The Waterboys. Karpe Diem DDE. 19. - 20. august 2011 meieriparken årdalstangen. Strupetakarane Honningbarna Yoga Fire Beinkjør. Tyyl! w w w.malrock.



Like dokumenter
Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

«Ny Giv» med gjetarhund

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Velk0mmen til Årdal 0c Målr0ck. Det er ei glede å ynskja alle velkommen til Målrock Eg ynskjer alle ei kjekk Målrockhelg!

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Dommarpåmelding Leiar dommarkomiteen i Sogn og Fjordane

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

mmm...med SMAK på timeplanen

Stormfestival Klart for stormfest. Då er det like før det brakar laust med stormfestival.

Stemnehandboka for NKSF

SAKSFRAMLEGG. Saksbehandler: Anne Brit Lauvsnes Arkiv: 223 C00 Arkivsaksnr.: 15/9-23

Jan Helgøy, Ordførar i Vanylven kommune

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Styremøte og opplegg for styret i Regionalt Forskingsfond Vestlandet

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

5. Soknerådsmøte mai Referat

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Sandeid skule SFO Årsplan

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Brødsbrytelsen - Nattverden

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Olweusarbeid i Luster kommune Felles årshjul

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Søknadsnr Søknadsår 2015 Arkivsak Tilskot til nærings- og samfunnsutvikling 2015 Framtidsfylket karrieremesser 2016

«Ikkje dytt» har ikkje vore aktive i 2014, og leverar ikkje årsmelding i 2014.

VEL MØTT TIL ETNE CUP 2008!

Finansiering av søknaden

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

SAL OG SKJENKELØYVE FOR ALKOHOLHALDIG DRIKK

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

Plan for Liabygda SFO

STIMULERINGSMIDLAR FOR 2013

Rapport ungdomskurs i bridge på Os februar 2016

Månadsbrev for Rosa september 2014

Innspel frå elevane på 9. trinn på Leikanger ungdomsskule

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

I N N H O L D. Forord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

INFORMASJON om førestellinga:

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

INVITASJON til Etne Cup 2007

Undervisningsopplegg Ishavsmuseet Aarvak 5. til 7. klasse

FRIVILLIG- INFORMASJON 2015

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 24/2015 Kommunestyret PS

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin

august 2013 NESETDAGANE.

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Til deg som bur i fosterheim år

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

HORNINDAL KOMMUNE Sakspapir

Felles forståing av ord og omgrep (1.1) Beste praksis (1.2) Fagleg grunngjeving (1.3) Kvaliteten på tilpassa opplæring er god når:

SPAREBANKEN SOGN OG FJORDANE KM- ALDERSBESTEMT INNANDØRS. KM-kvalifisering for aldersfastlagde klassar februar 2015

Velkomen til Mork barnehage

Strategiplan

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

FRIVILLIG- INFORMASJON

Samansette tekster og Sjanger og stil

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Transkript:

må lrock 19. - 20. august 2011 meieriparken årdalstangen The Waterboys Karpe Diem DDE Jonas Fjeld/Henning Kvitnes/Hilde Heltberg Strupetakarane Honningbarna Yoga Fire Beinkjør Oslo Ess Tyyl! trallaren w w w.malrock.no

velkomen til målrock Det er ei glede å ynskje velkomen til Årdal og Målrock 2011. Målrock 2011 vert arrangert for 9. gong og er vorte ei viktig og god merkevare for bygdi vår. Nytt av året er eit samarbeid mellom Målrock og skulane i Årdal. Det viktige arbeidet mot mobbing («Manifest mot mobbing») skal verkeleg markerast med ein fantastisk rockekonsert på skuleplassen til Tangen skule på fredagen. Konserten vert såleis både til ettertanke og ei oppleving. Konsertane i Meieriparken gjev eit mangfald av musikk som er verdt å få med seg. Og ikkje minst vil det ved Skåri i Utladalen bli ei flott musikalsk oppleving med vakker og frodig natur som råme. Eitt så stort arrangement gjev oss moglegheit til å vise fram den flotte bygdi vår, og ikkje minst synleggjere den dugnadsinnsatsen som me er kjent for å ha. Stiftinga, idrettslaga og andre gjer ein stor innsats for å tilrettelegge for at bygdi skal verte ein god møteplass. Årdal skal vere ein god og trygg plass å bu, leve og arbeide. Eg ynskjer alle ei god Målrockhelg i Årdal! helsing frå indre sogn sparebank Indre Sogn Sparebank har vore generalsponsor i Målrock heilt sidan starten. Det er banken både stolte og glade for. Målrock har synt seg å vera ei rett satsing frå Indre Sogn Sparebank si side. Festivalen har i alle år synt ei god utvikling og har etter kvart vorte eit svært viktig kulturarrangament med verdiar som banken kan stå inne for. Arrangementet gjev m.a store inntekter til idretten i Årdal. Indre Sogn Sparebank gler seg til årets Målrock som i år kan syne til eit kvalitetsmessig godt program. Det blir betre og betre for kvart år. Banken ynskjer arrangørane lukke til med årets arrangement, og oppmodar folk frå distriktet og elles i landet til å besøke denne flotte og viktige festivalen på Årdalstangen. Mvh Indre Sogn Sparebank Egon M. Moen Beste helsing Arild Ingar Lægreid ordførar målrock 2011 For niande året på rad er det ei stor ære å få ynskje velkomen til Målrockfestival på Årdalstangen, Noregs einaste festival som fokuserar på og prioriterar artistar som syng på sitt eige språk og dialekt, slår ut mellom fjellsidene innerst i Sognefjorden i august kvart år. Våre ivrige dugnadsarbeidarar legg sjela si i å skape ein herleg festival, og festivalen byrjar for alvor å finne sin plass i lokalmiljøet. Festivalen som byrja særs forsiktig i 2003 har no blitt eit stort prosjekt som stadig når nye høgder, og vi er like glade, stolte og slitne etter festivalen kvart einaste år. Målrock vert på øvste hald leia av ei Stifting med seks frivillige styremedlemmer som har festivalarbeidet som sitt einaste føremål. I tillegg har vi stor hjelp til sjølve festivalgjennomføringa gjennom IL Jotun og Årdalstangen IL, samt Reisemål Årdal. Vi har og samarbeid med Vikadalen Ungdomslag som tek vare på deg på den obligatoriske festivalcampen vår, og Hugin Musikkforum er og innom og hjelper til der det trengs. Fjorårets suksess med egg og bacon til frukost har blitt utvida med nattmat på campen i regi av Årdalstangen Musikklag. Vi ser på det som utruleg viktig at vi yter noko attende til lokalsamfunnet, og dugnadsarbeidet som blir lagt ned gir laga solide inntekter som dei i sin tur kan nytte til noko godt for oss alle. Til festivalen i 2010 prøvde vi oss og med noko nytt, å arrangere ein dagkonsert under Skåri i idylliske omgjevnader ved inngangen til Utladalen. Dette synte seg å vere eit tilbod mange sette pris på, og vi gjentek dette i år. Det er kjekt å kunne tilby eit arrangement for alle som rett og slett ikkje får nok festival! Arrangementet i Skåri er i år og opent for alle, med tilsluttande buss frå både fjern og nær, så dette er det ingen grunn til å gå glipp av. Vi har sjølvsagt bestilt finvêr heile helga gjennom, og gler oss til å sjå akkurat deg i Meieriparken på Årdalstangen 19. og 20. august! På vegne av Stiftinga Målrock, Katrine C. Fredheim

Musikk og fotball i fin harmoni Stif tinga MålRock og Sogndal Fotball ønskjer gjennom sit t nyinngåt te samarbeid å dra enda meir folk til Indre Sogn for å ny ta både musikk og fotball helga 19 21. august. Tekst og foto: Endre Romøren På same lag: Styremedlemane i Stiftinga MålRock, Kjetil Straumsheim (t.v.) og André Østvik (t.h.) er godt nøgde med å ha inngått eit offisielt samarbeid med Egil Mundal og Sogndal Fotball. MålRock går av stabelen dei to første dagane, medan Sogndal møter Start på heimebane i Tippeligaen påfølgjande søndag. Dette er helga der folk må ta turen til Sogn. Dette er to store og tydelege arrangement i regionen vår, som me ønskjer å promotera gjennom kvarandre, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal. Som eit ledd i dette vil alle som kjøper festivalpass til MålRock få rabattert billettpris til fotballkampen, det same gjeld for dei som jobbar dugnad på festivalen. Dei to partane skreiv under på ein samarbeidsavtale i juni, der dei er einige om å gje motytingar til kvarandre. Dette er med på å forsterka merkevaren vår, då me vil nå ut til fleire folk gjennom Sogndal sin kundebase. I tillegg er klubben ein profesjonell aktør når det gjeld arrangement, me håpar difor at me kan læra eit og anna av dei på det området, seier styremedlem i Stiftinga MålRock, André Østvik. For Mundal og Sogndal er samarbeidet eit ledd i klubben sin strategi om å markera seg tydelegare i heile fylket. Me har vore flinkare til å bruka heile fylket på den sportslege biten enn i høve det arrangements- og marknadsmessige. Dette ønskjer me å endra å verta meir synlege i Sogn og Fjordane er eit satsingsområde for oss, seier Mundal. Det er kjekt at Stiftinga MålRock ønskjer å samarbeida med oss, og for Sogndal Fotball er det fint å assosiera seg med aktøren bak eit så stort og viktig arrangement. Dette er utvikling, der me er med på å byggja kvarandre opp og få til noko bra i lag. Det vil begge koma styrka ut av, legg han til. I sitt niande år vert festivalen arrangert seinare enn normalt, i august si tredje helg i staden for den første. Dette er for å få med studentane i Sogndal. Me håpar at både dei og fleire folk frå Sogndal elles tek turen inn fjorden til Årdal denne helga, seier Østvik.

festivalinfo BILLET TSAL BILLETTSAL (PRISANE GJELD FØREHANDSSAL/ KJØP I PORTEN) EKSKL. AVG.: Kan kjøpast via Billettservice.no, Posten, Narvesen eller 7 11. Merk at reserverte billettar på Billettservice ikkje kan hentast hjå Post i Butikk. Dersom du bestiller billettar tilsendt i Posten og ikkje har motteke desse innan ca. 1 veke, ta kontakt med Billettservice. Kvittering på kjøp er ikkje gyldig som billett. Lokalt vert det lagt ut billettar for sal hjå MIX Årdalstangen og Skrivargarden i Øvre Årdal. Dagsbillett fredag: 500, / 600, (+ avgift) Dagsbillett laurdag: 600, / 700, (+ avgift). Inkludert inngang i Skåri. Festivalpass fredag og laurdag: 900, / 1000, (+ avgift). Inkludert inngang i Skåri. Kulturkort for ungdom (gjeld til og med 19 år), festivalpass: 700, (+ avgift). Ver merksam på at ungdomsbillett ikkje kan kjøpast i døra på festivalen. Om ein kjøper billett med kulturkortrabatt må ein syne gyldig legitimasjon ved bandpåsett for å kvalifisere for ordninga. Mellomlegg kr. 300, må betalast dersom dette ikkje er tilfelle. Førehandssalet på utsalsstadene vert avslutta torsdag 19. august kl. 16.00. Vi sel førehandsbillettar mellom kl. 12 og 15 saman med bandpåsett på Årdalstangen fredag 20. august. Alle kjøpte billettar må bytast om i eit armband med farge etter type billett og om ein er over/under 18 år. Billettar kan bytast inn i band slik: Øvre Årdal ved Skrivargarden torsdag 18. august frå kl. 14 16. Årdalstangen ved MIX Handleriet fredag 19. august frå kl. 12 15. Ved inngang til festivalen 30 minuttar før portane opnar og fram til kl. 01.00 kvar kveld. Særleg fredag ettermiddag vil det vere kø ved bandpåsett dei første timane på kvelden, så spar deg for mykje tid ved å få band før festivalstart og gå rett inn! Dersom du skal rekke ein særskilt konsert oppmodar vi deg om å møte i god tid. SERVERING Det er servering av øl og vin på festivalen. Alt sal skjer ved hjelp av bongar, som må kjøpast i eigne utsal under festivalavviklinga. Det er høve til å kjøpe så mange bongar som ønskeleg, og bongane er gyldige både fredag og laurdag. Betaling her kan skje både med kort og kontant, men ver merksam på at ubrukte bongar ikkje vert refunderte. Idrettslaga Årdalstangen og Jotun serverar grillmat på området under festivalavviklinga. Denne må og kjøpast med bongar. Bongane kan kjøpast i to ulike verdiar, kr. 60,- og kr. 30,-. Årdalstangen Musikklag står for frukost og nattmat. ALDERSGRENSE Målrock har i utgangspunktet ingen aldersgrense, men festivalen er generelt lite egna for mindre born. Alle under 15 år må vere i følgje med føresette. Legitimasjon må førevisast ved bandpåsett for å få band med riktig farge. Alle under 18 får eigne band som ikkje gir adgang til å kjøpe alkohol, og dersom mindreårige vert observerte med alkohol vert festivalbandet klypt av og den mindreårige vist vekk frå området. Det same gjeld personar over 18 som gir alkohol til mindreårige. Det er nulltoleranse for alkoholinntak blant personar under 18 år. Dersom ein ved inngang vert oppfatta som berusa, vil ein bli nekta inngang, uavhengig av om ein har gyldig billett. Billetten vert då ikkje refundert.

FESTIVALCAMP Festivalcampen blir organisert av Vikadalen Ungdomslag, og er lokalisert i Saltviki, rett ved sidan av festivalområdet. Det vil bli skilta langs hovudvegane til campen. Inngang på campen krev eige campbånd som blir utlevert ved ankomst og betaling av plass. Festivalcampen opnar torsdag 5. August kl. 16.00 og stenger søndag 8. August om lag kl. 14.00. Plass på campen kostar kr. 150,- per person. Kontaktinfo: Aleksander Øren Heen, telefon 911 34 842 eller e-post aleksander.heen@gmail.com Fasilitetar: Toalett Dusj- og bademoglegheiter i det kommunale badeanlegget like ved camp- og festivalområdet (ope frå kl. 12-18, billettar kostar 40,- for vaksen og 20,- for born), samt i garderobeanlegget på Tangen Skule. Straumuttak (krev førehandstinging) Frukost og nattmat: Årdalstangen Musikklag stiller opp med god og heimelaga frokost på campområdet fredag, laurdag og søndag. Natt til laurdag og søndag stiller dei og med nattmat! Prisane på dette vert annonsert på www.malrock.no. OPNINGSTIDER Festivalområdet er ope slik: Fredag 20. August frå kl. 18.30-02.15 Laurdag 21. August frå kl. 18.30-02.15 Ledsagarbevis vert akseptert på festivalen. Festivalen har ingen garderobeløysing eller tilsvarande oppbevaring av saker og ting, så følgjande ting er det lurt å la ligge heime når du reiser på festival: Paraply (ta med regnjakke!) All mat og drikke Profesjonelle fotoapparat Medisinar og liknande. TRANSPORT Til og frå Sogn går det fleire bussruter, dei fleste i regi av Nor-Way Bussekspress. Nor-Way har daglege avgangar til Årdal direkte frå Oslo og Bergen. Sjå www.nor-way.no og www.ruteinfo.net for rutetider og prisar på ekspress- og lokalbuss. Næraste flyplass er Sogndal Lufthamn Haukåsen. For flytider og tilbod sjå www.wideroe.no. Lokalt i Sogn vert det sett opp festivalbussar både til og frå festivalen. Bussane frå festivalen har eigne takstar, og går kort tid etter at festivalen er avslutta for kvelden. Rutetider og prisar vert lagt ut innan 1. august på www.malrock.no. DAGARRANGEMENT I SKÅRI Tilslutningsbussar vert sett opp. Arrangementet er familievenleg og gratis for alle med festivalpass eller laurdagsbillett. Inngang til Skåri kostar kr. 200,- for alle andre, men gratis for born under 15 år. Tidspunkt og andre detaljar vert offentleggjort på www.malrock.no så snart desse er klare.

artistar målrock BEINKJØR Beinkjør er lenge etterspurde til Målrock, og no er dei omsider klare! Lærdalsbandet står for knallhard rock på dialekt, og kjem garantert til å bite godt frå seg på Målrock. Sjølv beskriv dei musikken sin som «vaklande Lærdal rebel rock n roll som kan treffa deg midt i trynet om du står godt plassert». Det siste albumet «Skot & Skrømt» er i følgje bandet ei skildring av Lærdal - ei unik norsk bygd som likevel er veldig lik andre norske bygder. «Om du ikkje kjenner deg att i tekstane, kan du drøyma om ein barndom du aldri fekk». Meieriparken, fredag kl. 19.30. kvitnes, fjeld, heltberg og kvarts Desse fire artistane er kjærkomne, og konserten på Målrock er ein av fem eksklusive opptredenar desse skal gjera saman med prosjektet «Mellom Fjord og Fjell» som allereie er utseld på Ål. Det er sagt at det heile byrjar når lyden av høgfjell og djupe skogar snik seg inn mellom bølgeskvulp, trimma Zundapp-mopedar og skranglinga frå T-baner og morgonrush. Dei har med seg eit knippe sangar og musikkstykke som er udødeleggjort og djupt rotfesta i den norske folkesjela, og saman skaper desse fire artistane eit musikalsk festmåltid basert på lokale råvarer kombinert på ein uvanleg måte. Vi gler oss! Meieriparken, fredag kl. 20.30. yoga fire Yoga Fire er nesten som eit superband å rekne, der hip-hoparar frå Klovner i Kamp og Apollo har gått saman og laga rock. Bandet hadde sitt store gjennombrot på Roskilde 2009, og musikkreferansar som vert nemnd er mellom anna Turboneger og Jokke & Valentinerne. Nøkkelorda er fengjande låtar på norsk og eit utagerande sceneshow som har fått nordmenn flest ut av sofaen og på konsert! Yoga Fire er eit av Noregs mest turnerande band, som spelar for fulle hus og til strålande anmeldingar. I 2009 slepte dei debutalbumet «Fuck you eller penga tilbake», og i fjor haust mottok dei prisen for Best Norwegian Act under MTV Europe Music Awards i Berlin. I sommar vart dei som einaste norske band booka til både Quart, Hove og Roskildefestivalen. No er det Årdal sin tur til å få oppleve energien til Yoga Fire! Meieriparken, fredag kl. 22.15. dde DDE har halde på sidan 1992, og i år det er andre gong dei kjem til Målrock for å skape liv og røre. Sjølve melder dei at i motsetning til RBK har dei hatt ein fantastisk start på sesongen, og dei har fått strålande kritikkar frå dei media som var til stades på årets turnéstart; «Det er bare å bøye seg i støvet», «Skapte nærmest magisk stemning» og «Nattens Konger. Uten en eneste utfordrer til den tronen». Alt lovar dermed bra for at me får nok eit høgdepunkt når DDE står på scena fredag kveld. Meieriparken, fredag kl. 23.30. Fotocredits: Beinkjør - pressefoto, Kvitnes, Fjeld, Heltberg og Kvarts - pressefoto, Yoga Fire - pressefoto, DDE - Marthe A. Vannebo.

artistar målrock tyyl! Undergrunnsfenomenet Tyyl! har dei siste åra reist land og strand med sin fengande gitarrock med tekstar på sognamaol. Bandet har ei eiga evne til å skapa feststemning kvar enn dei opptrer, enten det er i byar som Oslo, Bergen og Trondheim eller i meir landlege omgjevnader. Tyyl! spelar ein type breibeint rock som gir assosiasjonar til band som Soundgarden, Queens of the Stone Age og Led Zeppelin. Her får ein servert seige riff og vakre harmoniar toppa med ein kraftfull vokal. Når dei no kjem attende til Årdal for å spela på Målrock, har dei nettopp gjort seg ferdige med innspelinga av sitt andre album. I Meieriparken lovar Tyyl! å spela godbitar frå debutalbumet «Ber Bod», samt eit knippe rykande ferske låtar frå den komande utgjevinga. Tyyl! har vi hatt innom Målrock ein gong tidligare, og det er kjekt å få dei lokale dialektene representert på festivalen. At dei er eit forrykande liveband gjer at vi gler oss stort til å få dei på besøk igjen! Meieriparken, fredag kl. 01.15. the huskies The Huskies er rekna som eit av dei beste bluesbanda i Sogn, og dei er kjent for å levera konsertar med trøkk, stemning og rå blues. The Huskies har ikkje eksistert i meir enn to år, men har allereie klart å etablera seg som eit nytt stjerneskudd på blueshimmelen i Norge. Eit bevis på dette er bandets deltaking i Union Blues Cup (Notodden Bluesfestival), der The Huskies var eit av finalebanda. Til Målrock Under Skåri lovar dei eit show fylt med prestasjonar, feeling, trøkk og humør. Under Skåri, laurdag kl. 13.00. karl seglem med venner Tenorsaksofonisten og bukkehornspelaren Karl Seglem er ein pionér innanfor world-jazz i Europa, og årdølen kjem med sin unike musikk til å skape ei heilt spesiell ramme under Skåri i Utladalen laurdag 20. august. Han tek med seg nokre av sine gode musikalske vener, Sigrid Moldestad og Ketil Torbjørnsen, og på repertoaret står mellom anna omorganiserte Jimi Hendrix-låtar. Sjølv fortel han at det i hovudsak blir musikk frå internasjonalt kritikarroste og Spellemannprisnominerte «Ossicles», i tillegg til nokre Hendrix-låtar arrangert instrumentalt. Under Skåri, laurdag kl. 14.00. oslo ess Oslo Ess fekk ein knallstart på 2011, med signering av platekontrakt og Urørtfinale i januar, og tre sagnomsuste By:Larmopptredenar i februar. I mars slepte dei debutalbumet «Uleste bøker og utgåtte sko» etterfulgt av releaseturné, og i april ein omfattande turné med Honningbarna. I sommar står festivalane i kø, og i tillegg til Målrock spelar dei mellom anna på Øyafestivalen. Etterspurnaden er stor, og sidan dei første konsertane i mai 2010 har dei opparbeida seg ein svært dedikert fanskare. Musikalsk går bandet i punkretninga, men ein kan og høyre inspirasjon frå musikken til Joachim Nielsen. Vi har stor tru på at Oslo Ess vil gjere inntrykk fram mot Målrock, og ikkje minst på sjølve festivalen! Under Skåri (akustisk), laurdag kl. 15.00, og Meieriparken, laurdag kl. 23.30. Fotocredits: Tyyl! - Gøril Sætre, The Huskies - pressefoto, Karl Seglem - Oddleiv Apneseth, Oslo Ess - pressefoto.

artistar målrock honningbarna Honningbarna var blant dei største samtaleemna på årets By:Larm, samstundes som dei vart kåra til Årets Urørt. Enkelte i Målrock-styret vart overbevist om at dette var bra greier etter å ha sett dei live, og det er difor stor stas å sleppa Honningbarna laus i Årdal. Musikken deira er «fort, rett fram, allsang og så kule riff vi kan finne på», og det unge rockebandet held svært høgt nivå både musikalsk og på konsertfronten. Meieriparken, laurdag kl. 19.30. strupe takarane Strupetakarane er velkjende innad i Årdal, men til og med dei tilreisande legg godt merke til kultfenomenet vi hentar frå vår eiga bygd. Dei har øvd litt i sommar, og er no klare for Målrock, der du vil få høyra gamle slagerar som «Bungalowvegen», «Passasjer» og «Ta ein tur fram i dalen». Dei kjem òg til å ta ein runde med deira eigen versjon av «Bobby Brown», nemleg «Magne Brun». Det vert også gjensyn med låtar som dei ikkje har spela dei siste konsertane sine, mellom anna «Sommar i bassenget». Strupetakarane skapar allsang med lokale utgåver og variantar av kjende melodiar, og det er difor med stor stas vi tek imot dei til Målrock i år òg! Meieriparken, laurdag kl. 20.45. the waterboys The Waterboys har gjort nokre heilt fantastiske konsertar i Noreg. Som vokalist og låtskrivar har Mike Scott ein naturleg posisjon som leiar av bandet, og saman med den fabelaktige fiolinisten Steve Wickham har han nærast skapt ein eigen sjanger med The Waterboys, ein sjanger som er ei særs vellukka miks av keltisk tradisjonsmusikk og storslått, melodiøs rock. Bandet nådde stjernene med «Fisherman s Blues» i 1988, og har halde seg på toppen sidan den gong. The Waterboys har ei stor fanskare over heile verda, og er kjend som eit forrykande liveband. Det ryktast at Sognefjorden vil stige til uante høgder når The Waterboys står på scena i Meieriparken. Meieriparken, laurdag kl. 22.00. karpe diem Karpe Diem er eit band som har vore etterspurd til Målrock i fleire år, og det er ikkje så rart. Chirag Patel og Magdi Ytreeide Abdelmaguid har ei karriere som inneheld over ti år med konsertverksemd og platinaseljande album, og er kjend som eit av dei beste livebanda innanfor hip hop i Noreg. Bandet har mellom anna motteke Alarmprisen for debutalbumet «Rett fra hjertet» (2006), i tillegg til at dei vann Spellemannsprisen for storsuksessen «Fire vegger» (2008). Karpe Diem har etter kvart oppnådd ein heilt unik posisjon i norsk hiphop, og er no høgaktuelle med si nye plate «Aldri solgt en løgn om dagen» som er deira tredje studioalbum. Når dei spelar på Målrock har dei med seg bandet «Something Sally» og DJ «En som heter Marius». Meieriparken, laurdag kl. 00.45. Fotocredits: Honningbarna - Stian Herdal, Strupetakarane - pressefoto, The Waterboys - pressefoto, Karpe Diem - Martin Johansen.

konsert med yoga fire på tangen skule blås grøntaksjonen Blås Grønt-aksjonen er eit samarbeid mellom Årdal Tenk Tryggleik, Ungdomsrådet i Årdal og Målrock, der målet er å få unge til å utsetja sin debut med alkohol. Tekst og foto: Ane Aga Geithus Fredag 19. august vert det konsert med Yoga Fire på Tangen skule. Konserten skal markera signeringa av Mobbemanifeste t. Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: pressefoto Det blir ein flott start på skuleåret for elevane, med ein knallfet rockekonsert med Yoga Fire. Eg trur dette blir veldig tøft, seier festivalsjef Bjørnar Svortevik. Konserten er eit samarbeid mellom Målrock, kommunen og skulane i bygda, og skal markera signeringa av Mobbemanifestet som regjeringa oppfordrar alle skular til å skriva under på. Det var Målrock som tok initiativ til denne konserten. Me ville nytta høvet til å gjera noko viktig, så då valte me å bruka rockekonserten med Yoga Fire til å markera starten på vårt arbeid mot mobbing, seier Jan Kåre Stedje på Tangen skule. Vidare fortel han at alle skular i Noreg må markera Mobbemanifestet, og dette er ei oppfordring som kjem frå sentralt hald i regjeringa. Å jobba mot mobbing, og å få ein slutt på mobbinga, skal vera ein sak for alle skular i landet, seier han. Konserten finn stad på skuleplassen til Tangen skule kl. 12.00, og både ordførar, rektorar, elevrepresentantar og foreldrerepresentantar vil vera til stades på den høgtidelege seremonien. Elevar frå Farnes skule vil også delta. Stedje understrekar at konserten er open for alle, så den som vil kan ta turen til Tangen skule denne dagen. Dette er eit flott initiativ frå Målrock, som me set stor pris på, seier Stedje. Tunge granskingar i Europa syner at jo tidlegare ein debuterer med alkohol, jo større er forbruket i vaksen alder, og dette er noko me ynskjer å ha fokus på, seier folkehelsekoordinator i Årdal kommune, Steinar Drægni. Han fortel at 80% av all vald skjer i fylla, og kvart år vert 40 000 kvinner trakassert i samband med alkohol. Heile 2 500 menneske døyr kvart år som ei følgje av alkoholbruk. Dette er i aller høgste grad eit samfunnsproblem, seier Drægni. Blås Grønt-aksjonen er eigentleg noko Ungdomsrådet står for, og har i årevis arrangert aksjonen natt til 17. mai, men i fjor kom det eit forslag frå politiet i Årdal om å dra i gang dette også i samband med Målrock. Lensmannen i Årdal, Magne Knudsen, hadde også ein idé om at dei skulle få til ein friviljug promillekontroll under festivalen, og dette vart gjennomført over to dagar i Målrockhelga i fjor. Der kunne alle testa seg gratis, noko som var svært populært og førte til lange køar i Meierigata, seier Drægni. Det var sjølvsagt også ordinære promillekontrollar utanom dette. Årdalspolitiet trur på førebyggjande arbeid, og jobbar mykje gratis som ei følgje av dette, seier han. Promillekontrollen vert annonsert med lappar på campen, og over høgtalaranlegget på festivalen. Drægni understrekar at samarbeidet mellom Årdal Tenk Tryggleik og Ungdomsrådet er frittståande, og har ingenting med den friviljuge promillekontrollen å gjera. Vidare fortel han at opplegget var populært i fjor, og då særleg promillekontrollen. Begge deler var populært, og det skaper fokus på rusbruk blant ungdom, som er akkurat det me ynskjer, seier Drægni. Han rosar næringslivet i Årdal for at dei var så rause i fjor, og bidrog med mange flotte gevinstar til Blås Grønt-aksjonen. I tillegg står Målrock-styret hundre prosent bak dette opplegget, og bidreg med ein betydeleg sum til premiar, noko dei også gjorde i fjor, seier han. Blås Grønt-aksjonen vert arrangert frå kl. 24 01 begge kveldane, og målgruppa er ungdom frå 15 til 18 år. Dei som vil delta skriv ned namnet sitt på ei liste, og dersom dei bles grønt er dei med i trekninga om mange flotte premiar. Mellom anna kan eg fortelja at 1. premien er ein bærbar PC, i tillegg til mange andre premiar tilpassa målgruppa, fortel Drægni. Vinnarane vert kunngjorte over høgtalaranlegget andre dagen på Målrock.

fotokurs med geir birkeland I Målrockhelga held fotograf Geir Birkeland kurs for medlemmene i Årdal Fotoklubb. Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: Geir Birkeland festivalmoro under skåri laurdag et termiddag har du høve til å få med deg heile tre konsertar under skåri, og festivalsjef bjørnar svortevik lovar at det her vert musikk for einkvar smak. Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: Oddleiv Apneseth Bob Hund, Målrock 2010. Birkeland har mykje erfaring med konsertfoto, og sidan mai 2009 har han teke omlag 40 000 bilete på konsertar, opera, festivalar og liknande ting. På kurset vil dei ha ei samling laurdag, der han fortel om korleis han jobbar, og kjem med ulike tips i høve konsertfotografering, som til dømes kvar ein fotograf bør plassere seg for å ikkje forstyrre artisten og bruk av lys. Søndag vil dei møtast igjen for ei evaluering av bileta dei har teke, og fotografane vil då få tips til kva dei kunne gjort anleis, og råd i høve ulike problem som kan ha dukka opp undervegs. Dei vil sannsynlegvis møte på problem undervegs, og då kan eg gje dei råd om kva dei kan gjera når slike problem oppstår. Dei fleste av medlemmene har ingen erfaring med denne type fotografering, seier Birkeland. Han legg til at det er ganske individuelt kva type bilete folk ynskjer nokre ynskjer reine og klare bilete, medan andre vil ha eit meir kunstnerisk uttrykk. Eg har gjort dette ein gong tidlegare, med ei fotogruppe på Veka 2010 i Sogndal, seier Birkeland. Det er festivalsjef Bjørnar Svortevik som har teke initiativ til dette kurset. Han lurte på om fotoklubben ville vera med å ta bilete på Målrock. Deretter kontakta han Geir Birkeland, som deretter tok kontakt med meg, seier leiar i Årdal Fotoklubb, Mads Heggø. Tanken bak kurset er at fotoklubben skal fotografera på Målrock også ved seinare høve. Fotoklubben skal få coaching frå ein som veit kva han driv med, og han vil fortelja oss kva han gjer og korleis han går fram. Me gler oss voldsomt, det skal bli moro å få vera med og bidra på Målrock, seier Heggø. I fjor var det fyrste gong Målrock under Skåri vart arrangert, der Valkyrien Allstars og eit lokalt band frå Hugin spelte. Omlag 400 personar tok turen fram på Skåri i fjor, og her var det fin stemning og god musikk. Arrangementet er gratis for alle som har laurdagspass eller eventuelt festivalpass, og for alle under 15 år. Alt ligg til rette for at det skal bli bra med folk der framme også i år. I år startar The Huskies showet med ein halvtimes konsert. Deretter er det klart for Karl Seglem, som er hovudattraksjonen der framme. Han har fått med seg to gjestevokalistar; Sigrid Moldestad og Ketil Thorbjørnsen på el-gitar, og eg har vanvittig tru på dette. Dei skal framføra Jimi Hendrix på vrengt hardingfele med Håkon Høgmo, noko som blir beintøft, seier Svortevik. Karl Seglem stiller også med fullt band, i tillegg til Moldestad og Thorbjørnsen. Dette har eg stor tru på. Og så gledar eg meg veldig til Oslo Ess, som skal ha ein halvtimes akustisk konsert til slutt. Eg trur det kan bli ei fantastisk oppleving der framme, seier han. Det blir også i år guida tur til Avdalen, i regi av Utladalen Naturhus. I fjor deltok 25 personar i alle aldrar på turen som går opp Avdalskori til Avdalen og ned att den vanlege vegen, seier turleiar Rigmor Solem. Det var både lokale og tilreisande deltakarar på den omlag to timar lange turen, som også har «vaffelstopp» i Avdalen. Arrangementet som finn stad laurdag 20. august kl. 13.00 er eit samarbeid mellom Stiftinga Målrock, Hugin og Utladalen Naturhus. Det går bussar til arrangementet, og prisen for ein bussbillett er 20 kr, uansett om du reiser frå Tangen eller Øvre. Det vert også sal av mat og drikke. Dersom du ikkje har festivalpass eller laurdagspass, er billettprisen 200 kroner.

festivalcampen i saltviki Vikadalen Ungdomsl ag er ansvarlege for festivalcampen i Salt viki. Tekst: Ane Aga Geithus /// Foto: Aleksander Øren Heen Festivalcampen er open frå torsdag kl. 16.00 til søndag klokka 14.00, og er då open heile døgeret. Ein treng ikkje å bestilla plass på førehand, her er det berre å koma, seier leiar i Vikadalen Ungdomslag, Aleksander Øren Heen. Han understrekar likevel at på grunn av kapasiteten tek dei berre i mot tilreisande med telt og vogner. Inngangsprisen er kr. 150, I fjor hadde dei over 400 personar inne på festivalcampen, og antalet har auka jamt dei siste åra. Antalet har dobla seg for kvart år dei siste to åra, seier Heen. Han er sikker på at dei vil få plass til alle i år også. Tidlegare har me hatt ei reserveløysing på eit jorde fram mot skulen, og i fjor måtte nokre dit for å overnatta. I år er det betre plass på campen enn det har vore før, seier han. Årdalstangen Musikklag står for matserveringa på campen, og nytt av året er nattmatløysinga som du kan lesa meir om lenger ned på sida. Elles er det sjølvsagt toalett på campen, og det er høve til å dusja i garderobane på skulen, som er opne ein time kvar dag. Elles går også friluftsbadet fint an å nytta, seier Heen. Pro Security skal stå for vakthaldet i år også, og det vil vera litt fleire vakter på campen enn i fjor. Utvidar frukostog nat tmat tilbodet Årdalstangen Musikklag gjentek suksessen frå i fjor, med sal av frukost og nat tmat til gjestene på festivalcampen. I år har dei snudd lit t om på opplegget, slik at også bygdefolket kan få kjøpa seg ein matbit. Tekst og foto: Ane Aga Geithus Me hadde eit liknande opplegg i fjor, med sal av egg og bacon på skjeva, i tillegg til kaffi, melk og jus. Det heile starta med ein idé om berre å selja frukost, og dette vart svært godt motteke av brukarane. Så slo tanken oss om at me skulle prøva å selja nattmat også, noko som vart enda meir populært, fortel leiar i Årdalstangen Musikklag, Oddgeir Øren. I år vil dei gjera det same, men no skal dei selja nattmat to netter. Det vert sal av frukost ved festivalcampen laurdag og søndag frå kl. 09 12, og i sentrum laurdag kl. 10 13. Sal av nattmat foregår i sentrum begge kveldar etter konsertslutt og 1 2 timar utover. Serveringa blir den same i år som i fjor. Det er litt forandringar i høve til i fjor. Me har valt å flytta salsboda utanfor gjerdet til festivalcampen, slik at andre som vil kjøpa frukost får gjort det utan å måtta betala inn på campen. I tillegg er nattmatserveringa flytta til sentrum på Tangen. Då får me eit tilbod til bygdefolket også, seier Øren. Vidare fortel han at det i fjor faktisk var ein del folk som betalte inn på campen, berre for å kjøpa seg mat. Så det vart eit dyrt måltid for desse, men det syner at det er eit behov for dette tilbodet, seier Øren. Han fortel at i følgje dei på campen har nattmaten ein svært positiv effekt: når folk hadde fått i seg nattmat vart det mykje fortare ro på campen. Då gjekk dei ikkje rundt svoltne og irriterte, men vart mette og la seg for å sova, seier Øren.

PR OGRAM 19. - 20. august 2011 meieriparken årdalstangen fredag 19. august meieriparken 19.30: Beinkjør 20.30: Kvitnes, Fjeld, Heltberg og Kvarts 22.15: Yoga Fire 23.30: DDE 01.15: Tyyl! laurdag 20. august under skåri 13.00: The Huskies 14.00: Seglem med gjester 15.00: Oslo Ess (akustisk) laurdag 20. august meieriparken 19.30: Honningbarna 20.45: Strupetakarane 22.00: The Waterboys 23.30: Oslo Ess 00.45: Karpe Diem w w w.malrock.no