Stadnamnsaka Dimna/Dimnøya



Like dokumenter
Spørsmålet i denne saka er om offentleg skriftform for namnet på øya skal vere Dimna eller Dimnøy/Dimnøya.

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Om stadnamnsaka Dimna - Dimnøya

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kvam heradsstyre /09 HIAN

Kva er økologisk matproduksjon?

Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Bydelsutvala i Sandnes v/britt Sandven

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

«Ny Giv» med gjetarhund

Samansette tekster og Sjanger og stil

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

I lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa er det gjort følgende endringer (endringene er markert med kursiv):

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

ØRSTA KOMMUNE Byggesak

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0190/04 04/01688 KONKURRANSEUTSETJING AV MATFORSYNING TIL OMSORGSSEKTOREN

Granvin herad Sakspapir

NVE har valt å handsame denne saka som ei tvistesak mellom UF og Tussa. Tussa har gjeve sine merknader til saka i brev av til NVE.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Habilitetsavgjerder for tilsette, styremedlemmer og andre som utfører arbeid eller tenester for KORO. Gjeld frå 1. januar 2015

Valdres vidaregåande skule

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

Aurland kommune Rådmannen

ULSTEIN KOMMUNE Politisk sekretariat

Namning av vegar i Fræna Kommune

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Adresseføresegner, Sund kommune

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Om utviklingsplanar for dei vidaregåande skulane i Eiksundregionen Høyring 1

MØTEPROTOKOLL SAKLISTE. 23/15 15/3253 Sak oversendt frå Fylkesrådet for eldre - Timebestilling for eldre hjå fastlege

Kvam herad. Arkiv: N-132 Objekt:

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Brødsbrytelsen - Nattverden

Problemet «den nyaste tids busetnadshistorie»

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SAMLA SAKSFRAMSTILLING

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Bustadområde i sentrum. Vurdering

mmm...med SMAK på timeplanen

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Høyringsinnspel til endringar i Teknisk forskrift om krava til tilgjenge i studentbustadar

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Planprogram for Regional delplan for folkehelse - endeleg vedtak

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Notat om historie og kulturlandskap

KLAGENEMNDA FOR STADNAMNSAKER

Kjeldebruk og referanseteknikk

Tormod Haugland MØRK MATERIE

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

EID KOMMUNE Finansutvalet HOVUDUTSKRIFT

G A M A L E N G K U L T U R

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

«VURDERING FOR LÆRING» Retningsliner for skulane i Lindås

Saksbehandling kva er no det?

Eksamen MAT1005 Matematikk 2P-Y. Nynorsk/Bokmål

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Transkript:

18. mars 2003 Ulstein kommune Oppvekst- og kulturkontoret Stadnamnsaka Dimna/Dimnøya Statens namnekonsulentar godtek framleis Dimnøya som namn på øya og har ikkje viktige innvendingar mot dette namnet sjølv om dei har Dimna som førsteval. Tilrådinga om Dimna byggjer på mistydingar og faktiske feil. Dimnøya er det einaste om er dokumentert som den nedervde lokale uttalen på staden for stadnamnet og det einaste namnet som er innarbeidd i skriftleg bruk over lang tid. Folket i bygda ønskjer at namnet skal vere Dimnøya, og dette namnet gjev heller ingen praktiske vanskar. Dette er dei momenta Stadnamnlova legg vekt på, og alle tilseier at namnet må vere Dimnøya, også i offentleg bruk I tidlegare runder i denne saka har eg hjelpt sambygdingane med å samle faktakunnskap om tidlegare tiders bruk av øynamnet. På denne måten har vi også assistert namnekonsulentane med å opplyse saka betre enn dei elles ville greidd. Sidan saksgangen er slik at det er ny høyringsrunde (annonse i Vikebladet 20.2.), sender eg desse merknadene og opplysningane til den fjerde tilrådinga frå Statens namnekonsulentar, dagsett 8.11.2001. Sagt kort: Det einaste nye frå namnekonsulentane denne gongen er dokumentasjon på at namnegranskarmiljøet har galne opplysningar om øynamnet i det lokale talemålet, og at det var dette som førte til at Dimna vart innført som øynamn på eit kart i 1989. Dette var opphavet til namnesaka. I tillegg viser dei til tre nye kjelder som nyttar Dimnøya. Saka er minst like klar som då kommunen gjorde vedtak om å ønskje Dimnøya som namneform. Påstandar er det snargjort å kome med. Å underbyggje dei krev noko meir. Difor tek eg med dokumentasjon av manglar ved tilrådinga (Tillegg 1 og 2 nedanfor) og dokumentasjon av lokal namnebruk (Tillegg 3 og 4). Vi merkar oss at namnekonsulentane tilrår framleis prinsipalt at Dimna blir fastsett som offentleg øynamnform. Termen prinsipalt impliserer at dei også har ei subsidiær tilråding. Det må vere Dimnøya. Sagt med norske ord vert dette at for namnekonsulentane er Dimna førsteval og Dimnøya andreval, og at begge kan godtakast. Tidlegare har Namnekonsulenttenesta, i tillegg til å ta opp saka, gjeve tre tilrådingar. I den første (25.11.1992) heiter det at dei har ikkje viktige innvendingar mot Dimnøya. Dette har dei ikkje trekt attende, sjølv om dei har Dimna som førsteval. Det som har kome fram, er at det er svært vanskeleg å finne noko fagleg og formelt grunnlag for å tilrå Dimna. Saka skulle vere klar nok: Dimnøya er den einaste nedervde lokale uttalen (jf. Stadnamnlova 4) som har vore vanleg på staden (jf. Forskrifter 1-1). Dette seier bygdefolket og skriftlege kjelder. Namnekonsulentane har ikkje imøtegått dette med anna enn si eiga tru, ein anonym informant og feilsiterte kjelder. Dimnøya er den einaste skriftforma som er dokumentert som innarbeidd gjennom mange tiår. Bygdefolket i Dimna, Sundgot og Hasund har mannjamt slutta opp om å krevje Dimnøya som øynamn, både gjennom personlege brev, underskriftslister og lag/organisasjonar. Kommunen ved kulturstyre og kommunestyre har gått inn for Dimnøya. Dimna som øynamn gjev praktiske vanskar ved at indre Dimna vert Sundgot, ikkje Indre Dimna. Stadnamnlova legg vekt på nedervd lokal uttale, lokale ønskje, innarbeidd skriftpraksis og praktiske omsyn. Alle desse momenta tilseier at øya skal ha namnet Dimnøya i offentleg bruk. Namnekonsulentar skal vurdere saka 1

objektivt ut frå faktiske omstende. Kva dei trur og subjektivt reknar med er irrelevant. Hadde det ikkje vore for namnekonsulentane si regelstridige tilråding og sakshandsaming, ville det vore ei enkel og for lengst avslutta sak. Tidlegare har det kome fram mangfaldige utsegner om at så lenge nokon veit, har øya heitt Dimnøya og berre det i talemålet i bygda. Vidare er det lagt fram dokumentasjon på at i skrift har Dimnøya (bunden/ubunden form, evt. Dimø på riksmål/dansk) vore nytta i lokale og andre kjelder. Dokumentasjon av lokal namnebruk har eg samla i Tillegg 3 og 4 nedanfor. Namnekonsulentar eller andre har knapt lagt fram ei einaste kjelde som viser at namnet Dimna har vore nytta, langt mindre har vore vanleg, som øynamn i tale eller skrift i bygda. Namnekonsulentane har heller ikkje noko svar på korleis namnet Indre Dimna (tidlegaste kjelde 1610) kunne ha vorte til på utsida av øya dersom øya, slik konsulentane meiner, vart kalla Dimna på den tida. Likevel stend Statens namnekonsulentar etter ti år og fire runder med mangelfull grunngjeving fast på at øynamnet bør vere Dimna. Vi kan lese at namnekonsulentane har akseptert at svært mange i dag finn det naturleg å bruke Dimnøya som namn på øya. Men utsegna (... i dag... ), saman med resten av denne og tidlegare tilrådingar, impliserer også at beste- og oldeforeldra våre ikkje skal ha sagt Dimnøya om øya. Det er utan nemneverdig respekt rein usanning. Det er vanskeleg å sjå korleis Dimna som øynamn i det heile oppfyller regelen om nedervd talemål på staden. Dette skal namnekonsulentane dokumentere når dei held fast på tilrådinga. Sidan bygdefolket (med eit par personars unnatak) nektar for at det er tilfelle, skulle ein kanskje vente at dei fagkunnige la ein del flid i å dokumentere det motsette. Det har dei ikkje gjort, og tilrådinga er såleis i strid med Stadnamnlova. Tilråding bygd på sviktande grunnlag Tidlegare er det vist at den førre tilrådinga frå namnekonsulentane bygde på uvisse og feilaktige opplysningar. Dette gjeld endå meir den siste tilrådinga, sjå Tillegg 1 nedanfor. Som dokumentasjon viser namnekonsulentane denne gongen til ei liste laga av Pål Arne Dimmen (vedlegg M s.5 i tilrådinga). Denne lista går eg gjennom detaljert nedanfor (sjå Tillegg 2). Lista inneheld 18 kjelder. Av desse er 10 feilsiterte, 3 har direkte tilknytnad til sjølve namnesaka og resten har vore drøfta tidlegare i denne saka. Namnekonsulentane viser både generelt til lista og særskilt til tre punkt på henne. Om ein umakar seg til å sjå i dei tre kjeldene som namnekonsulentane vitnefører særskilt, finn ein at den eine ikkje nemner øya, medan den andre brukar Dimnøya som namn på øya. Den tredje brukar unntaksvis Dimna, men Dimnøya til vanleg, og seier dessutan at Dimnøya er den daglege uttaleforma for namnet. Dette er det altså dei kallar dokumentasjon for bruk av Dimna som øynamn. I høve til tidlegare sakspapir gjev tilrådinga og lista berre fire nye kjelder for namnebruken. Tre av dei nyttar Dimnøya. Den fjerde viser at namnet Dimna kom inn på kartet fordi namnegranskarane hadde galne opplysningar om talemålet på øya. Konklusjonen er som før, berre forsterka: Namnekonsulentane si tilråding er utan grunnlag i dei faktiske tilhøva. Alt Stadnamnlova legg vekt på, tilseier for at øya skal heite Dimnøya, også i offentleg bruk. Ivar Ertesvåg Symrevegen 3 7050 Trondheim kven er...? (sidan nokon er så oppteken av det) Oppvaksen i Hasund, like ved sundet mot Dimnøya, og har gått på Hasund skule (som ligg på Dimnøya). Har vore medlem i ungdomsforeininga, skulekorpset og ungdomsmusikken, alle med namnet Hasund og Dimnøy. Far og farfar frå Ertesvåg, farmor frå Dimnasund. Oldeforeldre m.a. frå Storøy, Garshol og Dimna. Lokalhistorikar og ættegranskar på hobbybasis. Dr.ing., fyrsteamanuensis ved NTNU. 2

Tillegg 1: Om fjerde tilrådinga frå Statens namnekonsulentar Statens namnekonsulentar (tidlegare Namnekonsulenttenesta) har skrive tre tilrådingar i denne saka tidlegare. I den fjerde held dei fast på ei tilråding som går imot klare og sterke ønskje frå lokalsamfunnet, klar dokumentasjon om skriftformer og klare vitnemål om nedervd talemålsform. Når dei no har brukt seks år på den siste tilrådinga, skulle ein kanskje tru at arbeidet vart gjort grundig. Det er ikkje tilfelle, heller tvert om. Tidlegare har det vore påpeika at namnekonsulentane les kjelder og høyringsfråsegner skeivsynt. Sjå til dømes utgreiinga mi frå april 1995, punkt 2 (der 22 mot 1 vart til varierer mykje ). Dokumentasjon som stør under tilrådinga har vore etterlyst. Feil i hovudkjelder har vore påpeika (m.a. namnekort etter A. Muri). Kulturdepartementet har sagt at Ei tilråding skal innehalde ei grundig og objektiv vurdering av dei opplysningar som finst i saka... (brev til meg 22.8.1994, jf. utgreiinga mi frå april 1995), og vidare presisert at det er først og fremst namnekonsulentane si oppgåve å dokumentere faktiske tilhøva, og at «Faktiske tilhøve» er tilhøve som kan dokumenterast eller ettervisast, dersom ikkje er dei påstandar (brev til meg 16.1.1995). Tidlegare har eg og andre dokumentert at Dimnøya er langt vanlegare enn Dimna som øynamn, særleg i lokale kjelder og eldre kjelder der førstnemnde er så godt som einerådande. Så langt eg kan sjå, har ikkje namnekonsulentane framskaffa ei einaste ny kjelde der Dimna er nytta som øynamn. Det einaste nye er brevet frå Pål Arne Dimmen (6.2.1996, vist til som vedlegg M i tilrådinga). Så langt eg har sett i sakspapira er han og broren Sigmund dei einaste frå bygda som har hevda at Dimna har vore brukt som øynamn. Heller ikkje dei har sagt at det er vanleg i bygda. Derimot er det mange som har vitna om at Dimnøya er og har vore det vanlege i bygda. Kjeldebruk og datagrunnlag Tidlegare har eg påpeika at namnekonsulentane har brukt kjelder ukritisk, utan å setje dei inn i samanhengen. Denne gongen viser dei til ei liste sett opp av Pål Arne Dimmen. Desse kjeldene har dei ikkje ein gong sett på, men tillegg dei likevel avgjerande vekt. Lista går eg gjennom særskilt i Tillegg 2 nedanfor. Eg reknar med at namnekonsulentane vanlegvis må lite på at informasjonen dei får tilsendt er rett. Men i denne saka stiller det seg litt annleis. Tilrådinga er i strid med sterke ønskje og klare vitnemål frå bygda og ho er i strid med den dokumentasjonen som dei har fått tilgang på. Ho er den fjerde i rekkja, og dei har brukt seks år på henne. For ei grundig og objektiv vurdering skulle dei nok ha sett nærare på det dei legg til grunn. Ei fagleg tilråding ikkje er ei vitskapleg avhandling, jamvel om det er to professorar som stend bak. Likevel skal eit fagleg arbeid stø seg på eit vitskapleg grunnlag, men slik at ein tek høgde for at det er manglar ved grunnlaget. Eit viktig prinsipp er at ein attgjev kjelder og data rett. Det er den som brukar kjeldene som er ansvarleg for kjeldebruken, og ein kan ikkje skulde på at andre stend bak informasjonen. Tillegg 2 viser at namnekonsulentane har attgjeve kjelder feil. For å dokumentere Dimna som øynamn, viser dei til kjelder som faktisk ikkje nemner øya, eller som brukar Dimnøya. Dette er data som attpåtil er avgjerande dokumentasjon i tilrådinga. I eit vitskapleg arbeid ville dette verte rekna som falskneri. I eit fagleg arbeid, som tilrådinga er, stiller det seg ikkje vesentleg annleis. I ein slik samanheng er det ikkje noko som heiter i god tru. Argumentasjon i tilrådinga Namnekonsulentane skriv Me må rekne med at personar som har grundig kjennskap til dei lokale munnlege namnetradisjonane, ikkje kan nytte ei øynamnform som Dimna i skriftleg sama[n]heng viss forma ikkje har basis i den munnlege tradisjonen. Ja, kvifor må vi rekne med det? I lokalhistorisk litteratur og ein del andre samanhengar er det ikkje uvanleg å nytte historiske namn på lokalitetar, sjølv om desse namna for lengst har gått ut av vanleg bruk. At Waage tre stadar nyttar namnet Dimna om øya, viser beint fram at personar som kjenner den munnlege tradisjonen i somme høve faktisk kan nytte eit anna namn i skrift. Han seier faktisk at øya vert kalla Dimnøya (bd.4, s.479). Waage nyttar også andre namn utanfor den munnlege tradisjonen, t.d. Røren (bd.4, s.469: Namnet vert uttala Rø yra, dat. Røy rennje ). Likeins ser vi at Bjarne Rabben i Herøyboka konsekvent skriv 3

Leikanger (Gardar og folk, bd.3, s.448: I dagleg tale vert det sagt Leikong ) og Ormenes (bd.3, s.74: kalla Garvik. Ormenes er nytta berre i matrikkelen.) Dette gjeld sameleis for Knut Hasund (bygdeboka bd.4, s.190, 224; sjå også Tillegg 2, 3 og 4) som var grannen min dei siste åra han levde. I stykket brukar han namna Hod om Hareidlandet og Dimna om Dimnøya. Ingen kan påstå at Hod har noko grunnlag i munnleg tradisjon. Då kan ein ikkje bruke honom som argument for at Dimna som øynamn har det heller. (I Vikebladet mars juni 1955 var det eit omfattande ordskifte om namnet på Hareidlandet. At det galdt eit eventuelt namneskifte frå Hareidland, var om lag det einaste alle dei 10-12 deltakarane var samde om. Argumentet for Hod og eit par andre alternativ var at dei var rettast historisk, altså det same argumentet som nokon fører for Dimna om Dimnøya.) I fjerde avsnittet, om administrative (og praktiske) omsyn, viser namnekonsulentane til nokre av høyringsfråsegnene som m.a. peikar på at Dimna er namn på to gardar og ein skulekrins på den ytre sida av øya. Til dette svarar dei berre at Her må det presiserast at den aktuelle skulen no er nedlagd og at dei to gardane det er snakk om, offisielt skal nemnast med føreledda Indre (for gnr. 32) og Ytre (for gnr. 33). og at I offentleg samanheng vil det vere feil å nytte Indre Dimna som namn på den indre delen av øya. Her kan vi oversjå både byråkratiseringa av spørsmålet og det at dei held seg med galne fakta (skulen er ikkje nedlagd; og om han var, ville ikkje historia vore avskaffa). Utsegna tyder anten på manglande forståing for kva praktiske omsyn inneber (jf. brev til meg frå Kulturdept. 22.8.94, punkt 9), manglande forståing for meininga med Stadnamnlova, eller rein vrangvilje. Det ikkje formelt feil å seie at Dimna er eit gardsnamn; termen er ikkje særskilt definert. Gardsnamn er særleg nemnde (Ot.prop. nr. 66/1988-89; Innst. O.nr.22/1989-90) som viktige tradisjonsberarar. Det er rett at når dei to matrikkelgardane vert nemnde kvar for seg særskilt, vert dei kalla med Indre eller Ytre. Men det er også vanleg å omtale dei under eitt, med namnet Dimna. Det oppfyller definisjonen både på stadnamn og nedervd stadnamn. For at svaret frå namnekonsulentane skal ha meining, må dette nedervde og vanlege namnet på dei to gardane (saman) vere avskaffa. Det melder seg meir undring ved argumentasjon og kjeldebruk frå namnekonsulentane. Nokre døme: 1) Dei knyter uttrykket grundig kjennskap til dei lokale munnlege tradisjonane til Ottar Grasvik (1973) og Bjarne Rabben (1970, 1982). Men Bjarne Rabben høyrer ikkje til i bygda, han er frå Moltu i Herøy. Same kor grundig kjennskap Rabben har til munnlege tradisjonar i Herøy, er ikkje dette eit moment i ei stadnamnsak i Ulstein. Dersom namnebruken i Herøy var viktig, ville det ikkje vere vanskeleg å finne folk der som visste skilnad på Dimna og Dimnøya. I 1973 var Ottar Grasvik tolleg fersk innflyttar til bygda (og han var grannen min). Han hadde ingen særskilt historie- eller språkfagleg bakgrunn. Kjennskap til talemålet hadde han nok og han brukar Dimnøya om øya. Det underlege er at denne unge innflyttaren vert framheva framom dei mange som har levd eit langt liv i bygda. 2) Dei viser til at bygdebokskrivaren Asbjørn Waage (unntaksvis) brukar Dimna om øya. Men dei legg ikkje noko vekt på at han i den same vendinga skriv at Øya vert i daglegtalen oftast nemnd Dimnøya. Sjølv om namnekonsulentane ikkje har teke bryet med å sjekke kjelda, skulle dei kjenne dette sitatet frå tidlegare høyringsfråsegner (m.a. Leif P. Dimmen, 26.mars 94; Leif Ertesvåg o.fl., 20.mars 94; utgreiinga mi 1994). 3) Det er lagt stor og avgjerande vekt på uverifiserte (og, viser det seg, feilaktige) påstandar frå éin person, og tilsvarande lite vekt på vitnemål frå hundretals andre, endå om desse også har stønad i skriftlege kjelder. 4) Korleis kan namnekonsulentane, på bakgrunn av utsegner frå to brør og elles lite anna haldfast, slå fast at Dimna som øynamn er både vanleg på staden og nedervd? Sjølv med dei feilsiterte kjeldene attåt ville det ikkje vore tilstrekkeleg grunnlag for ein slik konklusjon. 5) Når det finst ei innarbeidd namneform som fullnøyande oppfyller alle momenta Stadnamnlova legg vekt på: Kvifor brukar namnekonsulentane si eiga og andre si tid på å vere stirrige og halde fast på ei anna tilråding? Spørsmål namnekonsulentane ikkje har svara på Då saka var oppe i 1994-95 vart det reist spørsmål om korleis øynamnet kunne vere Dimna når namnet Indre Dimna var knytt til den ytre sida av øya. Spørsmålet gjeld både historisk opphav og praktiske omsyn i dag. 1) Historisk opphav til namnet Indre Dimna. Namnekonsulentane har ikkje noko svar på korleis namnet Indre Dimna kunne verte til på utsida av øya dersom øynamnet var Dimna. Logikken talar for at øya hadde namnet Dimnøy før gardsnamnet Indre Dimna vart til. 4

Den eldste kjelda for namnet Indre Dimna ( Inderdimenn ) skriv seg frå 1610 (Lensrekneskap for Sunnmøre 1609-1610, landskyld til kruna og stiftet; avlese frå mikrofilm). Dette er ei av dei eldste kjeldene som finst for gardsnamna på øya. Det finst eitt lensrekneskap (1606-07), to skattelister (1520-22 og 1603) og to jordebøker (1480, 1530) som er eldre. Jordeboka frå 1530-åra nyttar namnet Søre Dimna ( Sødredymen ). Garden ligg nordvest på øya. Sjølv om nemninga søre- ikkje skulle ha grunnlag i talemålet, kan ikkje skrivaren ha oppfatta Dimna ( Dymen ) som eit namn på øya. Nemningane indre- og søre- ville vere meiningslause dersom Dimna var namn på øya. Namnekonsulentane viser til namnet Dimnasund, som ligg på innsida av øya. Garden Dimnasund må vere så gammal at garden Dimna ikkje kan ha vore delt i indre og ytre. Her kan det vere greitt å ta med det namnekonsulentane sjølve skriv (1.2.1995), at namnet Dimnasund må kome av Dimn og sund, ikkje av Dimna+sund. Gardane Dimna (indre og ytre samla) og Dimnasund (øvre og nedre samla) er om lag jamstore av dei større på Søre Sunnmøre og begge har gravminne frå eldre jarnalder (ca. 500 f.kr - 600 e.kr.). Anten gardsnamna er opphavlege, eller dei kom til ved namneskifte i eller før vikingtida, må øynamnet Dimn (eller kanskje Dim?) vere eldre enn det igjen. Då har vi eit tidsrom på fleire hundre år då øynamnet Dimn kan ha vorte til Dimn-øy, før garden Dimna vart delt i indre og ytre. Med andre ord: At Dimna har vore brukt som øynamn i historisk tid er ulogisk, iallfall for dei som har noko med øya å gjere. (For dei som ser øya på avstand eller ikkje ser henne, kan det stille seg annleis; her var det altså på staden som galdt.) Namnet Dimnøy må ha vorte til iallfall før 1600. Alle kjelder talar for at det har vore slik sidan då. 2) Praktiske omsyn: Folk både i Indre Dimna og på innsida av Dimnøya melder om praktiske vanskar som oppstår når ukjende trur at Indre Dimna er på Sundgot. Dette gjer namnekonsulentane til eit spørsmål om formalitetar. Dei har altså ikkje fatta eller brydd seg om kva dei praktiske vanskane inneber. Korleis skulle alle kunne vite at Indre Dimna ikkje er det same som indre Dimna? Drosjar har køyrt feil. Neste gong kan det vere sjukebilen. Alle praktiske omsyn talar for at øynamnet må vere Dimnøya. Då er indre Dimnøya utan vidare noko anna enn Indre Dimna. 3) Kven er brukarkrinsen for Dimna som øynamn? Etter Stadnamnlova ( 4, jf. Forskrifter 1-1) er det namnebruken på staden for stadnamnet ein skal ta omsyn til. Namnebruken skal ha vore vanleg på staden. Det er altså ikkje nok å finne eit par kjelder som brukar ei namneform, sjølv om dei er frå staden. Einskildtilfelle kan faktisk vere ein skrivefeil. Og kva dei måtte seie i Volda, Herøy eller Hareid eller Ulsteinvik eller Haddal for den del er underordna. Hasund ligg heller ikkje på øya, men kjem i ei særstode ved at bygda har skule, forsamlingshus og idrettsplass på øya og deler kultur- og organisasjonsliv med folket der. Det er i det heile ikkje lagt fram kjelder eldre enn 1980-åra som tyder på at namnet Dimna har vore nytta om øya av anna enn utanbygds folk. Vi sit att med utsegner frå to brør, Sigmund og Pål Arne Dimmen, som seier at namnet Dimna har vore nytta om øya. Men dei seier ikkje av kven og kor lenge. Eit stort tal andre fråsegner frå lokalmiljøet seier at Dimnøy(a), og ikkje Dimna, har vore vanleg i bygda. Påstandar kan alle kome med i ettertid, men den skriftlege dokumentasjonen (Tillegg 3 og 4) talar eintydig for at berre Dimnøya har vore nytta. Namnekonsulentane har tidlegare (1.2.1995) har funne det tenleg å tidfeste namneforma Dimnøya til knapt stort eldre enn kring 80 år. Var dette rett, må alle dei gamle vi hadde mellom oss tidlegare ha skifta namnebruken i godt vaksen alder. Grunngjeving eller underlag for påstanden har vore etterlyst før. I den siste tilrådinga aksepterer namnekonsulentane at svært mange i dag finn det naturleg å bruke Dimnøya i skrift og tale. Det ligg nær å oppfatte formuleringa (...i dag.... Like fullt... ) slik at dei held fast ved tidfestinga av namneforma. Kvar er grunnlaget for dette? Jamvel om ein vel å tru at øybuarane kalla øya Dimna for 6, 9 eller 12 hundreår sidan, må det vere eit hasardiøst fagleg steg å ekstrapolere dette inn på 1900-talet. Forskaretikk og stadnamnsaker Ved å tilrå namneforma Dimna hevdar namnekonsulentane at dette er ei nedervd og vanleg namneform for øya mellom folk på øya. Så langt har det kome fram at det finst falske opplysningar i namnegranskarmiljøet (Arne Kruse, 1989, om at Dimnøya er det ikkje grunnlag for i målføret på Dimna ). På dette grunnlaget vart namnet endra på kartet og saka kom opp. 5

namnekonsulentane har nytta eit namnekort av A. Muri som inneheld openberre feil. ( i Dimnenje kan ikkje vere om øya, jf. utgreiinga mi frå mars 1994). Namnekonsulenttenesta har gjeve anonyme kjelder ( No har me fått opplysningar..., 3.5.1993) avgjerande vekt mot lokale utsegner om det motsette. Desse brota mot all folkeskikk og vitskapleg etikk har dei framleis ikkje rydda opp i. Tvert om held dei fast på konklusjonen som bygde på dei feilaktige opplysningane. I tillegg har namnekonsulentane gjort seg skuldige i sitatfusk for å underbyggje tilrådinga si. I bladet Møre 3.12.1977 skriv noverande namnekonsulent og professor Oddvar Nes om Stadnamnforsking og forskaretikk. Det er eit skarpt innlegg i eit ordskifte og seier noko om kva ein forskar kan og ikkje kan tillate seg. Det er interessant lesnad i lys av denne saka, som han er ansvarleg for. Den gongen var det gale å rekne to alternativ for likeverdige når det eine ikkje kunne forsvarast. For dette, og for kjeldebruk og anna, fekk motparten hard kritikk den gongen. Så kan ein lure på kva 1977-forskaren ville sagt om denne namnesaka. Oppsummert Dette er den fjerde fråsegna frå Statens namnekonsulentar, dvs. to professorar i namnefaget, som har brukt over 6 år på henne. Ovanfor er det påvist at tilrådinga byggjer på - sitatfusk og feilaktig datagrunnlag - påstandar, eiga tru og subjektive meiningar - stor tiltru til uverifiserte opplysningar som synest stø oppunder det synet namnekonsulentane har frå før - manglande interesse for dokumenterte fakta og vitnemål som peikar i den andre retninga - irrelevant argumentasjon. Namnekonsulentane har knapt framskaffa noko som helst av sætande dokumentasjon, og dei har sett bort frå den andre har framskaffa. Tilrådinga er ikkje objektiv, ikkje grundig, gjev ikkje vurdering av dei ulike opplysningane og held seg ikkje til regelverket. 6

Tillegg 2: Namnekonsulentane sin bruk av brev og kjeldeliste frå Pål Arne Dimmen I brev til Namnekonsulenttenesta dagsett 6.2.1996 skriv Pål Arne Dimmen om namnet på øya. Ei liste i brevet er sentral i grunngjevinga 8.11.2001 frå namnekonsulentane (vist til som vedlegg M s.5). Sidan lista for det meste er misvisande eller direkte feil, tek eg bryet med å gjennomgå henne. Det skulle naturlegvis namnekonsulentane gjort før dei gjorde lista til eit viktig grunnlag i saka. Her må ein skilje mellom Pål Arne Dimmen sitt syn og namnekonsulentane sine oppgåver. Pål Arne meiner øya langt attende i tid heitte Dimna (fordi fagfolk seier det), og at ho difor bør heite Dimna i dag. Hans bruk av kjeldene må ein sjå i lys av dette. Statens namnekonsulentar brukar lista over kjelder som dokumentasjon i ei sak etter Stadnamnlova. Då er det reglane i Stadnamnlova dei skal halde seg til. I tillegg skal vi vente at dei følgjer vanlege reglar for kjeldebruk og at dei tek ansvar for kjeldebruken. Det er utgangspunktet for det eg skriv her. Lista skal vise døme på Dimna som namn på øya. Namnekonsulentane skriv Vidare kan det dokumenterast at Dimna er brukt som øynamnform i fleire samanhengar, og viser til kjelder i denne lista. Ho inneheld 18 kjelder, pluss nokre avisnotisar. Av dei 18 er det 10 som er direkte feilsiterte, medrekna 3 som ikkje nemner øya anna enn på sjøkart kopierte inn i boka. Vidare er det 3 kjelder som høyrer til sjølve namnesaka. Alt i alt talar kjeldene i denne lista mykje for Dimnøya, og svært lite for Dimna, som skriftleg og munnleg nedervd namn for øya. For oversynet skuld har eg nummerert kjeldene i Pål Arne si liste fortløpande frå 1 til 18. Fem av kjeldene brukar Dimnøya eller Dimmøen, ikkje Dimna, som namn på øya: (4) Norske Gaardnavne bd.13 Romsdals amt, utgjeve av Karl Rygh, 1908, med uttaleopplysningar for gardsnamn innsamla av Oluf Rygh. Her er gardsnamnet Dimmen, med uttalen dimna, rekna som egentleg Navn paa den Ø, som nu kaldes Dimmø (s.55, under gnr.32-33). Namnet Dimna, om øya, er altså framstilt som eit historisk opphav, ikkje eit namn brukt i samtid eller nær fortid. Også i teksten elles er øya kalla Dimmø (s.53). og Dimmøen (s.51, 54). (3) "Norges Land og Folk - XVI - Romsdals amt", del 2, ved A. Helland, Aschehoug, Kristiania 1911. Her er øya kalla Dimmø (s.204, 207), og vi finn namneforma Dimmøsund om sundet (s.204, 207) og "Dimmesund (Dimøsund)" om garden ved sundet (s.219). Det ser ut til at han har samla (og skrive av) stoff frå ulike kjelder. Pål Arne Dimmen viser til s. 217, der vi finn at Karl Rygh (ovanfor) er attgjeven. (8) Bygdeboka, Soga om Hareid og Ulstein, bd.1 (red. Ingvard Bjåstad, 1970). I dei delane av bygdeboka som Bjåstad (f.1918, frå Hareid) har skrive, er øya kalla Dimnøya (t.d. s.10, 17, 130, 396, 575). På s.100 er det forklaringar til gardsnamna. For Dimna/Dimmen og Dimnasund er det attgjeve det Karl Rygh skriv i Norske Gaardnavne (sjå ovanfor). Her er Dimna rekna som eit gammalt eller opphavleg namn på øya utan at det er sagt noko om notidig bruk. Dette kapitlet (s.41-123) er skrive av Eva Nissen Fett (Bergen). (9) I bygdeboka bd.1 (red. Bjåstad, 1970) s.24-40 er det eit stykke Fjellgrunn og jordbotn i Hareid og Ulstein Et geologisk oversyn skrive av Hans Kaldhol (f. 1872, frå Hareid) i 1948. Her kan ein lett misleiast til å tru at uttrykket på Dimna viser til øya. Det er feil. Uttrykket viser til gardane/grenda. (Det er påpeika før at denne preposisjonsbruken ikkje er uvanleg.) I teksten (s.25, 26, 28) er det snakk om det geologiske sambandet mellom Osnes og Dimna, altså det området på øya som er nærast Osneset. Kaldhol kallar øya Dimnøya (s.33, 40). (12) Bygdebok for born Ulstein gjennom tidene fram til 1500 av Ottar Grasvik (1973), er eit hefte utgjeve av Pedagogisk tenestesenter, Volda. Han brukar Dimnøya som namn på øya. I ei liste med namneforklaringar er gardsnamnet Dimna utlagt som opphavleg eit namn på øya. Kjelda er bygdeboka (bd.1,1970, kapitlet av Fett). To av kjeldene nemner ikkje øya i det heile: (5) Norrøn Ordbok (Hegstad, Hødnebø, Simensen; Samlaget, 3.utg.,1975). Under oppslaget Dímun, øynamn på Færøyane og på Island, er det vist til gardsnamnet Dimna i Norske Gaardnavne bd. 13 s.55. Det er altså ikkje snakk om øynamnet her. (15) Fylkeshistorie for Møre og Romsdal bd.1 av Atle Døssland (Samlaget, 1990). Her ikkje øya nemnd. Men namnet Dimna stend på eit kart på innsida av permen. Ein kan verte misleidd til å tru at dette gjeld øya, sidan 7

gardane ikkje er markert med ei liten ring på kartet. Men ikkje alle gardar/grender på kartet er merka slik (jf. t.d. Sveggen, Ålvund). Skrifttypen viser at namnet Dimna her gjeld gardane/grenda, ikkje øya. I tre av kjeldene finst namnet berre på sjøkart som er kopierte inn i kjelda: (14) Stadnamn frå Ulstein er eit hefte utgjeve av Ulstein mållag 1975. Det er hovudsakleg namna frå den lokale delen av den landsomfattande skuleborninnsamlinga i 1932 som er prikka inn på høveleg kartmateriale. Namnet Dimna, for øya, finn vi på Kartoversyn og på kart nr. 1, Skjergarden. Men det vi ser her, er (som eg påpeika i april 1995, s.6) lett kjenneleg som Sjøkart nr. 30, 1966 (sjå nedanfor). Korkje dette namnet eller andre namn i kartmaterialet (t.d. Dimmesund, Dimmen og feilplasseringa av Åsen) høyrer til innsamlinga eller er brukte av dei som laga heftet. Pål Arne tek dei tre skriftstyrarane, Johannes Dimmen, Reinh. Høydal og Johan Ottesen, til inntekt for sitt syn. Det gjer han vel uvitande om at alle tre har brukt Dimnøy om øya før denne saka kom opp (Ottesen i Fiskarsoge frå Ulstein, 1987, s.83, 84; Høydal i På norske vinger nr.5/1981, s.9). (11) I Fiskarsoga for Sunnmøre og Romsdal (som er den rette tittelen) av Bjarne Rabben, bind 1 frå 1982, finn vi namnet Dimna s. 293, på eit utsnitt (svart/kvitt) av Sjøkart nr. 308 (1977). Det ser elles ikkje ut til at forfattaren sjølv har nemnt øya i denne boka. (10) I Herøyboka Landslag og folkeliv av Bjarne Rabben, frå 1970, er øya heller ikkje nemnd. Attarst i boka er det ei kartskisse over området. Skissa er traca og signert av S.S. Traca vil seie at det er teikna på halvgjennomsynleg papir med eit anna kart som underlag. (Det er ein velkjend teknikk for teknisk teikning.) Målestokken er 1:50000. Som ovanfor er det ikkje så vanskeleg å kjenne att underlaget: Sjøkart nr. 30, 1966. (Vi ser det av slaggrunnslinja langs strandlinja, plassering av dei viktigaste øynamna, m.m.) Leksikon med ymse namneformer: (1) (2) Begge dei to nemnde leksikona har Dimma som hovudoppslag for øynamnet, og begge nemner Dimna og Dimnøy som alternative skriftformer. (Det ser ut til at namneforma Dimma først kom til i MFR sine rutetabellar omkring 1930 som fornorsking av stoggestaden Dimmen, dvs. Ytre Dimna. Elles finst namnet stort sett berre i leksikon frå 1948 og utover.) Gyldendals store konversasjonsleksikon (1972) har oppslaga Dimma (skrives også Dimna el. Dimnøy),..., Dimnøy, se Dimma., og Dimna, poststed på øya Dimma.... Men verdien av leksikon-dokumentasjon ser vi kanskje best i Cappelens leksikon (1983): Rett etter kvarandre stend oppslaga Dimma, øy s.v. for Ålesund... og Dimna (Dimnøy), øy i Ulstein kommune.... Redaksjonen er uvitande om at det er den same øya. På sjøkartet vart Dimna innført i 1966 (17) Sjøkart nr. 30 Haugsholmen Ålesund vart revidert i 1966. På den eldre utgåva (sist 1955) var namneverket uendra frå sjøkartet Ulfsten Søvde (1875). Namnebruken er ført vidare i andre sjøkart, m.a. nr.308. Mellom endringane i 1966 var Dimø til Dimna og Dimøy sørpynt til Dimna sørpynt (lykt). Det konkrete grunnlaget for dette er ikkje kjent. Heller ikkje om spørsmålet var til høyring, eller om namnekonsulenten Per Hovda avgjorde det på eiga hand. Medarbeidar og seinare namnekonsulent Botolf Helleland skriv ("Nytt om namn", nr. 26-1997, s.15) at vanlegvis gjorde Hovda alt sjølv på denne tida, og at det var ingen høyringar. Eit sannsynleg underlag er namnekortet av A. Muri (påstempla årstalet 1962), som må vere feil ( i Dimnenje kan ikkje vere om øya, jf. utgreiinga mi frå mars 1994). Dersom han hadde noko anna og betre grunnlag for namnebruken, ville det vere merkeleg om ikkje Statens namnekonsulentar denne gongen fann fram materialet. Dei har iallfall hatt tid nok. Den gongen galdt Føresegner om skrivemåten av stadnamn (frå 31.5.1957) som sa at Stadnamna skal skrivast i samhøve med den norske uttalen på staden... (avsnitt A.1). Namnet på sjøkartet vart altså valt på feil grunnlag og i strid med reglane som galdt då. Tre kjelder har direkte tilknyting til saka: Namnekonsulenten: (6) Oddvar Nes brukar Dimna som øynamn i Jul på Sunnmøre (1993). Som kjelde er dette irrelevant. Det grunnlaget han har for namnebruken skulle ein nok likevel kunne få fram i denne saka, som han er ansvarleg for. Så langt har ikkje særleg mykje kome fram. 8

Opphavet til saka: (18) (16) To svært spesielle kjelder i denne saka er Møre og Romsdal Fylkeskart (1989) og Den 5. nasjonale konferansen i namnegransking, 1988 (prenta 1991). Dei fortel meir om saka enn om namnet. Då fylkeskartet vart laga, hadde dei ein gjennomgang av namneformene på kartet og gjorde ei rad endringar. Her vart Dimnøya endra til Dimna. Det er faktisk opphavet til denne stadnamnsaka. I heftet frå namnekonferansen finn vi foredraget Arbeidet med normering av skrivemåten av namn på fylkeskartet for Møre og Romsdal av Arne Kruse. Han var med på gjennomgangen av namneformene på fylkeskartet og foredraget fortel nettopp om dette. I manuskriptet kan vi lese (s. 49) at Det epeksegetiske tillegget i Dimnøya (M711) er det ikkje grunnlag for i målføret på Dimna i Ulstein. (Epeksegetisk tyder forklarande, utfyllande, altså -øya ; koden M711 viser til kartserien namnet er henta frå, også kalla N50, og her gjeld det kartbladet Ålesund.) Kruse gjev ikkje kjelda for opplysninga. Han var kanskje i god tru, men opplysninga er openbert falsk. Så kan vi spekulere i om denne misveksten er medvite planta, eller om han er dyrka fram i namnegranskarmiljøet. Bygdeboka (gardssoga) (7) (13) Bygdebok for Ulstein og Hareid, bd.3-4 (1982, som er rett årstal): Asbjørn Waage har skrive det meste og nyttar øynamnet Dimna 3 stadar (s.479, 508, 536). Knut J. Hasund har skrive eit stykke om Hasundbygda (først utgjeve i 1972, i bygdeboka delt i to, s.190 og 224; sjå også Tillegg 4) der han nyttar namna Dimna og Hod om øyane. Bruken av dette som dokumentasjon for at Dimna er ein lokal nedervd uttale er drøfta og avvist tidlegare i denne stadnamnsaka (sjå utgreiinga mi mars 1994; sjå også Tillegg 1 ovanfor.). Til vanleg brukar Waage namnet Dimnøya (t.d. s.11, 259 i bd.3, s.202, 373, 387, 425, 427, 537, 554, 577 i bd.4). Vidare skriv han (bd.4, s.479) at Øya vert i daglegtalen oftast nemnd Dimnøya. I andre samanhengar brukar Knut Hasund Dimnøya om øya (t.d. i Vikebladet 12.8. 1971) og far hans (Johan H.) skreiv Dimmøen (på norsk-dansk) (sjå i Aarvak 12.4.1920). Asbjørn Waage brukar konsekvent Dimnøya i alle kommunale saker (han var kontorsjef) i det som er referert i dei årgangane av Vikebladet eg har undersøkt (Tillegg 3 nedanfor), og også som lokalhistorikar (t.d. i Vikebladet 21.12. 1972). Avisene: Pål Arne Dimmen hevdar Sunnmørsposten og Vikebladet-Vestposten brukar Dimna om øya. Namnebruk frå Vikebladet-Vestposten har han ikkje dømeført, men han tek med nokre notisar frå Sunnmørsposten. Med eitt unnatak er dei usignerte. Ein av dei gjeld sjølve namnesaka og to omtalar Dimnakrysset (eigentleg Hasundkrysset) som ligg i Hasund. I to er det snakk om på Dimna, utan at vi veit om det gjeld grenda (preposisjonen på er ikkje uvanleg også for grenda, sjølv om mange vil meine det er feil) eller øya. Men altså: I to, kanskje 3-4, av dei sju notisane frå Sunnmørsposten er øya kalla Dimna. I alle dei 2 4 tilfella er det offentlege utsegner/vedtak som er refererte. På denne tida (1994) låg det føre eit vedtak rett nok ugyldig, men like fullt iverksett om at i offentleg teneste skulle øynamnet skrivast Dimna. Det er rett at avisene av og til nyttar namnet Dimna om eit større område enn gardane/krinsen. Då tek dei gjerne med Hasund (på Hareidlandet) i Dimna også. Dette viste eg i utgreiinga mi frå mars 1994. Eg påpeika at dette ikkje viser noko om den nedervde uttalen på staden, og at den terrenglokaliserande presisjonen er svak. Det har vore sagt at denne bruken av Dimna om øya er noko som har kome til med innflyttarar dei seinare åra. Dei årgangane av lokalavisa eg har undersøkt (1916-21, 1934-39, 1948-57, 1967-72) er i samsvar med denne påstanden. Oppsummert: Noko nytt? Av kjeldene i lista er nr. 1, 2 (rett nok ei 6 år eldre utgåve), 3, 4, 6, 7, 13, 14, 17 og 18 drøfta tidlegare i saka, medan nr. 5, 10, 11 og 15 er irrelevante sidan dei ikkje nemner øya. Nye kjelder for namnebruken er altså nr. 8, 9 og 12, som brukar Dimnøya, og nr. 16 som gjev den urette opplysninga om at Dimnøya er det ikkje grunnlag for i målføret på øya. Når ein les tilrådinga, kan ein undre seg på om namnekonsulentane har lest tidlegare sakspapir. Kjeldene dei viser til, har dei slett ikkje sett. Sjølv for ein lokalhistorie-interessert mann som Pål Arne Dimmen har det vore vanskeleg å finne lokale døme på at øya har vore kalla Dimna. Namnekonsulentane sin bruk av lista hans må karakteriserast som sitatfusk eller (i beste fall aktlaus) juks med datagrunnlaget. 9

Tillegg 3: Namnebruk i lokalavisene Aarvak 1916 21 og Vikebladet 1934 39, 1948 57 og 1967 72 Lokalavisene er både rikhaldige og lett tilgjengelege kjelder til tidlegare namnebruk i lokalmiljøet. Aarvak kom ut i Ulsteinvik frå mai 1916 til april 1921. Først som venstreblad og regionavis for Ytre Søre ut året 1918 med undertittelen "Vinstreblad", så som lokalblad for Ulstein (utan undertittel) frå april 1919 til juni 1920, deretter frå september 1920 til april 1921 med undertittel "Blad for Ulstein og Bygderne ikring". I denne siste bolken vart bladet trykt og styrt i Ørstavik, men med representasjon i Ulsteinvik (som stod som utgjevarstad i bladhovudet). Alle tre gongane stogga bladet av økonomiske grunnar. Etter våre mål, var det få meldingar frå bygdene utanom sentrum. Redaksjonen klagar fleire gongar over at svært få melder om hendingar i bygdene. Vikebadet har kome ut i Ulsteinvik sidan 1929. Eg gått gjennom Aarvak for åra 1916 21 og Vikebladet for åra 1934 39, tiåret 1948 57 og for åra 1967 72 (åra er valde ut frå tilgjengelege mikrofilmar): I desse årgangane har eg ikkje lest kvart einaste ord, men alle overskrifter og alt det som kunne tenkjast å ha noko med øya å gjere, lysingar medrekna. Eg kan naturlegvis ha oversett eitt og anna tilfelle der Dimna er nytta som øynamn, men det seier eg først og fremst som eit akademisk atterhald. Ut frå det eg fann, kan ein seie at det er meir sannsynleg at eg har oversett ein del tilfelle med Dimnøya som øynamn. Den som ikkje lit på at eg er objektiv nok, stend naturlegvis fri til å undersøkje sjølv. (Avisene er til låns på 35 mm mikrofilm frå Nasjonalbiblioteket.) Folk og hendingar vert oftast omtala ut frå garden eller grenda dei høyrer til. Dimna er namn på to gardar, ei bygd, ein skulekrins, stoggestad for buss og båt, dampskipsekspedisjon og postopneri. I desse tydingane finst naturlegvis namnet utan at det er teke med her. Øya er særleg nemnd i saker om samferdsle, vegbygging og anna utbygging. Eg har ikkje teke med tilfelle der øy-namnet er nemnt berre som del av eit lagsnamn (t.d. omtale av eller lysingar frå Hasund og Dimnøy ungdomsmusikk, motorbåten/rutebåten Dimnøy, eller Dimnøy og Haddal telefonlag). I somme tilfelle har teksten ein namngjeven forfattar (artiklar, lesarinnlegg), eller det er sagt at det er sitat eller referat frå brev eller andre skriv frå namngjevne kjelder. Namnet på bladstyraren er kjent (utanom Aarvak 1919-20, der "styret" stend som ansvarleg). Han er ansvarleg for det som er skrive, men har også ein del medhjelparar som ikkje er namngjevne. I minneorda etter Hans B. Osnes (d.1958, 86 år) framgår det at han var referent for bladet på heradsstyremøte i åra etter at han gav seg som politikar, og ved markeringa av eit nytt kommunestyre tok over i 1972 framgår det at Reinhard Høydal (pensjonert lærar m.m.) heldt tale på vegne av pressa. Vidare må vi rekne med at ein del av det bladet kallar meldingar, korte notisar, byggjer på innleverte notat frå bygdefolket. Alle desse namnlause tekstane har eg rekna som redaksjonell omtale. Bokstavsignaturar kan i somme tilfelle identifiserast. Til dømes var signaturen H.B.O. eller H.B. Osnes allkjend, og sidan Enok (Syvertson) Hasund var formann i dyrkingsrådet t.o.m. 1918, må det vere han som er E.S. Hasund i meldingane frå rådet. I Aarvak fann eg ingen døme på bruk av Dimna (eller Dimmen) som øynamn. Dei gongane øya er nemnd, er ho kalla Dimnøya, (eller variantar som -øy, -øyi, Dimøy, og på riksmål/dansk Dimøen). 1916: 5.7. s.2 "Fraa Sundgotbygdi" (innlegg av "Strauming"), 12.7. s.3 "Peder Gjære" (red.), 12.12. s.2 "Eit 70 aars minne" (av Knut Wolle); 1917: 18.4. s.1 "Fraa Dyrkingsraadet" (Ulstein [kommunale] dyrkingsraad v. E.[Enok] S. Hasund); 1919 28.4. s.2 "Plant skog!" (innlegg av "Skogtrollet"), 15.5. "Lyngbrand paa Dimnøya" (red.), 14.8. "Dimnøya i straalehav" (red.), 25.8. s.2 "Fraahaldsarbeidet" (innlegg av Ulstein fraahaldslag, styret), 17.11. "Tyssefossen" (utgreiing av H.B.O. [ordførar Hans B. Osnes]), 19.12 (lysing utan overskrift, ved Knut Kleven, Skogvogter); 1920: 9.2. s.2 "Ny rute" (red.), 12.4. s.2 "Litt posthistorie" (artikkel av Johan K. Hasund), 14.10. s.3 og 21.10. s.3 "Tvangsauksjon" (lysing ved lensmannen, E. Moldenes). I Vikebladet frå åra 1934-39 fann eg eitt tilfelle der Dimna var nytta som øynamn. Det var i program for eit skogkurs tilskipa av Møre fylkesskogselskap, trykt i bladet 23.3. 1934 s.1, og oppatt-trykt 13.4. og 20.4. (Redaksjonen endrar ikkje slikt innsendt stoff.) Døme på bruk av Dimnøya: 1934: s.2 16.3 "Skogkurset i Ulstein" (red. omtale av kurset nemnt ovanfor); 1935: 31.3. s.1 "Ein gammal mann" (red.), 1936: 9.7 s.2 "70 år - Nils J. Våge" (namneform "Dimnaøia", på riksmål av Sigv. O. Hofseth); 3.9. s.3 "Fyrste bilen på Dimnøya!" (red.); 1937: 12.8. s.3 "Grusing" (red.); 2.9. s.2 "Løyve til drosjekøyring" (red.); 11.11. s.2 "Vegar" (lesarinnlegg av "Interessert"); 25.11. s.2 "Vegar" (motinnlegg av Ole Gardshol); 1939: 7.9. s.2 "Symde over Lyngnesvika" (red.); 28.9 s.2 "Frå vegmøtet på Sundgot" (red. ref. ordskiftet). 10

I Vikebladet frå åra 1948 57 fann eg ingen døme på direkte bruk av Dimna som øynamn. Men i eit stykke (red.) 28.3 1957 s.3 Rutebil- og mjølketransporttilhøva på Dimnøya er det sitert frå eit brev frå fylkestrafikknemnda, der det kan sjå ut til at brevskrivaren har nytta Dimna som namn på øya. Døme på bruk av Dimnøya som øynamn fann eg mange av: 1948: 11.3 s.2 De nye fyrlamper (kunngjering frå dept.); 1951: 22.11 s.2 Vegen rundt Dimnøya (red. omtale); 1952: 3.4 s.2 Knut Dimmen minneord ; 30.4 s.4 Vegen til Røyra (red. om brev frå oppsitjarane); 28.8 s.4 Heradsnytt (red.); 25.9 s.2 Peder Gjærde (minneord usig.); 13.11 s.3 (Kunngjering frå Skyttarsamlag); 1953: 5.3. s.1 Ulsteingarden (Hans B. Osnes); 30.4. s.1 Tideløyse, likesæle eller kva? (innlegg av Dimnøybuarar ); 9.7 s.1+4 Heradsnytt (red.); 1954: 13.4 s.2 Om rutebilkøyring på Dimnøya (red.); 2.9 s.3 «Fyl heradet med tida?» (ordf. Knut Ertesvåg); 9.9 s.2 Om heradet fyl med (innlegg av Rekefant ); 1955: 3.3 s.4: Hareidland- Hadarøy Hod (Hans B. Osnes); 1956: 11.10 s.3 Dimnavegen (red.), 29.11 s.1+2+4 Heradsnytt (red., fleire saker); 1957: 28.3 s.3 Rutebil- og mjølketransporttilhøva på Dimnøya (red.); 4.4 s.4 Mjølkekøyring på Dimnøya (red.); 16.4.s.3 Mjølketransporten på Dimnøya (red.); 25.4 s.3 Ulstein kommunestyre (saksliste v. ordf. Ertesvåg); 3.5 s.4 Heradsnytt (red.); 31.10 s. 3 Mjølkeruta på Dimnøya (lysing av K. Moldskred). Frå åra 1967 72 fann eg desse tilfella: Dimna er nytta som øynamn i to lesarinnlegg av Olaf Welde Hod- Haud-Hadarøy 25.1. s.1+4 og 15.2. s.2 i 1968. (I eit ordskifte om Jomsviking-slaget, der han meiner øya Hod i Fagrskinna er nåværende Dimna. Same mann nytta elles namnet Dimnøy i eit anna innlegg om same tema 5.2. 1976 s.1). Eit brev frå vegsjefen i fylket er sitert 30.11. 1972 s.1. I tillegg er det ei melding 17.6. 1971 s.2 Vellukka tur for eldre i Ulstein som kan tolkast både slik at Dimna er nytta som øynamn og slik at det er namn på bygda/gardane. Turarrangør var sosialkontoret og Ulstein Sanitetsforeining. I dei same åra fann eg desse tilfella der Dimnøya er nytta: 1967: 27.4. s.1 Bygda vår (av ein 6.klassing ved Ulsteinvik barneskule), 19.5. s.3: Ulstein kommunestyre (sakliste v. Peter Saunes, ordf.), 25.5. s.1 Fylkesvegen på Dimnøya (red. omtale av kommunestyresak), 25.5. s.3 Straumstans, 1.6. s.3 Natt-stogg, 8.6. s.3 Straumstogg, 22.6. s.3 Straumstogg (kunngjeringar frå Ulstein komm. el.verk); 1968: 22.2. s.3 Ulstein kommunestyre (sakliste v. Anton Kleiven, ordf.), 7.3. s1 Naustflytting på Dimnøya (red.), 20.6. s.3 Kunngjering (Ulstein generalplanråd), 4.7. s.3 Ulstein kommunestyre (sakliste v. Oskar V. Sundgot, ordf.), 12.9. s.3 Vegarbeid på Dimnøya (red.), 21.11. s.1+4 Forbod mot kunstig lys ved snurpefiske (ope brev frå Ulstein fiskerinemnd, Ulstein fiskarlag og Ulstein hamnestyre ved respektive formenn); 1969: 30.4. s.1 Bondesamfunn og jordbruksnæring (Asbjørn Waage ref. hovudoppgåve av Otto Rinde, Univ. Bergen), 12.6. s.3 Ulstein kommunestyre (sakliste v. Oskar V. Sundgot, ordf.), 26.6. s.1 Kommunalnytt frå Ulstein (red. omtale av vedtak), 4.9. s.1+4 På ferd i Ulstein: Bygder i framvokster (av Lauriz Eikrem), 23.10. s.3 Ulstein kommunestyre (sakliste v. Oskar V. Sundgot, ordf.), 13.11. s.2 Meir gatelys (red.); 1970: 8.1. s.1 Johanne J. Garshol (dødsannonse), 5.2. s.3 Straumstans (kunngjering, Ulstein komm. el.verk); 5.3. s.1 70 år - Verkseigar Marius Kleven (usig.), 2.4. s.3 Sakna frå Ulstein 2 funnen (red.), 10.9. s.3 TV-omformar (red.), 29.10. s.2 Litt om gatelys-utbygginga i Ulstein (innlegg av Magne Grimstad); 1971: 4.3. s.2 Bustadfelt på Breivik-gjerdet (red.), 16.4. s.3 TV-masta (red.), 1.7. s.3 Reguleringsplan Boligfeltet «Skjerva» på Dimnøya (red.), 8.7. s.4 Boligfeltet på Breivikgjerdet i Ulstein (sitat, brev frå fylkesarkitekt Per Ekroll), 12.8. s. 1+4: Litt historikk om posten i Ulstein (artikkel av Knut J. Hasund), 9.9. s.2 Premieliste (om eit M.A.-løp; ved Sportsnemnda i M.A.), 21.10. s.1 Stor spurnad etter bustadtomter i Ulstein (red. intervj. kommuneing. Bjarne Reite), 21.10. s.2 Vøling av fylkesveg på Dimnøya (red. omtale av vedtak i formannskapet); 1972: 6.1. s.1 Ulstein kommunestyre: Attersyn (red. ref. av tale av ordførar Oskar V. Sundgot), 13.1. s.1+4 Ulstein kommune framfor mange og store oppgåver (red. ref. orienteringsmøte for det nye kommunestyret), 13.1. s. 4 Julefestar på Dimnøya (red.), 24.2. s.1+4 Fylkesplanen for Møre og Romsdal (red. ref. innstilling frå kontorsjefen i Ulstein, Asbjørn Waage), 9.3. s.2 Gigantisk lyngbrann frå Høddvoll til Ulsteindalen (red.), 27.4. s.1 Prioritering av fylkesvegar (red. ref. innstilling frå kontorsjefen), 4.5. s.3 Ulstein kommunestyre (sakliste, formannskapskontoret v. Oskar V. Sundgot, ordf.), 10.5. s.1 Får vi vegtilknyting Botnen indre Sundgot? (red. siterer skriv frå Kleven Mek. Verksted A.s.), 10.5. s.1 Prioriteringsplan for fylkesvegar (red. ref. kommunesaker), 26.5. s.3 Straumstogg (kunngjering frå Ulstein komm. el.verk), 26.5. s.4 Vegtilknyting Sundgot? (lesarinnlegg av Granne ), 1.6. s.3 TV-omformaren på Høgåsskaret (red.), 22.6. s.1 Vegsambandet Sundgot Garshol-leitet (red.), 9.11. s.1 Tal frå Ulstein-budsjettet for 1973 (red. ref. sakspapir), 30.11. s.1 Fylkesvegen på Dimnøya (red. ref. kontorsjefen si instilling), 14.12. s.5 Ulstein kommunestyre (sakliste, formannskapskontoret v. Oskar V. Sundgot, ordf.), 21.12. s.3 Litt om vegbygging i Ulstein for 100 år sidan (artikkel av Asbjørn Waage), 21.12. s.7 Ulstein kommunestyre (sakliste, formannskapskontoret v. Oskar V. Sundgot, ordf.). Ettersom nokon synest det er viktig kven som skriv, tek eg med at mellom skribentane er Enok Hasund (f.1871, Hasund), lærar, kulturperson; Johan K. Hasund (f.1852, Hasund), postmann, lokalhistorikar; Hans B. Osnes (f.1872, Osnes, busett Borgarøya), ordførar, skribent, handelsmann, fiskebåtreiar, lokalhistorikar, m.m.; Ole Gardshol (f.1874, 11

Garshol), mangeårig heradsstyremedlem, båtreiar, m.m.; Knut Ertesvåg (f.1903, Ertesvåg, busett Haddal), lærar, ordførar; Knut J. Hasund (f. 1882, Hasund), postmann, lokalhistorikar, planleggjar, "medlem i tallause nemnder"; Asbjørn Waage (f.1920, Vågane, busett Ulsteinvik), kontorsjef i kommunen, lokalhistorikar. Namngjevne representantar i heradsstyret (m.a. Sverre Ertesvåg, Ingolf Eikrem, Hallvard Hasund, som var valde på krinslister frå Hasund og Dimna) er refererte i åra omkring 1950, og likeins brev om ymse saker frå folk på øya. Alle desse brukte Dimnøya om øya. Oppsummert ser vi at i desse årgangane er Dimna, om øya, nytta eit par gongar av ein innflyttar (Olaf Welde, som seinare har nytta Dimnøya), tre gongar av eit fylkeskontor eller fylkeslag, og kanskje i ein notis. Desse tilfella er seint i dei undersøkte åra. Alle andre har nytta Dimnøya. Det gjeld fylkesorgan, kommunale organ, redaksjonen og privatpersonar; meir enn 90 tilfelle. 12

Tillegg 4: Annan dokumentasjon av lokal namnebruk Det melder seg eit spørsmål om kva ein skal med dokumentasjon, når namnekonsulentane einsidig legg vekt på det som dei trur viser (men som slett ikkje viser) at Dimna har vore nytta som øynamn. Det dei kallar dokumentasjon kokar ned til at på Sjøkartet har øya (i strid med reglane) heitt Dimna sidan 1966. Resten er påstandar eller feilsitat. Sidan eg har samla denne dokumentasjonen gjennom åra, tek eg det med her. Både lokale kjelder og andre kjelder viser skriftform, men dei lokale kjeldene gjev også innsyn i kva folk i bygda har funne det rett å skrive. Lista nedanfor er avgrensa til kjelder frå Ulstein eller av ulsteiningar før 1980. (Årstalet er litt tilfeldig, men det ligg ikkje så mange år før namnegranskarane for alvor tok til å røre ved namnet noko før 1988.) Alle kjeldene (med eitt eller to unnatak) er tilgjengelege på nasjonale bibliotek eller arkiv. Alle tilvisingane er nøyaktige (med sidetal og rett tittel) slik at dei kan etterprøvast og eg har sjølv sett alle saman. Eg (som namnekonsulentane) reknar med at for gardsnamnet har den lokale uttalen vore Dimna. Denne skriftforma finn vi iallfall frå tidleg på 1900-talet. I riksmål/dansk har Dimmen (også Dimen) vore det vanlege, men av og til Dimnen (tidlegaste døme frå 1613). Som slektsnamn har Dimmen vorte ståande. Vidare finn vi namnet Dimnøy(-a/-i), varianten Dimøy (-a/-i), og på dansk Dimø(-e/-en), somtid Dimnø(-en) for øya. Begge namna, Dimna og Dimnøy, er altså vanleg kjende, både i og utanfor bygda. Ingen av dei kjeldene eg har sett (jordebøker, manntal, lensrekneskap, matriklar, skifteprotokollar, pantebøker, kyrkjebøker, aviser, m.m.) har nytta Dimnøy (med variantar) om gardane. Dette til skilnads frå t.d. Eika, der vi finn både Eiken/Eken/Egen og Ekøen/Egøen nytta som gardsnamn, t.d i kyrkjebøkene (eg har ei oldemor frå Eika). Likeins kan vi finne både Runde og Rundøe som gardsnamn. Lista i brevet frå Pål Arne Dimmen (sjå Tillegg 2 ovanfor), viser sjølv om det ikkje var tenkt slik at Dimnøya (Dimø) er vanleg og Dimna (Dimmen) heller uvanleg som øynamn. Dette berre underbyggjer det som er hevda og vist tidlegare. Namnesaka har demonstrert at det er vanskeleg å finne nokon i Ulstein som har nytta Dimna om øya før i 1980-åra. Preposisjonsbruken kan misleie nokon, slik at dei trur at "på Dimna" viser til øya medan "i Dimna" viser til grenda. Men det er ikkje vanskeleg å finne døme på at "på Dimna" utvetydig viser til bygda. Før har eg vist døme frå 1994. Hans Kaldhol sitt stykke i bygdeboka (bd.1 s.24-40, sjå Tillegg 2 ovanfor) er eit døme frå 1948. Eit eldre døme er frå Aarvak 1.7. 1916, s.1 "Den nye skulen paa Dimna arbeider dei paa no... eit pent hus dei fær seg i bygdi". Slike døme finst det fleire av, sjølv om mange vil seie det er feil. Jamvel om ein finn "på Dimna", har ein ikkje med det dokumentert bruk av Dimna som øynamn. Eg har gått gjennom lokalavisene Aarvak 1916 21 og Vikebladet for åra 1934 39, 1948 57 og 1967 72 (sjå Tillegg 3 ovanfor). I Aarvak fann eg ulike former av Dimnøy, skrive på ulike måtar etter språkdrakta, men ikkje Dimmen eller Dimna om øya. Dimna som øynamn vart nytta i eit program frå fylkesskogselskapet, to sitat frå brev frå fylket (1957 og 1972), kanskje i ei melding (1971), og dessutan i to innlegg av ein innflyttar (1968). Alle andre skriv Dimnøya. Det gjeld fylkesorgan, kommunale organ, redaksjonen og privatpersonar; meir enn 90 tilfelle. Bygdesoga (bygdeboka bd.1-2, jf. Tillegg 2) fell eigentleg utanfor avgrensinga, sidan Bjåstad og Kaldhol var frå Hareid. Boka vart skriven i nært samarbeid med sogenemnda, så eg tek dei med. Begge brukar Dimnøya om øya. Knut J. Hasund (1882-1976, Hasund) : "Glimt frå bygdelivet i Ulstein II" (utg. P. Waage, Ulsteinvik 1972). Her skriv han eit stykke om garden Hasund som ligg ved "sundet millom Hod og Dimna". (s.29, likeins s. 36). Ein del av dette stykket er teke inn i gardssoga (bygdeboka bd. 4, jf. Tillegg 1 og drøfting der). Han skriv også eit stykke om posten i Ulstein. Her brukar han Dimnøya om øya (s.43, 49). Ottar Grasvik ( Bygdebok for born, 1973, sjå Tillegg 2) kan takast med, men under tvil sidan han i 1973 var tolleg fersk innflyttar til bygda. Han brukar Dimnøya om øya. Tilrådinga dreg fram alle eldre bygdesogeforfattarar i Ulstein, utanom den første. Hans B. Osnes (1872-1958, frå Osnes): Utdrag av Ulstein bygdesoge, 1958. Han brukar Dimnøya som namn på øya (s.7, 15-18, 21, 44, 53). I denne saka har det vore argumentert med at øya skal reknast saman med øyar som Skorpa, Voksa, Eika, Sula og Vigra, som har namn som endar på a, og ikkje øy, slik dei somtid har vore skrivne tidlegare. Hans B. Osnes skriv om øynamn på Sunnmøre i Vikebladet 3.3. 1955 s.4: Hareidland Hadarøy Hod. Her reknar han opp ei rad øyar som har øy-ending i namnet, mellom dei Dimnøy; og så reknar han opp ei rad øynamn utan noko slik 13

ending: Voksa, Riste, Skorpa, Runde, Vigra, m.fl. At Dimnøy er rekna til den første og ikkje den andre gruppa, kan vanskeleg forklarast som kart- eller skriftbaserte namneformer. Dei danskpåverka namneformene (som m.a. framleis var på sjøkarta i 1955) høver ikkje med den inndelinga Hans B. Osnes sette opp. Inndelinga høver derimot med den innarbeidde daglegtalen i bygda. "Ulstein kommune" er eit informasjonshefte utgjeve av kommunen og skrive av Asbjørn Waage (kontorsjef og lokalhistorikar) i 1961, revidert 1973. Han nyttar Dimnøya (s. 3, 4, 7, 8). Otto Rinde (f.1938, frå Ytre-Dimna/Saunes): "Bondesamfunn og jordbruksnæring i ei kystbygd på Sunnmøre", hovudoppgåve i historie, Bergen 1968, nyttar Dimnøya om øya (t.d. s.4, 20, 27, 28, 50). Dimnasund, prestegard med tradisjonar er eit hefte laga av lærarar ved Hasund og Dimna skular (Norvald Ertesvåg m.fl.) i 1978/79. Dei kallar øya Dimnøya (s.2, 16). Namnekonsulentane har tidlegare (1.2.1995) har funne det tenleg å tidfeste namneforma Dimnøya til knapt stort eldre enn kring 80 år. Underlag for dette har dei ikkje (jf. Tillegg 1 ovanfor). Var dette rett, må alle dei gamle vi hadde mellom oss tidlegare ha skifta namnebruken i godt vaksen alder. Sidan det er lite truleg at alle skifta kollektivt samstundes, skulle den (hypotetiske) eldre bruken av Dimna som øynamn vise att i skriftlege vitnemål. Då er det vere interessant å røkje etter kva eldre lokale kjelder brukar som øynamn i skrift. Landsmål vart innført i Ulstein-skulen i 1908 (endeleg vedtak i skulestyret 13.12.1907), slik at mange vaksne stort sett brukte riksmål eller dansk langt fram på 1900-talet. Då må vi rekne med at talemålsforma Dimna oftast vart attgjeven som Dim(m)en (jf. gardsnamnet), og Dimnøy som Dimø eller liknande. Dimnøy/Dimøy/Dimø var einerådande i lokalavisa Aarvak 1916-1921 (sjå Tillegg 3 ovanfor). Dimnøy og Haddal telefonlag vart skipa i 1911. Dette ifl. Vikebladet-Vestposten 26.10.1996 s.10-11, med sitat frå skipingsprotokollen som brukar Dimnøy. I Aarvak er det lysingar om generalforsamling 25.11. 1918 og 30.12. 1919. Hasund og Dimnøy ungdomslag vart skipa i 1915. I protokollen er Dimnøyi nytta i referatet frå skipingsmøtet. (Sjå utgreiinga mi 1994.) "Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikk" vart skipa 1920, og "Hasund og Dimnøy Skulemusikkorps", skipa i 1970. I Aarvak 11.4.1917 kan vi lese at Rasofiel Dimmen (på Notaneset, Ytre Dimna) har kjøpt motorbåt til rutefart, og at båten har fått namnet "Dimnøy". Rutene for denne båten vart annonserte kvar veke eit års tid utover. Aarvak 16.10. 1919 melder at båten vert seld til Hitra same dagen. I eit skøyte på garden Ertesvåg tinglyst 17.okt. 1898 (Pantebok for Søre Sunnmøre nr.u, arkivnr. 2C24, sak nr.13, s.173), er namnet Dimøen nytta (skrive på dansk-norsk). Utskiftinga av utmarka på øya vart halde i 1861-63 og tinglesen 3. oktober 1864, sak nr.2, ført i Pantebok for Søre Sunnmøre nr.i, fol.139b-146b. Her er øynamnet Dimøen nemnt mange gonger. Eitt unnatak finn vi midt på fol.139b: Dimnøen. Dette er lest frå sorenskrivaren sin protokoll (Statsarkivet i Trondheim). Det finst også dokument frå utskiftinga kringom på gardane. Møtebøkene for heradsstyret har eg ikkje hatt tid/høve til å sjå, og dei er ikkje tilgjengelege utanfor kommunearkivet. Men i Vikebladet 25.3.1954 s.1 Den gamle og den nye brua siterer Hans B. Osnes utførleg frå møteboka til Ulstein heradsstyre i 1874. I møte 26.1. og 14.7. det året vart brua over Straumen (Hasund) drøfta og i begge tilfella er øya kalla Dimøen. Oppsummering: Sjølv om dette vert meir enn 100 lokale døme, kunne vi lett finne mange fleire. Vi kunne sjå i fleire årgangar av Vikebladet, i kommunale sakspapir og protokollar, i protokollar og "handskrivne blad" etter organisasjonane på øya, og i private brev og andre papir. Men det som er samla her går langt over det namnekonsulenttenesta elles reknar som "solid dokumentasjon". Ved første augnekast ser dette tillegget ut som ei einsidig opplisting av dei tilfella der eg fann Dimnøy, medan tilfelle med Dimna som øynamn er utelatne. Det er det ikkje. Alle dei tilfella eg fann er med. Det er berre det at i Ulstein før 1980 fann eg Dimna som øynamn berre i Knut J. Hasund sitt stykke (i samanstillinga "Dimna og Hod") og i nokre spreidde, utanbygds bidrag til Vikebladet. 14