Årsmelding for Ål kyrkjelyd 2015



Like dokumenter
Årsmelding for Ål kyrkjelyd 2015

5. Soknerådsmøte mai Referat

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Eit godt tips er å ta deg tid til å lese om alle gruppene før du bestemmer deg for kva gruppe du velger. Her er det mykje kjekt å være med på!

«Ny Giv» med gjetarhund

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Nyhetsbrev for Glemmen menighet

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

k o n f i r mant 2013

MØTEBOK FOR SAMNANGER SOKNERÅD / SAMNANGER KYRKJESTYRE Onsdag 5. juni

Stemnehandboka for NKSF

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Kalender desember januar 2016

Årsmelding. Rosendal Skulekorps

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Barn og ungdom i kirken Høsten 2011

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Soknerådsmøte FOK 14. november 2013

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

ÅRSMELDING 2012 \ BJØRKEDAL KYSTLAG

Barn og ungdom i kirken Høsten 2015

Årsmelding for O-gruppa 2015

MØTEINNKALLING. Eventuelt forfall kan meldast til telefon Varamedlemmar møter etter nærare avtale. SAKSLISTE

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Barn og ungdom i kirken Høsten 2014

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brødsbrytelsen - Nattverden

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

LOV FOR IDRETTSLAGET JOTUN

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Sandeid skule SFO Årsplan

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Bokbåten Epos 50 år i Møre og Romsdal

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Plan for undervisning

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016


Informasjon fra Olsvik menighet

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Plan for Liabygda SFO

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

MÅNADSPLAN APRIL FOR BLÅKLOKKE

KVINNHERAD KOMM KULTURKONTORET

Vedlegg 1 SFO-PLAN LUSTER KOMMUNE (-17)

Gi muligheter for å møte andre i samme livssituasjon, kunne dele sorghistoriene, og få hjelp til å gå videre i livet.

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

KRAFTFÔR - TRUSOPPLÆRINGSPLAN FOR BORE KYRKJELYD 15. juni 2015 INNHALD

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsplan for Hare November

Leveld, Torpo og Ål sokneråd

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Møteprotokoll for møte i

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

INFORMASJON om førestellinga:

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

Vår Visjon : SAMAN ER VI BEST

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

KULTURKONTORET 8305e

Informasjon Mangerfestivalen

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Årsrapport for 2007/2008-laget

Bygdeblad. Bygdesentralen/Frivillighetssentralen. Tlf mob

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Årsrapport. Bygdeutviklingsprosjektet i Instedalen. Årsrapport bygdeutvikling 2012

Di stemme er viktig for Ål

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Årsmelding 2012 Menighetens årsmøte 14.april «Tveit menighet ønsker å være en inkluderende menighet der vi tjener Herren med glede.

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

2014 / / 20 5

ÅL IDRETTSLAG - langrennsgruppa Sesongen 2010/2011

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Overgangsplan barnehage - skule i Stord kommune

Strategidokument

Til deg som bur i fosterheim år

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Du er med dette invitert til å være

Transkript:

Årsmelding for Ål kyrkjelyd 2015 I 2015 har samansetjinga av Ål sokneråd (SR) vore slik: Øystein Kilde (leiar og repr i Fellesrådet FR), Terje Nordal (nestleiar, repr i FR, og kasserar), Ingvild Kaslegard (valt inn i Bispedømerådet og permisjon frå SR), Einar Brattegard (leiar av diakoninemnda), Turid Hilde Sørbøen Gåsbakk (medlem i Trusopplæringsutvalet) og Solveig Løkensgard Arnegard (medlem i Folkemusikknemnda). Varamedlemer: Asle Stølen (fast medlem for Ingvild), Gerd Kristin Opsata, Marit Medhus Breie, Kjersti Luksengard Slåtto og Randi Sigrun Skogstad Jensen. Sidan Ingvild søkte permisjon frå SR er Asle fast medlem og Gerd Kristin er møtande varamedlem i SR. SR har også eit Arbeidsutval (AU) samansett av leiar, nestleiar, sokneprest og sekretær. Sekretær (Magny Folkedal) møter ikkje lenger i SR. Det blir laga eit kort referat frå AU. SR har hatt 7 møte og 2 møte med det nye rådet. Me har i det gamle SR (jan-okt) handsama 54 saker. (67 saker i 2014, jan-des) 1 november var nytt SR på plass for ein prøveordning for neste 4 årsperiode. Det nye SR vil ha 2 medlemer frå Torpo, 2 frå Leveld og 4 frå Ål + soknepresten. Namnet er Leveld, Torpo og Ål Sokneråd. Rådet konstituerte seg i november og ny leiar vart Einar Brattegard frå Ål og Olav Moen frå Torpo vart nestleiar. Fokus i det nye rådet har så langt vore konstituering, budsjett og val inn i undergrupper. Årsmøtet Soknerådet hadde årsmøte 11.2.2015 i Ål kyrkjestugu, 12 møtte. Tema for årsmøte var: Korleis få fleire til å koma til gudsteneste? Tor Sletten og Vigdis M. Storhaug innleidde til samtale om temaet. Song og musikk: Folkemusikkprosjektet: Folkemusikkprosjektet er no inne i 9. året. 2015 har vore prega av høg aktivitet og besøk i blant anna Nidarosdomen. Det er også produsert eit opptak for tv, som prosjektet håpar å få vist. Perioden har vært prega av tema: Folkemusikk i møte med mange stilartar. Prosjekttilskott er motteke for ein ny 3 årsperiode! Kantoriet: Ca 15 faste medlemer. Stort korprosjekt våren 2015: Visst skal våren komme. Stykket vart framført både på Ål og på Voss. Kantoriet har ein viktig rolle i folkemusikkgudstenestene, og gir eit viktig løft til songen. Synzygus: Held fram med kor, ungdomskveldar, teknisk gruppe og band. I 2015 har ungdomane lagt ned mykje sjølvinnsats for å halde tilbodet oppe. Musikalsk leiar var på plass hausten 2015. Lene Midtun er tilsett, og Lina Turøy hjelper også til. Stillinga blir finansiert av gjevarmidlar. Dette er eit viktig tilbod i ungdomsarbeidet i lokalsamfunnet! Ål sokneråd og Normisjon vil fortsette samarbeidet om Synzygus. Barnekor: Jan-mai med 20-30 born i alderen 3-7 år, musikalsk leiar er Camilla S. Joranger. Småbarnssang (babysang): Har hatt fleire samlingar i kyrkjestugu med om lag 5 born 0-1år (+foreldre og søsken) til song og lunsj. B-karad`n: 17 medlemer i alderen 30-80 år! Aktivt år med påske- og julekonsert, folkemusikkgudsteneste, korseminar, tur til Sogndal og Jubileumskonsert med Hallingdal gospelkor. Sjå eiga årsmelding. Diakoni Diakoni er ein viktig del av kyrkjelyden sitt arbeid. Her trengst det forbøn og hjelparar. Ål diakoninemd samarbeider tett med diakonen og har mange aktivitetar på plakaten mellom anna fasteaksjon, besøksteneste, eldretreff, «Tru og lys» og arbeid blant flyktningar. KiA-arbeidet har også i 2015 vore eit viktig tiltak i så måte. Sjå eiga årsmelding frå diakoninemnda.

Misjon Misjonsrådet i Ål skal arbeida for bevisstgjering av misjonsansvaret i kyrkjelydane. Rådet har misjonsprosjekt som går over tre år frå 2013. Prosjektet i denne perioden er Misjonsalliansen. Blir avslutta ved utgangen av 2015. Sjå eiga årsmelding frå misjonsrådet. Trusopplæring Trusopplæringsarbeidet i kyrkjelyden er no inne i «gjennomføringsfasen». Det vil si at me prøver ut alle tiltaka som ligg i vår lokale plan som vart godkjent i desember 2013. I 2015 vart alle tiltaka i planen gjennomført. ÅTU, Ål trusopplæringsutval, vil heile tida jobbe med å evaluere, utvikle, utvide og skape engasjement for trusopplæringsarbeidet vidare. Barne- og ungdomsarbeid Kyrkjefredagar er eit samarbeid mellom sundagsskulen og trusopplæringa. Dette er samling for familiar som startar med middag og fortsett med bibelforteljing og aktivtetar for born opp til skulealder, frå 1.-4. trinn og 5. trinn og oppover. Kvelden blir avslutt med sang. Av aktivitetar for dei større borna og ungdomane er det ulike aktiviteter i Ål. Ål er eit samfunn der samarbeid er viktig for å nå alle aldersgrupper. Ål sokneråd er takksame for det arbeidet som blir lagt ned på fleire arenaer for å gje born og unge møte med den kristne bodskapen. Between er for gruppa mellom 10 og 13 år. Opptil 40 unge møtest. Dei har møte på Evjens Minne fredagskveldar. Dei lagar god mat i lag og pratar om viktige ting livet har å by på. Bibelstudiar vert det også plass til, og samlingane blir avslutta i kyrkja. Speidarane møtest i Borgstugu og området rundt. Her er det fysiske aktivitetar for ein kvar smak med turar som byr på opplevingar og knyting av venskapsknutar! Dei har årleg overnattingstur til fjellkyrkja. Konfirmantarbeidet er eit vidt opplegg der ungdomane får bibelundervisning, samtalegrupper i heimane, invitasjon til ungdomsmesser, leir og misjonscup. KRIK er ein møtestad for sport og bibel i samarbeid med HÅP. BUK, Barnas Uke i Kyrkja, eller «ståk/ larm», vart arrangert på nytt i 2015. Det vart ein tredagars suksess med omlag 60 deltakarar, 18 unge medhjelparar og 20 vaksne var engasjert i større og mindre grad. Opplegget har base i kyrkja med sang, samling, tur, konsert og leik. Årets tema var fotspor. Me satsar på eit nytt arrangement i 2016. Sentrale vaksne har sagt seg villig! I tillegg har Ål SR dette året arrangert konsert og seminar med team A:SM frå Skjærgårds, en flott kveld i kyrkjestugu med fokus på ungdom rundt konfirmasjonsalder. 50-årskonfirmantar Tradisjonen tru vart jubilantane markert med gudsteneste og samling 31.mai. Val og kakelotteri I samband med valet hadde Ål sokneråd ein stand i den nye delen på Ålingen ein laurdag i september. Her vart det kakelotteri og høve til å forhåndsrøyste. Anna Kyrkjebladet kjem ut med 6 i året. Her er det god informasjon og bladet har ein trufast og stor lesarkrets! Internettsida vår er eit viktig bidrag til informasjon og nytt: www.aal.kyrkja.no Fellesrådet har også oppretta eiga side på Facebook for dei som ynskjer å fylgje med på kva som skjer. 2015 var også året da Skjærgårds Music & Mission gjennomførte den andre vinterfestivalen på Ål. Dette gler me oss over og ynskjer dei hjarteleg velkomne tilbake med ny festival som har fokus på Jesus, ski og musikk! Dugnaden på våren vart avlyst pga dårlig vær. Konklusjon og vegen vidare Kyrkjelyden i Ål spenner over mykje! Mange er med og dreg lasset og set sitt preg på kyrkjelyden. Takk til alle som er med og støtter opp om dette arbeidet! Det er avgjerande for å lukkast! Kyrkja og trua bind oss saman til ein stor familie som skal vise omtanke og omsorg for kvarandre! Ål 14. januar 2016 For Ål sokneråd Øystein Kilde, leiar

ÅRSMELDING FOR LEVELD SOKNERÅD 2015. Torfinn Slåtto, Kari Jorunn Oleivsgard, Arvid Bjørke, Frank Vorhaug og Ingvard Solberg har vore medlem i soknerådet dette året. Inger Haug har møtt på møtene som 1 vara. Det har vore fire møter dette året med val på felles sokneråd i september. Felles sokneråd. I april-møtet gjorde soknerådet fylgjande vedtak: «Ved overgangen til felles sokneråd i Ål med to representantar er det viktig å tenkje på korleis vi kan forankre arbeidet i bygda. Eit forslag er å etablere ei drøftingsgruppe med 2-3 fleire enn dei to representantane der viktige saker blir tatt opp i forkant av soknerådsmøter. Gudstenestegruppene bør styrkjast. Det bør vere ei samling for alle i desse gruppene for å planlegge gudstenestene i neste semester/år.» Nominasjonsnemnda/valstyret la fram ei liste til valet sett saman av personar frå Votndalen, Leveld og Vats. Oppslutninga til valet vart som normalt og personane på dei to fyrste plassane på lista vart valt som medlemer til felles sokneråd, Torfinn Slåtto og Inger Haug. I oktober var soknerådet, gudstenestegruppene og dei nyvalte medlemene til felles sokeråd samla for å drøfte arbeidet i kyrkjelyden vidare. Møtet konkluderte med at slike samlingar bør vere faste kvart halvår. Renovering av orgelet. Kantor Audun Flaen var med på eit møte i soknerådet 2014 der han argumenterte for ein plan med å renovere orgelet i kyrkja. Soknerådet var klar på at han skulle gå vidare med planen. Dette førte til at arbeidet vart gjennomført i 2015. Ein stor takk til Audun Flaen og Håkon Tveito som har vore pådrivarane i dette prosjektet som endte opp med eit veldig flott resultat. Totalsummen vart omlag kr.190.000,-. Soknerådet delfinansierte dette ved bruk av to konti: orgelkontoen kr.82.000,- og gåvekontoen kr.82.000,-. Soknerådet gjorde vedtak i 2014 om å sette av kr.115.000,- til renovering av orgelet og ny fasade. Dette vart finansiert ved orgelkontoen og restbeløpet frå gåvekontoen. Kr.81.600,- kom inn av friviljuge gåver øyremerkt orgelet, noko som er svært imponerande. Med dette vart orgelet fullfinansiert og Leveld kyrkje og Nordbygdene har fått eit orgel som ikkje berre fungerer optimalt i forhold til messe og kyrkjelege handlingar, men og som konsertorgel. Gudstenester. Statistikken for året seier at tal gudstenestedeltakarar er stabilt. Det var ei markert auke frå 2013 til 2014. Denne tendensen held seg vidare i 2015. Sportsandaktane frå Vats fjellkyrkje er tatt med i 2015, men oppslutninga til desse har vore dårleg, med unnatak av samlingar omkring påske og jul. Styret for Vats fjellkyrkje har ei utfordring i forhold til oppslutninga når det gjeld sportsandaktane. Rekneskapet er som normalt med eit lite overskot for året. Arbeidsåret i kyrkjelyden har vore som normalt med to hendingar som peikar seg ut, val av fellesråd for Leveld, Torpo og Ål og renovering av orgelet. Det blir spennande å fylgje med desse fire åra korleis dette felles soknerådet vil fungere. Prøveprosjektet skal evaluerast i 2019 før ei evnt vidareføring av felles sokneråd som ei fast ordning eller attende til det normale. Ingvard Solberg Leveld 01.02.2016 soknerådsleiar

ÅRSMELDING FOR TRUSOPPLÆRINGA I ÅL 2015 Ål trusopplæringsutval(åtu) har i fyrste halvdel av 2015 hatt følgjande medlemmer: May Rose Brattegard, Anne haug Grønnerød, Siv Vorhaug(nestleiar), Kjersti Luksengard Slåtto, Turid Hilde Gåsbakk(leiar) og Johanne Marie Jordet(sekretær) Etter soknerådsvalet i september ble det nyval og følgjande medlem er no i ÅTU: May Rose Brattegard, Gro Thoen, Siv Vorhaug, Ove Bråten, Morgan Slåtto og Anne Tunestveit. I 2015 vart desse trusopplæringstiltaka gjennomført. -Dåp og dåpssamtalar -Baby- og småbarnssang -Dåpsdagshelsingar til 1,2 og 3-årsdag for dåpen -Sprell levande kyrkjefredag -4 år Utdeling av Mi Kyrkjebod -5 år Utdeling av barnebibel -6 år Dåpsskule og utdeling av 6-års-bok -5-6år Juleverkstad i Leveld -1.trinn Bondegårdssamling -2.-3.trinn Tårnagenthelg -4.trinn Juleverksted og solidaritetsgudsteneste -BUK Ferieskule for 1.-4.trinn -5.trinn Kode B og utdeling av Bibelen Ei vandring gjennom den store forteljinga -6.trinn LysVaken overnatting i kyrkja -7.trinn Mini-action -8.trinn Helmax -9.trinn Konfirmasjon og Helmax 10.-trinn Reunion for fjorårskonfirmantar 16-18 år Helmax Nytt dette året var «Mini-action» for 7 trinn. I samarbeid med Speideren, Krik, Synzygus og Between laga me ei samling på forsommaren der eit av hovedmåla var å prøve å få til ei god overgang frå Betweenarbeidet på mellomtrinnet til tilboda dei har av kristent ungdomsarbeid når dei startar på ungdomsskulen. Reunion for 10 trinn var også nytt i 2015 Me nærmar oss no å klare å gjennomføre alt me har på Trusopplæringsplanen så langt. Arbeidet for dei minste borna har vore i gang i mange år no. Frammøte kan variere, men mange kjem att år etter år. Me ser at utfordringane er større når det kjem til å samle ungdommar frå 8.trinn og etter konfirmansjonstida. Her treng me å jobbe fram gode idear. Ver med å be for ungdomarsbeidet og ungdomsleiarar. Buk hadde også dette året stor oppslutning. Vi hadde over 60 deltakarar, 18 minileiarar og over 20 vaksne var involvert, dei fleste av dei som frivillige. Takk til alle som stiller opp og gjer dette mulig. Minileiarar og ungdomsleiarar er gull verd i barnearbeidet. Tanken om å prøve å lage til noko meir systematisk leiartreningsopplegg for desse er på ynskjelista «Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst. Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynner?» Rom 10 13-14 Kyrkja sitt trusopplæringsarbeid er viktig, ikkje minst i ei tid der born og unge lærer lite om kristen tru på skulen. Takk også i år for forbønn og oppmuntring. Borna og dei unge er viktige i kyrkja. Me må heie dei fram og gje dei ein plass der dei kan kjenne at dei høyrer heime. Ål, januar 2016 Johanne Marie Jordet, kyrkjelydspedagog

årsmelding Norbygdene diakoninemnd 2015 Nemnda: Odd Oleivsgard, skrivar Ivar O. Medgard, kasserer Gunn Britt E. Skarsgard, styremedlem Inger Haug, leiar Bente Sletten, Diakon Vi har hatt to møter og et pakkemøte i lag med diakonikontaktene. Diakonikontaktene går med blomehelsing til de som er 80,85,90 og 95. Bente har laget lister hvor navnene er fordelt på diakonikaontaktene. De samme listene blir brukt til julehilsen og blomehilsen. Det var 3 eldretreff på våren og avslutning av vårsemesteret med messe hvor eldre er spesielt invitert og får organisert skyss og hjelp i kyrkja. Det er en stabil gjeng på eldretreff. Bente har utfordret flere tospannteam til å ta ansvar om vertskap og matservering,for andre sesong nå. Dette fungerer bra. Ordningen med hus fungerer bra med bedehuset i Vats, men i Leveld har vi også hatt det hjemme privat i vår. Februar; Bedehuset i Vats. Tema; kyrkjelyden i bygdene i gamledager v/ Thor Waraberg Musikk og andakt; Sigrun og Leif Kaslegard Mars; Hjemme hos Kari og Odd Oleivsgard tema; Gamle matradisjoner v/ Birgitte Lindhjem April; Bedehuset i Vats; Tema og musikk: Ingunn Stræte og Torleif Stave Andakt; Vigdis Moen Storhaug Fasteaksjonen 24.mars Utgangspunkt hos Ivar som stilte med boller og kakao i år også :) Høsten starter med felles eldretur med Ål Diakoninemnd 2. September. Høstfesten ble på Actif Hotell søndag 18.oktober. November og Desember var det eldretreff. November; på bedehuset i Vats Tema, Glimt frå skulelivet v/ Odd Skarsgard Musikk og andakt; Sigrun og Leif Kaslegard Desember; på Actif Hotell Tema og musikk; Aud Berit Johannessen og Birger Liahagen; Å være spelemann, glimt av Oddemann Haugen sitt liv. Andakt v/ Arne Lie Vi ble også i år invitert til Kari og Odd i Gunnarhaugen hvor pakkemøte 8. desember ble en hyggelig sosial kveld med gode samtaler,nydelig mat og flott vertskap. Liv A. Solberg delte noen tanker med oss i oppstarten på møte. Takk til Vertskap Kari og Odd og takk til Liv. Vi har hatt kyrkjekaffe to ganger; på nattverdsmesse for eldre som vi inviterer til på våren. på allehelgensmesse i november. Etter valget i høst takker Ivar og Inger for seg og ønsker Sissel Thon og Ingrid Kaslegard varmt velkommen. Masse lykkeønsker til den nye Diakoninemnda. Til slutt en stor takk til alle medhjelpere som stiller hus og mat og de som er vertskap når vi leier oss hus, og alle diakonikontaktene. Dere er diakoninemndas høyre hånd. TAKK. Leveld 8.januar 2015 Inger Haug

Årsmelding for Ål diakoninemnd 2015 Desse var med i nemnda: Einar Brattegard leiar (soknerådet sin representant), diakon Bente Sletten skrivar, Jorun Bergo, Sigurd Dahle og Helge Ripel. Gerd Kristin Opsata fast møtande varamedlem. Nemnda har hatt 3 møte og handsama 22 saker. I tillegg har me hatt eit pakkemøte/inspirasjonsmøte med diakonikontaktene, samt ei sosial samling heime hjå leiar der me takka av og summerte opp perioden i diakoninemnda Fasteaksjonen 24. mars. Resultatet vart 39211 kr for Ål sokn (ned 7804 kr) og 61625 kr for heile Ål (8417 kr). Konfirmantar og foreldre gjorde ein flott jobb! Resultatet er noko dårlegare enn det som har vore dei siste åra. Noko av grunnen til dette ligg vel i at det i år var svert få konfirmantar Takk til alle bøsseberarar. Diakoninemnda står for førebuing og gjennomføring. Jule- og årmålshelsingar. Diakonikontaktene går med julehelsing til alle frå 85 år. I år fekk alle eit kort med vintermotiv fotografert av Randi Kvelprud Stein og ei pakke med kransekakestenger. Dette var noko dei eldre sette pris på. Blome som årmålshelsing går diakonikontaktene/diakonen med til dei som fyller 85, 90, osv. 3. desember arrangerte diakoninemnda eit inspirasjonsmøte for diakonikontaktene. Steinar Aa delte inspirasonstankar med oss og så ordna vi julegåver og planla vidare arbeid. Nemnda vil takke diakonikontaktene for det viktige arbeidet dei gjer. Me er glade for at me har så mange diakonikontakter, men me treng etter kvart fleire. Kyrkjesundag for eldre var i år på torsdag (Kr.Hi) 14. mai. Diakoninemnda la til rette for at dei som bur på Ål bu- og behandlingssenter og i omsorgsbustadane kunne få høve til å koma i kyrkja. Me ordna med skyss og nokre diakonikontakter hjelpte elles til. Etter messa var det kyrkjekaffi. Haustfest for eldre 17. sept. Jostein Sandsmark hadde lysbildekåseri om til dels underleg husbygging. Heidi Langegard og Vigdis Moen stod for den musikalske underhaldninga.. Jubilantar 75 år, 80 år osv. fekk skriftleg invitasjon og vart feira med rose. Elles er alle eldre velkomne. Me opplever at dette er eit tilbod mange set pris på og i år var frammøte svert godt, 27 jubilantar og vel 65 frammøtte. Kyrkjekaffi. Diakoninemnda har ansvaret for kyrkjekaffi 4 5 gonger i året. Me ynskjer å bidra til at folk som kjem til messe, blir sett og helsa på. Formiddagstreffet har samlingar som før, fyrste torsdagen i månaden. Det har vore 8 treff i Kyrkjestugu i 2015. Kvar samling har ei kort andakt, mat, song og eit temaforedrag. Frammøte i 2015 har vore på omkring 30 kvar gong. Det er skysstilbod til treffa ved behov. Ein komité på 8 kvinner lagar semesterplan og bidreg med vertinneoppgåver, kjøkkenteneste, innkjøp og baking etter ein turnus. I september har me som tradisjon ein busstur til fjells saman med Torpo og Leveld. Steingrim Roen guida oss gjennom Liagardane og heilt inn til Trettestølane. Turen vart diverre lagt til den dagen det regna mest hausten 2015. Difor vart måltid, andakt ved Toril S. Sønsteby og musikk ved Ingunn Stræte Lie lagt til Kyrkjestuge i staden for Nystølkytkja. Ca 35 personar var med på turen. Tro og Lys. Tro og Lys har fast samling siste måndagen i månaden. Menneske med ulik grad av funksjonshemning har sosialt fellesskap i kyrkjestugu og avsluttar kvelden med ein halvtime i kyrkja. Ei styringsgruppe på 7 lagar semesterplan og fordelar ansvar og oppgåver. Me har hatt 8 Tro og Lys samlingar og frammøte er rundt 20 personar. Palmesundag deltok Tro og Lys på gudsteneste i Vats fjellkyrkje.

14.oktober arrangerte Tro og Lys konsert i Ål kyrkje, men besøk av «Musikk for alle» frå Nesbyen. Før konserten hadde vi sosialt samvær i kyrkjestugu. Konserten ga stor musikkglede både for tilhøyrar og deltakar. Heidi Langegard er no leiar for Tro og Lys, Ål. Andakter på sjukeheimen. Kvar onsdag er det andakt på sjukeheimen, på Tunet og Stugu. Ein gong i månaden er det gudsteneste m/nattverd og ein gong i månaden er det songandakt. I 2015 vart det halde 41 andakter, der 8 av desse var m/ nattverd. Dette er eit arbeid som baserer seg mykje på frivillige andaktshaldarar og musikarar. Ein stor takk til trufaste frivillige. Frammøte ligg på ca 25-30 bebuarar. I tillegg har kyrkja 3 søndags-gudstenester på Kårstugu; påske, haust og jul. Det diakonale arbeidet i Ål er heilt avhengig av frivillige. Ein stor takk til alle som gjer at arbeidet kan nå ut til så mange. Og ein stor takk til avtroppande diakoninemnd. «Plan for diakoni» ligg under Diakoni på heimesida www.aal.kyrkja.no Ål 25.01.2016 Einar Brattegard Leiar Bente Sletten Diakon

-Årsmelding for KIA Ål, 2015 KIA- Ål (kristent interkulturelt arbeid) startet opp i februar 2012,under ansvarsområdet til Ål diakoni. Tiltaket er en del av KIA Norge som er en selvstendig, økumenisk og diakonal organisasjon. Med dette kan vi dra nytte av inspirasjon, samarbeid og en kjent logo. Målsettingen er å skape en møteplass med likeverd, omsorg og vennskap (Kia s LOV) og jobbe for et flerkulturelt fellesskap i menighet og samfunn. Vi ønsker å motvirke fremmedfrykt og tror norske så vel som innvandrere trenger Kia. Kia Ål har knyttet til seg ca 40 frivillige medhjelpere. Styringsgruppa legger til rette for arbeidet lokalt: Ål Statlige Mottak: Leila Kakaei, Innvandrermiljøet på Ål: Umi Omar Kahmis og Hana Etana Ål Normisjon:, Lars Jordet Ål kyrkje: Arild Øystese Hansen, Frelsesarmeen i Hallingdal, Gol korps: Marta Maria Espeseth Kyrkjelydspedagog i Ål Kyrkje; Johanne Marie Jordet og diakon Bente Sletten. Tiltaket består av: Søndagssamling en gang i måneden for hele storfamilien. Vi har arrangert 11 søndagssamlinger i 2015. 8 av disse var i Normisjons lokaler på Evjens Minne, og 3 fjellturer i nærområdet; 1 ski og aketur, 1 fjelltur med base Nystølkyrkja i Ål og 1 tur til Røde Kors sitt feriested; Merket på Golsfjellet. Vi har hatt en ekstra Kia samling en torsdag i november i forbindelse med bispevisitas. De tradisjonelle søndagssamlingene fra kl 17-19 består av en felles åpning der alt programmet presenteres på powerpoint. Vi har et tema som vi presenterer og gjerne knyttet opp til samtalegruppe og barneaktivitet. Andre innslag kan være; dagens gjest, barn som vil opptre og felles sang/musikk/bevegelse, lek/ konkurranse. Ordfører i Ål og fylkesleder i Kia har vært på besøk. Vi deler oss i grupper; barneaktivitet, ungdomsgruppe, håndarbeidsgruppe og samtalegruppe. Vi har matservering med tid til å myldre og prate, og felles avslutning der vi alltid synger «Jeg folder mine hender små» På samlingen i oktober har vi tema: «Mat fra flere land» og dette er en slags matfestival der innvandrere står for programmet.. I lokalavisen, Hallingdølen skrev vi et innlegg under overskriften; «Flyktningene gir tilbake!» etter dette arrangementet. Juleselskapet i romjula er et arrangement der vi presenterer norske juletradisjoner. Turene våre ( 4-5 timer) ser vi på som viktige og en god arena for felleskap. Frammøte på samlingene har vært mellom 60-70 i vårsemesteret og gruppa var forholdsvis stabil. I høstsemesteret har vi vært ca 150 på samlingene. På høsten var det store utskiftninger på Torpo mottak, samt at det ble opprettet et nytt akutt mottak i Ål kommune. Til sammen bor det rundt 250 på asylmottak. De fleste på Kia samlingene kommer fra mottakene og de fleste er muslimer. Det er gledelig å se at det stadig kommer flere fra bygda og at KIA etter hvert er et kjent tiltak i Ål. På Ål Statlige Mottak bor det ca.160 personer, hvorav 65 er barn/ungdom 0-18 år. Akutt mottaket har opptil 100 personer og hadde flere barnefamilier en periode høsten 2015 Kia Ål betaler all transport med stor buss til Kia-samlingene. Andre Kia tilbud: Solidaritetsgudstjeneste i Ål kyrkje 6.desember. Gjestetaler: fylkesleder Zvonomir Vojtulek

Vi har satt opp kyrkjeskyss med privatbiler til flere gudstjenester i Ål kyrkje, samt minibuss til påske og jul. Disse tilbudene er det fra 10-20 som benytter seg av. Undervisningstilbud v/frank Vorhaug: «Hva tror de kristne på?» vårsemester og «Biblestudy», høstsemester. Viktige tiltak for enkeltmennesker Andre Kia tilbod på Ål statlige Mottak og Holu transittmottak i 2015: Ål statlige Mottak : Regnbuekor; barnekor/ gitarkurs;13 ganger Ansvarlig: Frelsesarmédiakonen i Hallingdal; Marta Maria Espeseth og kyrkjelydspedagog i Ål Holu akuttmottak: Aktiviteter for barna v/ diakon og kyrkjelydspedagog. 3 ganger i november/ desember Vi har hatt 8 styremøter og behandlet 29 saker Bente Sletten deltok på Kia landsrådsmøtet i Kristiansand 11-13. september 2015 Vi ser at Kia er relasjonsbyggende og en viktig møteplass. Vi er glad for den økte tilslutningen på Kia samlingene, med dette er også en stor utfordring da vi blir for mange med asylbakgrunn i forhold til nordmenn. Språkbarrieren og kodene generelt har vært en større utfordring i høst enn tidligere. Vi har også hatt store og uforutsett transportutgifter. Og vi sliter fortsatt med ungdomsdelen av arbeidet vårt. Når det gjelder det offentlige har vi et godt samarbeid med Mottakene, og samsnakk med flyktningkonsulent i Ål, kultursjef, frivilligsentral og skole for fremmedspråklige. Vi synes vi har fått god stabilitet og forutsigbarhet i arbeidet vårt og ønsker å fortsette med det årshjulet vi nå har. Styringsgruppa er stabil, men Arild Øystese Hansen har sluttet etter 4 år. Vi er takknemlig både for hans innsats og for Børge Bekkestad som har tatt til fra 2016. «For jeg var fremmed og dere tok imot meg» Matt.25.35 b Ål 29.januar 2016 Bente Sletten

Ål kyrkjeakademi ÅRSMELDING 2015 Ål kyrkjeakademi har hatt 7 tilstellingar i 2015. Dei ulike arrangementa var: Torsdag 22. januar: «Den unødvendige svolten» - eit foredrag med Aksel Nærstad og Olav Randen. Det var 36 som hadde kjøpt billett til denne kvelden. Fredag 20. mars: «Presten og ateisten» - Ein samtale mellom presten Stian Kilde Aarebrot og ateisten Didrik Søderlind. Dette var eit arrangement i samarbeid med Human Etisk forbund i Hallingdal. Her var det 25 personar som høyrde på. Fredag 17. april: «Blir ein friskare av å tru?» Dette var eit foredrag med psykiater Lars Lien. Det var 46 som hadde løyst billett denne kvelden. Måndag 25. mai: Forfattaren Lars Petter Sveen som kom med romanen «Guds barn» i 2014 og han kom innom oss og hadde foredrag med utgangspunkt i boka. Møtet var eit samarbeid med Ål bibliotek. Det var 15 personar til stades denne kvelden. Torsdag 10. september: «Rettferd fred forsoning» - eit foredrag av Petter Skauen. Denne kvelden var det 19 frammøtte. Fredag 9. oktober: «Verdien av usemje» - eit foredrag av direktøren i stiftinga «Fritt ord», Knut Olav Åmås. Denne kvelden var det 37 som kom og høyrde på. Fredag 20. november hadde me ein kveld med Ingunn. Her møtte me Ingunn Stræte Lie som fortalde og formidla musikk til oss. Her var det 40 frammøtte. Det er alltid positive tilbakemeldingar frå dei som har møtt fram på arrangementa våre. Til saman har altså 218 personar løyst billett, og i tillegg er det oftast 2-3 frå styret som gjer ein innsats under møta, så over 230 har høyrt på det som gjennom året har vore formidla. Dette året syner rekneskapen ved årsslutt eit underskot på kr 4935,50. Det er verd å merke seg at me innanfor kalenderåret berre har motteke ein refusjon frå Norske kirkeakademier, Men slik støtte blir utbetalt halvårsvis for gjennomførde arrangement, og når støtta kjem straks over nyttår, vil et reelle underskotet bli redusert til kr 435,50. Som tidlegare går drifta går i hop ved hjelp av billettsal til arrangementa, tilskot frå Norske kirkeakademier, Ål kommune, sokneråda i Ål og andre gåver og tilskot. Me har også gode støttemedlem som sikrar drifta vår. Det var 34 som betalte i 2015. Arbeidsgruppa som styrer Ål kyrkjeakademi rekrutterer sjølv nye medlemer i gruppa og er ved årsskiftet slik samansett: Anne-Kjersti Frøyen, Steinar Aa, Terje Nordal, Ingunn Stræte Lie og Arvid Bjørke

Årsmelding frå B-karad n 2015. 2015 har vore eit år med stabil og god aktivitet i koret. Høgdepunkt i år var korhelga i Sogn i oktober. Vi hadde Lyngmo leirstad i Hafslo som base og eit triveleg samarbeid med Dalklang blandakor i Sogndal. Slik vart det både felles songkveld i Hafslo og B-karad n song ved gudstenesta i Stedje kyrkje. Vi har øving kvar torsdag frå 19.00 21.30. I år som alle år har matøkta som innleier øvinga, vore viktig for helse og trivnad i koret. Audun Flaen er inspirerande dirigent, musikar og korarrangør. Medlemsmassen er svært stabil. 16 medlemmer. Axel Baumgärtner slutta i februar og flytta heim igjen til Berlin. Slik har vi i haust hatt god lokal hjelp til å førebu besøket av Carl von Ossietzky-koret som kjem til Ål i mai 2016. Slik ser programmet 2015 ut i ettertid: Søndag 8. februar : Sangkveld Evjens Minne Søndag 1. mars : Folkemusikkmesse Ål kyrkje Onsdag 1. april : Påskekonsert Ål kyrkje Fred.-søn. 5.-7. juni : Korseminar og konsert Ål kyrkje (NMS) Laurdag 12. september : Opptreden ved bryllaup Nesbyen Fred.-søn. 23.-25. okt. : Korhelg i Sogn Onsdag 4. nov. : Øvingsdag med Hallingdal Gospelkor Fred. 13. november : Songkveld/konsert Evjens Minne (Normisjon) Laurd. 14. november : Songkveld/konsert Kyrkjestugu, Hemsedal (Normisjon) Sønd. 15. november : Konsert Gol kyrkje saman med Hallingdal Gospelkor Søndag 29. nov. : Konsert Thon Hotell, Ål. (Deaf Aid) Søndag 20. des. : Sangkveld Leveld kyrkje Styret har i 2015 vore: Leiar og sekretær : Steinar Aa Nestleiar : Arnfinn Noss Rekneskapsførar og søknadsansvarleg : Olbjørn Thoen Styremedlem, ansvarleg for kost og helse : Narve Thorset Styremedlem, bekarteljar og altmogelegbekar : Tor Sletten Ål, 10. januar 2016 Steinar Aa ål kantori 2015 vart eit innhaldsrikt år for kantoriet, med samarbeidprosjekt med Voss kantori om «Visst skal våren komme», eit verk med jazzinspirerte tonar av Sigvald Tveit og Eyvind Skeie. To framføringar i april, fyrst i Ål kyrkje og så på Voss. Elles deltok koret i mange høve både i Leveld, Torpo og Ål kyrkje og på sangkveld på Evjens Minne. Kantoriet har om lag 15 faste medlemer og øver annankvar tysdag i Ål kyrkjestugu med Audun Flaen som dirigent og musikalsk leiar. Koret har eit styre med fylgjande medlemer; Kristin Flaen, Kjell Storhaug og underteikna. Magny R. Folkedal.

Prestegårdens kvinneforening, NMS. Årsmelding 2015. I Prestegårdens kvinneforening er vi nå 8 medlemmer. Guri Ekse er leder/ kasserer, og Solveig Holm Ragnhildstveit er sekretær. Vi har hatt 8 vanlige misjonsmøter. I vår/høst- halvåret har møtene startet kl.12.00 og i vinterhalvåret kl. 18.00. Møtene har gått på omgang i hjemmene til medlemmene. To av disse møtene har vært i prestegården, etter invitasjon fra prost Vigdis Moen Storhaug. Det å få komme i prestegården har vi satt stor pris på. Andaktsholdere har vært Guri Ekse, prost Vigdis og Randi Sigrun Jensen. Misjonsstevnet hadde vi i Kyrkjestugu 7. mars. Misjonskonsulent Reidun A. Weberg kom på besøk, og det var andakt av Kjell Bjørka. Misjonsstoff på møtene henter vi fra NMS sitt blad Misjonstidende. Der er det mye interessant å lese, og vi blir oppdatert om arbeidet til NMS. Område- årsmøtet for NMS, Hallingdal, hadde vi i Kyrkjestugu 6. juni kl. 15.30. Vi spiste Laos-suppe i lag, og misjonskonsulent Reidun hadde «Glimt fra Laos» Kort årsmøte etterpå. Kl. 18.00 konsert i Ål kyrkje ved B-karad`n. Misjonsforedraget var ved Madagaskar -misjonær Anders Rønningen. I forbindelse med «Høstdager på Rødungstølen» var Prestegårdens kvinneforening invitert til misjonsgudstjeneste i Vats fjellkyrkje den 23. september. Bjørn Eddy Andersen talte der. 28.oktober var Prestegårdens kvinneforening invitert av Sando og Tveito kvinneforening til felles misjonsmøte hos Guri Ekse. Misjons-konsulent Reidun var med oss. Hun hadde andakt og informasjon om NMS. Prestegårdens kvinneforening har hatt et aktivt misjonsår i 2015. Det er rikt å få være med i misjonstjenesten, som er et viktig arbeid i Guds rike. Solveig Holm Ragnhildstveit, sekretær.

ÅRSMELDING 2015 - BETWEEN Between er ein treffstad for 5. til 7. klassingar der målet er å byggje vennskap med kvarandre og Jesus. Namnet er valt fordi denne aldersgruppa er nesten tenåringar og i ein mellomfase der dei er for store for sundagsskula og for små for ungdoms-arbeid som Synzygus, Krik og ungdomsklubb på Håp. Vi ynskjer at dei som kjem skal bli godt kjent med kvarandre, ha det moro i lag og samstundes kunne snakke om viktige ting i livet og oppleve at det er vaksne som vil oppmuntre og peike på Jesus. Dei fleste deltakarane er medlemer av ACTA som er ungdomsorganisasjonen til Normisjon. Vi har hatt om lag seks samlingar i vår og seks i haust. Fast møtestad er Evjens Minne. Kveldane blir fylt med ulike aktivitetar og påfunn. Vi startar gjerne med litt song og prat. Tema her kan vere korleis vi skal oppføre oss mot kvarandre på Between. Aktivitetar etterpå kan vere brettspel, leik, aking, film på storskjerm, juleverkstad, talentkonkurranse osb. Vi prøver å legge til rette for det borna har lyst til å gjere. Kveldane blir avslutta med ein halvtime i kyrkja. Der har vi laga ein enkel liturgi med songar, bøner og andakt. Det møter vanlegvis omkring 25-30 born på samlingane. Det var om lag 40 betalande deltakarar i 2015. Vi er fem leiarar som møter når vi har høve til det og tre stk er minimum for kvar samling. I tillegg får vi god hjelp av fire ungdomsleiarar som har vore med på Between tidlegare. Vaksenleiarane er: Anne Margrethe Bekkestad Børge Bekkestad Torfinn Slåtto Øystein Kilde Lina Turøy

Ål søndagsskulelag «Sprell levande» kyrkjefredag og Torpo søndagsskule Sprell levande kyrkjefredag Sprell levande kyrkjefredag på Evjens Minne har også dette året vore ramma for sundagsskuletilbodet på Sundre. Opplegget er eit samarbeid med trusopplæringsutvalet. Sundagsskulen har hatt hovudansvar for trusopplæring, aktivitetar, annonsering og å organisere dugnadshjelp, samt det å handle inn i forkant av samlingane. Trusopplæringsutvalet ved kyrkjelydspedagog Johanne Marie Jordet, har hjelpt til med nokre bibelsamlingar og innkjøp. Ål kyrkjelege fellesråd står som økonomisk ansvarleg for praktisk gjennomføring med mat og husvære, der målet er at dette skal gå omtrent i null, heile året under eitt. Sundagsskulen har økonomsik ansvar for Sprell levande opplegget og anna materiell, samt Barnas bladet som ungane får med seg heim. På registreringsblokka i sundagsskulen teller me (alle registrert minst ein gong) omtrent 30 ungar mellom 3 og 10 år pluss ca. 5-10 som er mellom 10 og 13 år. Me har vore fire som har hatt alderstilpassa trusopplæring for dei to yngre gruppene (to kvar gong). Desse har vore Johanne Marie Jordet, Berit Kilde, Terje Nordal og Marianne Laa. I år har Guro Laa, med noko avløysing av Marianne eller Håkon, vore leiarar for ungane mellom 10 og 13 år. Terje Nordal og Øystein Kilde har hatt songstund, det siste kvarteret nesten kvar gong. Marianne Laa og Hilde Mari Kolbjørnsgard har bytta på og ha formingsaktivitet. Snekkerkroken og bilbanen har Bjørn Kåre Kaslegard, Narve Thorset, Lars Jordet, Tor Egil Kaslegard og til dels Hilde Mari Kolbjørnsgard hatt ansvar for. Totalt var det 10 samlingar på Evjen s Minne, juletrefest i vår regi, og me deltok på 3 gudstenester (sto på programmet); gudsteneste i forkant av juletrefesten i januar, familiegudsteneste i februar og gudstenesta med utdeling av 4 årsbok og invitasjon til sundagsskulen, på museumet i september. Torpo søndagsskule

Torpo søndagsskule starta opp att 20. sept. 2014, men utan den heilt store barneskaren. I 2015 har det heller ikkje vore så mange born, men gleda har vore stor for dei få som har møtt opp. Aktivitetar har vore å bake kake, hatt formingsstund, leika og formidla gleda over å kjenne Jesus. I år er det gjort ei lita endring, for å prøve å få med nokon litt eldre born. Søndagsskulen er på laurdagar frå kl. 16:30 til 17;30. Den er leia av Siv Vorhaug. Det er for born frå 4-9 år. Til same tid som søndagsskulen, og i dei same lokala, har Mari-Irene Slåtten ansvar for «10-13». Det er eit tilbod for dei som er frå 10 til 13 år. Det har vore med tre leiarar som har vore med der det har vore behov; Berit Moen og to ungdomsleiarar; Guro Dramstad og Nora Kirstine Moen. Ungdomsleiarar er gull verdt, og inspirerer oss til å drive på. Leiarane hadde eit oppstartsmøte i haust, og eit nå rett før jul, der alle fikk komme med innspel og ynskjer for kva dei vil bidra med. Det har vore veldig dårlig oppmøte. Om ein ser disse to samlingane under eitt, så har det vore alt frå 0 til 6 deltagarar på samlingane. Av disse er det ingen betalande medlemmer. Vi har hatt til saman 10 søndagsskule samlingar/»10-13» i 2015. To av disse samlingane, var utan oppmøte av born. På dei 8 andre samlingane, har det vert innom 31 barn til samen. Me håpar og ber om, at det må komme litt fleire born på søndagsskulen /»10-13», nå utover våren. I salmene 119,105 står det; Ditt ord er en lykt for min fot og ett lys for min sti. Torpo Søndagsskole, ynskjer å fortsette med å formidle den gode støtta det er å ha Jesus som sin lykt i mørket. Marianne Laa «Sprell levande» kyrkjefredag Mari-Iren Slåtten Torpo søndagsskule Ingvild Kaslegard - Leiar Ål søndagsskulelag