Vår dato 30.04.2018 2007/1461/GUAU/471 Saksbehandlar, innvalstelefon Dykkar dato Dykkar ref. Senioringeniør Gunnhild Liva Austvoll, 71 25 85 12 Vår ref. VOLDA OG ØRSTA REINHALDSVERK IKS Torvmyrane 29 6160 HOVDEBYGDA Inspeksjonsrapport: Inspeksjon ved Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS Kontrollnummer: 2018.084.I.FMMR Denne rapporten handlar om resultatet frå ein inspeksjon gjennomført 25.4.2018 ved Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS. Rapporten blir rekna som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil innan to veker etter at rapporten er mottatt. Desse personane var til stades under inspeksjonen: Frå verksemda: Petter Bjørdal Alexander Åmbakk Anne Mette Farstad og Gunn Velle Frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal: Gunnhild Liva Austvoll Thomas Aurdal Frå Arbeidstilsynet: Svein Arne Laugen Fylkesmannen i Møre og Romsdal avdekka ingen avvik og ga 2 merknadar under inspeksjonen. Merknadane gjeld: 1. Risikovurdering 2. Manglande deklarering Avvik og merknader er nærare skildra i punkt 3 og 4 i rapporten. Med helsing Ulf Lucasen (e.f.) ass. miljøverndirektør Gunnhild Liva Austvoll Dokumentet er elektronisk godkjent og har ingen signatur. Fylkesmannen i Møre og Romsdal Postboks 2520, 6404 MOLDE - 71 25 84 00 - fmmrpostmottak@fylkesmannen.no Organisasjonsnr: 974 764 067
side 2 av 5 Kopi: Ørsta kommune Dalevegen 6 6153 ØRSTA ARBEIDSTILSYNET Postboks 4720 Torgarden 7468 TRONDHEIM
side 3 av 5 1. Informasjon om den kontrollerte verksemda Namn: Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS. Anleggsnummer: 1520.0004.01 Bedriftsnr. for undereininga: 984068085 Eigd av (organisasjonsnr.): Kommune: Ørsta Anleggsaktivitet: Kontrollnummer: 2018.084.I Risikoklasse: Løyve gitt: Løyve sist oppdatert: 2. Bakgrunn for inspeksjonen Inspeksjonen er ein del av tilsynsetatane sin fellesaksjon og Fylkesmannen i Møre og Romsdal sin aksjon med tema farleg avfall. Formålet med inspeksjonen var å vurdere om det systematiske helse-, miljø- og sikkerheitsarbeidet fungerer tilfredsstillande, og om verksemda har ei tilfredsstillande styring med aktivitetar som er viktige for det ytre miljøet. Tema for inspeksjonen var: Internkontroll Risikovurdering Handtering av farleg avfall Lagring av farleg avfall Handtering av kjemikaliar og farleg avfall Internkontroll knytt til ytre miljø med risikovurdering og rutinar Rapporten dreier seg om avvik og merknader som blei avdekka under inspeksjonen og gir inga fullstendig vurdering av tilstanden til miljøarbeidet eller miljøstatusen ved verksemda. 3. Avvik Avvik blir definert som manglande etterleving av krav fastsett i eller i medhald av lov. Fylkesmannen fant ingen avvik under inspeksjonen. 4. Merknader Merknad blir definert som eit tilhøve som tilsynsetaten meiner er nødvendig å påpeike for å ta i vare det ytre miljøet, men som ikkje er omfatta av definisjonen for avvik.
side 4 av 5 Det blei gitt merknad for desse tilhøva under inspeksjonen: Merknad 1 Risikovurdering Kommentarar: Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS har utarbeidd ei risikovurdering, men det kjem ikkje tydeleg fram av risikovurderinga at det er gjort med tanke på ytre miljø. Merknad 2 Manglande deklarering Kommentarar: Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS er ansvarleg for alt avfall som lagrast på deira eigedom. Avfall skal så snart som mogleg deklarerast når det kjem inn til mottaket. I dette tilfellet har Retura henta avfall ved ei verksemd og plassert det på lageret til Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS. Avfallet blei henta i veke 16, men då vi var på inspeksjon onsdag 25.4.18 var avfallet ennå ikkje deklarert. 5. Vedtak om gebyr Fylkesmannen i Møre og Romsdal varsla under tilsynet at Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS vil bli pålagt eit gebyr på kr 17 200 for inspeksjonen, jf. forureiningsforskrifta 39-7. Dette svarar til sats 3. Faktura blir sendt frå Miljødirektoratet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal viser elles til forureiningsforskrifta kapittel 39 om innkrevjing av gebyr til statskassa. Moglegheit for klage De har rett til å klage på valet av gebyrsats innan tre veker etter at de har mottatt denne rapporten. Klagen skal angi den eller dei endringane som de ønskjer. Klagen bør grunngjevast og skal sendast til Miljødirektoratet. 6. Offentlegheit Denne rapporten vil vere tilgjengeleg for offentlegheita via postjournalen til Fylkesmannen i Møre og Romsdal, jf. offentleglova.
side 5 av 5 7. Dokumentunderlag Lovgrunnlaget for inspeksjonen var: Lov om vern mot forurensninger og om avfall (forureiningslova) med underliggjande forskrifter Forskrift om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta) Forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta) 8. Informasjon til verksemda Brosjyrar/informasjonsark som blei delt ut under inspeksjonen: Gebyr ved kontroll (M-297/2015) Drift av oljeutskillere (M-30/2013) Hva kan min virksomhet gjøre for å begrense marin forsøpling og mikroplast? (M-992/2018)