Program for Vaksdal SV

Like dokumenter
Vaksdal Sosialistisk Venstreparti

Program OSTERØY HØGRE

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Frivilligpolitisk plattform

Politisk program for Jølster KrF

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Til veljarane i Tysnes

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Valprogram Sel SV

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Program for Masfjorden Venstre

Hemsedal KRF Program

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

Ål Venstre. Ål Venstre

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

ETNE VENSTRE

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Ulvik Arbeiderparti Program

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

framtida. På lag med Tysvær Venstre

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Frivilligpolitisk plattform

HØYRING OM SKULESTRUKTUR I STRANDA TETTSTAD

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Program for. Årdal Venstre

SULDAL VENSTRE. Ulike menneske treng ulike løysingar for å ha eit godt liv. Venstre tenkjer FOLK FØRST.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gjera folk trygge og styrka tilhøyrsle og identitet.

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Kommunevalprogram Bremanger Arbeidarparti

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Program Årdal AP

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Program Sauda Høgre

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Elevtalsframskriving

-Større råderett over økonomien. -kan klare oss økonomisk åleine.

Barnehageplan for Vinje kommune

Kommunedelplan for oppvekst

? Foto: Simen Soltvedt?

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Ei god framtid for alle!

Dei andre områda me satsar på vil gå fram av programmet vårt.

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

FÅ FART PÅ SVEIO ME TEK SVEIO VIDARE KUNNSKAP OG KVALITET I SKULEN. GOD FOLKEHELSE I ALLE LEDD. GODE KLIMALØYSINGAR. EIT GODT ARBEIDSLIV FOR ALLE

SOGN driftig raus ekte

«Nordhordland kommune»

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Eit trygt og godt lokalsamfunn

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Idrett og fysisk aktivitet. Rullering av handlingsplanen 2016

Miljø, Mangfold, Menneskeleg medverknad. - eit friskt pust. mdg.no/meland

Spørjeundersøking om sentrumsområde

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

MOGLEG MED EIT LEVANDE VAKSDAL Ein kompakt urban tettstad 16 minutt frå Bergen sentrum med tog (Bybanestoppet Slettebakken ligg 16 minutt frå Bergen

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Sogndal Arbeidarparti. Valprogram

HOVUDTILLITSVALTE INNSPEL TIL KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL. 23. februar 2017

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

Program for. Sykkylven Venstre

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Valprogram for Volda SV

Transkript:

Program for Vaksdal SV 2019-2023 Innleiing Kva handlar kommunevalet 2019 om? Det handlar om det du vil at det skal handle om, det som er viktig for deg, familien din, venene dine. Det handlar om kven som skal få nett di stemme. Det handlar om tillit tillit til at kvar av oss gjennom val kan gjere ein forskjell. At om fire år er Vaksdal kommune ein litt betre kommune å bu i enn i dag. Og du bidrog. Vaksdal SV vil arbeida for at born og unge i Vaksdal får ein enno betre skulekvardag, at born i barnehage har ein betre kvardag i 2023 enn i 2019. Vi vil arbeide for at dei eldste blant oss ser fram til kvardagen. Vi vil at dei tilsette i kommunen opplever tillit, og medverknad i eige arbeid. Vi vil arbeida for at Vaksdal vert ein del av det globale arbeidet det er og ta vare på klima og naturmangfald. Hovudsakene våre speglar prioriteringane til SV dei neste fire åra. Vi vil ikkje ha vindmøller i Vaksdalsfjella, utbygging av ny vannkraft eller oppdrett i fjorden. Vi vil ha lokal mat til ungdom og eldre. Vi vil ha fleire lærarar i nye skulebygg. Vi vil ha verdighet i eldreomsorga. Vaksdal skal vere ein god kommune å bu, jobbe, lære og vere i då kan vi og bli fleire! Hovudsaker 1. Rett til heiltid nei til vikarbyrå 2. Auka grunnbemanning i heimetenesta 3. Kjøken tilbake på institusjon ja til lokal mat! 4. Trygge lokalsamfunn skulestruktur som i dag. 5. Fleire lærarar i Vaksdalsskulen! 6. Gratis SFO 7. Skulemat på ungdomsskulen 8. E16 i Tolåsen og kulvert til bru på Stanghelle 9. Oppdrettsanlegget ut av fjorden! 10. Nei til landbasert vindkraft! 1

Klima, miljø og friluftsliv Klimaet er sjølve grunnlaget for vår eksistens. Det er ingen politikk i dag, lokalt eller nasjonalt, som tilseier at klimakrisa vert teken på alvor. Eit samfunn bygd på veksttvang er ikkje berekraftig. SV meiner at Vaksdal kommune skal setja av 1 % av budsjettet årleg dei neste fire åra til klimatiltak, og innarbeide klimarekneskap i alle planar og investeringsprosjekt. Vaksdal kommune skal bli ein klimapartnar! Vaksdal kommune har ein særprega og mangfaldig natur med nærleik til fjell og sjø. SV vil sikra alle tilgang til naturopplevingar og hindra privatisering av strandsona og fjellet. SV seier ja til bevaring av Agnavikje på Stanghelle og Sildastadskjæret på Vaksdal. SV vil sikre allemannsretten - fjell og sjø for alle! SV seier ja til ein fjord fri for oppdrettsanlegg av omsyn til villaksestamma og rekreasjon for folk flest på vår viktigaste allmenning fjorden. SV er eit naturvernparti og seier nei til kraftutbygging i alle vassdrag og nei til all landbasert vindkraft. Biologisk mangfald skal oppretthaldast, eksisterande hyttefelt må fortettast heller enn å etablera nye. Kantslått ikkje gift og grøne uteareal i tettstadane. Auka kunnskap om biologisk mangfald i alle delar av kommunal verksemd. Alle kunstgrasbanar i kommunen skal vere null utslippsbanar for plast i løpet av perioden. SV vil arbeida saman med innbyggjarane våre for at krafta som vert produsert i kommunen skal gå til fellesskap og nytte, ikkje støy og kryptomining. Vaksdal som eigen kommune Kommunesamanslåingar er sentralisering og ønskje om privatisering av offentlege tenester. Vaksdal skal vere eigen kommune og SV ønskjer å utvikla folkestyret og offentlege tenestester til det beste for dei som bur i kommunen. Lokaldemokrati SV ønskjer stemmerett for 16 åringane, og at vi nyttar oss av moglegheitene til å invitere inn ungdom som fullverdige deltakarar i lokaldemokratiet. Ungdommens kommunestyre må styrkast og ungdom si røyst gjerast sterkare i kommunen. 2

Skule og barnehage SV si hovudprioritering dei neste 4 åra er ny barneskule på Vaksdal og oppveksttun på Stamnes. SV seier nei til nedlegging av skular! Nærskule - prinsippet skal gjelde for alle born i vår kommune. SV vil ha meir ressursar inn i skulekvardagen. Fleire lærarar! Helsesjukepleiar meir aktivt inn i skulen med betre ungdomsretta tilbod. SV vil óg sikre barnehageplass der borna bur. Borna i kommunen fortener ein trygg skuleveg både i nærmiljøet og på E16. SV vil arbeida for gratis SFO og at SFO og barnehagar har opningstider tilpassa pendlartoga. Ny barnehage på Dale og oppveksttun i Eksingedalen og ny småbarnsavdeling på Vaksdal må utgreiast i perioden. Born og unge Kommunen skal vere ein aktiv støttespelar og tilretteleggjar i det frivillige idrettsarbeidet. SV vil sikra at alle aktiviteter for barn og unge i prinsippet skal vere gratis i offentlege bygg. SV vil arbeida for ungdomsklubbar og andre møteplassar for born og unge i heile kommunen. Mellom anna vil vi ha miljømøteplass på alle tettstadane. Barnevern I komande periode skal barnevernet i kommunen styrkast monaleg. Det finst ikkje vanskelege born, berre born i vanskelege situasjonar. Det er ei målsetting at Vaksdal ikkje nyttar private løysingar i barnevernet. Ein verdig alderdom Alle eldre som treng det skal ha rett til eit verdig omsorgstilbod i offentleg regi. Tilbodet til eldre menneske må vera tilpassa den einskilde. SV seier nei til alle former for privatisering og vikarbruk frå private aktørar. SV seier ja til institusjonsplassar på Dale og Vaksdal og ja til fleire tilsette i heimetenesta! Bustadpolitikk SV meiner kommunen sin bustadpolitikk først og fremst skal prioritera dei gruppene som fell utanfor bustadmarknaden, og vil arbeide for plan og utvikling av bustader i kommunal regi. SV vil gradvis fjerne marknadsleige på kommunale bustader og gjere det enklare for folk å kjøpe bustaden dei bur i. 3

Tettstadsutvikling SV vil arbeida for vidare opprusting av kommunesenteret Dale. Samstundes vil SV ha fokus på bygdesentra Vaksdal, Stanghelle og Stamnes og prioritera desentraliserte offentlege tenester. Tettstadsutvikling handlar og om historisk vern av bygningar som har stor verdi for trivnad og identitet. Det handlar om vedlikehald på offentleg eigedom, og å skapa møteplassar for innbyggjarane. Vaksdal senter og senterparken skal ha større kommunalt engasjement i perioden. Får vi veg i Tolåsen er dette ein av dei viktigaste møteplassane i kommunen. Samferdsle Den viktigaste føresetnaden for fleire innbyggjarar i kommunen er at kommunikasjonen mot Bergen og Voss vert betra radikalt. Dette betyr mellom anna: fleire avgangar, fleire pendlartog, og nattog frå Bergen fleire dagar i veka. SV vil arbeida for at Vaksdal vert ein del av takstsona i Bergen på tog og buss. SV vil arbeida for gratis servicelinjer (buss) frå grendene til kommunesenteret etter modell av servicelinene i Bergen eller dei rosa bussane i Oslo. K5 E16 er i dag ei støyande rasfarleg trafikkmaskin. SV vil arbeida for trafikk- og støyskjerming på E16 gjennom Vaksdal. SV seier JA til E16 i Tolåsen og JA til kulvert til bru på Stanghelle. K5 skal utvikle ikkje avvikle kommunen. SV seier nei til dumping av stein i fjorden om ein ikkje kan dokumentere samfunnsnytte. SV føreset at veg og bane skal ha oppstart samstundes. Kommunikasjon Vaksdal er ein vidstrakt kommune. Dette krev eit godt utbygd kommunikasjonstilbod. Kommunen må leggja til rette for at alle skal ha god tilgang til fiberbreiband. SV vil arbeida for å sikra utbygging av fiber til heile kommunen. Fiber er framtida og på sikt den viktigaste infrastrukturen i kommunen. 4

Kultur SV ynskjer eit stort kulturelt mangfald. Vi vil at smalare kulturaktivitetar og verksemd for uorganisert ungdom skal ha gode kår. Kulturskulen må styrkast og gje eit desentralisert tilbod i heile kommunen. SV vil arbeida for å styrka biblioteka som møteplass og gratis tilbod for alle. SV vil sikre at kommunen tek aktiv del i etablering av Opplevingssenter på Vaksdal mølle/felleskjøpet og sikrar oppstart og drift. Lokal mat SV vil arbeida for at ein etablerer kjøken i kommunen etter modell frå Voss kommune. Lokale mattradisjonar, kortreist mat. Godt for miljøet godt for folkehelsa! «Vi spiser med alle sansane våre desse går ikkje av med pensjon!» SV vil innføra gratis skulemåltid på ungdomsskulen. Dette skapar trivsel og eit godt læringsmiljø og stør opp om den viktige jobben ungdom gjer - ta til seg kunnskap for livet. På sikt skal alle elevane i Vaksdal få måltid på skulen. Landbruk Landbruk og lokal mattradisjon og kultur er viktige næringar i kommunen vår. Kommunen skal vere ein aktiv medspelar for landbruket og utvikling av matproduksjon lokalt. Kortreist næringsliv Kommunen skal vere tilretteleggjar for ny næring i Vaksdal, samstundes som det er avgjerande at eksisterande næringsliv vert ivareteke. Kommunen skal vere ein medspelar for næringslivet og utnytte dei moglegheitene som finst i lovverket for å stø opp om kortreist vare og tenesteproduksjon. Legevakt SV i Vaksdal vil at kommunen skal arbeida aktivt saman med andre kommunar om felles legevakt i Arna som supplement eller alternativ til legevakt på Voss. SV meiner dette er einaste farbare veg for å tryggja innbyggjarane våre og ha ein god nok beredskap. 5

Kommunen som arbeidsgjevar For SV er det viktig med deltaking i arbeidslivet og at alle skal ha ei løn å leva av. Heile stillingar skal vere ein rett - det gjev økonomisk tryggleik og sjølvstende for den einskilde, både som lønnstakar og seinare som pensjonist. Vaksdal kommune skal vere ei frisone for velferdsproffitørar ja til eigne tilsette. Kvinner og likestilling Ei løn å leva av og ei løn å leva med! Dette er og eit likestillingskrav. Rett til heiltid, utvida opningstider i barnehage og SFO, omsorgstilbod for eldre, trygge vegar og rimeleg kollektivtransport handlar om korleis livet kan levast. SV vil at Vaksdal skal vere ein føregangskommune for heiltid og likeløn, skulekvalitet og eldreomsorg. Det gjev kvinner større moglegheit for aktiv deltaking og påverknad eige liv og i samfunnslivet. Solidaritet Vaksdal kommune skal vere ein open, inkluderande kommune utan rasisme og framandfrykt. Vaksdal kommune skal ta initiativ til å busetja fleire flyktningar. Vaksdal kommune skal gje støtte til Vaksdal internasjonal kvinnegruppe og andre frivillige organisasjonar som arbeider for å fremja ein inkluderande kommune. 6