Vi vil sjølvsagt ikkje avsløre programmet før konserten startar, så du har ikkje noko anna val enn å få med deg konserten dersom du er nyfiken.



Like dokumenter
Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

HORDABLÆSTEN Infosending nr 1

MEDLEMSINFO. august 2009

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Til deg som bur i fosterheim år

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

TIL DELTAKANDE KORPS:

mmm...med SMAK på timeplanen

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Brukarrettleiing E-post lesar

Månadsbrev for Rosa september 2014

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

OK, seier Hilde og låser.

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Årsmelding. Rosendal Skulekorps


Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Referat frå Årsmøte i Flåm Musikklag Laurdag på Holo Gardstun

Jon Fosse. For seint. Libretto

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Psykologisk førstehjelp i skulen

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Velkommen til songarstemne i Florø!

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

«Ny Giv» med gjetarhund

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Styret har vore samansett slik i 2012 :

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Informasjon til elevane

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Stemnehandboka for NKSF

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014


6-åringar på skuleveg

Informasjon Mangerfestivalen

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Kvifor likar me å høyre på forskjellig musikk?

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

/

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Kvifor vèl folk å busetje seg i kommuna vår?

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Kva er økologisk matproduksjon?

Plassebakken Barnehage

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A


MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Månadsplan for Hare November

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Kom skal vi klippe sauen

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

No sprett knuppane og sevja stig

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Transkript:

Årskonsert 31. januar : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Årskonsert 31. januar (2009-01-06) I dag starta dei verkelege førebuingane til korpset sin årskonsert laurdag 31. januar. Vi voner vårt trufaste publikum set av kvelden. Vi er sikker på at konserten vert like vellukka som tidlegare år. I år har vi med oss eit gjestekorps frå fjernare strøk enn nabobygdene våre, nemleg Osterøy Janitsjar. Det vert spennande! Oddgeir i aksjon under konserten i fjor. I kveld var fyrste øving etter juleferien og nye musikkstykke vart delte ut. Etter å ha gjort oss ferdig med 60-årsfeiringa i 2007/2008, er vi no klare for å ta fatt på dei nye 60. Kanskje bærer årskonsertrepertoaret litt preg av det også - litt meir moderne takter kanskje?! Vi vil sjølvsagt ikkje avsløre programmet før konserten startar, så du har ikkje noko anna val enn å få med deg konserten dersom du er nyfiken. Meir om konsertopplegget kjem seinare. 1 av 1 01.09.2009 18:05

Populært med eigne instrument : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Populært med eigne instrument (2009-01-13) Det normale i amatørkorps, er at korpset eig og låner ut instrument til sine medlemmar. Hjå oss er det etter kvart fleire som har valt å gå til innkjøp av eigne instrument. Sistemann ut i denne "eksklusive" gruppa, er Svein Petter. I dag stilte han på øving med eigen tuba av merke Besson Souvereign. Det er jo ikkje heilt uvanleg å kjøpe seg ein kornett eller klarinett, men vi trur ikkje det er så mange som kan skilte med eigen tuba. Eit slikt kjøp gjer eit godt innhogg i lommeboka. Vi gratulerer Svein Petter med eit flott instrument som tilfører bassrekka vår mykje godlyd. Som sagt er det fleire som har eigne instrument. Blant dei med med lang fartstid i korpset, har vi Asle og Oddgeir - begge to har fleire kornettar og trompetar. Christine kom til Årdal sist haust med eigen klarinett. Merete har både eigen bassklarinett, klarinett, fløyte og saksofon. Dessutan stiller Olav med eigen kornett og May Terese med eiga fløyte. I tillegg har vi Katrine som har eige slagverk som ho let oss få nyte godt av før vi kjøpte nytt slagverk i sist haust. Svein Petter har gjennomført si fyrste øving med eigen tuba. Vi tek dette som eit signal på at dei trivst med musikk og korps som hobby, og at vi vil ha gleda av å ha dei som medlemmer i mange år framover. Samstundes må vi understreke at det ikkje er korpset sin politikk at flest mogleg eig sine eigne instrument. Vil du vere med i korpset, syter vi sjølvsagt for instrument. Dei andre med eigne instrument - bak f.v. May Terese, Asle, Merete og Christine og foran f.v. Olav og Oddgeir. Og så Katrine med slagverk. Her riktignok i aksjon på korpset sitt nye slagverk. 1 av 1 01.09.2009 18:05

Korpsrørsla sitt svar på Nils Arne Eggen : : Nyhende : Årdalstang... Korpsrørsla sitt svar på Nils Arne Eggen (2009-01-21) Ein gammal kjenning vitjar korpsrørsla på Tangen denne helga. Korpset skal for fyrste gong på mange år ha helgeseminar med instruktør utanfrå. Kjell Martinsen er frå Fredrikstad og byrja å spela trompet som tiåring. Seinare gjekk han over til waldhorn, som har vore hovudinstrumentet hans sidan. Vanlegvis pålitelege kjelder omtalar Kjell Martinsen som korpsrørsla sitt svar på Nils Arne Eggen. Han har ei lang karriere bak seg med såvel waldhornet som taktstokk, og har mellom anna gått i lære hjå solohornist Odd Ulleberg i Oslo Filharmoniske orkester. Han har dessutan studert under den kjende professor Denzil M. Floyd i London. desember 2005. Frå 1965 hadde Kjell Martinsen sitt hovudvirke i Stabsmusikken i Oslo med unnatak av åra 83-85 og 88-90, då han dirigerte Divisjonsmusikken i Halden. I 1998 tok han over som dirigent for H.M. Kongens Gardes Musikkorps, som har dirigerte fram til I dag er Kjell Martinsen aktiv frilansar i korpsrørsla, mellom anna som arrangør, dirigent og musikar ved sidan av den faste jobben universitetslektor ved Norges Musikkhøgskole der han underviser i metodikk, ensemble- og korpsleiing. Martinsen kom fyrste gong til Årdal på midten av 70-talet, då dirigent Asle hadde bestemt seg for at det var trong for impulsar utanifrå. Det var starten på eit vennskap som varar ved til dags dato, så det er sjølvsagt ikkje tilfeldig at det er akkurat Kjell som kjem på besøk til oss denne helga. Han har også røynsle frå 25 år i Oslo Brass Kvintett og andre teater- og operaorkester i hovudstaden, i tillegg til at han har spelt i NRK sitt radiostorband. Mellom amatørkorpsa han har dirigert er Romerike Janitsjar/Akershus kretskorps, Lillestrøm musikkorps og Norges Nasjonale ungdomskorps. For tida er han engasjert som musikalsk leiar og dirigent ved Det Sønderjyske Tatoo i Aabenraa i Danmark, men har altså teke tid i sitt elles travle program for å komma til Årdal og læra frå seg eitt og anna knep. Årdalstangen musikklag ynskjer Kjell Martinsen hjarteleg velkommen og helsar store og små medlemmer velkomne til nokre særs innhaldsrike økter i samfunnshuset både fredag, laurdag og søndag. 1 av 1 01.09.2009 18:06

Ei spennande helg er over : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Ei spennande helg er over (2009-01-26) Så var ei lang og begivenhetsrik helg over for korpset. Det vart to inspirerande dagar med Kjell Martinsen som instruktør fredag og laurdag før vi søndag forsøkte å vidareføre det vi hadde lært på eiga hand. Du kunne høyrt ei knappenål falle Det fyrste møtet. Det er fredag kveld og klokka nærmar seg seks. I tur og orden kjem musikantar inn på scena i Samfunnshuset og gjer seg klar til øving. Det er litt stillare en vanleg. Grunnen er ganske klår - korpset har drista seg til å hente inn ein instruktør som til vanleg dirigerar dei mest anerkjende korpsa i Noreg og elles rundt om i verda. Skrekkblanda fryd er det noko som heitar. Kanskje det var den kjensla fleire av oss hadde då Kjell Martinsen vart introdusert etter at Oddgeir hadde tatt litt oppvarming med oss. Så var det ikkje skummelt i det heile Det synte seg snart at vi berre kunne la skrekken fare. Det var likevel eit eit utruleg lydhøyrt korps som lytta til Kjell sine instruksjonar. Tida flaug og før vi visste ordet av det, var den oppsette økta på tre timar fredagskvelden over. Og hadde det ikkje vore for at Kjell skulle notere endringar på nokre stemmer, ville vi jammen gløymt å ta pause også. Dette er ingen streng peikefinger. Laurdag tok vil til att ganske tidleg klokka ti er iallefall tidleg for nokre. Stemninga var god og det meste av sjenansen og/eller ærefrykta frå det fyrste møtet, hadde gjeve seg. Oppvarminga og litt repetisjon frå gårsdagen var det Oddgeir som leia. Det var nemleg slik at det ikkje berre var musikantane som skulle lære denne helga. Oddgeir hadde bede Kjell om å bli vurdert i si rolle som dirigent. Tilbakemeldingane fekk vi alle ta del i og opplevinga var udelt positiv for både Oddgeir og musikantar. Eit glimt frå matpause i Seimsdalen laurdag. Stoffet vi jobba med denne helga, er stort sett det som vi skal presentere på årskonserten siste helga i januar. Det vart likevel ikkje slik terping som mange kanskje hadde venta. Kjell sin viktigaste bodskap var at om du berre får skikk på det du har mellom øyra, kan vi komme dit vi ynskjer med musikken både kvar for oss og i fellesskap. Det er kunnskap vi må evne å nytte uansett kva slags mål vi arbeidar mot. Eit fint knippe aspirantar etter endt øvingsøkt søndag. Vi gler oss til å ha dei med på konserten. Det er jo ingen dramatisk forskjel mellom dette og det Oddgeir prøver å få oss til å forstå og gjere kvar veke. Det er berre det at å få det fortalt på nye måtar og sjølvsagt med ei fagleg tyngde som vi ikkje sit med til vanleg, gjer at vi forstår dette betre og kanskje også annleis. Då får vi også eit godt grunnlag for å arbeide vidare på eiga hand. Nokre som var med på seminaret sjølv om dei i utgangspunktet ikkje har høve til å vere med på årskonserten, har signalisert at dei vil forsøke og gjere endringar på det. Det er vel eit godt 1 av 2 01.09.2009 18:06

Ei spennande helg er over : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag teikn på at seminarhelga var inspirerande. Vi måtte nytte tida godt for Kjell skulle attende til Oslo med Valdresekspressen om ettermiddagen. Det vart difor berre eit par korte beinstrekk og ei felles matøkt i Seimsdalen før vi avslutta dagen litt over klokka tre. Søndag på eiga hand Vi var ikkje ferdig med øvingshelga sjølv om Kjell reiste. Søndag skulle vi halde fram på eiga hand med Oddgeir bak dirigentpulten. Fyrst var det øving med eigne kornettaspirantar og klarinettelevar frå Musikkskulen i eit par timar dei skal vere med på årskonserten med nokre nummer saman med korpset. Deretter hadde vi ei lita fellesøkt med aspirantar og korpset før korpset heldt fram med øving aleine eit par timar til. Og alle er vi nok einige i at det har vore ei lærerik helg. Vi voner vi får gleda av å ha Kjell på besøk ved eit seinare høve også. Fleire bilete finn du i biletarkivet. Du finn også ein artikkel om seminaret på Porten.no. 2 av 2 01.09.2009 18:06

Det nye året behøring innspelt : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Det nye året behøring innspelt (2009-02-01) Då korpset markerte sitt 60-årsjubileum i 2007, starta vi ein ny tradisjon med årskonsert i slutten av januar. I går kveld gjennomførte vi den tredje i rekka og vi føler oss som ein sprek 60-åring. Det er lenge sidan korpset har stått på ei scene med så mange medlemmar. Då sceneteppet gjekk til sides ved konsertstart, var det også kjekt å sjå så mykje publikum i salen. I skrivande stund har vi ikkje oversikt over kor mange det var i salen, men det er mogleg vi sette rekord i konsertsamanhang for oss. Vi takkar dykk alle for frammøtet. Sjølv om vi speler fordi vi trivst med dette som fritidssyssel, er vi veldig glade for at sambygdingar og grannar finn det verdt å nytte deler av laurdagskvelden til å lytte til musikken vår. Musikkreise frå New Orleans til Noreg Musikkstykka korpset hadde sett på programmet spente frå New Oreans-jazz via pop til lokalprodusert musikk. Vi opna konserten med eit arrangement av Just a closer walk with Thee - dei fyrste taktane i gravferdstempo og deretter gjekk vi over i tradjazz-tempo. I år hadde vi også invitert eigne kornettaspirantar og klarinettelevane i musikkskulen til samspel med korpset på to låtar. Etter to øvingar med korpset, hadde dei sin scenedebut som korpsmusikantar i går. Det gjekk kjempeflott - saman med korpset var dei solistar på aspirantlåtane Spania og Rock. Som ei fin avslutting på sin opptreden, dansa dei i beste Village People -stil til korpset sin framføring av Y.M.C.A. Vi drista oss til med litt videobruk til to av stykka våre. Merete Kulset hadde sett saman ein biletserie som følge til høvesvis What a wonderful world med Atle Romøren som solist på tuba og signaturmarsjen vår Tangingen. Sistnemde er komponert til korpset av Asle H. Aanes. Den fekk biletfølge av historiske bilete frå korpset. Det var vel gjerne ein og annan i salen som drog på smilebandet når dei samanlikna bileta med nokre av dei som sat på scena. Tidas tann kan dei færraste gjere noko med. Korpset avslutta si avdeling med Gabriellas sång (frå filmen Så som i himmelen ) og Bruremasj av Jan Magne Førde (Ytre Suløen). På Gabriellas sång hadde vi med oss både Nils Førsund på vokal og Katrine Fredheim på klokkespel. Det var kjekt å få med seg Nils denne gongen. Han song denne saman med korpset fyrste gong på korpskvelden i Farnes kyrkje i fjor haust, den gongen raset gjekk mellom Øvre og Tangen og halve korpset vart ståande att nedanfor rasstaden. No fekk han heile korpset i ryggen, noko han syntest var veldig kjekt. Vi vil samstundes nytte høvet til å takke to forsterkingar til korpset denne kvelden; Gunnar Romøren på kornett og Harald Vik på tuba. Gunnar er bror av vår eigen tubaist Atle og er busett austpå. Harald spelar i nabokorpset i Øvre Årdal. Det er no slik at ikkje alle medlemmar har høve til å vere med til ei kvar tid og på nokre instrument er vi meir sårbare enn andre. Då er det kjekt å få hjelp av musikarar frå andre korps. Forfriskingar og loddsal Då vi var ferdig med vår avdeling var det tid for ei lita pause med forfriskingar og loddsal. Vi har servert våre gjestar sprudlande, men køyrevenleg drikke saman med litt saltsnacks på dei tre årskonsertane. Dette fell i god smak hjå publikum og skapar ei god stemning. 1 av 2 01.09.2009 18:06

Det nye året behøring innspelt : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Gjennom gamaldags loddsal får publikum høve til å støtte korpset. Det ryktes frå loddseljarane at dei slapp å bevege seg rundt i foajéen for å selja lodda publikum trippa i kø rundt dei. Det tek vi som eit godt tegn på at korpset er ein verdsett aktør i lokalsamfunnet. Langvegsfarande gjestekorps I år hadde vi gleda av å ha meir langvegsfarande gjestar med på konserten enn tidlegare, nemleg Osterøy Janitsjar. Dei er eit nytt bekjentskap for oss. Det har seg slik at vi fikk ein ny klarinettist i korpset i haust og ho kom frå Osterøy Janitsjar. Dermed hadde vi ein fin brubyggjar til å knytte nytt venskap. Korpset sin dirigent er John Brakstad. Han er ein kjend dirigent i korpskretsar og dessutan komponist/arrangør av fleire stykke som vi også har på repertoaret. I sitt program hadde dei med seg heile fire solistnummer. Fyrst ut etter opningsnummeret Bandology var vår felles klarinettist Christine Nyheim med Gabriels Obo. Dei hadde også med seg solistar på den kjende Feelings, Une Après-Midi av Vangelis og Bossa til Høsten av Frode Thingnæs. I tillegg spelte dei Big Spender, God luck charm og Thank you for the music, alle nærast som evergreens å rekna. Dei avslutta sin avdeling med marsjen Brass on Parade. Mens utrop av loddtrekkinga gjekk føre seg framfor sceneteppet, vart det så gjort klart til avsluttande fellesnummer bak. Som fellesnummer i år, hadde vi valt marsjen On Parade Again. Den har vi hatt i marsjheftet dei siste par åra og den er komponert av John Brakstad. Osterøy Janitsjar har sjølvsagt også denne på repertoaret, så då tykte vi dette var eit godt sluttnummer. Dessutan er det jo veldig spennande å bli instruert av den som har skreve eit musikkstykke ein spelar. Og marsjen fell tydeleg i smak hjå publikum for etter siste tone kom det både trampeklapp og rop om meir. Sidan vi ikkje hadde ekstranummer i bakhand, ynskte vi like godt publikum vel heim med ein ekstra omgang med same marsj. Når huset var rydda etter konsertgjestane, var det tid for årsfest for musikantar og følge. Vi benka oss rundt borda på Klingenberg Hotel til god mat og triveleg lag. Praten gjekk høglytt rundt borda og varte til ut i dei små timar. No er vi godt igang med det nye året. Bilete frå konsert og festkveld vert lagt ut i biletarkivet. 2 av 2 01.09.2009 18:06

Ein æra er over : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Ein æra er over (2009-02-05) Fredag 23. januar fekk vi melding om at Magne Forthun var gått bort. Med Magne er den siste av dei som var med korpset sine oppstartsår, gått bort. Ein æra er over. Det var kornetten som var instrumentet til Magne. Han var fødd 01.03.30 og var med i Lærdal Musikklag frå 1945. Då han kom til Årdal i 1948 vart han med i korpset vårt. Her var han aktiv heilt fram til 1984/85. Magne var nestformann frå 1953-54 og frå 1962-77. Han fungerte også som formann i 1977. I tillegg har han hatt vervet som note- og materialforvaltar i ein periode. Vi takkar Magne for innsatsen i korpset og lyser fred over minnet hans. 1 av 1 01.09.2009 18:07

Støtt korpset gjennom Grasrotandelen : : Nyhende : Årdalstangen M... Støtt korpset gjennom Grasrotandelen (2009-02-24) 1 av 1 01.09.2009 18:07

Grasrotandelen frå Norsk Tipping : : Nyhende : Årdalstangen Musi... Grasrotandelen frå Norsk Tipping (2009-03-05) Grasrotandelen er ei ordning frå Norsk Tipping, der du som spelar kan velje eit lag/foreining som du ønskjer å støtte. Dette gjer du ved å finne deg ein Grasrotmottaker. Vi oppmodar deg til å støtte oss! Då vil 5 % av din innsats gå direkte til korpset (gjeld ikkje Extra og Flax). Merk deg at Grasrotandelen ikkje på nokon måte går ut over innsatsen eller premien din - du blir ikkje trekt noko for å vere grasrotgjevar. Velg korpset på ein av desse måtane: 1. 2. Hos kommisjonær: Skriv ut denne sida før du går til Norsk Tipping-kommisjonæren. Både strekkode og organisasjonsnummer kan nyttast når du skal registrere korpset som din Grasrotmottakar. Internett: Følg rettleiinga du finn på norsk-tipping.no. Meir informasjon finn du på www.grasrotandelen.no. Her vil du også kunne følgje med på kor mykje korpset får inn via Grasrotandelen: Vår konto hos Norsk Tipping Takk for at du støttar korpset via Grasrotandelen! 1 av 1 01.09.2009 18:07

Endeleg - tunnelen er opna! : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Endeleg - tunnelen er opna! (2009-03-03) Då var det endeleg gjort. I dag vart forlenginga av Naustbukttunnelen høgtidleg opna og vi kan ferdast vesentleg tryggare mellom dei to tettstadene i kommunen vår. Med sist oktober friskt i minne, var det med stor glede vi deltok i den offisielle opninga av den nye tunnelen. I oktober hadde vi fyrst ei dramatisk oppleving då korpset vart "delt i to" av ras då vi skulle til Øvre på korpskvelden i Farnes kyrkje. Då måtte vi som kom oss til Øvre, ta turen om Fillefjell og Lærdal for å komme heim att etter konserten. Ei lita uke etterpå var det våre medlemmar frå Øvre som måtte ta turen i motsett lei då dei skulle heimatt etter øving på Tangen. No slepp både vi og andre som ferdast på denne strekka, å uroe seg for dette. I fylgje Porten.no var mellom 200 og 300 årdøler møtt fram til opningsseremonien. Markeringa starta i anleggsområdet i Naustbukti. Der var det ulike kulturinnslag og intervju/helsingar frå ei scene som var sett opp for høvet. Både Farnes Skulemusikk, Øvre Årdal Janitsjar og klarinettelevar frå musikkskulen deltok her. Korpset hadde æra av å gå i front då innbedne gjestar og publikum marsjerte gjennom tunnelen for å bli med på den offisielle opninga, som føregikk på vestsida av munninga. Vi var heldige og hadde med oss 30 av medlemmane våre på arrangementet, men då vi entra tunnelen fekk vi kjensle av å vere tre gonger så mange. Etter å ha gått 1,1 km i med det lydbiletet, vart det ein brå overgang å komme utatt på vestsida. Korpset på marsj mot tunnelinngangen. Og så er vi inne i mørkret - til tider såpass mørkt at det var litt vanskeleg å lese notane. Og jammen kom vi utatt på andre sida utan at nokon hadde gått seg ville. Etter at fylkesordførar Nils R. Sandal hadde føreteke den høgtidlege snorklyppinga, spelte vi "Ja, vi elsker" og "Congratulations". Vi avslutta med å spele publikum inn i bussane med "Our Director". Som vanleg vert det lagt ut litt fleire bilete i Biletgalleriet i løpet av eit par dagar. 1 av 2 01.09.2009 18:08

Endeleg - tunnelen er opna! : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag 2 av 2 01.09.2009 18:08

Sogn & Fjordane Symfoniorkester til Årdal : : Nyhende : Årdalstan... Sogn & Fjordane Symfoniorkester til Årdal (2009-03-05) SOFORK kjem til Sogn med sin konsertproduksjon "Symfoniske bilete" til helga. Orkesteret består av ca. 40 musikarar og blant dei er det ein einsleg årdøl vår eigen Merete Kulset. Ho jaktar stadig på musikalske utfordringar og vart kjempenøgd då ho fekk meldinga om at ho kunne bli med i orkesteret frå nyttår. No kjem ho og orkesteret til Sogn, med konsert i Årdal laurdag 7. mars og i Sogndal søndag 8. mars. Orkesteret sin dirigent er Helge Haukås - eit kjend namn også i korpskretsar. På konserten i Årdal er Øvre Årdal Janitsjar gjestemusikarar; dei Merete - einaste årdøl i opnar konserten med to satsar frå tingingsverket "Dåm". Deretter symfoniorkesteret. Ho har spelt får vi høyre symfoniorkesteret i overturen til Rossini sin opera i ÅML frå ho var 11 år. Barberaren i Seville og 1. sats frå Milhaud sin "Marimbakonsert". Fyrste delen av konserten vert avslutta med Triumfmarsj frå Verdi-operaen "Aida" som fellesnummer. Etter pause får vi høyre hovudnummeret i konserten. Det er "Pictures at an Exhibition" av Modest Mussorgsky. Til dette stykket har dei med seg unge dansarar frå Distriktsrekruttskulen i ei iscenesetting av Leyeune Avdal og Jorunn Reina. Vi oppfordrar medlemmar og andre om å ta turen til Idrettshallen i Øvre kl. 18 laurdag. Har du ikkje høve til å få den med deg, kan du ta turen til Kulturhuset i Sogndal på søndag kl. 17. Då er det Sogndal Musikklag som er gjestemusikarar. Har du lyst å vite litt meir om Sogn & Fjordane Symfoniorkester, kan du besøke heimesida deira her. 1 av 1 01.09.2009 18:08

Vinnarar i korpset sitt Grasrotlotteri : : Nyhende : Årdalstangen Mu... Vinnarar i korpset sitt Grasrotlotteri (2009-03-10) Som eitt av tiltaka for å få sambygdingar til å gje sin grasrotandel til korpset, har vi hatt eit gratislotteri gåande i ei veke. I går var dagen for trekking av premiane. Korpset la forrige søndag ut ei loddbok hjå kvar av kommisjonærane på Tangen COOP Prix og Mix. På kvar bok var det ein premie - eit gåvekort på 500 kroner. For kvar kupong ein tippar leverte med korpset som grasrotmottakar, kunne tipparen skrive seg inn i loddboka. Trekking på Prix. F.v. Harald Lægreid, Oddgeir og Målfrid Offerdal. Mandag var trekkingsdag. Saman med kommisjonær, ein kunde og Oddgeir frå korpset, vart trekkinga gjennomført fyrst på Prix og deretter Mix. Vi gratulerer dei heldige vinnarane: Mix-boka: Aud G. Lægreid Prix-boka: Inger Marie Stubseid Ein overraska vinnar på Prix, Inger Marie Stubseid, vert gratulert av Oddgeir. Samstundes vil vi rette ein stor takk til alle tipparar som støttar korpset med sin Grasrotandel. 1 av 2 01.09.2009 18:08

Vinnarar i korpset sitt Grasrotlotteri : : Nyhende : Årdalstangen Mu... Lena Nyheim ringer vinnar Aud G. Lægreid med Oddgeir og Bjarne Aalen som tilhøyrarar. 2 av 2 01.09.2009 18:08

Nordvestkonferansene - ein ny arena : : Nyhende : Årdalstangen Mu... Nordvestkonferansene - ein ny arena (2009-03-19) Sist helg vart nyskipinga Nordvestkonferansane gjennomført i Loen. Arrangør var NMF Nordvest saman med kulturskule- og musikkråda i Møre & Romsdal og Sogn & Fjordane. Konferansen hadde tre parallelle sesjonar; fagkonferanse, ungdomskonferanse og dirigentsymposium. Korpset stilte med tre personar på konferansen; Oddgeir på dirigentsymposiet, Merete på ungdomskonferansen og Wenche på fagkonferansen. Her kjem ei lita oppsummering av det vi fekk med oss både kvar for oss og i fellesskap. På pinebenken - Oddgeir og to til ventar på elddåpen. Dirigentsymposiet frå Oddgeir sin ståstad Mi hensikt var heile vegen å suge til meg lærdom, ta imot irettesettingar og gjere meg sjølv tydlegare som dirigent. Det er befriande å oppdage at kvar "lærar/dirigent" har sin måte å gjere ting på - sin eigenart. Slike oppdagingar gjer kvardagen lettare framfor korpset. Fasit finnst nemleg ikkje (her heller)! Eg manglar nok ein masse på det grunnleggande planet, men likevel får eg med meg ein god del å rette på. Det vil igjen kanskje gjere ting lettare for den enkelte musikant. Læraren var plukka frå øvste hylle, øvingskorpset blant 1 av 2 01.09.2009 18:09

Nordvestkonferansene - ein ny arena : : Nyhende : Årdalstangen Mu... dei beste i fylket og musikken vi studerte er blant slike verk "som einkvar korpsdirgent skal kunne utenat, og ha på sitt repertoire". Vel - ikkje her i gården jaffal. Ikkje enno. Tross dette var det ei fin og lærerik helg for mitt vedkommande. Ungdomskonferansen og litt dirigentsymposium med Merete sine auge På laurdagen starta me med Bjørn Sagstad (som også leidde Dirigentsymposiet) som føredragshaldar. Han prata om dirigenten som inspirator og korleis bidra til å motivere andre sjølv. Sjølv om det var ganske interessant, følte eg nok at Dirigentsymposiet var meir for meg. Difor melde eg overgang etter halvgått dag laurdag. Eg torde ikkje fram og prøve å dirigere korpset, men likevel lærte eg mykje om dirigering. Ikkje minst fekk eg ei mykje større forståing og respekt for alt arbeidet som Oddgeir legg i førebuing til øvingar og konsertar. Kanskje neste gong torer eg å gå fram! Oddgeir i elden - framfor krinskorpset NUK på festkonsert. Wenche om Fagkonferansen Fagkonkonferansen var retta mot tillitsvalde i korps og andre musikkorganisasjonar. Vi fekk ei god innføring i det som rører seg rundt kulturskolane på politisk nivå. Det Indresogningar i hyggeleg og nyttig lag. vart også litt tid til å lufte korleis samarbeid med kulturskolar fungerer rundt om i regionen. Om det kan det seiast mykje - det er mange som strevar. Men somme steder får dei det til og der kan vi hente lærdom. Ellers fekk vi også inspirerande foredrag om konsertarrangering og profilering/ marknadsføring. Kanskje skulle vi driste oss til å tenke annleis ein gong i mellom. Det var mange nyttige tips å få. Kunsten er å ta det med seg heim og omsette det i praksis. Regionting Søndagen var også dagen for det fyrste ordinære regionting for NMF Nordvest. Oddgeir og Merete var delegatar til eit ting som gjekk føre seg i rolege former. Berre 11 av omkring 300 korps stilte med delegatar. Det er ein tankevekkjar for nokon og ein kvar. Det viktigaste? Like nyttig som dei ulike foredraga er det gjerne å treffe folk frå andre korps og utveksle tankar og erfaringar. Vi strir gjerne med dei same utfordringane og har ulike løysingar som kan vere verdt å ta med seg. På denne konferansen traff vi m.a. gode naboar frå Kaupanger og Gaupne. Der driv dei også som generansjonskorps og vi nytta fritida (som det ikkje var så mykje av) til å lufte ulike samarbeidsmåtar. Latteren satt nokså laust og det lovar godt for framtidig samarbeid. Vi vart iallefall einige om at vi måtte prøve å få eit samarbeid på lufta i overskueleg framtid. Når ein skal sette opp rekneskapen for helga, er både Oddgeir, Merete og Wenche nøgd med helga. Vi trur det er viktig for korpset å halde kontakt med omverda for å hente inspirasjon og lærdom på fleire områder. 2 av 2 01.09.2009 18:09

Grannekorps med kyrkjekonsert : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Grannekorps med kyrkjekonsert (2009-03-23) I kveld inviterte Flåm Musikklag til kyrkjekonsert i Hauge kyrkje i Lærdal. Det er åttande gong dei har konsert i denne kyrkja. Denne gongen hadde dei også invitert med seg Lærdal Musikklag. Det var Lærdal Musikklag som fekk æra av å opne konserten med den ikkje ukjende "Get me to the church" frå musikalen "My fair lady". Som vanleg var det Lars Einar Bakketeig som leia korpset gjennom deira avdeling på 6 nummer. Siv Hovland er som regel å finne bakom trompeten i musikklaget, men ho er også ein framifrå songar. Det fekk vi høyre på stykket "God Bless the Child". Flåm Musikklag med dirigent Anders Mo, tok over etter Lærdal Musikklag. Anders Mo er ein meistar i å fortelle historiar om stykka dei spelar - det gjev ei veldig fin ramme til framføringane. Dei nytta også Siv Hovland som songsolist. Fyrst på "Annie's Song" av John Denver og deretter på "Gabriella's song" som også vi har på repertoaret. Spennande å høyre sistnemde i brassarrangement av samme arrangør som vårt janitsjararrangement. Flåm Musikklag hadde med seg endå ein songsolist. Det var Emanuel Manolov som arbeider i musikk- og kulturskulen. Han var med på stykka "Jerusalem" og den svært kjende "Anthem". Lærdal Musikklag under leiing av Lars Einar Bakketeig opna konserten. Siv Hovland var songsolist med begge korpsa. Flåm Musikklag hadde også med seg Emanuel Monolov som songsolist. Grannane frå Tangen som tok turen til Lærdal, takkar for ein fin konsertkveld. 1 av 1 01.09.2009 18:09

Vi feirar våren med konsert : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Vi feirar våren med konsert (2009-03-24) Tysdag 31. mars inviterer vi til konsert i festsalen i Samfunnshuset kl. 1830. Det vert enn litt annleis konsert. Du vil få høyre eit variert program med mange godbitar, eit uvanleg instrument og ikkje minst mange solistar. Ein konsert med hovudvekt på solistar, har vi ikkje gjennomført tidlegare. Dei fleste solistane henter vi frå eigne rekkjer, men vi har også med oss Ine Hillestad, Stein Arne Larsson og Nils Førsund som songsolitar. Saman musikken kan du også få nyte kaffi og kaker. Vel møtt til ein triveleg kveldsstund. 1 av 1 01.09.2009 18:09

Roleg årsmøte med viktige saker : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Roleg årsmøte med viktige saker (2009-03-27) Sist onsdag vart korpset sitt årsmøte gjennomført. Det gjekk som vanleg føre seg i rolege formar, men ikkje uten diskusjon om viktige saker. Styret si årsmelding var som vanleg svært fyldig med tiltalande utforming. Tanken bak det å legge så mykje arbeid i årsmeldinga, er at det skal vere eit godt historisk dokument for ettertida. Saman med eit reknskap som synte eit lite årsunderskot, vart begge deler godkjend utan merknader. Også styret sitt framlegg til budsjett vart godkjend utan merknader. Det vart heller ikkje dei store endringane i styresamansettinga. Av tre personar som var på val, hadde to sagt ja til attval. Svein Listhaug forlet styret etter 5 år som styremedlem/materialforvaltar. Som etterfølgar etter Svein, vart Ivar Seim valgt. Årsmøtet handsama to innkomne saker. Den eine var spørsmålet om uniformering. Årsmøtet vedtok å nedsette ei gruppe på tre personar som skal komme med framlegg på framtidig uniformering. Gruppa består av Mona Fykse (leiar), Merete Kulset og Atle Romøren. I tilknytting til dette vart det også vedteke å binde delar av Grasrotmidlane til uniformering. Styret hadde også sett opp saka om rekruttering/aspirantopplæring som sak på møtet. Ønsket var å diskutere korleis korpset skulle jobbe vidare med dette. Det kom fram fleire synspunkt og idéar. Det vert styret si oppgåve å ta med seg innspela frå årsmøtet i det vidare arbeidet. Korpset sin årsmelding for 2008 1 av 1 01.09.2009 18:10

Vellukka VÅRkonsert : : Nyhende : Årdalstangen Musikklag Vellukka VÅRkonsert (2009-04-01) Det vart folksamt i Samfunnshuset i går kveld då vi inviterte til vårkonsert. Det var også ein slags takkekonsert til alle dei som har valt å støtte korpset med sin Grasrotandel hjå Norsk Tipping. Konserten vart også ei fin avslutting på innandørssesongen. Berre litt tørrtrening på marsjar og marsjering no, så er vi klare til å ta fatt på utandørssesongen. Mykje publikum fann vegen til Samfunnshuset. Ein stad mellom 130 og 150 tilhøyrarar fann vegen til vårkonserten vår i festsalen i Samfunnshuset i går kveld. Vi måtte faktisk opne dørane mot foajéen for at alle skulle få sitteplass. Vi tykkjer det er veldig kjekt at så mange sambygdingar finn vegen til konsertane våre. Frå kyrkjekonsert til svanesong Denne konserten var planlagd tidleg sist haust og Ine var ein av songsolistane på konserten. opprinneleg tenkt som kyrkjekonsert. Forskjellige omstende gjorde at det ikkje vart noko av. At det enda med konsert i Samfunnshuset, passa eigentleg veldig godt. I løpet av våren startar ombygginga av huset og konserten vår var sannsynlegvis det siste kulturarrangementet i det "gamle" huset. Eit hus som korpset har nytta både som øvings- og konsertlokale heilt frå det var nybygd for 40 år sidan. I tillegg var konserten ein slags milepæl for oss. For fyrste gong har vi gjennomført ein konsert med hovudvekt på solistnummer der dei fleste solistane kom frå eigne rekkjer. Dirigent Oddgeir sine rådgjevarar i korpset tende umiddelbart på idéen om solistkonsert. For å ikkje gjere konserten for krevjande for musikantane, har vi blese støv av nokre stykke frå tidlegare år. Med tre songsolistar i tillegg, fekk vi eit program med variasjon sjølv om dei fleste musikkstykka hadde ein roleg karakter. Spennande med songsolistar 1 av 2 01.09.2009 18:10