Rødt Karmøy. Program for

Like dokumenter
Rødt Haugesund. Program for

Politisk program for Jølster KrF

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2018

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Midt-Telemark SV VALPROGRAM 2019

DETTE ER VIKTIG FOR OSS. For at Midsund skal være ein god stad for alle å bu i, arbeide i, lære i og besøke. MIDSUND ARBEIDERPARTI

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Valprogram Sel SV

FUSA UNGDOMSRÅD. Interimsstyre frå 2006 Fast ordning frå 2007

Frivilligpolitisk plattform

Valprogram Viken SV Sosialistisk Venstreparti

Ål Venstre. Ål Venstre

Program OSTERØY HØGRE

Valprogram for Austevoll SV

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2017

Dei Grøne vil gi lokaldemokratiet større armslag, og gi innbyggjarane i Haram meir påverknad på dei sakane som vert avgjorde lokalt.

Me har fått realisert store prosjekt som gjev innbyggjarane gode tenester og betre

STRATEGISK KULTURPLAN FOR SELJORD KOMMUNE

Velferd i fellesskap. Stig Holmstrøm. Ordførarkandidat

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

VALPROGRAM LEIKANGER SENTERPARTI

Kommunedelplan for oppvekst

Program for. Årdal Venstre

Partiprogram for Osterøy Sosialistisk Venstreparti

Arbeidsgruppa for prosjektet Oppvekstplan for Fyresdal kommune ynskjer innspel til arbeidet.

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Bli med på laget TIME SENTERPARTIET

-Kontroll på at inntekter i kommunen vert brukt på OSTERØY. -Sjølvstendig prioritering av investeringar.

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 04/2017 Utval for levekår PS

Program Årdal AP

Valgprogram Farsund SV

[Skriv her] Program Hjartdal SP HEILE HJARTDAL. sp.no/hjartdal. sp.no/hjartdal

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

Vår politikk vil du kjenne att i tre hovudemne:

HANDLINGSPLAN FOR FUSA UNGDOMSRÅD 2015

- Side 1 - Luster kommune Rådhuset, 6868 Gaupne Telefon: Faks: E-post: postmottak@luster.kommune.no Org.nr.

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Til veljarane i Tysnes

EIDFJORD HØGRE VALPROGRAM

Frivilligpolitisk plattform

Ditt liv, ditt val! Innleiing

Rekruttering av arbeidsplasstillitsvalde. Eit oppdrag for heile organisasjonen

Trygg og god oppvekst i Hjelmeland.

framtida. På lag med Tysvær Venstre

-Fantastiske muligheter for næringsutvikling. -Har god vekst. -God omstillingsevne, kommune har god vekst. -Har eigne ressursar vi kan byggje på.

Tilrettelegging av nærings- og byggjeareal er avgjerdande for å oppnå vekst.

Bø kommune. Kommunedelplan for helse- og omsorg

Eit trygt og godt lokalsamfunn

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

Venstre gjer Bjerkreim grønare.

Den kulturelle nistepakken

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

Program for Masfjorden Venstre

Eit viktig vegval Bruk stemmeretten ved valet 2019

Austevoll Venstre. Program _Programmal 2011 A5 8s.indd

KOMMUNEPLAN SELJORD KOMMUNE

Arbeids- og organisasjonsplan for Vestland SV 2019

MASFJORDEN. Foto: Gettyimages. Kommunen og innbyggjarane våre

Bjerkreim Venstre PARTIPROGRAM For eit grønare. Bjerkreim.

Valprogram for Alver SV

SAK 04/18 HANDLINGSPLAN 2018

folk først Britt Giske Andersen andrekandidat for Venstre i Møre og Romsdal Olbjørn Kvernberg tredjekandidat for Pål Farstad førstekandidat for

Prinsipprogram Rødt Hammerfest

MØTEPROTOKOLL. Rådet hadde fellesmøte med Eldrerådet i sak nr. 2/13. Torunn Løne vinje orienterte. SAKLISTE

Dette vil vi arbeide for i Bremanger AP

«Nordhordland kommune» Forhandlingsutvalet til Lindås, Meland og Radøy sitt framlegg til utgreiing av ny kommune

KOMMUNEPROGRAM BIRKENES ARBEIDERPARTI

Tertialrapport 2 tertial 2015

HOVUDTILLITSVALTE INNSPEL TIL KOMMUNEPLANEN SIN SAMFUNNSDEL. 23. februar 2017

Innleiing. 1. Mål for samanslåinga. 2. Betre tenester

HOVUDNETT FOR SYKKEL

Program for. Masfjorden Venstre. for perioden

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

Valprogram for Volda SV

Godt. Lokaldemokrati. ei plattform

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Mitt SULA. «EIN GOD OPPVEKST VARER HEILE LIVET» Erfaringssamling 8.mars Anne-Grethe Skjærseth Kommunalsjef kultur og oppvekst

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

Vaksdal Venstre. «Venstre er det grøne og liberale alternativet i Vaksdal» Tommy Svendsson Ordførarkandidat for Venstre

Program for. Sykkylven Venstre

kommunevalprogram for nesset venstre i perioden Venstre setter deg og dine behov i sentrum. Sammen bygger vi Nesset.

PROGRAMMET VÅRT Suldal Arbeidarparti

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Menneske er viktigare enn system. Difor set Venstre folk først.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Kortvalgprogram. Fredrikstad SV Sosialistisk Venstreparti

Hemsedal KRF Program

Oppsummering frå verkstad på Hardange Ungdomsting

Resept for eit sunnare FørdeF

Os KrF INFORMASJON // Foto: Øyvind Ganesh Eknes, Jakob Enerhaug

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Valgprogram for Rødt i Sør-Fron

For å nå dette må tiltak, verkemedel og tenester organiserast slik at dei fremmer dette og motverkar segregering og stigmatisering.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Transkript:

Rødt Karmøy Program for 2019-2023

Demokrati, rettferd og berekraft Hovedsaka til Rødt både lokalt og nasjonalt er å kjempa mot forskjells-norge. Me vil vera med på å bygga ei folkerørsle som kan utfordra det rådande økonomiske systemet, kapitalismen. Målet vårt er eit rettferdig, demokratisk og sosialistisk samfunn der folket tek dei viktige avgjerdene. Ideologien til Rødt er å bygga samfunn nedanfrå og opp. I dag ser me på mange måtar det motsette. Marknadsideologien prioriterer profitt framfor demokrati, skattelette for dei rikaste framfor allmenne velferdsordningar, og økonomisk vekst framfor klima, miljø og natur. Dette gjev oss aukande forskjellar mellom folk og eit samfunn som ikkje er berekraftig. Skiftande regjeringar har i lang tid svekka kommunane sitt økonomiske handlingsrom gjennom overføring av fleire oppgåver utan tilsvarande auke i budsjetta. Dette går kraftig ut over det lokale folkestyret. Kommunar må kutta i tenester for å oppfylla urealistiske økonomiske rammer i staden for å utvikla lokalsamfunna. Rødt vil ikkje ha ein rik stat med fattige kommunar. Me arbeider difor aktivt på Stortinget for å styrka kommuneøkonomien. For oss er internasjonal solidaritet og fredsarbeid viktige verdiar som me òg vil lyfta gjennom kommunestyret. kreva auke i statlege overføringar og øyremerka løyvingar til kommunane. På Stortinget foreslår me å gjera dette gjennom auka skatt for dei som tener mest, samtidig som me skjermer dei som tener minst. sikra trygge kommunale arbeidsplassar og tenester gjennom ein progressiv eigedomsskatt. Eigedomsskatten må ha ein tydeleg sosial profil med botnfrådrag og fritak for dei med låg inntekt. ha eit ope demokrati med gjennomsiktige saksprosessar, utan lukka utval. styrka trepartssamarbeidet i kommunen med faste møte, reell innverknad og innsyn for organisasjonane. at alle tilsette skal ha rett til å ytra seg offentleg og i politiske organ om arbeidstilhøva sine. bruka Ungdomsrådet som ein aktiv samarbeidspartnar til kommunestyre, råd og utval og sørga for at det har reell innverknad på saker og prosessar som angår dei unge i kommunen. legga til rette for at ungdom kan koma med innspel til Ungdomsrådet til dømes via lokale ungdomsklubbar, lag og foreiningar. samarbeida med grunnskular og vidaregåande skular i kommunen for å gje undervisninga om politikk og politiske prosessar lokal forankring. Legga til rette for at barn og unge kjenner eigarskap til lokaldemokratiet, til dømes gjennom Barnas kommunestyre. halda tett kontakt med Råd for mennesker med nedsatt funksjonsevne og Eldrerådet for å sikra at innspela deira får innverknad på den praktiske politikken i kommunen. styrka frivillige organisasjonar og aktivitet i kommunen gjennom økonomisk støtte og tilrettelegging. bidra positivt i kommunestyre, utval og debattar gjennom å fokusera på sak, vera sannferdelege og visa meiningsmotstandarar respekt. moderera løn og godtgjersler til rådfmann, øverste stab, ordførar og betalte politikarar. halda på rekkefølgjeprinsippet i utbygging: før store utbyggingsprosjekt med bustader må skuleplassar, velferd, idrettsplassar, infrastruktur og kollektivtilbod vera på plass. at omsyn til born og unge og til klima og miljø skal vega tungt i utbyggingssaker. sørga for god digital tilgang til kommunal informasjon, inkludert oversikt over aktiviteten til dei folkevalde og alle utval, arbeidsgrupper og planar. at Karmøy skal slutta seg til dei mange kommunane som har bede regjeringa om å signera FN sitt atomvåpenforbod. 2 RØDT KARMØY

Likeverd og mangfald Rødt går til val for ein open, solidarisk og antirasistisk kommune. Oppgåva til politikarane er å legga kommunen til rette for eit mangfald av menneske i alle aldrar, sørga for likeverd og reelt høve til å delta i samfunnet, og bygga ein trygg kommune for alle. auka satsane for sosialhjelp og halda barnetrygd, bustøtte og andre ekstraordinære utbetalingar utanfor utrekningsgrunnlaget. halda fram arbeidet med tiltak mot barnefattigdom for å jamna ut sosial ulikskap. gje alle born og unge i kommunen høve til å delta i organiserte fritidsaktivitetar i kvardagen, uavhengig av familien sin økonomi. Dette kan ein gjera gjennom tiltak som utstyrsbankar hos idrettslag, utlån av fritidsutstyr på biblioteka og Skattkammeret, styrking av aktivitetskort-ordninga og styrking av gratis fritidstilbod på kulturhusa. oppretta heile faste klubbleiarstillingar i kulturetaten med særleg ansvar for aktivitetar og møteplassar for ungdom, t.d. fritidsklubbar, workshops, skatepark, utegym og øvingshotell. samarbeida med frivillige organisasjonar om tiltak mot einsemd. sikra at informasjon om lavterskel tilbod innan psykisk helse er lett tilgjengeleg og at tilboda får tilført nok ressursar og kompetanse. styrka barnevernet gjennom målretta satsing på stillingsressursar og kompetanseheving, setja inn tiltak for å få fleire støttekontaktar og beredskapsheimar, og støtta positivt forebyggande arbeid som avlastningsheimar og kurs for foreldre. etablera eit sosialt bustadtilbod for kjøp og sal utanfor marknaden, for å sikra rimelege bustader til m.a. unge og einslege. laga ein kommunal mangfalds- og integreringsplan med forpliktande tiltak for å motvirka diskriminering på grunnlag av kjønn, legning, funksjonsevne eller etnisitet og sikra at alle innbyggarar i Karmøy kommune opplever likeverd og kan delta aktivt i samfunnet. støtta kvinneorganisasjonar, LHBTQ+-organisasjonar og frivillige organisasjonar som arbeider mot rasisme og diskriminering. sikra tilbod om BPA (Borgerstyrt personlig assistanse) etter ULOBA sine prinsipp og gode tilrettelagde aktivitetstilbod for alle som treng det. ha fokus på universell utforming i alle nye utbyggingsprosjekt, i kommunale einingar og i utvikling av t.d. næringsområde og turområde i Karmøy. at Karmøy kommune skal ta imot fleire flyktningar og asylsøkarar. styrka introduksjonsprogrammet, vaksenopplæringa og andre integreringsressursar både økonomisk og med kompetanseutvikling. VALGPROGRAM 2019 2023 3

Folkehelse og velferd Den norske velferdsstaten bygger på ein sterk offentleg sektor med universelle velferdsordningar. I dag er denne modellen under sterkt press. Det ligg store økonomiske verdiar i offentleg sektor, og kapitalen ynskjer tilgang til desse verdiane gjennom privatisering. Når den offentlege velferda blir svekka, opner ein for private løysingar for dei som kan betala. Dette fører til større klasseskilje mellom dei som kan kjøpa seg tenester og dei som fell utanfor. I tillegg kan nokon få tena store pengar på å eiga velferdstilbod, medan andre må betala dyrt for tilbod dei har grunnleggande behov for. Rødt vil gå mot all privatisering og konkurranseutsetjing av velferdstenester i Karmøy kommune. sørga for fagleg forsvarleg grunnbemanning og gode vikarordningar som sikrer tilbodet til brukarane og gode arbeidstilhøve for dei tilsette. avvisa å bruka reduksjon av kostnader og økonomisk effektivitet som mål for om kommunale velferdstenester er gode. styrka jordmortenestene og sikra god kapasitet og kompetanse på helsestasjonene. Ingen helsestasjonar skal leggast ned. styrka skolehelsetenesta med fleire helse sjukepleiarar og utvida tilbod om helsestasjon for ungdom. styrka forebyggande arbeid mot sjølvmord, overgrep, r us misbruk og kroppspress. sikra alle barn og unge som har tiltak frå barnevernet god oppfølging frå psykisk helsevern og andre helsetenester. sikra heilskapleg rusomsorg med tilrettelagde helse- og sosialtenester i alle livsfasar. sørga for ikkje-religiøse alternativ i rusomsorga. styrka arbeid med butrening for dei som treng det, med særleg vekt på nærmiljø/lokalsamfunn, gjerne i samarbeid med frivillige organisasjoner. halda oppe Frisklivssentralen som eit sentralt folkehelsetilbod. arbeida for ein desentralisert eldreomsorg med sjukeheimsplassar også på Sør-Karmøy og fastlandet. støtta omsorgssektoren i utviklinga av tilbod som er tilpassa dei faktiske behova til kvar einskild brukar - heime, i omsorgsbustad eller på bu- og behandlingsheim/sjukeheim. sikra rett til einerom på sjukeheim, bu- og behandlingsheim, omsorgsbustader og liknande institusjonar. at sjukeheimar og omsorgsbustader skal ha eigne kjøkken som kan servera lokal mat. sørga for at eldre har gode sosiale møtestader i lokalmiljøa sine. auka talet på helsefagarbeidarar i kommunen. samarbeida med dei vidaregåande skolane og HVL for å oppmuntra fleire til å velga helsefagleg utdanning. sørga for nok kommunale læreplassar/praksisplassar i helsefag og legga til rette for at ufaglærte kan ta utdanning. 4 RØDT KARMØY

Barnehage og skole Utdanning er den viktigaste investeringa kommunen gjer for framtida. Rødt ynskjer barnehagar og skular som stimulerer sjølvtilliten, kreativiteten og lærelysta hjå born og unge, og gjev dei kompetanse til å ta del i samfunnet, utvikla det og endra det. Kampen mot mobbing og utestenging må vera eit sentralt fokus. Kvaliteten i barnehage og skule er avhengig av kva ressursar ein får tildelt. Kutt rammer i størst grad dei borna som treng ressursane mest. Lærarmangel fører til mykje ekstra arbeid for dei lærarane som er der, i form av faste vikartimar. Overdriven målstyring gjer at skulen vert byråkratisert og lærarane sine arbeidsdagar dominerte av rapportering og målingar. Fokus vert det som kan tellast gjennom testar, og ikkje det som teller for å utvikla heile menneske. Det vert mindre tid til borna og klassemiljøet. Rødt vil kjempa for at alle tilsette i barnehagar og skular skal få tid og høve til å gjera jobben sin best mogeleg, bli lytta til og kunna ytra seg om tilhøva dei arbeider under. auka ressursane til barnehagar og skolar. forsvara den offentlege skolen, og sei nei til etablering av religiøse og kommersielle privatskolar i Karmøy kommune. at alle nye barnehageplassar i Karmøy kommune skal vera ikkje-kommersielle. styrka PPT, spesialpedagogiske ressursar og andre viktige støtteinstansar. gi alle som jobber med born og unge i kommunen reelt høve til etter- og vidareutdanning. kreva at bemanningsnorma i barnehagar og skolar vert implementert utan å rekna inn andre enn tilsette som jobber direkte med borna. halda fram satsinga på skolebiblioteka gjennom øyremerka midler og utviding av stillinga som oppsøkande skolebibliotekar til 100%. redusera foreldrebetalinga for SFO og barnehage, på sikt er målet å gjera dei gratis. halda skolen sine tilbod for alle - unngå ekskursjonar o.l. som krev foreldrebetaling. ha ein samordna plan i heile Karmøyskolen for balansert bruk av Ipad og andre digitale verktøy. prøva ut ordningar med leksefri skole og karakterfri skole. få fortgang i vedlikehald av skolebygg og utbetring av uteområda til barnehagar og skolar. bygga ut fleire skoleplassar i pressområda på fastlandet. halda på ein desentralisert skolestruktur der flest mogeleg får gå på skole nær heimen. følga opp arbeidet mot mobbing på alle nivå i alle barne hagar og skolar. styrka morsmålsopplæringa og arbeid med fleirkultur som ressurs i skole og barnehage. VALGPROGRAM 2019 2023 5

Arbeidsliv Rødt står på arbeidsfolka si side for auka grunnbemanning, mot sosial dumping, overstyring og måle mani. I denne kampen er fagrørsla i kommunen den viktigaste samarbeidspartnaren. Arbeidsfolk må få reell innverknad på arbeidskvardagen sin gjennom overordna trepartssamarbeid og formelle møtearenaer på alle arbeidsplassar. Retten til heile faste stillingar må vera det grunnleggande prinsippet i all kommunal verksemd. Privat profitt må aldri få stå i vegen for løns- og pensjonsvilkåra til arbeidstakarane. Derfor vil me kjempa mot bemanningsbransjen, nulltimerskontraktar, sosial dumping og velferdsprofitørar som bygger store formuer i skatteparadis i utlandet. Kommunen må legga til rette for at alle som ynskjer å delta i arbeidslivet får høve til det, òg når dei har utfordringar med språk, rus, mental helse eller nedsett funksjonsevne. Rødt ynskjer teknologiske nyvinningar på arbeidsplassane velkomne. Aukande bruk av automatisering og kunstig intelligens kan letta arbeidskvardagen for mange og skapa større fridom, men har òg i seg kimen til «teknologisk arbeidsløyse» når jobbar vert overflødige. Difor må me alt no sjå etter nye løysingar. Sekstimarsdagen vil kunna fordela arbeidet betre, gi helsefordeler for dei med tungt fysisk arbeid og halda fleire inne i arbeidslivet. På nasjonalt nivå går partiet inn for forsøk med samfunnsløn/borgarløn. gå mot all privatisering og konkurranseutsetjing av kommunale tenester. at heile faste stillingar skal være norma i alle einingar i kommunen. at nye lærarstillingar skal lysast ut som heile faste stillingar frå dag 1. innføra forsøksordning med sekstimars arbeidsdag med full lønnskompensasjon. avvisa regjeringa sine endringar i arbeidsmiljølova, som fører til auka midlertidigheit. sikra tillitsvalde og verneombod nok tid til å utføra verva sine. utvikla handlingsplan mot sosial dumping i kommunen i samarbeid med fagrørsla. sørga for at det vert stilt krav til tariffavtale og tiltak mot sosial dumping hos alle bedrifter og underleverandørar som får vera med i anbodsrundar i kommunen. ha krav til dokumentert utbetalt minsteløn for å få skjenkeløyve i kommunen. ha søndagsstengte butikkar. at kommunen skal vera aktiv for å tilby lærlingplassar og stimulera lokalt næringsliv til å gjera det samme. sjå sjukefråværet i kommunen i samanhang med grunnbemanning, arbeidspress og arbeidsmiljø, og innføra forebyggande tiltak i samarbeid med fagorganisasjonane. at alle tilsette skal få jamnlege tilbod om fagleg oppdatering. at kommunen skal tilby lågterskelarbeidsplassar for at alle som ynskjer det skal kunna bidra til og delta i fellesskapen. 6 RØDT KARMØY

Kultur og idrett Rødt ynskjer eit rikt og variert kulturliv der både profesjonelle utøvarar og breidda i folkeleg kultur får utfalda seg. Karmøy kommune må ikkje fokusera einsidig på signalbygg og festivalar, men støtta det frie lokale kulturlivet gjennom heile året, gjennom utlån og rimeleg utleige av lokale til kulturaktivitetar og økonomiske støtte til profesjonelle og amatørar. God, oppdatert og lett tilgjengeleg informasjon om kulturaktivitetar, museer og andre opplevingar i kommunen må ut til innbyggarane så vel som til turistar. Kultur og idrett skal være inkluderande, med breidde i tilbod, låg terskel for å kunna delta og aktivitetar som opnar for meistring og nye tankar. Dataspel, film, grafisk produksjon, programmering og andre digitale uttrykksformer er òg kultur. Kommunen må ta vare på dei lokale kulturhusa, folkebiblioteket, musea, kinoen og kulturskolen som arenaer for å skapa og oppleva kultur og lokalhistorie. Born og vaksne skal ha gode friområde og idrettsanlegg, så langt råd er i nærmiljøa sine. Lommeboka skal ikke avgjera om born og unge kan delta i organisert idrett eller kulturaktivitetar. Idrettsanlegg i nærmiljøet og å legga til rette for friluftsliv er viktige folkehelsetiltak, og idretten har òg ei svært viktig rolle som sosial arena for et mangfald av menneske. støtta opp om og utvikla kulturhusa som rusfrie møteplassar og fritidsklubbar for born og unge, og som opne kulturverkstader for alle i kommunen. gi økonomisk støtte til lokalt kulturliv og lokale utøvande kunstnarar. styrka Kulturskolen og setta ned eigenandelen, med mål om at tilbodet skal bli gratis. sørga for gode vilkår for drifta av Karmøy folkebibliotek, med ressursar til meirope og tidsavgrensa prosjekt i tillegg til faste personal- og innkjøpsressursar. laga ein plan for å innarbeida e-kultur og e-sport i kommunale fritidstilbod, til dømes gjennom samarbeid med kulturhusa og biblioteket. sørga for eit godt kulturtilbod til eldre i kommunen, både ute i kulturinstitusjonane og gjennom konsertar og andre kulturelle innslag på sjukeheimar og eldresenter. legga vekt på faglege innspel og gode tilhøve for brukarane av bygga heller enn å satsa på signalbygg når ein skal bygga eller renovera kulturbygg og idrettsanlegg. sikra ressursar til vedlikehald og nødvendig oppgradering av idrettsanlegg og nærmiljøanlegg i heile Karmøy kommune. støtta opp om arbeid for inkludering og breiddeidrett i idrettslag og -klubbar, til dømes gjennom støtteordningar for utstyrsbankar og transport. la idrettsklubbar som eig eigne bygg sleppa å betala kommunal avgift for dei. legga til rette for og halda ved like turløyper i skog og mark, og sørga for løyper med universell utforming der det er mogeleg utan for store naturinngrep. ta vare på eksisterande kulturlandskap, historiske område og bygningar. VALGPROGRAM 2019 2023 7

Miljø, næring og samferdsel I mange tiår har jakta på profitt og vekst blitt prioritert over menneske si velferd og helse, og over klima, miljø og natur. Store utbyggingar stel leveområda til dyr og planter, og utslepp av klimagassar og miljøgifter, forsøpling og ukritisk forbruk kveler levegrunnlaget på jorda. Rødt er eit sosialistisk miljøparti, og står for ein systemkritisk og sosialt medviten miljøpolitikk. Det finst ingen grøn kapitalisme. Skal me finna løysingar på klimakrisa må me ha ei radikal endring av levemønster og samfunnsutvikling. Kostnadane ved omstillinga av samfunnet må berast av fellesskapen og ikkje dyttast over på enkeltpersonar. Me vil at Karmøy skal følga Sabima sine punkt for å bli naturens drømmekommune. Det krev mellom anna ein klimaplan med konkrete tiltak som faktisk kutter i utslepp og verner om naturen og det biologiske mangfaldet i kommunen. Klimaplanen skal gjera det enkelt, praktisk og rimelig å ta miljøvenlege val, og rusta kommunen for utfordringane ein vil møta i framtida. Mange viktige retningsval for miljøet vert tekne nasjonalt og på fylkesnivå. Men kommunane kan jobba for en aktiv og framtidsretta næringspolitikk, god og billig kollektivtransport, miljøvenleg og sosial byutvikling, energieffektivisering og kutt i eigne utslepp. Rødt vil stoppa nedbygginga av verdifull natur og matjord, og få oppdrettsnæringa over i lukka, helst landbaserte anlegg. at Karmøy kommune skal ha ein aktiv næringspolitikk som tek opp kompetansen frå lokal industri, maritim industri, olje- og gassektoren og underleverandørar til desse, og tek ei leiande rolle i utviklinga av fornybarsamfunnet. Kommunen må støtta opp om prosjekt med fornybar energi og grøne arbeidsplassar. at omsyn til miljøet skal vera sentralt i den kommunale arealplanlegginga. at det skal lagast planar for jordvern og vern av viktige biotopar. sikra eksisterande kystkulturlandskap, lyngheier og våtmark, fjerna sitkagran og innføra tiltak for restaurering av myr og våtmark der dette lar seg gjera. at naturkonsekvensar skal kartleggast før alle utbyggingar og ha avgjerande vekt i godkjenninga av prosjekt. seia nei til landbaserte vindmøller. fortsetta satsinga på tiltak mot plastforsøpling i sjø og på land. ta i bruk miljøvenlege alternativ til plastgranulat på kunstgrasbanar. ta opp att saka om biogassanlegg knytt til Borgaredalen Miljøpark. at renovering av kommunale bygg skal legga vekt på energieffektivisering. satsa på lokal og kortreist mat i kommunale kantiner og institusjonar. legga til rette for redusert bilbruk i framtida gjennom utvikling av lokalsamfunna og styrking av kollektivtilbodet. Jobba med fylkespolitikarane for å utvida 10-kroners-bussbillett til å gjelda heile Karmøy kommune. satsa på miljøvenlege båttransportløysingar både lokalt mellom Nord-Karmøy og Haugesund og regionalt langs vestlandskysten. regulera cruisetrafikken strengare. tenka på ei framtid der sjølvkøyrande bussar og bilar kan bli ein del av trafikkbiletet i planlegginga av nye vegstrekningar. avvisa Haugalandspakke 2 og ha ein full gjennomgang av nytteverdi, relevans og miljøeffektar i dei planlagde prosjekta. Rødt vil at vegutbygging skal vera finansiert av staten gjennom skattesystemet, ikkje gjennom bompengar. 8 RØDT KARMØY

Rødt Karmøys liste ved kommunevalget 2019 NR NAVN F.ÅR. BOSTED 1 Kristian Mateo Norheim 1995 Vormedal 2 Bjørn Erik Nordås 1978 Kopervik 3 Kjellaug Bjerkli Haarberg 1978 Karmsund 4 John Atle Vestvik 1960 Karmsund 5 Egil-André Opsahl Søreng 1993 Vedavågen 6 Magnhild Johannessen Botten 1998 Vormedal 7 Jan-Olav Danielsen 1995 Kopervik 8 Eva Hildur Hagland 1958 Kolnes 9 Kennet Kvilhaugsvik Tangen 1986 Kopervik 10 Torbjørn Steffensen 1997 Kolnes 11 Elin Freim 1978 Karmsund 12 Arild Flesjå 1969 Kopervik VALGPROGRAM 2019 2023 9

For Rødt er det viktig at politikk vert utforma saman med menneska politikken påverkar. Det lokale politiske programmet vårt og det nasjonale arbeidsprogrammet ligg til grunn for det arbeidet me gjer dei neste fire åra, men dei er ikkje komplette utan innspel og tilbakemeldingar frå velgarane. Me vil gjerne høyra frå organisasjonar, lag, grupper og personar som har saker å ta opp med oss! Rødt Haugaland er felles lokallag for kommunane Karmøy, Haugesund, Tysvær og Vindafjord. Her samarbeider me om arrangement og politikkutvikling på Haugalandet. Vil du vera med på laget? Bli medlem! Bli medlem i Rødt på rødt.no/bli-medlem. Du kan også melde deg inn via SMS: Send «Raudt [navn] [din e-post] [din adresse]» til 2090. For å lesa meir om Rødt og korleis me jobber: rødt.no og rødt.no/haugaland Følg oss gjerne på Facebook for oppdatert informasjon om kva som skjer: https://www.facebook.com/rodthaugaland/ Kontakt oss på e-post: haugaland@roedt.no