Kulturdepartementet. Innspel til språkmeldinga og språklova.

Like dokumenter
Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Kva rolle skal språkinfrastrukturen ha i gjennomføringa av norsk språkpolitikk? Åse Wetås, språkdirektør Bergen,

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Kvifor ikkje berre bruke engelsk? Ei haldningsundersøking blant økonomistudentarar.

Oslo, 16. april 2012 HØYRING AV TO UTGREIINGAR OM LITTERATUR- OG SPRÅKPOLITISKE VERKEMIDLAR

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Kulturutredningen høringsuttalelse fra Språkrådet

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

NOKUT-strategiar Strategi for utvikling av NOKUT

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Innspel til språkmeldinga og språklova

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet

Prioritert løysing for språksamlingane og Norsk Ordbok

Målbruksplan for Ål kommune

Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Undersøkinga repeterte hovuddelen av spørsmåla frå dei tidlegare undersøkingane. Slik kan ein måle eventuell endring over tid på følgjande område:

Høyringsfråsegn frå Språkrådet til NOU 2010:7

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Vel nynorsk for barnet ditt!

Tiltaksplan

Kulturpolitikk fram mot Kulturmeldinga Pressekonferanse 29. august 2003

Kulturdepartementet. Dykkar ref.: «Innspel til språkmelding» Oslo, 13. mai 2019

Mange vegar til målet

Kultur for alle. Er kultur viktig? - Feil spørsmål

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Kulturutredningen 2014

Dykkar referanse: Vår referanse: Dato: / 151/ VH 22. mai 2007

Språkstatistikk for departementa for 2009

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

Informasjon om endringer i forskrift til opplæringsloven kapittel 17.

Utfordringar og resultat Nøkkeltal Bruk av midlar Studiepoengproduksjon. Årsrapport 2004

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag

Kulturdepartementet (KUD) Oslo, 13. mai 2019

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Norske arbeidstakarar med berre grunnskole bør ta meir utdanning

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Sjumilssteget. Til det beste for barn og unge

Meldinga gir eit svært skeivt bilete ved berre å omtale tilbodet til dei aller svakaste lesarane.

Utviklingsplan skuleåret Varhaug skule

Kvalitet er målet med alt

Tiltaksplan. nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

LIKESTILLINGS-, INKLUDERINGS-, OG MANGFALDSPOLITISK PLATTFORM

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

INTERNASJONAL STRATEGI

Saksnr. Utval Møtedato 017/12 Kommuneplannemnda /12 Kommunestyret

Spesialundervisning-haldningar, rammer

FORELDREHEFTE. 6-åringar på skuleveg

Rogaland Kontrollutvalgssekretariat HJELMELAND KOMMUNE KONTROLLUTVALET PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Forsking på det nye fakultetet

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Nedanfor følgjer våre kommentarar til utgreiinga og forventingar til oppfølging frå myndigheitene.

TA KAMPEN FOR EIT ET VARMT SAMFUNN

Strategifrukost/lunsj

NTL er glade for at det er laga ein relativt kort strategi som stort sett er skriven i eit forståeleg og godt språk.

Moglegheiter for å opprette ei entreprenørskaps- og innovasjonslinje i Hordaland

11. Bøker og bokomsetning

Språkstatistikk for departementa for 2010

Opplærings- og helseutvalet Innstilling til fylkesutvalet behandles i møte vedtak ettersendes.

Lønnsundersøkinga for 2014

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Fjell kommune Arkiv: 210 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Tenesteavtale 7. Mellom XX kommune og Helse Fonna HF. Samarbeid om innovasjon, forsking og utdanning

Styringsdokument. for det pedagogiske utviklingsarbeidet ved dei vidaregåande skulane. Skuleåret 2019/20

Eksamen MED2003 Medieproduksjon. Programområde: Media og kommunikasjon. Nynorsk/Bokmål

Høyringsfråsegn om forskrifter om rammeplan for femårige grunnskulelærarutdanningar

HOVUDPRIORITERINGAR PETROLEUMSTILSYNET

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

Plan for forvaltningsrevisjon Sogn og Fjordane fylkeskommune

6-åringar på skuleveg

Vår ref: Dykkar ref. Dato: 16/ / FE-026 ÅKR

Høyringsrapport Planprogram for Regional plan for kompetanse og arbeidskraft

Svar på høring av ny forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Ny kommune? Informasjon om kommunereforma i Nordhordland

Vestnes eit lokalsamfunn for framtida

11. Bøker. Statistiske analysar Kulturstatistikk Pliktavleverte lydboktitlar og vanlege boktitlar viser nedgang

Kulturstrategi på Vestlandet

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

SENTRALISERING AV FAGSKOLANE I HORDALAND TIL TO FAGSKULAR

SFO-nettverket i FOS: Kvalitet i SFO

Transkript:

Kulturdepartementet postmottak@kud.dep.no Innspel til språkmeldinga og språklova Oslo 21. mai 2019 Litteraturselskapet Det Norske Samlaget (Litteraturselskapet) takkar for høvet til å kome med innspel til norsk språkpolitikk. Intensjonane i St. meld. Nr. 35 (2007 2008) Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk og Meld. St. 8 (2018 2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida er gode utgangspunkt for ein meir konkret og offensiv språkpolitikk. Utgangspunktet er språkbrukarane og deira språklege rettar Litteraturselskapet meiner at språkpolitikken skal tene brukarane, og sikre den enkelte sine språklege rettar. Med språkbrukaren som utgangspunkt bør Språklova vere offensiv. Målet bør vere å styrke norsk som det samfunnsberande språket. Vi ser før oss ein lov som framleis tar utgangspunkt i at: Norsk, med skriftspråka bokmål og nynorsk, skal vere samfunnsberande. Språkleg mangfald er positivt for norsk kultur- og samfunnsliv. Språkpolitikken må ta utgangspunkt i språkbrukarane og deira behov. Offentleg sektor har eit særleg ansvar for å gjere språkbrukarane trygge i eige språk. Skriftkulturane bokmål og nynorsk er blant dei sterkaste skriftkulturane i verda. Skriftspråka blir brukte kvar dag i barnehagane, skuleverket, kulturlivet, sivilsamfunnet, den offentlege forvaltninga, rettsvesenet, media og næringslivet. Samstundes er norsk, og kunnskapsutviklinga på norsk, under press frå engelsk i vitskapen, underhaldningsindustrien og næringslivet. Det er derfor avgjerande at språkpolitikken ikkje er avgrensa til kulturpolitikken, men er eit avgjerande grunnlag for politiske val på mange samfunnsområde. Meld. St. 8 (2018 2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida slår fast at eitt av ni overordna mål for kulturpolitikken er «eit fritt og uavhengig kulturliv som styrkjer norsk språk, dei samiske språka, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk som grunnleggjande kulturberarar. Litteraturselskapet applauderer at ei positiv haldning til språkmangfald kombinert med ambisjonar om norsk som samfunnsberande språk er gjennomgåande i norsk kulturpolitikk. Meldinga tek også innover seg at språkpolitikken må balansere maktforholda mellom ulike språklege hegemoni, og at presset nynorsk har frå bokmål blir tematisert. Kulturmeldinga er overordna, og Litteraturselskapet meiner at språkmeldinga må bli brukt til å konkretisere språkpolitikken. Til dømes bør meldinga slå fast prinsippet om at omsynet til nynorsk alltid skal vurderast eksplisitt når ein tematiserer spørsmål som vedkjem norsk språk. Dette bør også gjelde for dei varsla meldingane om barne- og ungdomskultur, og bibliotekstrategi.

Meld. St. 25 (2016 2017) Humaniora i Norge slår også fast den samfunnsberande funksjonen det norske språket har gjennom følgjande sitat frå kapittel 6.1 Hvorfor er språk viktig? «Språk er vårt fremste kulturuttrykk (...). Det overordnede målet for norsk språkpolitikk er å sikre at norsk språk er samfunnsbærende. Det gjelder begge målformene, bokmål og nynorsk. Norsk språks samfunnsrelevans ligger i at det er vårt nasjonalspråk, administrasjonsspråk og forsknings- og formidlingsspråk. Alle samfunnsmedlemmer, også de med et annet morsmål, vil i en eller flere sammenhenger være avhengig av å bruke norsk. Derfor er norsk språk i seg selv en infrastruktur i samfunnet. Det bærer vår kollektive hukommelse og skal kunne brukes til å uttrykke tanker og ideer om alle sider ved tilværelsen. Norsk språk, både bokmål og nynorsk, trenger derfor både å dokumenteres, forvaltes og brukes som kultur- og kunnskapsspråk». Mål og meining peika også på at det var i høgare utdanning kampen om nynorsken kjem til å stå, og med ny merksemd om norsk fagspråk er det liten tvil om at dette framleis gjeld. Det norske fagspråket er trua, og då er det nynorske fagspråket enda meir trua. Eigil Hole Lønning i Norsk studentorganisasjon (NSO) har om lag 230 000 studentar med seg når han etterlyser handlekraft hos utdanningsinstitusjonane i akademia. Sentralstyret til NSO vedtok i haust ein resolusjon for norsk fagspråk. Vi i NSO meiner at utdanningsinstitusjonane må vise i praksis at dei tek på alvor det ansvaret dei etter lova har for å vedlikehalde og utvikle norsk fagspråk. Akademikarar må samarbeide på tvers av institusjonane i sektoren for å lage felles terminologi på begge målformer. Det må vere rom for både norsk og engelsk, nynorsk og bokmål, ikkje berre eitt språk eller éi målform, seier Lønning (https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/publikasjoner/spraaknytt/spraknytt- 12019/studentar-vil-ha-norsk-fagsprak/) Rapporten Språk i Norge har vist tydeleg kor viktig universitets,- høgskule,- og fagskulesektoren er for utviklinga og vedlikehaldet av fagspråk gjennom modellen «Det fagspråklige kretsløpet» som viser at sviktande utvikling av fagspråket kan få konsekvensar for resten av det fagspråklege kretsløpet, og føre til brot. Eit brot vil til dømes skje ved språkbyte frå norsk til engelsk i ein av samfunnssektorane. Dersom undervisning og forsking innan eit fagområde eller ein disiplin skjer på engelsk i staden for på norsk, blir det derfor vanskeleg å vedlikehalde norsk fagspråk på det fagområdet på tvers av alle samfunnssektorane. Norsk fagspråk, og særleg nynorsk fagspråk, treng derfor offensive tiltak for å demme opp for domenetap innanfor alle sektorar av norsk samfunnsliv.

(Henta frå https://sprakinorge.no/kapitler/sprakvalg-i-akademia/) Norsk som samfunnsberande språk i ei digital framtid Framtidsutvalet til Språkrådet peikar i Språk i Norge på område der engelsk er eit trugsmål mot norsk som samfunnsberande språk. Det er på dei områda utvalet går mest konkret til verks og føreslår å bruke lovverk, politikk, pengar og offentlege data for å sikre språka i Noreg. Dei peikar særleg på tiltak innanfor arbeidslivet, teknologien, media, skulen og akademia. Litteraturselskapet er særleg oppteke av at Kulturdepartementet må følgje opp målet om at språkdata, som speglar norske tale- og skriftspråk, må bli samla og gjort fritt og enkelt tilgjengeleg for at språkteknologiske produkt skal stø opp om den norske språkpolitikken. Litteraturselskapet stør utvalet i at elevane med nynorsk som førstespråk treng auka tilgang til eige språk. Ikkje minst digitalt. Offentleg normering av dei to demokratisk styrte skriftspråka Litteraturselskapet har alltid meint at dei to sidestilte skriftspråka nynorsk og bokmål skal styrast demokratisk gjennom offentleg normering. Vidare meiner vi at Språkrådet framleis bør vere ansvarleg for normeringa på grunnlag av vitskaplege språkdata. Det igjen krev eit vitskapleg leksikografisk miljø og forvalting av språksamlingane. Dette miljøet bør ha det vitskaplege ansvaret for både nynorsk og bokmål. Språkdata som grunnlag for privat og offentleg teneste- og næringsutvikling For at tenesteutvikling skal kunne skje på nynorsk og bokmål må begge språk vere tilgjengelege på lik fot frå Språkbanken. Det må vere enkelt og gratis å hente ned naudsynte

språkdata på føremålstenleg vis. Det motsette vil skape domenetap for dei to offisielle norske språka. Det offentlege er den største produsenten av nynorsk tekst. Eit enkelt tiltak vil vere å pålegge alle offentlege organ og verksemder pliktavlevering av tekstkorpus til Språkbanken. Enkel og gratis tilgjengelege språkdata vil skape grunnlag for privat og offentleg teneste- og produktutvikling. Det er nærliggjande å vise til kva som hende då verdata frå Det Meteorologiske Institutt blei frigjort. Vi fekk tenester som yr.no, storm.no med mange fleire. Litteraturselskapet meiner at å stille slike krav til produksjon og tilgjengeleggjering av språkdata er det sterkaste tiltaket mot domenetap for normert nynorsk og bokmål i utviklinga av tekst- og talestyrte tenester. For det offentlege representerer språkdata byggesteinar som kan gi store sektorovergripande fordeler. Ei språkmelding og ein språklov kan derfor bli avgjerande for nyvinningar og effektivitetseffektar innanfor helse- og omsorgssektoren, like mykje som innanfor den offentlege administrasjonen. Regjeringa peikar i sin digitaliseringsstrategi på at vi må ta i bruk ny teknologi for å auka produktiviteten og for å tilby gode velferdstenester. Skal slike tenester kunne innfri forventingane frå brukarane, må digitale tenester byggje på forståeleg kommunikasjon med andre ord - skal du snakka til ein digital tenar så krev det at den forstår deg. Her kjem ein ikkje utanom språk som naudsynt infrastruktur. Nynorsken si stilling generelt må styrkast gjennom særskilte tiltak St. meld. Nr. 35 (2007 2008) Mål og meining legg til grunn at norsk er kløyvd i to skriftspråk. Nynorsk og bokmål er sidestilte, men i praksis er språkkvardagen svært ulik. Litteraturselskapet meiner det same vilkåret bør leggjast til grunn for det vidare arbeidet. Det medfører at omsynet til nynorsk må vurderast særskilt, og tiltak setjast i verk særskilt for å sikra tilgang til nynorsk, utan at det samstundes treng setjast inn tiltak for å sikre bokmål. Større tilgang på nynorsk litteratur og kultur vil venteleg gi betre skrivedugleik og språkutvikling hos barn og unge i utdanningsløpet. Barn har ein demokratisk rett på lik tilgang på kunst og kultur på eige språk. Retten er til for å sikre mest mogeleg like vilkår for læring. Tal frå Bokbasen viser at det årleg kjem ut omlag 1000 barnebøker i Noreg for aldersgruppa 3-16 år. Rundt 5%, eller 50-60 titlar er på nynorsk. Delen av nynorske lydbøker for barn i den største strøymekanalen er på rundt 2% av det totale tilbodet. Den store forskjellen kan i monaleg grad forklarast med enkel marknadsteori, rundt 12% av skuleelevane brukar nynorsk. Det bør likevel ikkje bety at dei skal klare seg med 5% av det utvalet som bokmålselevane har. Resultatet er ulike vilkår for utvikling av lesedugleik, språkutvikling, og språkleg sjølvtillit, som igjen er viktig for å våge å ytre seg offentleg. Tidlegare har støtte gjennom Lærebokutvalet for høgare utdanning sikra ei viss støtte til utgjeving av lærebøker for høgare utdanning på nynorsk. Dei seinare åra har Lærebokutvalet berre støtta marginale utgivingar både på bokmål og nynorsk, noko som gjer at reelle tilfanget av nynorsk fagspråk ikkje aukar i noko mon. Det er viktig at det finst ei støtteordning som utløyser gode nok insentiv til at det kjem bøker på nynorsk til dei store fagområda, slik at det vert ei faktisk støtte til utvikling og vedlikehald av nynorsk fagspråk. Berre slik kan det sikrast at nynorsk fagspråk er med i heile kretsløpet, slik at mellom anna unge i vidaregåande

skulen kan sikrast lærebøker med nynorsk fagspråk. Støtteordninga for utgiving av lærebøker på norsk til bruk i høgare utdanning må derfor styrkast. Ordninga må ta omsyn til at det er stor mangel på nynorskbøker på mange område. Nynorsken treng sterke institusjonar For å kunne tenke langsiktig og ta dei tyngre løfta treng nynorsken sterke institusjonar. Litteraturselskapet stør tiltak som kan bidra til at flest mogeleg av kulturaktørane i størst mogeleg grad tek i bruk nynorsk. Erfaringa viser likevel at det er institusjonane som tenker nynorsk frå a til å som er i stand til å ta vare på den langsiktige utviklinga av nynorsk på kulturfeltet. Langsiktig og heilskapleg forvaltning av kulturen, profesjonane og kompetansen knytt til nynorskinstitusjonane skjer nettopp der fordi det er ein del av føremålet. Det Norske Samlaget er basisinstitusjonen for den nynorske litteraturen og tolkar det samfunnsoppdraget til å vere garantisten for at det fins nynorsk litteratur i alle sjangrar, til alle lesarar. Det betyr mellom anna ei kontinuerleg rekruttering og utvikling av nynorskskrivande forfattarar. Men også av eit nynorsktenkande forlagsmiljø inkludert profesjonane eit slikt miljø er avhengig av, enten desse er korrekturlesarar, språkvaskarar eller konsulentar. Skal forlaget kunne fylle denne rolla, må det ha finansiell kraft og relevant kompetanse til som eksempel å ta den breie nynorsk litteraturen inn på marknaden for strøyming av lydbøker, eller til å kunne tilby barn med nynorsk hovudmål serielitteratur tilsvarande det bokmålselevar har tilgjengeleg. Litteraturpolitiske tiltak Nynorsk har behov for særskilte tiltak, også innanfor litteraturen. Med det som utgangspunkt er det enkelt å finne målretta tiltak. Samlaget skal vere garantisten for at det fins ei brei vifte av nynorsk litteratur, og dermed tilby brukarane leseopplevingar innanfor alle sjangrar og format på nasjonalspråket. Samlaget greier derimot ikkje aleine å stå for nasjonal distribusjon av den nynorske litteraturen. Dei kommersielle sals- og distribusjonsledda vil naturleg søke mot ei favorisering av litteratur der innteninga er størst. For å møte den nynorske litteraturen er derfor brukaren avhengig av at det norske litterære systemet fungerer. Særskilt viktig i denne samanhengen er innkjøpsordninga til biblioteka og abonnementsavtalen i Bokavtalen mellom Forleggerforeningen og Bokhandlerforeningen. Innanfor feltet litteratur for barn og unge meiner Litteraturselskapet at ei styrking av skulebiblioteka vil styrke norsk språk og redusere domenetap. Ei styrking av skulebiblioteka må gi både eit rikare litteraturtilbod og heving av formidlingskompetansen. Igjen er det slik at nynorsk treng tiltak enn bokmål. Mellom anna fordi ein større del av bokmålslitteraturen finn ein naturleg veg gjennom bokhandelen og andre kommersielle kanalar, medan nynorsklesande er mykje meir avhengig av biblioteka. Tilgangen på fleire av dei mest populære og dermed kanskje viktigaste bøkene for utvikling av lesedugleik er avgrensa på nynorsk. Det gjeld i mange tilfelle bøker i serie, lettlestbøker, sakprosa for barn, og omsett litteratur for barn. I nokre tilfelle er det slik fordi det manglar støtteordningar for slike utgivingar. I andre tilfelle fordi bokhandelen ikkje ser det rekningsvarande. Resultatet er i mange tilfelle at den økonomiske risikoen forfattar og forlag må ta blir for stor. Vi ser at enkle tiltak kan gjere stor skilnad på dette feltet. Eit eksempel er direkte støtte til Samlaget for utgiving av nynorske lettlestbøker i 2014. Tiltaket førte til at

tilbodet av slike bøker voks frå 25 til 60 i løpet av kort tid. På bokmål fins det over dobbelt så mange titlar tilgjengeleg. Det er derfor framleis mykje som bør gjerast på dette feltet. Nynorsk sakprosa for barn er eit anna «mangelområde» der det årleg kjem ut svært få titlar. I 2013 kom Norsk Barnebokinstitutt fram til at av 493 titlar som blei omsette til norsk frå andre språk, blei 9 omsette til nynorsk. Dei fleste av dei ni var religiøs litteratur. Dei siste tala er no 5 år gamle, men representerer stadig situasjonen. Realiteten er at barn med nynorsk opplæringsspråk ikkje har tilgang på utanlandsk litteratur på eige språk. Ei støtteordning for å kjøpe inn og omsette utanlandsk litteratur til nynorsk vil endre det bildet ganske raskt. Ei innkjøpsordning for skulebiblioteka vil vere eit målretta tiltak for å gi barn uavhengig av oppvekstkommune og opplæringsspråk likare vilkår for læring og språkutvikling. Ei slik ordning kunne også ha romma dei sjangrane som i dag fell utanfor Kulturrådet sine innkjøpsordningar, og sikra at den viktige og kritiske litteraturen både for oppøving av lesedugleik og språkutvikling blei tilgjengeleg der barna faktisk er. Tilbodet av lydbøker på nynorsk i strøymekanalane er dårleg. Det skuldast ein kombinasjon av færre tilgjengelege nynorsktitlar, høge produksjonskostnader og oppfatninga av at marknaden er mindre for nynorsk enn bokmål. Likevel representerer underdekkinga av nynorsk i denne kanalen ei utfordring for nynorskbrukande. Konkrete tiltak for å støtte lydproduksjon av nynorskbøker er eit effektivt tiltak for språkutvikling, utvikling av betre språkleg sjølvtillit og for å motarbeide domenetap for nynorsk til bokmål. Samlaget er i praksis den einaste utgivaren av sakprosa på nynorsk, både for barn og vaksne. Tiltak som kan styrke nynorsk sakprosa vil også bidra til å styrke det norske fagspråket på mange felt. Både fordi sakprosaen fangar opp og tek i bruk fagterminologi som er utvikla i universitets- og høgskulesektoren, men også fordi sakprosaen til dømes beskriv viktige fritidsog hobbyfelt som strikking, hagestell, matlaging og tradisjonar av alle slag. Vi ser fram til ei offensiv og innhaldsrik språkmelding og ei språklov som sikrar norsk språk bokmål og nynorsk som samfunnsberande språk og byggestein for framtida. Ta gjerne kontakt om det er noko vi kan bidra med.