1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Eldrerådet Møtestad: Seniorsenteret - Fitjar kultur- og idrettsbygg Dato: 25.08.2014 Tid: 10:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Ellen Karoline Hovstad Leiar Ove Raunholm Nestleiar Thoralf Åge Røen Medlem Paul Lillenes Medlem Bente Ringheim Koløen Medlem Forfall: Namn Funksjon Representerer Varamedlemmer som møtte: Namn Møtte for Representerer Frå administrasjonen møtte: Namn Stilling
2 Saksnr Innhald Lukket PS 15/14 Kort orientering av Ole Bergesen PS 16/14 Godkjenning av protokoll PS 17/14 Eldredagen 1. oktober 2014 PS 18/14 Fellessamling for eldreråda i Sunnhordland PS 19/14 Den kulturelle spaserstokken PS 20/14 Ymse PS 15/14 Kort orientering av Ole Bergesen Ole Bergesen informerte om Fitjar kultur- og idrettsbygg. Han fortel at bygget blir brukt til vidaregåande skule, trim, fysioterapi, skulemusikk og diverse arrangement. Fitjar kultur- og idrettsbygg har 3 ansatte. Det blei også orientert om Seniorsenteret. Ei arbeidsgruppe har jobba med senteret og kommunen har vore pådrivar og stilt økonomisk. Senteret har prosjektor, PC, teleslynge, høgtalere og eit kjøkken. Det er også laga til eit lokalhistorisk arkiv i lokalet. Lokalet kan også brukast av andre lag og som selskapslokale. Det er plass til ca. 40 stk. Ole Bergesen har oversikt over leiga av lokalet. Den offisielle opninga for Seniorsenteret den 9. september. Thoralf Røen nemner at det er planer om eit helsesenter og Ove Raunholm om basseng. Ole Bergensen opplyser om at det har vore ei arbeidsgruppe og Link arkitektur AS, som har arbeidd fram eit forslag som skal sendast til formannskapet. Den 30. august er det aktivitetsdag i Midtfjellet vindpark. Det er satt opp busser. Dei som ikkje har mulighet til å bruka buss, kan få kjøretillatelse (Ole Bergesen er kontaktperson). Eldrerådet tek orienteringa til vitande. PS 16/14 Godkjenning av protokoll Eldrerådet godkjenner protokoll frå 28.04.2014. Eldrerådet godkjenner protokollen frå 28.04.14.
3 RepresentantenThoralf Røen meiner at dei to sakene som er satt under ymse, burde blitt satt opp som to saker i protokollen, eldrerådet er enig. Eldrerådet tek uttalelsen til vitande. PS 17/14 Eldredagen 1. oktober 2014 Program for Eldredagen 2014: Kari Lønning Aarø talar. Ordførar Wenche Tislevoll ynskjer velkommen. Leiar i Eldrerådet vil leda programmet. Leiar har snakka med Karvel Strømme angåande Osternes mannskor, men dei kunne dessverre ikkje koma på Eldredagen. Ho har tatt kontakt med Kjerstin Stokken si gruppe «Praise Him» og dei kunne heller ikkje stilla. Leiar tek kontakt med Harald Rydland om musikk. Bente Ringheim Koløen skal snakka med Anne Lene Jordåen på Kulturskulen om det er mulig om nokon av elevane kan underhalda. Bente R. Koløen tek kontakt med sjukeheimen om kven av brukarane som kan koma. Leiar tek kontakt med Havnahuset for å få oversikt over kven som kjem og om dei treng følgje, snakkar med Frivilligsentralen om hjelparar. Leiar kjøper inn gåver. Paul Lillenes tar seg av billettsalget. Håkon Hartvedt får inn annonse i Fitjarposten si papirutgåve og på nettsida. Bente Bjelland set inn annonse i Sunnhordland. Marianne lagar plakater og ordnar med songene samen med leiar. Leiar snakkar med Fitjar vidaregåande skule (Mette Lambach) om praktiske ting ang. Eldredagen (når må arrangementet vere ferdig?) Saka vert tatt til vitande. PS 18/14 Fellessamling for eldreråda i Sunnhordland
4 Fellessamlinga for eldreråda i Sunnhordland var i Sveio denne gong. Ellen Karoline Hovstad, Paul Lillenes og Ove Raunholm representerte Fitjar. Leiar gav eit kort referat frå turen. Ut frå tidlegare protokollar, fann eldrerådet ut at det er Stord eller Tysnes som skal arrangera fellessamling i 2015. Saka vert tatt til vitande. PS 19/14 Den kulturelle spaserstokken Saka blir lagt fram utan tilråding. Fristen for å søkje midler er 1. september 2014. I fjor fekk Fitjar kommune kr. 8 000,-. Det blir møte om «Den kulturelle spaserstokken» 27.08.2014. Leiar frå eldrerådet og møter saman med kultursjef Bente Bjelland. Midlane frå «Den kulturelle spaserstokken» skal brukas til profeksjonelle kunst- og kulturarrangement. «Profesjonell kunst- og kulturformidling». Det blir laga til eit arrangement for seniorar i Fitjar kultur- og idrettsbygg og i Losjehuset våren 2015, ei stor og fleire små samlingar. Forslag til kva midlane kan brukast til: - Leige av kjøretøy til tur for eldre og rullestolbrukarar til Midtfjellet. - Lysbildeserie v/per Johan Vestbøstad med innslag frå Kulturskulen. - Utstilling av gamle bilde frå Fitjar. Kultursjef Bente Bjelland vil setje opp ei liste over tilbod. Eldrerådet tek saka til vitande. PS 20/14 Ymse Representanten Thoralf Røen meiner at sakene under Ymse skulle stått som egne saker.
5 - Eldrerådet er takknemlig for at det skal kjøpast inn trimsykkel til FBB og ynskjer at det må bli til glede for brukarane av sykkelen. - Eldrerådskonferansen i Bergen 7. og 8. oktober 2014. Paul Lillenes vil representere eldrerådet i Fitjar kommune. Ove Raunholm er vara for Paul Lillenes. - Opning av Seniorsenteret 9. september. Thoralf Røen møter for Eldrerådet og gjev blomehelsing. Bente R. Koløen kjøper inn blomen. Neste møte blir den 10. november, kl. 10.00 (i samråd med ordførar).