GOL OG HEMSEDAL. Nr. 2. Framsidebilde er laga av Samuel Juliebø, 6 år. Min salme...2. Konfirmantane 2015...2. Kyrkjevalet...3. Andakt...

Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

GOL OG HEMSEDAL. Hemsedal Kyrkje desember Foto: Rune Abrahamsen. Brannsikkerhet i Hemsedal Kyrkje...4. Kunngjeringar... 5, 6 & 7. Min salme...

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Strategidokument Varhaug Misjonshus

INFORMASJON om førestellinga:

6. trinn. Veke 24 Navn:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

5. Soknerådsmøte mai Referat

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

k o n f i r mant 2013

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

«Ny Giv» med gjetarhund

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

I N N H O L D. Forord

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Konfirmant. Kirken i Skedsmo, Pb. 313, 2001 Lillestrøm Velkommen! pamelding fortsetter: Andre opplysninger (sykdommer, allergier o.l.

Valdres vidaregåande skule

Velkomen til soknerådskurs

Stemnehandboka for NKSF

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

10 mest brukte navn ; jenter/kvinner. * betyr at flere skrivemåter er slått sammen

M/S NYBAKK SI HISTORIE

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

Månadsplan for Hare November

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Nyhetsbrev fra stiftelsen TO SKO Mars / April 2011

Kandidater til Fana sokneråd 2015

Songar til julefesten 2014

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Velkomen som konfirmant!

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Gudstjenestehefte. Gudstjenesteheftet inneholder:

VESLEFRIKK. Ingrid, Elvira, Adam, David, Elena, Sofie, Anita, Mathilda. Emil, Odin, Frida, Oda, Celine, Aurora, Alvin, Pernille, Jonathan

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Strategidokument

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 8 trinn

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Møteprotokoll for møte i

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Konfirmant. Kirken i Skedsmo, Pb. 313, 2001 Lillestrøm Velkommen! pamelding fortsetter: Andre opplysninger (sykdommer, allergier o.l.

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Jon Fosse. For seint. Libretto

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

SPRÅK - MYKJE MEIR ENN BARE PRAT!

Preken 8. mai Søndag før pinse. Kapellan Elisabeth Lund. Joh. 16, 12-15

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Til deg som bur i fosterheim år

Velkomen til Dialogkonferansen august - 1. september 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

mmm...med SMAK på timeplanen

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Korpsnytt. Infoblad for Frelsesarmeen, Tromsø korps. Nr januar mars Johannes åpenbaring, Kap. 3 vers 20

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Velkomen som konfirmant

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

4. 11.september 2001 styrta to fly i World Trade Center. Men det var og to andre fly som vart kapra. Kvar styrta dei to andre flya?

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon sentralbord:

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Transkript:

GOL OG HEMSEDAL Nr. 2 Påska 2015 66. årgang I n n h a l d Min salme...2 Konfirmantane 2015...2 Kyrkjevalet...3 Andakt...3 Bibelmaraton 80 timar...4 Philip=Sjokolade=Pash...5 Kunngjeringar... 6 Velkomen til kyrkje!...7 Konfirmantleir...8 Nattcup...8 Framsidebilde er laga av Samuel Juliebø, 6 år.

Min salme Helge Haraldset Hafsås I Hemsedal har nokon gitt han tilnavnet «drosjepresten». Kva slags forhold har drosjesjåføren som har oppdrag som prestevikar til salmer? Tekst og foto Britt Marie Haraldset Hafsås Saman med familien flytta Helge Haraldset Hafsås til Hemsedal sommaren 2014. Her jobbar han som drosjesjåfør, men sidan det var prestemangel i bygda, fekk han og i opp drag å leie nokre gudstenestar i vinter. Han har fleire salmer han har eit godt forhold til, men velger seg «Tett ved sida mi går Jesus» fordi det er ei salme som har fulgt han mellom mange år, heilt sidan han var tenåring og vart kristen. I ein stressa kvardag er trygge rammer viktige, og det er trygt og godt å vite at Jesus alltid er der. Sjølv på tøffe og vanskelege dagar er Han der. Jesus vil alltid gå vegen saman med oss og vi skal vere trygge med han og i han. Salma sitt innhald viser kor god Jesus er og det er veldig godt å vite at ein alltid kan stole på at han aldri slepp våre hender og vårt nærvær. Tett ved sida mi går Jesus Tett ved sida mi går Jesus, alltid vil han vera der. eg treng ikkje gå og ottast når eg fylgjer Jesus her. Han på vegen vil meg vakta så eg ikkje går meg vill. Å, kor godt det er for barnet å få høyra Jesus til. Omkvede Han som er den gode hyrding, tek mi vesle, veike hand. Dag for dag han trufast leier meg til himlens lyse land Omkvede Tett ved sida mi går Jesus, å, kor eg er sæl og fri som kan jubla ut i lovsang: Eg er hans til evig tid! Omkvede Konfirmantane 2015 2 Konfirmantar Herad kyrkje, Sundag 3. mai kl. 11.00 Didrik Tøger Nore Aronsen Bjørn Kleven Martin Skredderberget Stensrud Marius Waag Østro Sofie Østenfor Alfsen Tuva Brenn Malin Arnestad Brotnow Anine Sandanbråten Hansen Andrea Sommersten Konfirmantar Gol kyrkje Laurdag 09. mai kl. 11.00 Kristian Fløysand Gard Holtungen Stian Kvinnegard Kristen Listøen Adrian Mellum Lasse Solum Moen Daniel Haakonsen Nore Kent Andre Seterstøen William Skjerdal Magnus Skogseth Stølen Vebjørn Buøen Øynebråten Leander Emanuel Skredderberget Økland Josefine Lien Blakkestad Hedda Lio Belsnes Arnhild Hefte Anna Elina Røysi Kaslegard Mari Lindmo Kvanneberg Pernille Vedvik Markussen Inga Rust Sundag 10. mai kl. 11.00 Torgeir Brekko Morten Bæra Martin Eldstad Eriksen Pål Gunnar Gabrielsen Isak Halvorsen Sturla Hagen Leikvold Andreas Møllerplass Thomas Pedersen Ole-Kristian Brenno Skredegård Ole Einar Mundal Skredegård Alexander Vagle Torbjørn Østdahl Jensen Hanne Grønseth Liv Karin Bakke Haugen Thea Emilie Kolstadbråten Heidi Leikanger Kristin Vestenfor Konfirmantar Hemsedal kyrkje, Laurdag 23. mai kl. 11.00 Ingvild Lien Ida Susanne Søderblom Maren Ødegård Henrik Storeskar Bråthen Ola Andre Grøthe Brage Halbjørhus Sebastian Stolt Larsen Sundag 24. mai kl. 11.00 Guri Sollien Hulbak Stine Emilie Kristoffersen Lene Sofie Mythe Tomine Møllerplass Nora Wiken Wilson Bjørnar Bråten Stian Sjåstad Vegard Smøttebråten Jon Thore Thorset

God påske Det går mot påske. Vi er på vei mot lysere dager og kjærkomne fridager med tid til fellesskap og friluftsliv. Påskefeiringen vår på fjellet var viktig i mitt barndomshjem og ble det også for oss, særlig da barna våre var barn. Flotte skiturer, fellesskap på hytta og påskeskirenn er meget gode minner. Men påske er noe mer enn dette. Påske er Kirkens årlige feiring av det dramatiske som vår Frelser, Jesus Kristus, gikk gjennom for vår skyld. Hans død og oppstandelse er grunnlaget for vår kristne tro. Uten påskebudskapets Tekst Jan Fredrik Raastad innhold, ingen kristendom. Og heller ingen påske. I de 2000 årene etter Kristus har budskapet vært det samme: I tro på det Jesus gjorde for oss i påsken, kan vi få leve våre liv med en åpen himmel over oss. Det gir trygghet og mening å få leve med påskens budskap som fundament i livet, både i vanlige hverdager og i solfylte påskedager. Andakt God påske i hjem, på hytta og i kirken. Kyrkjevalet I den perioden vi er inne i nå, er det nominasjonen som har fokus i kyrkjevalet. Alle lister skal vera klare innan 1. mai. Det er nominasjonsnemnder i alle sokna som arbeider med lister til soknerådsvala. Ti medlemer i kyrkja som har stemmerett, kan gå saman og stille alternative lister. Desse listene må også vera sendt det aktuelle kyrkjekontoret innan 1. mai. På lista må det vera like mange namn som tal på medlemer i det aktuelle sokneråd. Alt om regler for kyrkjevalet kan ein finne på www.kyrkjevalet.no Listeforslag til bispedømmerådet ligg nå ute på bispedømmet si nettside: www.kirken.no/tunsberg. Det er også der mogleg å koma med andre lister innan 1. mai. Den norske Kyrkja er inne i spanande tider med store omveltingar. Ved å stille opp i soknerådet kan du vera med på å påverke vegen vidare i kyrkja. Du vil også vera med på å bestemme i det lokale kyrkjemiljøet. Sei gjerne ja til å vera med på dette om du blir spurt! Og om du har lyst å delta og ikkje er spurt, så ikkje nøl med å ta kontakt med kyrkjekontoret ditt slik at ditt namn kan formidlast til nominasjonskomiteen. GOL OG HEMSEDAL KYRKJEBLAD Antall nr.: Utgjevar: Redaksjon: 6 nummer i året Sokneråda i Gol og Hemsedal prestegjeld Kjell Slåtten, Kåre Olav Solhjell, Kjetil Th Storebråten, Sølvi Larsen Aalrust (red.), Britt Marie Haraldset Hafsås Ekspedisjon: Kyrkjekontoret 3550 Gol Kasserar: Arne Oddmund Tuv, 3560 Hemsedal. Bankgiro: Sparebank 1 Hallingdal 2367.60.00097 E-post: oaalrust@online.no GOL, herad OG HEMSEDAL Gol kyrkjekontor Ekspedisjonstid månd torsd 9.00 15.00 Gol kommunehus 3. etg. Tlf: 32 02 90 00 kyrkja@gol.kommune.no www.gol.kyrkja.no Kyrkjeverje: Anne Gerd Jorde Kontortid: Måndag torsdag Dir.tlf. 32 02 91 35 Mobil: 971 58 134 anne-gerd.jorde@gol.kommune.no Sokneprest: Jan Olav Skinnemoen Dir.tlf. 32 02 91 37 Mobil: 952 75 312 jan.olav.skinnemoen@gol.kommune.no Måndag: Fridag. Soknediakon: Ingrid Økesveen Dir. tlf. 32 02 91 38 ingrid.okesveen@gol.kommune.no Organist: Justin Vickery Tlf. 474 75 580 justin.vickery@gol.kommune.no Sekretær: Berit Langehaug Tlf. 32 02 91 39 Kontortid: Månd, tysd, torsd kl 09.00 14.00 berit.langehaug@gol.kommune.no Kyrkjetenarar: Arne Braathen Tlf.: 901 36 647 Knut Ole Klepp Tlf.: 906 58 761 Menighetspedagog for Gol og Hemsedal: Britt Marie Haraldset Hafsås Tlf: 489 59 826 britt-marie.haraldset-hafsas@gol.kommune.no HEMSEDAL KYRKJEKONTOR Ekspedisjonstid månd onsdag 9.00 15.00 Hemsedal kommunehus Tlf. 31 40 88 45 kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no www.hemsedal.kyrkja.no Organist: Mikael Christensen Tlf: 400 39 326 mikael.christensen@hemsedal.kommune.no Kyrkjeverje: Kjetil Th. Storebråten Kontortid: Mandag, tysdag og onsdag Tlf: 31 40 88 45 Mob: 908 21 745 kjetil@hemsedal.kommune.no Kyrkjetenar: Hans Vidar Sørensen Tlf. 911 76 827 Sokneråda: Gol: Leiar Trygve Lono Smedsgård Tlf.: 900 63 161 Herad: Leiar Lars Riise Tlf. 951 03 305 Hemsedal: Toril Venås Sørensen Tlf. 482 40 275 Fellesråda: Gol: Leiar Ola Grønseth Tlf. 920 97 939 Hemsedal: Toril Venås Sørensen Tlf. 482 40 275 Ynskjer du å gje ei gåve til kyrkja: Hemsedal: 2367.20.49482 Gol: 2324.20.01354 Herad: 2324.62.05795 3

Bibelmaraton 80 timar - Hallingdal Helga 29. januar 1. februar vart det arrangert Bibelmaraton i Hallingdal. Lesinga føregjekk parallelt på Gol Bedehus, og på Kyrkjestugo i Hemsedal. Normisjon stod som primus motor bak arrangementa. Vårt ynskje var å setja fokus på Bibelen, Guds levande ord og inspirere til auka bibellesing. 4 Tekst Marianne Munkejord foto Marianne Munkejord, Britt Marie Haraldset Hafsås og Kjetil Storebråten Det var ei helg med variert program. Både natt og dag vart det lese frå Bibelen. Det var flott å vita at Bibelen vart lese frå perm til perm og det var fint å vera med å lesa og ikkje minst sitja å lytte. Samtidig føregjekk det andre arrangement i andre rom i lokala. Fellesskapsutviklar Tor Bringaker tok oss med i Paulus sine fotspor, regionleiar Sam Tore Bamle tok oss med på 60 minutt med Bibelen. Biskop i Tunsberg Per Arne Dahl tok for seg temaet om livets ord i ei sårbar verd og Dag Kjær Smemo frå Bibelselskapet hadde tema om Bibelen i Noreg og andre land. I tillegg fekk me vera med på synge songar frå den nye salmeboka, og me fekk testa bibelkunnskapen vår gjennom quizkveldar. I Hemsedal var det ungdomskveld og på Gol tweenskveld. Det var òg mogleg å slå av ein prat over ein kaffikopp og noko å bite i. Me sette stor pris på at fleire av ordførarane i dalen stilte opp. På Gol var ordførar Hallvor Lilleslett og prost Vigdis Moen Storhaug med på opninga. Vigdis Moen Storhaug las fyrste verset i Bibelen på hebraisk. I opningstimen på Gol hadde me òg med oss generalsekretær i Kirkenes Verdensråd Olav Fykse Tveit på Skype. I Hemsedal var ordførar Oddvar Grøthe saman med varaordførar Olav Støyten med å starta opplesinga. Inger Marie Engene hadde i lag med fleire andre greidd å organisera lesarar i alle aldrar. Ordførarane i Ål og Nes bidrog med lesing på Gol. Ordføraren i Ål las saman med biskop Per Arne Dahl. På Gol hadde me fleire som var med på Skype. Hovudkontoret i Oslo hadde besøk av rektor Rosemary Hembron ved Don Bosco-skulen i India, og ho var med og las på santali. To jødar som tidlegare har budd på Gol var med på Skype frå Israel, og las på hebraisk. Det var stort å høyra Bibelen lese på andre språk, sjølv om det ikkje var alt ein forstod. I tillegg dei to språka me fekk via Skype på Gol, vart det lokalt lese på aseri, gassisk, tagalog, swahili, farsi m.fl. På den måten fekk me òg sett fokus på at vi er ein del av ei verdsvide kyrkje. Like viktige er alle dei andre som stilte opp både ein og fleire gonger med bibellesing. Det var kjekt å oppleva at mange som hadde sagt at dei kunne jo ta ei vakt, vart så begeistra at dei tok ei vakt og to til. På Gol opplevde me at det kom eit ektepar for å høyra. Me utfordra dei til å vera med å lese, men dei dei drog litt på det. Før dei gjekk hadde dei sett på lista at det var ledig time neste dag. Neste morgon bestemte dei seg for å ta turen til Gol for å sjå om timen framleis var ledig, og det var den. Dei tok det som Guds leiing på at dei skulle lesa. Det var òg nokre som var der nesten heile tida utanom dei som stod i bresjen for arrangementet. Desse kom tidleg og reiste att seint eller dei overnatta. Ein av desse oversette til teiknspråk inniblant, og det var ikkje alt i Bibelen som var like lett å oversetja til teiknspråk, fortalde ho. Normisjon er òg oppteken av at fleire folkeslag skal få Guds ord på sitt språk, så det arbeidet støtta me òg gjennom forskjellege innsamlingsmetodar. Her var tradisjonell kollekt, utlodding, amerikansk auksjon, bygging av legoklossar og bibelversskriving. Samlinga på sundag ettermiddag på Gol vart veldig spesiell. Me viste at me ikkje ville bli ferdige med bibelelesinga før samlinga var ferdig, difor valde me å lese litt dobbelt eit par timar slik at me kunne lesa siste kapitlet i løpet av samlinga. Litt før kl.18.00 kom dei to som hadde lese siste timen inn, framfor dei gjekk to jenter med det lyset som hadde brunne heile tida sidan me starta å lesa på torsdag morgon. Heile forsamlinga reiste seg, og vi fekk høyra Johannes openbarings siste kapittel. Då var det mange av oss som hadde ei tåre i augekroken og stemninga var heilt spesiell. Og etterpå steig takken opp til Gud både fordi me fritt kan få lesa Bibelen, fordi me har Guds ord på vårt eige språk og fordi me fekk ta imot Guds levande ord. Over 200 bibellesarar deltok på desse to stadene og yngste lesar var 7 år og den eldste var tidlegare Sokneprest Einar Tveit som hadde fylt 90 år 5. april. To dagar etterpå sovna han stille inn men han levde med Bibelen til siste slutt. Tusen, tusen takk til alle dykk som stilte opp både på natt og dag for å vera med å lesa gjennom Bibelen under Bibel maraton på Gol og i Hemsedal.

Philip = Sjokolade = Pash Pash er kort for det engelske passion lidenskap. Så sterkt undrer vi? Ja så sterkt sier Philippe innehaver av sjokoladefabrikk og sjokoladeutsalg i Hemsedal, midt i sentrum. Fotograf Kjetil og jeg blir tatt imot av en høflig og ivrig mann med stor sans for sjokolade, og Louise hans pytt i panne medhjelper. De har mange tanker og ideer rundt det hele. Philippe bobler over og forteller så ivrig at jeg nesten ikke rekker å notere ned. Kaffe? sier han på rent dansk. Og med en kopp i hånden suser vi videre. Philippe kom til Hemsedal med snøbrettet, bodde i campingvogn og likte det han så i bygda. Hvordan skal jeg kunne bli her, hva skal jeg drive med? Han jobbet til daglig med å bygge badeanlegg rundt omkring i Norge og verden, en moderne rallar kanskje. Med dansk mor bosatt i Sør Afrika, norsk far fra Dokka bosatt i Sverige og lillebror i California er Philippe ganske så internasjonal. Og det var lillebror som inspirerte og førte han inn på tanken om sjokolade. Lillebror lager helsesjokolade i Los Angeles og er en skikkelig nerd, smiler storebror. Philippe startet arbeidet med ny butikk og produksjonslokale i Hemsedal, det tok et år å bygge ferdig, bestille maskiner og gjøre klart. Samtidig reiste han rundt og bygget badeanlegg for å ha til livets opphold. Tekst Sølvi Larsen Aalrust foto Kjetil Th. Storebråten November 2014 sto alt klart og dermed var julesalget i gang. Han retter et tusen takk til en positiv og samarbeidsvillig kommune. Vi lager småskala, 200 plater av gangen forteller han. Det er mye håndarbeid og mye som kan gå galt. En dråpe vann i feil beholder under oppvarming kan spolere det hele. Har det skjedd undrer vi? Huff ja, en gang. Temperatur er også viktig, meget viktig. Vi lager alt fra rene råvarer, vi tørker og marinerer frukt, salter nøtter og blander. Slik skal produktet bli unikt og godt fra innerst til ytterst. Og vi er stadig på jakt etter nye blandinger og nye smaker. Philippe har tatt kontakt vestover og får fruktsafter og frukt over fjellet. Og samtidig vil de bruke lokale bær og lokal frukt alt vi kan, dette skal være et produkt fra Hemsedal! Jeg vil så gjerne at folk i Hemsedal og de som er gjester i Hemsedal kan ta med seg et godt minne fra besøket, noe som er laget og smaker av Hemsedal. De må gjerne knytte sjokoladen min til snø og fjell og natur, til Hemsedal, sier han. I dag har Philippe 10 smaksvarianter, blant dem mørk espresso, chili, hvit sjokolade med kirsebær og en melkesjokolade med banan og frukt. Viktig å ha variasjon, den siste er laget spesielt for barna. Konfeksjonssjokoladen kommer fra Belgia og er av beste kvalitet. I tillegg til sjokoladen lager Philippe glutenfrie kaker, han lager på bestilling og selger i sitt lille kafeutsalg. Det er bare å bestille sier han, skal du ha bursdag eller fest og trenger kaker, ring meg! Han har eplekake, appelsinkake, brownies og muffins. En egen salatbar har han også fått plass til, kundene kan få en god salat og brød, og en kake og sjokolade til kaffen. Planer framover spør vi? Igjen bobler han over. Her er ideer for nettet, nye smaker, samarbeid med bedrifter og enda mer. Liv laga? Helt klart slik det ser ut nå, det svinger med ukedagene, men det går. Og så er det jo opp til oss som bor i dalen og gjestene våre å besøke butikken og bruke tilbudet. Kjetil og jeg gumler fornøyde på en chili sjokolade, og kjøper med litt til de der hjemme også. Anbefales! barn og unge i hallingdal prosti Trusopplæring i Gol og Hemsedal for alle?!? Når vi arrangerar trusopplæringstiltak i kyrkja, sender vi ut invitasjonar til dei vi får opp i vårt medlemsregister. Der får vi opp dei som er døypt. I tillegg får vi opp borna der minst ein av foreldra er medlem i Den norske kyrkje. Vi veit at det er nokon som fell utanfor desse gruppene som òg har interesse av å delta på våre trusopplæringstiltak. Det kan til dømes vere nokon som høyrer til andre kristne trussamfunn. Desse får altså ikkje direkte invitasjon frå oss, men det er ikkje fordi vi ikkje vil ha dei med! Tiltaka våre er opne for alle som ønsker å delta! Er du usikker på om ditt barn står i våre lister? Om du ønsker at barnet skal få invitasjon til alderstilpassa trusopplæringstiltak (t.d. 4-årssamling, tårnagenthelg eller lys våken), ønsker vi at du tek kontakt med kyrkjekontoret v/ Britt Marie, slik at vi får notert namn, kontaktinfo og fødselsdato til borna. Med venleg helsing Britt Marie Haraldset Hafsås, tlf: 489 59 826, e-post: britt-marie. haraldset-hafsas @gol.kommune.no Du kan og vere ven med «Menighetspedagogen Gol og Hemsedal» på facebook ;-) 5

K u n ngj e r i nga r 6 Døyp te Gol kyrkje 22.02.15 Ola Lerberg Haugo 22.02.15 Anea Golberg Huse Hemsedal kyrkje 22.02.15 Christian Markegård Vigde Hemsedal kyrkje 14.02.15 Siri Linn Buer og Roger Svendsen Døde Gol kyrkje 13.02.15 Wilhelm Eidsgaard f. 1917 15.02.15 Arne Stavn f. 1953 24.02.15 Olav Haugeplass f. 1927 26.02.15 Oskar Kjell Gjestemoen f. 1929 Herad kyrkje 25.01.15 Gerd Vangen Møllerplass f. 1945 26.01.15 John Viko f. 1933 07.02.15 Margit Breili f. 1925 09.02.15 Halvor Brøto f. 1933 Hemsedal kyrkje 02.02.15 Einar Tveit f. 1925 Dugnad på kyrkjegardane: Herad: Måndag 27. april frå kl. 17.00. Gol: Måndag 4. mai frå kl. 17.00. Hemsedal: Tysdag 12. mai frå kl. 11.00. Ta med reidskap. Bevertning. NESTE KYRKJEBLAD Nr. 3/2015 kjem ut rundt 16. juni. Stoff sender ein til: kyrkjebladet@hemsedal.kommune.no innan 26. mai. GOL GRAVFERDSBYRÅ c/o Bente Andreassen Tlf.: 32 07 75 51/mob. 480 23 477 HEMSEDAL GRAVFERDSBYRÅ Olav Støyten og Hans Vidar Sørensen Tlf.: 97 41 41 00 Hallingdal Gravferdsbyrå Steinar Aa www.hallingdalgravferd.no Tlf 32 08 23 00 GRAVSTEINER OG GRAVERING Kontakt gravferdsbyrået eller Roar og Tor Erik Strand 3576 Hol Tlf.: 32 08 81 94/mob. 911 65 008 Basar til inntekt for barne og ungdoms arbeidet i kyrkjelyden Kyrkjestugo,Hemsedal fredag 24. april kl. 1800. Det blir loddsal, åresal, andakt og bevertning. Har du lyst til å gi ein gevinst kan du levere denne på kyrkjekontoret. (Åregevinster kan taes med på basaren direkte). Folk i alle aldrar er velkomne til ein triveleg kveld på Kyrkjestugo. Helsing basarkomiteen v/ Einar og Helge Telegram til konfirmantar i Hemsedal Gåver og helsingar til konfirmantane kan leverast på Kyrkjestugo 23. og 24. mai. Kl. 10.00 Telegram til konfirmantar i Gol og Herad Innlevering av telegram til konfirmantane skjer på følgjande måte: Herad kyrkje torsdag 30.04.2015 Kl. 17.00 18.00 i våpenhuset. Gol kyrkje fredag 08.05.2015 Kl. 17.00 18.30 i kjellaren med inngang under dåpssakrestiet. Det vil vera folk frå kyrkja og sokneråda til stades. Konfirmantane tek med telegramma heim etter øvinga fredag. Vi innbyd til IDÈDUGNAD i Hemsedal kyrkjelyd på Kyrkjestugu LAURDAG 18. april kl. 1400 1630/1700. Soknerådet (SR) og alle tilsette ber kyrkjelyden om hjelp til å finne svar på dette spørsmålet: KVA KAN VI GJERE FOR AT FLEIRE I KYRKJELYDEN VÅR SKAL FINNE GUDS TENESTER OG ALT ARBEID I MENIG HETEN VIKTIG I LIVET SITT OG ENGASJERE SEG? Vi ynskjer å få tankar og idèar frå flest mogleg, slik at alt det arbeidet vi gjer, kan tene kyrkjelyden på beste måten. Nokre er bedne på førehand om å seie noko til oss. Vi andre kan vere med i samtale rundt bordet om nokre spørsmål som vi har sett opp, og andre vil kan hende berre lytte. IDÈDUGNADEN tar til med formiddagsmat kl. 14 (kr 30,-), slik at evt. skitur kan vere gjort. Det er ingen påmelding, og ALLE er velkomne. Og vi vonar verkeleg at du som les dette, kjem. Helsing frå SR i Hemsedal og dei tilsette Åpent hus På Gol bedehus Torsdag 26. mars kl. 11.00 Leif og Sigrun Kaslegard besøker oss. Kollekt. Bevertning. På Gol bedehus torsdag 30. april kl. 11.00 Lina Turøy besøker oss. Kollekt. Bevertning. Torsdag 28. mai kl. 11.00 Gudrun Bøthun besøker oss og forteller litt om gamle dager. Bevertning. Kollekt. Alle er hjertelig velkommen! Arr: Diakoniutalget. Dugurdstreff på Gol bedehus Torsdag 9. april, 7. mai og 4.juni kl. 11.00 Vi snakker litt om gamle dager. Sang og opplesning. Ord til ettertanke. Dugurdsmat. Arr: Diakoniutvalget. Torsdagstreff for kvinner Møteplass for kvinner fra ulike kulturer. Fellesskap Tar opp forskjellige temaer. Spiser mat fra forskjellige land. Sang og underholdning. Torsdag 23. april kl.18.30 Torsdag 21. mai kl.18.30 Ønsker du skyss til treffene ring Gunhild 971 81 627 eller Ingrid 971 12 521. Arr: Gol Røde Kors, Helselaget og Diakoniutvalget. I slutten av april er det tårnagenthelg igjen! Går du i 3. klasse har vi lyst til å gi deg eit agentopp drag! Vi skal utforske kyrkja, Bibelen, tårnet og klokkene. Hemsedal kyrkje 18. og 19. april Gol kyrkje 25. og 26. april Vi treng òg vaksne «englevakter» som kan hjelpe til med ulike oppgåver denne helga. For meir informasjon og påmelding ta kontakt med Britt Marie Haraldset Hafsås, tlf 489 59 826 eller mail: britt-marie. haraldset-hafsas@gol.kommune.no

V e l ko m e n t i l k y r k j e! 22. mars Maria bodskapsdag Sprell levende gudsteneste. 6-åringane deltek. Gullrekka. Maxi-mini. Skinnemoen. Hafsås. Takkoffer: Barne-og ungdomsarbeidet i soknet. Tur til Solseter. Gudsteneste. Nattverd. Maria Bjørdal Takkoffer: Familievernkontoret i Hallingdal. Kyrkjelydens årsfest i Kyrkjestugo etter gudstenesten. 29. mars Palmesundag Gudsteneste. Skinnemoen Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet 1. april onsdag GOL HELSETUN KL. 11.30 Påskeandakt. Økesveen 2. april Skjærtorsdag LYKKJA KAPELL KL. 10.00 Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen. Takkoffer: Lykkja Kapell GOL KYRKJE KL. 19.00 Kveldsmesse. Nattverd. Skinnemoen. Økesveen. Måltidsfellesskap v/diakoniutvalget. Takkoffer: Diakoniarbeidet i kyrkjelyden 3. april Langfredag Pasjonsmesse. Maria Bjørdal. GOL KYRKJE KL. 19.00 Pasjonsmesse. Maria Bjørdal. OSET KAPELL KL. 21.30 Påskeandakt. Maria Bjørdal. 5. april 1. påskedag Høgtidsgudsteneste. Skinnemoen. Takkoffer: Anne-Berit Lagmannsgård sitt arbeid. Gudstenesten vert tolka for døve. LYKKJA KAPELL KL. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Maria Bjørdal. Takkoffer: Lykkja kapell. HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00 Sundag for alle HEMSEDAL KYRKJE KL. 17.00 Høgtidsgudsteneste for alle. I samarbeid med søndag for alle. Maria Bjørdal. Nattverd. Offer: Kyrkjestugo. Sal av middag på Kyrkjestugo frå kl. 16.00. Kyrkjekaffi. 6. april 2. påskedag Høgtidsgudsteneste. Nattverd. Skinnemoen. Takkoffer: Frelsesarmeen sentralt. 1. påskedag slår vi saman Søndag for alle og gudstenesta i Hemsedal kyrkje. Det blir sal av Sveins svinegryte frå kl. 16.00 på Kyrkjestugo (pris: 70.-/40.). Kl. 17.00 blir det ei familievennlig høgtidsgudsteneste i kyrkja. Vikarprest Maria Bjørdal leder denne. Etter gudstenesta blir det kaffi og kaker. 12. april 2. sundag i påsketida KAPELLTOMTA PÅ KAMBEN KL. 11.00 Friluftsgudsteneste. Skinnemoen Etter gudstenesten kyrkjelydens skitur på Golsfjellet. 19. april 3. sundag i påsketida Gudsteneste. Nattverd. Per Tore Meberg. Takkoffer: Misjonsselskapet Gudsteneste. Tårnagentane deltek. Skinnemoen. Hafsås. Takkoffer: Kyrkjelydens Landbruksprosjekt i Aserbajdsjan 26. april 4. sundag i påsketida Gudsteneste. Tårnagentane deltek. Per Tore Meberg. Hafsås. Takkoffer: Barneog ungdomsarbeidet i soknet 28. april tysdag HERAD KYRKJE KL. 18.00 Samtalegudsteneste. Turøy. Skinnemoen. Per Tore Meberg. Konfirmantfest på Gol bedehus. Takkoffer: KRIK 3. mai 5. søndag i påsketida Gudsteneste. Konfirmasjon. Turøy. Per Tore Meberg. Takkoffer: Konfirmantarbeidet. HEMSEDAL KYRKJESTUGO KL. 16.00 Sundag for alle. 5. mai tysdag GOL KYRKJE KL. 18.00 Samtalegudsteneste. Skinnemoen. Turøy. Nattverd. Takkoffer: KRIK Høyfjellssenter. Konfirmantfest på Gol bedehus. 9. mai laurdag Konfirmasjon Skinnemoen. Turøy. Takkoffer: Konfirmantarbeidet. 10. mai 6. søndag i påsketida Konfirmasjon. Skinnemoen. Turøy. Takkoffer: Konfirmantarbeidet. 14. mai torsdag. Kr. himmelfartsdag. Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen. Takkoffer: Institutt for sjelesorg Modum. HERAD KYRKJE KL 13.30 Konsert: Picazzo, Tommy Michaelsen m.fl. 17. mai sundag før pinse GOL KYRKJE KL. 10.00 Familiegudsteneste. Takkoffer: Familievernkontoret Hallingdal. HEMSEDAL KYRKJE KL. 10.15 Familiegudsteneste. Hafsås. Takkoffer: Sjømannskyrkja. 19. mai tysdag HEMSEDAL KYRKJE KL. 18.00 Samtalegudsteneste. Skinnemoen. Turøy. Konfirmantfest på kyrkjestugo. Offer: Familievernkontoret i Hallingdal. 23. mai laurdag Konfirmasjon. Skinnemoen. Turøy. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet. 24. mai Pinsedag Høgtidsgudsteneste. Prestevikar Raastad. Takk offer: KABB- Kristent arbeid blant blinde. Høgtidsgudsteneste. Konfirmasjon. Skinnemoen. Turøy. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet 25. mai mondag 2. pinsedag Høgtidsgudsteneste. Nattverd. Prestevikar Raastad. Takkoffer: Sjømannskirken. 31. mai Treeiningssundag HEMSEDAL KYRKJE KL.11.00 Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen Takkoffer: KRIK 7. juni 2. sundag i treeiningstida Gudsteneste. Vikar prest Egil Hauge. Takkoffer: Gullrekka. HEMSEDAL KYRKJESTUGO Kl 16.00 Sundag for alle. 14. juni 3. sundag i treeiningstida Gudsteneste. 50-årskonfirmantane. Nattverd. Vikarprest Egil Hauge. Takkoffer :Kyrkjelydsarbeidet. Jubileumsgudsteneste. KRIK feirer 10 år i Hemsedal. Takkoffer: Kyrkjetugo. 7

Konfirmantleir 23. 25. januar var konfirmantar frå Gol og Hemsedal samla til felles konfirmantleir på KRIK høyfjellssenter i Hemsedal. Det vart ei helg fylt med moro, undervisning, spel, uteaktivi tetar, møter og nokre nye venskap. Nokon var kanskje litt spente då dei kom til Lio på fredagen: Kven er desse golingane som kjem? Eller: Kven møter oss frå Hemsedal? Mange kjende ingen konfirmantar frå nabokommunen, men det såg ut til at dei vart fort kjend og fann tonen. Laurdagen var undervisnings dagen på konfirmantleiren, og tema i år var «dei ti bod». Mellom under visningsbolkane var det tid for uteaktivitetar KRIK adventure. Det var lagt opp til 7 ulike postar, nokre med gruppe arbeid, nokre med stafettar og ei utfordring til dei tøffaste på gruppa å klatre til topps i «stolpen» og kaste seg ut! Laurdag ettermiddag var konfirmantane med på å førebu gudstenesten i Hemsedal kyrkje sundag kl. 12. Den sette punktum for ei veldig fin leir-helg i Hemsedal! Tekst og foto Britt Marie Haraldset Hafsås Nattcup 6. februar var konfirmantane samla igjen. enne gongen var konfirmantar frå heile DHallingdal samla til nattcup på Gol. Gol stilte med 4 lag i innebandy turneringa, eitt av dei tok seg heit til finalen, etter å ha slått ut eit anna golingslag i semifinalen. Likevel vart det Nes som tok pokalen heim i år. Golingane fekk derimot diplomet både for beste heiagjeng, og for beste bod i solidaritetstivoliet. Nattcup handlar nemleg ikkje berre om innebandy. I pausa mellom gruppespelet og finalespelet er det nemleg noko heilt anna som står i fokus. Då er det fyrst solidaritetstivoli. Der har konfirmantgruppene laga til kvar sin «bod» der dei samlar inn pengar til Kirkens nødhjelp. Nokon sel kake eller anna, andre har konkurransar og aktivitetar som kostar litt å delta på. Etter solidaritetstivoliet var det felles guds teneste med nattverd i hallen, før alvoret tok til att. Deltakarane på laga som ikkje gjekk vidare, kunne ta ein tur i symjehallen, medan dei beste laga spelte for pokalen! Frå venstre: Torgeir Brekko, Josefine Lien Blakkestad, Marius Waag Østro, Kristen Listøen, Ole-Kristian Brenno Skredegård (bak), Hanne Grønseth, Liv Karin Bakke Haugen. Informasjon Gol Grafiske as tlf. 32 07 43 65