KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar.

Like dokumenter
KOMMUNIKASJONSPLAN Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Hornindal og Volda kommunar.

Kommunikasjonsplan Voss herad 2020

Kommunikasjonsplan ULLENSVANG KOMMUNE. - den nye kommunen i Hardanger. Me er på veg mot

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunikasjonsplan. Nye Øygarden kommune

Kommunikasjonsplan. Fase 2: Førebuande fellesnemnd. - desember 2016 juni 2017

Kommunikasjonsplan Februar 2016

Kommunikasjonsplan. Sunnfjord kommune

STAD KYRKJELEGE FELLESNEMND

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Kommunikasjonsplan Fylkesplan , regional plan for Møre og Romsdal

Møte på kommunehuset Smia

FELLESNEMND FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Fellesnemnd Ullensvang kommune

Saksnr. Utval Møtedato 007/15 Formannskapet /15 Kommunestyret

Finnøy og Rennesøy kommunar

Fellesnemndsmøte Norddal og Stordal kommunar 13. februar 2018 Stad: Kommunehuset i Stordal Tid: 14:15-16:45

Kommunikasjonsplan for arbeidet med utviklingsplan. Helse Fonna HF

Kommunikasjonsstrategi for Ulstein kommune

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN Partssamansett utval - Ullensvang kommune

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

1.0 Innleiing - Bakgrunnen for kommunikasjonsstrategien er å sørge for ei medviten haldning i kommunikasjonsarbeidet i utviklinga av Kinn kommune -

SAKSDOKUMENT. Framlegg til endring av vedtekter for ungdommens kommunestyre (UKS)

Prosjektplan. Kommunereforma i Møre og Romsdal

Referat. Styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa Dato: fredag 18. august Tid: kl Stad: Fusa kommune - Kommunetunet Til stades:

Norddal kommune Informasjonsstrategi

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

Fellesnemndas funksjon og oppgåver. Norddal og Stordal, 10. februar 2017

Reglement for godtgjersle FJORD KOMMUNE

MED TILTAKSDEL FOR JUNI 2018 TIL JUNI 2020

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ADMINISTRASJONUTVALET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 16:00

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Utval Utvalssak Møtedato Plan- og økonomiutvalet i Fræna kommune 135/ Kommunestyret i Fræna 41/

MØTEINNKALLING. Folkevalde, både medlemer og varamedlemer, plikter å møte jf. kommunelova 40 nr. 1, med mindre det ligg føre gyldig forfall.

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

Saksbehandlar: Vigdis Rotlid Vestad. Ref.: 2017/2464/FMMRVIVE Til: Felles kommunestyremøte

EID KOMMUNE Møtebok. Arkiv: 024 Objekt:

VANYLVEN KOMMUNE SAKSFRAMLEGG. Midtvegsrapport for kommunereforma Vanylven kommune sitt arbeid med. Tilråding:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdommens fylkesutval. Dokumenttype: Godkjend av: Gjeld frå: Tal sider:

NYE VOLDA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL

Kommunikasjonsstrategi /-plan for STAD 2020-prosessen /

KOMMUNEREFORM- LOKAL PROSESS

INNKALLING. Til orientering: Ungdomsrådet, senior- og funksjonsrådet, hovudverneombodet og dei HTV (hovudtillitsvalde) vert også invitert til å delta:

Kommunestruktur Prosjektplan for sonderingsfasen

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE , vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, for

Samansetjing av «Fellesnemnd» for overgangsperioden fram mot

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

KOMMUNIKASJONSSTRATEGI FOR

Godt samspel. Vidare prosess etter at arbeidsgruppa har fullført sitt arbeid:

Reglement for Ungdommens fylkesting og Ungdomspanelet i Møre og Romsdal

INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSSTRATEGI.

Merknad til innkallinga. Innkalling og referata bør alltid vera første sak på dagsorden. Dette vert omgjort til sak 1. Saksliste:

Revisjon av kommunedelplan for Idrett, friluftsliv og nærmiljø Framlegg til planprogram

Rettleiing Spørjeundersøking om heimetenester

Lovgrunnlag Lov om fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser (inndelingslova), 26 Fellesnemnd:

VOLDA KOMMUNE Rådmann

Vers /EMS/rev INTENSJONSAVTALE. Samanslåing av kommunane Vågsøy, Selje og Vanylven

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

PROSJEKTET NORDDAL- STORDAL VI BYGG EIN NY KOMMUNE

Førebuande fellesnemnd. Møte Sund rådhus

Kommunereforma - prosessvedtak med tidsplan for Vestnes kommune. Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

SFJ 2019: RETNINGSLINER FOR INTERNKOMMUNIKASJON OG SAMLA ARENAOVERSYN

Fellesnemnda. Fræna og Eide, 8. november 2016

Grenseendringar etter inndelingslova. Volda, 25. august 2016

Fellesnemnda mndr 14 dagar til 1. januar 2020

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til dei respektive servicekontora i Volda og Hornindal.

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Rådmann Trude Letnes Granvin herad, Rådmann Einar Hauge Voss kommune, Informasjonskonsulent Tor Halvorsen Voss kommune.

bruk av nettsider Gaular kommune

Innkalling av Førebuande fellesnemnd - ny kommune

Gjennom ståstadanalyse og oppfølgingsarbeid vart følgjande satsingsområde framheva:

Innledning. Kommunikasjonsstrategi

Side 2 av 8 SAKLISTE Saker til handsaming på møtet Sak nr. Arkivsak Sakstittel Merknad 001/12 12/107 Faste saker 002/12 12/69 Revisjon av lønspolitisk

Møteprotokoll SKODJE KOMMUNE SAKLISTE. Utval: FORMANNSKAPET Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 13:00

Innkalling. Utvalg: Fellesnemnda for Norddal og Stordal Møtestad: Rådhuset i Valldal Dato: Tid: Kl. 17:00

Korleis kan du i din jobb utvikle deg til å bli ein tydleg medspelar?

KYRKJELEG FELLESNEMND FOR OS SOKNERÅD OG FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT

Rolla til kontrollutvala i Sogn og Fjordane fylkeskommune og Hordaland fylkeskommune ved samanslåing - Arbeidsmøte 3

Fellesnemnd ny kommune i indre Sunnfjord

Nordre Follo kommune. Kommunikasjonsstrategi. Prosessen fram mot Nordre Follo kommune

Ny kommune i indre Sunnfjord. Fellesmøte for kontrollutvala

SAKSDOKUMENT. Utvalsaksnr Utval Møtedato Formannskapet Kommunestyret KOMMUNEREFORMEN - OPPNEMNING AV FORHANDLINGSNEMND

Innkalling for Kommunestyret i Radøy

INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSPLAN ALTA KOMMUNE ENDRET FOR LIVSKRAFTIG DRIFT I 2018

MØTEPROTOKOLL VOLDA KOMMUNE HORNINDAL KOMMUNE

PARTSAMANSETT UTVAL FOR KOMMUNANE ULLENSVANG, JONDAL OG ODDA I PERIODEN

Samanslåing av fellesråd

Møte på kommunehuset Smia

Møteinnkalling. Til styringsgruppa for kommunereform Os og Fusa. Dato: onsdag 21. juni Tid: kl Stad: Rådhuset Osøyro

Budsjett 2018 prosess

VI HAR MEIR ENN 220 KOMMUNIKASJONS- MEDARBEIDARAR I SAV

HEMSEDAL KOMMUNE ARBEIDSGJEVAR STRATEGI

Notat/ status til prosjekteigar frå administrativ arbeidsgruppe Strategi og styring

Pedagogisk plattform

Møteinnkalling SAKLISTE SKODJE KOMMUNE. Utval: ELDRERÅDET Møtestad: Skodje rådhus Møtedato: Tid: 14:00

Felles utgreiing skal vera eit supplement til kommunane sine prosessar.

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Arbeidsverkstad

Transkript:

UTKAST 05.02.18 KOMMUNIKASJONSPLAN 2018-2020 Kommunikasjonsplan for kommunesamanslåing av Norddal og Stordal kommunar. INNHALDSLISTE 1. Forord 2. Situasjonen i dag 3. Kommunikasjonsspørsmål og bodskap 4. Målgrupper 5. Ansvar og organisering 5. Prinsipp for kommunikasjon 6. Strategiar 7. Tiltaksplan

1. Forord Ei kommunesamanslåing er ei omstilling som vedkjem alle i Norddal og Stordal kommunar, og det utløyser også eit stort behov for informasjon både internt til dei tilsette i kommunane og ikkje minst eksternt til lokalbefolkninga. I punkt 3.4.5 i prosjektplanen for samanslåinga, står det at: «Fellesnemnda skal gjere vedtak om kommunikasjonsplan for samanslåingsprosessen. Heimesidene og bruk av sosiale media skal utviklast og informasjons- og kommunikasjonskanalar skal prioriterast i prosessen. Dette vil være viktige informasjons-, medverknads- og kommunikasjonskanalar gjennom prosessen.» Intensjonen med denne planen er å gi personar som skal kommunisere på vegne av «Fjord kommune» retningslinjer og oversikt over kva, korleis og når kommunikasjonsarbeid skal bli gjennomført. I fasen før samanslåinga av Norddal og Stordal kommunar, er omdømme- og kulturbygging viktig for å skape positive forventningar til det endelege resultatet. Alle dei tilsette spesielt leiarar på alle nivå har derfor eit ansvar for å følgje denne planen i samband med bygginga av den nye kommunen. Denne planen er først og fremst knytt til sjølve samanslåingsprosessen, og vil bli justert og revidert kontinuerleg i tråd med prosjektet sin framgang. Når planen skulle bli oppdatert, vil ny versjon bli lasta opp på heimesidene. Ettersom kommunikasjonsbehovet i den nye kommunen vil vere annleis etter 2020, vil ein ny kommunikasjonsplan måtte bli utarbeidd før den offisielle samanslåinga. Denne planen skal vere klar i god tid før den nye kommunen blir etablert 1. januar 2020. 2. Situasjonen i dag Med ein prosjektleiar på plass skal kommunikasjon relatert til samanslåinga koordinerast i begge dei to kommunane, slik at relevant informasjon er lett tilgjengeleg og enkel å finne for alle. I det høvet har ei eiga fane på heimesidene i begge kommunar, og likelydande informasjon skal ut samtidig i begge kommunar. Intern kommunikasjon: Prosjektleiar vil jamnleg sende ut informasjon til alle e-post adresser i kommunane. Det er alltid informasjon i samband med fellesnemndsmøta som er opne for alle. Leiarane i begge kommunar har eit spesielt ansvar for vidareformidling av informasjon, på line med dei tillitsvalte. I Norddal kommune nyttar ein intranett som informasjonskanal for dei tilsette. I Stordal nyttar ein F; disk der felles informasjon vert lagt tilgjengeleg. Digitale kanalar: Leiar i fellesnemnda er administrator av Facebook sida «Fjord kommune» saman med prosjektleiar, og her vert delt informasjon frå ulike tema. I dag er Norddal kommune aktive på sosiale media, og publiserer mykje av nyheitssakene både på heimesidene og på Facebook. Stordal kommune er ikkje på Facebook eller andre sosiale medium. Nokre grupper er like vel på Facebook- som «Barnas kommune», «ordførar Eva Hove» og «Stordalshallen", "Stordal bibliotek»,

m.fl. Kommunen nyttar derfor kommunen si heimeside til all sin informasjon. Andre medium kan bli aktuelle på eit seinare tidspunkt. Grafisk profil: I dag eksisterer det ingen konkret grafisk profil for dei to kommunane. Når det no blir oppretta ein ny kommune, høver det seg bra å innarbeide ein ny, grafisk profil som er lett å kjenne att både internt og eksternt og som skapar ein felles identitet for Norddal og Stordal. Å opprette ei profilhandbok for Fjord kommune vert derfor bli jobba med fram mot samanslåinga, slik at ei felles grafisk framstilling er klar i god tid før den nye kommunen er operativ i 2020. 3. Kommunikasjonsmål og bodskap Hovudmålet med kommunikasjonsplanen er å sikre at alle tilsette og innbyggjarar skal få god og relevant informasjon gjennom gode rutinar for kommunikasjon og informasjonsformidling. Under dette hovudmålet har vi følgjande delmål: Sikre at folk har tillit til prosessen knytt til samanslåinga. Bidra til positive og realistiske forventningar til det endelege resultatet. Ha ein god dialog med alle målgruppene, slik at identiteten til folk i begge kommunane blir tatt godt vare på. For at vi best mogleg skal nå dei måla vi har sett oss, ønskjer vi å: Engasjere: Kommunikasjon eksternt og internt skal bidra til å auke engasjementet rundt samanslåinga, gjennom til dømes å motivere til medverknad og deltaking. Vere open: Referat og møtedokument frå politiske og administrative komitear som jobbar med samanslåingsprosessen skal vere lett tilgjengelege. Kommunen skal vere opne ovanfor både innbyggjarar, media og andre som samanslåinga vedkjem. Styrke intern kommunikasjon: Tilsette skal få god og tidleg informasjon direkte frå kommunen. Medarbeidarar som er godt opplyste vil bidra til auka forståing for vedtaka som blir gjort. Tilsette som er godt orienterte vil også enklare kunne dele informasjon med andre, både internt og eksternt. Vere gode digitalt: Kommunen skal vere dyktige på digitale plattformar, som til dømes på sosiale media. Informasjon som kjem frå kommunen sine kanalar skal vere korrekt, oppdatert og lett tilgjengeleg. Ha ein klar profil: I samband med samanslåinga skal informasjon bli presentert med eit godt og tydeleg visuelt inntrykk. Forhåpentlegvis vil dette bidra til lett forståelege, og truverdige, bodskap når kommunen kommuniserer med innbyggjarar og tilsette. 4. Målgrupper I ein samanslåingsprosess er det mange partar som omstillinga vedkjem. Då er det naturleg at det er mange som både søkjer og ynskjer informasjon frå kommunen. Kommunane har i dag for Nordal 264 tilsette, og i Stordal 150 tilsette.den nye kommunen vil ha om lag 2700 innbyggarar.

Hovudinnhaldet i bodskapen som vi ynskjer å formidle skal vere mest mogeleg lik for alle, naturlegvis med tilpassingar etter ulike behov. Informasjonen skal også, så langt som råd, bli gitt samtidig til dei aktuelle målgruppene. Målgrupper i vår kommunikasjon vil til dømes vere: Innbyggjarar i Norddal og Stordal Tilsette i begge kommunane Tillitsvalde og fagforeiningar i begge kommunane Media Næringsliv Folkevalde i Norddal og Stordal Styresmakter (nasjonale og regionale myndigheiter) Turistar Andre interesserte 5. Ansvar og organisering Fram til etableringa av den nye kommunen, er prosjektleiar ansvarleg for å sikre god informasjonsflyt i prosessen, både internt og eksternt. Ansvaret til denne stillinga er å halde innbyggjarar, politikarar, tilsette og presse opplyste og orienterte om framgangen i prosjektet. Saman med leiar, og nestleiar i fellesnemnda vil prosjektleiar vere kontaktperson for saker knytt til samanslåinga av dei to kommunane. Alle har derimot eit ansvar for god kommunikasjon, innanfor sine spesifikke felt. Prosjektleiar: Har det øvste administrative ansvaret for samanslåingsprosjektet, og er den som held flyt i kva saker som skal opp til handsaming i fellesnemnda. Innstilling til fellesnemda vert sendt opp frå AU(arbeidsutvalet)med innstilling. Ordførar/Fellesnemnd: Leiaren i fellesnemnda har eit overordna politisk ansvar for saker som blir vedteke i fellesnemnda fram til felles kommunestyre er vald hausten 2019. Folkevalde: Politikarar og folkevalde i dei ulike utvala og nemndene har ansvar for dei sakene dei sjølve engasjerer seg i. Leiarar/tilsette: Dei tilsette, spesielt leiarane, har eit ansvar for å skaffe seg oppdatert informasjon innanfor sine fagområde ved å lese seg opp på møtereferat eller å spørje om informasjon. Leiarane har generelt eit ansvar for munnleg formidling og dialog med dei tilsette. Tillitsvalte: Tillitsvalte, og særleg dei hovudtillitsvalte, har eit ansvar for formidling og forankring hjå sine medlemmer. Dei har og eit ansvar for koordinering på tvers av fagforeiningane der det er valt utsendingar for deltaking i prosessar eller enkeltmøter. For bygging av Fjord kommune er det viktig at hovderneomboda er med i prosessen saman med dei hovudtillitsvalte.

6. Prinsipp for kommunikasjon Dei overordna verdigrunnlaga for den nye kommunen er at kommunen skal verte ein livskraftig kommune, med gode lokalsamfunn. Ein skal legge vekt på å utvikle gode demokratiske arbeidsmåtar, og samarbeide med næringsliv og frivillig sektor. For å oppnå desse verdiane, tek kommunikasjonsplanen utgangspunkt i følgjande kommunikasjonsprinsipp for god kommunikasjon: Openheit: Vi skal vere opne, tydelege og tilgjengelege i kommunikasjon med innbyggjarane og media. Medverknad: Vi ønskjer å leggje til rette for innbyggjarmedverknad. Det er også eit ønskje om at tilsette skal ta aktivt del i å betre kommunens tenester og arbeidsmiljø ved å kome med forslag og konstruktive innspel. Nå alle: Vi skal gjere det vi kan for at relevant informasjon kjem fram til alle som vert råka av eit vedtak eller ei avgjersle. Aktive: Vi skal vere tidleg ute med å gi aktuell informasjon, gjerne før den vert etterspurt frå andre. Heilskapleg: Offentleg kommunikasjon skal opplevast som heilskapleg og samordna. Respekt: Vi skal ha respekt for at folk er ulike, og har ulike behov for informasjon. Bodskap skal derfor, så langt som råd, tilpassast til alle målgrupper. 7. Strategiar I samband med kommunesamanslåinga har det blitt oppretta eigne faner for kommunereform/fellesnemnd på heimesidene til begge kommunar. Der vert lagt ut innkallingar og saksdokument til fellesnemnsmøta og informasjonar om stillingar, informasjonsskriv frå prosjektleiar mm. Dette vert å sjå på som ei mellombels løysing for å samle relevant informasjon. Eiga heimeside for Fjord kommune vert oppretta når ein har på plass nødvendige avklaringar og kan innstallere den hjå e-kommune Sunnmøre. Den nye sida vil vere operativ fram til ny kommune er danna 01.01.2020. Denne heimesida vil bli oppdatert av informasjonsansvarleg i Norddal kommune, og vil vere hovudkanalen for kommunereformrelatert informasjon. Dei to kommunane sine heimesider vil då i mindre grad bli brukt som informasjonskanal. For viktige saker vil også pressemeldingar bli sendt til lokal presse. Desse pressemeldingane skal også leggast ut på heimesidene til dei to kommunane dersom saka skulle vere av ein slik karakter. Informasjonsansvarleg i Norddal vil få ei sentral rolle i prosessen, både i form av å rapportere frå dei ulike komiteane/nemndene, men også i form av å produsere engasjementfremjande saker. Bruk av sosiale medium og digitale verkemiddel vil bli viktig.

8. Tiltaksplan Tiltaksplanen er førebels, og vert revidert og oppdatert kontinuerleg med prosjektet sin framgang. Oppdaterte planar vert lagt ut på heimesidene i begge kommunar inntil eiga heimeside er på plass. Målgruppe Bodskap Tiltak Tid Ansvar Eigne tilsette Informasjonsbrev e-post Jan 2018 og Prosjektleiar Intranett så Kvar 6- Alle interesserte Innbyggjarar, tilsette, media, folkevalde Innbyggjarar, tilsette, media Eigne tilsette Skuleelevar N+S Eldreråda, ungdomsråda og RFUN Kulturbygging, læring og humor Orienteringar Uttale om budsjett og økonomiplan for kommunane Orientering om val av ny administrativ organisering i Fjord kommune Felles ungdomsråd Informasjonsmøte om bygging av ny kommune F:disk (Stordal) (video)snap?? innlegg face? Orientering i fellesnemnda Orientering i fellesnemnd Orientering om prosess og utfall Møte mellom elevar i N+S Fellesmøte m tema om innbyggarinnvolvering 7.veke Månadleg Alle FN møter Leiar kulturgruppe, prosjektleiar og leiar FN Leiar FN og prosjektleiar Februar 2018 Fellesnemnd, prosjektleiar Mars 2018 Mars 2018 Mars 2018 Leiar og nestleiar i FN prosjektleiar prosjektleiar Ungdomsråd + kontaktpers Prosjektleiar