Foto: Eikerapen Gjestegard BIBLIOTEKMØTET 24. og 25. september 2019 Eikerapen Gjestegard
Velkomen til Åseral! Tema for haustens bibliotekmøte er biblioteka sine kjerneoppgåver. Biblioteka har dei seinare åra utvikla seg til å verta gode møteplassar i lokalsamfunna sine. Arbeidet med å verta gode arrangørar og å fylla biblioteka med mykje nytt innhald har vore vellukka. Dette har teke mykje tid og krefter bort frå dei opprinnelege oppgåvene til biblioteka. Mange bibliotek freistar å finna ut kva dei eigentleg er. Fokuset har dreidd bort frå litteraturformidlinga og det å låna ut bøker og andre medier. Biblioteka slit med å finna seg sjølve. Er dei berre møteplass og arrangementsarena, eller er dei også litteraturformidlar og folkeopplysar? Kva er eigentleg kjerneoppgåvene til biblioteka og kva er eit bibliotek? Er det heilt topp at bibliotek låner ut verkty, frø og syklar, sidan dei likevel er så gode på dette med utlån? Eller er dette andre sine oppgåver? Kva var det som gjorde at folkebiblioteka i Noreg vart starta? Dei skulle fremja folkeopplysing og vera ein demokratibyggjar. Og målgruppene var den delen av samfunnet som ikkje kunne lesa så godt og som ikkje hadde bøker på veggane i heimen. Dette var også vellukka, og folkebibliotektanken vart lovfesta og breidde seg over heile landet. Men har biblioteka no flytta blikket bort frå desse viktige målgruppene? Litteraturformidling og lesestimulering er framleis naudsynt, for talet på funksjonelle analfabetar aukar. I kor stor grad ser biblioteka desse og lagar dei tilbod for dei? Målet med programmet på dette bibliotekmøtet er at alle skal få nye impulsar, ny kunnskap å reflektera over og også noko som er til praktisk nytte. I tillegg er bibliotekmøtet i seg sjølv også ein viktig møteplass for deling av kompetanse og bygging av nettverk. Vi ser fram til å møta deg i Åseral og på Eikerapen Gjestegard til innhaldsrike dagar! Roger Dyrøy Fylkesbiblioteksjef i Vest-Agder VEST-AGDER FYLKESBIBLIOTEK
Tirsdag 24. september 2019 DAG 1: Eikerapen Gjestegard 11.00 Lunsj 12.00 Åpning av møtet v/ konst. fylkesbiblioteksjef Nina Stenbro 12.05 Små scener Forslag til strategier for innredning av biblioteksrom for fleksibel bruk v/anne Lise Bjerkan 13.00 Pause 13.15 Speakers corner 14.15 Orientering om nye biblioteklokaler i Åseral og Audnedal i 2019 v/ Tove Larsen og Tone Dahl Valand 15.00-18.30 Busstur til Byremo og Minne/Kyrkjebygda i Åseral 19.30 Festmiddag på Eikerapen Gjestegard m/ kulturelle innslag
Onsdag 25. september 2019 DAG 2: Eikerapen Gjestegard 09.00 Kulturelt innslag 09.10 Ny bibliotekstrategi v/jannicke C. Wold Rød 10.00 Pause 10.20 Nye digitale tjenester fra Nasjonalbiblioteket tilgang til pliktavlevert materiale og bibliotekutvikling.no v/ Sissel Ringstad 10.50 Fra folkeopplysning til frøbank er folkebibliotekene i ferd med å fjerne seg fra samfunnsoppdraget sitt? v/tone Moseid 12.00 Lunsj 13.00 Flere kjerneoppgaver. At vælge til og fra. Prioriteringsdilemmaer i det danske biblioteksvæsen v/jeppe Bjørn 14.15 Dagens kake 14.35 Fylkesbibliotekene informerer 15.00 Avslutning
Om foredragsholderne Anne Lise Bjerkan er utdannet ved Arkitekthøyskolen i Oslo. Hun er nå partner hos Fasting Arkitekter AS, et kontor som i hovedsak arbeider med ombygging, transformasjon og istandsetting av eksisterende bygninger. I samarbeid med Sør-Trøndelag fylkesbibliotek har kontoret utviklet strategier for fysisk omorganisering av eksisterende biblioteksrom. Jeppe Bjørn Kultur- og bibliotekschef i Lyngby-Taarbæk kommune nord for København. Fra 2010 2013 formidlingschef på det danske Rigsarkiv. Før dette, programchef i DR (Danmarks Radio) I Lyngby-Taarbæk har Jeppe Bjørn stået bag en ny og debatskabende strategi, hvor man på bibliotekerne har valgt at fokusere alle sine indsatser på aktiviteter, som fremmer børn og voksnes læsefærdigheder. Tove Larsen bor på Ljosland i Åseral og har vært blioteksjef i Åseral siden 2012. Tone Eli Moseid Biblioteksjef ved Tønsberg og Færder bibliotek. Tidligere seniorrådgiver/avdelingsdirektør i ABM-utvikling, rådgiver ved Statens bibliotektilsyn og høyskolelærer ved bibliotekutdanningen. Sissel Ringstad er innholdsansvarlig på bibliotekutvikling.no, Nasjonalbibliotekets nettsted for bibliotekene. Jannicke C. Wold Rød er seniorrådgiver i Sekretariat for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket. Hun er en av to representanter fra Nasjonalbiblioteket som deltar i Kulturdepartementets arbeidsgruppe for utarbeidelsen av Nasjonal bibliotekstrategi 2020-2023. Hun har også hatt ansvar for Nasjonalbibliotekets arbeid med evaluering av Nasjonal bibliotekstrategi 2015-2018. Tone Dahl Valand har vært biblioteksjef i Audnedal siden 1998. Halvårsenhet i bibliotekfag på Universitetet i Tromsø og en halvårsenhet i skolebibliotekutdanning, Barne- og ungdomslitteratur.