Midtre Haram Storvald SA Hugseliste for jakta 2019 (01sept-23des) Lagre desse nummer før jakta startar: Vakttelefon storvaldet: 97437483 (Telefonen taklar dårleg MMS) Anders Leine: 95062408 Vakttelefon ettersøk: 48218398 (Even Otterlei, Trine Andersen, Ørjan Stene og Tor Johan Vatnehol) Jaktfeltleiar skal innan 24t etter felling sende SMS til vakttelefonen til storvaldet. Om dyret er veid kan vekt gjerne skrivast i meldinga. Alle dyr som er skote på er å rekne som skada. Ring straks vakttelefon for ettersøk, varsle deretter til vakttelefon for storvaldet dersom du ikkje finner dyret. Når første tildeling er felt kan jaktfeltet be om 1 eller 2 tilleggsløyver. Det er også høve til å søke eit tilleggsdyr når det står att eit dyr frå første tildeling. Det er jegeren si plikt alltid å vite kva slags dyr som kan fellast i jaktfeltet. Feilskyting rapporterast til vakttelefonen. Hovud og skrott skal være tilgjengelig for kontroll 48t etter varsla felling. Gi beskjed ved flytting. Ved fellesjakt mellom fleire jaktfelt, meld frå til styret på førehand. Skrapdyr meldast inn til styret straks, slik at styret får arrangere kontrollveging. Skrapdyr grensene er 20kg for kalv, 40kg for FK og 43kg for SB Satsar for fellingsgebyr i år; 411 for vakse dyr og 249 for kalv. Uendra frå 2018, men det kan skje endringar i forbindelse med samanslåing til nye Ålesund kommune. Rekning for fellingsgebyr, avgift til sporhund og eventuelt «50-lapp» til storvaldet sendast ut i forbindelse med årsmøtet. Merk at storvaldet ønskjer berre ei innbetaling per jaktfelt. Sett hjort skjema skal førast etter kvar jakt også turar der du ikkje ser dyr. Dato, vekt og kjønn/type førast inn i fellingsrapporten. Det er jaktfeltleder sitt ansvar å kontrollere at sett hjort skjema for alle jegerar i jaktfeltet blir registrert, men kvar enkelt jeger skal gjer dette sjølv. Dette gjer ein enkelt på www.hjorteviltregisteret.no eller www.settogskutt.no.
Også i år skal det takast CWD prøve av vaksne hann og hodyr. (2år og eldre). Eit funn av atypisk (ikkje smittsam) skrantesjuke på hjort i M&R, derav målretta kartlegging. Ta vare på hovud og skinn til prøveresultat er motteke. Minner om at talet på dyr er økt til 87 i år sidan Helland no er med i storvaldet. I forhold til avskytningsmålet er vi 3 dyr framføre skjema inn i siste år i driftsplanen. Logg inn med jegernummer og fødselsdato. Styret vil kontrollere at dette blir gjort i alle jaktfelt. Nytt av året er at det finnes/kjem «sett og skutt» -app for Android og IOS. Noter dato for når du høyrer beljing første gang. Storvaldet har heimeside som vil bli oppdatert undervegs i jakta: www.mihas.no Om du har tips om dokument, informasjon, bilde eller andre ting som burde vere på sida kan du sende inn e-post til: anders_leine@hotmail.com eller melding til Anders Leine. Caroline Valde administrerer Facebook side for storvaldet. På denne måten vil det være enklare å gi beskjed om oppdateringar på heimeside, diskusjon osv. Søk opp «Midtre Haram Storvald SA» og be om å få bli medlem. Neste år blir det ny driftsplan, kom gjerne med innspel i god tid før årsmøtet. Husk å sende inn bilde av vekt av revar som blir skotne, kniv i premie også i 2019. Opptre aktsamt og ansvarlig, unngå skadeskyting. Vis toleranse for andre brukarar av utmarka. ØNSKJER ALLE EI GOD JAKT! - Styret
BUKKEFELLING, STATUS PR 1.SEPT 2019 Jaktfelt som har mindre enn 40% av bukkeskyting som spissbukk mister retten til å felle eldre bukk til skeivheita er retta opp. Overtredelsar vi bli behandla som beskrive i driftsplanen for storvaldet. (Årsmøtevedtak 2010) Alle jaktfelt har med andre ord lov til å skyte eldre bukk pr. 1 sept 2019, dersom jaktfeltet har bukkeløyve tilgjengelig. Forklaring av tildelingslista på neste side: A står for Alternativ, altså det siste dyret på lista som kan veljast å skyte. Dersom A står på f.eks. et kolleløyve må kolle skytast, ikkje et alternativ til kolle. Utrekning av kva dyr som er markert med A skjer utifrå antall dyr på første tildeling etter følgande formel: Dyr i første tildeling + 150% + 2 = Dyr frem til og med A på lista. I tilfelle der 150% ikkje går opp i hele dyr blir det runda oppover til nærmaste heile dyr. Oversikt i tabell nedanfor der første tall er antall dyr i første tildeling: 2 -> 2+3+2 = 7 3-> 3+5+2 = 10 4-> 4+6+2 = 12 5-> 5+8+2 = 15 6-> 6+9+2 = 17 7-> 7+11+2 =20 8-> 8+12+2 = 22 Forklaring av fargekoder til neste side: Raud og olivenfarget kolonne er satt oppetter 2010-2014 driftsplanen. Blå og lilla kolonne er satt oppetter 2015-2019 driftsplanen. NB: Den raude delen av tabellen er forkorta for å spare plass på sida.
Merk at Jf. 25, 31, 32 og 36 har fått nedkorta tabell som følgje av at alle dyra i syklusen (fargekoden), altså 20 dyr, er skotne. Full tabell vil bli gjort tilgjengelig på heimesida, men er ikkje et format som går på en A4 side i dette dokumentet. Husk at enkelte jaktfelt har byttet løyver, og at dette kan virke forvirrande i tabellen, for 2018 sesongen gjeld dette Jf. 25, 32 og 34.
Hjorteteljing: