HANDLINGSPLAN Berekraftig reisemålsutvikling Voss Herad

Like dokumenter
Naturbasert og berekraftig reiseliv frå eit bedriftsperspektiv

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

INDRE VESTLAND. Innspel frå Hardanger, Sogn, Voss og Vaksdal i dialogmøte med Vestland fylke

Strategien peikar på fire særlege utfordringar for reiselivet på Vestlandet:

Møte i delprosjekt produkt- og konseptutvikling

Strategi Forord

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

DESTINASJONSUTVIKLING

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Handlingsplan cruisestrategi for Vestlandsfylka

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Fjord 2.0 Konferanse 2012

Sluttrapport BOLYST. «Ski heile året» Dato: Desember 2012

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet høyringsdokument planprogram. Lærdal kommune PLANPROGRAM

Programområde for reiseliv - Læreplan i felles programfag Vg2

«Ski heile året» Dato: 23. april 2012

Sakspapir. Sakshandsamar Arkiv ArkivsakID Torbjørn Guggedal K2 - U64 17/297. Saksnr Utval Type Dato 018/17 Kommunestyret PS

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

HALLINGDAL 2020, PROSJEKTPLAN

Trykte vedlegg: Forstudie: ein mogeleg felles cruisestrategi for Vestlandsregionen Utrykte vedlegg:

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Villreinløypa. Ellen Marie Sørumgård Syse Grotli

FORSLAG TIL HANDLINGSPROGRAM OPPFØLGING AV REGIONALPLAN SJØAREAL HAVBRUK

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Orientering bærekraftig reisemålsutvikling. Fellesnemda Ann-Hege Lund, prosjektleder Futurum AS

bærekraftig reisemålsutvikling

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Søknadskjema Lokal Agenda 21-midlar, 2011

Utkast til besøksstrategi for Stølsheimen landskapsvernområde, versjon Prosjektplan besøksstrategi. Stølsheimen landskapsvernområde

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Ål Venstre. Ål Venstre

Oppdragsnr.: Dokument nr.: 1 Modellar for organisering av vidaregåande opplæring Revisjon: 0

Bygd, reiseliv og universell utforming felles og same sak

Strategisk plan for kystensamling. Prosjektleiar Arne Kringlen Norconsult AS

Ny GIV Oppfølgingsprosjektet

Utviklingsprosjektet Selja og Stad

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Visit Sognefjord AS søkjer om tilskot på kr ,- i 2018 til forprosjekt for «Sognefjorden Bike & Hike».

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Møte i delprosjektgruppe Kompetanse

ETNE VENSTRE

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Regionalt bygdeutviklingsprogram i Rogaland 2013

Program for. Årdal Venstre

Felles Cruisestrategi for Vestlandet

S T R A T E G I D O K U M E N T

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Berekraftig reiseliv Miljø & lokal verdiskaping. Ivar Petter Grøtte Vestlandsforsking

Austevoll kommune. Dato Sakshandsamar Vår ref. Dykkar ref John Tveit 16/343-56

Kommunedelplan for oppvekst

Vedlegg SNP Side 1. Strategisk næringsplan

AKTIVITET OG FRILUFTSLIV I SUNNFJORD KOMMUNE

tirsdag 16. april 13 «Brød av sirkus?»

EU-prosjektet Économusée Tradisjonsnæringar gir arbeidsplassar og ny giv

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Internevaluering Destinasjon Voss/ Voss Reiselivsråd. Framlegg frå arbeidsgruppa

Berekraftig og naturbasert reiseliv

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

Program Opplevingsnæringar Sogn og Fjordane. Retningslinjer for søknad om tilskot frå programmet 2009.

Besøksstrategi Verneområda i Reinheimen Forslag til vedtak,

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Sogn Lokalmedisinske senter. Status organisering prosess etablering

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Ein av ti nye jobbar er i reiseliv!

Omstillingskommune Sauda. Handlingsplan Handlingsplan Sauda omstilling 2017 Side 1 av 7

Strategisk plan - eit vik0g verktøy for regionalt samarbeid? Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Regionrådet for Hallingdal

STRATEGISK PLAN FOR SAMARBEIDSRÅDET FOR SUNNHORDLAND IKS

Saksframlegg. Sakshandsamar Arkiv JournalpostID Marit Magdalene Schweiker K /5829

Læreplan i reiselivsfaget Vg3 / opplæring i bedrift

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

SAK 51/17 FILM; FJORD, FJELL OG VIDDE

Regional planstrategi Kva, kvifor og korleis?

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Masterplan reiseliv Sogn

Bærekraftig reiseliv i pakt med natur og lokalsamfunn. Kongsberg 7.desember 2009 Ingunn Sørnes, prosjektleder Bærekraftig reiseliv 2015

Kommunikasjonsstrategi

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Søknadsnr Søknadsår 2012 Arkivsak Støtteordning Bolyst 2012 Fjellfolk, havfolk og byfolk

Kollektivstrategi for Hordaland - Årsrapport 2016

Styret i NTF fikk på Tennistinget høsten 2015 i oppdrag å utarbeide konkrete målsettinger basert på den eksisterende Handlingsplanen for perioden.

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

VOSS HERAD Bygd for alle

Verdiskaping basert på natur- og kulturressursar Fellesmøte i Hardangerviddarådet og Nordfjellarådet v/roar Werner Vangsnes -

Kommunereforma - eit val mellom to alternativ

Studieplan for BACHELORSTUDIET I NYSKAPING OG SAMFUNNSUTVIKLING ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB)

Program OSTERØY HØGRE

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Transkript:

HANDLINGSPLAN Berekraftig reisemålsutvikling Voss Herad 2019-2021 Hald deg oppdatert! Vekselbanken Voss kommune

Foto: Erik Østlie Voss Herad - bygd for sterke opplevingar, i dag og i framtida!

Bakgrunn Reiselivsnæringa i Voss Herad, i hjartet av fjord-norge, lev av den vakre naturen me har rundt oss. Natur med ytterpunkt, unik kulturhistorie og eit levande bygdesamfunn me ynskjer å ta vare på, i dag og i framtida, er bakgrunnen for at me ynskjer å gå i samla flokk for ei berekraftig reiselivsutvikling. Reiselivet skal ta vare på lokal livskvalitet og gje lokal verdiskaping i form av økonomisk levedyktige bedrifter, utan å vere ein kostnad for grunnlaget til næringa - naturen og kulturen sjølv. Inntektsgrunnlaget for framtidas reiselivsnæring skal baserast på lågare utslepp og høgare lokal verdiskaping.

Målsetnadar Den overordna målsetnaden for prosjektet er å oppnå Merket berekraftig reisemål, og på destinasjonsnivå arbeide målretta og langsiktig for ei berekraftig utvikling av reiselivet. Me skal gå i samla flokk for ei berekraftig utvikling, der bevaring av natur og auka verdiskaping i bygda står i fokus. Reiselivet skal ikkje sjåast på som ein isolert næring, men som ein viktig bidragsytar til eit attraktivt lokalsamfunn, med besøkjande som passar bygdas identitet. Voss Herad skal vere ein føregangskommune i regionen Våga å ta grep om klimautfordringa, og ta i bruk robuste, langsiktige løysingar som bidreg til redusert miljøbelastning både lokalt og i eit større perspektiv.

Foto:Jon A. Himle Berekraftig reisemålsutvikling Dette er eit toårig prosjekt kor me jobbar systematisk med å snu rattet i ei berekraftig retning, gjennom merkeordninga Merket berekraftig reisemål, utvikla av Innovasjon Norge. Berekraftomgrepet omfattar sosial, økonomisk- og miljømessig berekraft, og dei tre grunnpilarane må handsamast i samanheng med kvarandre. Les meir om berekraftig resiemålsutvikling her

Forankring, oppfølging og rapportering Med utgangspunkt i dei ti prinsippa for eit berekraftig reiseliv er tiltaka i handlingsplanen utarbeidd gjennom ein omfattande innspelsfase utført vinter/vår 2019. I tillegg til innspel frå reiselivsnæringa, Voss kommune og andre aktørar knytt til reiselivsnæringa, byggjer handlingsplanen på Standard for berekraftig reisemål (Innovasjon Norge). Følg prosjektet på facebook Destinasjon Voss vil i prosjektperioden gje ei halvårleg orientering om status på handlingsplanen for medlemsbedriftene på ulike medlemsarrangement. Merkeordninga krev remerking kvart tredje år, og dermed kontinuerleg forbetring innanfor sosial, økonomisk og miljømessig berekraft. Destinasjon Voss har det overordna ansvaret for oppfølging av merkeordninga.

Prosjektorganisering Destinasjon Voss har det overordna ansvaret for oppfølging av merkeordninga. Prosjektansvarleg er dagleg leiar i Destinasjon Voss Mona Haugland Hellesnes. Benedicte Watvedt Skaug er tilsett som prosjektleiar og er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet i prosjektperioden fram til 28.02.2021, med bistand frå Innovasjon Norge. Der det er naturleg vil det i hovudprosjektet opprettast eigne delprosjekt og/ eller arbeidsgrupper for dei ulike tiltaka i handlingsplanen. I tillegg til nye og planlagde tiltak inneheld handlingsplanen igangsette tiltak og eksisterande prosjekt innanfor reiselivet, som kan vere relevante for ei berekraftig utvikling. Prosjektet er vedteke av proskjektet si styringsgruppe og styret i Detinasjon Voss. Voss kommune har vedteke å vera ein aktiv bidragsytar. Ved prosjektslutt 28.02.2021 vil Destinasjon Voss saman med styringsgruppa revidere handlingsplanen basert på erfaringar i prosjektperioden, og gjere eventuelle endringar og prioriteringar for vidareføringaav arbeidet. Styringsgruppa består av eit breitt samansett utval med representantar frå kommune, reiselivsnæringa og andre organisasjonar på Voss Herad.

Fem hovudområder Handlingsplanen er strukturert kring fem hovudområde som gjennom innspelsfasen er identifisert som viktige for ei berekraftig reiselivsutvikling i Voss Herad. Kvart område er beskrive med utfordringar og bakgrunn for området, og inneheld ulike delmål. Me skal jobba med: Lokal verdiskaping - heile året Transportløysingar for framtida Høg avkastning - låg miljøpåverknad Auka kompetanse Ressurseffektivitet og miljøansvar

1: Lokal verdiskaping - heile året Delmål: Voss er ei bygd full av skaparglede med eit heilnorsk særpreg. Anerkjende lokale råvarer av høg kvalitet, flotte natur- og kulturopplevingar for store og små, og eit levande sentrum gjev eit godt grunnlag for utvikling av eit heilårleg reiseliv i framtida. Fokus på betre tilrettelegging og synleggjering av det lokale tilbodet for turistar, hyttefolket og innbyggjarar, Utvikling av reiselivet i lågsesong vil bidra til økonomisk berekraft for bedriftene og meir stabile arbeidsplassar i næringa. Tilboda må utviklast med føresetnad om lågast mogeleg miljøutslepp. Utvikling av reiselivet i lågsessong 1. Utvikle og synleggjere produksjon og sal av lokalprodusert mat og drikke og andre produkt, til glede for turistar, hyttefolket og innbyggjarar. 2. Konseptutvikling i lågsesong, skuldersesong og vekedagar. 3. Utvikle attraktive tilbod for den kortreiste bedriftsmarknaden, og jobbe for samarbeid i næringa om grøn. 4. Vurdere å utvikle Vossakortet, ei rabattordning som koplar saman aktivitetar, attraksjonar, kulturog opplevingstilbod og eventuelt restaurantar med gratis transport. 5. Identifisere og jobbe for å bevare kulturelle særtrekk (kulturlandskap, byggeskikk, kulturarv) som kan vere ein ressurs for reiselivet. Foto: Sara Finne

2: Transportløysingar for framtida Voss er for mange reisande eit trafikknutepunkt. Mange aktivitetar, natur- og kulturattraksjonar og hyttefelt er spreidd over større avstandar. Lokaltransport på Voss for dei tilreisande er identifisert som ei stor utfordring, og har vore jobba med i fleire omgangar. For å redusere fotavtrykket frå transport og betre synleggjere turistattraksjonar utanfor sentrum, må det gjerast enklare for tilreisande å nytte seg av kollektivtransport og andre miljøvennlege transportmiddel til/frå og på reisemålet. Å ta toget skal vere ein attraktiv transportmetode til og frå Voss, både for turistar og hyttefolket. Toget skal vera ein attraktiv transportmetode, for turistar og hyttefolk Delmål: 1. Eit kollektivtilbod som tek turistar og hyttefolk til opplevingar utanfor sentrum, med omsyn til miljøet og miljøvennlege alternativ skal føretrekkast. 2. Vere ein aktiv bidragsytar for utvikling av Bergensbanen. 3. Jobbe aktivt med prosjektet Reis som dei lokale, der ein utviklar turforslag for turistar ved å ta i bruk ledig kapasitet på eksisterande kollektivtransportruter. 4. Jobbe for gode felles løysingar for kollektivtransport under festivalar og større arrangement. 5. Utvikle og vidareutvikle eit godt sykkeltilbod for tilreisande og dei lokale i Voss Herad.

Delmål: Lågare totale utslepp 1. Vere ein pådrivar for å skape betre regionalt samarbeid og delta aktivt i eksisterande samarbeidsprosjekt, med fokus på lågare totale utslepp og høg verdiskaping i reiselivsnæringa. 2. Kartleggje kva type turistar som har låge utslepp og bidrar til høg lokal verdiskaping i Voss Herad, og utvikle felles retningslinje for marknadsføring mot desse. Foto: Outdoor Norway 3: Høg avkastning - låg miljøpåverknad For mange tilreisande er Voss ein del av fjord-norge, for andre ein del av Vestlandet eller ei større rundreise i Norge. Nokre av utfordringane ligg difor utanfor vår eiga kommunegrense, spesielt knytt til transportutslepp til og frå sjølve destinasjonen. Reiselivsnæringa i Norge har utarbeida eit vegkart for framtidas reiselivsnæring, som peiker på at transporten til og frå reisemålet skal vere mest mogeleg klimaog miljøvennleg, og at lokalt reiseliv skal retta si marknadsføring mot utvalde målgrupper med låge utslepp. Me skal jobba strategisk og langsiktig, på lokalt og regionalt nivå med problemstillinga høg avkastning - låg miljøpåverknad. Framtidas inntektsgrunnlag for reiselivsnæringa i Voss Herad skal byggje på lønsemd innanfor naturens tolegrense, og reisa til og frå Voss må òg inkluderast i eit heilskapleg berekraftperspektiv. 3. Jobbe med reiselyst og konsept retta mot vestlendingar og vossingar for auka fokus på kortreiste opplevingar. Fokusere og på ungdomskule- og vidaregåande elevar, slik at dei kjenner godt til kva Voss Herad har å tilby innan berekraftig reiseliv. 4. Involvere lokalbefolkninga i kva type reiselivsutvikling Voss bør satse på, mellom anna gjennom innbyggjarundersøking.

4: Auka kompetanse Delmål: Ein føresetnad for ei langsiktig, grøn reiselivsutvikling i Voss Herad er auka kunnskap om omgrepet berekraft, og betre kompetanse på korleis etterleve berekraftprinsippa i praksis - både blant næringa og turistar. Auka kompetanse vil gjere det enklare å ta berekraftige val i dag og i framtida. Eit berekraftig reiseliv -den etablerte sanninga 1. Utvikle eit opplæringsprogram for reiselivsnæringa i Voss Herad, med fokus på mellom anna; Berekraft i praksis Samfunnsansvar Eit godt vertskap Lokal mat Auka kunnskap om det lokale reiselivet i Voss Herad, spesielt retta mot sesongarbeidarar. Opplæringsprogrammet skal og leggje til rette for verdiskapande samarbeid og betre samhald i næringa. 2. Auke talet på miljøsertifiserte reiselivsbedrifter på Voss, og synleggjere gode miljøtiltak. 3. Kartleggje behov for betre tilrettelegging for syns- og rørslehemma turistar, med utgangspunkt i universell utforming.

Foto: Erik Østlie 5: Ressurseffektivitet og miljøansvar Eit reint miljø og bevaring av sårbar og urørt natur er ein føresetnad for eit naturbasert reiseliv og til glede for turistar og lokalbefolkninga. Utviklinga av nye løysingar for meir berekraftige forbruksmønster skjer i eit raskt tempo og reiselivsnæringa på Voss skal ta del i denne utviklinga. Me skal vera ein ansvarleg og nyskapande destinasjon 1. Voss - den grøne festivalbygda; Miljøvennlege felles løysingar innan m.a. avfallshandtering, innkjøp, sponsoravtale, mat og transport, og tiltak innan sosial berekraft, slik at festivalane og arrangementa kan dra betre nytte av kvarandre. 2. Sikre god besøksforvaltning gjennom; Miljøvennleg avfallshandtering og tilstrekkeleg toalettfasilitetar i sentrum. Informere turistar om kollektivtransport til og frå aktivitetar og attraksjonar. Tilrettelegge og vedlikehalde turstiar gjennom medverknad og oppfølging av arbeidet med Voss sin sti- og løypeplan, samt andre prosjekt for tilrettelegging og styring av trafikk. 6. Jobbe for å ta vare på urørt natur og biologisk mangfald ved å: Motivere bygda til å ta vare på insekta, mellom anna gjennom restaurering av natureng og auka kantvegetasjon. Ta ei aktiv rolle mot utbygging av vindkraft, vasskraft, vegprosjekt og annan utbygging i urørt og sårbar natur. Vere ein pådrivar for alternative løysingar innan fornybar energi og energieffektivisering. 7. Oppmuntre og gje informasjon til reiselivsnæringa om ulike lokale, og regionale støtteordningar og refusjonsordningar for miljøtiltak, og vurdere etablering av årleg premiering for beste miljøtiltak. 3. Jobbe for auka sorteringsgrad blant hyttefolket. 4. Jobbe for redusert matsvinn og meir klimavennleg mat hjå serveringsverksemder og overnattingverksemder. 8. Lage eit profilprogram som mellom anna oppfordrar turistar til skånsam bruk av naturen, og gje informasjon om lokale, berekraftige tilbod. 5. Ta aktivt del i arbeidet med løysingar for fellesgodefinansiering i regionen.