G A M A L E N G K U L T U R



Like dokumenter
TRESKING II. 3. Er det kjent at nokon har treskt beint frå åkeren? Var det i tilfelle serlege grunnar for dette?

Norsk etnologisk gransking. April Emne nr. 15. G J E R D E

Norsk etnologisk gransking Februar 1955 GRENSER OG GRENSEMERKE MELLOM EIGEDOMAR

TURKESTOVA. 5. Dersom fleire hadde turkestove saman, var det då faste reglar for bruken, eller retta dei seg etter kvarandre som best dei kunne?

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

«Ny Giv» med gjetarhund

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

TEVLINGSREGEL FOR NORGESKUNNSKAP

Denne spørjelista har til føremål å greia ut om våre folkelege musikkinstrument. Den er skift i 4 bolkar:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Dispensasjon til oppsett av gjerde og beiting m.m. på gnr/bnr 5/1,7 i Linemyra naturreservat, Time kommune.

Brødsbrytelsen - Nattverden

Notat om historie og kulturlandskap

KONTSTRIKKING. Dersom det skal vere lue, genser, jakke eller skjørt, kan det vere naturleg å starte med ein høveleg kant og halve ruter.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

MØTEPROTOKOLL. Leikanger ungdomsråd SAKLISTE: Møtestad: Gamle kantina Møtedato: Tid: 09:00. Tittel

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Intervju med hamnemynde i Stord kommune.

Kva er økologisk matproduksjon?

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Norsk etnologisk gransking Bygdøy i september 1959 TURKEINNRETNINGAR FOR KORN OG MALT

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Jon Fosse. For seint. Libretto

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

VINJE SKOLE SOM MUSEUM. Notat om tilpassing av Vinje skole til museumsformål

SAMNANGER KOMMUNE MÅLBRUKSPLAN

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

KJØTMAT. Norsk etnologisk gransking. Emne nr. 34 Mars 1952

Kvifor? Vi treng større fokus på rekruttering! Trondheim Sentralstyremedlem i NJFF: Bjarne Huseklepp

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

Oppmannsrapport etter fellessensur i norsk skriftleg i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal

Dok.dato: Vår Ref: Arkiv: N-025 REGLEMENT FOR SUND KOMMUNESTYRE

RAMMEAVTALE Hordaland Fylkeskommune og Fjord Norge AS

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

Setring ved Håbakkselet Hareid

Far min sa ein gong at ein må velje sine kampar

Sparetiltak. Reduserte kostnader. Stipulert

Kl : Opplysning om trekkfag (Elevene får vite hvilket fag de kommer opp i til eksamen). Vanlig skoledag. skal opp i engelsk, møter faglærere.

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Kulturhistoriske registreringar

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Å dyrke rettferd. Ragnhild Henriksen

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Krav ved godkjenning av lærebedrifter

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Nasjonale prøver Matematikk 7. trinn

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Kom skal vi klippe sauen

Halvårsrapport grøn gruppe- haust 2015

TENESTEOMTALE FOR STORD KULTURSKULE. Sist redigert

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

1. Det er ikkje mangel på veterinærar, men det kan verta ein mangel på dyktige produksjondyrveterinærar i deler av landet.

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Samansette tekster og Sjanger og stil

Fra Forskrift til Opplæringslova:

Påmelding til renn i kretsen og utanfor kretsen.

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Innhaldsliste KLASSE v. Sunnylven Skule, Hellesylt

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

SAMLET SAKSFRAMSTILLING

TYSNES KOMMUNE ETISKE RETNINGSLINER

MØTEBOK Tysnes kommune

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 80/ Kommunestyret 41/

Opning av Fellesmagasinet ved fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg

Innhald Pålogging... 2 Viktige knappar... 3 Fronter som rom... 3 Leggje inn ei oppgåve i Fronter... 4 Litt om nokre ulike format for tekstbehandling

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

BUDSJETT OG SKULESTRUKTUR

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Transkript:

Norsk etnologisk gransking Emne nr. 12 Oktober 1948 G A M A L E N G K U L T U R Den gjennomgripande utviklinga i jordbruket dei siste mannsaldrane har ført med seg store omskifte når det gjeld engkulturen. I staden for den gamle bruksmåten der dei same jordstykka vart nytta til åker år etter år, har me fått det moderne skiftebruket. I staden for den gamle gjødslingsmåten med så å seia berre husdyrgjødsel, har me fått ein stendig aukande bruk av kunstgjødsel. Føremålet med denne spørjelista er å få vita korleis engkulturen har vore utover landet før skiftet i bruksmåtane sette inn. Ein vonar at det enno finst att såpass mykje tradisjon om dette, at det kan lata seg gjera å gje eit bilete av den gamle bruksmåten, som det vel enno finst nokså mange restar att av. Det er av serleg interesse å få greie på nemningane for dei ulike slag eng og slåttemarker. Ein har vel alle stader delt inn enga etter kvaliteten og etter lægjet. I denne spørjelista nyttar me ordet eng som eit samnamn for det som låg innanfor bøgarden, utslåtter som eit samnamn for det som låg utanfor. 1. Nytta ein ordet eng og utslåtter i den meininga som det er gjort ovanfor i Dykkar målføre og, eller hadde ein andre nemningar? Kjenner ein ordet ekre og att(er)le e? Kva tyding legg ein i dei? Hadde ein ulike namn for enga etter kvaliteten, t.d. tjukkeng, tadeng, småeng? Hadde ein ulike namn på grovare og finare høy? Korleis var nemningsbruken når det galdt utslåtter? Her har det vel ofte hatt mykje å seia kor vandt det var å slå. Dei kunne t.d. skilja mellom langorvslåtter og stuttorvslåtter. 1

2. Rydjing På eng og utslåtter der det vaks tre, måtte kvist og lauv rydjast bort, og tre og krattskog laut vel og stundom hoggast, kanskje i samband med lauving. Kva tid og på kva måte gjorde ein dette? Kva kalla dei dungane med kvist og rusk? Døme: rudningsdyngja. Kva namn hadde dei på sjølve arbeidet? Let ein kvisthaugane rotna, eller brende ein dei? Bruka ein oska til gjødsel? Gjorde ein noko for å rydja bort store og små steinar frå eng og utslåtter? 3. Mosevaksen eng Kva råd hadde ein med eng som var mosevaksen? Gjorde ein noko for å fremja grasvoksteren i enga etter at ein hadde fått mosen bort, t.d. ved å så grasfrø? Kjenner ein i det heile til at det har vore bruka å så heimeavla eller kjøpt grasfrø i tida før skiftebruket, anten i tunn eng eller i åkrar som ikkje dugde til åkrar lenger? 4. Myr og vassjuk eng. Vatning Har ein gjort noko for å leida bort vatnet frå myr eller vassjuk eng i eldre tid? Har det vore bruka vatning av eng, mogeleg i samband med gjødsling? Gjødsling Når det gjeld gjødslinga, kjem me i denne spørjelista til å skilja mellom gjødsel som vart oppsamla den tid av året då dyra vart fora inne, og gjødsel som dyra la att etter seg den tida av året då dei gjekk på beite. 5. Har ein gjødsla eng og utslåtter med vintergjødsel? Var dette i bruk frå gamalt av, eller kan ein seia kva tid det tok til? Kor stor part av vintergjødsla vart nytta til enggjødsling? Var det serskilde slag husdyrgjødsel som vart 2

nytta til enggjødsling, t.d. sauemøk? Kor sterkt vart enga gjødsla? Var det vanleg å rekna ei viss mengd med lass for kvart engstykke? 6. Hadde ein eit serskilt namn for eng som vart gjødsla med vintergjødsel? Døme: I Namdalen, Orkdalen og fleire andre stader har slik eng vorte kalla fraueng. Andre stader i landet har dei nytta ord som tøeng, tobødn. Hadde dei et serskilt namn på høyet frå slik gjødsla eng, t.d. hevdafõr? 7. Har det vore vanleg å setja husa slik at visse engstykke skulle få njota godt av den hevda som seig or tunet, serleg frå uthusa? Hadde ein noko namn for tunsiget, t.d. tadsig, takseg, losig? Gjorde ein noko for at tunsiget skulle spreia seg betre utover, t.d. ved å grava små grefte e. l.? Hadde ein noko serskilt namn for eng som vart gjødsla av tunsiget, t.d. loteig? La ein vinn på å leggja åkrane på haugar eller i bakkar, slik at siget frå dei skulle gjødsla engstykke som låg nedanfor? 8. Gjødsla ein enga om våren eller om hausten? Nytta ein dei same reiskapane som ved åkergjødsling? Fortel korleis gjødselkøyringa, spreiinga og smuldringa gjekk for seg, og gjev opp namn og nemningar for arbeid og reiskap. Det er av serskild interesse å få vita korleis reiskapane var laga. Her har det sikkert skift med ulike typar i manns minne. Grei ut om kor lenge dei eldste kjende typane har halde seg i bruk, og om kva tid ein gjekk over til moderne reiskapar og arbeidsmåtar. 9. Har det vore bruka å lata husdyra beita eng og utslåtter? Gjorde ein dette med serleg tanke på at enga og utslåttene skulle verta gjødsla? Den viktigaste grunnen var vel skort på høy til innefôring, men det er spørsmål om dei rekna med at denne beitinga haust og vår var til bate for enga samstundes som ho var til bate for enga sam- 3

stundes som ho var til bate for dyra. Fanst det engstykke som aldrig var beita? Var det skilnad på kva for engstykke som vart beita om våren og kva for nokre som vart beita om hausten? 10. Er det noko skifte i dette dei siste mannsaldrane? Ein ynskjer å få vita i kor stor mon engbeiting har gått or bruk og kva tid skiftet har gått føre seg. 11. Gjorde ein noko for å jamna utover den gjødsla som dyra la etter seg på beitet? Kva tid gjorde ein det og kva reiskapar bruka ein? Ymse stader har dei hatt ein serskild reiskap til dette arbeidet, oftast på skap som ei klubbe ( møkjaklubbe, lorteslag, møkjabankar ). I Setesdalen hadde dei ein reiskap som dei kalla spjatt. Det var ein stokk med ein bøyg i enden. Kjenner De til ein liknande reiskap frå Dykkar bygd? Om så er, korleis var denne reiskapen laga og kva namn hadde ein på han? 12. Korleis overnatta krøtera når dei gjekk på vanleg beitemark? Har ein bruka sumarfjøs, og vart desse fjøsa bygde attmed utslåtter, slik at utslåttene kunne verta gjødsla av den møka som vart oppsamla ved sumarfjøset? Hadde sume gardar fleire slike fjøs, slik at dei hadde krøtera ei stund i det eine og ei stund i det andre for å skaffa gjødsel til fleire utslåtter? Kva tid på året var denne gjødsla spreidd utover? 13. Dersom krøtera ikkje vart stengde inne i eit fjøs om natta, den tida dei gjekk på beite, vart dei då stengde inne i ei innhegning? Hadde dei fleire slike innhegningar? Kva vart dei kalla i Dykkar målføre? 4

Grindgang eller kviing Frå ymse stader i landet (serleg Nordland og fjellbygdene på Austlandet) har me vitnemål om at dei i eldre tid nytta innhegningar som kunne flyttast. Desse innhegningane vart sette opp både på eng og utslåtter. Når kyrne skulle mjølkast, vart dei jaga inn i kviene, eller grindene som dei og vart kalla. Det same vart gjerne gjort med sauene og ungbeita. I Setesdalen vart kveene flytta kvar dag. Andre stader vart dei gjerne flytte annankvar eller tridjekvar dag. 14. Dersom noko slikt er kjent frå Dykkar kant av landet, ynskjer ein å få vita korleis det heile gjekk for seg, m. a. korleis grindene eller kveene var laga. Kva dei vart kalla, og kva ein kalla heile framgangsmåten (grindgå enga, kvia eller kvereka t.d.). Om grindene vart bruka på eng eller utslåtter eller båe deler. Om gjødsla vart slegen utover og smuldra når grindene vart flytte, og kva slag reiskap dei bruka til dette. Finst det gardar der dei enno brukar grindgang, eller kva tid gjekk grindgangen or bruk? 15. Gjorde ein noko for å halda udyr som varg og bjørn borte frå grindene? Laga ein t. d. ein fillemann som ein sette opp eller la ved grindene? Korleis var han laga og kva vart han kalla? 16. Låg folk på vakt ved grindene om natta? Hadde dei vakthus til å liggja i, t.d. eit hus på meiar som dei flytte med grindene? Kva kalla dei eit slikt hus? Døme: Grindhus, kvibud. Kven låg ute på vakt? Når vart det slutt med dette? 17. Fekk hjuringen mat når han kom med buskapen til grindene? (Grindmat.) Kva fekk han? 5

18. Har ein hatt sauefjøs utan golv som stod på hjul, der ein slepte sauene inn om natta og som ein flytte utover enga (sætervollen) for å gjødsla marka? 19. Ivar Aasen fører opp i ordboka si desse orda som han meinar har ei liknande tyding som kvi eller kve: Kru, trød (trode, trøda), trod, tåg (oftast i forma tåje eller taie), tappa, stød, stod, støl. Er noko av desse orda bruka i Dykkar målføre, og kva tyding legg ein i det? Vert det bruka som stadnamn, t.d. som namn på ein åker eller eit engstykke? 20. Hadde dei inngjerd slåttemark på sætra? Kva kalla dei det? Døme: Stølstræde. Er dette gamalt i Dykkar bygd? Går det attende med stølslåtten no, av di dei tykkjer det er for tungvint? Vart stølstrædet gjødsla, og korleis gjorde ein det? 21. Vart enga gjødsla med andre ting enn husdyrgjødsel, t.d. fiskeavfall, tang, oske, sild? På kva måte skaffa dei seg denne gjødsla? Korleis var framgangsmåten når dei gjødsla med slike ting? Det er nok mange sider av den gamle engkulturen, serleg lokale sermerke, som ikkje har kome med i denne spørjelista, fordi me veit for lite om dei. Dersom De har opplysningar som De trur kan ha interesse, vil me be Dykk vera gild og ta dei med i svaret, same om det ikkje beinveges er spurt etter dei i spørjelista. 6