Gravplassrådgivaren Mars 2019 Utkast til VEDTEKTER FOR GRAVPLASSANE I NN KOMMUNE (FORSKRIFT) Jf. lov av 7.juni 1996 nr. 32 om gravplassar, kremasjon og gravferd (gravferdslova) 21 (1) Vedtatt av NN kyrkjelege fellesråd / kommune (dato) Godkjent av.. bispedømeråd / Fylkesmann. (dato) I kraft frå xx.xx.20xx. 1 FORVALTNING Gravplassane i kommune er underlagt. kyrkjelege fellesråd / kommune administrasjons- og myndigheitsområde. 2. DEFINISJONER Gravplassforvaltning:. kyrkjeleg fellesråd/kommune under utøving av forvaltningsansvaret sitt for gravplassane i kommune, jf. gravferdslova med forskrifter. Fri grav: Grav som gravplassforvaltninga har tildelt ein avdød person frå kommunen, og som det ikkje blir betalt festeavgift for i fredingstida. Festa grav: Grav som blir festa mot betaling av avgift. Festa gravstad: Fleire kistegraver som er festa saman. Urnegrav: Grav til askeurne med plass til fire urner, jf. gravferdsforskrifta 14. Dette gjeld ikkje 11 Namna minnelund, kor det med urnegrav blir sikta til grav med plass til éi urne. Kistegrav: Grav som stettar forskrifta sine krav til storleik for gravlegging av kister. I ei kistegrav kan det også gravleggjast urner. Fredingstid: Tidsrom frå siste gravlegging til grava kan takast i bruk igjen til ny gravlegging. Festetid: Tida det er avtala å feste ei grav for. Ansvarleg for grav: Den som er ansvarleg for ei fri grav. Festar: Den som står som part i ein festeavtale. Anonym minnelund: Gravfelt for anonyme graver. Feltet kan ha eit felles minnesmerke utan opplysningar om kven som er gravlagt. Namna minnelund: Gravfelt med felles minnesmerke med namn og data på dei som er gravlagde der. 3. FERDSEL PÅ GRAVPLASSANE Besøkande skal om mogeleg ferdast gåande, jf. gravferdsforskrifta 9 (2). Gravplassforvaltninga kan etter søknad gi løyve til å køyre ved dokumentert sjukdom/forflyttingshemming. All køyring skal skje særleg omsynsfullt. 4. GRAVPLASSTILHØYRSLE Avdøde personar i kommunen skal gravleggjast på den gravplassen dei soknar til. Avdøde personar i kommunen kan gravleggjast der ein ønskjer av gravplassane i kommunen. Dei har rett til fri grav så framt grava blir tilvist. 1
Avdøde personar som på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ein annan kommune mot slutten av livet, blir medrekna på same måte som kommunens eigne innbyggjarar, og har rett til fri grav så framt grava blir tilvist. Avdøde personar frå andre kommunar kan bli gravlagt i kommunen mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt. Avdøde personar frå andre kommunar kan berre bli gravlagt i kommunen etter kremasjon og mot at kostnadane ved gravferda og avgift som ved feste av grav blir betalt. Alt. 3 Avdøde personar frå andre kommunar kan ikkje bli gravlagt i kommunen. 5. FREDNINGSTID Fredingstid for kistegraver er... år. Fredingstid for urnegraver er 20 år. Gravplassforvaltninga kan vedta lengre fredingstid for enkelte graver. Merknad: Gravplassforvaltninga skal sette fredingstida lik nedbrytingstida, men ikkje kortare enn 20 år, jf. gravferdslova 8 (1). 6. FESTE AV GRAV Når kistegrav skal takast i bruk er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter søknad til gravplassforvaltninga; for ei ekstra grav i tillegg når behovet tilseier det. Desse gravene utgjer då éin gravstad. Ved bruk av særskilt urnegrav kan det ikkje bli festa ei grav ved sida av. Ved feste av grav ved sida av den kistegrava som blir tatt i bruk, er festetida 20 år. Når festetida er ute, kan gravstaden bli festa for nye... år. Når det er gått... år etter siste gravlegging, kan festet ikkje bli fornya utan etter særleg samtykkje frå gravplassforvaltninga. I god tid før festetida er ute skal festaren bli varsla. Er ikkje festet blitt fornya innan seks månader etter forfall, fell grava eller gravstaden tilbake til gravplassen. Innbetalt festeavgift blir berre betalt tilbake dersom tilbakebetaling følgjer av bindande rettsregler eller det ligg føre særlege grunnar. Ingen kan bli gravlagt i festa gravstad utan festaren sitt samtykkje. Dersom det ikkje er råd å hente inn samtykkje frå den ansvarlege eller festaren til bruk av festa grav, kan gravplassforvaltninga ta avgjersle om gravlegging. Festar pliktar å melde adresseendring. 7. GRAV OG GRAVMINNE Ved opning av grav kan jord bli lagt på omkringliggande graver og gravutstyr kan mellombels bli flytta. Gravplassforvaltninga sørgjer for istandsetting igjen, og vil også sjå til at grava blir 2
planert og tilsådd med gras etter gravlegging. Montering av gravminne kan først skje etter at gravplassforvaltninga har godkjent gravminnet og merka staden der det skal stå. Det kan ikkje bli sett opp tidlegare enn... månader etter gravlegging av kiste. Gravminne på urnegrav kan bli sett opp med ein gong etter urnenedsetting. Så lenge ein ventar på gravminne sørgjer gravplassforvaltninga for eit merke med avdøde sitt namn på. På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir ståande der for godt. På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast i bakkant av den grava som er tatt i bruk, og blir sentrert på gravstaden etter neste gravlegging. Alt. 3 På nyfesta gravstad skal gravminnet plasserast sentralt i bakkant av gravstaden. 8. PLANTEFELT Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgde med bakken omkring. Det må ikkje vere breiare enn gravminnet si breidde, men kan i alle tilfelle vere opp til 60 cm breitt. Det kan ikkje stikke lengre fram enn 60 cm, målt frå gravminnet sin bakkant. Det kan ikkje plantast vekstar som overstig gravminnet si høgd eller går utover plantefeltet. Det er ikkje høve til å bruke faste dekorgjenstandar som blomsterurner, lykter mv. i plantefeltet. Det er høve til å tenne stearinlys og oljelampe på grava, så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern. Stearinlys, oljelamper og andre lause dekorgjenstandar skal fjernast etter bruk. Det er ikkje høve til ramme inn plantefeltet eller delar av det med hekk eller døde materiale. Det er høve til å ramme inn plantefeltet med ein delt steinkant som fluktar med terrenget omkring. Alt. 3 Det er høve til å ramme inn plantefelt med delt steinkant eller bedplate som fluktar med terrenget omkring. Bedplate og fundament for gravminne skal ikkje henge saman. Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vere grasbakke på alle sider av gravminnet. Det er ikkje høve til å ramme inn grava med hekk eller døde materiale. 9. PLANTEMATERIALE Planter, kransar og liknande materiale som blir nytta ved gravferd eller ved pynting av grav og som endar som avfall, skal fullt ut vere kompostérbare. 10. STELL AV GRAV Kvar ansvarleg for frigrav eller gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava vedkomande har ansvaret for. Plantefelt som ikkje blir tilplanta eller stelt skal såast til av den ansvarlege eller bli sådd til av gravplassforvaltninga. Ansvarleg for grav eller festar pliktar å halde gravminnet sikra og i forsvarleg stand. 3
Ansvarleg for grav eller festar kan gjere avtale om at kyrkjelege fellesråd/kommunen, og den som får løyve til det etter 13, kan utføre planting og stell av grav (, samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet). Ein slik avtale fritek ikkje den ansvarlege eller festar frå det ansvaret dei har etter reglane som til ei kvar tid gjeld. Merknad: "Kyrkjeleg fellesråd" eller "kommunen" må veljast ut frå kva som er aktuelt. Delen "samt montering, sikring og vedlikehald av gravminnet" kan leggast inn dersom det er aktuelt. 11. NAMNA MINNELUND Ved gravlegging i namna minnelund skal namn og data til avdøde førast på ei namneplate på felles minnesmerke. Graver i namna minnelund kan ikkje bli festa etter at fredingstida er gått ut. Graver i namna minnelund kan bli festa på lik linje med andre graver på gravplassen. I namna minnelund kan det bli festa ei grav attmed. Dette gjeld også urnegrav. Ved feste av grav attmed skal det betalast festeavgift frå tidspunktet då den første grava blir tatt i bruk. Ved feste av grav attmed i namna minnelund vil ikkje gravene nødvendigvis kome attmed kvarandre, men namneplatene. I namna minnelund kan det ikkje bli festa ei grav attmed. Ved gravlegging i namna minnelund må det betalast for kostnader til namneplate og del av minnesmerke, tilplanting og stell. Gravplassforvaltninga har ansvaret for felles tilplanting og stell i minnelunden. Det er ikkje høve til å opparbeide eige plantefelt for grav i minnelund. Det kan leggast ned blomar og tennast gravlys så lenge dette er innanfor gjeldande reglar om brannvern, på ein stad tilvist av gravplassforvaltninga. 12. BÅREROM Bårerom blir disponert av kyrkjelege fellesråd/kommunen, og skal berre nyttast til oppbevaring av døde i tida fram til gravferda. Ingen har tilgang utan etter løyve. Liksyning kan berre finne stad etter samtykke frå den som står for gravferda, og vedkjem ikkje dei tilsette. 13. NÆRINGSVERKSEMD Merknad: "Kyrkjeleg fellesråd" eller "kommunen" kan veljast ut frå kva som er aktuelt. 4
Næringsdrivande som ønskjer å drive verksemd på gravplassen skal hente inn løyve frå gravplassforvaltninga. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje rettar seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering, sikring og vedlikehald av gravminne og tilplanting og stell av graver. 14. ARBEID PÅ GRAVPLASSANE Anleggs- og vedlikehaldsarbeid skal skje på kvardagar i arbeidstida (kl. 07:00-17:00) og må ikkje utførast på søndagar, heilagdagar eller offentlege høgtidsdagar. Ikkje noko arbeid på gravplassen må vere til sjenanse for seremoniar eller rituelle handlingar på gravplass eller i bygning på gravplass. Næringsdrivande kan berre køyre på gravplassen i den grad det er nødvendig for å utføre arbeidet. Slik køyring skal skje ekstra omsynsfullt. 15. DISPENSASJON FRÅ VEDTEKTENE Gravplassforvaltninga kan i særlege tilfelle og innanfor ramma av gravferdslov og gjeldande forskrifter fråvike x, y, z og æ i vedtektene. 5
FØLGJANDE BESTEMMINGAR SKAL OGSÅ INNGÅ I VEDTEKTENE DER DETTE ER AKTUELT: Stenging av heile eller delar av gravplassen etter gravferdsforskrifta 5. Bestemmingar om fråvik av dimensjonskrav for kistegrav etter forskrifta 13. Særskilte bestemmingar for gravminna ved anlegg og utviding av gravplass etter forskrifta 23. Særskilte bestemmingar for sikring av gravminne ved anlegg, utviding og vesentleg endring av gravplass etter forskrifta 24. Bevaring av område eller enkeltgraver med gravminne og anna utstyr etter forskrifta 27. FØLGJANDE BESTEMMINGAR BØR OGSÅ INNGÅ I VEDTEKTENE DER DETTE ER AKTUELT: Tilvising til dispensasjonar gitt av Kulturdepartementet etter gravferdsforskrifta 39, for eksempel tilgang til symbolsk flytting til namna minnelund. Avtale om bruk av tilrettelagde graver i ein annan kommune. Vurdere særskilde reguleringar knytte til ustø gravminne der dette er eit gjentakande problem i aktuell kommune, eksempelvis som følgje av tele i bakken. 6
PÅ GRAVPLASSEN KAN DET BLI SETT OPP ORDENSREGLAR. SÅ LENGE SLIKE REGLAR ER AV LITE INNGRIPANDE KARAKTER BLIR DEI IKKJE REKNA SOM FORSKRIFTER, OG DÅ ER DET IKKJE NATURLEG Å TA SLIKE REGLAR INN I GRAVPLASSVEDTEKTENE. HER ER EIT UTKAST TIL ORDENSREGLAR: REGLER OM ORDEN, ÅTFERD OG TRYGGLEIK Opphald, ferdsel, arbeid og andre handlingar skal skje med minst mogeleg støy og ikkje verke støytande. Gravminne kan velte. Ein må derfor vise varsemd. Mindre barn må vere under tilsyn av vaksne. Hundar skal førast i kort band (maks. 2 meter). Det skal visast omsyn ved gravferder. Merknad: Gravplassforvaltninga bør også vurdere om eldre barn kan ha tilgang utan tilsyn av vaksne der ustø gravminne er eit gjentakande problem på gravplassen (eks. i samband med tele). Avfall skal bli kjeldesortert og lagt i avfallsbehaldarar. Utstyr som vasskanner, spadar og river skal hengast tilbake på plass. Portane til gravplassen skal ikkje stå opne. 7