Studentinformasjon Maurtuå Barnehage 2018/19 SAMAN SET ME SPOR - Fleksibilitet respekt omsorg glede
Velkommen til oss! Dette heftet er ei samling av ulik informasjon som kan være grei for deg når du skal vær i praksis hos oss. Det er viktig at du set deg inn i arbeidet og barnehagens planverk, og at du spør om rutinar og arbeidsmåtar. VELKOMMEN TIL OSS I MAURTUÅ! Lukke til! Mvh Marianne Byberg Styrar i Maurtuå.
MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre. Me lærer og utviklar oss i eit samspel. Alle skal oppleve Maurtuå barnehage som ei god plass å være. Barna skal bli rusta til å ta gode val i livet. Barnehagen skal i samarbeid med foreldra gje barna ei god plattform for vidare utvikling og læring. Når barn, foreldre og tilsette sluttar i Maurtuå, vil me at dei skal kunne sjå tilbake på åra i barnehagen som gode og lærerike, og at dei har mange opplevingar dei vil hugsa. Visjonen vår heng saman med våre 4 verdiar: Fleksibilitet Respekt Omsorg Glede Grunntankar i vårt arbeid: I Maurtuå barnehage er det aktive og engasjerte vaksne som ser kvart barn som unikt og verdfullt. Me vil leggja til rette for ein innhaldsrik og stimulerande kvardag, saman med barn og foreldre. Det vil seie: Barn og foreldre får ein god og trygg start i barnehagen. Me gjev rom for gode opplevingar og læring i kvardagen. Me gjev kvart enkelt barn eit tilrettelagt barnehagetilbod. Me har gode markeringar av høgtider og merkedagar. Me har eit godt samarbeid med foreldra. Barnet er ein ressurs som vi skal ta på alvor. Dei vaksne er tydelege og bevisste si rolle og sitt ansvar. Me har ei halding om at jobben me gjer alltid er til barns beste og med vår visjon og verdiar som grunnlag for våre val og handlingar.
BARNEHAGENS HISTORIE Maurtuå Barnehage starta opp i desember 1992. Barnehagen starta som ein privat, andelsbarnehage, der foreldre var eigarar. I 2010 blei me kommunal. Me har 3 avdelingar; med omlag 60 barn, - inkludert heile og delte plasser. - grøn avdeling, 1 åringar - rød avdeling, 2 åringar - blå avdeling, 3-5 år Praksislærarar i barnehagen er: Jorunn-Anette Reime Byberg, 5 åringer Kristi H. Haavardsholm, 1 åringar Monica Tjosevik Dybing, 2 åringar TEIEPLIKT Alle som jobbar i barnehage skal skriva under på teiepliktserklæring. Det vil sei at det som skjer i barnehagen blir haldt innanfor barnehagens 4 vegger. Du har ikkje lov å fortelja på bygda det som skjer i barnehagen. ( les: noko som kan skade barn, foreldre/foresatte eller personalet i barnehagen. ) DAGSRYTMEN KLOKKA: KVA SKJER? Kl. 07:00 Barnehagen opnar Kl. 07:30 Frukost; - Frukosten varer fram til kl. 08:30. Kl. 08.55 Gjer oss klar til samling Kl 09.00 Morgonmøte: møte for å utveksla info om dagen i dag. Kl. 09.00 Samlingsstund avdelingsvis Kl. 09.30 Dagens aktivitet: tur, 6 årsklubb, gym o.l Kl. 10.45 Samlingsstund på avdelinga. Kl. 11.00 Lunsj Kl. 12.00 Uteleik og kviletid, samt pause avvikling. Kl. 14.00 Ryddetid ute. Frukt og brødmåltid. Kl. 14.30 Leik ute eller inne Kl. 16:30 Barnehagen stenger NB! Klokkeslettene er omtrentlege!
DEN FYRSTE DAGEN: Møte med barna: Når du kjem til barnehagen blir du møtt av mange barn og vaksne. Den fyrste dagen er det viktigaste at du blir kjent med barna på den gruppa du skal vera og begynner å lære namna deira. Det er fint om du sjølv tar initiativ til å søkje kontakt med barna og leikar med dei. Møte med foreldra i hente- og leveringssituasjonar er svært viktig. For foreldra blir mykje av inntrykket av barnehagen danna her. Me ynskjer derfor at alle foreldra skal bli teke i mot på ein god måte og oppleve at dei og barnet deira blir sett. Når du kjem som ny i barnehagen forventar me at du sjølv tek initiativ til å presentera deg for foreldra. Det er då naturleg at du seier kva du heiter og at du er vikar her i barnehagen. VAKTENE: Tidlig vakt 1 7:00-14:30 Tidligvakt 2 07:30-15:00 Mellomvakt 08:00-15:30 Seinvakt 1 8:30-16:00 eller 0815-1545 Seinvakt 2 9:00-16:30 Alle har 30 minutt betalt pause kvar dag. Det å ha betalt pause inneber at du skal være tilgjengeleg i pausen. Det vil sei at du skal ikkje forlate barnehagen i pausen. KLEDE - Uteklede til all slags vær. Me er ute kvar dag. - Inneklede som er behagelige og som kan bli skitne. - Sko til både innebruk og utebruk RØYKING Det er ikkje lov å røyke/snuse mens ein er på jobb i Maurtuå, heller ikkje i pausen. PARKERING Me ber deg om å parkera på barnehagens parkeringsplass, og då lengst vekk frå barnehagen. Dette fordi foreldre skal ha kortast mogleg veg til og frå bilen når dei hentar og leverer. Vær grei og rygg bilen inn når du parkerar. MOBILTELEFON Når du er på jobb i barnehagen, leggast mobiltelefonen i garderoben, i sekken eller på kottet på avdelinga. Venter du telefon, seier du frå til praksisslærer, slik at du da kan ha mobilen tilgjengeleg. Me har og eit mobilfritt pausero, MAT & DRIKKE I BARNEHAGEN For 50 kr veka får du frukost, lunsj, kaffi og te. Dette betales til styrar.
FRÅVÆR - Dersom du blir sjuk, ringer du til barnehagen så raskt som mogleg. Alle avdelingar har kvar sin mobil. Det er ikkje nok å senda SMS. - Legebesøk, tannlege og liknande forsøkar me så godt som mogleg å leggja til utanom arbeidstida. AVKRYSSINGSBOK OG AVDELINGSBOK Kvar avdeling har eiga avkryssningsbok. Her set me eit X når barnet kjem om morgonen. Er barnet sjukt, set me inn en S, og ha dei fri, set me ein F. Dersom barnet ikkje kjem i barnehagen, utan at de har gitt beskjed, skriv me eit?. Dette for at me til kvar ei tid skal ha oversikt over kor mange barn som er i barnehagen til ei kvar tid. Når barnet vert henta set me ein O rundt X et. I avdelingsboka skriv me opp dersom det er nokon beskjeder som er viktige for avdelinga. Det kan vera kven som er sjuke av dei vaksne, møter, beskjed frå foreldre om medisin, eller at barnet skal bli henta av andre enn mor/far. BRANNVERN I starten er det viktig at du gjer deg kjent med oppslaga om brann. Det er svært viktig å veta kva ein skal gjer viss alarmen går! HMS Verneombod barnehagen er Anne Lise Risa. ALLERGI Det er nokre hensyn å ta i forhold til mat i barnehagen. Spør praksislæreren din om kvifor nokre born som har allergi. FOTOGRAFERING: Før du tek bilete til bruk i oppgåver, spør praksislærar om det er ok. Namn på barn skal ALDRI brukast i oppgåver. PC, KOPIMASKIN OG LIKNANDE: Me har fleire datamaskiner som du kan bruka, samt kopimaskin. Skal du ta mange kopier, så avtal med styrar ang betaling. Me har og digitalkamera, dersom du treng å ta bilete som dokumentasjon til oppgåver. MØTER I BARNEHAGEN: Avtal med praksislærer kvifor nokre møter du skal delta på
KVA ER DET VIKTIGASTE FOR DEG SOM STUDENT I BARNEHAGEN? Det er mange ting å huske på når du jobbar i barnehage. Me har difor laga ei huskeliste for deg på kva som er viktigast; Vær punktleg. Hels på de andre tilsette i barnehagen. Hels på foreldre/foresatte og presenter deg. Fortel kven du er og kvifor du er her. Ta imot barna, og bli kjent med dei. Les på ulike oppslag og planar i barnehagen (sjå barnehagens heimeside) Sei ifrå dersom du forlet avdelinga Ta initiativ og vær delaktig. Vær medvit på språkbruket! Borna tek veldig lett etter dei vaksne VELKOMMEN TIL OSS I MAURTUÅ! ME HÅPER DU FÅR EIN FIN PRAKSISPERIODE I LAG MED OSS!