er ein av kulturforskjellane mellom Norge og Nederland. Sjølve synst dei at det er heilt naturleg, då dei har valgt å satse på å byggje opp si eiga bedrift. - I fjor sto vi på messe kvar helg heile året, frå mai fram til jul. Når ein ikkje har slekt og familie i nærområdet, og faktisk er vekk mange av helgane, tek det nok litt lengre tid å kome inn i lokalsamfunnet, meiner Brenda. Samtidig er ho overraska over kor hjelpsomme folk er når det trengs, og fortel om alle som troppa opp og hjalp til då Martinus kom med heile flyttelasset frå Nederland. Alt var gjort i løpet av ein dag! - Det har vore spesielt viktig for oss med all den gode hjelpa, sidan vi har møtt eit nytt språk, eit nytt land, nye menneske og ny kultur på same gong. INVESTERAR I GARDSDRIFT I desse dagar startar bygginga av ei ny fjøs for totalt 70 dyr rett ved sidan av den gamle, noko som er ein stor investering. Sauer prøvde dei seg på i fjor.

7 - Men eg er ikkje ein sauemann, flirer Martinus, og Brenda er einig. Eigentleg ville dei importere bison, og fortel at det er rolige dyr med veldig godt kjøt. Dessverre er det ikkje lov å importere bison til Norge, så dei planane måtte dei legge til side. Dei held seg til kjøtproduksjon, og har idag 30 kviger i lausdrift av typen Limosin, som er eit norsk kjøtfe som gjev fint kjøt med høg lønsomheit. Borna Matt, Arissa, Tosca og Thyra er alle i tenåra og tek aktivt del i gardsdrifta. Eldstesonen Matt er 17 og går landbruksskulen på Gjermundnes. Eldstedottera Arissa på 16 er allereie interessert i plantedyrking og gartnervirksomheit, og foreldra håpar dei ein dag vil ta over landbruket. - Gjennom å byggje opp ein gard håpar vi å kunne halde familien samla. ØKOLOGISK I VEKST - Vanylven kommune har vore fantastisk, vi har fått all råd og hjelp vi kunne ynskje oss når det gjeld landbruk, seier paret, som også importerar økologisk gjødsel til Norge. -Eg trur det held på å snu, og at folk over alt byrjar å bli meir bevisst på at vi treng anna enn berre kjemiske produkt, seier Brenda. Det gjev både større avling og lågare gjødselprisar. INTERESSERT I DET ALTERNATIVE -Furuolje er bra mot forkjølelse og tette luftvegar. Brenda set fram ei keramikkrukke med duft på bordet. Dette er eit av produkta dei sel, og som kjem i mange ulike dufter, til dømes eukalyptus eller mint. Langsomt vert nordmenn meir interessert i det som er alternativt, men er samstundes litt skeptiske og spør gjerne etter forskingsrapporter og lignende, seier ho. - Alle menneske reagerer forskjellig på dei ulike preparata. Ein må berre prøve seg fram. TRIVST MED KLIMAET - Her er meir regn enn vi er vant til. Men vi synst klimaet her er fint, og likar at det ikkje er så varmt, fortel Martinus. - Interessen for økologisk gjødsel kjem meir og meir, sjølv om nordmenn er konservative samanlikna med oss nederlendare, seier Martinus. Han er veldig fornøgd med at Bioforsk (norsk forskningsinstitutt organisert under Landbruks- og matdepartementet) no skal prøve den økologiske gjødselen deira.

8 Abstrakt fotografi ve

9 rt kunst Silje Nordal, 15 år, frå Eidså. Kvifor begynte du å fotografere, og kor gamal var du då? Eg fekk mitt første kamera i bursdagsgåve då eg var 12 år gammal. Det var eit lite Samsung digitalkamera, og det var med dette kameraet interessa mi for fotografering begynte. Ei stund etterpå kjøpte eg speilreflekskameraet. Så det var eigentleg ikkje nokon spesiell grunn til at eg begynte å fotografere, eg fekk berre interesse for det. Kva for eit kamera har du, og kva for objektiv bruker du? Eg har kameraet Canon EOS 500D. Eg har to objektiv, eit Canon EF-S 18-55mm f/3.5-5.6 objektiv (som følgde med kameraet) og eit Canon EF 50mm f/1.8 II objektiv. For det meste brukar eg 50mm objektivet, fordi bileta blir mykje lysare og bakgrunnen blir meir uskarp. På ønskelista står eit macro objektiv og eit vidvinkel objektiv. Noko spesialutstyr til kameraet? Nei, eg har ikkje noko særleg spesialutstyr til kameraet enda. Berre eit stativ og nokre vanlege filter. Har du noko plan om å utdanne deg innenfor fotografi? Eg skal først og fremst få studiekompetanse, så får eg sjå kva eg veljer vidare. Men ein ting er sikkert, fotografering vil eg halde på med uansett. Er det ein tanke bak bileta dine? Det er vel ikkje nokon spesiell tanke bak bileta mine. Men når ein ser litt nærare på noko, for eksempel i naturen, kan ein finne mykje vakkert å ta bilete av. Og det er noko eg gjer ofte. Så ein må berre prøve seg fram når ein tek bilete, være kreativ og leite etter fine gjenstandar. http://photosn.blogg.no

10 Davids draum I følgje Aina Krakset Moldskred kom David Johnson (32) som sendt frå himmelen ein dag i vinter, og har vore hjelpar på Hakallegarden sidan då. Sjølv seier han dette: - Eg var på yoga- og meditationskurs i India frå januar til april. Etterpå satte eg meg i bilen og køyrde frå Sogn & Fjordane og oppover, på leiting etter eit lite gardsbruk. Omgjevnadane her er kjempebra. Eg er tiltrukket av heile vestkysten, med naturen, og har budd lenge i Misund utanfor Molde. - Eg har ein draum om å byggje opp eit sjølvberga gardsbruk. Men eg vil ikkje gjere det aleine, og førebels har eg ikkje funnet nokon som har hatt lyst til å vere med. - Så du har på ein måte ein plan? - Ja. Eller...eg hadde det. No veit eg ikkje heilt kva som kjem til å skje. Eg har vel meir eller mindre gitt opp håpet om å møte nokon som har lyst til å satse på dette. Det var vanskelegare enn eg trudde. - Men, om du kan beskrive...kva for type gard er det du tenkjer på då? - Vel, ikkje ein besøksgard, men meir eit kollektiv der ein bur i lag, jobbar i lag. Ein gard har no så mange fleire moglegheiter i seg enn berre å dyrke grønsaker. Ein kan halde på med musikk, og kunst, og trehandverk til dømes. Det treng no ikkje å berre vere dyr og plantedyrking. - Er det dette som er draumen din? - Ja, draumen, det hadde vore ein landsby med økologisk dyrking, eit anna "tenk". Sleppe stresset og forbruket. Men det er pussig kor vanskeleg det er å gi slepp på sine faste vanar også. Sjølv om vi menneske snakkar om kor herleg det hadde vore, når alt kjem til alt, så...tør ein ikkje. Min tanke med det heile er sikkert veldig naiv, og det er sikkert mykje meir arbeid enn kva ein trur. Men eg skulle gjerne ha gitt det ein sjanse i all fall. - Eg lurer, kor sjølvberga lever du no? - Ikkje i det heile. Det einaste eg dyrkar er mine eigne bønnespirer. - Du har fortalt tidlegare at du ikkje følgjer med på nyhende i aviser eller på fjernsyn. Korfor ikkje? - Nei, det gjer eg ikkje. Tja...eg har vel berre mista interessa for fjernsyn. Men når det gjeld å ikkje sjå nyhende så er det vel det mest bevisste valet eg har gjort...for nyhende er eit mål på kor gale stilt det er i verda. Det er eit evig kvernande, alltid problem. - Vi lever ikkje direkte i takt med vår opprinnelse. Det er vel derfor vi lider så mykje. Vi har feil fokus. Eller "feil" forresten - vi har eit fokus som tek oss bort frå oss sjølve. Det er mogleg det er det rette nett idag, men eg trur at i våre hjartar lengtar vi tilbake til kontakten med...alt. - Men har du ein meining om korleis det kan bli betre? - Eg trur at eit stort problem er at ein dømer veldig mykje. At ein synes ting er "rett" og "feil". At dette vil vi ikkje ha, men dette vil vi. Det trur eg gjer at ein hamnar eit steg bak det som eigentleg er, når ein skal meine og synse og tenkje om ting - i staden for berre å prøve å vere i det, oppleve det som det er, uansett kva det er. (Ler). Det er vanskeleg å forklare men... - Er det derfor du trivst betre på landet kanskje? - Ja. Absolutt. I Göteborg og andre storbyar vert ein mata med endå fleire ting som skal gjerast. Ein går kanskje ut for å kjøpe noko, og kjem heim med noko heilt anna. Og så vil vi vere først og best. - Ligg det i oss menneske tenkjer du? - Ja, det ligg veldig djupt i oss, men eg trur det er på grunn av korleis det ser ut idag. Det er liksom sånn det skal vere. Det er best å vere best. Men å vere nummer to, eller tre - det er også best. - Eller sist... - Ja. Men då er ein der igjen..."først" og "sist". Det er like bra, alt saman, trur eg! Altså, eg kan no ikkje psykologi på den måten, men eg trur berre løna er stor om ein skulle gi opp det der. Prøve å kjenne meir tilfredsheit innifrå i staden for å søkje den utanfrå. - Ja, men korleis trur du ein kan gjere det? - Ja...å berre prøve å setje seg ned og ta det litt meir roleg, det er eit godt steg. Puste. - Det handler vel yoga mykje om også? - Ja, absolutt. Eg har helde på med yoga sidan eg var omtrent 20, og har det alltid bra når eg gjer det. Det gir ein indre ro, heilt klart. Alt som gir avslapning er vel bra, i kva for ein form det enn måtte vere. - Du skil deg ut ein del med tanke på utsjånad. Er det bevisst? - Ja, eg vil la håret leve sitt eige liv, og har ikkje klipt det på åtte år no. Det er no ikkje slik at eg er slik, så då må eg sjå ut sånn. Det er vel meir at det går hand i hand med korleis eg ser på ting i det store heile. - Men kvar hen finn du kleda dine? - Eg syr sjølv. - Å, OK! Syr du alt sjølv? - Nei då. Eg handlar også, det gjer eg, men bukser har eg vel ikkje kjøpt på mange år no. Hadde eg hatt ein gard ville eg veldig gjerne sitje og sy, for å selje det. Å sy er nok mitt handverk, trur eg. - Er folk reserverte, fordi du ser annleis ut? - Ja, sjølvsagt. Eg er ganske vant med skeptiske blikk på grunn av korleis eg ser ut. Men eg har vorte veldig godt motteken også.

11 - Kanskje dei er nysgjerrige, men ikkje tør å spørre? - Ja. Dei er velkomne. - Jaså? - Det hadde vore heilt fantastisk å bu med ein gjeng menneske som delar dei same tankane å bevare jorda i staden for å bruke den opp. - Betyr det at du til dømes er vegetarianar då? - Nja, eg kan ikkje kalle meg det, det kan eg ikkje. Men eg eter helst ikkje kjøt eller fisk. Det er sikkertnok mogleg å ete kjøt med reint hjarte. Eg synst berre ikkje måten vi held dyr på idag er særlig reint. Ei kyr har ikkje eit så verdig liv, ho får ikkje så mykje takk. - Kor bevisst er du når du vel mat? - Vel, der går det på dagsform. Dessverre har det vorte mykje brød. Og det er nesten magisk, men det følest herleg å bruke mat som skal kastast, å kunne livnære seg på det. Sidan eg var i India har mi innstilling til dette vorte forandra. Eg var nokre månader i nord, ved foten av Himalaya, to mil frå utløpet av Ganges. Det er ein heilt anna openheit der, og ein dag skal eg tilbake. - Er du mykje ute i naturen her? - Nei...Eg lever ikkje etter ideala mine, verkeleg ikkje. I starten, då eg flytta hit, var eg ofte nede på stranda for ein dukkert. Eg gjer det framleis av og til, men på ingen måte så ofte som eg vil. Eg treng litt meir sjølvdisiplin. - Er du religiøs? - Ja, eg trur vel på Gud. Men med religion, kjem krig. Og endå ein gong kjem vi menneske inn og seier at dette er det einaste rette. Eg trur ikkje du vert opplyst fordi du les Koranen eller Bibelen eller Bagavadgita. Det er heller innstillinga di, og korleis du opnar deg. Bibelen er sikkert forløysande for mange, men eg søkjer ikkje i nokon skrift. Eg har prøvd å lese Bibelen fleire gongar - og slutta like mange!

12 12 Steinarr Sommerset er 28 år og oppvaksen på Nordstranda i Vanylven. Han var tidlegare journalist i NRK, og jobbar no som omsetjar i London. Heimesiger Så du bur i byen. Låser døra når du hentar posten. Står som sild i tønne på bussen og ser tomt hin vegen når nokon snakkar høgt. Trappeoppgangen i den grå blokka har ikkje vore vaska sidan 2009, for det er naboen sin tur, han du aldri har snakka med. Du drikk utblanda kaffi med vanskelege namn, og slappar av med heva skuldrer og eitt auge flakkande mot minuttvisaren. For du jagar alltid vidare. Draumen om godt samvit spottar deg frå skrivebordsskuffa: Sareptas hugseliste over alt som må gjerast snart, den under haugen med assorterte kvitteringar frå impulskjøpa du ikkje klarte å stå imot. For reklamen lokkar så yndig på deg, og høyrer du ikkje etter, skrik den etter deg frå alle kantar, der du hastar avgarde med rynka panne til verda over den tyggisflekkete asfalten. Vegkanten er ikkje omhyggjeleg raka fri for nyslått gras i stødig handelag etter middagskvilda. Ho som kjem køyrande slår ikkje av ein prat om laust og fast. Her hyttar dei med neven til tylane som våger seg frampå utan fire hjul. «Men det var då noko til svartmaling», tenkjer du kanskje. Byen er no til dømes rik på kultur- og aktivitetstilbod. Og du har sjølvsagt heilt rett. Kvar helg kan du etter ei lang arbeidsveke kose deg med entusiastisk karaokesong frå nabolaget gjennom golv og vindauge, frå komforten av di eiga seng, heile natta. Er du ekstra heldig, deler dei ivrigaste opplevinga med deg til langt ut på morgonkvisten for ei musikkglede, for ei nyting! Likar du spaserturar i gågata, kan du treffe mange oppmuntrande tiggarar som gir deg godkjensla, og eldsjeler frå telefonselskap og veldedige organisasjonar er alltid på pletten for å underhalde deg med gode tilbod det ikkje hjelper å seie nei til. Har du lite til overs når du skal betale rentene på det overdimensjonerte huslånet, er det er faktisk leikande lett å leve billig i byen. Du kan til dømes spare pengar ved å stumpe røyken, for her er det fritt fram å fylle lungene med herleg svevestøv i gatene kvar morgon, heilt gratis. Og kanskje best av alt: Du treng aldri å bekymre deg for at nokon i nærmiljøet nasar borti kva du driv med. For sjølv kor mange menneske som har trykt seg inn på ein og samme stad, er alle seg sjølve nok, og travelt opptekne med å stresse vidare i den store, kalde einsemda. Men det er då ikkje slik du eigentleg har det i byen. Det kan berre fort kjennast sånn når du lengtar Heim. Når spørsmålet slår deg, på ein tidsklemt regnvêrstorsdag, medan du fåfengt prøvar å vaske graffiti av stovevindauget igjen: Kvifor flokkar vi eigentleg til byklyngene som møll mot neonlyset? Kvifor vel vi det nest beste? Kvifor vil eg busetje meg i byen? Eg meiner: du har heime, og så har du Heime halvt konstruksjon av nostalgisk identitetsfeber, halvt herleg sanning. Det er Heime det finst noko som heiter frisk luft. Heime er det dugnad, Heime slår du av ein prat på butikken. Heime syng fuglane heile året, Heime er alle fargar sterkare, Heime kan tida stoppe opp når det er behov for det. Tida kan spolast tilbake til minner som stadig modnar og får nye smakar. Eg hugsar då eg var liten, når det kom onklar og tanter på besøk som hadde vakse opp på garden vår. Det første dei gjorde etter å stige ut av bilane og helse god dag og takk for sist, var å spankulere sakte rundt omkring på tunet utan å seie noko, med fjerne blikk og salige smil. Eg forsto aldri heilt kva det var for noko dei såg etter der ute, kva dei tilsynelatande anda inn og drogst mot det kunne då umulig vere noko vits i å gå rundt sånn og svime? Somrane går, og undring vert til erfaring. No kjem eg sjølv på vitjing og gjer det same: finn roa i det trygge, og ynda i det gjenkjennelege. Mimre, mimre. Den steinen der var så uendeleg stor ein gong. Den ville elva som måtte kryssast med omhu, piplar no stille for seg sjølv. Trea ein klatra i døyr bort, og nye ungkvistar spirar fram så fort at ein mistar teljinga. Men det er ein fredeleg og harmonisk dynamikk i det heile. Heime kan ein sitje ute og lytte på musikken i naturen. Stilla som stryk fjorden flat og fjella evig unge. Finne seg ein fjørestein, ein stubbe i skogen, ein fjellknaus, og lytte. Lytte etter alt det ein berre kan høyre der menneskehand ikkje har fått kvelt den urørde lydrikdomen. Berre lytte, og finne attende til essensen av livskvalitet. Små augneblink av rein lukke. Bade i sjøen og tørke i sola. Rake fram lukta av nyslått gras. Sykle i medvind og tulle bort sumarnatta. Alt dette finst Heime. No skal det visstnok vere typisk utflyttar å dyrke slike nasjonalromantiske forestillingar. Men det ligg ein viktig kjensleventil i det å lengte etter det enkle, gode livet. Det uoppnåelege idealet. Kor mange hyllemeter med skjønnlitteratur og plateinnspelingar som har henta inspirasjon frå slike tankar skal eg ikkje eingong freiste å spekulere i. Men vi må alle tilbake til denne staden så ofte det let seg gjere for å fylle opp heimekvota. Vi må ha vore der, slik at vi på nytt kan reise ut og teikne glansbildet av Heime med friske fargar, og kjenne kor viktige røtene våre er. Etter kvart som årringane byrjar å grave seg plass i panna, formar det seg stadig nye tankebaner til denne rastløysa. Kanskje har du ikkje opna augene for det som alltid har vore der. Kanskje er du på riktig stad, kanskje ikkje. Men éin ting ber vi alle med oss vidare. Vi kan kan alltid lengte Heim og kjenne kor godt det er.

13 Vernar om energiar Som lækjarsekretær i ein storby tok healer Anne Nygård (38) inn så mykje sjukdomsenergiar frå menneske at ho sjølv vart sjuk. På Åheim får ho roa og stillheita ho treng. Anne bur på Åheim med born og kjærast. Ho er healer, og det betyr at ho hjelper folk å få løyst opp blokkeringar i kroppen, som bidreg til at ein vert sjuk. Nokre gongar i året held ho også foredrag om korleis ein sjølv kan frigjere eigne energiar og samstundes verne seg mot lågt energinivå hos andre. Anne Nygård driv firmaet Silver3stars saman med Beate Myklebust. Anne sin del er opplysning og å hjelpe folk, medan Beate tek seg av papirarbeid, nettsida og utsending av varer. Energikorta som er å få kjøpt i nettbutikken, er kanskje det Anne er mest kjent for i området. Ho fortel at det har vore prøvd i mange år å plassere energi i ting, og halde den der, men utan å lukkast. Med energikorta har ho fått ingeniørhjelp til å lage kort med syltynne energispiraltråd inni, og dei held energi. Anne forklarar det slik at alt i universet består av energi. Den er inni oss, og den omgir oss. Utan den vert vi sjuke. Det er også derfor vi gjerne seier at batteria våre er utlada når vi er slitne og trøtte, seier ho. Folk må gå meir ut frå ynskja sine, og ikkje vere så redde for å sleppe det gamle for å finne det nye Så dersom ein har stagnasjon i energiomløpet ein stad i kroppen, vil ein få eit område der som vert sjukt. Dette fortel Anne at ho kan sjå og kjenne, når ho pratar med menneske. Den som har mykje blokkeringar i kroppen, vil då ha lågare energi enn det den kunne hatt. Dersom Anne tek ei healing, er det som at ho vert ein transformator og opnar opp for å la universet sine energiar gå gjennom til den personen. - Det å vere ærleg er det eg synst er aller viktigast ved energiarbeid. Derfor er eg også imot hypnose. Då påvirkar du ein person utan at han eller ho veit kva den går med på. Å helbrede andre har ho gjort lenge. Allereie som born kunne ho sjå det mange andre ikkje kunne, og på den måten forsto at ho var klarsynt. - Det er å hjelpe folk gjennom healing som er min styrke. Men alle vil kunne finne ei dragning inni seg sjølve, der dei veit kvar dei kan bidra. Folk må gå meir ut frå ynskja sine, og ikkje vere så redde for å sleppe det gamle for å finne det nye. Virus går ikkje an å heale, kun dempe, fortel Anne. Det er fordi virus går inn i cella på ein anna måte enn bakteriar. Men vanleg smerte og betennelse kan healast. Ho finn mykje slitasje hjå folk, ein tek ikkje tida til å roe seg ned og finne tilbake til seg sjølv. Anne er ikkje politisk engasjert, men ho høyrer kva folk er bekymra for i samfunnet. - Norge er eit bra, men dessverre stressande, land å leve i. Vi veit at stress dreper, så det er vår kvardagssituasjon som gjer at vi er sjukare enn kva vi burde ha vore. Vi burde begynne å ta betre vare på oss sjølv, i staden for å skulle ha alt mogleg, og vere med på alt mogleg. Dette gjeld både fritid og jobb. - Dei personane som prøver å bruke fritida si på det dei har lyst til å gjere, har eit betre liv enn dei som stressar. Anne er klarsynt og kan fortelje at det kjem til å verte ei aukande trend med tilflytting til landsbygda. I løpet av dei næraste tre-fire åra vil folk gå meir og meir tilbake til korleis det var før, og leve eit rolegare liv. Fleire og fleire vil ynskje fleksitid framover. - Det kan gå anten på det fysiske eller det psykiske planet. Det kan eg ikkje styre, for energien går alltid dit der den trengs først. Når eg overfører energi, må mottakaren ta imot. - Alle menneske er ulike når det gjeld kor open kroppa deira er for healing. Og det har ikkje noko å gjere med korvidt ein trur på det eller ikkje, seier Anne over telefon. Derfor kan ein utprega skeptiker verte hjelpt, samstundes som ein som verkeleg er innstilt på det er for blokkert til at det skal lukkast. Dette oppdagar ho medan ho helbredar. Ho meiner stat og kommune har eit stort ansvar for å ikkje kutte endå meir ned på stillingane i det offentlege. Større bemanning på arbeidsplassar er viktig, slik at ikkje folk må gå for mykje på akkord med seg sjølve. Her må kommunane vere meir kreative og skape arbeidsplassar, slik at folk kan flytte tilbake til landsbygda. - Folk vil tilbake til røtene sine.

14

15 Fjell, fjord og fysio Klatring, toppturar i puddersnø, kajakkpadling og fjellturar. På mindre enn 20 minutts avstand frå Fiskå har Ingunn Tangen og Erik Botnmark tilgong til variert trening. Naturen i Vanylven byr på mange moglegheiter til å drive med ulike typer sport, i tillegg til å gå på fjellet som allereie er vanleg. FEKK FAST JOBB Dei to 25-åringane var ferdige med fysioterapiutdanninga i Bergen og året med turnusteneste i fjor. Nå sit dei i solveggen utanfor huset sitt på Fiskå og nyt kveldssola. Sjølv om Ingunn er frå Volda, var einaste krav at ho ville bu på Vestlandet, ein stad med fjell og fjord. Erik var einig. - Men du kan ikkje flytte ein plass utan jobb, seier ho. Så enkelt er det. Så då både Ingunn og Erik fekk fast jobb som fysioterapeuter i Vanylven kommune i fjor etter sommarferien, slo dei like så godt til og kjøpte hus. -Det var aldri meininga å kjøpe eit flunkande nytt hus, sidan vi er nyutdanna. Men sidan vi fant eit gamalt hus som trengte kjærleik og omtanke, vart det rett, fortel Ingunn og sjekkar om den eigendyrka ruccolasalaten trivst i bedet. TRENAR NÅR DEI HAR LYST Dei har fleksible jobbar begge to, og når arbeidsdagen vel er over, hender det ofte at dei stikk ut på trening etter middag. Eller før, dersom det passer betre. - Dersom eg ikkje har lyst, trenar eg ikkje, seier Erik. Det kjem altså ikkje på tale å pushe seg sjølv til hard trening? - Nei, vi trenar fordi vi har lyst. Det skal vere kjekt og eg skal ha overskot til det. Ellers vert eg heime. - Men det er klart, trening i seg sjølv gir faktisk overskot, skyt Ingunn inn. Dei har begge to eit lystbetont forhold til trening. - Dessuten er det ein så mykje betre kjensle å sette utfor Høgenipa i puddersnø når ein har brukt 4-5 timar på å slite seg opp til toppen, smiler Erik. Då har ein verkeleg gjort seg fortent til det! oppvarming før treninga. Han meiner alle kan få til styrketrening heime med enkle midlar, og Ingunn viser den ultimate manual - ei halvliters petflaske fylt med vatn. - Det har alle tilgong til! NÆR SJØEN Nederst i hagen ligg to raude havkajakker. Ingunn og Erik padlar ofte med vener, og synest det er perfekt med sjøen kun nokre få minutt unna. For Erik er dette ein forholdsvis ny hobby, medan Ingunn har padla ein stund, men det har ikkje vore vêr til å lære seg eskimorulle, det vil seie det å kunne vippe kajakken opp igjen etter å ha rulla rundt med den. Ved sidan av trimrommet har Erik ordna seg ein snekkarverkstad. - Faren min i Lørenskog ser ut frå verkstaden sin og rett inn i ein murvegg, ikkje sant. Eg får dette! seier han og peiker ut av vindauget til utsikta. Fjorden ligg speglblank og freistande. - Kanskje eg endeleg kan få til å lære eskimorulle i sommar, ler han. LIKAR Å VERE MED Å PÅVERKE Siden februar har Ingunn vore leiar i klatreklubben i Vanylven. Planen framover er å få til ein skikkeleg buldrevegg, for dei som er bitt av basillen. Klatring er godt for alle aldersgrupper. Erik og Ingunn er bevisst på at det er mykje større moglegheiter for å vere med å påverke når ein bur på landsbygda. - I ein storby hadde eg vel aldri sete som leiar i klubben etter så kort tid, forklarer Ingunn. TRIMSTUDIO No har dei brukt det siste året på å pusse det opp innvendig, og skal begynne på utsida. I kjellaren finst det mest oppdaterte trimstudioet i Vanylven, komplett med slyngetreningsapparat - det perfekte treningsredskap i følgje Ingunn - samt pilatesball, huskestativ og den gamle trimsykkelen som eit gufs frå 70-talet. - Den sto her når vi kom, ler Erik. Vi brukar den mest til litt

16 Å GJERE TING MED HJARTET Om ikkje før så i alle fall om lag i det midtlivskrisa karvar oss i ryggen med sin sløve fileteringskniv der vi sit framfor 52-tommaren og Fire stjerners middag, kjem tankane på korvidt ein eigentleg lever som ein ynskjar. Born, jobb, shopping, trim, møter. Born, jobb, shopping, trim, møter. Måndag til fredag, helgane som pustehol. Ein ser framover heller enn her og no. Heldigvis snart ferie! Oppleve. Flate ut. Lade batteria. Etterpå...ut i verkelegheita igjen. Er det rart ein vert stressa? It's a friggin' jungle out there. Kanskje eg er bortskjemd, ein av dei som berre vil ha det gøy, plukke godbitane frå livets dessertbord. Som råkøyrer i blinde. Nokre av oss møter veggen. Andre ny partnar. Dei fleste spør seg om kva meininga med livet er. Då, om ikkje før. Eg har litt om litt innsett at det er ein baktanke med det meste eg gjer. Ein plan, og eg har allereie tenkt ut vegen å gå. Med eit unntak: det eg gjer i fri flyt, fordi eg har så lyst. For meg er det å skrive, eller å spele piano. Berre slik mistar eg meg sjølv litt, gløymer tid og rom. Andre gjer det kanskje på fotballbana eller i skisporet, eller medan dei teiknar. Dersom ein har ein femåring i nærleika, kan ein få ein påminning om korleis det kan gjerast. Ho gjer nemleg alt av hjartets lyst. Resten kan få segle si eiga sjø (utan at femåringen ser ut til å ha så nemneverdig dårleg samvit for det!). Ein sjeldan gong møter ein vaksne som gjer nett det - ting med hjartet. Dei som har valt å gå sin eigen veg uavhengig av kva andre gjerne meiner, gjere eit levebrød ut av det dei brenn for, eller av evnene sine. Dei som har teke eit oppgjer med seg sjølve, eller har vore gjennom noko som forandrer synet på alt. Fellesnemnaren deira synest å vere roa. Dei verkar tilfreds med å vere...her. No. Men å velje går hand i hand med å velje bort. Og kjem ikkje heile forbarka landsbygda til å gå adundas dersom vi skal byrja å vere egoistiske no også! For kven skal sitje i FAU dersom eg seier nei? Kven skal trene fotballaget? Vel, nokon som brenn for det. Nokon som vil. Verda er full av folk, og vi er forskjellig skrudd saman, alle mann. Anna-Ma Olsson (f. 1972) er busett på Kvamsøya i Sande, men kjem opphavleg frå Sverige. Ho frilansar som fotograf og journalist, og er engasjert av Vanylven Utvikling AS. Tips og idear om redaksjonelt innhald? Ta kontakt på: smile@vanylvenutvikling.no