Oppsummering av møte med næringslivet om arealplanen 8. januar 2019 Deltakarar: 13 stk. frå næringslivet møtte opp i tillegg til tre frå administrasjonen, leiar for Fjaler næringsutvikling og to frå Norconsult. Til saman 19 stk. Dato: 8. januar 2019 Stad: Grendehuset i Flekke Rådgjevar/verkstadhaldar: Norconsult AS, Arne Kringlen Innleiing Møte med næringslivet for å få innspel om kva for arealbehov dei har i framtida, og ev. andre behov, t.d. veg. Prosjektleiar Arne Kringlen ynskte velkomen og informerte om gjeldande og komande arealdel, formålet med ny arealdel og arbeidsprosessen. Presentasjon Presentasjon er vedlagt. Under følgjer nokre utdrag: - Korleis er gjeldande arealplan o Risikovurderingar og faresoner er ikkje med o Manglar strategisk arealbruk (arealbruken er ikkje detaljert nok) - Viste forskjell på arealplanen og delplanen for Dale - LNF- spreidd blir sentral arealbruk i Guddal (fritidsbustad, bustad og næring) - Viss ein skal setje av byggjeareal innanfor skred/flaumområde krev det utfyllande dokumentasjon/vurdering før ein ev. kan byggje - 100 meter sona for sjø og vassdrag er generell og gjeld uavhengig av topografi og landskap. o Det er lettare å få løyve til å byggje i forbodssona viss det er gjort ei konkret vurdering av kva som er den «funksjonelle strandsona» - Til neste runde med folkemøte (mars-april) blir framlegg til arealplanen synt fram slik at innbyggarane får sjå om deira innspel er tatt med eller ei. Då blir det høve til å drøfte løysingane som er valt/ikkje valt. - Frist for å kome med innspel til planprogrammet er sett til 18. januar. Gruppearbeid 1 Etter presentasjonen vart forsamlinga delt inn i tre like store grupper.
Gruppene vart spurte om kva som er positivt og utfordrande med å drive næring i Fjaler, og kva for forventningar dei har til den nye arealplanen. Spørsmåla vart først drøfta i gruppene og sidan i plenum. Oppsummering (hovudmoment frå gruppearbeidet) Positivt: To av gruppene framhevar at det er naturskjønt og ein har tilgang på naturressursar. To av gruppene nemner korte avstandar; det er kort veg til ulike tenester, kort veg til der det blir tatt beslutningar i kommunen, kort veg til kommuneadministrasjon og nærleik til kysten. Elles blir det også trekt fram at
ein skapar noko lokalt, Fjaler har vore ein «ja-kommune»/tilpassingsdyktige, samarbeid i nærlingslivet, stabil arbeidskraft og løysingsorienterte. Utfordringar: Alle gruppene peikar på dårleg infrastruktur (både veg, mobil, straum, breiband/fiber) som utfordrande. Ei grupper lurer på om det er nok næringsareal i kommunen, og ei anna gruppe nemner at det er bustad og tomtemangel. Ei gruppe trekker fram at det er for tung sakshandsaming på byggjesak, og ei anna gruppe tykkjer det er utfordrande med at fylkeskommunale tenester vert sentralisert, som t.d. skatt/folkeregister og tannlegekontor. Elles blir det nemnt dårleg kollektivtilbod (Rehab og UWC), erfaring og kompetanse på utbygging, einsidig fokus på Lutelandet og overnattingsmoglegheiter. Forventningar: Alle gruppene har forventningar til at det blir sett av meir areal til næring/utvikling (næringspark, lett tenesteyting, industriell verksemd). Ei gruppe ynskjer at det blir avsett eller avklart næringsareal i sjø, samt at næringsareala vert etablert i nærleik til infrastruktur og anna tenesteyting. Ei gruppe har forventning til forutsigbarheit; når eit areal vert sett av til eit utbyggingsformål i arealplanen så blir tiltaket gjennomført. Gruppearbeid 2 jobbe med A0 kart Det vart lagt ut fire kart på fire forskjellige bord, og forsamlinga fekk samle seg rundt det bordet som var mest aktuelt for dei å ha noko synspunkt om. Det var tre personar rundt både kartet over Flekke og Våge, medan det var seks personar på kartet over Dale. Det var ingen på kartet over Guddal. Gruppene fekk i oppgåve å merke på kartet kvar det bør byggast og kva type formål. Etter at forsamlinga var ferdig med å skissere på kartet fekk dei høve til å gå over til eit anna bord og kome med forslag i andre delar av kommunen. Det vart diverse drøftingar over borda. Etterpå vart karta over Flekke, Våge og Dale lagt på rad og rekke bortover tre bord, og synspunkta vart gjort greie for i plenum.
Gruppe Flekke Utvide tiltak i sjø ved Hauglandsmiljøet. Planar om fylling i sjø og kaianlegg. Samt idrettsanlegg på land som er knytt til tiltaka i sjø. Utfordringar med veg i rasområde
Gruppe Dale Det som er merka raudt er næring, og dei grøne linene viser oppjustering av veg og anna infrastruktur. Ynskjer etablering av større butikkar med lagerbehov rett utanfor Dale. Elles masseuttak/tyngre industri og utbetring av eksisterande veg (vist med grøn line).
Gruppe Våge Gjerne leggje til rette for akvakulturanlegg langs heile kystlina (innanfor det lyseblå feltet). I bukta er det ynskjer om landbasert anlegg. Aust for Lutelandet er det ikkje for ope å etablere akvakultur etter dagens teknologi, men det er ferdselsveg for sjøtransport.
Oppsummering Hovudinntrykket frå folkemøtet med næringslivet er at det er mangel på næringstomter i Fjaler, og at det er forventningar om at det blir sett av til dette i arealplanen. Mange av innspela som kom inn på møtet viser også utvikling av eksisterande næringsområde. Og dei nye areala som vart sett av på kartet er i tilknyting til eksisterande infrastruktur, og tungindustrien utanfor bebygde strøk. Forsamlinga ytra ynskje om at eksisterande vegnett blir utbetra, og anna infrastruktur. Det er behov for å setje av areal til akvakultur både til sjø og på land, masseuttak. Elles kom det også inn innspel på bustad- og hytteområde i form av LNF- spreidd, samt eit par byggjefelt. Det vart stilt spørsmål om ein måtte kome med skriftleg innspel i tillegg til innspela som vi fekk på møtet. Svaret er «ja». Dess betre innspela er beskrive/grunngitt, dess enklare er det å «selge» det vidare til statlege mynde. De kan henvise til at de var på møte, og ynskjer å supplere innspelet med meir eller andre opplysningar. Legg også gjerne med eit kartutsnitt der de skisserer grensene på tiltaket. Kart kan de skrive ut via www.kommunekart.com. Referent: Norconsult AS, Ann Sissel Heilevang Vedlegg: Presentasjon