Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen. All på melding til individuelle renn skjer via «Min idrett»: https://minidrett.nif.no/ Når det gjeld stafettar, er det Trude som må melda på. Send då melding til Trude (tlf: 92047203) om kven som skal gå på stafettlaget, i kva klasse dei skal gå og etappefordelinga. Ny brukar på Min idrett? Då gjer du slik: Vel ny brukar oppe til venstre like attmed Logg inn-knappen. Deretter fyller du ut opplysningane i registreringsskjemaet og trykk grøn pil. Dersom det er born du legg inn, kan det vera lurt å leggja inn ein av foreldra sitt mobilnummer og e-post adresse. Så må du velja brukarnamn og passord. Så får du tilsendt sms med ein pin-kode. Om du får spørsmål om andre ting du må fylla ut, gjer du dette steg for steg. Om du evt skulle vera registrert i min idrett frå før, viser eit «matchande» treff og du får du spørsmål «om dette er deg». Er det deg, bekreftar du dette, elles blir ein lagt inn to gonger.
Brukarnamnet og passordet du lagar no, skal du bruka kvar gong du loggar deg inn på Min idrett. Då brukar du logg inn knappen oppe i høgre hjørne når du går inn på sida https://minidrett.nif.no/ og påloggingsvindauga kjem opp. Påmelding: Når du er logga inn på Min idrett, finn du «Påmeldings-knappen» oppe i høgre hjørne. Via den kjem du inn på påmeldingssida. Der kan du søkja etter rennet du vil melda deg eller borna dine på. Det er viktig at ein stavar namnet på rennet riktig, utan er det fort at søkjemotoren ikkje finn det. Du kan og velja avansert søk. Då er det lettare å få treff.
Når du har funne rennet du vil melda på, må du velja deltakar i nedtrekksmenyen. Deretter vel du klassen utøvaren skal stilla i (evt sjekkar at det er rett klasse som kjem opp, og deretter må du kryssa av for distansen. Til slutt trykkjer du «Legg til påmelding».
Neste steg er gå til handlekorga: Her bekreftar du påmeldinga. På renn i kretsen er det Bulken IL som betalar startkontigent. Laget får tilsendt denne frå arrangørklubben. Men du må bekrefta i handlekorga for at påmeldinga skal verta bekrefta. Kvittering for påmeldinga: Du vil motta bekrefting på påmeldinga på e-post og.
Du kan og melda på renn via ei lenkje i terminlista på kretsen sine sider. Finn rennet du vil gå i terminlista, og vel meld på. Då kjem du rett inn på nettsida «Min idrett», logga på og søkja opp rennet du vil melda på. Er du pålogga i Min idrett før du går inn og melder på via kretsen si terminliste via ein ny nettlesarfane, kjem du rett inn på riktig renn og slepp å søkje rennet opp der. Ved å velja kalendar når du er pålogga i «Min idrett», får du oversikt over renn familiemedlemmer er påmeldt.
Heile familien samla: Du kan velja å leggje til familiemedlemer til din eigen «brukar». Det gjer påmeldinga av fleire i familien enklare og skapar oversikt. Laga «familiegruppe» gjer du slik (henta frå «Min idrett»): Legg til familie Du kan legge til dine familiemedlemmer fra din egen profil i Min idrett. Hvert enkelt av familiemedlemmene du legger til vil ha sin egen profil og vil kunne logge seg inn hver for seg, samtidig som du selv kan administrere hver av profilene samlet. Du kan for eksempel melde på og betale for kurs og arrangementer, og betale for lisenser for hele familien i en operasjon. Dette gir også muligheter for at barna etter hvert som de blir eldre, kan logge seg på selv, og vedlikeholde sine egne kontaktopplysninger og på egenhånd melde seg på til ulike arrangementer og kurs, samtidig som foreldrene i sin egen profil kan følge med på hvilke kurs og arrangementer barna er påmeldt, og følge med på om lisensen er betalt, etc. Hvordan legge til familiemedlemmer? Logg inn på minidrett.no Klikk på Min profil Klikk på Legg til familie Det er tre alternative måter å legge til familie på: 1. Under Foreslåtte, vil personer som er registrert med samme e-postadresse som deg selv automatisk vises. Sett hake for de du ønsker å legge til, og klikk på knappen Legg til. (Arkfanen Foreslåtte vises ikke, dersom det ikke er noen profiler registrert med samme e- postadresse) 2. Under Eksisterende profil, kan du legge til profiler som allerede er registrert med en annen e-postadresse enn din egen. Skriv inn e-postadresse til profilen du ønsker å legge til, og klikk på knappen Søk. Sett hake foran den eller de du vil legge til, og klikk Legg til. Det blir da sendt en forespørsel om familietilknytning til denne profilen, som mottaker må logge inn i sin profil og godkjenne. 3. Under Nytt familiemedlem, kan du registrere familiemedlemmer som ikke tidligere er registrert. Skriv inn personopplysninger, og klikk på knappen Legg til.
Når du loggar deg på vil dei i din familie komma fram på skjermen, og du kan velja akkurat den du vil: Du kan administrera familien din ved velja funksjonar nedanfor: Lukke til med påmeldinga og med renndeltaking! Me sjåast i skisporet! Heia Bulken! Har du spørsmål, ta kontakt. Trude (92047203)