Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket



Like dokumenter
3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Til deg som bur i fosterheim år

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

mmm...med SMAK på timeplanen

Minnebok. Minnebok NYNORSK


Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Jon Fosse. For seint. Libretto

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

OK, seier Hilde og låser.

Sofies hemmelegheit.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Hei alle sjøstjerneforeldre

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

SÅ LENGE INGEN SER OSS ANDERS TOTLAND

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Brannsår, rus eller friheit?

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

ARBEIDSPRØVEN Nynorsk ELEVHEFTE

m j ø s o r m e n leseserie Nynorsk Norsk for barnetrinnet Wenche Hoel Røine Illustrert av Anette Grøstad

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

FANTASTISK FORTELJING


EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Del 1 Ordklasser. ADVERB... 2 Måtesadverb... 3 Tidsadverb... 4 Stadadverb... 5 Gradsadverb... 7 Setningsadverb... 8 Gradbøying...

Rukia Nantale Benjamin Mitchley Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 5

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Informasjon til elevane

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Månadsbrev for Rosa september 2014

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

I N N H O L D. Forord

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Om å høyre meir enn dei fleste

Månadsplan for Hare November

Lindiwe Matshikiza Meghan Judge Espen Stranger-Johannessen, Martine Rørstad Sand nynorsk nivå 3

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Brukarrettleiing E-post lesar

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Med tre spesialitetar i kofferten

Noteringshefte. N Y N O R S K Trinn 3 5

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Birger og bestefar på bytur til Stavanger

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Tor Arve Røssland. Oslo

Det Norske Samlaget Omslag: Stian Hole. Tilrettelagd for ebok av BookPartnerMedia, København 2015 ISBN

HEILSETNINGAR... 2 Ordstilling... 2 Oppsummering av ordstilling Spørjesetningar Imperativsetningar Det-setningar...

Jon Fosse. Olavs draumar. Forteljing

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Kom skal vi klippe sauen

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

6. trinn. Veke 24 Navn:

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

PREPOSISJONAR... 2 Stad... 2 Tid... 6 Eigeforhold eller tilknyting... 9 Preposisjonar i faste uttrykk... 10

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Kva er økologisk matproduksjon?

Alt det lyse og alt det mørke

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Transkript:

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket Historia om korleis Kongleriket adopterte eit tvillingpar frå Afrika 1

Anna Anna bur saman med pappaen sin i eit raudt hus i ei lita bygd ved utkanten av Kongleriket. Ho er åtte år og har nettopp flytta til bygda, og kjenner ingen av dei andre barna på skulen. Pappaen til Anna har det alltid travelt og jobbar og jobbar, derfor er Anna ofte åleine, og då brukar ho å øve på trompeten sin. Anna er kjempeflink til å spele trompet, og ho drøymer om at ho kanskje ein dag kan blir så flink at ho kan spele i band saman med andre. Anna drøymer i det heile tatt ganske mykje... Elin Ekorn Ekornet Elin er svært feminin og ganske jålete. Ho har huset sitt høgt oppe i ei gammal gran. Der held ho alt i flott stand. Det meste av møblar og gardiner går i rosa. Elin går aldri ut utan å ha pynta seg. Skuffer og skap er fulle av sminke, hårspray og stas. Ho er elles effektiv og energisk og har alltid mykje å styre med. Ho er også litt av ein flørt, og Kåre Bjørn er ganske svak for henne. Han har lova at ho skal få kore i bandet hans, til stor irritasjon for Kurt som meinar ho er for overflatisk til å synge blues. Elin er elles snill og hjelpsam mot alle, og drøymer om å få vere med i Fiol. Lucy Lemen Lucy Lemen bur i ei jordhole på skogstorget. Ho er vanlegvis snill og medgjerleg, men har ein tendens til å hisse seg voldsomt opp om det er noko ho finn urettferdig eller feilaktig i Kongleriket. Då blæs ho seg opp til ein ballong, og ho kan til og med lette dersom ho blir sint nok. Ho går derfor med ei snor rundt eine foten, og dei andre dyra må skunde seg å halde fast i snora om ho blir sint, slik at ho ikkje skal forsvinne til vers. Lucy er elles ei klok dame og redaktør for Kongleposten. Ho er energisk og alltid på farten, det er alltid nyheitssaker å dekke, og ho er kjent for å vere snarrådig og klok i krisesituasjonar. Ho arbeider best under press, underleg nok. 1 tonn 2

Sjiraffen Sverre Moses Sjiraffen Sverre Moses blei adoptert til Kongleriket for eit år sidan. Sverre Moses stortrivst, men har vore konstant forkjøla etter at dei flytta til Noreg, og går alltid rundt med eit stort skjerf knytt rundt halsen. Han er også i ein permanent tilstand av forundring, men i følgje Apen Albert har ikkje dette noko med Noreg å gjere. Han har alltid vore slik, og standarduttrykket er: Kva for noko? Er det sant? Er god ven med Kåre Bjørn og spelar gitar i bandet hans. Sverre Moses og Apen Albert bur saman i ei høg gran. Hjørdis Hjort Hjørdis Hjort er Konglerikets mamma. Ho er flittig og energisk og bur i ein praktisk og funksjonell heim i ei bjørk, med hekla duk på bordet, stor kjøkenbenk og blåmala veggar. Ho er kjempeflink til å lage mat og bakar, saftar og syltar. Dersom det er nokon som har det vondt i Kongleriket, veit Hjørdis Hjort korleis det skal trøystast og plastrast og blåsast på. Men ho er også streng og er alltid på vakt mot til dømes Apen Albert sine rampestrekar. Det er nok berre Hjorten Hjørdis som Apen Albert lyttar til. I smug er ho veldig svak for Bamsen Kåre Bjørn og gir han blåbærpaiar og blåbærsaft så det held. Hjorten Hjørdis har tatt på seg det fulle og heile ansvaret med å vatne og passe på Pengetreet og Ønskebrønnen. Ho skriv også mat-spalter i Kongleposten. Apen Albert Apen Albert er rampete, tiltaksam, energisk og nysgjerrig. Han er alltid høgt og lågt, umulig å halde følgje med, full av gode idear og spillopper. Albert elskar å spele andre eit puss, men det er ikkje vondt meint. Han beundrar bamsen Kåre Bjørn enormt og diltar alltid etter han kvar han går. Går også rundt og seier Det er heilt Kongle fordi Kåre Bjørn gjer det. Har insistert på å spele trommer i bluesbandet. Sverre Moses er ofte uroleg og engsteleg for Albert, som i sin tur er lei av å måtte sprengfyre i den felles heimen deira fordi Sverre Moses frys slik. 3

Bamsen Kåre Bjørn Bamsen Kåre Bjørn er ein stor, godsleg brunbjørn som elskar blues. Han spelar bassgitar og bur i ei ungkarshole midt på Skogstorget. Hola ligg inne i ein stor, gammal furustamme. Kåre Bjørn er hjelpsam, avslappa, alltid roleg same kva som skjer. Men han er litt lat, likar ikkje å rydde eller lage mat, men veldig glad i å ete og går ofte på besøk til dei andre for å få seg ein matbit. Han er spesielt glad i alle dei gode matrettane Hjørdis klarer å diske opp med. Trivst elles best i hola si der han spelar gitar, slappar av, roar engstelege dyr og lyttar til musikk. Han bruker alltid solbriller og sørger alltid for å sjå kul ut same kva han gjer. Elskar blåbærpai, blåbærsaft, blåbærte; alt som har med blåbær å gjere. Standarduttrykk: Det er heilt Kongle! om alt som er kult. (Vi har ein mistanke om at Kåre Bjørn var med i eit omreisande band mange år før han busette seg i Kongleriket.) Han har starta det første bluesbandet i Kongleriket. Brede Bre Brede Bre kjem frå dei høge fjella, men rømde heimanfrå då breen han budde i berre krympa og krympa og han blei uroleg for at han snart ikkje skulle ha nokon heim. Han har budd i Kongleriket ei god stund og er alltid på jakt etter ein ny bre, men har førebels fått bustad i kjøleskapet til Kåre Bjørn som alltid er fullt av isbitar (som Bamsen skal ha i blåbærsafta si). Brede er engsteleg av natur, han må ofte trøystast, men han trivst godt hos sterke, trygge Kåre Bjørn og kunne eigentleg ikkje tenkt seg å flytte frå Kongleriket. Han frys støtt, men det er slik han vil ha det. Brede er nesten gjennomsiktig og har blitt forveksla med eit spøkelse. Brede spelar skjerande falskt på sag i Kåre Bjørn sitt band. Konglekrabben Kurt Konglekrabben Kurt forvilla seg til Kongleriket for mange år sidan. Kjem opphavleg frå fjøresteinane rundt hamna i Bergen. Han har alltid vore ein ivrig korsangar, og på ei korutflukt til Sogn ein sommar kom han vekk frå gruppa under suvenirshopping. Han har sidan budd i Kongleriket og trivst eigentleg svært godt med det, men klagar stadig over at alt var betre i Bergen. Prøver å få bli med i Kåre Bjørns Bluesband for å kore. Veit alltid best, litt overlegen, men tar ofte feil. Men han er eigentleg veldig snill og følsam på botnen. Det går ofte litt tregt med Kurt, til stor irritasjon for dei andre. Kurt bur i ei gammal vasstønne og er næraste nabo til Ønskebrønnen. På ettermiddagane sit han ofte og stirar lengselsfullt ned i brønnen medan han øver på songar som Byen er Bergen og laget er Brann. 4

Historia der vi får møte Anna for første gong, og den skumle elggjengen som inntek Kongleriket Kongleriket ligg midt inne i ein skog og har fått namnet sitt fordi det er så mange kongler akkurat i denne skogen. Midt i Kongleriket står det ein magisk Ønskebrønn. Dersom du kastar ein kongle i brønnen kan du ønske deg noko. Det er viktig at det er eit fint ønske, og det går godt an å ønske seg noko for andre enn seg sjølv, om ein vil det. Alle har berre to ønske i året, og det er viktig at du ikkje fortel dette ønsket til nokon, for då blir det ikkje oppfylt. Ein gong i månaden kjem ein Musepatrulje med pengetransport til Kongleriket. Det er alle sparebøssene til barna som skal tømmast i Ønskebrønnen. Pengane blir talde opp, og etterpå blir dei hengde til tørk på det fine Pengetreet som står rett ved sidan av Ønskebrønnen. I utkanten av Kongleriket, ligg det ei bygd. Der bur Anna. Ho har nettopp flytta hit og kjenner ingen av dei andre barna på skulen. Anna er åtte år og bur i eit raudt, lite hus saman med pappaen sin. Pappaen til Anna har det alltid travelt og jobbar og jobbar. Derfor er Anna ofte åleine, og då brukar ho å øve på trompeten sin. Anna er kjempeflink til å spele trompet, og ho drøymer om at ho kanskje ein dag kan bli så flink at ho kan spele i band saman med mange andre. Anna drøymer i det heile tatt ganske mykje I Kongleriket held alle på med sine daglege gjeremål. Det skal vere bandøving heime hos Bamsen Kåre Bjørn i kveld, og mange av dyra held på å førebu seg til det. Hjørdis Hjort bakar blåbærpai på kjøkenet sitt. Paiane har ho tenkt å servere på øvinga. Mens ho bakar, lyttar ho på Konglenytt på radioen. Der får ho høyre at ein mystisk elggjeng har blitt observert på motorveg E36. Denne mystiske gjengen skal visstnok vere frå Hellesylt, seier dama på radioen. Hjørdis Hjort blir litt uroleg og kikkar ut på Pengetreet som står på torget rett utanfor vindauget hennar. Alt ser normalt ut, og ho sukkar letta før ho held fram med bakinga. Elin Ekorn sit i den nypynta heimen sin og syr på eit skjørt i lekkert spindelvevstoff som ho nettopp har funne. Ho har tenkt å ha på seg skjørtet på øving. Ho er alltid nøyen med påkledningen når ho skal vere korjente. Elin Ekorn sit som vanleg og fantaserer om at ho skal melde seg på Fiol for det har ho lese om i Kongleposten. 1 tonn Heime i huset til Sjiraffen Sverre Moses og Apen Albert er det ikkje så god stemning. Sverre Moses har blitt kjempe forkjøla etter at Albert gøymde skjerfet hans i dag tidleg, då dei skulle ut for å finne kvistar og konglar i skogen. Dei hadde nemleg brukt opp alt brenselet kvelden før, fordi Sverre Moses krev sprengfyring i huset sidan han alltid frys. Eg har spesielt følsame luftvegar, seier han grettent der han no sit i stolen sin framfor peisen med ein varm blåbærtoddi, ullpledd og tøflar. Han har dundrande hovudpine, og det hjelper ikkje at Apen Albert øver på å slå rytmar med pinnane 5

dei har funne i skogen. Han vil imponere Bamsen Kåre Bjørn på øving i kveld, og vise at han kan bli den største trommeslagaren som Kongleriket nokosinne har opplevd. Bamsen Kåre Bjørn er ute på luftetur til ei forandring. Han går forbi huset til Sjiraffen Sverre Moses og Apen Albert, og diggar og dansar når han høyrer dei flotte rytmane. Utanfor huset til Hjørdis Hjort stansar han opp og sniffar i lufta. Den herlegaste dufta av blåbærpai siv ut frå kjøkenet. Kåre Bjørn er ikkje sein om å banke på. Han let som han berre skal sjekke at alt står bra til, men Hjørdis Hjort forstår kva han vil og inviterer han inn på pai. Lukkeleg set Bamsen Kåre Bjørn seg ved bordet, og Hjørdis Hjort fortel om den mystiske elggjengen. Men Kåre Bjørn er altfor opptatt med å gafle i seg pai til å høyre skikkeleg etter. Lucy Lemen er i ferd med å krysse Skogstorget. Ho er på jakt etter spor frå elggjengen som ho skal lage ein reportasje om i Konglenytt. Då møter ho på Konglekrabben Kurt ved Ønskebrønnen. Han held på å øve på Byen er Bergen. og fortel henne at det skal vere bandøving om kvelden. Lucy Lemen, som sjølv meiner ho er ein dyktig trombonist, har ikkje høyrt eit ord om øvinga. Ho blir så opprørt og rasande over at ingen har invitert henne at ho bles seg opp til ein liten ballong. Før Kurt rekk å reagere, lettar Lucy Lemen frå bakken og flyr av stad. Ho flyr heilt til utkanten av skogen og forbi huset til Anna. Anna som står og øver på trompeten sin, får først sjå det ho trur er ein stor, oransje ballong sveve forbi. Brått kjem det eit vindpust som sender Lucy Lemen rett i vindauget med eit smell. Anna blir redd når ho oppdagar at ballongen har auge som stirer rett på ho utanfor ruta. Lucy Lemen er like redd der ho heng i lufta utanfor vindauget, men etter kvart kjem ho til seg sjølv og ber tynt om det er mulig at Anna kan hjelpe ho inn. Du forstår, det blir så ukomfortabelt å henge her i lengda, stotrar ho. Det kjem som eit nytt sjokk på Anna at ballongen kan snakke, men ho får summa seg og hjelper Lucy Lemen inn på rommet sitt. Etter at dei begge har fått roa seg ned, begynner dei å snakke saman, og det viser seg at dei har mykje til felles. Lucy Lemen får auge på trompeten til Anna og ber henne spele litt. Trollbunden lyttar ho til dei svingande tonane. Etterpå fortel ho ivrig at ho sjølv spelar trombone, og det går ikkje lenge før dei forstår at dei kjem til å bli bestevenner. Sinnet til Lucy er som blåse bort, og ho får overtydd Anna om at ho må bli med tilbake til skogen for å overtale Bamsen Kåre Bjørn til å starte ei blåserekke i bandet sitt. Anna lurer på korleis det har seg at Lucy Lemen kan fly, og 6

Lucy Lemen fortel henne korleis ho blir til ein ballong når ho er sint. Men kvifor var du sint i stad då? spør Anna. Lucy Lemen begynner å fortelje om bandøvinga ho ikkje var invitert til, og då blir ho sint igjen. Før ho forsvinn opp i lufta tar Anna tak i poten hennar, og saman flyr dei slik tilbake til Kongleriket. Dei landar utanfor hola til Bamsen Kåre Bjørn og skal akkurat til å banke på når dei får auge på nokre mørke skapningar som står og lurer bak Pengetreet. Når dei ser nøyare etter, oppdagar dei at det er tre elgar som gøymer seg i mørkret. Dei har alle på seg kule capsar, t- skjorter og saggebukser og ber ein stor ghettoblaster mellom seg. Lucy Lemen skjønnar straks at det må vere den mystiske elggjengen ho har høyrt om i Konglenytt. Dei har sikkert tenkt å stele frå Pengetreet kviskrar ho til Anna. Her gjeld det å handle raskt. Dei listar seg rundt til baksida av hola til Bamsen Kåre Bjørn og får signalisert gjennom vindauget til dei andre som held på å øve inn ein ny Kongleboogie. Lucy Lemen og Anna forklarar kva som er på ferde, og ein etter ein klatrar dei andre dyra ut av vindauget. Kviskrande legg dei ein slagplan. Dei skal omringe den lumske gjengen. Elin Ekorn skal distrahere dei, mens dei andre gjer seg klar til angrep på bandittane. Alle er samde om at det er ein riktig god plan. Eg heiter Bjarte Elg seier han, og dette er Benny. Han peikar på elg nummer to som er barsk og morsk i trynet. Hei, mumlar Benny Elg og fleksar med musklane. Og han der er Bønna Elg seier Bjarte Elg og peikar på den siste elgen. Han er den minste i gjengen og slett ikkje så tøff som dei andre to. Hei, seier Bønna Elg med tynn stemme. Akkurat då stormar Apen Albert fram for å bite Bjarte Elg i leggen, men like før han er framme, så nys Sverre Moses ein sjiraffnys så det ljomar i skogen, og Bjarte Elg skvett til. Kva var det? seier han og ser seg rundt. Han får auge på Apen Albert i full galopp mot han. Benny, ta deg av den vesle rakkaren kommanderer han, og Benny Elg bykser etter Apen Albert som gjer heilomvending og tar sikte på næraste tre. Heldigvis er Benny Elg tung og treg og i dårleg form, så Apen Albert rekk fint å klatre opp i treet før elgen får tak i han. Men så skjer det noko uventa. Benny får brått auge på Brede Bre som står og lyser kvit og gjennomsiktig i nattemørkret. Stakkars Brede begynner å skjelve som eit ospelauv, men i staden for å angripe, hyler den barske elgen ut i skrekk: Hjelp, hjelp, eit spøkelse! Så svimar han av. No ligg ein skurk nede for teljing, men kva skal dei gjere med dei andre to? Mens dei andre smyg seg fram, hoppar modige Elin Ekorn fram mot Elggjengen. Ho stansar framfor den kulaste av dei, Bjarte Elg, som heilt klart er leiaren. Heia, søten. Kva gjer ein så kjekk kar i Kongleriket då?, seier Elin Ekorn med si søtaste stemme. Sjølv i mørkret kan ein sjå at den store elgen raudnar. Nei, eg øh øh...eg er berre ute og plukkar sopp eg. Saman med kompisane mine. Han mister capsen sin i rein forfjamsing. Kva heiter du? spør Elin Ekorn og blafrar med augevippene. 7

I same augeblink får Bjarte Elg ei kongle i hovudet. Au! ropar han og ser opp. Fleire kongler haglar ned i hovudet på han. I tretoppen sit nemleg Apen Albert og kastar kongler. I forvirringa som oppstår lukkast det Konglekrabben Kurt å strekke fram ei klo så Bønna, som alt er frå seg av skrekk, snublar i dei lange elgbeina sine og fell så lang han er. Hjørdis Hjort spring og hentar klessnora si, og så bind dei han forsvarleg fast til eit kongletre. Men Bjarte Elg har dei stadig ikkje fått tatt innersvingen på. Han vaklar rundt, (rett nok litt ør etter alle konglane) men stadig kamplysten. Hjørdis Hjort prøver å kaste blåbærsaft i ansiktet på han, men sjølv om han er blinda, så gir han seg ikkje. Då får Anna ein ide. Ho kviskrar noko i øyret på Lucy Lemen, som nikkar ivrig. Dei spring og hentar instrumenta sine, og så set dei i å spele ein fengande fanfare. Bjarte bråstoppar før han galopperer av garde inn i skogen det fortaste han kan, mens han held seg for øyra. Trompet og trombone er nemleg det verste elgar veit. (Utanom tuba då, men det er så ille for dei at det snakkar vi ikkje høgt om ) Men kvar er Bamsen Kåre Bjørn? Dei går tilbake til hola og der sit han fornøgd og spelar på gitar og et blåbærpai. Du, din late bjørn skjenner Hjørdis Hjort, men Bamsen Kåre Bjørn forklarer at han syntest dei andre var så flinke til å hamle opp med Elggjengen, at han like godt gjekk tilbake til hola si for å lage ein song om kor flinke dei var. Den vil han gjerne spele for dei. Det er ein fin song, og når han har spela den, klarer dei andre ikkje å vere sinte på han. I staden presenterer dei han for Anna, og Bamsen Kåre Bjørn foreslår at alle set seg ned for å ete blåbærpai og bli betre kjent. Det blir ikkje så mykje øving den kvelden, men alle blir i kvart fall samde om at det skal vere blåserekke i Kåre Bjørns Boogieband. Og Anna lovar å komme tilbake til dei nye vennene neste veke når det skal vere bandøving. Til slutt har det blitt så seint at Lucy Lemen må fly Anna heim att. Ho tenker på noko ergerleg, og så flyr ho Anna trygt heim att til huset hennar. Vel heime på sitt eige rom held Anna på å ta på seg pyjamasen sin, då ho får auge på ein kongle i håret. Ho dreg den ut, og akkurat då kjem pappaen hennar inn for å seie god natt. Hei Anna. Kva har du gjort på i kveld? Øvd på trompeten din? Ja, det kan ein vel seie på ein måte svarar Anna lurt og kikar ned på kongla ho held i handa. Anna og dyra jublar over sigeren over bandittane og omfamnar kvarandre. Etter at dei har fått summa seg, blir alle ståande og stire forundra på Anna. Lucy Lemen presenterer stolt den nye vennen sin, og Anna helsar høgtideleg på alle saman. 8

Historia om korleis Kongleriket adopterte eit tvillingpar frå Afrika Ein vakker dag i Kongleriket stod det å lese i Kongleposten ei trist historie. Den handla om ein sjiraff som budde i Afrika og ikkje hadde ein plass å bu. Dei andre sjiraffane hadde flytta sørover og gløymt att Sjiraffen Moses, som budde åleine på savannen utan vener og familie. Dyra i Kongleriket blei opprørte når dei las historia. Ingen av dei kunne tenke seg å bu heilt åleine i Kongleriket. Hjørdis Hjort samla alle dyra på det blåmåla kjøkenet sitt til eit Kongleråd. Etter tallause blåbærpaiar og mange liter med blåbærsaft, bestemte dei seg for å adoptere sjiraffen. Konglekrabben Kurt og Lucy Lemen tok på seg ansvaret for å ordne papirarbeidet. med på lasset. Dyra frå Kongleriket synest kanskje ikkje han liknar, men dei let seg sjarmere og godtek under tvil Apen Albert si forklaring. Dyra tenkte at det hadde vore fint for Moses å også ha eit norsk namn, så derfor blei han heitande Sjiraffen Sverre Moses. Sjiraffen Sverre Moses og Apen Albert fekk eit hus i ei høg furu på Skogs-torget, og alle i Kongleriket er kjempeglade for at dei bestemte seg for å adoptere. Det går ikkje lenge før det verkar som om tvillingparet har budd i skogen for alltid. Så kom den store dagen då sjiraffen skulle hentast på togstasjonen. Alle drog av stad, og hadde med seg ballongar, flagg og kaker. Lucy Lemen hadde gjort klar ein tale også. Stor blei forundringa då det kom, ikkje berre ein sjiraff, men også ein ape ut av toget. Halois, eg er sjiraffen sin tvillingbror ropte apen bak sjiraffen sin lange hals. Eg heiter Albert. Apen Albert fortel at det må ha skjedd ein feil, for han er verkeleg sjiraffen Moses sin tvillingbror, og skulle då sjølvsagt vere med til Noreg. Så han hadde hoppa ned i kofferten og blitt 9