1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etg., Fitjar rådhus Dato: 03.06.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Geir Tore Søreide Harald Rydland LEIAR NESTL MEDL Forfall: Namn Funksjon Representerer Bente Volden Mjønes MEDL Johnny Westvik MEDL Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Lillian Kongestøl Vik Bente V. Bjønes Benedikte Maraas Hope Johnny Westvik Frå administrasjonen møtte: Namn Olaug Haugen Marianne Ytrearne Stilling Rådmann referent Kari Fjugstad Giske Leiar Marianne Ytrearne referent Dette dokumentet er elektronisk godkjent og sendt utan signatur
2 Saksnr Innhald Lukket PS 14/19 PS 15/19 PS 16/19 PS 17/19 PS 18/19 PS 19/19 Godkjenning av protokoll Informasjon om støtte til diverse prosjekt innanfor helse- og sosialområdet Individuell plan - rettigheter og praksis i kommunen Spesialundervisning - lengde på vedtak Svarfristar ved søknad om tenester - korleis vert desse følgt Ymse Innkalling og saksliste godkjent utan merknader. PS 14/19 Godkjenning av protokoll Råd for funksjonshemma godkjenner protokoll frå sist møte. Råd for funksjonshemma godkjenner protokoll frå sist møte (Samrøystes) Som framlegg. PS 15/19 Informasjon om støtte til diverse prosjekt innanfor helse- og sosialområdet Rådmann Olaug Haugen stilte i møtet som stedfortredar for helse- og sosialsjef Anne Økland. Ho orienterte om prosjekt kommunen har fått støtte til innan helse- og omsorgsområdet. Det blei utdelt ein oversikt over prosjekta i møtet. PS 16/19 Individuell plan - rettigheter og praksis i kommunen Saka vert lagt føre utan tilråding.
3 Rådmann Olaug Haugen informerte: Henta frå tenestestandarden: Godkjent i kommunestyret 24.04.19 PS 13/19 «Tenestestandard for helse- og omsorgssektoren» INDIVIDUELL PLAN Individuell plan og ansvarsgruppe er for alle aldersgrupper. Tenestemottakar må signere for utarbeiding av plan og skal vere ein aktive part i utarbeiding av denne. Ansvarsgruppa kan gjennom individuell plan tilrå tiltak og tenester som krev ressursar, men det er tildelingskontoret som gjer endeleg vedtak og den enkelte tenesteeining som utfører og former tenesta i samsvar med eige regelverk. Den individuelle planen gir ikkje den enkelte brukar større rett til tenester enn det som fylgjer av lovgjeving på det aktuelle området. Koordinatoren skal sørgje for nødvendig oppfølging av den enkelte pasient eller bruker, samt sikre samordning av tenestetilbodet og framdrift i arbeidet med individuell plan. Som verktøy nyttar kommunen det web-baserte verktøyet til Visma, Sampro IP. Leiar Kari F. Giske fortel at ho har fått tilbakemelding fra innbyggjarar, om at «Individuell plan» ikkje fungerer godt nok. Innspelet blir sendt vidare til helse- og sosialsjef Anne Økland. PS 17/19 Spesialundervisning - lengde på vedtak Saka vert lagt føre utan tilråding. Råd for funksjonshemma ser at mange vedtak om spesialundervisning for skuleåret 2018/2019, vart endra midt i skoleåret. Nokre av desse innebar ei redusering av spesialundervisningstimar for barnet. Me meiner at ein ikkje bør endra vedtak midt i skuleåret om ein då ikkje har fått eit dokumentert behov for fleire timar eller har fått medhald i klage. At eit vedtak bør gjelda for eit heilt skuleår er i tråd med informasjonen me finn i Veilederen for Spesialundervisning, frå Utdanningsdirektoratet.
4 Råd for funksjonshemma sender uttalen vidare til skulesjef John Karsten Raunholm. PS 18/19 Svarfristar ved søknad om tenester - korleis vert desse følgt Saka vert lagt føre utan tilråding. Rådmann Olaug Haugen orienterte angåande svarfrister: Her gjeld Forvaltningslova 11a. https://lovdata.no/lov/1967-02-10/ 11a (lasta ned dato: 31.05.19) «(saksbehandlingstid, foreløpig svar). Forvaltningsorganet skal forberede og avgjøre saken uten ugrunnet opphold. Dersom det må ventes at det vil ta uforholdsmessig lang tid før en henvendelse kan besvares, skal det forvaltningsorganet som mottok henvendelsen, snarest mulig gi et foreløpig svar. I svaret skal det gjøres rede for grunnen til at henvendelsen ikke kan behandles tidligere, og såvidt mulig angis når svar kan ventes. Foreløpig svar kan unnlates dersom det må anses som åpenbart unødvendig. I saker som gjelder enkeltvedtak, skal det gis foreløpig svar etter annet ledd dersom en henvendelse ikke kan besvares i løpet av en måned etter at den er mottatt.» Alle søknader vert behandla fortløpande og etter hastegrad. I nokre saker, til dømes søknad om IP, vil behandlingstida bli lengre enn ein månad fordi det i sakens natur er komplekst. Dei fleste som søkjer får munnleg førebels svar når saka tar tid. Det er ynskjeleg, men ikkje eit lovkrav med skriftleg førebels svar. Det at einskilde brukargrupper meiner at ein ikkje treng søke skriftleg om IP er med på å forlenge sakshandsamingstida, fordi ein då må bruke tid på å innhenta samtykke eller fullmakt til å innhente naudsynte opplysningar for å handsame søknaden. Eit slikt samtykke er eit lovkrav for å sikre rettstryggleiken til den søknaden gjeld. Klagefristen i enkeltsaker er 3 veker. Leiar Kari F. Giske opplysar om at enkelte får seint svar på sine søknader, og spør om grunnen til dette. Spørsmålet sendast vidare til helse- og omsorgsjef Anne Økland. PS 19/19 Ymse
5 Sak PS 9/19 frå møtet i Råd for funksjonshemma 08.04.19 - Gartnertunet bemanning: Rådmannen vil svare slik på henvendinga frå rådet for funksjonshemma i Fitjar kommune. Rådmann har det administrativt overordna ansvar for organisering og fordeling av heilskaplege koordinerte helse- og omsorgstenester i kommunen. Dette inneber det faglege og økonomiske ansvaret, samt arbeidsgjevaransvaret for dei som arbeidar i kommunen, slik dette går fram av gjeldane delegasjonsreglement. Rådmannen ser av dei oversende spørsmåla at rådet er oppteken av område i tenestene som er nært både brukarar og tilsette. Rådmannen meiner at desse spørsmåla ikkje er på eit styringsnivå som vanlegvis er innanfor rådet sine oppgåver, slik dei kjem fram i nasjonale retningsliner. Administrasjonen er ikkje kjent med at kommunestyret i nyare tid har vedtatt lokale retningslinjer eller mandat for rådet for funksjonshemma i Fitjar kommune. Det bør skje i tilknytning til innsetjing av nytt kommunestyret hausten 2019. Ei rettesnor for mandatet vil då vere ny kommunelov, som tydeleggjer skilje mellom dei politiske organa og rådmannen sine fullmakter og personalansvar. Ut frå spørsmåla som er stilt, rår rådmannen rådet til gripe problemstillingane an på eit nivå som er av meir heilskapleg og prinsipiell karakter, der tenestene sine økonomiske og faglege rammer vert vedtekne i kommunen sine politiske organ. Svara på spørsmåla er difor i tråd med dette. 1. Det er i økonomiplanen at dei ulike tenestene får tildelt sine økonomiske rammer. Administrasjonen og tenestene forheld seg lojalt til desse. Tenestene til personar med funksjonsnedsetting og ressurskrevjande brukarar er den enkelttenesta i kommunen med dei største økonomiske ressursane sett i høve til tal på brukarar. Ressursinnsatsen er ekstraordinært stor i høve til andre samanliknbare kommunar i Hordaland og på landsbasis. Rådmannen kan ikkje tilrå ytterlegare vekst i denne tenesta, her må ein sjå på organisering og nytte/omfordele dei ressursane som allereie ligg i tenesta. 2. Leiarstrukturen i helse- og omsorgstenestene er i 2019 i endring i tråd med KS vedtak 19.12.18. Tenesta til personar med funksjonsnedsetting er i dag organisert under heimebaserte tenester og har einingsleiar og avdelingsleiar. Gartnertunet har avdelingsleiar i 100 % stilling. Ny struktur er på plass hausten 2019, der tenesta til personar med funksjonsnedsetting får eit nytt namn, «Habiliteringstenesta». Tenesta vert då ei eiga eining med eigen einingsleiar. 3. Rådmannen har personalansvar i tråd med delegasjonsreglementet. Fitjar kommune har prosedyrar ein føl med ulike tilsetjingsutval, som er samansett av leiarar og tillitsvalde og med repr. frå personalkontor. Tilsetjingar skjer ut frå ei samla vurdering av utdanning, praksis og skikkaheit. Før kommunen lyser ut stillingar har ein ei vurdering på kva type utdanning og personlege eigenskapar det er behov for. Dei tilsette må kunne jobbe med fleire brukarar og ulike utfordringar. Ein erfarer at det er tenleg å ha eit fagmiljø som kan gje ein tverrfagleg innsats. Vernepleiar er ein aktuell profesjon i denne tenesta. Kommunen har nyleg utarbeida kompetanseplan for helse- og omsorgstenestene som er vedteken i helse- og omsorgsutvalet. 4. Vi legg i møte fram ei oversikt over fagfolka på Gartnertunet si utdanning. 5. Kommunen har ikkje rutinar for å melde frå til foreldre/pårørande/verje eller politiske utval om kven som vert tilsett og kva utdanning den einskilde måtte ha.
6 Dette er ikkje praksis i nokon eining innanfor verken helse eller skule, og det er ikkje er ønskeleg å etablere slike rutinar. Tilsette vil sjølvsagt verta introdusert for brukarane dei jobbar med, og deira verge eller pårørande. Ein har krav om innsyn ved henvendelse i offentleg søkjarliste om kven som har søkt, ein får då opplysningar om; namn, alder, noverande arbeidsstad. Bustadkommune og tilknytning til eining. Når det gjeld meir informasjon om arbeidstilhøve for tilsette, er dette personalsaker og såleis underlagt personvern. Folkevalgte sin innsynsrett denne er utvida samanlikna med den enkelte innbyggjar sin innsynsrett, jf. ofl. 40. Her lyt me ha eit reglement og tek sikte på å etablere dette i etterkant av konstituering av nytt kommunestyre etter valet. Vi vil vurdere lik praksis på alle einingar med tanke på offentleggjering av eining, titlar, navn og evt. kontaktinformasjon på tilsette når kommunen etablerer nye heimesider i løpet av 2019.