Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Like dokumenter
Folkehelsemeldingen 2019

Folkehelsemeldingen 2019

Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet

Meld. St. 19 ( ) Melding til Stortinget Folkehelsemeldinga Gode liv i eit trygt samfunn

Samhandlingskonferansen 2015 Regional plan for folkehelse. Regional plan for folkehelse

Therese Thue Hvattum Marita Helene Halvari

Sogn Regionråd, 19. mars 2014

Oversikt over folkehelsa 9. og 10. januar Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

HØRINGSUTTALE TIL NY FOLKEHELSELOV - SAMHANDLINGSREFORMA-

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Folkehelse inn i kommunal planlegging. Sigri Spjelkavik rådgivar folkehelse

Koordineringsrådet, Levekår, livskvalitet og kartlegging

Tilskot til folkehelsearbeid i kommunane - forlenging av tilskotsordning

Framlegg Handlingsprogram Kompetanse og Verdiskaping 2017

Utval Møtedato Utvalssak Helse- og omsorgsutvalet /2012 Formannskapet /2012 Kommunestyret

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

HELSE FOR ALLE Kva, kven og korleis?

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Folkehelsemeldingen. God helse - felles ansvar. Helse- og omsorgsdepartementet

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet

Fleire gode leveår for alle Regional plan for folkehelse. Utkast til handlingsprogram

Folkehelsemeldingen. God helse - felles ansvar. Fagdirektør Arne Marius Fosse. Helse- og omsorgsdepartementet

MIDLAR TIL FOLKEHELSEARBEID 2012

Kommunedelplan for oppvekst

Flere gode leveår for alle gode boliger og bomiljø fremmer folkehelse

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Meld.St. 15 ( ) en kvalitetsreform for eldre

Tenesteavtale 10. Mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om helsefremmande og førebyggjande arbeid

Folkehelsemeldingen. God helse - felles ansvar. Statssekretær Nina Tangnæs Grønvold. Helse- og omsorgsdepartementet

UngData Orientering om arbeidet med UngData, ved avdelingsleiar Rita Valkvæ, Kompetansesenter Rus Midt-Norge

Kontrollrapport - Overføring av fylkesvegadministrasjonen

Frivilligpolitisk plattform

Helsestasjons- og skulehelsetenesta og tannhelsetensta. Tenner for livet.

HØYRINGSUTTALE TIL NY HELSE OG OMSORGSPLAN

Frivilligpolitisk plattform

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Saksnr Utval Møtedato Regional- og næringsutvalet Utdanningsutvalet

Folkehelsemeldingen. Mestring og muligheter. Agder-fylkene 30.april 2015 Prosjektleder Aina Strand, Helse- og omsorgsdepartementet

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

STYRESAK. DATO: SAKSHANDSAMAR: Ivar Eriksen SAKA GJELD: Regional utviklingsplan for Helse Vest RHF ARKIVSAK: 2018/661 STYRESAK: 132/18

Disposisjon. 1. Kort om kjennetegn ved folkehelsearbeid. 2. Forventninger til kommunene - kommuners ansvar for folkehelsearbeid

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Elev- og lærlingombod i HFK

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Tenesteavtale 10. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om folkehelse, førebygging og helsefremming

Regional planstrategi for Vestland - utfordringar for fylket og for regionane

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Velkommen til regional samling læringsnettverk folkehelse. Inger Johanne Strand, KS Randi Haldorsen, Buskerud fylkeskommune

Sakskart til møte i Rådet for mennesker med nedsatt funksjonsevne

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Prosjekteigar: Flora kommune.

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

GULEN - HISTORISK OG FRAMTIDSRETTA med: gode oppvekstvilkår livskraftige og samarbeidande bygder mangfald og rom for alle

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv.

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Ungdomstrinnsatsinga

Folkehelsekonferansen 2014

Innkalling av Eldrerådet

Helse i alt vi gjør Folkehelse fra lov til handling

Barn og unge i folkehelseoversikt og kommunal planlegging. Åslaug Haugset Rådgjevar/Folkehelsekoordinator Plan og utgreiing Gloppen Kommune

Kommunedelplan. for fysisk aktivitet Planprogram - Høyringsutgåve

NY RAMMEPLAN SOM GRUNNLAG FOR FRAMTIDAS BARNEHAGE. Gjeldande frå 1. august. Astrid Bakken Fagdag nærmiljø og samfunn Gaupne barnehage 9.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Kvifor satsar helsemyndigheitene på nærmiljøet i den kommunale planlegginga? Heidi Fadum, seniorrådgiver, Helsedirektoratet

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2017

Program for folkehelsearbeid i kommunene 07. nov 2018

Regional delplan for folkehelse

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

REGIONAL PLAN FOR FOLKEHELSE - HØYRINGSFRAMLEGG

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Regional delplan for folkehelse

Regional delplan for folkehelse

Ved handsaminga av arbeidsdokument nr. 3, , konkluderte planutvalet slik:

Folkehelse et samfunnsansvar

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Avtale om partnarskap

Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes, Flå

Resept for eit sunnare FørdeF

Ei regional satsing for forsking i kommunal sektor - kva kan vi få til? Regionalt forskningsfond, Vestlandet. Styreleiar Åshild Kjelsnes.

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Innkalling av Råd for menneske med nedsett funksjonsevne

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

Regional planstrategi

Regional planstrategi for Vestland - løypemelding om utfordringar for samfunnsutvikling i Vestland fylke

Satsinga er tenkt befolkningsretta og ikke rettet mot risikogrupper. fb.com/trondelagfylke

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Regional delplan for folkehelse

KILDER TIL LIVSKVALITET. Regional Folkehelseplan Nordland (Kortversjon)

INTERNASJONAL STRATEGI FOR HORDALAND

Tildeling av spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet 2016

Strategi Forord

-Ein tydeleg medspelar. Verktøykassa

Sosiale skilnader i helse. Sogndal, Emma Bjørnsen

Folkehelsedagane

Program for folkehelsearbeid i kommunane , deltaking frå Hordaland

Folkehelsearbeid. Kommunalsjef Jon Tvilde. Sogndal kommune

Transkript:

saksframlegg Dato: Referanse: Vår saksbehandlar: 24.05.2019 63325/2019 Sigri Spjelkavik Saksnr Utval Møtedato Kultur- og folkehelseutvalet 12.06.2019 Folkehelsemeldinga - Gode liv i eit trygt samfunn Bakgrunn Helse- og omsorgsdepartementet la 5. april 2019 fram ei ny folkehelsemelding. Meld. St. 19 (2018-2019) har fått tittelen Gode liv i eit trygt samfunn. Folkehelsemeldinga vart godkjend i statsråd same dagen, og blir handsama i Helse og omsorgskomiteen i Stortinget med frist for å gi innstilling 6. juni. Debatt og vedtak følgjer etter det. Førebels dato for behandling i Stortinget er sett til 13. juni. For å sikre medverknad og eit betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga inviterte Helse og omsorgsdepartementet til innspelsmøte i 2018. I tillegg var det og rom for å gi skriftlege innspel. Det kom omlag 200 innspel frå ulike fagmiljø, frivillige organisasjonar, interesseorganisasjonar, kommunar, fylkeskommunar og privatpersonar. I mange av innspela har det tverrsektorielle folkehelsearbeidet og betydinga av arbeidet i fleire sektorar vore eit hovudtema. Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje gitt innspel. Meldinga byggjer vidare på Meld St. 19 (2014-2015) Folkehelsemeldingen Mestring og muligheter. Hovudtrekka i utfordringsbiletet er i all hovudsak dei same som i 2015. Mange av elementa frå den førre meldinga blir vidareført og forsterka i den nye meldinga. Deler av stortingsmeldinga Leve hele livet, En kvalitetsreform for eldre (Meld. St. 15 (2017-2018) blir følgd opp i denne meldinga. Det er også utarbeidd ei rekkje andre meldingar, planar, strategiar og handlingsplanar som påverkar folkehelsearbeidet. God helse og livskvalitet er viktig for den enkelte. Samstundes har helsa og livskvaliteten innverknad på samfunnsutviklinga, og blir sjølv påverka av korleis samfunnet endrar seg. Berekraft er eit gjennomgåande tema i meldinga, og Norge si oppfølging av berekraftsagendaen vil ha konsekvensar for folkehelsearbeidet både lokalt, regionalt og nasjonalt. Regjeringa legg vekt på at både frivillig sektor, ideelle organisasjonar, næringslivet og offentlege myndigheiter må samarbeide om innsatsen i folkehelsearbeidet. Dette heng saman med at folkehelsearbeidet går for seg i stort sett alle sektorar og på alle forvaltningsnivå. Hovudgrepa i meldinga er at regjeringa vil vidareføre og vidareutvikle eit effektivt, systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Regjeringa er opptekne av å skape eit trygt samfunn og fremje helsevenlege val. På nokre område ønskjer regjeringa å forsterke innsatsen; - tidleg innsats for barn og unge - førebygging av einsemd - mindre sosial ulikskap i helse

Meldinga er oppbygd i tre delar: Forsterka innsats, Innsats for eit trygt samfunn og gode levevanar og Eit effektivt folkehelsearbeid. I. Forsterka innsats God samhandling på tvers av tenestene og sektorane ligg til grunn for tidleg innsats. Tidleg innsats for barn og unge blir trekt fram som avgjerande for god folkehelse, og i den samanheng blir det viktig å leggje til rette for godt foreldreskap, trygge og gode heimar og eit trygt og godt nærmiljø. God kvalitet på arenaer der barn og unge oppheld seg som barnehage, skole og SFO er avgjerande for læring, trivsel og helse. Viktig blir også gode kultur- og fritidstilbod. Førebygging av vald og overgrep er også tema i meldinga. Regjeringa vil auke innsatsen mot einsemd. Det blir lansert ein eigen strategi for å førebyggje einsemd som er inkludert i meldinga, Strategi for å førebyggje einsemd (2019-2023) med mål om å gi folk betre helse og livskvalitet. Samarbeid med frivillig sektor er eit av satsingsområda i strategien. Regjeringa vil også skaffe seg meir kunnskap om einsemd og effektive tiltak for å redusere uønskt einsemd. Regjeringa sin politikk for å redusere dei sosiale forskjellane, er omtalt i kapittel fire og er ein integrert del av folkehelsepolitikken. Regjeringa er mellom anna opptatt av at: Det er nødvendig med tiltak som rettar seg mot heile årsakskjeda: frå grunnleggjande levekårsforhold til levevanar, fysiske og sosiale miljøfaktorar og helsetenester. II. Innsats for eit trygt samfunn og gode levevanar Denne delen av meldinga legg vekt på to hovudområde: Eit trygt og helsefremjande samfunn og Gode levevanar og helsevennlege val. Som grunnleggande føresetnader for god helse og livskvalitet, blir gode lokalsamfunn og nærmiljø vektlagt. Alle skal ha ein trygg og god stad å bu. Det treårige prosjektet Kartlegging- og utviklingsarbeid om nærmiljø og lokalsamfunn som fremmer folkehelse (2015-2018) (Nærmiljøprosjektet), som Møre og Romsdal fylkeskommune i lag med seks kommunar og Høgskulen i Volda har delteke i, er omtalt i denne delen i meldinga. I meldinga er regjeringa opptekne av aktivitet, deltaking og sosialt fellesskap for eldre menneske, og vil i 2019 etablere eit nasjonalt program for eit aldersvennleg Noreg. Regjeringa har etablert Rådet for eit aldersvennleg Noreg som skal bidra til å gjennomføre programmet. Arbeidet for å integrere psykisk helse i folkehelsearbeidet held fram i denne meldinga. Det blir viktig å følge opp strategien for god psykiske helse Mestre hele livet (2017-2022). Meldinga vektlegg at i folkehelsearbeidet handlar psykisk helse først og fremst om det som fremjar god psykisk helse og livskvalitet. Å oppleve meistring og meining, kjenne seg tilfreds og ha positive relasjonar er sentrale element i dette. Program for folkehelsearbeid i kommunene 2017-2026 (Folkehelseprogrammet) er omtalt i meldinga fleire stader. Satsinga handlar både om ei styrking av det rusførebyggande arbeidet og det å fremme psykiske helse gjennom å hindre utanforskap ved å fremje tilhøyrsle, tryggleik, meistring, deltaking og aktivitet.

Skader og ulykker får også merksemd i meldinga og ein Nullvisjon 2019-2027 reduksjon av alvorlege fallulykker i heimen er inkludert i meldinga. Regjeringa vil vidareføre innsatsen mot vald og overgrep for barn, vaksne og eldre. Her blir mellom anna Folkehelseprogrammet trekt fram, da metodar som skal fremje psykisk helse og rusførebyggjande arbeid også kan vere eigna til å omfatte det førebyggjande arbeidet mot vald og overgrep. Arbeidet for å forhindre antibiotikaresistens får merksemd, det same beredskapsfeltet med mellom anna drikkevatn og smittevern. Gode levevanar og helsevennlege val blir teken opp i kapitel 6. Det å kunne gjere gode helseval er ein føresetnad for god helse hos den enkelte. I dette ligg ei vidareføring av arbeidet med å satse på auka fysisk aktivitet, betre kosthald og mindre bruk av tobakk og rusmiddel. Lansering av ein ny Nasjonal tobakkstrategi 2019-2021 er inkludert i meldinga, og det overordna målet er å oppnå ein tobakksfri ungdomsgenerasjon. Innsatsen for å redusere tilfelle av for tidleg død og helsesvikt på grunn av ikkje-smittsame sjukdommar (NCD) blir vidareført. I dette ligg også ein ambisjon om at Noreg skal bli eit føregangsland når det gjeld førebygging av kreft. Levevanar vil også ha mykje å seie for den psykiske helsa. III. Eit effektivt folkehelsearbeid Tverrsektoriell innsats er framleis sentralt og det er eit ønske om å løfte arbeidet med å vidareutvikle eit kunnskapsbasert folkehelsearbeid. God organisering av arbeidet, eit system for å følgje med på innsatsen og på utviklinga av helsetilstand og risikofaktorar både på nasjonalt, fylkeskommunalt og kommunalt nivå blir trekt fram. Folkehelselova (Lov 24. juni 2011 nr. 20 om folkehelsearbeid) blir omtalt i meldinga og Helse- og omsorgsdepartementet vil ta initiativ til ein samla gjennomgang av folkehelselova med forskrifter, der formålet er å styrkje og effektivisere folkehelsearbeidet. Det organisatoriske rammeverket rundt folkehelsearbeidet vil bli vidareført. Gjennom regionreforma vil den regionale planlegginga forsterkast som ein viktig føresetnad for mellom anna å betre folkehelsa. I meldinga blir det og nemnd at regjeringa vil vurdere korleis ein betre kan samordne nasjonal informasjon og statistikk på folkehelseområdet. Etter programperioden (2017-2026), vil midlar i folkehelseprogrammet bli ein del av rammetilskotet til fylkeskommunane. I kapitelet om Helse i all politikk er det særleg innsats i frivillig sektor og samarbeid med næringslivet som er trekt fram. Det vert vist til Meld. St 10 (2018-2019) Frivilligheita sterk, sjølvstendig, mangfaldig Den statlege frivilligheitspoltikken som legg vekt på at brei deltaking er viktig i eit folkehelseperspektiv. Alle departement har eit ansvar for å fremje god folkehelse, og kapitel 8.4 gjer greie for korleis dei ulike sektorane deltek i folkehelsearbeidet. Eit styrka samarbeid med forskingsmiljø og forvaltninga på ulike nivå blir viktig. Gode helseanalysar, tiltaksforsking og systematisk vurdering av effekten av tiltak gjennom følgjeforsking blir vektlagt. Regjeringa vil sørgje for at det blir utvikla betre registerdata både for psykiske lidingar og ruslidingar.

I meldinga blir det også nemnd at målet er at alle fylkeskommunar skal gjennomføre folkehelseundersøkingar kvart fjerde år. Regjeringa vil arbeide for ei ny finansieringsordning for slike undersøkingar. Det er ikkje varsla tiltak i meldinga som pålegg kommunar eller fylkeskommunar nye oppgåver eller auka utgifter. Dei nasjonale måla i folkehelsepolitikken blir vidareført: 1. Noreg skal vere blant dei tre landa i verda som har høgast levealder 2. Befolkninga skal oppleve fleire leveår med god helse og trivsel og mindre sosiale helseforskjellar 3. Vi skal skape eit samfunn som fremjar helse i heile befolkninga Vurdering Folkehelsearbeidet skal bidra til å fremme helse og trivsel og førebygge sjukdom, og går på tvers av sektorar. Dette er gjort synleg gjennom ei brei tilnærming i meldinga. I meldinga er det forventningar om at ei berekraftig samfunnsutvikling i trå med berekraftsmåla skal gi retning for folkehelsepolitikken framover. Det vil også ha konsekvensar for det regionale folkehelsearbeidet. Dette er også i trå med Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging 2019 2023 som kom 14. mai (sjå RS-sak i kultur- og folkehelseutvalets møte 12.06.19). Det betyr at fylkeskommunen vil måtte legge berekraftsmåla til grunn også for folkehelsearbeidet. Dette kan bidra til å skape ny entusiasme for folkehelsearbeidet blant eigarane i kommunane. Det organisatoriske rammeverket rundt folkehelsearbeidet vil bli vidareført og samstundes får fylkeskommunen nokre nye oppgåver gjennom regionreforma. I høve regionreforma er det framleis mykje som er uklart når det gjeld omfanget av dei nye oppgåvene. Regjeringa vil forsterke den regionale planlegginga og viser til at den er ein viktig føresetnad for mellom anna å betre folkehelsa. Møre og Romsdal fylkeskommune har arbeidd systematisk over tid og vore opptekne av koplingar mellom planlegging og folkehelse. Temaet er også sett på dagsorden ved fleire høve, mellom anna på samlingar for kommunane. Gjennom deltaking i Nærmiljøprosjektet har fylkeskommunen fått styrka kunnskapen om det systematiske folkehelsearbeidet. I regional evaluering av prosjektet (Helsefremmande nærmiljø og lokalsamfunn, Rapport nr. 94/2019, Høgskulen i Volda) er ein av konklusjonane at regionalt og lokalt folkehelsearbeid har fått eit solid løft. Møre og Romsdal fylkeskommune er teke opp i Folkehelseprogrammet frå 2019, og vår innretning er i tråd med omtalen av programmet i meldinga. Men tildelinga av midlar vart mindre enn forventa, og gav langt mindre midlar til «siste pulje» av fylkeskommunar som vart med i år. Samstundes er satsinga knytt til dei store og viktige folkehelseutfordringane og område kor regjeringa vil forsterke innsatsen. Eit godt kunnskapsgrunnlag er viktig for folkehelsearbeidet. Møre og Romsdal fylkeskommune har så langt ikkje gjennomført folkehelseundersøkingar, men har utarbeidd oversikt over folkehelsa i 2015 og 2019 og delteke i Nærmiljøprosjektet som har gitt meir kvalitative data om folkehelseutfordringane. Mange fylkeskommunar har gjennomført befolkningsundersøkingar. Så langt er det fylkeskommunane som sjølv har finansiert dette, men i meldinga kjem det fram at regjeringa vil arbeide for ei finansieringsordning for slike undersøkingar. Det er ein betydeleg kostnad å gjennomføre ei slik undersøking.

Møre og Romsdal fylkeskommune deltek i nasjonale satsingar som samsvarar med dei overordna måla i folkehelsepolitikken, samstundes er vi i ein prosess der vi ser på vår rolle som samordnar av folkehelsearbeidet, mellom anna gjennom evaluering av God Helse-partnarskapet. Det er også under utforming ein anleggspolitikk som skal gi ei tydelegare retning på kva for anlegg for idrett og fysisk vi skal prioritere i framtida. Møre og Romsdal fylkeskommune er med i WHO sitt norske nettverk Sunne kommuner som ein av fire fylkeskommunar. Sunne kommuner har kritisert meldinga for å vere ei reparasjonsmelding, kor størstedelen av anbefalingar og tiltak er godt forankra i helsetenester eller behandlingsapparatet. Sunne kommunar legg vekt på at det er grunn for å løfte blikket frå enkeltindividet til samfunnet og frå førebygging til samfunnsbygging. Fylkesrådmannen er einig i dette, og viser til at regional planlegging er eit viktig verktøy i denne samanhengen. Gjennom den regionale planlegging har vi ein nøkkelposisjon for å sette strategisk retning for samfunnsutviklinga i vårt fylke. Det ligg også til oss å mobiliserer ulike samfunnsaktørar og samordne offentleg vekemidelbruk og innsats på feltet. Møre og Romsdal fylkeskommune har som overordna mål for sin folkehelsepolitikk å legge til rette for god helse i befolkninga og utjamne sosiale helseskilnader. Vi skal tenke folkehelse i alt vi gjer. Dette gjer vi mellom anna gjennom vårt arbeid for og saman med aktørar innanfor idrett, friluftsliv og saman med kommunane i God Helse-partnarskapet. Vi yt også støtte til prosjekt for å fremje inkludering og mangfald i frivillig sektor. I tillegg har vi ei rekke helsefremjande tiltak i tannhelsetenesta, vidaregåande skule og i by- og tettstadsutviklingsprosjekta våre. Møre og Romsdal fylkeskommune har som eit av sine mål på kulturfeltet, at kulturlivet skal vere tilgjengeleg for alle, at den enkelte kan både oppleve og delta i kulturaktivitetar. Mange kulturinstitusjonar og folkebibliotek arbeider allereie med tiltak som kan motverke forskjellar og byggje ned barrierar i kulturlivet. Kultur- og folkehelseutvalet har sjølv prioritert prosjekt som skal auke det kulturelle mangfaldet og få nye grupper inn som kulturbrukarar. Kulturell deltaking er ujamt fordelt i befolkninga; deltakinga varierer klart med alder, utdanningsnivå, økonomi og etnisk bakgrunn. Det breie kulturfeltet har dermed eit potensial til å medverke til utjamning av sosioøkonomiske forskjellar i helsetilstand, mellom anna gjennom «Den kulturelle skulesekken» og andre tiltak som kan nå alle barn og unge. Fylkesrådmannen tilrår at dette får auka merksemd i åra framover, også i fylkeskommunens folkehelsepolitikk. Frivilligheita i Møre og Romsdal er mangfaldig og omfattar så godt som alle samfunnsområde. Frivillig sektor skaper arenaer for deltaking, fellesskap, meistring og trivsel. Fritid, kultur og gode nærmiljø er nøkkelord som heng tett saman, og fylkesrådmannen meiner at det vil vere viktig i å støtte opp om prosjekt og tiltak som stimulerer til auka sosial deltaking og dermed reduserer einsemd og utanforskap i alle livsfasar i framtidig politikkutforming og -iverksetting for frivilligfeltet.

Forslag til vedtak: 1. Kultur- og folkehelseutvalet tek Meld. St. 19 (2018-2019) Gode liv i eit trygt samfunn til orientering. 2. Kultur- og folkehelseutvalet ser det som viktig at fylkeskommunen gjennom dei oppgåver og verkemiddel som er lagt til fylkeskommunen, medverkar til å fremme god folkehelse i befolkninga. 3. Kultur- og folkehelseutvalet ber fylkesrådmannen vurderer i kva grad og korleis aktørar innan kunst- og kulturformidling og frivillig sektor kan koplast tydelegare på det heilskaplege folkehelsearbeidet i Møre og Romsdal. Målet må vere å motverke forskjellar og byggje ned barrierar for deltaking i kulturaktivitetar, og slik stimulere til auka sosial delaktig og reduserer einsemd og utanforskap i befolkninga. 4. Kultur- og folkehelseutvalet ber om at fylkesrådmannen kjem tilbake med ei sak om dette i løpet av 2020. Ottar Brage Guttelvik fylkesrådmann Heidi-Iren Wedlog Olsen fylkeskultursjef Vedlegg 1 Meld. St. 19 (2018-2019) Folkehelsemeldinga - Gode liv i eit trygt samfunn