Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Like dokumenter
Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Ål Venstre. Ål Venstre

Til veljarane i Tysnes

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Kommunedelplan for oppvekst

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Program for Masfjorden Venstre

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Program OSTERØY HØGRE

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

Politisk program for Jølster KrF

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

Hemsedal KRF Program

ETNE VENSTRE

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Valprogram SENTERPARTIET !

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Ungdomsplan. for Balestrand kommune. Barn frå Fjordtun på Galdhøpiggen

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Desse punkta markerar utdrag frå kommentarfeltet i undersøkinga som me har lima inn i rapporten.

Manifest. for eit positivt oppvekstmiljø Barnehage Skule - Kultur

Manifest mot mobbing Alle barn og unge skal ha eit godt og inkluderande oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing.

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

FLEIRE MED SAMAN FOR LOKALSAMFUNNET FRIVILLIGSTRATEGI HJELMELAND KOMMUNE. Vedteken i kommunestyret , sak 78/

Kommunedelplan for oppvekst

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

ARBEIDSGJEVARSTRATEGI

Valle Høgre

Korleis kan kommunane rundt Setesdalsheiane rigge seg best på næringsutvikling Heiplankonferansen Setesdalsheiane 5-6. juni 2019

Ei god framtid for alle!

Eit trygt og godt lokalsamfunn

6. Natur og miljø; - herunder arealbruk/-forvaltning, universell utforming, infrastruktur

Program for. Nesset Venstre. for perioden _Programmal 2011 A5 8s.indd 1

Partiprogram Fusa Høgre

VÅGSØY ARBEIDaRPARTI Valprogram

Høyanger KrF. Menneskeverd i sentrum

PARTIPROGRAM Vi vil behalde Fyresdal som eigen kommune også i framtida. Vil du?

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

Informasjon og kvalitetsplan

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Program for. Årdal Venstre

Frivilligpolitisk plattform

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV ODDA KOMMUNE, JONDAL KOMMUNE OG ULLENSVANG HERAD

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

Eit liberalt Sund. «Mennesket er viktigare enn systemet. Venstre prioriterer folk først.»

Oppsummering frå verkstad på Hardanger Ungdomsting 2015

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Program for. Sykkylven Venstre

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Strategi Bygge politisk og administrativ kunnskap og kapasitet til å drive påverknadsarbeid og strategiutvikling.

framtida. På lag med Tysvær Venstre

Høyring Masfjorden kommune med saksnummer034/2018 Svar på høyring om samanslåing av ungdomskular frå FAU ved Matre Skule

ROSENDAL BARNEHAGESENTER SIN VISJON :

BRUKARMEDVERKNAD I SULDALSSKULEN OG SFO

Sogndal arbeidarparti - Endå betre saman. Visjon

Bygdemøte på kommuneplanen januar -2013

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

KULTURSKULEPLAN. Forsand kommune. - Kulturskulen for alle!

INNSPEL OM VIKTIGE NASJONALE INTERESSER I SAMBAND MED DET PÅGÅANDE ARBEIDET MED EI NASJONAL RAMME FOR VINDKRAFT PÅ LAND

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Styrk rådgjevartenesta i skulen! Rådgjevaren ein nøkkelperson.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Innovasjonsmetoden vår

Kommunestyrevalet Menneskeverd i sentrum. Valprogram for Hyllestad KrF

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Kommunevalprogram

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Valprogram Sel SV

Utfordringsdokument. Status for Hjelmeland kommune, pr. oktober 2013.

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Finnøy framleis aleine?

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Stord Venstre. «Lokaldemokratiet er berebjelken i eit levande folkestyre» Håkon Frode Særsten Ordførarkandidat for Venstre

Velkomen til Røde Kors!

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

INTENSJONSAVTALE FOR SAMANSLA ING AV EIDFJORD KOMMUNE, GRANVIN HERAD OG ULVIK HERAD

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Transkript:

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM 2019-2023 For eit grønare Bjerkreim.

Gode veljarar. Her er Venstre sitt program for perioden 2019 2023. Dette er eit ambisiøst og offensivt program for eit endå betre Bjerkreim enn det vi har i dag. Vi viser her kva vi vil prioritera overfor barn/unge og eldre. Vi har ambisjonar for næringsutvikling, landbruk og vi har eit eige avsnitt der vi tek for oss ei av vår tids største utfordring: Natur, klima og miljø. Vi vil at innbyggjarane skal få del i utviklinga av Bjerkreim og vi føreslår medvirknad i form av folkemøte og at ungdom skal takast med når framtidige planar skal utarbeidast. Vår visjon er at Venstre skal vera eit parti for bygda gjennom å lytta til folket. Godt val!

Oppvekst og skule. Det skal vera godt å veksa opp i Bjerkreim, og det skal vera nulltoleranse for mobbing. I samband med nye læreplanar frå 2020 bør kommunen sørgja for eit interkommunalt samarbeid for å støtta tilsette på skulane i arbeidet med fagfornyinga. Vi vil ha fleksible barnehagar slik at foreldre kan velja dagar, og vi vil jobba for å få tilstrekkeleg og godt kvalifiserte tilsette i barnehagane. sikra barnehagedekning for dei som ønskjer det. arbeida for eit godt SFO-tilbod for alle, også i skuleferien. ha ein skule med eit positivt læringsmiljø og fagleg godt kvalifiserte lærarar at lærarane skal ha høve til bruka meir tid på elevane og at dei skal ha høve til å ta nødvendig vidareutdanning

Omsorg. Det er viktig at alle innbyggjarane opplever Bjerkreim som ein trygg og god kommune å bu i, uavhengig av alder og livsfase. Det er ikkje minst viktig for eldre innbyggjarar i kommunen. oppretthalda og vidareutvikla gode heimetenester for å sikra tryggleik leggja til rette for god bruk av velferdsteknologi Kultur og frivilligheit. I Bjerkreim skal det vera eit rikt tilbod for barn og unge, og vi vil difor satsa på kulturskulen. framleis satsa på kulturskulen slik at dei gode tilboda kan bli endå betre innføra søskenmoderasjon på 30% og fleirfagsrabatt utvida Kulturbanken med ein konsertsal, og byggja ut slik at biblioteket får plass i Kulturbanken vera ein pådrivar for fritidstilboda i kommunen. at kommunen framleis skal ha eit tett samarbeid med og vera ein viktig bidragsytar overfor frivillige lag og foreiningar arbeida for å utvida kulturkonsulentstillinga til heil stilling

Næring. Bjerkreim Venstre meiner det er viktig å utvikla nye næringar i Bjerkreim, og at det må leggjast til rette for attraktive nærings- og industriområde, ikkje minst i samband med ny E-39. Vi vil sjå på om det kan la seg gjera å vidareutvikla næringsområdet på Eigestad gjennom eit samarbeid mellom kommunane Eigersund og Bjerkreim. Bjerkreim kommune må bidra til å vidareutvikla Næringshagen. Det vil vera naturleg for Bjerkreim som miljøkommune å satsa på turisme. Det verna Bjerkreims-vassdraget og den mangfaldige naturen bør vera utgangspunkt for slik satsing. Bjerkreim kommune bør i den samanheng ta ei rolle som tilretteleggjar, f.eks. gjennom å få til ein laksefestival. Eigedomsskatt. Bjerkreim Venstre vil arbeida for å ta vekk eigedomsskatten på hus og hytter.

Ta vare på naturen. Vi vil ivareta område som er inngrepsfrie. Slik kan vi sikra biologisk mangfald og naturleg landskap for komande generasjonar. Når born, unge og vaksne får oppleva naturen, skaper det trivsel, glede og fellesskap. Naturen medverkar også til god helse, fysisk og psykisk. Dei reine og urørte naturområda vil også vera viktige for tilreisande og turistar. arbeida for at kommuneplanen sikrar inngrepsfrie område og medverka til at omsøkte dispensasjonar ikkje vert gitt for slike område bidra til auka engasjement i kommuneplanarbeidet, ikkje minst mellom barn og unge at kommunen sine høyringar og uttalar må tilleggjast avgjerande vekt - når utbyggingssaker inneber store ulemper for innbyggjarane og naturen i kommunen - når det dukkar opp vesentlege endringar og avvik i vedtekne utbyggingssaker seia nei til meir vindkraftutbygging i kommunen

Eit reint miljø. Mange forhold knytte til miljø heng saman med nasjonale og internasjonale utfordringar. Det er kjent at plast har svært negativ verknad på mange artar i naturen. Også i fiskevatn i Bjerkreim er det oppdaga fisk med plast i seg. Derfor er det viktig at også vi arbeider for å snu denne utviklinga og for å halda naturen i kommunen rein. saman med andre, arbeida med haldningar og iverksetja tiltak for at redusera søppelmengda og medverka til ei meir berekraftig utvikling arbeida for redusera bruken av unødvendig plast, handleposar og emballasje Kollektivtransport. Vi bur i ein grisgrendt kommune. Det har sine positive sider, men er mindre gunstig for transportforholda. Det er derfor viktig å finna ordningar som kan hjelpa oss til å reisa meir kollektivt, ikkje minst til og frå arbeidsplassane våre. arbeida for å tilretteleggja parkeringsplassar for kollektivreisande samarbeida med Rogaland fylkeskommune og andre kommunar i Dalane for: - å utvida kollektivrutene slik at det er lettare å reisa kollektivt til og frå arbeid - få redusert billettpris for kollektivreisande

Landbruk. Eit levande landbruk gir levande bygder, opprettheld kulturlandskapet og bidreg til triveleg miljø. Kvalitetane i landbruket utgjer eit godt grunnlag for vidare utvikling av nisje- og tilleggsproduksjon. Vi vil arbeida for at det vert lagt til rette for tett og trygt samarbeid mellom bønder og tilsynsmyndigheiter for å ivareta og sikra god dyrevelferd og trivsel. arbeida for ei framtidsretta og berekraftig utvikling for landbruket i kommunen og for at landbruksnæringa framleis skal vera berebjelken i næringslivet i kommunen arbeida for eit strengt jordvern gjera det vi kan for å medverka overfor sentrale styresmakter for å få til så gode omstillingsordningar som mogeleg for pelsdyrbøndene

Kommunen som organisasjon. Bjerkreim Venstre vil arbeida for tettare samarbeid med andre kommunar for å sikra at innbyggjarane i kommunen får tenestetilbod med høg fagleg kvalitet og god breidde. Venstre vil innanfor opplæring: vidareutvikla eit regionalt samarbeid for at lærarar og skuleleiing skal lukkast best mogeleg i arbeidet med nye læreplanar og andre endringar som kjem Venstre vil innanfor barnevern: arbeida for eit interkommunalt barnevern Venstre vil innanfor planarbeid og administrative oppgåver dela erfaringar og samarbeida om: kommuneplanarbeid beredskapsarbeid flaumsikring sikring av god kvalitet på drikkevatn

Utvikling av Vikeså sentrum. Bjerkreim Venstre ønskjer å vera i god dialog med deg som innbyggjar om kva ønskje og behov du har for Vikeså sentrum. Når mange er engasjerte, kan det koma fram mange idéar som kan vera verdifulle å sjå nøyare på. Vi ønskjer å få fram mogelegheiter, og vil gjerne leggja opp til ope folkemøte slik at du kan koma fram med meiningane dine og med det som er viktig for deg. Ønskjer vi eit treffområde eller ein møteplass for ulike aldersgrupper f.eks. torg? Korleis kan noverande omsorgssenter brukast i framtida? Kva med hotell? Parkeringsplass for pendlarar

Openheit i politikken. Vi i Venstre ønskjer at demokratiet skal vera opent og tilgjengeleg for alle. Vi har derfor opne gruppemøter, og ønskjer at kommunen sine prosessar også skal vera opne og blir tydeleg kommuniserte - fordi politikken angår oss alle. Vi vonar derfor at det er låg terskel for alle i Bjerkreim å ta kontakt, og du er velkommen til å koma med dine synspunkt og meininger. Ta kontakt med oss - enten det er på sosiale mediar, e-post eller anna. Vi skulle ikkje vera så vanskelege å finna! Oppsummering. seia nei til meir vindkraftutbygging i kommunen ta vare på matjorda og det biologisk mangfaldet satsa på kulturskulen arbeida for ei berekraftig utvikling i landbruket styrka kollektivtilbodet i kommunen sikra full barnehagedekning ha ein god og inkluderande skule for alle

Venstre sine kandidatar i Bjerkreim. 1. Tore Malmei (f. 1958) 2. Øyvind Sjøtrø (f. 1957) 3. Mona Westvik Helgeland (f. 1975) 4. Aslaug Undheim (f. 1952) 5. Arne Bjerkreim (f. 1959) 6. Terje Laksesvela Helland (f. 1985) 7. Gunnar Hågbo (f. 1974) 8. Steinar Solberg (f. 1963) 9. Siri Elin Bjordal (f. 1993) Les meir om politikken vår på: www.venstre.no/bjerkreim