VALPROGRAM TYSNES SENTERPARTI 2019 2023 Fokus på nære tenester med kvalitet! Me ynskjer at Tysnes kommune skal vera ein kommune der folk trivst og opplever kvalitet i tenestene, uavhengig av kva fase i livet ein er. Tysnes skal også vera ein kommune ein ynskjer å busetja seg i. Senterpartiet vil vera handlekraftig og framtidsretta. Me vil vera aktive, ærlege og tydelege tillitsvalde i styringa av Tysnes kommune dei neste fire åra. Vårt mål er at Tysnes skal verta ein enda betre stad å leva enn det det er i dag og at kommunen skal ha gode og oppdaterte planar som styringsverktøy. For å levera tenester nær folk vil Senterpartiet at Tysnes kommune framleis skal vera eigen kommune. Me treng Dykkar tillit, sats på oss i kommunestyrevalet i september! Arne Leite, ordførarkandidat
Skule og barnehage Senterpartiet er opptatt av alt alle born i skular og barnehagar skal ha ein god og trygg oppvekst der dei opplever trivsel, meistring og læring. Senterpartiet er difor klar på at me må satsa på å skapa gode læringsarenaer der alle i barnehagar og skular føler seg inkludert, og der den einskilde får utnytta sitt potensial til å utvikla seg både fagleg og sosialt. ha ny framtidsretta 1-10 skule på Gjerstad ha ny framtidsretta barnehage på Reiso auka bemanninga innan fysisk aktivitet i barnehagar ha vidare satsing på «Blå» skule og arbeida for ein «Grøn» skule og barnehage at Onarheim skule vert vidareført og utvikla ha heildagsskule som inkluderer måltid og fysisk aktivitet og symjetrening satsa vidare på kulturskule, med stor breidde i tilbodet tilpassa opningstida for barnehagar til ferjerutene ha årleg tilbod om leirskule og lokal yrkesmesse
Helse, sosial og omsorg Tysnes kommune skal sikra kvalitet i alle tenester og tilbod til innbyggjarane. Alle innbyggjarar skal få rett hjelp så tidleg som mogleg. Tysnes kommune skal også sikra innbyggjarane gode tilbod på område der kommunen sjølv ikkje har tenesta. ha fokus på at ungdom i Tysnes får ei god skulehelseteneste og tilgjengeleg helsestasjon prioritera å få kvalifisert personell innan helse, sosial og omsorg, og sikra at kommunen har ein god personalpolitikk og konkurransedyktige arbeidsvilkår oppmoda om vidareutdanning for tilsette i høve til kompetanseplan for helsesektoren at alle som treng helse, sosial- og omsorgshjelp, skal få eit tilbod tilpassa den einskilde samarbeida med frivillige for betre folkehelse i kommunen kjempa for å oppretthalda tannhelsetenesta og legevaktordninga
Kultur og idrett Det frivillige lagsarbeidet er sjølve livsnerva i Tysnessamfunnet. Det er derfor viktig å styrkja rammevilkåra for kultur og idrett. Idrett og eit rikt kulturliv får folk til å trivast og er eit godt førebyggjande arbeid. i samarbeid med skule og ungdomsråd få unge enda meir engasjert i frivillig arbeid oppretta «Tysnesbuo» eit ope utstyrsbibliotek for gratis utlån av fritidsutstyr sikra vidare støtte til noverande idrett og kultur, og vera positiv til eit breiare tilbod ha open fleirbrukshall og symjebasseng i haust- og vinterferiar. vera ein samarbeidspartnar med Tysnesfest Klima Forvaltning av naturen og ressursane er grunnsteinen i politikken til Senterpartiet. Lokal produksjon av mat, lokale arbeidsplassar og god forvaltning av skog og jordbruk er alle viktige faktorar for å bli ein meir klimavennleg kommune. at skog og jordbruk skal ha gode vilkår for utvikling og bærekraftig forvaltning arbeida for at naturmangfaldet og fjellheimen i Tysnes vert skåna for vindmøller føreslå konkrete tiltak for at kommunen skal ha ei klimanøytral drift.
Samferdsel Eit sterkt lokalsamfunn med spreidd busetnad må ha trygg og effektiv transport, både i privatbil og med kollektivtransport. Ferjene er vegane til og frå kommunen vår. Senterpartiet vil vera ei tydeleg røyst til sentrale styresmakter for å kjempa for opningstider og rutetider som er tenlege for alle som har bruk for vegen til og frå Tysnes. føreslå innføring av pendlartilskot frå og med inntekståret 2020. innføra fleire daglege Bergensbussar som har korrespondanse med Tysnesferja arbeida for at frekvens på ferjetilbodet vert oppretthalde, eller auka, med bruk av ekstra fylkesmidlar til lading av nye ferjer frå 2020 søka moglegheiter for å delfinansiera utbetring av fylkesvegar i kommunen arbeida for å sikra hurtigbåtsambandet til Os og etablera ny skulerute til Fusa Prøva ut «HentMegBuss» konseptet i område der det er få vanlege bussruter Busetjing og bumiljø Tysnesingen bur spreidd over heile øya vår. Det vil Tysnes Senterparti at me skal fortsetja med. Gjennom rullering av kommuneplanen må ein leggja til rette for at folk lettare skal få byggja bustadhus utanom regulerte felt. gjera det enkelt å busetja seg der DU vil arbeida for å etablera attraktive bustadfelt og tomter i huskryllar smidiggjera generasjonsskifte på gardsbruk stimulera til at det vert bygd varierte og fleksible bustader og utleigebustader at behandlingstida for byggjesøknader i regulerte område vert maksimum fire veker og behandlingstida i andre byggje- og frådelingssaker vert redusert støtta lag og organisasjoner i sitt arbeid for betre bumiljø
Næring og næringsutvikling Senterpartiet meiner det er svært viktig at kommunen har god og direkte kontakt med næringslivet. Me må byggja opp om eldsjeler og samfunnsutviklarar. Kommunen treng ungdom, og me vil det skal vera mogleg å ta vidareutdanning samstundes som om ein bur på Tysnes. Me vil at ungdom som reiser vekk for å ta utdanning, skal synast det er attraktivt å komma tilbake for å busetja seg. ta vare på kulturlandskapet, ha eit sterkt jordvern og ha god forvaltning av landbruket aktivt verna om produksjonsgrunnlaget, den norske landbruksmodellen og konsesjonslova utnytta dei gode naturgitte føresetnadane Tysnes har for havbruksproduksjon, ha god arealplanlegging og tett samarbeid med havbruksnæringa om bærekraftig utvikling arbeida for at kommunen og næringslivet i Tysnes kan tilby fleire og varierte lærlingeplassar vidareutvikla eksisterande næringsareal, starta reguleringsplan for næringsareal ved sjø og knytt til ny E39 redusera sesongen for søndagsopne butikkar sjå positivt på nye bruksområde av gamle løer få meir fokus på driveplikt for å hindre tilgroing sjå positivt på andelslandbruk og kolonihagar
Tryggleik Den såkalla «nærpolitireforma» trugar nærveret av politi i lokalsamfunnet på Tysnes. Nedbemanning og reduserte opningstider svekkar tryggleiken og evnen til å støtta innbyggjarane i kommunen i både førebyggjande arbeid og i kritiske situasjonar. Manglande dekning i mobilnettet er og med å svekka beredskapen. ansvarleggjera leiiniga i politiet slik at bemanninga vert oppretthalden i partnerskap med fleire aktørar, arbeida for å betra dekninga i mobilnettet få fullført skilting av vegnamn og vegnummer Me treng Dykkar tillit, sats på oss i kommunestyrevalet i september!
Våre listekandidatar til kommunevalet 2019 1. Arne Leite 2. Kristin Teigland Gjerstad Kleppe 3. Inge Malkenes 4. Beate Storesætre 5. Ole Christian Kjerrgård 6. Ane Vermedal 7. Yngve Nesland Vevatne 8. Synnøve Vines 9. Øystein Dalland 10. Solfrid Burkeland Smith 11. Geir Austvik 12. Heidi Renate Røssland 13. Ingebrigt Vermedal 14. Silje Lunde 15. Nils Kåre Fjeldet Lunde 16. Lars Leknes Auran 17. Johanne Dalland 18. Arild Storesætre 19. Vilhelms Staskevics 20. Terje Nesland Vevatne 21. Malin Kongsvik 22. Henning Konrad Hope 23. Andreas Lavik Frøkedal 24. Grethe Barmen 25. Helge Hauge