Valprogram for Suldal Senterparti

Like dokumenter
Til veljarane i Tysnes

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Ål Venstre. Ål Venstre

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Hemsedal KRF Program

Politisk program for Jølster KrF

Program for Masfjorden Venstre

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Program OSTERØY HØGRE

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Programmet til Jølster Arbeidarparti byggjer på dei sosialdemokratiske prinsippa om FRIDOM LIKEVERD SOLIDARITET

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Arbeidsprogram

Kommunedelplan for oppvekst

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Ei god framtid for alle!

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Valprogram Sel SV

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

KOMMUNEVALET 2015 LINDÅS SENTERPARTI

Kommunestyrevalget i Tysvær 2003

Meland Senterparti. - eit klokt val. senterpartiet.no/meland. Arbeidsprogram

Politisk program. Førde Kristeleg Folkeparti partiprogram

heile VIK Program VIK HØGRE VISJON

GULEN ArbeidArparti

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Valprogram SENTERPARTIET !

Budsjett Økonomi- og handlingsprogram

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

LINDÅS. Framtida i fokus

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Bilde: Colorbox. Bokn KrF Menneskeverd i sentrum INFORMASJON

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

SULDAL HØGRE PROGRAM FOR KOMMUNEVALET Trygge lokalsamfunn - Kvalitet i omsorg - Kunnskap i skulen - Muligheter for alle

Frivilligpolitisk plattform

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Valprogram Gode veljar! Senterpartiet vil at Eidfjord skal vera ein attraktiv kommune for alle.

Suldal Venstre for perioden innan 4 år!

Program Årdal AP

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

KrF byggjer sin politikk på eit kristent verdigrunnlag og ein kristendemokratisk ideologi.

Program for

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret BETALINGSSATSAR I SFO, KULTURSKULE OG BARNEHAGAR 2016

ETNE VENSTRE

Program for. Årdal Venstre

Saman for eit varmare samfunn

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

Utkast til program Meland Høgre 2015

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Årsmelding GOL BARNEHAGE (Kultur og levekår)

Regionplan Agder RUP 2012 & Setesdal! NB: Bildene i denne presentasjonen kan ikke benyttes videreuten tillatelse fra Setesdal regionråd.

Kommunedelplan for oppvekst

Fokus på nære tenester med kvalitet!

Program OVERORDNA MÅL OG GRUNNSYN

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Vi må ta vare på matjorda. Om jordvern og eigedomspolitikk

Innovasjonsmetoden vår

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

MELAND SENTERPARTI Arbeidsprogram

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

«Nordhordland kommune»

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

VALPROGRAM FOR LUSTER ARBEIDARPARTI

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

Overordna strategiplan for Hardangerrådet

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

Ole Aasaaren Regionsjef

MARIT AKSNES AASE - ORDFØRARKANDIDAT

SOGN driftig raus ekte

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Transkript:

Valprogram for Suldal Senterparti Kommunestyrevalet 2019 EIT SULDAL MED ALLE GRENDENE SOM FUNDAMENT Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil arbeida for eit samfunn der menneska kan utvikla seg fritt. Samfunnskontrakten skal oppfyllast av myndige menneske som tek ansvar for sitt eige liv, for fellesskapet og for naturen. Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar. Jorda er ein arv som me har plikt til å forvalta for etterkomarane våre. Senterpartiet meiner at aktiv forvalting og bruk ikkje passivt vern er den beste måten å ta vare på naturen på. Norsk natur har også ein verdi i seg sjølv, og me må ta vare på han for framtidige generasjonar Suldal Senterparti vil arbeida for at heile Suldal skal vera ein god kommune å leva i. 1

Suldalsfundamentet har fleire byggjesteinar: - Aktiv næringspolitikk - God samferdsle - Gode oppvekstvilkår - Gode helse- og omsorgstenester - Aktivt kulturliv Me vil arbeida for å motverka sentralisering og prioritera tiltak som kan skapa folketalsvekst i heile kommunen. Me ønskjer levande bygder og eit sterkt kommunesenter. Senterpartiet vil ha aktive grendeutval. Næringslivet Senterpartiet vil driva ein aktiv næringspolitikk for å utvikla eit breitt næringsliv i kommunen, med fokus på eksisterande og nye næringar. Sikre, gode vegar er viktige for næringslivet. Det same er eit godt utbygd breiband og mobilnett. Det er viktig med tilgjengelege og tenlege næringsområde. Suldal er ein energikommune, det er difor viktig å leggja til rette for kraftkrevjande industri for å kunna nytta noko av denne energien lokalt. Eit godt utbygd fibernett er og naudsynt. Primærnæringane, og særleg landbruket, vil òg i framtida vera ei hjørnesteinsnæring i Suldal. Dyrka jord er ein knapp ressurs i Suldal, me må difor ha eit strengt jordvern. Det er viktig å stimulera unge til å overta gardane. Prosjektet: «Suldalsbonden mot år 2050» er ein viktig reiskap i dette arbeidet. Eit sterkt landbruk er viktig både gjennom direkte sysselsetting, gjennom ringverknadar i vidareforedling og service, for å ivareta kulturlandskapet og for busetnad. Reiselivet er ei vekstnæring. Senterpartiet vil at reisemål og opplevingar skal utviklast i eit berekraftig perspektiv. Kultur, mat og naturopplevingar er sentrale element i reiselivsutviklinga. arbeida for stadig å betra infrastrukturen i heile kommunen m.a. gjennom sikring og utbetring av vegnettet, og vidare utbygging av breiband og mobilnett. oppretthalda kommunale tilskotsordningar til primærnæringane ha ei restriktiv haldning til bu- og driveplikta driva aktiv næringsutvikling i samarbeid med Suldal Vekst og ved bruk av Ulla Førre Næringsfond gi næringane gode rammer aktivisera næringsforum i kommunen 2

Oppvekst Suldal Senterparti ønskjer at alle både unge og eldre skal vera nyfikne, interesserte og lærelystne. Utbygging av barnehageplassar må skje slik at alle som ønskjer det, får barnehageplass. Det er viktig med førebyggjande arbeid mellom barn og unge. UIR (utdanning i Ryfylke) er viktig for å få tilstrekkeleg og rett kompetanse i regionen. arbeida for å oppretthalda barneskular og barnehagar som i dag arbeida for å sikra gode oppvekst- og læringsmiljø i kommunen vår arbeida for ei godt tilrettelagt skulefritidsordning (SFO) sikra og vidareutvikla eit vidaregåande skuletilbod i Indre Ryfylke ved å satsa på Sauda vidaregåande skule og Topp Volley Norge at Suldal skal vera ein aktiv part i den vidare satsinga på skreddarsydd utdanning i Indre Ryfylke (UIR) arbeida for lovfesting av retten til leirskuleopphald Kultur Me skal ha eit rikt kulturliv der alle som vil får uttrykka seg. Kultur er viktig for trivsel og livskvalitet og er slik eit avgjerande moment for å auka bulysta i kommunen. Kulturskulen er ein av hjørnesteinane i det lokale kulturlivet, det same er frivillig arbeid. Nynorsk er ein viktig del av kulturen vår, det er viktig å ta vare på skriftspråket vårt. gi aktiv støtte til lokale lag og organisasjonar vidareutvikla kulturskulen for barn og unge vidareføra distriktsmusikarordninga stimulera til at profesjonelle kunstnarar ønskjer å bu og virka i Suldal Suldal Senterparti ønskjer å støtta opp om kulturaktivitetar i heile kommunen. Saman med kulturhuset si satsing vil dette auka trivnaden for suldølen og bidra til tilflyttingslyst. Suldal Sp ønskjer vidareutvikling av Topp Volley og tilbod rundt sandvolleyhallen, i tillegg til utvikling av dei andre regionale idrettsanlegga våre. 3

Bustader Suldal Sp ønskjer busetnad i alle delar av kommunen og vil ha attraktive tomter i alle skulekrinsane. arbeida for bygging av utleigehusvære leggja til rette for fortetting i sentrum for å få fleire sentrumsnære bueiningar arbeida for at alle fastbuande i Suldal skal ha tilbod om breibandløysing. Mobilnettet må betrast vesentleg der folk bur, og langs vegane framleis ha areal for spreidd bustadbygging i kommuneplanen driva aktiv marknadsføring av ledige bustadar og tomter gi unge familiar gratis søknadsprosess ved byggjesøknadar til bustadhus. Den yngste av dei vaksne må vera under 35 år. Ungdom - unge vaksne Å oppretthalda folketalet i kommunen er svært viktig. Dersom me skal lukkast her, må me få fleire til å flytta til kommunen. Å satsa slik at me får unge til å flytta heim er viktig. Suldal Sp ønskjer: å arbeida aktivt for at ungdom skal finna det attraktivt å koma attende til kommunen å leggja til rette for at ungdom skal kunna delta i politiske prosessar eit aktivt ungdomsråd i kommunen gode møteplassar for ungdom vidareføra ordninga med abonnement på Suldasposten for skuleelevar og studentar å gi gratis barnehageplass til barn nr 3 og oppover, i ein familie med minst 3 born i barnehage- og grunnskulealder 4

å sikra eit desentralisert dagtilbod for Helse, omsorg og folkehelse Alle skal vera trygge på at dei får den hjelpa dei treng til ei kvar tid. Suldal kommune har vedteke ein plan for «Framtidas omsorg» med satsing på Sand,Vinjar og Jelsa. Suldal Sp vil arbeida for at denne vert gjennomført. Tanken er at ein skal bu heime lengst mogleg, det er difor viktig med ei sterk heimeteneste og gode, desentraliserte dagtilbod. Velferdsteknologiske løysingar kan styrkja dei føresetnadane kvar enkelt har for å klara seg sjølv i kvardagen. Det er viktig å ha eit godt tilbod til både unge og gamle med psykiske lidingar. Ei god skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom er viktig. Suldal Sp ønskjer at bruk av rusmiddel vert redusert. Det er viktig å fokusera på førebyggjande arbeid. Det er viktig med godt samarbeid med politikontakten. Suldal Sp ønskjer: at brukarane sjølve skal få vera med å bestemma og slik få eit meir meiningsfylt tilvære å leggja vekt på førebyggjande helsearbeid å arbeida for at helse- og omsorgstenestene i kommunen vert vidareutvikla alle som treng det og stimulera til eit mangfald i tilbodet å støtta rusfrie tilskipingar for ungdom å intensivera det haldningsskapande arbeidet mot narkotika å styrkja det tverrfaglege samarbeidet å stimulera til auka bruk av Inn på tunet. Dette er også god næringspolitikk ei fastlegeordning som sikrar rekruttering og stabil legedekning Samferdsel RV 13 og FV 46/520 er svært viktige samferdselårer i kommunen. Hurtigbåttilbodet er ei livsnerve i kollektivtilbodet. Suldal Sp vil arbeida for å: tryggja og rassikra vegane i Suldal, der rassikringsprosjekta Erfjord-Sand og Brattlandsdalen er dei viktigaste forskottera rassikringsprosjektet i Rødsliane, saman med fylkeskommunen halda oppe og vidareutvikla eit godt hurtigbåt- og ferjetilbod til indre Ryfylke vinna tilslutning til prosjektet Haukelibanen arbeida for gul midtstripe på RV 13 sikra kollektivtilbod både i og til/frå kommunen få utbetra vegen mellom Hebnes og Vatlandsvå 5

Energi og miljø Klimaet er i endring. Senterpartiet meiner at det er viktig at me også lokalt tek klimautfordringane på alvor. Skogen er ein viktig del av løysinga i klimapolitikken. Skogen tek netto opp ei mengd CO 2. Aktiv skogpolitikk er ein jordnær, konkret og billig måte å bidra til å oppnå klimamåla på. ha lokal forankring ved forvaltning av naturressursane i kommunen. Suldal kommune har store utmarksressursar som det er viktig å ivareta på ein god og berekraftig måte Å bruka tre som byggjemateriale er viktig for karbonlagring og for at skognæringa skal vera lønnsam. Me skal alltid vurdera å setja opp nye offentlege bygg i massivtre eller reisverk av trematerialar. støtta utbygging av miljøvenleg energiproduksjon som t.d. biobrenselanlegg oppretthalda kulturlandskapet og vera restriktiv til nedbygging av matjord oppretthalda tilskot til straumframføring der dette er særleg kostbart arbeida for å auka kapasiteten i linjenettet redusera netto utslepp av CO 2, - eit aktivt skogbruk er viktig i dette arbeidet at kommunen skal nytta El-bilar arbeida for energisparande tiltak i kommunale bygg skifta til LED-lys i veglysa 6

Tilhøve til stat, fylkeskommune og andre kommunar Suldal Sp vil primært styrkja regionen gjennom å utvikla eit tettare interkommunalt samarbeid. Suldal Sp vil vurdera interkommunalt samarbeid opp mot målet om å finna effektive løysingar på kommunale oppgåver og gode tenestetilbod til innbyggjarane. Suldal Sp meiner at innbyggjarane i Suldal vil få best tenester dersom Suldal kan vera eigen kommune. Suldal Sp vil oppretthalda Ryfylke IKS og Ryfylkefondet. Suldal Sp meiner at der kommunen får ansvar for oppgåver av stat eller fylkeskommune, må kommunen ha handlingsrom til å tilpassa løysing til lokale tilhøve. Kommunen som arbeidsgjevar Suldal kommune skal vera ein attraktiv arbeidsgjevar med ein personalpolitikk som gir utvikling og trivsel for dei tilsette. leggja til rette for at tilsette skal få auka kompetanse ved å stimulera til vidareutdanning gi stønad og delvis fri med løn til tilsette som ønskjer ei grunnutdanning innan fag som kommunen har problem med å rekruttera til satsa på leiarutdanning arbeida for ein heiltidskultur at det nynorske skriftspråket skal vera einerådande i heile den kommunale organisasjonen. Vedteke 21.02.2019 7