Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 27.09.2018 Tidspunkt: 09:00-13:15 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave Medlem AP Tore Åsland Medlem AP Bjørn Nordskog Medlem SP Tarjei Andreas Draugedal Varaordførar KRF Jon Ingebretsen Medlem MDG Anne Birgit Sollid Medlem SP Tarjei Gjelstad Ordførar AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Øystein Tveit Rådmann Sveinung Seljås Plansjef Vivi Feie Smidesang Sekretær Formannskapet vedtok samrøystes å handsame sak 84/18 Tiltak for auka sykkelbruk i kommunar i møtet. Sveinung Seljås hadde ein gjennomgang av kommuneplanen sin arealdel. Anne Aasmundtveit hadde ein gjennomgang av drøftingsak om vitalisering av Vest-Telemark rådet.
Saksliste Utvalssaksnr. PS 75/18 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker RS 34/18 Søknad om tilskot til NRK Tv-aksjonen - Kirkens Bymisjon RS 35/18 Referatsak - formannskapet - 21.08.18-17.09.18 - Delegerte vedtak PS 76/18 K - 19/3, 19/19, 19/30 - Østenåvegen 570 - Vegbygging - dispensasjon PS 77/18 PS 78/18 PS 79/18 PS 80/18 PS 81/18 PS 82/18 PS 83/18 K - 74/4 - Lier - Frådeling av bustadtomt - dispensasjon K - 13/3 - Straumen - Søknad om endra dispensasjonsvilkår for uttak Fiskebekk massetak - ny vurdering Politisk handsaming - Utlysing av vikariat økonomimedarbeidar i 100% stilling Vurdering av stilling som einingsleiar Kviteseid omsorgssenter Felles, strategisk reiselivsplan - Vest-Telemark Søknad om tilskot til driftsplan - Uppigard Hemmestveit Budsjettrevisjon 2.tertial 2018 - drift og investering PS 84/18 Tiltak for auka sykkebruk i kommunar - 2018 Lukka X PS 75/18 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken.
Referatsaker RS 34/18 Søknad om tilskot til NRK Tv-aksjonen - Kirkens Bymisjon Teke til orientering. RS 35/18 Referatsak - formannskapet - 21.08.18-17.09.18 - Delegerte vedtak Teke til orientering. PS 76/18 K - 19/3, 19/19, 19/30 - Østenåvegen 570 - Vegbygging - dispensasjon Formannskapet avslår å gje dispensasjon for vegbygging på g/bnr 19/3 og 19/19 slik det er søkt om. Grunngjevinga for avslaget er det store terrenginngrepet vegen vil gje, og at ein veg bygd etter innsendt plan vil vere trafikkfarleg/ubrukeleg som bilveg. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet avslår å gje dispensasjon for vegbygging på g/bnr 19/3 og 19/19 slik det er søkt om. Grunngjevinga for avslaget er det store terrenginngrepet vegen vil gje, og at ein veg bygd etter innsendt plan vil vere trafikkfarleg/ubrukeleg som bilveg. PS 77/18 K - 74/4 - Lier - Frådeling av bustadtomt - dispensasjon Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå dele og byggeforbodet for frådeling av inntil 5 000 m2 frå g/bnr 74/4 til tomt for ny heilårsbustad, slik det er søkt om, og på desse vilkåra:
- Det blir gitt delingssamtykke etter jordlova. - Tomta blir sikra vegrett i eksisterande privat vegnett, frå offentleg veg. - Tomta kan ikkje få byggeløyve før det er søkt om, og gitt, utsleppsløyve. - Det må leggast fram dokumentasjon på at det er vurdert utsleppsløyve felles for denne nye heilårsbustaden og eksisterande fritidsbustad på g/bnr 74/15 (74/4). Formannskapet gir samstundes delingsløyve for tomta, jf. pbl 20-1 m). Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteken. Formannskapet gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå dele og byggeforbodet for frådeling av inntil 5 000 m2 frå g/bnr 74/4 til tomt for ny heilårsbustad, slik det er søkt om, og på desse vilkåra: - Det blir gitt delingssamtykke etter jordlova. - Tomta blir sikra vegrett i eksisterande privat vegnett, frå offentleg veg. - Tomta kan ikkje få byggeløyve før det er søkt om, og gitt, utsleppsløyve. - Det må leggast fram dokumentasjon på at det er vurdert utsleppsløyve felles for denne nye heilårsbustaden og eksisterande fritidsbustad på g/bnr 74/15 (74/4). Formannskapet gir samstundes delingsløyve for tomta, jf. pbl 20-1 m). PS 78/18 K - 13/3 - Straumen - Søknad om endra dispensasjonsvilkår for uttak Fiskebekk massetak - ny vurdering Endringsvedtaket i f-sak 098/17 blir ståande, men der det blir presisert at restvolumet som kan seljast fritt er det volumet som til nå er sprengt/knust, fråtrekt volumet som skal haldast av til bruk på eigne skogsvegar, dvs volumet frå 2 500 m3 fast fjell. Tarjei Draugedal sa seg inhabil som part i saka, formannskapet var samd i dette. Astrid Tveten gjekk inn som vara. Framlegg frå SP og MDG; «Av utsprengt/knust fjell skal 2500m3 fast fjell brukast på eigne skogsvegar rest volum av sprengt/knust fjell skal brukast til eigne prosjekt slik som Straumen 1 og 2. Uttak skal vere bruka innan utgangen av 2030» Framlegg frå Tore Åsland AP;
«Rådmannen si tilråding + utan frist på tid» Rådmannen si tilråding vart sett opp mot framlegget frå Tore Åsland AP. Rådmannen si tilråding fekk 4 røyster medan framlegget frå Tore Åsland AP fekk 3 røyster. Deretter vart rådmannen si tilråding sett opp mot framlegget frå SP og MGD. Rådmannen si tilråding fekk 3 røyster medan framlegget frå SP og MGD fekk 4 røyster. Av utsprengt/knust fjell skal 2500m3 fast fjell brukast på eigne skogsvegar rest volum av sprengt/knust fjell skal brukast til eigne prosjekt slik som Straumen 1 og 2. Uttak skal vere bruka innan utgangen av 2030. PS 79/18 Politisk handsaming - Utlysing av vikariat økonomimedarbeidar i 100% stilling Kviteseid kommune lyser ut 100% stillinga som vikariat for økonomimedarbeidar fram til 31.12.2019. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 27.09.2018 Kviteseid kommune lyser ut 100% stillinga som vikariat for økonomimedarbeidar fram til 31.12.2019. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Kviteseid kommune lyser ut 100% stillinga som vikariat for økonomimedarbeidar fram til 31.12.2019.
PS 80/18 Vurdering av stilling som einingsleiar Kviteseid omsorgssenter Stillinga vert lyst ut. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 27.09.2018 Stillinga vert lyst ut. Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Stillinga vert lyst ut PS 81/18 Felles, strategisk reiselivsplan - Vest-Telemark Kviteseid kommune stør arbeidet med å utarbeide ei strategiplan/ masterplan for eit bærekraftig reiseliv i Vest -Telemark og løyver kr 10.000,- til forprosjektet. Pengane vert å take frå fritt næringsfond konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250. Saldo på fritt næringsfond etter siste budsjettrevisjon er før løyving kr 642 831 Saldo på fritt næringsfond etter løyving er kr 632 831. Kviteseid kommune stør arbeidet med å utarbeide ei strategiplan/ masterplan for eit bærekraftig reiseliv i Vest -Telemark og løyver kr 10.000,- til forprosjektet. Pengane vert å take frå fritt næringsfond konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250.
Saldo på fritt næringsfond etter siste budsjettrevisjon er før løyving kr 642 831 Saldo på fritt næringsfond etter løyving er kr 632 831. PS 82/18 Søknad om tilskot til driftsplan - Uppigard Hemmestveit Kviteseid kommune løyver kr 11 560 til Einar Heggtveit. Pengane skal brukast til driftsplan slik det vert skissert i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå fritt næringsfondet: konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250 Saldo på fritt næringsfond før løyving er kr 632 831. Saldo på fritt næringsfond etter løyving er kr 621 271. Kviteseid kommune løyver kr 11 560 til Einar Heggtveit. Pengane skal brukast til driftsplan slik det vert skissert i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå fritt næringsfondet: konto 147026 ansvar 4302 teneste 3250 Saldo på fritt næringsfond før løyving er kr 632 831. Saldo på fritt næringsfond etter løyving er kr 621 271. PS 83/18 Budsjettrevisjon 2.tertial 2018 - drift og investering Mindreforbruk i drifta etter 2. tertials revisjon på kr 1.513.552 setjast av til det ordinære disposisjonsfondet. Samtidig brukast det kr 150.000,- frå disposisjonsfond flyktningar. Slik at netto styrking av disposisjonsfonda er kr 1.363.552,-.
Rådmann får fullmakt til å låne opptil kr 17.534.000 (i tillegg til startlån kr 750.000,-) til investeringsformål i samsvar med vedlagt investeringsskjema 2A. Budsjett 2018 vert endra i tråd med budsjettskjema 1A og 1B og investeringsskjema 2A. Dette i samsvar med detaljendringar i vedlagte oversikter. Mindreforbruk i drifta etter 2. tertials revisjon på kr 1.513.552 setjast av til det ordinære disposisjonsfondet. Samtidig brukast det kr 150.000,- frå disposisjonsfond flyktningar. Slik at netto styrking av disposisjonsfonda er kr 1.363.552,-. Rådmann får fullmakt til å låne opptil kr 17.534.000 (i tillegg til startlån kr 750.000,-) til investeringsformål i samsvar med vedlagt investeringsskjema 2A. Budsjett 2018 vert endra i tråd med budsjettskjema 1A og 1B og investeringsskjema 2A. Dette i samsvar med detaljendringar i vedlagte oversikter. PS 84/18 Tiltak for auka sykkelbruk i kommunar - 2018 Formannskapet vedtek framlagte plan for etablering av sykkelparkering og kommunens eigenandel blir lagt inn i revidera budsjett. Kommunen sin eigendel vert finansiert med kroner 132.500,- som vert å hente frå fritt næringsfond. Før løyving: 621 271,- Etter løyving: 488 771,- Formannskapet vedtek framlagte plan for etablering av sykkelparkering og kommunens eigenandel blir lagt inn i revidera budsjett. Kommunen sin eigendel vert finansiert med kroner 132.500,- som vert å hente frå fritt næringsfond. Før løyving: 621 271,- Etter løyving: 488 771,-