FBK Voss Rekruttering- og oppstartsplan for nye årskull i FBK Voss. Målsettinga til FBK Voss er at alle jenter og gutar som startar med fotball skal få oppleve ein trygg og start på sin fotballkarriere. en startar i april året før dei startar i 1.klasse og strekkjer seg til dei har fullført sin fyrste heile sesong året etter. en til FBK Voss seier noko om korleis me rekruttere nye spelarar til å klubben og korleis desse vert tatt i mot. 1. Kven rekrutterer me? rekrutterer i hovudsak det året borna startar i 1.klasse. Me har tre skular som soknar til oss, og det er desse me rekrutterer i frå. Ein har vald å starte opp med treningar for 1.klassen allereie på hausten, sjølv om dei ikkje har kampar før på våren påfølgjande sesong. Nokre vel å starte om hausten, medan andre ventar til den påfølgjande våren. Bakgrunnen for at me har vald å gjere det på denne måten er for å skaffe ein oversikt over kor mange spelarar som finst i det aktuelle årskullet og fordi det viser seg at mange faktisk ynskjer å starte opp med fotballtreningar så tidleg som mogleg. 2. Korleis rekrutterer me? På heimesida til klubben under hovudmenyen «Barnefotball» skal det til ei kvar tid ligge oppdatert informasjon til dei som skal starte med fotball. Denne informasjonen vert kvart år i april endra til å gjelde komande haust kull med 1.klassingar. På denne måten ligg informasjonen der lenge og me håpar at foreldre/føresette har betre moglegheit til å finne den. Ei veke før foreldremøte vert det og satt inn ei annonse i lokalavisa Hordaland. Då har me to ulike plattformar der informasjonen vert gitt. Det viser seg likevel at me i framtida må ha betre oppfølging, spesielt av framandspråklege foreldre slik at dei forstår den informasjonen som vert gitt. Erfaringar tilseier at bør ein identifisere dei ressurssterke foreldra i kvar klasse og få dei til å ta eit ekstra ansvar. 1
3. Velkomen til fotballen 1.klasse Tradisjonen i FBK Voss har dei siste åra vore slik at me har prøvd å få i gang fotballtrening for 1.klassingane allereie på hausten. Treningstidene utover hausten blir onsdagar 17.00 18.00 med oppstart onsdag 12.september. Det er vidare eit mål at me trenar fram til onsdag 7.november. Me håpar dette tilbodet vert teke godt i mot, då det vil letta arbeidet vårt med registrering og innkjøp av utstyr dersom me allereie no får ei oversikt over antal nye born. Det me ynskjer å gjera no, er å invitere foreldre til eit foreldremøte der me registrerer kor mange som kan tenkja seg å trena fotball. Dei som driv med andre aktivitetar no, men ynskjer å byrja til våren, vil me også gjerne få registrert! Trening og foreldremøte Fyrste trening: Dag 12.september Tid 17:00 18:00 Stad Olabanen Foreldremøte 5.september 20:00 på møterommet til FBK Voss Treningstider: Onsdag 12.september 17:00-18:00 Onsdag 19.september 17:00-18:00 Onsdag 26.september 17:00-18:00 Onsdag 3.oktober 17:00-18:00 Onsdag 17.oktober 17:00-18:00 Onsdag 24.oktober 17:00-18:00 Håpar at me klarar å trene fram til onsdag 7.november så lenge forholda tillet det! Serieturnering 1.klassingane får moglegheit til å delta på serieturnering i løpet av hausten. Det vert gitt meir informasjon om dette på foreldremøte. 1.klassingane vert også invitert i Eideshagen Cup. Avslutningsturnering 2
Det er tradisjon at dei som startar opp med treningar på hausten vert med på denne. Her spelar ein kampar mot same aldersklasse og dei som er eit år eldre. Ein fin moglegheit til å få prøvd seg Informasjon og kommunikasjon Det er vanleg at ein opprettar eigne facebook-grupper. Dette krev at alle involverte er på facebook. Det vert også gitt ein del generell informasjon på heimesida til klubben: www.fbkvoss.no Treningar Dei fire fyrste treningane vil bli haldne av trenarar i klubben, medan dei siste treningane ynskjer me at foreldretrenarane gjennomfører sjølve. Det vil heile vegen vere ei overlapping der foreldra vert gitt meir og meir ansvar. Treningsgruppe Om hausten trenar jentene og gutane i lag som ei treningsgruppe. Ein differensierer gjerne i treninga slik at ein i nokre øvingar vert delt etter kjønn. Utstyr Ein nyttar felles utstyr som vert oppbevart i garasjen til FBK Voss. Oppstartspakker For å ivareta alle og syte for at flest mogleg kan bli med på fotballen gir FBK Voss alle som startar på fotball ei oppstartspakke. Denne inneheld følgjande: Treningsgenser T-skjorte Shorts Leggskinn Fotballsokkar Drikkeflaske Fotball På registreringsskjema er eit av spørsmåla kva størrelse ein ynskjer. Me prøver å sørgje for at alle får noko som passar, men det kan vere noko som vert for lite eller for stort. 3
4. Årshjul 4.1 Årshjul oppstart Månad Kva Ansvarleg April Oppdatere informasjonen på heimesida til å gjelde neste års 1.klassingar Mai Oppdatere og legge ut link til registreringsskjema på heimesida Juni Bestille inn oppstartspakkene i lag med butikksjef August Legge ut informasjon om oppstart på heimesida, Facebook ++ Sette inn annonse i Hordaland Arrangere foreldremøte, Trenarveiledar barnefotball September Planlegge og gjennomføre fire fotballtreningar og Trenarveiledar barnefotball Oktober Påmelding Eideshagen Cup Følgje opp fotballøktene og trenarveiledar i 4
November Avslutningsturnering i 4.2 Årshjul oppfølging Årshjulet for rekruttering startar i april det året 1.klassingane startar på fotball, og vert avslutta desember same haust som dei har starta. Men for den som er oppført som oppstartsansvarleg så skal ein vere kontaktperson og følgje opp også året etter på. Fyrste sesongen i fotballen kan vere forvirrande for foreldre som tidlegare ikkje har vert med i fotballen. For å skape gode vanar det fyrste året med fotball så skal ansvarleg for oppstart framleis ha ansvaret for å følgje opp til dei er ferdig med den fyrste sesongen i fotballen. Månad Kva Kommentar Desember Legge ut ei grovskisse over neste sesong på årskullet sine facebookgrupper Jentene har ei gruppe og gutane ei gruppe. Informasjonen skal vere den samme på begge grupper Januar Legge ut informasjon om foreldremøte i februar, basistrening i og trenarkurs. Oppfordre flest mogleg av foreldra å bli med på trenarkurs, uavhengig av om ein har tenkt å bli med som trenar eller ikkje. Februar Gjennomføring av foreldremøte. Viktig at alle lagsoppgåvene vert fordelt. Påmelding Invitere med trenarveiledar i av lag til seriespel. Mars Påmelding til Vårslepp Cup April Sesongstart. Oppfølging på feltet og administrativt Mai - Oppfølging på feltet og administrativt september Oktober Oppmodar dei til å trene fram til avslutningsturneringa. November Avslutningsturnering i 5
Oppsummeringsmøte i lag med trenarar og lagleiarar. Invitere med trenarveiledar i 6