Tittel Årsmelding Undertittel Fylkeseldrerådet i Hordaland 2012 2013
2 Årsmelding 2012 - Fylkeseldrerådet i Hordaland Innleiing Innføring av lovfesta eldreråd i kommunar og fylkeskommunar som vart lovpålagt frå 1. januar 1992, har gitt eldre personar auka medråderett i saker som vedkjem eldre. Dette er i samsvar med FN sine prinsipp som vart vedteke av FN i 1991. Fylgjande punkt er tekne med under hovudområde deltaking: Eldre skal vera integrert i samfunnet, delta aktivt i utforming og gjennomføring av politikken som direkte vedkjem deira velferd, og dela sine kunnskapar, dugleik og erfaringar med yngre generasjonar". Eldreråda er viktige talerør i denne samanhengen. Fylkeseldrerådet i Hordaland er eit rådgjevande organ for fylkeskommunen og fylkeskommunale verksemder når det gjeld tilhøve som vedkjem eldre og eldre sine levekår. Rådet skal handsama saker på alle samfunnssektorar. Rådet kan også sjølv ta opp saker. Fylkeseldrerådet samarbeider og har kontakt med dei 33 kommunale eldreråda i Hordaland og med Statens Seniorråd, som vart oppretta ved Kongeleg resolusjon 19. april 2002. Eldrerådet si funksjonstid er 4 år og fylgjer fylkestingsperioden. Nytt eldreråd vart oppnemnd etter fylkestingsvalet i september 2011. Saksdokument og møtebøker frå rådsmøta i fylkeseldrerådet er tilgjengelege på fylkeskommunen sin nettportal til liks med politiske organ i fylkeskommunen. Samansetjing Rådet har 7 representantar med personlege vararepresentantar. 2 av representantane er politisk valde frå fylkestinget og 5 representantar er valde etter forslag frå alderspensjonistforeningar i fylket. For valperioden 2011-2015 har rådet slik samansetjing: Valde etter forslag frå pensjonistforeningar: Sigmund Olsnes (fram til 01.12.2012) Margot Bertheussen Kåre Ystanes Ingri Agathe Linde Arne Gunnar Trædal Personlege vararepresentantar: Martin Monrad Reigstad Minda Olsen Solveig Karin Vassenden Anne-Karin Davidsen Magnus Normann Politisk valde representantar: Jette Lunemann Hansen (A) Dagfinn Vik (FRP) Personlege vararepresentantar: Tore Svendsen (SV) Bjørn Arne Aakvaag (FRP) Leiar: Sigmund Olsnes (fram til 01.12.2012) Nestleiar: Margot Bertheussen Fylkeseldrerådet er representert i brukarutvala ved: Helse Bergen (2012-2014): Representant: Sigmund Olsnes (fram til 01.12.2012) Vararepresentant: Margot Bertheussen Haraldsplass Diakonale Sykehus (2010-oktober 2012): Representant: Willy Gustafson Vararepresentant: Olga Johannessen Oppnemnt frå 20. november 2012-2014: Representant: Arne Gunnar Trædal Vararepresentant: Jette Lunemann Hansen Åstveit Helsesenter (2010-2012): Representant: Johannes H. Fosse Vararepresentant: Solveig Johnsen Helse Fonna (2012-2014): Representant: Margot Bertheussen Vararepresentant: Kåre Ystanes Helse Vest (2012-2014): Felles representant/vararepresentant med Rogaland og Sogn og Fjordane Representant: Dagfinn Vik (Hordaland) Vararepresentant: Kristoffer Skjolden (Sogn & Fjordane)
Årsmelding 2012 - Fylkeseldrerådet i Hordaland 3 Arbeidsutval Fylkeseldrerådet har for valperioden 2011-2015 valt å oppretta arbeidsutval. Utvalet er samansett av leiar og nestleiar, og frå administrasjonen møter rådgjevar/ møtesekretær. Arbeidsutvalet har sine møter mellom dei ordinære møta i rådet, etter ein fastsett møteplan. Rådet har gjort vedtak om kva fullmakter eit slikt arbeidsutval skal ha. Sekretariat Fylkeseldrerådet har møtesekretær/sakshandsamar som administrativt er tilknytta organisasjonsavdelinga i fylkeskommunen, med omlag 50% stilling. Sekretariatsfunksjonen har i perioden 01.04.- 31.12.2012 vore utført av rådgjevar Dagmar Reutz Hillestad og Dianne Kilvær. Budsjett- og regnskapsansvar for rådet er lagt til økonomiavdelinga. Budsjett Fylkeseldrerådet i Hordaland hadde til disposisjon eit budsjett på kr. 280.000,- i 2012. Budsjettet vart nytta til rådet sine møter, den årlege konferansen for dei kommunale eldreråda, deltaking på konferansar og seminar og samarbeidsmøter med eldreråda i Sogn & Fjordane og Rogaland fylkeskommunar. Møter & saksområder 2012 Fylkeseldrerådet i Hordaland har i 2012 hatt 6 møter og handsama 25 saker, samt hatt føre 36 meldingar. Årsrapportar frå andre fylkeskommunale eldreråd, kommunale eldreråd og frå Statens Seniorråd vert lagt fram for rådet. Saksområde har m.a. vore: Uttale til fylkesbudsjettet Årsbudsjett 2012 og økonomiplan 2013-2016 vart lagt fram 5. oktober 2012. Fylkeseldrerådet handsama årsbudsjettet i rådsmøte 20. november, og fylgjande kommentarar vart sendt fylkesrådmannen 6. desember: Tannhelse Fylkeseldrerådet har tidlegare gitt uttale om tannhelse. Vi har merka oss at fylkestannlegen og hans medarbeidarar no har sett fokus på tannhelse for eldre. Når det gjeld nedlegging av små tannklinikkar i distrikta, har rådet forståing for at det er vanskeleg å rekruttera personell til små klinikkar. Det bør likevel vera mogleg å oppretthalde ein del av dei mindre klinikkane og så sende ut tannlege og tannhelsepersonell slik at særleg institusjonsbuarar ikkje treng å reise lange vegar for å få dei tannhelsetenestene dei har krav på. Fylkeseldrerådet gjer difor framlegg om at ein finn midlar for å stette dette kravet. Friluftsføremål I høve til ny folkehelselov er det viktig at tilskot til friluftsføremål vert auka. Framlegget til budsjett for 2013 på dette området tykkjer fylkeseldrerådet er for lite. For den eldre delen av Hordaland-folket er det særs viktig at det vert tilrettelagt for utvikling og merking av turløyper og stiar. Samferdsle - båtrutene Rådet viser til det vi tidlegare har uttalt om at billettørane ombord på ferjer og snøggbåtar må gå rundt - i alle høve til eldre og funksjonshemma - for å selje billettar. Om ikkje anboda omfattar dette, bør fylkeskommunen løyve ein sum som kjem dette kravet i møte. Samferdsle - vegnettet I økonomiplanen for 2013-2016 er det forutsett at summen til vedlikehald av fylkesvegnettet i økonomiplanperioden ikkje skal aukast. Etter rådet si meining bør utgiftene til vedlikehald av vegnettet aukast monaleg, særleg i distrikta. Fylkeseldrerådet ber og om at mindreforbruk første halvår i TT-ordninga ikkje vert inndrege. Kultur Kulturopplevingar av alle slag er viktig, særleg for eldre på institusjonar. Dette er ei kommunal oppgåve som saman med "Den kulturelle spaserstokken" skal gje gode kulturtilbod. Dei fleste eldre bur heime og kan nytte seg av dei kulturtilboda som finst i lokalmiljøet. For desse er det etter rådet si meining særleg muséa og biblioteka som er viktige og som gir gode tilbod - men óg tilskot til andre kulturføremål er viktige, særleg i distrikta. Folkehelsearbeidet Fylkeseldrerådet har i fleire år hatt samarbeid med kultur- og idrettsetaten i fylkeskommunen når det gjeld å stimulere og motivere til auka bruk av trening og mosjon som helseførebyggjande tiltak og fremje forståing for at fysisk aktivitet har ein positiv verknad på folk si fysiske, mentale og sosiale helse. Leiar og nestleiar deltok på strategisamling for «Regionalplan for folkehelsearbeidet i Hordaland» på Radisson Blu Hotel Norge 14. juni. Rådet vil framleis ta aktivt del i folkehelsearbeidet og etablerte i 2012 eit nært samarbeid med folkehelsekoordinator i Bergen Turlag og folkehelsekoordinator ved tannhelsetenesta og regionalavdelinga i fylkeskommunen. Tannhelse Fylkeseldrerådet har engasjert seg mot nedskjeringa av tannhelsetilbodet i fylket. Fylkestannlege Arne
4 Årsmelding 2012 - Fylkeseldrerådet i Hordaland Åsan har delteke på rådsmøte og informert om «Strategiplan for folkehelsearbeid/tannhelsetenesta 2012-2014 - Hordaland fylkeskommune». Fylkestannlegen viser til vanskane med å få tannlækjarar og meiner at ei viss sentralisering kan bidra til å sikre god rekruttering av tannlegar, men reisevegen for pasientane vert ofte lengre. Fylkeseldreråda i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland samarbeider om tema tannhelse for eldre. Saman har råda tilskrive Statens Seniorråd og bedt om at seniorrådet arbeider for at «Tennene er ein del av kroppen» - noko som kan bidra til at tannhelse for eldre kjem opp på eit akseptabelt nivå. Råda meiner det bør innførast ei frikortordning innanfor tannhelse tilsvarande frikortordninga som gjeld for legemidlar. Ein vil såleis sikra at alle som har behov for det får høve til å ivareta tennene på ein verdig måte. Tannhelse er eit tema som fylkeseldreråda på Vestlandet vil samarbeida om også i 2013. Samferdsel Regional transportplan for Hordaland Torill Klinker frå samferdselsavdelinga i fylkeskommunen har delteke i rådsmøte og orientert om Regional Transportplan - Handlingsprogram 2013-2017. Jette Lunemann Hansen har vore fylkeseldrerådet sin representert i referansegruppa. Arbeidet i referansegruppa starta opp i 2011, og Lunemann Hansen vil representera rådet i valperioden 2011-2015. Kollektivmeldinga 2011 Fylkeseldrerådet registrerer at meldinga har stort fokus på kollektivtrafikken i Bergensområdet. Rådet presiserer at det er viktig også å ha fokus på kollektivtilbodet i utkantane i fylket kor rutetilbodet er redusert dei seinare åra. Dette gjeld også samordning mellom rutene. Forprosjekt for kollektivstrategi for Hordaland Fylkeseldrerådet fekk framlagt informasjon om forprosjektet og har uttalt fylgjande: «Fylkeseldrerådet har med interesse merka seg prosjekt «Kollektivstrategi for Hordaland». Som representant for dei eldre i Hordaland ønskjer rådet å bli trekt inn i samarbeidsutvalet ut frå suksesskriteriet: brei medverknad frå andre interessentar med roller og ansvar i kollektivtrafikken». Kultur Fylkeseldrerådet har handsama høyringsframlegget til «Planprogram for regional kulturplan» og hadde ingen særlege merknader til framlegget. Rådet er samd i at barn og unge er ei viktig gruppe for kulturell og idrettsleg eigenaktivitet. Samstundes minner rådet om at andel eldre innbyggjarar i fylket stadig aukar, og at denne gruppa både treng kulturelle opplevingar samstundes som dei innehar vesentlege ressursar som kulturberarar og kulturformidlarar. Når det gjeld fagområde kulturminnevern og museum ber rådet at immaterielt kulturminnevern får sin rettsmessige plass i planen. Rådet vil og peike på den sentrale posisjon kystkulturen har hatt - og har - i fylket. Rådet gjev også uttrykk for at ein ynskjer å vere representert i aktuelle faggrupper ved planarbeidet. Aktivitetar i rådet 2012 Eldrerådet i arbeid Leiar deltok på kurs i regi av Fagakademiet Region Vest i Bergen 20. februar. Nestleiar Margot Bertheussen deltok i Odda 21. februar. Verdighetskonferansen 16.-17. mars Verdighetssenteret i Bergen inviterte til konferanse fredag 16. og laurdag 17. mars 2012. Konferansen var eit samarbeid mellom Norges Røde Kors og Verdighetssenteret i Bergen. Konferansen hadde fylgjande tema: Hvorfor frivillighet? Organisering ideologi og praksis Den frivillige suksesshistorier og utfordringer Samhandling i samme retning? Offentlig ansvar, privat initiativ mellom pålegg og muligheter Demensomsorg hva det gjelder og hva vi kan gjøre Sjef i eget liv Frå rådet deltok Margot Bertheussen, Kåre Ystanes, Ingri A. Linde, Jette Lunemann Hansen, og Dagmar Reutz Hillestad. Konferanse om «Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester» Fylkeseldrerådet i Hordaland var representert på kurset «Ny lov om kommunale helse- og omsorgstenester» i Bergen i regi av Fagakademiet 11. juni. Frå rådet deltok: Kåre Ystanes og Arne Gunnar Trædal. Regionalt forskningsfond Vestlandet høyringsmøte om ny politisk bestilling til styre for fondet. Frå rådet deltok Arne Gunnar Trædal på samlinga 4. oktober 2012. Seminar om planprogram for regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel Fylkeseldrerådet var representert ved Jette Lunemann Hansen på seminaret 5. september.
Årsmelding 2012 - Fylkeseldrerådet i Hordaland 5 Den Internasjonale Eldredagen 1. oktober Eldredagen vart markert i samarbeid med Bergen Eldreråd, Bergen Turlag, tannhelseavdelinga i fylkeskommunen og fylkeseldrerådet. Arrangementet var lagt til Fysakhallen på Landås og hadde eit variert program m.a. åpning ved helsebyråd Hilde Onarheim, underholdning ved Ove Thue og orkester, seniormarsj rundt Tveitevannet, inneaktivitetar i Fysakhallen, informasjon ved Bergen Brannvesen, brannforebyggjande avdeling, foredrag om kosthold hjå eldre ved Kirsten Maraton Melkevik, stand og informasjon ved tannhelseavdelinga og kortfilmar av og med Øyvind Sandberg. Deltakarane vart servert lapskaus m/tilbehør. Eldrerådskonferansen 2012 Fylkeseldrerådet arrangerer årleg ein to-dagars konferanse for dei kommunale eldreråda i Hordaland. Konferansen i 2012 var lagt til Radisson Blu Royal Bergen (Bryggen) 30. oktober 31. oktober. Rådet valde Samhandlingsreforma & folkehelse» som tema for konferansen. Fylkesordføraren opna konferansen og elevar frå Langhaugen vidaregåande skule sto for kulturinnslaga. Konferansen hadde fylgjande innleiarar og tema: Eldre som ressurs innleiar var professor dr.med. Astrid Nøklebye Heiberg Omsorgsteknologi i eigen heim v/stipendiat Mari Synnøve Berge ved Høgskolen i Bergen Planarbeid & universell utforming i komm. planlegging v/seniorrådgj. Eva K.R. Taule, HFK Folkehelsearbeid v/reidun Braut Kjosås, folkehelsekoordinator i Kvam herad Prosjekt Lyttevenner v/prosjektleiar Tor Peersen i Vest-Agder fylkeskommune Tannhelse for eldre innleiar var fylkestannlege Arne Åsan,i Hordaland Samhandlingsreforma del 1 v/helga Arianson, fylkeslege i Hordaland Samhandlingsreforma del 2 Betre Saman eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og dei fire kommunane Fjell, Askøy, Øygarden, Sund v/omsorgssjef Line Barmen og styrar Morten Amundsen, Fjell kommune Fråsegner CT-skanner og kamera i ambulanse Ny forskning frå Tyskland syner at behandling i ambulanse halverer tida frå alarmen går til behandling vert sett i gang. Fylkeseldrerådet sende skriv til Haukeland Universitetssjukehus og Helse Fonna, Haugesund med oppfordring om at helseforetaka i regionen prioriterer å skaffa slikt utstyr til ambulansekøyretøya. Skulebruksplan for vidaregåande opplæring/ rekruttering av helsefagarbeidarar Rådet har i si fråsegn til skulebruksplan uttrykt otte for forslaget om å fjerna helsefagarbeiderutdanninga når Lønborg vidaregåande skule skal flytta over til nye Amalie Skram vidaregåande skule. Samfunnet treng fleire helsefagarbeidarar, og ved å prioritere helsefagutdanning i den nye skulen vil dette vera eit sterkt signal til unge menneske om at denne utdanninga er viktig og verdifull. Regional planstrategi for Hordaland 2012-2016 Fylkeseldrerådet handsama høyringsnotatet for «Regional planstrategi for Hordaland 2012 2016» i rådsmøtet og hadde ingen merknader til plandokumentet. Planprogram Regional plan for senterstruktur og lokalisering av service og handel Jette Lunemann Hansen representerte fylkeseldrerådet då planprogrammet vart presentert. Erfaringsutveksling med andre fylker Landskonferansen 2012 Det vert årleg skipa til ein landskonferanse for fylkeskommunale eldreråd. Eit fylke i landet tek på seg arrangementet saman med Statens Seniorråd. I 2012 vart denne konferansen lagt til Alexandra Hotel i Loen 22.-24. mai med Sogn & Fjordane fylkeskommune som vertsfylke. Konferansetema var: Lov om folkehelsearbeid v/ass.direktør i Statens Helsetilsyn Geir Sverre Braut Folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane v/fagkoordinator for folkehelse Emma Bjørnsen Spreke glade eldre i Sogndal v/fysioteraput med spesialfelt innan geriatri May B. Hauge Råda si rolle og funksjon v/rådsleiar Ivar Leveraas Statens Seniorråd Kva rolle har Statens Seniorråd - Seniorpolitiske utfordringar 2010 2013 Vegvisarfunksjonen Seniorporten Det europeiske året for aktiv aldring og solidaritet mellom generasjonar v/sekretariatsleiar for Statens Seniorråd, Sølvi Sæle Dei viktige eldreråda v/sekretariatsleiar for Statens Seniorråd, Sølvi Sæle Samtalegrupper eldreråda sine erfaringar og utfordringar Korleis arbeider vi i eldreråda? Kva er våre viktigaste utfordringar/saker? Samtalegruppene arbeidet i samtalegruppene held fram. Oppsummering Eldreråda sine viktigaste saker denne perioden? Kva konkrete saker kan vi samlast om?
6 Årsmelding 2012 - Fylkeseldrerådet i Hordaland Frå fylkeseldrerådet i Hordaland deltok Sigmund Olsnes, Margot Bertheussen, Arne Gunnar Trædal, Dagfinn Vik, Ingri A. Linde og Jette Lunemann Hansen. Vestlandssamarbeidet Fylkeseldrerådet i Hordaland tok i 2004 initiativ til å skipe eit samarbeid mellom fylkesråda for eldre i Sogn og Fjordane og Rogaland. Sidan oppstarten har det vore årlege samlingar. Rådet i Hordaland var arrangør av samlinga 11.-12. april. Tema og program var fylgjande: Planarbeid & universell utforming i kommunal planlegging v/marit Rødseth, plansjef HFK Eldrerådet i arbeid Samhandlingsreformen del 1 v/fylkeslegen i Hordaland Helga Arianson Aktuelle samarbeidsprosjekt i vestlandssamarbeidet Samhandlingsreformen del 2, Betre Saman eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Bergen og dei fire kommunane Fjell - Askøy - Øygarden - Sund v/helsesjef Terje Handal & omsorgssjef Line Barmen, Fjell kommune Prosjekt Lyttevenner i Vest-Agder v/tor Peersen, prosjektleiar i fylkeskommunen Året for Aktiv aldring 2012 Oppsummering Rådet har handsama saker på ei rekkje område. Særleg viktig er oppfylgjing av fylkeskommunale saker då rådet si viktigaste oppgåve er å gi råd til fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Fylkeseldrerådet får seg førelagt alle saksdokument til utvala og fylkestinget, og kan såleis gi merknader til alle saker som vert handsama i dei politiske utvala. Rådet har også sitt eige budsjett som gjer det mogleg å kunne delta aktivt i utforminga av eldrepolitikken i fylket, samhandle med kommunane i fylket samt andre fylkeskommunar i regionen. Eit godt samarbeid med seksjonar og avdelingar gjev god innsikt i den fylkeskommunale verksemda. Fylkeseldrerådet bør såleis vera ein god rådgjevar for fylkeskommunen i saker som vedkjem eldre. Fylkeseldrerådet har i 2012 starta arbeidet med å utarbeida eit handlingsprogram for arbeidet i rådet for perioden 2013-2015. Fylkeseldrerådet inviterte deltakarane med på forestillingen «Evig Ung» på Den Nasjonale Scene. Bergen, 11. april 2013 For Fylkeseldrerådet i Hordaland Dagmar Reutz Hillestad -rådgjevar- Margot Bertheussen -leiar-
Hordaland fylkeskommune har ansvar for å Hordaland utvikle hordalands fylkeskommune samfunnet. har Vi ansvar gir vidaregåande for å utvikle opplæring, hordalands tannhelse samfunnet. tenester og Vi gir kollektivtransport vidaregåande til opplæring, inn byggjarane tannhelse i fylket. tenester Vi har og ansvar kollektivtransport for vegsamband til inn byggjarane og legg i fylket. til rette Vi har for ansvar verdi skaping, for næringsutvikling, vegsamband og legg fritidsopplevingar til rette for verdi og skaping, kultur. nærings utvikling, fritid s opplevingar og kultur. Som del av eit nasjonalt og globalt samfunn har vi ansvar Som del for av å eit ta nasjonalt vare på fortida, og globalt notida samfunn og framtida har vi i ansvar Hordaland. for å ta Fylkestinget vare på fortida, er øvste notida politiske og framtida organ i fylkeskommunen. i Hordaland. Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Agnes Mowinckels gate 5 Agnes Postboks Mowinckels 7900 gt 5 Postboks 5020 Bergen 7900 N-5020 BERGEN Telefon: 55 23 90 00 Telefon: e-post: hfk@hfk.no 55 23 90 00 www.hordaland.no Januar April 2013