Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR



Like dokumenter
Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

G A M A L E N G K U L T U R

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

Andel i sameige/sams jakt

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Forskrift for namnsetting, adressering og adresseforvaltning i Åmli kommune. Vedteke i kommunestyret , sak K 09/128

Dersom summen vert over 400 g må ein trekkje dette frå.

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Addisjon og subtraksjon =1234 =1199 =1149

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Notat om historie og kulturlandskap

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

«Ny Giv» med gjetarhund

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

Brødsbrytelsen - Nattverden

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Eksamen MAT1008 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Lov om ansvar for skade som motorvogner gjer (bilansvarslova).

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Elektronisk registrering av sett hjort og slaktevekter

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Konsesjonsfritak ved kjøp av fast eigedom - eigafråsegn

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1955 HESJER

Norsk etnologisk gransking Desember 1953 R E I P O G T A U. R e i p

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Til deg som bur i fosterheim år

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Namning av vegar i Fræna Kommune

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Utval: ARBEIDSMILJØUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 09.00

Sensurveiledning til skriftlig eksamen i Matematikk 1, 1-7

SÆRUTSKRIFT. GODKJENNING AV ENDRING AV KOMMUNEDELPLAN FOR EIKEN HEIEMARK, LANDDALEN.

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

INFORMASJONSHEFTE GRUNNSKULELÆRARUTDANNINGANE HØGSKULEN I VOLDA STUDIEA RET

Eksamen MAT1017 Matematikk 2T. Nynorsk/Bokmål

Kva er økologisk matproduksjon?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kulturhistoriske registreringar

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Særavtale om veiledarfunksjon for nyutdanna lærarar.

JORDSKIFTE-EIT VIRKEMIDDEL I UTNYTTING AV BEITERESSURSANE. Av: Jordskifteoverdommar Magne Reiten, Frostating Jordskifteoverrett, 6404 Molde.

ENTREPRENØRSKAP OG REAL I BARNEHAGEN. Ivar Offerdal Eivind Rogne Britt GlomnesWillumsen Sylvi Aarland

Regulering av laksefiske i vassdrag og sjø i Sogn og Fjordane 2011 Innspel til Direktoratet for naturforvaltning

Løysingsforslag til eksamen i MA1301-Talteori, 30/

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Forskrift for namnsetjing, adressering og adresseforvaltning. Førde kommune

Forbrukerrådets husleiekontrakt

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Adresseføresegner, Sund kommune

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Brukarrettleiing E-post lesar

Kom skal vi klippe sauen

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Den regionale styredagen i. Sogn og Fjordane

FOLKEMEDISIN. 1. Kan De seie at innstillinga til sjukdom og synet på det å vere hardfør har skiftet i manns minne?

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Setring ved Håbakkselet Hareid

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Den nye seksjon for applikasjonar

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Eksempeloppgåve/ Eksempeloppgave 2009

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Einar Nedrelo Arkiv: MTR 21/48 Arkivsaksnr.: 08/

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 Emne nr. 48 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR Med denne lista vil vi freista å få greie på dei nemningane ( benevnelsene ) som bygdemålet frå gamalt nytta om grenser og grensemerke mellom eigedomar, og stadnamn som knyter seg til dei. Medarbeidaren tek berre med nemningar som fanst i bygdemålet i den eldste tida og ser bort frå andre ord som kan ha kome inn i bygdemålet frå normalspråket; dei fleste stader i landet er vel ordet grense ei slik nemning som har kome inn i bygdemålet i seinare tid. Det er viktig at nemningane og namna vert skrivne så nær opp til uttalen i bygdemålet som mogeleg, men medarbeidaren skal ikkje nytta lydskrift. Nemningane bør verta oppgjevne både i bunden og ubunden form, slik at det går fram kva kjønn ordet hadde. Nemningane bør setjast i hermeteikn. I. Grense mellom eigedomar 1. Kva namn hadde dei i bygdemålet på grense mellom to bruk av same garden? (Om døme, sjå etter sp. 5.) Med gard er her meint ei samling av gardsbruk som er delear av ein einskild opphavleg gard og som framleis har sams gardsnamn (Ås, Nes, osb.); med bruk er meint dei einskilde partane som denne ophavlege einskapen kan vera delt i, og som kan ha serskilde bruksnamn (Nils-bruket, Ola-jorda, Oppiogard, Nistova, Nitun o. l.). 2. Dersom bruka hadde jorda i fleire stykke som låg om kvarandre, kva ord nytta dei då om grensa mellom dei ulike teigane? 3. Kva ord nytta dei om grense mellom to opphavleg sjølvstendige gardar (med ulike namn og/eller gardsnummer)? 4. Var det ulike ord for grensa dersom slike gardar låg til kvarandre med a) innmark mot innmark, b) innmark mot utmark 1

eller c) utmark mot utmark. Kva ord vart i tilfelle nytta i kvart høve? 5. Var det sers ord for grense mellom delar av eigedomane som låg heller langt frå innmark og heimemark, t. d. i fjellet? Det kan vel henda at dei i mange bygder nytta same ordet eller orda i alle dei tilfella som er enmnde ovanfor. Vi vil gjerne få svar på alle spørsmåla likevel. Til døme på namn som kan koma på tale i desse spørsmåla, kan vi nemna eit eller ei skifte (- a), eit byte eit dele eller deile, ei deild, ei markedeild eller mardeild, ein deldestreng eller berre streng, eit skil eller skjell, eit markeskil eller -skjell, ein skilvange, ei grense, eit landmerke, ei line, ei rør, ei rå, ei langrå, eit rådele eller rådeile. 6. Er nemningane eit kann, kannbyte, kanningsbyte o. l. kjende i bygdemålet frå gamalt? Vart slike nemningar i tilfelle bruka om eit serleg slag grense? Ordet kann og nemingar som er samansette med det, vitnar oftast om ei einsidig grensefastsetjing, ved at ein gard har okkupert eit område og fastsett grensa sjølv. Jfr. ordelaget Eg kanna til meg. 7. Er det kjent noko stadnamn i bygda som er samansett med ei namning på grense, t. d. Skjellbekken, Deledalen, Bytenuten, Deila, Deilsbakke, Deildokk, Deilrind, Deilskos, Merkebekk, Skjellstad, Bytet, o. l.? Var det vanleg med slike naturlege grensemerke mellom gardane? Slike stadnamn fell i hovudsak i to grupper: a) Skjellbekken, Skiftesbenne, Byteåna, Deledalen o. l. Slike namn vitnar om at grensa var heilt naturleg. b) Skiftesvika, Delenuten, Bytehamaren, Skjelltinden, o. l. Slike namn vitnar oftast om at grensa var fastsett som rette liner mellom naturlege og karakteristiske punkt (t. d. frå Skiftesvika opp i Bytehamaren.) 8. Korleis ordla dei seg når dei skulle segja at ein gard grensa til eller mot ein annan gard? T. d. Vi skifter med Dal. - bytest mot, - har dele mot, - vallar mot e. l. 2

II. Eigedomsgrense mot og i sjøen 9. Kjenner De noko eigedomsgrense mot sjøen og kva vart den kalla (marbakke, molbakke, (moldbakke), landbakke e. a.)? Om det ikkje er marbakke, kvarhelst går då grensa (der ein man ikkje kan stå botn, der ein helst ikkje kan stå botn, der ein kval kan flyta, så langt ujte som eit steinkast, eit pilskot eller eit børseskot frå land, på 3-4 famner djupne eller på 2 m djupne ved vanleg fjære sjø)? 10. Har grunneigaren (landeigaren) retten til å ta sand opp av botnen, og kor langt ut går då den retten? 11. Har grunneigaren retten til å ta tang og tare frå botnen, og kor langt ut går då den retten? Gjeld same retten for ålegras (marlauk)? 12. Kan kven som helst ta ostre (østers) eller agnskjell, eller har grunneigaren einerett på det, og kor langt ut går då den retten? 13. Grunneigaren har til vanleg eineretten til å setja ut kilnot etter laks og likeeins eineretten til å fiska etter laks med sitjenot (verpenot) og krokgarn. Kjenner De noko unnatak frå den regelen, stader der kilenotfisket er fritt? 14. Kjenner De nokon stad der fisket med botngarn er fritt? 15. Kjenner De nokon stad der fisket med sitjenot (verpenot) etter makrell er fritt? 16. Vert det nytta slik reidskap etter annan fisk enn laks og makrell, og kjenner De nokon stad der slikt fiske er fritt? 17. I regelen har grunneigaren eller bygdefolket ingen førerett til å fiska etter hummar med teine, men sume stader har dei etter sedvane unnatak frå den regelen. Kjenner De nokon slik unnataksregel, og kva går den ut på? 18. Kjenner De nokon stad der berre grunneigaren har rett til å fiska med kastenot, og kor langt går då den retten? 19. Kjenner De nokon stad der grunneigaren har einrett til å setja garn i sjøen utanfor sitt land? 20. Når ein fiskar set ut garn eller teiner som skal stå frå kvelden til morgonen, vert det mange stader rekna for fullt 3

lovleg at han knyter garntoget fast i tre, steinar e. a. på annan manns grunn. Andre stader reknar dei slikt for ulovleg. Kva er regelen i den bygd De bur i? 21. Finst det i den bygda De bur i gamle kval-vågar eller sel-vær. Der grunneigaren har retten til å fanga kval eller sel (kobbe)? 22. Kjenner De til at det har vore grense mellom gardane ute på fiskegrunnane og kva kalla dei slike grenser? III. Eigedomsgrense i vassdrag 23. Har De høyrt om mar- eller molbakke, molbrøt, molrein, mærrein eller mælrein i innsjø eller vatn, og kvarhelst går den bakken? 24. Kjenner De noko eigedomsgrense som fylgjer eller har fylgt eit vassdrag? Kor gjekk ho då (etter djupålen, djupvassfura, midtstraumen e. l.) og kva vart ho kalla? 25. Dersom grensa går etter djupålen og den flytter seg, rekna folk då at grensa òg flytter seg eller vert den verande på same staden? IV. Gard eller gjerde mellom eigedomar 26. Når det gjekk gard (gjerde) mellom eigdomar, kva kalla dei då garden eller gjerdet (merkesgard, bytesgard, skiftesgard, skjellgard e. a.)? Vi vil gjerne få vita om det var ulike namn etter som det var utmark på begge sider av garden eller gjerdet (markagard, utågjersgard), innmark på eine og utmark på andre sida eller innmark på begge sider, likeins om dei nytta ulike ord om ein slik gard eller gjerde etter som den skilde mellom to opphavlege gardar eller mellom to bruk av same garden. (Dette har vi spurt etter tidlegare i spl. 15, Gjerde. Dei som har svar på denne lista og ikkje vil ha bryet med å svara på dette spørsmålet, kan lata det vera.) V. Grensemerke 27. Dersom det ikkje var gard (gjerde) langs grensa mellom to eigedomar, korleis var då grensa merkt? Var det nokon skilnad om 4

det galdt grense mellom to opphavlege gardar (sjå sp.3), mellom to bruk av same garden (sjå sp. 1) eller grense mellom teigane til dei ymse bruka av same teigdelte garden (sjå sp. 2)? Det mest vanlege var å nytta kunstige grensemerke som krossar i berg eller jordfaste steinar, oppsette merkesteinar med to vitne eller vitnesteinar attmed, røysar, innhogne krossar i tre, nedsette jarnboltar o. l. 28. Kva ord hadde dei for slike merke, og var det skilnad på orda for merka ved dei ulike slag grenser som er nemnde under sp. 13? Her er det òg mange ord og nemningar som kan koma på tale. Som døme nemner vi først ord for grensemerke i det heile: eit eller ei skifte (-a), eit dele eller deile, ei deild, eit skil- eller skjellmerke, eit kann, ei rør, ei rå, eit råmerke. Det kan òg vera ord for einskilde slag merke, som bytestein, del- eller deilestein, deildestein, mark- eller marstein, merkestein; bytetre, bytebjørk, bytefura, deletre, merketre, merkebjørk, merkefura, skiftefura. 29. Eit eige slag nemningar er hornstav og stavstod ( stabstod ); det var ord for serlege, viktige grensemerke. Stavstod er kjent frå Vest-Agder og Rogaland og var namn på merket der grensa for tre eller fleire oopphavlege gardar støytte saman. Kjenner De desse orda eller andre ord for grensemerke som dei rekna for sers viktige, t. d. der tre eller fleire opphavlege gardgrenser støytte saman? 30. Kjenner De til at det vart lagt oske, glasbrot, krit, kol, never eller anna under merkesteinane? Kva skulle dette tena til? 31. Kjenner De frå bygda noko segn om deildegasten, ein som måtte gå att etter døden fordi han hadde flytt deildesteinar? 32. Kjenner De frå bygda nokor segn om at folk har vist vitet fordi dei har flytt merkesteinar? 33. Vert det fortalt eller kjenner De døme på at den som skulle læra frå seg grensene til ettermannen sin, gav denne eit slag under øyra kvar gong han nemnde namnet på eller viste han ein stad der det stod ein merkestein? 5